Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
9
Ymse frå kyrkjekontoret I det kyrkjelege liv i Skjåk har mellom anna dette hendt sidan førre nummer av kyrkjebladet: Nytt råd Skjåk kyrkjelege fellesråd har konstituert seg og ymse utval er sett ned. Leiar og nestleiar for 2016 er Gunn Siri Steinveg, Skjåk Sokn og Marius Jøingsli, Nordberg Sokn. Ljos vaken Fyrste helga i advent var det 18 ungar som overnatta i kyrkja og tok del i messa dagen etter. Ljos vaken er eit tilbod gjennom trusopplæringa til 12-åringane i bygda. Same sundag vart det nye Skjåk kyrkjelege fellesråd presentert for kyrkjelyden. Takk Jul og nyttår var det messer både i Nordberg og Skjåk kyrkje og på Skjåkheimen. Takk til alle som bidrog med musikalske innslag i samband med høgtida. Konfirmantane i Nordberg og Skjåk 2016 Konfirmantane vart presenterte for kyrkjelyden under ljosmessa i Nordberg 13.12.15. Helga 22.-24. januar var det konfirmasjonsleir på Lillehammer, dette er meir omtalt ein anna plass i bladet. Vil få rette ein stor og varm takk til positive foreldre som var med: Guro Einbu, Magnhild Teigum, Konrad Soglo og Leif Morten Plassen. Dei gjorde ein stort arbeid som medhjelparar og nattevakt for både Lom og Skjåk sine konfirmantar. Earth Hour Dette vert markert 19. mars kl 20.30 - 21.30 i kyrkjene våre. Oppmodar alle til å ta del i klimamarkeringa. I 2015 vart dette gjennomført i 172 land.
Kyrkjebygga Det er kjøpt ny oppvaskmaskin til Nordberg kyrkjestugu med midlar frå kyrkjejubileumet 2014. I Skjåk kyrkje er tilrettelegging for alle brukarar sluttført. Blomefondet Ved gjennomgang av rekneskapen for Blomefondet, syner det seg at av og til kjem betaling i gløymeboka. For å prøve å få dette i balanse, vert det sendt ut rekningar på dette. Kyrkjebladet Ein stor takk til Gunn Tyra Løkken, som etter mange år i Kyrkjebladnemnda ynskjer å få gjeva seg med dette arbeidet. Ho har lagt ned eit stort arbeid og har vore med å utvikla Kyrkjebladet for Nordberg og Skjåk, slik som det er i dag. Dette har ho utført på ein glimrande måte, og det er mange timar med ulønna arbeid for Kyrkjebladet.
Vårblå himil i mars av Olav Aukrust
I stekkja, nedsnøa fjellskog gøymde, var kjervi utrivne, lasset lesst. Eg låg på lauvlasset, dorma, drøymde, og morgonstjerna stod bleik i vest. Og hesten lunka, og bjølla singla, det song so vakkert i massing-dingla: Å linge-ling, linge-linge-lantobak og pipe, so går det an! Eg låg på ryggen og såg på røyken vart blåe risar og rare dyr. Og heid og himil og eg og øyken og alt ikring oss vart eventyr. Kva er so gufsande friskt og godt somog mildt og drivkvitt og reint og blått som- å linge-ling, linge-linge -leiein vårblå himil og mars på heid! Det skein og blenkte so hål ein blåne, der slede-meian’ på vegen rann. Og uthengd var det so blank ein måne, og alt var vakkert og vel i stand. Det var so inderleg mjukt og mildt, at det rann so inderleg mjukt og stilt, at - å linge-ling, linge-linge-loall skog og vigge som fjetra stod. Og grønt var lasset, og kvit var skogen, og raud var himil’n i aust å sjå. Og mi var stundi, og vårleg hugen, og vakker ho som eg tenkte på... Ho Guri Jukule, vakker-jenta, kven var det, tru, som ho gjekk og venta? Ja linge-ling, linge-linge-lande’m ein fynge ho, ljote alt gå an! Arnborg Teigum Kyrkjeverje
Til slutt vil eg få ynskje alle lesarane av kyrkjebladet ei god påske og ein fin vår. Eg håpar at det vert mange livgjevande dagar med sol og fint vèr framover. Det har både kropp og sjel bruk for. Eg vil få avslutte med dette diktet som er høveleg i desse dagar.