Issuu on Google+

Språkløyper er ei satsing på språkstyrking frå barnehage til vidaregåande skule. s. 4

Nynorskelevar møter ofte for lite nynorsk i skulekvardagen sin. s. 6

Elevar ved førde norsksenter lærer norsk gjennom å skrive skjønnlitterære tekstar. s. 10

nynorskopplæring

nr. 26 | vinteren 2015–2016 | eit blad om nynorsk frå barnehage til vidaregåande skule


Leiarteigen

Det store språkspørsmålet Tekst: Torgeir Dimmen, leiar for Nynorsksenteret Det offentlege ordskiftet om språkbruk i Noreg er nærsynt. I avis- og nettdebattane handlar det gjerne om rettskriving, uttale, bøyings­former – og om sidemålsordninga. Dette er viktige tema, men debattane blir likevel lett perspektivlause.­ Dei manglar ofte refleksjon over kva følgjer ulike standpunkt i desse einskild­sakene får i eit større perspektiv. I 1885 vedtok Stortinget at landsmålet skulle sidestillast formelt med det etablerte skriftspråket­ den tida, dansk. Ei rad lover og andre språk­ regulerande ordningar har følgt opp dette radikale vedtaket, og i dag, 130 år etter, har vi ein godt etablert situasjon med to variantar av skriftleg norsk. Ifølgje dei dokumenta som omtalar offisiell norsk språkpolitikk, skal vi framleis ha det slik. Problemet er berre at mange små og store vedtak

og praksisar motarbeider det offisielle målet. Det handlar mellom anna om manglande handheving av mållova og om manglande lærebøker og anna støtte til nynorskelevar i språkblanda klasser. I næringslivet rår dei språklege marknadskreftene fritt, og i dei største riksavisene er det forbod mot å skrive nynorsk på redaksjonell plass. Påverknadsfaktorane er mange, men det aller­viktigaste for den langsiktige utviklinga av bruken­av nynorsk i Noreg er det som skjer i skulen.­Læreplanar, forskrifter og ikkje minst sjølve undervisinga er avgjerande. Dette perspektivet må med, både når ein drøftar «Fremtidens skole» med utgangspunkt i NOU-en som kom frå Ludvigsen-utvalet i fjor, når lærarutdanningane skal reviderast, og når politikarar skal ta stilling til innspel frå ulike interessegrupper om emne som bør inn eller ut av skulen.

Nynorskopplæring nr. 26, tiande årgangen Bladstyrar: Heidi Fagna Formgjeving: Arild Torvund Olsen Språkvask: Aud Søyland Skrifter: Auto og Dolly prenteverk: Tinde design & trykk AS framside: Øystein Runde iSSN: 1890-3975 iSSN for nettutgåva: 1891-1633

Problemet er berre at mange små og store vedtak og praksisar motarbeider det offisielle målet. Nynorsksenteret har som oppdrag å legge til rette for betre nynorskundervising, både for hovud­ måls- og sidemålselevane. Dette er eit viktig bidrag i arbeidet for å ta vare på ordninga med to likeverdige og levande variantar av norsk. Vi treng meir offentleg debatt også om dette overordna språkpolitiske målet, ikkje berre om bøyingsformer, kommareglar og skilnaden på kjede og skjede.

Nynorskopplæring vert utgjeve av Nynorsksenteret, og kjem med tre nummer i året. Send eit e-brev til ror@hivolda.no for å få bladet gratis i posten. Hugs å sende med namnet og adressa di! Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda www.nynorsksenteret.no


Ny nettressurs for ungdomstrinnet og vidaregåande skule.

Utforskande samtalar om språk Tekst: Ingrid Slettevoll Illustrasjon: Stig Bruksås

www.nynorsksenteret.no/samtale Utgangspunktet for å utforske noko er at vi lurer på noko. Skal vi som lærarar gjere elevane til forskarspirer, må vi difor skape ein klasseromskultur der det blir verdsett og trena på å stille «dumme» spørsmål. Læraren må la elevane bygge på det dei kan, men han må også utfordre dei til å stille spørsmål om språk og ta i bruk eit språk om språket. Ei slik forståing av kunnskap og læring er eit grunnlag for den kontrastive metoden dei legg vekt på i Kunnskapsløftet, der elevane på alle trinn skal kunne samanlikne språklege fenomen.

På ungdomstrinnet er eit av kompetansemåla i norsk at elevane skal kunne «bruke grammatiske begreper til å sammenligne nynorsk og bokmål». Nynorsksenteret har laga Utforskande samtalar om språk – ein ressurs for læraren­der vi ved hjelp av teikneserie prøver å modellere korleis læraren kan få til samtalar om språk. Ved å visualisere eksempel på situasjonar der vi kan lure på noko i fellesskap, håpar vi at læraren­blir inspirert til å skape læringssituasjonar­der det å stille spørsmål om språk og lure på noko er like viktig som å svare rett.

Innhald Det store språkspørsmålet av Torgeir Dimmen

s. 2

Utforskande samtalar om språk av Ingrid Slettevoll

s. 3

Språkløyper – i løypa! av Liv Kristin Bjørlykke Øvereng og Marit Wadsten

s. 4

Korleis ta vare på nynorskelevane? av Gudrun Kløve Juuhl

s. 6

12 000 elevar får bok av Janne Karin Støylen

s. 8

Lat oss lese for deg av Heidi Fagna

s. 9

Ny i norsk – ny i landet av Janne Karin Støylen

s. 10

Lesefrøa fell i god jord av Heidi Fagna

s. 12

Nett- og boktips

s. 14


For første gong er det ei systematisk satsing på å styrke språk-, lese- og skrivekompetansen i utdanningsløpet frå barnehage til alle trinn i grunnskulen og vidaregåande skule.

Språkløyper – i løypa! Tekst: Liv Kristin Bjørlykke Øvereng og Marit Wadsten Foto: Kib & Morits

4

Nynorskopplæring NR. 26


Gode språklege ferdigheiter er avgjerande både for leik og læring i barnehagen, for lesing, skriving og læring i skulealder, og for moglegheitene kvar enkelt har til å delta i samfunnet på ulike nivå. Vi ønskjer at alle barn skal kunne utvikle gode språk-, lese- og skriveferdigheiter, og at dei skal kunne lykkast i utdanning, arbeidsog samfunnsliv. Internasjonale undersøkingar som PIRLS og PISA viser at norske elevar er blitt betre lesarar dei siste åra, men vi har framleis utfordringar: 16 % av norske 15-åringar ligg på eit lesenivå som er under «kritisk grense», gutar skårar lågare enn jenter, elevar med innvandrarbakgrunn skårar lågare i lesing enn elevar med norsk bakgrunn, barn og elevar som strevar med språk, lesing og skriving, blir ikkje alltid oppdaga tidleg nok, og høgt presterande elevar får ikkje alltid nok utfordringar­og støtte. Kunnskapsdepartementet­ har på bakgrunn av dette no initiert ein ny nasjonal strategi som har fått namnet Språkløyper, som skal nå alle tilsette i barnehagar og skular, og som skal gå frå 2016 til 2019.

Nasjonal strategi Språkløyper er utvikla for å styrke språk- og tekst­ kompetansen hos norske barn og elevar. Det unike­med denne strategien er at det for første­ gong blir satsa systematisk og heilskapleg på språk, lesing­og skriving i både barnehage og skule i same strategi. Det er Lesesenteret og Skrivesenteret som saman har utvikla nett­staden sprakloyper.no. På denne nettstaden ligg det no gratis kompetanseutviklingspakkar. Pakkane er utforma slik at dei skal vere lette å ta i bruk for styrarar og leiarar i barnehagar og skular i det lokale­utviklingsarbeidet, og heile organisa­sjonen skal arbeide saman om kompetanse­utviklinga.

Språkløyper utfordrar faglærarar på alle trinn til å integrere arbeidet med lesing og skriving som grunnleggande ferdigheiter i planlegging og undervisning i alle fag. Strategien inneheld tre hovudtiltak: • Introduksjonssamlingar for barnehagar og skular Det vil bli arrangert introduksjonssamlingar i alle fylke kvart år. Her vil arbeidsformer og innhald bli presentert for eigarar, barne­ hagemyndigheiter, styrarar, leiarar og lærarar. • Gratis nettbaserte kompetanseutviklingspakkar Innhaldet i pakkane gir rettleiing i barne­ hage- og skuleutviklingsarbeid, fagleg fordjuping innanfor ulike temaområde, verktøy for å reflektere over eigen praksis og rettleiing i nye arbeidsmetodar. Kvar pakke består av ei rekkje økter på 45–60 minutt, og dei inneheld videoforelesingar, fagtekstar, filmar, refleksjonsspørsmål og oppgåver for utføring i praksis og deling i kollegiet som mellomarbeid. • Støtte til lokalt utviklingsarbeid i kommunane I januar 2016 kan kommunane og fylkeskommunane søkje om støtte til ressurs­lærarar som kan leie utviklingsarbeidet lokalt,­og til å etablere lokale faglege nettverk. Lese­senteret­ og Skrivesenteret skal drive kompetanse­ utvikling for ressurslærarar og støtte desse i arbeidet med å drifte dei lokale faglege nettverka.

Lokal lagbygging Forsking viser at skular med eit godt fungerande profesjonsfellesskap ser ut til å ha betre føre­ setnader for å skape god opplæring for elevane enn skular der lærarane arbeider meir individuelt.­

Arbeidet med Språkløyper i barne­hage og skule skal derfor også bidra til lokal lagbygging ved å hente fram den kunnskapen som alt finst, og vidare­utvikle han gjennom felles arbeid med og refleksjon rundt innhaldet i pakkane og dei enkelte­ øktene. Språkløyper skal gi barnehagepersonalet meir kunnskap, verktøy og tryggleik i arbeidet sitt med barns språk. Strategien har som mål å gi eit godt grunnlag for dialog mellom barnehage og skule om språk og lese- og skriveførebuande aktivitetar.­ Kommunikasjon mellom barnehage og skule om det arbeidet begge partar gjer med språk, vil styrke­kvaliteten på språkarbeidet både i barnehagen og i lese- og skriveopplæringa i skulen.­ Språkløyper gir lærarane høve til å reflektere­ over og auke kunnskapen sin om kva som kjenne­ teiknar god praksis i den første lese- og skriveopplæringa. Språkløyper utfordrar faglærarar på alle trinn til å integrere arbeidet med lesing og skriving som grunnleggande ferdigheiter i planlegging og undervisning i alle fag. Gjennom Språkløyper skal lærarane få kunnskap om digital teknologi og digitale verktøy i lese- og skrivearbeidet, slik at både dei og elevane kan bruke teknologien hensiktsmessig og målretta. I samarbeid med Lesesenteret og Skrive­ senteret er Nynorsksenteret og andre nasjonale­ senter med på å lage kompetanse­utviklings­ pakkar og på fagleg kvalitetssikring. 

Nynorskopplæring NR. 26

5


– Tilbodet skulen gjev nynorskelevane, og det at mange oppfattar at nynorsk er på vikande front, forsterkar kvarandre. Det er nok ei forklaring på at det i år var rekordfå som vart innskrivne som nynorsk­elevar ved Bø skule, seier Margit Ims, som er mor til ein fyrsteklassing ved Bø skule og norsklærar på Bø vgs.

Korleis ta vare på nynorskelevane? Tekst: Gudrun Kløve Juuhl

I føremålet til norsklæreplanen står det at opplæringa skal ha som føremål «å styrke elevenes språklige trygghet og identitet». Samstundes synte rapporten «Undersøkelse av nynorsk som hovedmål» frå analysebyrået Proba at nynorskelevar på ungdomsskulen og vidaregåande ikkje­ kan rekna med at nokon tek ansvar for den språklege tryggleiken deira. Analysebyrået har intervjua elevar, lærarar og skuleleiarar om nynorsk som hovudmål på to vidaregåande skular og ein ungdomsskule der det går både nynorsk- og bokmålselevar. Undersøkinga fortel at dei elevane som byter til bokmål, ikkje oppfattar skulen som årsak til språkskiftet, men bokmålsdominansen i samfunnet. Samstundes oppsummerer rapporten at nynorskelevane dei har intervjua, møter lite nynorsk i skulekvardagen, og det er tilfeldig om dei får tavleundervisning, skriftleg materiell og lærebøker på nynorsk. Rapporten oppsummerer at korkje skule­ leiarar eller lærarar gjer systematiske grep for å ta vare på nynorskelevane.

årsaker­til at nynorskelevar i ungdomsskulen byter­til bokmål, og for å finna ut kva tiltak skulen­og kommunen kan setja i verk for å gjera fråfallet mindre. I Fjell har om lag 40 prosent av elevane nynorsk i barneskulen (1–7), medan berre 25 prosent­ av ungdomsskuleelevane har nynorsk som hovudmål. Skulesjef Wilhelm Anglevik i Fjell meiner dei viktigaste årsakene til målbytet i ungdomsskulen ligg i demografiske prosessar, eller det ein kan kalla møtet mellom demografi og kultur. – Fjell kommune ligg tett opp til ein stor by, Bergen, og har hatt ein stor folkevekst, største­ parten frå Bergen. Me har òg ei historie med kulturelle klasseskilje der strilar og strilekultur har vorte sett ned på. Det er eit mindreverds­ kompleks som har vorte nedarva gjennom gene­ rasjonar, og det kan nok vera ei årsak til at mange har valt vekk nynorsk og strilemål og gått over til meir bokmål. I tillegg har me dei siste åra fått mykje urbanisering og handelsverksemd, og dette skjer i stor grad på bokmål.

Stoltheit som kur

– Du meiner altså ikkje at årsakene til språkskiftet­ finst i skulen? – Drivkreftene til språkskiftet finn ein nok ikkje i skulen, men skulen er ein stad der dette

I Fjell kommune utanfor Bergen held dei på å starta opp prosjektet «Stolt av eige språk» saman­ med Universitetet i Bergen, for å kartleggja­

6

Nynorskopplæring NR. 26

kjem til uttrykk, sidan det er ein stad folk møtest, seier Anglevik. Prosjektet Stolt av eige språk er likevel knytt til tiltak i skulen. Anglevik fortel at dei alt i dag prøver ut nokre tiltak i skulen – mellom anna har nokre klassar vore språkdelte i norsktimane. Men tanken bak prosjektet «Stolt av eige språk» er meir å prøva å skapa ei positiv haldning med nynorskstoltheit hjå elevane, skapa forståing for kva språket gjev oss, og gje ungdomar mot til å ta sporty val.

Kven har ansvaret? Margit Ims er oppteken av korleis skulen kan gjera det mindre tøft å vera nynorskelev. – På Bø skule har ein blanda nynorsk- og bokmålselevane i same gruppe, sjølv om dei på barneskulen har rett på å gå i eiga gruppe. Dei har berre vore delte i norsktimar, men det er jo ikkje berre i norskfaget nynorskelevar treng å lesa og skriva nynorsk. Skal nynorskelevar bli trygge på språket sitt, må dei møta det i alle fag. Det kan sjå ut til at skulen oppfattar nynorsk som noko som berre gjeld norskfaget. Fyrsteklassingane som byrja no, fekk gå i eiga gruppe, men oppover i klassestega er nynorskelevane spreidde på fleire klassar, og alltid i mindretal.


Nynorskelevane Proba har intervjua, møter lite nynorsk i skulekvardagen, og det er tilfeldig om dei får tavleundervisning, skriftleg materiell og lærebøker på nynorsk.

Som kommunalsjef for oppvekst i Bø i Telemark har Beate Darrud det overordna ansvaret for dei rundt 690 borna som går i grunnskulen i kommunen. I ein e-post til Nynorskopplæring forklarer­ho på denne måten kvifor det ikkje har vore sjølvsagt at nynorskelevane på Bø skule har fått gå i ein eigen klasse: «Når vi lagar klassene, har vi i stor grad lagt det sosiale til grunn – det er viktig å lage gode klasser­ – det er også det foreldra ønskjer. Det er viktig å ha klasser som er godt sett saman i høve til kjønn, fagleg nivå, naudsynte gode relasjonar, og å bryte mindre gode relasjonar frå barnehagane. Skulane­opplever at det språkvalet dei føresette gjer for barna sine, i ein viss grad er styrt av det sosiale. Skuleåret 2015–2016 var det så få elevar i 1 kl. som ønskte nynorsk, at vi måtte sette dei i same klasse. Dette har det komme reaksjonar på frå foreldra – fordi vi da måtte bryte viktige gode relasjonar. Dei gongene vi ikkje har tatt omsyn til dei sosiale relasjonane, har vi nokon gonger opplevd at elevane melder seg av nynorsk og over på bokmål, for å kunne gå med dei elevane dei først var sett på gruppe med.» 

«Oddamodellen» – nynorsk- og bokmåls­ klassar i ungdomsskulen Nynorsken er ikkje på vikande front overalt.­ Odda er den einaste kommunen i landet­med kommunestyrevedtak om å ha eigne nynorskklassar og bokmålsklassar på ung­domsskulen. Der er det i praksis ikkje språkskifte i ungdomsskulen. I desse dagar diskuterer Utdanningsdirektoratet om det skal innføra ei ordning der ungdomsskular kan søkja om tilskot til å ha eigne­klassar for nynorskelevar og bokmåls­ elevar på ungdomsskulen. Bystyret i Bergen gjorde 20. januar dette vedtaket: «Nynorskelevane bør så langt det er råd få gå i same klasse slik at dei slepp å vere dei einaste nynorskelevane – å vere åleine­eller få gjer dei endå meir utsette. Å samle nynorskelevane gjer det òg lettare å få til best mogleg undervising for dei. På skular med ein stor del nynorskelevar bør desse om det er råd få gå i ein eigen klasse.» Bakgrunnen er at ungdomsskulane som tek imot nynorskelevar i Bergen, har mange elevar som går over frå nynorsk til bokmål. Desse elevane går ofte i språkblanda klassar­både i barne- og ungdomsskulen.

Barneskulen – kva seier opplæringslova? Når foreldra til minst ti elevar på same årstrinn (1.–7.) i ein kommune ønskjer det, har elevane rett til å høyre til i ei eiga nynorskgruppe. Berre i delar av opplæringa der ulike hovudmål ikkje har noko å seie (til dømes i praktisk-estetiske fag), kan ein vurdere å blande nynorskgruppa med dei andre elevane. Skuleeigaren (kommunen/fylkeskommunen) har ansvaret for at elevane får dei rettane dei har krav på. Det inneber at skuleeigaren skal sikre at elevane får lærebøker på nynorsk, og at dei får opplæring på nynorsk når dei har krav på det. Les meir på www.nynorsksenteret.no/lover

Nynorskopplæring NR. 26

7


Denne våren får 12 000 sjuandeklassingar ein heilt spesiell presang i posten: Ei bok! Det unike finst mellom permane: Utdrag frå ti førsteklasses forteljingar. For ungdom. På nynorsk!

12 000 elevar får bok Tekst: Janne Karin Støylen foto: Vibeke Røgler Tid for ti er ein gratis og nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn. Aksjonen er eit samarbeid mellom Foreininga !les, Nynorsksenteret og ei rekkje andre nynorskaktørar. Målet med prosjektet er kort sagt å gje elevane­ gode leseopplevingar gjennom å introdusera­dei for nyare nynorsk litteratur. Sentral i aksjonen Tid for ti er ein antologi med utdrag frå ti gode nynorske ungdomsbøker. I arbeidet med å velja ut tekstar har det vore eit mål at alle elevar skal finna minst ein tekst dei likar og får lyst til å lesa vidare i. Antologiane blir sende til alle påmelde klassar. Alle utdraga er òg tilgjengelege på nettsida tidforti.no. På nettsida finst dessutan: • Klassesida der elevane kan stemma over kva dei synest om utdraga, og der klassane kan gje tilbakemeldingar på tekstane • Lydfiler av utdraga • Meir informasjon om forfattarane og bøkene­ deira • Lenkjer til annan relevant informasjon, bok-, film- og musikktips • Aktivitetar og konkurransar • Lærarrettleiing

8

Nynorskopplæring NR. 26

Tid for ti svarar til kompetansemåla etter 7. trinn i revidert læreplan i norsk på denne måten: I læreplanen i norsk står det mellom anna: «Opplæringen i lesing skal stimulere elevens lyst og evne til å lese og skrive, og innebærer at eleven skal lese ulike tekster, både for å lære og for å oppleve.» Elevane må derfor få «engasjere seg i tekster og få innsikt i andre menneskers tanker, opplevelser og skaperkraft». Elevar med nynorsk som sidemål har fordel av å møta den nynorske målforma tidleg, medan

elevar med nynorsk som hovudmål vert mindre eksponerte for skriftspråket sitt utanfor skulen. For å bli trygge språkbrukarar har dei særleg nytte av å lesa gode barne- og ungdomsbøker på nynorsk. Same kva opplæringsmål elevane har, må dei lesa mykje på nynorsk for å bli gode nynorsk­ lesarar – og då treng dei gode leseopplevingar som kan stimulera leselysta. Denne våren får 12 000 elevar denne sjansen. Målet er ein ny aksjon for nye sjuandeklassingar allereie til hausten. 


Fem lydbok-debutantar les inn bokutdrag til Tid for ti. Øvst: Heidi Fagna, Arild Torvund Olsen og Anne Marta Vinsrygg Vadstein Nedst: Liv Kristin Bjørlykke Øvereng og Torgeir Dimmen

Lat oss lese for deg

Tekst: Heidi Fagna foto: Heidi Fagna Fem tilsette ved Nynorsksenteret har lese inn bokutdraga i Tid for ti-aksjonen. Utdrag frå ni av dei ti bøkene ligg i innlesne versjonar på nett­sida. Rekrutten av Robert Muchamore er ein grafisk­roman, så den treng ikkje lydspor. Fem lydbok-debutantar ved Nynorsksenteret­ har fordelt dei ni bøkene mellom seg. Senter-

leiar Torgeir Dimmen har lese inn «Keeper’n til Tunisia»­av Lars Mæhle. – Å lese inn tekst til lydbok var ei ny ut­ fordring for oss, men med god rettleiing greidde vi det bra, trur eg. I alle fall vonar vi desse små smake­bitane gir lyst til å lese resten av bøkene, seier Dimmen.

Dei innlesne utdraga finn du på nettsida tidforti.no

Bøker i antologien Keeper’n til Tunisia av Lars Mæhle Hjarteklapp av Hilde K. Kvalvaag Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland Kjære søster av Alf Kjetil Walgermo Drakeguten av Asbjørn Rydland Motorsykkelmysteriet av Magnhild Bruheim Fly, Thea! Fly! av Bente Bratlund Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl Rekrutten av Muchamore, Edginton & Aggs Veslebror ser deg av Cory Doctorow Nynorskopplæring NR. 26

9


– Du kjem så nær dei nye i det dei skriv, skrifta fører deg rett til den andre! Tekstane har i seg det nye og det gamle landet på same tid, for når dei skriv om det gamle, vel dei ut det som skil det frå det nye, og omvendt.

Ny i norsk – ny i landet Tekst: Janne Karin Støylen Foto: Arne Stubhaug, NRK

DISKUSJON OG LÆRING: Den ferske forfattaren Zainab Hari Taher Issa saman med den røynde forfattaren Erna Osland 10

Nynorskopplæring NR. 26


– Dei seier noko om å måtte forlate, å lengte­tilbake, å sakne nokon, og om håpet om å finne­seg til rette i det nye landet. SUKKER I SAHARA Forfattar Erna Osland er klar til å sende ei ny bok i trykken, men denne gongen er det elevar frå Førde norsksenter som har skrive tekstane. Førde bibliotek hadde lenge hatt eit ønske om å gje eit større tilbod til nye landsmenn. – Vi ville skape ein møteplass for dei, og vi ville hjelpe dei med å lære norsk, seier prosjektleiar Marie Dombestein. Difor inviterte dei til målkafé, der elevar frå norsksenteret skulle lese og høyre nynorsk, prakti­sere språket og bli kjent med ulike litterære­ sjangrar. Tilfanget av nynorsk litteratur er magert for dei som skal lære seg norsk som vaksne, og under­vegs i prosessen kom idéen om å lage bok. Då kom forfattar Erna Osland med på laget. – Oppgåva syntest så umogeleg. Dei spurde om eg ville skrive med nokre som var nybegynnarar­i norsk, og somme av dei var kanskje til og med analfabetar før dei kom! Men eg likte tanken, for eg har alltid meint at alle skal få sjansen til å skrive og lese, seier Erna Osland. Sju kvinner og åtte menn har fått med tekstar i boka. Ti kjem frå afrikanske land, og fem kjem frå land i Midtausten. Nynorsksenteret har vore med som rådgjevar i arbeidet med prosjektet. No er boka straks klar, og den røynde forfattaren Erna Osland har ikkje skrive anna enn baksideteksten. Førde bibliotek vil halde fram med språk­ kaféane, der kafé-gjestane snart kan lese og låne si eiga bok.

Prosjektleiar Marie Dombestein seier tekstane gjer inntrykk. – Dei seier noko om å måtte forlate, å lengte­ tilbake, å sakne nokon, og om håpet om å finne­ seg til rette i det nye landet. Eg har prøvd å lese nokre av tekstane for familie og venner, og eg får klumpen­i halsen kvar gong. Det er imponerande­ korleis Erna har klart å rettleie dei i denne skrivinga, til å få fram det som no står. 

Mannen min har fortalt meg om Sahara, sjølv har eg aldri vore der. Slik er livet i Sahara: Sahara har to heilt ulike dyr, antiloper og kamelar. Sahara har sand. Kvit sand heiter sukker. Men sanden kan også kallast salt: kvitt salt eller raudt salt. Sahara har også skikkeleg salt. Både menneske og dyr et salt. Og drikk salt, for vatnet er salt. Den største sorga i Sahara er at det ikkje regnar. Sahara har sand og vind. Vinden kan gjere sanden om til fjell. Sanden flyttar fort i Sahara. Det gjer også fjella. Zainab Hari Taher Issa

Prosjektleiar: Marie Dombestein Nynorskopplæring NR. 26

11


Ein heil vegg av bøker er delvis gøymd bak det kvite lerretet. Projektoren i taket durar lett, og lukta av klementinar smyg seg ut av fruktskålene. Femti barnehagetilsette frå fire barnehagar i Lindås kommune er på kurs på biblioteket for å oppdatere kunnskapen om nyare nynorske barnebøker.

Lesefrøa fell i god jord Tekst: Heidi Fagna Foto: Heidi Fagna – Har de tenkt på at de barnehagetilsette er viktige språklege førebilete for borna? Det er kurshaldar Anne Marta V. Vadstein som stiller spørsmålet. Fleire av dei femti nikkar diskré. Lindås er ein av fem kommunar som deltek i prosjektet Nynorske lesefrø. Prosjektet er i regi av Nynorsksenteret og biblioteka i dei ulike kommunane.­Målet å etablere gode samarbeidsrutinar mellom barnehagane og biblioteka, slik at borna skal få møte den gode nynorske barnelitteraturen. – Grunnlaget for språklæringa vert lagt veldig tidleg. Om borna berre møter dialekt og bokmål, er det uheldig når dei sjølve skal lære å skrive nynorsk, seier Vadstein.

Legg ikkje lenger om til bergensk På bakarste rad sit Katy Bergetun frå Alversund Montessoribarnehage. – Nynorske lesefrø har gjort oss meir språkleg medvitne. Eg har ikkje tidlegare tenkt over at det er viktig at borna også verte lesne for på nynorsk, sjølv om me bur i ein nynorskkommune, seier ho. Bergetun leier prosjektet i barnehagen, og har vore på kurs tidlegare om korleis ho kan så nynorske lesefrø. Denne ettermiddagen er kollegaene­hennar også med. Ei av dei er Hildegunn Fosse.

12

Nynorskopplæring NR. 26

Kurshaldar: Anne Marta Vinsrygg Vadstein frå Nynorsksenteret


– Mange av dei tilsette legg om til eit slags bergensk­for å gjere seg forstått hjå borna. Det gjer ein gjerne utan å tenkje over det, men dette pro­sjektet har fått oss til å tenkje meir på språket, seier Fosse. I storbarnsavdelinga i barnehagen bruker dei no nynorske bøker fleire gonger kvar veke. – Me har snakka med borna om kva dei trudde­ nynorsk var. Nokre trudde det var svensk, og andre trudde det var amerikansk, seier Katy Bergetun. – Er ikkje det forunderleg i ein nynorsk­ kommune? – Jau. Det er forunderleg. Dette prosjektet har hjelpt meg til å tenkje meir på dei som bruker nynorsk. No kan eg tilby borna frå nynorskområda i kommunen å få høyre nynorsk.

Påverka av Bergen Lindås er nabokommune med Bergen, og den språk­lege påverknaden er sterk. Mange bergenserar flyttar til kommunen, og born og unge i kommunesenteret Knarvik snakkar ei bergensk­ nær dialekt.

Det er viktig­at dei tilsette i barnehagane presenterer borna for nynorsk. Det er ein rett den vesle lesaren og skrivaren­har: å verte eksponert for skriftspråket dei skal lære.

– Mange spør etter bøker på bokmål, og me ønskjer å vise at der finst gode nynorske alternativ.­ Borna skal bruke nynorsk på skulen, men språket er heile tida under press frå Bergen. Borna møter så lite nynorsk at målforma vert framand, og då vert det vanskeleg når dei skal bruke nynorsken sjølv, seier biblioteksjef Marit-Gro Berge. Ho har kjøpt inn mange nye barnebøker på nynorsk. Dei skal samlast i fyldige bokkassar, som skal rullere mellom barnehagane. I tillegg har kvar barnehage fått ein bokpakke med ti bøker.­

Faren ved simultanomsetjing Denne torsdagskvelden presenterer formidlar Anne Marta Vinsrygg Vadstein frå Nynorsk­ senteret nokre­av dei nyare nynorske bøkene som passar for barnehageborn. – Mange foreldre og barnehagetilsette omset bøker til dialekt undervegs i lesinga. Då får kanskje ikkje borna møte skriftformer som «kvifor», «heim» og «hugse». Det er viktig at barnehageborn får høyre nynorsk tekst.

Katy Bergetun og Hildegunn Fosse frå Alversund Montessoribarnehage

– Det er eit demokratisk prinsipp å gje alle born høve til å bli trygge i språket sitt. Borna vert bada i bokmål dagleg, og det er derfor viktig­at dei tilsette i barnehagane presenterer dei for nynorsk. Det er ein rett den vesle lesaren og skrivaren­har: å verte eksponert for skriftspråket dei skal lære, seier Vadstein. 

Biblioteksjef Marit-Gro Berge Nynorskopplæring NR. 26

13


Nynorsk på 1-2-3

Nye lettlesne bøker Leseland er ein serie med underhaldande og engasjerande lettlesbøker som er tilpassa barns interesser og lesekunnskap. Dei første Leselandbøkene kom ut i 2015, og i januar i år kom det 18 nye titlar i serien, fordelte på dei ulike nivåa. Bøkene kjem parallelt i Leseland-appen. Den gode forteljinga står alltid i sentrum, og i tillegg til enkel og god tekst har bøkene mange­ fargerike illustrasjonar. Nokre av titlane­er laga for dei yngste i barneskulen, medan andre er laga for lesarar på mellomsteget.­Serien inneheld både faktabøker og skjønn­litteratur. Leseland er ei stor satsing for Samlaget, noko forlaget gjer for å auke tilfanget av lettlesbøker på nynorsk, slik at den som skal lære å lese med nynorsk som hovudmål, skal ha tilgang på kvalitetssikra­lettlesbøker på sitt eige mål. På nettsida samlaget.no kan du lese meir om Leseland og bla i bøkene.

Blogg

Spør ho rakel: Nynorsk på 1-2-3 er eit nynorskkurs i teikneserieform. Ved hjelp av humoristiske­ striper kan du læra å styra unna vanlege skrivefeil. Stripene er samla i eit hefte som det er mogleg å tinga gratis klassesett av.

Nynorsksenteret har no fått seg ein blogg. Der legg me mellom anna ut tankar om aktuelle saker, tips om gode læringsressursar og presentasjonar av prosjekt som er i gang. Bloggen har fått namnet Iver. Dersom du slår opp ordet iver i ordboka, kan du mellom anna lesa at det tyder «ihuge» og «sterk interesse». Og det er nett det som er målet med bloggen: å dela ihugen og interessa vår for nynorskopplæring med dykk.

>> www.nynorsksenteret.no/Tilfang

>> iver.nynorsksenteret.no

14

Nynorskopplæring NR. 26


nynorskbok.no Kvart år kjem det mange nye, gode barne- og ungdomsbøker på nynorsk, men det kan vere ei utfordring å halde seg oppdatert. På Nynorskbok.no finn du boktips, omtalar­av bøker og informasjon om kva aldersgruppe bøkene kan passe til.


Returadresse: Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda

Slit elevane dine med å skilja bodskapen frå buskapen? Nynorsk på 1-2-3 er eit nynorskkurs i teikneserieform. På www.nynorsksenteret.no/tilfang/ kan du tinga gratis klassesett.


Nynorskopplæring nr. 26