Laks i FLORA og KINN

Page 45

ØYVIND KRÅKÅS, HAVBRUKSPARTNER

Ei næring i stadig utvikling Dei fleste har fått med seg at havbruksnæringa har hatt ein sterk vekst gjennom 90- og 2000-talet, men det kan vere vanskelegare å halde seg oppdatert på kva som påverkar utviklinga i næringa. Veksten har aldri hatt form av eit frislepp, men ei moderat tildeling av ny kapasitet og ei stadig effektivisering av produksjonen. Kan ein ha kome til eit vendepunkt no? Konsesjonsordninga har vore ein effektiv stoppar for at næringa har kunne vekse som den ynskjer, og at nye aktørar kan kome inn. Dette har ofte vorte oppfatta som ein hemsko for aktørane, men det har og fungert som ein garanti mot overproduksjon. Tradisjonelt var det nettopp frykta for overproduksjon som var motivet for å dempe veksten, men i dag er det miljøomsyn som held attende tildelinga av nytt produksjonsvolum. Produksjonsvolumet er regulert gjennom maksimalt tillaten biomasse (MTB) ståande i sjøen til ei kvar tid. Det er opp til bedriftene å utnytte dette vindauget best mogleg.

“Landbasert fiskeoppdrett blir av mange lyfta fram som framtida” Og utnyttinga av produksjonskapasiteten har blitt stadig betre, heilt fram til dei næraste åra. Betre fôr, vaksiner, målretta avl, kameraovervaking og automatisert fôring er mellom endringane som har sett havbrukarane i stand til å vere meir produktive, saman med ein stadig aukande kunnskap om laksen som husdyr. Effektive vaksiner mot utbreidde sjukdomar har berga bransjen gjennom tøffe år. Med hjelp av desse fekk ein avgrensa dødelegheita og redusert antibiotikabruken til eit minimum. Risikoen gjekk ned, dyrevelferda vart betre. Næringa vart sunnare. Større tap og utflating av produksjonen Dei siste åra har denne utviklinga dessverre hatt tilbakeslag. Ein er ikkje i nærleiken av katastrofetapa på 80- og 90-talet, men tapa av fisk undervegs i produksjonen er for høge. Kvifor? Meiningane er mange. Tøffare og hyppigare handsaming av fisken (lusebehandlingar), mindre effektive vaksiner, dårlegare fôr og dårlegare smolt er mellom årsakene som vert peika på. www.laksiflora.no

Dei siste åra har ein sett ei utflating av produksjonen på landsbasis. Har vi nådd ein historisk topp? Mange ting tilseier at vi framleis vil kunne produsere meir laks i Noreg, verdas desidert største lakseprodusent. Utfordringane er biologiske, regulatoriske og økonomiske. Land eller sjø, eller land og sjø? Landbasert fiskeoppdrett blir av mange lyfta fram som framtida. Som den merksame lesar vil vite, er dette også ein del av fortida og notida. Laksen byrjar sitt liv i ferskvatn, for oppdrettslaksen sin del i kar på land. Smoltproduksjonen skjer på land (og nokre få stader i nøter i ferskvatn). I dag snakkar ein og om postsmoltproduksjon. Dette er fisk som får overgangen til saltvatn i lukka anlegg. Å produsere større fisk på land, vil kunne gje kortare produksjonstid i opne sjøanlegg. Dette avlastar sjøarealet, og mange meiner det og gir ein meir levedyktig fisk i sjøfasen. Viss dette er rett, vil ein kunne minke dødelegheita, og produsere meir fisk utan å ta i bruk meir sjøareal eller ha meir biomasse ståande i nøter i sjø. Samstundes er det ein diskusjon om kor mykje produksjon som er ynskjeleg på land, kontra å produsere i flytande variantar av lukka anlegg. Desse vil krevje mindre grunnarbeid og inngrep på land, men sjølvsagt vere meir eksponerte mot vèr og vind. Pr. i dag er det regulatoriske hinder mot ei storstilt investering i lukka sjøanlegg. Desse må kjøpe konsesjon på lik linje som opne anlegg, medan landanlegg kan få tildelt konsesjon utan andre kostnader enn søknadsprosessen. Dette har mykje å seie for reknestykket over kva det vil koste å produsere fisken.

Taper Noreg sitt hegemoni? Det vanskelegaste å spå om er framtida. Ny kunnskap og ny teknologi kan velte om på dei sanningane vi i dag forvaltar etter. Ein kraftig driver for utviklinga er konkurranse. Dei gode prisane på fersk laks har fått mange til å utvikle eigne konsept for produksjon, over heile verda. Kina produserer eigen laks, i USA byggjer norske gründerar landbaserte anlegg. Likeins i Dubai. I Sør-Afrika, Israel og Polen byggjer ein opp lakseproduksjon. Mange snakkar om premissar sette av biologi, teknologi og geografi. Færre snakkar om marknaden, der mange av spørsmåla til sjuande og sist vil få sitt svar. Vil den globale auka i produksjon senke prisane på kort sikt, eller vil etterspørselen vekse nok til å ta unna? Stenginga av den russiske marknaden synte at laksen kan finne nye vegar fort. Vil dei store marknadane begynne å selektere på nye ting, som produksjonsmetode eller ulike miljøkrav? Nokre meiner at vi vil sjå ein meir oppdelt marknadssituasjon for laks framover, der «norsk laks» ikkje er eit varemerke på same måten som i dag. Det vi veit, er at norsk lakseproduksjon frå 1960-talet og fram til i dag har gjennomgått enorme endringar, og styrka seg økonomisk, teknologisk og i si globale betydning. Spørsmåla næringa og styresmaktene må stille seg er korleis ein skal vekse, og kvifor ein skal vekse. Ein vil bli nøydd til å levere på mål som samfunnet set for produksjonen. Og på same tid: i diskusjonen om større volum, må ein ikkje gløyme krava til produktet. Det er produktet som til sjuande og sist skal bli kjøpt av menneske ein eller annan plass i verda.

Grimstadvegen 115, 5252 Søreidgrend Telefon 902 88 064 oyvind@havbrukspartner.no 45


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Laks i FLORA og KINN by A til Å Grafisk Design og Media - Issuu