Nynorsk i bruk

Page 65

Nynorsk i bruk

Å oppdage nynorsk

Mellom bakkar og berg

7. trinn. Lærar: Kristin Paulsen Aremark skole, Aremark Lengd: 13.16 min

10. trinn. Lærar: Hjalmar Eiksund Rosenborg skole, Trondheim. Lengd: 16.00 min

Kva veit elevane frå før om nynorsk? Kvar har dei møtt nynorsk? Kvar finn vi nynorsk i dag? Desse spørsmåla er utgangspunktet for dette utforskande undervisningsopplegget som passar like godt på 5. som på 7. trinn.

Nynorske viser og songar har tradisjonelt hatt ei sterk stilling i musikk- og norskfaget. Kven har ikkje ein gong i løpet av skuletida sunge «Den fyrste song eg høyra fekk», «Du skal ikkje sova bort sumarnatta», «Mellom bakkar og berg» (opphavleg kjend som «Nordmanden») eller den populære «Kveldssong for deg og meg»?

Målet med «Å oppdage nynorsk» er at elevane skal verte medvitne om at nynorsk er eit alminneleg skriftspråk som, til liks med bokmål, vert brukt i alle moglege sjangrar og høve.

I denne klassen har det vore eit tett samarbeid mellom musikklæraren og norsklæraren for å øva inn nynorske songar. Ved å syngje desse songane får elevane oppleve nynorsk som eit rikt og levande kulturspråk, og dei blir kjende med viseteksten som sjanger.

Etter ein innleiande fellesdiskusjon får elevane konkrete gruppeoppgåver. Ei gruppe får i oppdrag å undersøkje kvar dei finn nynorsk på Internett, ei anna gruppe skal leite etter nynorsk på biblioteket, og ei tredje gruppe skal sjå om dei finn nynorske tekstar i læreboka i norsk. Deretter skal gruppene leggje fram for kvarandre kva dei fann ut. Kanskje var nynorsk meir vanleg enn dei trudde?

Spørsmål til diskusjon På kva måte kan nynorske viser og songar vere ein del av norskundervisninga? Korleis kan norsk- og musikklæraren samarbeide om nynorskopplæringa?

Spørsmål til diskusjon Kva kan elevane lære av eit slikt undervisningsopplegg? Korleis ville du ha gjennomført eit undervisningsopplegg som Å oppdage nynorsk?

65


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.