Sommarbyen Florø 2022

Page 18

KULTURMINNELØYPE: – Kaiene har alltid vore viktig for Svelgen, og fleire av punkta langs kulturminneløypa finn du langs fjorden, fortel Reidun Øvrebotten (innfelt) som har vore prosjektleiar for den flotte løypa.

Frå ungkarsmessa via knalltuten til skyssbåtane Tre av stadane du kjem innom når du går den interessante kulturminneløypa i Svelgen, er «ungkarsmessa», «børnefabrikken og knalltuten» og «skyssbåtane». – Vi har laga ei kulturhistorisk interessant turløype med stoppestadar i sentrum av Svelgen, fortel Reidun Øvrebotten som jobbar i kulturavdelinga til Bremanger kommune. Løypa består av 28 punkt med historie og bilde frå utviklinga av industristaden og dagens kommunesenter, og gir både turtrim og kunnskap.

Spennande historie og familiequiz – Ved kvart punkt du kjem til, finn du eit lite skilt som er merka med nummer og QR-kode. Du får kart med oversikt over nummerering og plassering av skilta på servicekontoret på rådhuset i Svelgen. Når du kjem til punktet, finn QR-koden og scannar den, så vil du få opp spennande historie om punktet du står på, fortel Reidun. Du brukar ein QR-app på telefonen din for å lese av koden og få fram innhaldet. Om du ikkje har telefon med QR-lesar, kan du

18

Sommarbyen 2022

Sommar byen Svelgen

låne nettbrett på biblioteket eller på servicekontoret på Rådhuset som du kan ta med deg rundt i løypa. På nettbretta ligg nødvendig QR-kodelesar, og du får hjelp til å bruke denne. – Action track er ein kortare versjon av kulturminneløypa, og er eit tilbod for dei som vil konkurrere. Den er lagt opp som ei quizløype med spørsmål og poeng for riktig svar, og passar fint for familiar, seier Reidun.

Kva er «knalltuten»? Vi har ikkje svaret på kva «knalltuten» på punkt 21 i kulturminneløypa er, men vi merkar at vi er nyfikne på svaret! Derimot følgde vi kartet vi fekk utdelt på servicekontoret, gjekk ned på kaien der punkt 25 er, og scanna QR-koden vi fann på ein stolpe. Då dukka det opp mange flotte historiske bilde og blant anna denne teksten: «Skyssbåtane: Fram til Svelgen blei knytt til riksvegnettet med veg til Haukåa og ferje til Bjørnset i 1965, gjekk all samferdsle til og frå Svelgen med båt.» Så då veit vi kvifor det er så mange meter med kai i Svelgen; det er ikkje berre på grunn av smelteverket.

Per Øyvind Helle

M/B HJELMEN: Dette bildet får du opp om du scannar punkt 25 i kulturminneløypa. M/B Hjelmen var ein av båtane som blei brukt mykje i 30-åra som post- og frakteskøyte. Om bord var det ofte liv og rør. Legg merke til koffert og paraply!


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.