Sommarbyen Florø 2022

Page 28

Bremanger blir fylt med rock, regatta og dødsing! Heavy humor, soul i verdsklasse, lokale heltar i ny innpakning, humor-Frode med sine brazzbrør, og stupeshow frå taket på næringsparken. Det er i korte trekk Rockweekend i Bremanger.

– Vi dundrar på med gode musikkopplevingar, herleg marknadsstemning, roregatta med stort konkurranseinstinkt, og dødsing, smiler Roger Igland som står i spissen for Rockweekend 8.-10. juli.

– Dødsing? – Javisst! Dei må jo ha ei skrue laus eller to, men vi har altså fått Bergen Stupeklubb til å stille med eit dødse- og stupeshow på aktivitetsdagen vår laurdag 9. juli, fortel Roger.

Unngå mageplask frå 16 meter Vi får Roger og Madelen Varden med opp på taket av Iglandsvik Næringspark. Det er frå taket på det gamle fryseriet, med 16 meter ned til «akvaoverflata» på flo sjø - at dødsegjengen frå Bergen Stupeklubb skal «high-dive.» Og frå ulike høgder og buadører i bygget, skal dei kaste seg ut i fri dressur i lause lufta og helst lande i rekepositur i sjøen – såkalla dødsing. For denne journalisten framstår dødsing som ei konkurranseform der målet i det lengste er å unngå mageplask. – Dei er jo ikkje riktig kloke, ler Madelen der ho tittar forsiktig over tak-kanten. Madelen er dagleg leiar for Iglandsvik Bed & Brekfast som driftar Havlys, Åkrebua og Reidarbua. Ho har også ei aktiv rolle i Rockweekend. – Vi trur det blir ei blanding av rockekonsert, sirkus og toppidrett, og med ein god dose adrenalin, smiler Roger og Madelen. Dei legg opp til at båten Haugefisk skal legge seg med akterenden inn til kaien slik at den kan bli brukt som publikumsområde. Og det kan trengast, for dødseshowa rundt om i landet blir stadig meir populære.

Stupekurs og marknadsdag På familie- og marknadsdagen skal stupeklubben også arrangere eit lite kurs i stuping for dei som vil prøve seg. – Men då går vi nok ned på høgda, ler Roger. I tillegg blir marknadsdagen fylt opp med den populære roregattaen på Iglandsvika, marknadsstander med mat og drikke à la Bondens marknad, hoppeslott og andre aktivitetar for barn og vaksne. – Alle desse sidearrangementa på laurdagen er det Iglandsvik Utvikling som tek seg av slik at vi får i hamn ein heil-

28

Sommarbyen 2022

VAKKERT OG SPENNANDE: Bergen Stupeklubb kjem med eit spektakulært stupe- og dødseshow. Slik bør det sjå ut etter at stuparen har bryte vasskorpa. Stupeklubben vil vise både klassiske stup, dødsing og high dive.

Foto: Thomas Morell

støypt festival, opplyser Roger. Han sjølv vil konsentrere seg om konsertane og musikken.

Sommar byen

Bremanger

Spelemannspris-vinnar og heavy humor Roger er bookingansvarleg for festivalen, og han er særs nøgd med årets festivalplakat. – Dette er tredje gongen vi har prøvd å få heavy-humorbandet Black Debbath til Bremanger. No lukkast vi endeleg. Black Debbath har eit fengande skråblikk på samfunnet, akkompagnert av blytunge rytmer og feite syttitallsinspirerte bluesriff som vi gler oss veldig til å oppleve, seier Roger. På plakaten finn vi også den ferske Spelemannspris-vinnaren i kategorien blues; bremanger-amerikanaren Adam Douglas. Han tek med seg fullt band med blåsarar og vil nok fokusere på sin prisvinnande tredje fullengdar «Better Angels». – Havlys kjem til å boble over av blues-glade publikummarar, meiner ein entusiastisk bookingsjef.

Til Rockweekend kjem også Blomenholm som er eit Oslo-basert pop/rock-band med inspirasjon frå artistar som The Eagles, Ryan Adams, Blake Mills og John Mayer. – Og så kjem Oddny. Bandet som har utspring i Bremanger-bandet Silo, fortel Roger. Med base i Oslo skal Iver Senneset, Oliver Igland og to musikalske kameratar endeleg få presentere låter som «Oktober, Bergen by» og «Ikkje ta livet av katten min Lotta». – Oddny er ei skjult hemmelegheit vi gler oss til å få vise fram, seier Roger. Fredagen blir det også ein konsert med lokale musikarar på Iglandssanden like bak Joker-butikken. – Og søndagen avsluttar vi med Brazz Brothers og Frode Alnæs i Bremangerhallen. Dei har ein magisk kjemi som vi er så heldige å få oppleve igjen. Det blir formidable konsertopplevingar og ein fantastisk festival, avsluttar Roger. Per Øyvind Helle


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.