Vis meg ditt bibliotek

Page 15

Pannekakerøra

Linda Eide

Det er søndag i Nygårdsgaten 63. Oppslått på kjøkkenbenken er eit maskinskrive hefte litt større enn A4, skrive av Inger Lidsheim, heimkunnskapslærarinna frå barneskulen. Mellom oppskrifter på rullekaker, kjøttkaker, fiskekaker, kakefest og våravslutning er det bilde av ei vossaelv i full vårløysing, med bildeksten «Reint vatn er eit privilegium». Ein halv kopp vatn, ein kopp mjølk, to matskeier sukker: Eide lagar Lisso (Inger Dei som laga bøkene var sleipe. Lidsheim, journ. anm.) sine pannekaker, med mykje Ein må lese heile boka før ein får egg. Journalisten Linda Eide blei klekt i eit studio hos sjå på bilda. NRK då ho var tjue. Sidan då har ho jobba mest med munnleg formidling. Men ein av veggane i bustaden hennar er bytt ut med bokhyller. Hyllene er teikna av bror hennar. Det er òg ei frittståande bokhylle, som veks organisk rundt ein skrivepult. Her er det godt å vere. Ein heim med Linda i forkle og pannekaker på gang i kjøkkenet. Det er som ho skriv, journalist Marit Eikemo, allereie i 1998: «Alt er som vanleg med Linda Eide. Vanleg inntil det surrealistiske.» Dette intervjuet er blitt til gjennom to samtalar: ein prat som eg hadde med Eide på biblioteket i Bergen eit par dagar tidlegare, og møtet heime hos henne. Den første delen av dialogen er frå samtalen på biblioteket, den siste er frå Nygårdsgaten: MK: Du har fortalt meg at du som barn las biografiar, Historien om-bøkene, og biografiar om norske idrettsutøvarar som du ikkje eingong visste kven var: Harald Grønningen, Jan Egil Storholt, Fred Anton Maier. Kvifor las du dei? LE: Det var bilde i dei bøkene. Bilda var gevinstar som ein fekk når ein hadde lese seg gjennom bøkene. Dei som laga bøkene var sleipe. Ein må lese heile boka før ein får sjå på bilda. MK: Du las Asterix, Billy, Lucky Luke og Sprint, ein journalist … LE: Nei, nei, Sprint var ein eventyrar, ikkje journalist. Det meiner eg bestemt. MK: Det kan vel vere to sider av same sak. Sjølv gjekk du rett frå teikneseriane til Bjørneboe og Sandemose, alvorlege karar. 15


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.