Issuu on Google+

skriving i samfunnsfag er ein viktig del av skriveopplæringa i skulen. s. 4

Kald krig på nynorsk i eit tverrfagleg nynorskprosjekt på Åretta ungdomsskole. s. 6

Blåbærli og bokstavrim er nokre av ingrediensane når elevar arbeider med Haugtussa. s. 12

nynorskopplæring nr. 5 | våren 2009 | eit blad frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Nynorsk i alle fag


Tiltak for nynorsk Kunnskapsdepartementet vil styrkje nynorsk­ opplæringa gjennom ein tiltaksplan for Ny­ norsksenteret, står det i Stortingsmelding nr. 23, Språk bygger broer. Eitt av måla i tiltaks­ planen, som skal vere på plass i april 2009, er at nynorske tekster skal formidlast til barn i alle barnehagar. For å nå dette målet må barne­ hagane få fleire læringsressursar på nynorsk, og førskulelærarane må ta i bruk dei ressurs­ ane som finst. Det er mangel både på littera­ tur og på digitale leike- og læringsressursar på nynorsk for barn i førskulealder. Nynorsksenteret har i denne treårige til­ taksplanen sett opp ei liste med tiltak som skal få ekstra ressursar og prioriterast i åra som kjem. Eit anna område som senteret har trekt fram, er eit «tidleg start»-prosjekt, der elevar med nynorsk som sidemål tek til med ny­ norskopplæring, både skriftleg og munnleg,

i 5. klasse. Dette prosjektet har ein parallell i «tidleg start»-prosjekta i framandspråk som har vore prøvde i skulen i fleire år. Eit tredje område som er prioritert i pla­ nen, er eit prosjekt for elevar med nynorsk som hovudmål. Dette prosjektet har som målsetjing å gi elevane ein sikker identitet, språkleg og kulturelt, der nynorsk er ein sjølv­ sagd del av den språklege kvardagen. Det er ei sentral utfordring å stimulere elevar med nynorsk som hovudmål til å ha eit trygt og reflektert forhold til skriftspråket sitt, slik at dei kan bruke nynorsk også etter at dei er fer­ dige med grunnopplæringa. Eit slikt hovud­ målsprosjekt må byggje på kunnskap om

Anne Steinsvik Nordal, leiar

Nynorskopplæring nr. 5, tredje årgangen

Bladstyrar: Arild Torvund Olsen Formgjeving: Arild Torvund Olsen Skrifter: Auto, Dolly, Fakir og Sauna Språkvask: Aud Søyland prenteverk: EgsetViketrykk AS framside: Kristin Kibsgaard Sjøhelle Baksideteikning: Kai S. Flatekvål iSSN: 1890-3975 iSSN for nettutgåva: 1891-1633

2

nynorskopplæringa og om tilhøva for elevar med nynorsk som hovudmål i skulen, og krev difor eit forskingsopplegg som kan følgje pro­ sjektet. Hovudtemaet i dette nummeret av Nynorskopplæring er skriving og lesing på nynorsk i alle fag. Me har med døme på opplegg for ny­ norskopplæring i andre fag enn norsk frå to skular, den første har elevar med nynorsk som sidemål, den andre har elevar med nynorsk som hovudmål. På Åretta ungdomsskole job­ bar ein tverrfagleg med samansette tekster på nynorsk, og ved Volda vidaregåande skule ar­ beider ein med skriving i samfunnsfag.

Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa) er eit ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa. Senteret legg vekt på å utvikle metodar og arbeidsmåtar som kan skape språkkompetanse og motivasjon.

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Høgskulen i Volda Postboks 500 6101 Volda www.nynorsksenteret.no

Nynorskopplæring vert utgjeve av Nynorsksenteret, og kjem med tre nummer i året. Send eit e-brev til ror@hivolda.no for å få bladet gratis i posten. Hugs å sende med namnet og adressa di!


Hausten 2008 lanserte Nynorsksenteret ein ny vevstad med ressursar for dei som vil nytta nynorske teikneseriar i norskfaget. No er sidene sterkt utvida, med fleire nye teikneseriar og meir bakgrunnsstoff.

Utvida teikneserietilbod Tekst: Arild Torvund Olsen teikning: Tore Strand Olsen

www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/ Teikneseriar og andre former for samansett tekst er eitt av dei fire hovudfelta i norskfaget etter innføringa av Kunnskapslyftet. Mange lærarar har sakna tilgjenge til gode nynorske teikneseriar til bruk i undervisninga. Difor har Nynorsksenteret på teikneserievevstaden sin samla sider og striper med mange av dei beste, nye nynorskteikneseriane. Utvalet har vakse jamt og trutt sidan vevstaden vart lansert, og no ligg det ute over tjue titlar. Teikneseriar tufta på dikt Ei spanande arbeidsform er å la elevane over­ føra tekstar frå ein sjanger til ein annan, til

dømes ved å la dei laga teikneseriar med ut­ gangspunkt i dikt. På vevstaden ligg no Tore Strand Olsen sin teikneserieversjon av Ragnar Hovland-diktet «Kveldssong for deg og meg» og Jorunn Hanto-Haugse (sjå intervju i Ny­ norskopplæring nr. 4) sin teikneserie tufta på Solfrid Sivertsen-diktet «Nokon heiter job­ ben». Slike teikneserietolkingar av dikt kan nyttast som modelltekstar for å syna elevane ulike måtar å skapa samspel mellom tekst og bilete. Vevstaden kan elles by på lærarressursar og sider med tips og triks for elevar som vil læra å laga sine eigne teikneseriar.

Innhald Tiltak for nynorsk av Anne Steinsvik Nordal

s. 2

Utvida teikneserietilbod av Arild Torvund Olsen

s. 3

Å skrive i samfunnsfag av Trygve Løvseth, Ragnar D. Osdal og Tjalve Sørheim

s. 4

Kald krig på nynorsk av Elisabeth Lønning Bueie

s. 6

Med nynorsk på leselista av Hjalmar Eiksund

s. 8

Nynorsk på datamaskinen av Hjalmar Eiksund

s. 10

Blåbærli og bokstavrim av Lise Lunde Nilsen

s. 12

Vevsidetips: Pirion av Ingrid Slettevoll

s. 14

Boktips: Ordleiksboka av Janne Karin Støylen

s. 14

Glasruter av Kai Svellingen Flatekvål

s. 16

Har du tips til stoff til bladet? Send det på e-post til ato@hivolda.no.

3


«Å kunne uttrykke seg skriftlig» er ei av fem grunnleggjande ferdigheiter i Kunnskapslyftet, og skriving er vektlagt med eigne formuleringar i læreplanane i alle fag. «Alle lærarar er norsklærarar» er eit gammalt munnhell i skulekrinsar. Aldri har det vel vore meir sanning i dette enn no?

Å skrive i samfunnsfag

Tekst: Trygve Løvseth, Ragnar D. Osdal og Tjalve Sørheim, Volda vgs. foto: Hjalmar Eiksund Underteikna er lærarar i ulike samfunnsfag i vidaregåande skule i studieførebuande utdan­ ningsprogram. Vår lærargjerning har såleis eitt overordna mål: Å førebu elevane på ulike akademiske studium. Dette må gjennomsyre alle sider ved lærargjerninga, og ikkje minst er vår oppgåve å hjelpe elevane til å utvikle eit ordforråd og ei språkføring som gjer dei i stand til å lukkast frå første semester på høg­ skulen eller universitetet. For å nå dette målet må elevane øve systematisk på fagleg lesing og skriving. Mange er heilt avhengige av god språkleg rettleiing av faglæraren for å nærme seg nivået dei bør ha for å ta til på eit høgare studium. Førekunnskapar til elevane Mange elevar tek til på vidaregåande skule med lite kunnskap om samfunnsspørsmål, for å seie det forsiktig. Få les aviser og følgjer med på nyhendesendingar på den måten læraren vil at dei skal. For berre eit par tiår sidan var det frå sku­ len ei sjølvsagd forventning om at elevane var orienterte i si eiga samtid. Oppgåvene som vart gitt i norskstilane, føresette gode kunnskapar om aktuelle saker og debattar. No er skrivinga i norskfaget i større grad reint norskfagleg.

4

«Mange er heilt avhengige av god språkleg rettleiing av faglæraren for å nærme seg nivået dei bør ha for å ta til på eit høgare studium.» Mange elevar som kjem frå ungdomsskulen, er vande med å skrive svært ekspressive og subjektive tekstar, men er lite skolerte i å skri­ ve presis sakprosa. Mykje av tida går med til å få elevane til å forstå skilnaden mellom den synsinga­dei tidlegare har fått god utteljing for, og den meir kunnskapsbaserte og faglege måten å skrive på som er idealet i våre fag. Utfordringar ved IKT Berbare pc-ar har kome inn i dei norske sku­ lane. Teknologien effektiviserer og forbetrar undervisinga og skriveopplæringa på mange måtar, men han skapar også nye utfordringar. Den nærast uendelege tilgangen på kjelder av varierande kvalitet på verdsveven set elevar og lærarar på nye prøvar. For mange elevar er det freistande å kopiere tekstar inn i skrive­ programmet, for så å gjere kosmetiske end­ ringar for å få dei til å passe inn i eigne tekstar. Behovet for opplæring i kjeldekritikk, sitat­ teknikk og gode referansesystem er meir pre­

kært enn nokon gong. Og ikkje minst er det ei utfordring for eleven å utvikle eit sjølvstendig språk i vår «klipp og lim»-tidsalder. Faglege krav Læreplanane i den vidaregåande skulen er fagleg svært ambisiøse. Elevane skal «gjere greie for», «argumentere for» og «drøfte» kompliserte problemstillingar. Fordjuping, fag­skriving og drøfting tek tid, og i sam­ funnsfaga er tid mangelvare. Med svært lite tid til rådvelde skal elevane verte gode faglege skribentar. Elevane treng klåre og utvitydige retnings­liner for korleis ein fagtekst skal form­ast, og elevane må få førebiletlege døme på utgreiing, argumentasjon og drøfting. Dei må få sjå kva presisjonsnivå som blir kravd i faget. Retningsliner for god fagskriving Inspirert av krava høgskulane og universiteta stiller til innleveringsoppgåver og heime­


eksamenar, har vi ved vår skule utarbeidd fel­ les retningsliner for utforming av fagtekstar. På fire sider listar vi opp kva krav vi stiller til alt frå rettskriving til kjeldekritikk. Ambisjo­ nen vår er at desse forventningane skal prege skriveopplæringa i alle fag. Den neste store utfordringa vert å utforme felles retningsliner og gode føredøme til argumentasjon og drøf­ ting. Målet må vere at alle elevar får systema­ tisk opplæring i å argumentere og drøfte med høg fagleg og språkleg presisjon. Konklusjon Samfunnsfaga kan og bør spele ei nøkkelrolle i utviklinga av språket og tenkinga til elevane ved at ein heile tida legg vekt på språkleg presi­ sjon. Ja, kanskje er det slik at samfunnsfaga rett og slett er det viktigaste norskfaget?

Ressursar • Volda vgs. sine retningsliner for utforming av fagtekstar: www.nynorsksenteret.no/oppgaaveskriving.pdf • Nynorsksenteret si frasesamling med frasar til bruk i fagtekstar: www.nynorsksenteret.no/frasesamling

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i samfunnsfag inneber å fortelje om hendingar i fortida og samtida, å greie ut om stader og fakta og å bruke definisjonar, omgrep og fag­ uttrykk til å forklare årsaker og verknader knytte til samfunn og kultur. Det inneber å kunne presentere resultat av eige arbeid tydeleg og forståeleg for andre, og å kunne samtale om sine eigne og andre sine presentasjonar. Skriftleg og munnleg uttrykksevne vil seie å kunne reflektere over meiningsinnhaldet i tekstar, bilete, film og gjenstandar, og å kunne samanlikne, argumentere og drøfte verdiar i informasjon og kjelder, i hypotesar og i modellar. Kunnskapslyftet

5


Åretta ungdomsskole i Lillehammer har dette skuleåret hatt prosjektmidlar frå Nynorsksenteret for å jobba tverrfagleg med samansette tekstar. Temaet har vore «den kalde krigen», og alt skriftleg arbeid og kommunikasjon via tavle, projektor og læringsplattform har vore på nynorsk.

Kald krig på nynorsk

tekst: Elisabeth Lønning Bueie, Norsklektor Åretta ungdomsskole bilete: Elise Heier Lerpoll Gjennom ti intense veker har det vore fullt søkjelys på nynorsk i samfunnsfag og norsk. Elevane skulle manipulera seg inn i eit bilete frå den kalde krigen, som dei deretter skulle bruka til å skriva ein nyheitsartikkel. Alt det skriftlege arbeidet skulle gjerast på nynorsk. Vi meinte at elevane på denne måten skulle oppleva arbeidet som lystbetont, og at dette skulle ha positive ringverknader for vidare arbeid med nynorsk. Elevane fekk fyrst ei innføring i det gratis biletredigeringsprogrammet gimp. Der­etter fekk dei presentert 50 bilete frå den kalde krigen som dei skulle velja mellom til vidare manipulering. Teksten frå læreboka i sam­ funnsfag, Kosmos 10, var sjølvsagt på nynorsk, og i norsktimane blei nynorsk og sjangeren nyheitsartikkel repetert. Sjølv om elevane har nynorsk som sidemål og nok finn nynorsken litt vanskeleg, var dei generelt positive. Nynorske bøker Som ein del av arbeidet skulle elevane òg lesa kvar si skjønnlitterære bok på nynorsk. Dei fekk på førehand tips om nynorske ungdoms­ bøker, og læraren las høgt frå ein del utvalde bøker. Elevane har sidan 8. klasse lese fleire nynorske bøker, noko me har positiv erfaring

6


«Gjennom prosjektet fann elevane eit nyttig bruksområde for nynorsk, og dei lærte kor viktig det er med god samanheng mellom tekst og bilete når ein arbeider med samansette tekstar.»

med. Alle elevane på tiande steg har skrive bokmeldingar som er lagra elektronisk på læ­ ringsplattforma It’s learning. Det var utruleg inspirerande å sjå kor kjekt elevane syntest arbeidet med biletmanipu­ lering var. Dei fekk tid til å prøva og feila, og fleirtalet meistra gimp utruleg fort. Det at elevane blei så ivrige i manipuleringa, smitta òg over på sjølve skrivefasen. Ein elev dikta seg inn som fyrste kvinnelege utanriksminister i usa. Ein annan var ein fotograf som nyleg var funnen etter ei kidnapping. Ein blei vitne til ei atombombe-oppskyting, medan ein køyrde rundt i bil og feira at Berlinmuren endeleg var riven. Det var stor fantasi, samtidig som fleirtalet meistra det saklege språket som skal vera i ein artikkel. Motiverande arbeidsmåte Det er viktig med ei positiv vinkling på ny­ norskundervisninga, noko som kan vera ut­ fordrande når elevane har nynorsk som side­ mål. Dei må bli nysgjerrige på nynorsken,­og gjennom dette prosjektet meiner vi dei blei nettopp det. Dei ynskte å skriva god nynorsk for å gjera artikkelen sin best mogleg, og der­ med var dei svært opne for å perfeksjonera språket.­ Tilbakemeldingane etter prosjektperioden har vore positive. Elevane har gitt uttrykk for at det var ein kjekk og motiverande måte å læra

på, samstundes som dei er stødigare i nynorsk enn det dei var før prosjektperioden starta. Me ser òg at dei finn arbeidet med nynorsk meir meiningsfullt enn tidlegare. Gjennom pro­ sjektet fann elevane eit nyttig bruksområde for nynorsk, og dei lærte kor viktig det er med god samanheng mellom tekst og bilete når ein arbeider med samansette tekstar. I etterkant ser vi nok at elevane hadde hatt endå større nytte av arbeidet viss dei hadde vore tryggare i nynorsk på førehand. Då kunne ein ha lagt vekt på det skriftlege sluttproduk­ tet, og i mindre grad på repetisjon av nynorsk rettskriving og grammatikk. Elevane sjølv seier at lesinga av skjønnlitterære bøker frå åttande klasse har vore viktig for å forstå og

sjølv kunna skriva nynorsk. For enkelte elevar kan det vera utfordrande å meistra det å skriva nynorsk samtidig som dei skal skriva ein avis­ artikkel. Det er òg vanskeleg å måla kor stor lærings­ effekt prosjektet har hatt i samfunnsfag. Kan henda er det betre å knyta prosjektet berre opp mot norskfaget, og til dømes ta tak i språk­ historia gjennom biletmanipuleringa. Gjennom betre meistring av språket blir motivasjonen for nynorsken større. Det å tenkja­nytt og gjera noko ekstra ut av nynorsk­ undervisninga i periodar vil nok på lengre sikt letta innlæringa, og gjera oss motiverte for vidare­satsing på ei noko utradisjonell ny­ norskundervisning.

Nyttige vevstader

• Biletredigeringsprogrammet GIMP finn ein på www.gimp.no • For tips til lesing av nynorske ungdomsbøker, sjå www.nynorskbok.no • For tips til lesing av nynorske avisartiklar, sjå www.nynorsksenteret.no/tekstbasen

Kompetansemåla frå tiande steg

• «Elevene skal uttrykke seg presist og med et variert og nyansert ordforråd i ulike typer tekster på bokmål og nynorsk.» • «Elevene skal kunne bruke ulike medier, kilder og estetiske uttrykk i egne norskfaglige og tverrfaglige tekster.»

7


– Les elevar eigentleg nynorsk utanom skolekvardagen? Dette var utgangspunktet for ei spørjeundersøking som vart gjennomført på fem ulike ungdomsskolar hausten 2008. Svara går inn som grunnlag i ei masteroppgåve i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet i Volda.

Med nynorsk på leselista Tekst: Hjalmar Eiksund foto: Arild Torvund Olsen

Svaret på spørsmålet er eit nølande ja. Ny­ norsk er ikkje fullstendig usynleg, som ein til tider kan få inntrykk av gjennom oppslag i media, men nynorsken er definitivt veslebror i forhold til bokmålet, og i bakgrunnen lurer engelsken … Regionale ulikskapar Det er store forskjellar på kor mykje nynorsk elevane konsumerer, alt etter kva region dei høyrer heime i. I undersøkinga svarte like opp­under 250 elevar i tiande klasse ved skolar frå Sunnmøre og Trondheim på spørsmål om lese­mengd, lesestil, tidsbruk og lesespråk. Ikkje overraskande er ungdom i nynorsk­ kommunar meir eksponerte for nynorsk enn ungdommen som er busett i bokmåls­kom­ munen Trondheim, men ulikskapen er ikkje så stor. Den store forskjellen er opplærings­ målet. Sunnmørselevane les nynorske lære­ bøker, det gjer ikkje elevane frå Trondheim. Utanfor skole­kvardagen kjem nynorsken til kort i dei moderne tekstkanalane på Internett og tv. Traust og tradisjonelt Skal ein tru tala frå undersøkinga, hamnar tra­ disjonelle tekstmedium som bøker og teikne­

8


«Svara frå undersøkinga i haust tyder på at elevar utan nynorsk som opplæringsmål treng noko hjelp til å få auge på nynorsken.» seriar nedst på popularitetsskalaen, med bø­ ker på absolutt jumboplass. Det er heller ikkje i bøker elevane blir eksponerte for største­ delen av nynorsken. Blad og aviser står òg for ein relativt låg prosentdel av tekstkonsumet til ein vanleg tiandeklassing. I populære tids­ skrift og vekeblad er nynorsken så godt som ikkje-eksisterande, medan ein oftare finn ny­ norsken i lokalavisene. Å lese engelske bøker er for somme av elevane vanlegare enn å lese bøker på nynorsk. Interaktivt og populært Ikkje overraskande er det dei nye media som dominerer lesekvardagen til ungdommane. Så godt som alle oppgir at dei les tekst av eit eller anna slag på Internett i løpet av dagen, til og med fleire enn dei som oppgir at dei les lekser. Den store internettprosenten stemmer godt overeins med tal frå Statistisk sentralbyrå (ssb), som viser at 98 % av alle mellom 13 til 15 år bruker Internett i løpet av veka. Ein stor del er òg aktive nettskrivarar. Ungdom i dag er aktive både som lesarar og tekstskaparar, på e-post og Internett. Dei er dermed flittige lesarar av tekstane til kvar­ andre. Gjennom nettsamfunn, chattesider og eigne bloggar produserer mange ungdommar i dag sannsynlegvis mykje meir tekst utanfor skolen enn det dei gjer gjennom obligatorisk skolearbeid. Til skilnad frå skoleskrivinga er denne tekstproduksjonen fri og utan formell rettlei­ ing, og dermed blir òg det ungdommane les

av kvarandre, lausrive frå normkrav og rett­ skrivingsreglar som mange nok føler domi­ nerer skriveopplæringa i skolen. Tekstane dei skriv i uformelle fora, har ofte andre kvalite­ tar, med ei vektlegging av innhald som somme tider går langt ut over fagkrava i skolen. I til­ legg er skrivinga i høg grad dynamisk og inter­ aktiv, svært ulik skrivesituasjonen til ein elev framfor ein pc på skolen. Dialektskrivarar? Når ungdommane blir spurde om korleis dei ordlegg seg på nettet, svarer eit stort fleirtal av elevane i nynorskkommunane at dei vel å skrive dialekt framfor formell norsk. Dialekt­ bruken er stor også blant elevane med bokmål som opplæringsmål, men her er likevel bok­ målet vel så dominerande. Denne skilnaden er interessant, men å for­ klare dette skiljet fullt ut blir fort spekulasjo­ nar. Eit viktig poeng er likevel den skriftlege variasjonen nynorskelevar dagleg er ekspo­ nerte for. Med eit stort konsum av både bok­ mål og nynorsk, ved sida av dialekt og såkalla «sms-språk», vil dei truleg i noko større grad enn bokmålselevane vere vane med å sjå på

rettskrivinga som noko relativt, noko sjanger­ bestemt og situasjonsavhengig. Å bruke dia­ lekten i nettsamtaler blir derfor naturleg i ein sjanger der det blir viktig å bere fram den per­ sonlege stemma. Elevane i undersøkinga viser dermed at dei har eit klart språkmedvit, og at dei veit når det personlege språket skal nyttast og ikkje. Altså eit språkleg sjangermedvit. Det går òg an å argumentere for at ein slik relativistisk kunnskap – at meining kan kome til uttrykk gjennom ulike språklege variantar – er med på å gi norske elevar språklege for­ trinn. Store undersøkingar om nabospråk­ forståing, seinast i 2003, konkluderer med at nordmenn framleis forstår nabospråka svensk og dansk betre enn dei forstår oss. Skolen viktig i å skaffe nynorske førebilete I kompetansemåla for grunnskolen står det eksplisitt at elevane skal lære å uttrykkje seg skriftleg på både bokmål og nynorsk. Svara frå undersøkinga i haust tyder på at elevar utan nynorsk som opplæringsmål treng noko hjelp til å få auge på nynorsken. I situasjonar der skolen kan gjere aktive val, kan ein derfor vurdere å ha nynorsken med på laget, i val av språk på læringsplattforma, bruk av eksempel­ tekstar og programvare. I slike situasjonar vil det å velje den nynorske varianten vere med på å eksponere elevane for meir nynorsk, og trene dei opp i å sjå nynorske ordbilete, slik at dei til slutt lærer seg å skrive nynorsk.

Kjelder • Bakgrunnstal frå masteroppgåve ved Ivar Aasen-instituttet 2009 • (ssb) Norsk mediebarometer 2007: http://www.ssb.no/emner/07/02/30/medie/ • Om nabospråk: http://www.forskning.no/artikler/2004/januar/1073896666.77

9


Er du blant dei som stadig opplever at datamaskinen rettar på språket ditt, sjølv om du veit du skriv rett nynorsk? Opplever du at teksthandsamaren din trur du skriv bokmål, trass i at du har skifta til nynorsk i ordlista gong på gong?

Nynorsk på datamaskinen Tekst: Hjalmar Eiksund

Det går i dag an å gjere pc-en så godt som ny­ norsk. Denne artikkelen fortel deg korleis du gjer denne omstillinga i tre enkle grep. 1. Overstyr førehandsinnstillingane i operativsystemet For dei fleste Windows-datamaskinar er inn­ stillingane i operativsystemet på førehand sette til bokmål. Dette må du endre først. 1. Trykk på Start og opne Kontrollpanelet. 2. Finn så fram til Innstillinger for region og språk. Har du kontrollpanelet innstilt på kategorivising, må du gå omvegen om Dato, klokkeslett, språk og regionale innstillinger. 3. Endre først dei regionale innstillingane til Nynorsk. Deretter opnar du fana Språk og trykkjer Detaljer og byter Inndataspråket til Nynorsk. No vil retteprogrammet til MSWord først prøve ut om du skriv nynorsk. Dersom du ønskjer å byte mellom ulike språk, kan du velje å la språklinja vere syn­ leg på skrivebordet. Ho hjelper deg med å skifte inndataspråk.

10

2. Endre språkbunaden til sjølve operativsystemet Når inndataspråket er endra, kjem turen til menyar og hjelpeboksar. Microsoft har eigne språkpakkar til nedlasting for både Windows XP og Windows Vista. Installasjonen tek ei lita stund, men er rimeleg sjølvinstruerande. Opp­daterte snarvegar til nedlastingsfilene finn du lettast på nettsidene til Språkrådet. Du finn òg gratis språkpakkar til andre Microsoftprogram same staden: http://www.sprakrad.no/Tema/IKT--sprak/ Nynorsk_programvare1/Nynorsk_programvare/ 3. Vel nynorske alternativ når det finst Du finn gode gratisalternativ på nettet. Både kontorstøtteprogram og nettlesarar har ny­ norske alternativ. Her vil vi raskt presentere nokre av dei mest kjende:

• Mange skolar bruker i dag Open Office på skolemaskinane. Den nynorske versjonen finn du på: http://no.openoffice.org/ • Nettlesarar som norske Opera og Mozilla Firefox kan installerast med grensesnitt på nynorsk. Mozilla har òg e-postlesaren Thunderbird som kan lastast ned i ein ny­ norsk variant. • Hos alle dei største læringsplattformene kan brukarane sjølve velje menyspråket i dag. • Nettsamfunn som Facebook er det i dag lett å endre til nynorsk. Dette gjer ein ved to museklikk nede i høgre hjørnet av nettsida. Førebels er nynorsken ein beta­ versjon, og den rådande omsetjinga er re­ sultat av framstemde alternativ. Ikkje all nynorsken er derfor like solid.

Meir informasjon om emnet finn du via www.nynorsksenteret.no/nynorskPC


Les for meg! Les for meg! er ein antologi med nynorske tekstar for born i alderen 4 til 8 år. Nynorsk­senteret har gjeve antologien i gåve til alle barnehagar og skular med 1. årstrinn. Nynorsksenteret har òg laga ei vevside om nynorske tekstar for dei minste: www.nynorsksenteret.no/lesformeg/

Vevsida inneheld: • tematiske boktips • video av innleiingane frå konferansen Språkstimulering • informasjon om antologien • peikarar til tekstar for born • peikarar til formidlingstips


I ein treårsperiode skoleåra 2005–2008 var barna som då gjekk i 2.–4. klasse på Våland skole i Stavanger, med på eit språk-, kultur- og litteraturprosjekt støtta av Nynorsksenteret. Tittelen på prosjektet var «Haugtussa som barnelitteratur».

Blåbærli & bokstavrim

Nynorsk som sidemål på småskoletrinnet gjennom historia om Veslemøy frå Arne Garborgs Haugtussa Tekst: Lise Lunde Nilsen bilete: elevillustrasjon Me var tre lærarar som ville prøva å arbeida med nynorsk som sidemål så tidleg som mog­ leg og så naturleg som mogleg. Me trudde det ville bli lettast med å bruka litterære tekstar, og me valde tekstar frå Haugtussa. Prosjek­ tet fekk tittelen «Haugtussa som barnelitte­ ratur», og me hadde historia om den synske jenta Veslemøy frå Arne Garborgs Haugtussa (1895) som ei gjennomgåande historie i tre­ årsperioden. Barna fekk læra om livet på Jæren for over hundre år sidan. Veslemøy var synsk og kjende dei underjordiske, difor fekk ho kallenamnet «Haugtussa». Eit større emne i prosjektet var å læra barna om norsk overtru. Mykje av arbeidet blei gjort gjennom arbeids­ metoden storyline. Men hovudformålet med prosjektet var sjølvsagt at barna skulle få lesa tekstar frå Haugtussa, og at tekstane var på nynorsk. Då me starta i 2. klasse, hadde dei fleste bar­ na knekt lesekoden, men ikkje alle var gode lesarar­enno. Arbeidet for oss lærarar blei først og fremst å fortelja om Veslemøy, sam­ stundes som barna etter kvart skulle få lesa tekstane. I denne vesle artikkelen skal eg visa

12

«Tekstane til Arne Garborg har mange flotte allitterasjonar. Me gjorde barna merksame på desse, og det var kjekt for barna å finna dei og arbeida med dei sjølve.» korleis ein kan arbeida med ein av tekstane (Blåbærli) samstundes som ein arbeider med andre tekstar. Veslemøy i blåbærlia På ettersommaren då barna hadde begynt i 2. klasse, snakka me ein dag om alle dei gode bæra me kan finna ute i naturen. Eg fortalde at eg var spesielt glad i blåbær, og så fortalde eg at for om lag hundre år sidan var det ei gje­ tarjente som blei så glad då ho såg alle blåbæra i lia der ho gjette, at ho sette seg rett ned og sa til dyra at no skulle dei vera her heilt til kvelden, for no skulle dei eta seg mette. Eg las første strofa i diktet for barna: Nei sjå kor det blånar her! No må me roa oss, kyra! Å nei, slike fine bær;

og dei som det berre kryr av! Nei, maken hev eg ’kje sett! Sumt godt her er då til fjells. No vil eg eta meg mett; her vil me vera til kvelds. På førehand hadde eg limt inn denne strofa i barna sine eigne Haugtussa-bøker, og bar­ na fekk måla blåbærlia som illustrasjon til teksten.­ Eg las denne teksten fleire gonger i løpet av ettersommaren, og etter ei stund kunne dei fleste barna han utanboks. Det skulle gå eit heilt år før eg let barna lesa og arbeida med resten av teksten «Blå­ bærli». I mellomtida fekk barna gjera seg kjende med Veslemøy gjennom andre tekstar, og heile tida fortalde me lærarar om Veslemøy og livet hennar. Tekstane til Arne Garborg har mange flotte allitterasjonar. Me gjorde barna


merksame­på desse, og det var kjekt for barna å finna dei og arbeida med dei sjølve. Eg brukte både omgrepa bokstavrim og allitterasjonar. I teksten «Killingdans» finn me til dømes mange allitterasjonar som barna mora seg med. Nokre døme: • hipp og hoppe • tipp og toppe • trapp og tralle • nupp i nakken Denne teksten har òg mange tøyseord, ende­ rim og er svært rytmisk, så det er ein framifrå tekst å bruka med dei minste barna i skolen. Kvar gong barna blei presenterte for ein ny tekst, visste dei at dei mellom anna skulle sjå etter bokstavrim. Barna likte best å bruka framandordet allitterasjon. Me såg til dømes på diktet «Trolldans»: Det klakkar i berg og bru av hov og av hestesko; det tråvar om stein og stuv, det trippar av klauv og klo; og som når vindkast av kam set skodda i flog og flaum, så yrer trollstimen fram i veltande straum … Barna fann fort desse bokstavrima: • berg og bru • hov og av hestesko • stein og stuv • flog og flaum Barna lagar tekstar med allitterasjonar I begynninga av tredje skoleår snakka me igjen om blåbærlia til Veslemøy. No hadde me lærar­ar limt inn alle strofene i diktet, og me let

Les meir om Haugtussa-prosjektet • Du kan lesa om heile prosjektet i Norsklæraren nr. 3–2008 • Rapportar frå prosjektet ligg på www.nynorsksenteret.no/rapportar • På www.nynorsksenteret.no/ipraksis ligg det to filmar frå prosjektet.

Døme på anna arbeid i treårsperioden • Læra om dei underjordiske med teksten «Trolldans» • Arbeida med stemmebruk med teksten «Vindtrolli» • Sjangerlære: Med Veslemøy frå A til Å

barna lesa heile teksten. Barna fann fort «styg­ ge skrubb» og «reven raud», men dei var kan henda mest opptekne av at Jon «fekk seg ein på sin trut, men helst på ein annan måte».

Etter ein tur til Snorestad på Jæren der barna skulle få oppleva blåbærlia til Veslemøy, skulle elevane sjølve skriva og skildra naturen. Her er eit utdrag frå teksten som barna i Aklassen laga: Ramnen ruger i ramnereiret Ulven ular uti utmarka Haren hoppar over heile Høg-Jæren Reven ruslar i ramnens rike Bjørnen brummar i blåbærli Sjå, der kjem ku og sau og Veslemøy.

13


Vevsidetips presentert av Ingrid Slettevoll Pirion (www.pirion.no) Småbarnsalderen er ein viktig periode for å utvikle kulturell identitet. Alle som arbeider med barn i denne aldersgruppa, må vere med­ vitne om den rolla dei har som formidlarar av språk og kultur. Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver har klare målsetjingar for barnehagen som kulturarena. Det heiter i ka­ pittel 3.3: «Barnehagen må gi barn mulighet til å oppleve kunst og kultur og selv å uttrykke seg estetisk.»

Pirion er namnet på ei nynorsk kulturavis for barnehage og småskule. Avisa er tilgjenge­ leg både som nettstad og som papiravis. Nett­ staden er ein nyttig ressurs for pedagogar og foreldre som vil orientere seg i aktuelle fag­ artiklar eller treng tips om kunst og kultur for barn. Nokre eksempel på titlar frå artikkel­ samlinga viser litt av breidda i fagstoffet: «Leik og læring på Sverresborg», «Å aner­ kjenne barnet som spør«, «Med Veslemøy inn

i nynorsken» og «Bøker til bursdag». Under overskrifta Les for meg! finn du omtale av ny­ norske barnebøker for målgruppa. Den sist omtalte boka er Himmelspringaren av Sissel Horndal. Både kategorien Syng for meg! og Fortel­for meg! har i tillegg til eigenprodusert tekst lenkjer til andre nettstader med barne­ songar og forteljingar på nynorsk. Nettstaden Pirion er støtta av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.

boktips

presentert av Janne Karin Støylen Olaf Husby (red.) og Stina Langlo Ørdal (ill.): Ordleiksboka Det første talet med bokstaven A er atten. Kva er det neste? Ein milliard! Om det blir lenge å vente på ein ny A, kan du lese historia om Rabarbrabarbara så lenge. Ho ville tene pen­ gar på å lage mat med rabarbra, så ho opna ein bar som ho kalla RabarbraBarbarabar. Det kom mange gjester, og dei som kom oftast, var barbarar. Med store bartar. Snart dukkar det difor opp ein barberar i forteljinga … Orda blir berre lengre og lengre! Kanskje får du krøll på tunga? Det er mykje moro med ord i ord­ leiksboka.

14

Skald forlag har gjeve ut boka «for språk­ interesserte og dei som skal bli det». I det engasjerte etterordet til redaktør Olaf Husby skriv han: «I denne boka har eg leika med dei delane som talespråk og skriftspråk er bygde opp av. Slik tukling og fikling gir både moro­ same og interessante resultat.» Her er fleire fikle­smedar med på laget. Språkdirektør Syl­ fest Lomheim forklarer eitt ord i kvart kapittel frå A til Å. Dialektekspert Øystein Vangsnes har plukka ut og forklarer morosame dialekt­ ord for kvar av bokstavane i alfabetet. Sidan

kjem leikar og spel som kryptogram, limerick­ ar og nummernamn: 1ar, Charl8 og 7r. 218 sider smekkfulle av humoristisk leik med ord! Eit av kjenneteikna på god sakprosa er at han er godt tilpassa målgruppa si. I denne boka har forlaget greidd å finne fram til ei mål­ gruppe der det er plass til både vaksne og barn, gjerne saman. Dette er ei bok for dei som er interesserte i og fascinerte av ord og språk. Og for dei som kjem til å bli det, etter å ha leika og ledd seg gjennom ei raus utgjeving prega av overskot og ord-glede!


www.nynorsksenteret.no Tekstbasen

www.nynorsksenteret.no/tekstbasen/

Tekstbasen er ei samling av nynorske sakprosatekstar – alt frå reportasjar til reklame. Tekstane er autentiske tekstar henta frå ulike aviser, blad og nettstader.

På nynorsk

www.nynorsksenteret.no/kurs/

På nynorsk er eit undervisningsopplegg om tekst og tekstgrammatikk med utgangspunkt i nynorsk tekst. Det gjev ei enkel innføring i teksttypar, sjangrar og det nynorske formverket, med døme frå moderne tekstar.

Nynorskbok.no

www.nynorskbok.no

Nynorskbok.no inneheld tips til nye, gode nynorske bøker som høver for ulike aldersgrupper. Tipsa er sorterte etter sjanger, emne og aldersgruppe.

Teikneseriar

www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/

På vevstaden www.nynorsksenteret.no/teikneseriar finn du nynorske teikne­seriar av ulike slag. Vevstaden kan òg by på lærarressursar og sider med tips og triks for elevar som vil læra å teikna og skriva teikneseriar.


B Returadresse: Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda

Nynorskopplæring er gratis, og kjem med tre nummer i året. Send eit e-brev til ror@hivolda.no for å få bladet gratis i posten. Hugs å sende med namnet og adressa di! Gamle nummer ligg ute på vevsida www.nynorsksenteret.no/blad/


Nynorskopplæring nr. 5