Issuu on Google+

Snakk om språk! er mottoet for denne utgåva av Nynorskopplæring.

mjølk, melk eller mjelk? I Stranda barnehage har borna språksamtalar i kvardagen. s. 4

samanlikning av språk Lat elevane gå på språkleg oppdagingsreise i Grunnlova. s. 6

nynorskopplæring

nr. 22 | hausten 2014 | eit blad frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Etterlysing: lærarstøtte! Tekst: Torgeir Dimmen, leiar for Nynorsksenteret foto: Kib & Morits Halvparten av elevane som har nynorsk som opplæringsmål i første klasse, byter til bokmål før dei er ferdige med vidaregåande skule. Denne tendensen til målbyte er klart størst i randsonene til nynorsken på det indre Austlandet og rundt byane Bergen og Stavanger på Vestlandet. Slik har det vore lenge, og det er på ny dokumentert i ein nyleg utgjeven rapport frå Utdannings­ direktoratet. Ei av dei viktigaste oppgåvene til Nynorsk­ senteret er å hjelpe elevar med nynorsk opp­ læringsmål å halde på språket sitt gjennom heile skuleløpet – og lenger. Dette oppdraget er ikkje språk- eller skulepolitisk kontroversielt,­ og vi utfører det så godt vi kan på vegner av Utdanningsdirektoratet­ og Kunnskaps­departe­ mentet.­ Kva gjer lærarane og skulane for å redusere­det uønskte fråfallet? Det er dei som møter elevane direkte­og dermed har lettast tilgang til å påverke val av opplæringsmål. Dei burde difor vere gode allierte for elevar i ein sårbar mindretalsposisjon.

Mykje tyder på at dei ikkje alltid er det. I rap­porten fortel fleire nynorskelevar i blanda språk­miljø at dei får lite hjelp frå lærarane og skuleleiinga til å halde på nynorsken. Dette er noko skulen ikkje vil legge seg borti. Få melder om direkte oppmoding om at dei bør byte, men indirekte påverknad er vanleg ved at dei ikkje får lærebøker, læremiddel eller tavleundervising på nynorsk. Kvifor er det slik at mange lærarar ser ut til å vere så passive når 13-åringen eller 16-åringen skal velje målform? Kan det vere eit misforstått syn på «nøytralitet»? At det vil bli opplevd som utidig press å oppmode om og legge til rette for at dei skal halde på nynorsken? Det er det ikkje. Det er tvert om offisiell norsk språk- og kulturpolitikk. Det bør også lærarar og rektorar på skular i randsonene minne kvar­ andre om.

Nynorskopplæring nr. 22, åttande årgangen Bladstyrar: Gudrun Kløve Juuhl Formgjeving: Arild Torvund Olsen Språkvask: Aud Søyland Skrifter: Auto og Dolly prenteverk: Tinde design & trykk AS framside: Elin Grimstad iSSN: 1890-3975 iSSN for nettutgåva: 1891-1633

Nynorskelevar i blanda språkmiljø fortel at dei får lite hjelp frå lærarane og skuleleiinga til å halde på nynorsken.

Nynorskopplæring vert utgjeve av Nynorsksenteret, og kjem med tre nummer i året. Send eit e-brev til ror@hivolda.no for å få bladet gratis i posten. Hugs å sende med namnet og adressa di! Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda www.nynorsksenteret.no


På oppdrag for Utdanningsdirektoratet har Proba samfunnsanalyse laga ein rapport om nynorsk som hovudmål.

Innhald

Nyttig nynorskrapport

Etterlysing: lærarstøtte! av Torgeir Dimmen

s. 2

Tekst: Arild Torvund Olsen foto: Arild Torvund Olsen

Mjølk eller melk? av Liv Kristin Bjørlykke Øvereng

s. 4

På oppdagingsreise i språket av Ingrid Slettevoll

s. 6

Ordleik frå Ordleiksboka av Olaf Husby og Stina Langlo Ørdal

s. 8

Og no – nyhende av Gudrun Kløve Juuhl

s. 9

www.proba.no/rapporter/proba-rapport-2014-07/ Hovudmålsrapporten syner mellom anna at skular i rand­soner i liten grad tek grep for å stø opp om nynorskelevar som er i mindretal. Difor kan rap­porten vera nyttig å lesa for alle

som skal under­visa elevar med nynorsk som hovudmål. I tillegg ser rapporten på korleis lærarutdanningane­sikrar­og dokumenterer ny­ norskkompetansen til lærarstudentane.

Skriveutviklinga flatar ut på mellomtrinnet av Pernille Fiskerstrand

s. 10

Klart og kort på nynorsk av Torgeir Dimmen

s. 12

Nynorsk lettar integreringa av Torgeir Dimmen

s. 13

Elin Grimstad har laga den flotte framside­­illustrasjonen til dette nummeret av bladet. Ho er animatør og biletbok­skapar og bokdebuterte i 2012 med bilet­boka Månen som ville lyse som ei sol.


I dei fleste barnehagar er det born og vaksne med ulike dialekter og ulike språk. Dette er ein ressurs som kan nyttast til å få i stand samtalar om språk.

Mjølk eller melk?

Tekst: Liv Kristin Bjørlykke Øvereng illustrasjon: Are Edvardsen «Ho Britt seier mjølk, og ho Kari seier mjelk, men eg, eg seier melk.» Thea, 5 år Denne refleksjonen omkring «mjølk» kom frå ei barnehagejente der språksamtalar var ein vanleg del av kvardagen. I barnehagen var dei tilsette frå ulike stader og med ulike dialekter, slik som ein gjerne finn i dei fleste barnehagane i landet. Vi kan sjå for oss situasjonen omkring måltidet der mjølka er på bordet og vert samtaletema for borna og dei vaksne. Dei vaksne er viktige rolle­ modellar i denne situasjonen, i det å gripe situa­ sjonen og reflektere i lag med borna. Born erfarer at ein brukar ulike ord i ulike dialekter og ulike språk, og jamvel om ein brukar det same ordet, kan ein seie det ulikt om ein kjem frå ulike kantar av landet. Språkrettleiinga Språk i barnehagen – mye mer enn bare prat understrekar nettopp den viktige rolla den vaksne har i samtalar om språk med born. «En dag i barnehagen består av utallige hverdagssituasjoner der barna kan bruke språket­ aktivt, og et godt språkstimulerende miljø er preget av at personalet bruker språket i samspill med barna hele dagen. De voksnes innsats er viktig,­og de er språkmodeller for barna.» Når dei vaksne vektlegg positive haldningar til språkleg variasjon og mangfald, modellerer 4

Nynorskopplæring NR. 22

dei ei åtferd for borna som er viktig for kulturen­ i barnehagen. Det å snakke om språk og gi borna erfaringar med ulike språklege uttrykk på både bokmål og nynorsk gir borna fleire innfalls­ vinklar til ord og omgrep, og slik legg ein til rette for å styrke det språklege medvitet.

«Ho Britt seier mjølk, og ho Kari seier mjelk, men eg, eg seier melk.»

I Sund kommune er nynorsk opplæringsspråket,­ og personalet i Stranda barnehage i Sund ønskte­ å gi borna­eit godt grunnlag for lese- og skrive­ opplæringa gjennom samtalar om språket. I det skuleførebuande­arbeidet la dei vekt på nynorske­ omgrep. – Vi prata om talespråket og det skrivne ny­ norske språket. Kva er det som er likt, og kva er ulikt, fortel pedagogisk leiar Nina Løvik. I samlingane for dei eldste i barnehagen prata­ dei om ord og uttrykk, om korleis borna uttalte orda, og om korleis ein skriv ordet på nynorsk. I samtale med borna har dei undra seg over lik­ skapar og skilnadar mellom dialekt og nynorsk og mellom nynorsk og bokmål, slik som i til dømes «auge og øye» eller «mjølk og melk». Dei har prata om kva som er det nynorske ordet, kva det heiter på bokmål, og kva ein seier på dialekt. Borna har fått ei undrande haldning til språket, noko som kjem fram i ulike situasjonar.­Nokre vil ha mjølk til maten, medan andre vil ha melk.

– Vi ser og høyrer at borna er medvitne om språket­og nyttar ulike nynorske ord, seier Løvik. Som i mange andre bynære kommunar er tale­språket i Sund i stor grad påverka av bok­ mål, og for borna er det viktig å få erfaring med nynorsk tekst og litteratur i barnehagen. For å lette overgangen til lese- og skrive­opplæringa i skulen­har barnehagen difor lagt vekt på å bruke nynorsk litteratur­i lesesamlingar i tillegg til i språk­samlingane for dei eldste borna. Sam­talen og undringa dannar grunnlag for språkleg med­ vit.

Thea, 5 år

– Det er viktig at borna får eit metaspråk om språk, der dei vert kjende med ulike omgrep som bokmål og nynorsk, dialekt og språk, seier Løvik. Samtalar om språk og dialekt er på den måten med på å gjere borna medvitne om nynorsk og auke det språklege medvitet. Språket er ein viktig faktor i utviklinga av identitet, og ved å arbeide med språk og lesing på ein meir systematisk


måte har barnehagen gitt eit bidrag til denne identitetsutviklinga også for dei aller minste. Både pedagogane og borna er blitt meir medvitne om det nynorske språket og nyttar det meir aktivt. På denne måten kan ein skape rom for språksamtalar og etablere ein kultur i barne­ hagen for samtale om språk, ord og omgrep. – Det er blitt naturleg å snakke om språk, det er vanleg å spørje om ord og omgrep, seier Nina. – Vi har fått syn for kor viktig tidleg start er for borna som skal ha nynorsk som sitt hovudmål i skulen. Dei treng å møte det nynorske språket alt i barnehagen, avsluttar pedagogisk leiar Nina Løvik. 

Referansar Hoel, Oxborough og Wagner (2011). Lesefrø. Oslo: Cappelen Damm. Utdanningsdirektoratet (2013). Språk i barnehagen – mye mer enn bare prat. En veileder om språkstimulering. Oslo: Utdanningsdirektoratet. Wagner, Strömqvist og Uppstad (2011). Det flerspråklige mennesket. En grunnbok om skriftspråklæring. Bergen: Fagbokforlaget.

Nynorskopplæring NR. 22

5


Å samanlikne språk og språkbruk i tekstar på bokmål og nynorsk kan vere ein motiverande måte å lære nynorsk grammatikk på.

På oppdagingsreise i språket Tekst: Ingrid Slettevoll foto: Noregs Mållag

I Kunnskapsløftet er språkopplæringa både i norsk og i andre språk basert på eit prinsipp om å lære ved å samanlikne språklege fenomen. Fleire­av kompetansemåla i norsk nyttar ekspli­ sitt verbet «sammenligne». Med utgangspunkt i sitt eige talemål skal elevane utforske både munnleg og skriftleg språk og kunne setje ord på skilnader både mellom skrift og tale og mellom­ skriftlege variantar. Metaspråk – eit språk om språket I eit av kompetansemåla i norsk heiter det til dømes­at eleven skal kunne «sammenligne språk og språkbruk i tekster på bokmål og nynorsk». Ein slik kompetanse inneber at eleven meistrar eit språk om språket som gjer han i stand til å «bruke grammatiske begreper til å sammen­ligne nynorsk og bokmål» (lk013). Eit metaspråk er altså ein føresetnad for å kunne vurdere og be­ skrive korleis språk liknar eller skil seg frå kvar­ andre.­ Ei slik språkopplæring handlar i liten grad om å pugge bøyingsmønster og fylle ut tomme­ rom i setningar, men heller om å utforske meinings­berande og funksjonelle tekstar på bokmål og nynorsk. Å finne parallelle utgåver av tekstar på bokmål og nynorsk som eignar seg, kan vere ei stor utfordring. Men på nett­sidene 6

Nynorskopplæring NR. 22


til offentlege etatar finst det informasjons­ tekstar og andre teksttypar både på nynorsk og bokmål. Og i samband med grunnlovsjubileet kom Grunnlova­for første gong også i nynorsk versjon. Denne historiske hendinga gir oss til­ gang til to aktuelle­offentlege dokument som det kan vere spennande å utforske språkleg, og som gir oss høve til å samanlikne både «språk» og «språkbruk». Induktiv metode Den vanlegaste måten å undervise i gramma­ tikk på er den såkalla ppp-metoden. Metoden er kjenneteikna av at læraren først presenterer den grammatiske regelen, deretter praktiserer elevane­ regelen før dei til slutt produserer ein tekst der dei må ta i bruk den aktuelle regelen (Eva Thue Vold, 2014). Men skal vi få elevane sjølve til å utforske språket, må regelen kome til slutt i lærings­prosessen. Ved ei induktiv tilnærming til språkopplæring er det elevane sjølve som skal finne fram til grammatiske strukturar og reglar. Læraren­si rolle blir først og fremst å gi elevane ei rekkje gode språklege eksempel, input, som gjer dei i stand til å finne slike strukturar og resonnere­seg fram til reglar på eiga hand eller­ gjerne som ein del av ein språkleg refleksjon saman­med andre. Med Grunnlova som språkleg eksempel Når vi utforskar og samanliknar språk, aukar vi både kunnskapen vår om språk generelt og kan få ei djupare forståing av einskilde språklege variantar (Helene Hauge, 2014). Så kvifor ikkje la elevane sjølve utforske og oppdage språklege likskapar og skilnader i dei to målformene ny­ norsk og bokmål? Delar av grunnlovsteksten i nynorsk- og bokmålsversjon kan brukast til å samanlikne

ulike språklege fenomen. Vi kan velje paragrafar som illustrerer typiske skilnader eller eventuelt likskapar mellom målformene på ulike nivå, til dømes ordtilfang, bøyingsformer eller måtar å strukturere setningar på. Men før ein går laus på paragrafen frå eit språkleg perspektiv, kan det vere nyttig å setje stoffet inn i ei fagleg ramme der typiske fagomgrep får eit innhald. Her har vi valt å ta utgangspunkt i § 55 fordi det er eit eksempel som kan illustrere skilnaden mellom bruken av aktiv og passiv på nynorsk og bokmål: a. «Valtinga skal styrast slik det blir fastsett i lov. Valstyret avgjer tvistar om røysterett. Avgjerda kan klagast inn for Stortinget.» b. «Valgtingene bestyres på den måte som fast­ settes ved lov. Stridigheter om stemmerett avgjøres av valgstyret, hvis kjennelse inn­ ankes for Stortinget.» Forslag til induktiv tilnærming Det kan vere lurt å presentere overskrifta «Om borgarretten og den lovgjevande makta» berre på nynorsk først. Lat elevane prøve å formulere overskrifta slik dei meiner ho kan skrivast på bokmål. Deretter kan dei samanlikne sitt forslag med overskrifta slik ho ligg føre på bokmål: «Om

borgerrett og lovgivende makt». På den måten er elevane sette i ein situasjon der dei må gjere seg tankar om språklege skilnader og likskapar. I neste omgang kan elevane samanlikne bok­ måls- og nynorskversjonen av overskriftene i lov­teksten og beskrive kva som er skilnaden. Så kan ein ta fatt på sjølve lovparagrafen der ein presenterer § 55 berre på bokmål først. Fag­ omgrep i ulike språklege variantar legg gjerne vekt på ulike faglege element, og det er difor ei kjensgjerning at det å lese fagtekstar om det same emnet både på nynorsk og bokmål kan gi oss ei utvida forståing. Ved å samanstille to språklege variantar av same lovparagraf kan ein hjelpe elevane til å utnytte dette. Deretter kan elevane samanlikne ordtilfang, språkbruk, stiltrekk og særleg bruken av aktiv/passiv på nynorsk og bokmål. Ved å samanlikne desse to paragrafane kan ein først få elevane til å identifisere aktiv og passiv bruk av verbet som eit stiltrekk som skil dei to målformene. I neste runde prøver elevane å formulere ein regel om dette med eigne ord. Som ei oppsummering av denne språklege opp­ dagingsreisa må elevane kunne reflektere over og formulere korleis skilnaden mellom nynorsk og bokmål kjem til uttrykk i dei to variantane av § 55. 

Referansar Hauge, H. (2014). Språkleg samanlikning i klasserommet. I Bjørke, Dypedahl og Myklevold (red.), Fremmedspråksdidaktikk. Oslo: Cappelen Damm AS. Vold, E.T. (2014). Metoder i grammatikkundervisningen. I Bjørke, Dypedahl og Myklevold (red.), Fremmedspråksdidaktikk. Oslo: Cappelen Damm AS. Meir om aktiv og passiv: http://tinyurl.com/aktivpassiv

Nynorskopplæring NR. 22

7


Ordleik frå Ordleiksboka av Olaf Husby og Stina Langlo Ørdal lerkeglad, gammalkjerringklok, rosinrynkete, fotballbanegrasgrøn, papegøyepratesjuk, flaggstonghøg, diamantdyr, eddikpottesur, solskinsblid, dovendyrtrøytt, snokerevnysgjerrig, våtskosurklande, nordpoliskald, stålplatehard, tørrkjekssprø

prenta med løyve frå skald forlag

I norsk kan lime sama vi n to ord. «Ny» og «n o r sk» blir til «nynors k», og dette kan vi kop le saman m ed «elskar» til «nynorskelskar».

Lim

Prøv å lage heilt nye ord av desse uttrykka: glad som ei lerke klok som ei gammal kjerring rynkete som ei rosin grøn som graset på ein fotballbane pratesjuk som ein papegøye dyr som ein diamant

sur som ei potte med eddik

blid som ei skinande sol nysgjerrig som ein snokande rev kald som isen på Nordpolen

høg som ei flaggstong

trøytt som eit dovendyr surklande som ein våt sko

hard som ei plate av stål sprø som ein tørr kjeks

8

Nynorskopplæring NR. 22

1. Det gjeld å finne ord som har U

2. Når du er ferdig, tek du ut


Ny ressurs for ungdomstrinnet kombinerer nyhende og grammatikk.

Og no – nyhende Tekst: Gudrun Kløve Juuhl foto: Arild Torvund Olsen

http://tinyurl.com/praktisk-eksempel

Ein viktig del av opplæringa i nynorsk både for nynorsk- og bokmålselevar er å erfara nynorsk som bruksspråk i samfunnet. Då er nyhende­ sendingar ein glimrande sjanger å arbeida med. Nyhende­sendingar gjer det nemleg mogleg å høyra­ nynorsk. I rettleiinga til læreplanen i norsk finn du no eit praktisk eksempel som syner­korleis­

elevane kan høyra og laga nyhende­sending på nynorsk og samstundes øva opp kunnskapen i grammatikk og rettskriving. I rettleiinga ligg både lenkje til ei nyhende­ sending og manus, slik at elevane kan arbeida både med lytting og lesing. Elevane kan lytta etter­kva verb som vert brukte, og reflektera kring

korleis­verb vert brukte i nyhende­sendingar. Aktuelle­spørsmål kan vera kva former og tider av verbet som vert brukte, og om det er skilnad på nynorsk og bokmål i denne saman­hengen. Etterpå­ kan elevane bruka denne nyhende­sendinga som modell­tekst og setja saman ny­hende frå nynorske lokalaviser til si eiga sending.  Nynorskopplæring NR. 22

9


Det nasjonale forskingsprosjektet Normprosjektet er i sluttfasen, og nokre av dei foreløpige funna er gjorde tilgjengelege. Der kjem det mellom anna fram at progresjonen i skriveutviklinga stagnerer gjennom mellomtrinnet.

Skriveutviklinga flatar ut på mellomtrinnet Tekst: Pernille Fiskerstrand foto: Ram Gupta, UiO Normprosjektet vart sett i gang som eit nasjo­ nalt forskingsprosjekt i 2011, der målsetjinga var å finne felles forventa skrivenormer for elevar på 5. og 8. trinn. Prosjektet vart utløyst av forsøket­med nasjonale prøver i skriving. Der vart det tydeleg at lærarar i Noreg har svært ulik vurderings­praksis, og at det manglar ei felles forståing for kva for skrivekompetanse som kan forventast på dei ulike årstrinna. Forskargruppa i Normprosjektet er sett saman­ av forskarar frå heile landet, med Skrive­senteret i Trondheim som ansvarleg for organisering­og leiing. Nynorskopplæring har sett på nokre av dei foreløpige funna som er gjorde­tilgjengelege, og professor Kjell Lars Berge ved Universitetet i Oslo har kommentert desse. Begynnaropplæringa fungerer Dei foreløpige tala peikar på at dei aller fleste elevane tileignar seg grunnleggjande lese- og skriveferdigheiter gjennom første og andre skuleår.­ Professor Kjell Lars Berge framhevar at dette tyder på at begynnaropplæringa i norsk skule gir ønskt resultat. Problemet er berre at det ikkje 10

Nynorskopplæring NR. 22

ser ut til at skulen i like stor grad greier å bygge vidare­på dette gode grunnlaget. Inga utvikling frå 3. til 4. trinn Funna så langt frå 3. og 4. trinn kan nemleg ikkje­ påvise at elevane utviklar seg som skrivarar­desse­ skuleåra. Det positive er likevel at ein i denne alders­gruppa finn forholdsvis mange gode skrivarar,­det vil seie elevar som skriv tekstar­ som blir vurderte som på eller over forventa meistringsnivå.

stillande kodekompetanse. Tekstane­som elevane­ skal skrive på mellomtrinnet, vert stadig­meir avan­serte, men samtidig som læraren­støttar­opp om elevane si utvikling i funksjons­kompetanse, må dei ikkje gløyme kode­ferdigheitene! Mellom­ trinnet må bygge vidare­på det gode arbeidet­i be­ gynnaropplæringa. Arbeid­med kode­kompetanse på mellomtrinnet er særleg­viktig for elevar med nynorsk som hovudmål. I den alderen les desse elevane meir bokmål og skriv kanskje meir på dialekt­i samanhengar utanfor skulen.

Færre gode skrivarar på 6. og 7. trinn På 6. og 7. trinn har talet på tekstar som blir vurderte­som gode, falle. Dessutan ser det ut til at prestasjonen til gode skrivarar varierer, medan dei svake leverer meir stabilt svakt. Årsakene­er sjølvsagt samansette, og mykje kan truleg for­ klarast­med heimebakgrunn, interesser og anlegg.­ I klasserommet, derimot, trur Berge at der er ein litt for sterk tradisjon i Noreg for å sleppe­elevane «lause» etter begynnaropplæringa. Lærarane­på mellomtrinnet overser kanskje noko av den viktige rolla si som skrive­lærarar, for­ di dei fleste elevane på dette nivået har ein tilfreds­

Modellering Berge vil gjerne presisere at dei i materialet til Normprosjektet finn fleire einskildlærarar som på meisterleg vis klarer å hjelpe elevane­vidare.­ Dette handlar først og fremst om læraren­som modellør i tekstskapinga, der både kode- og funksjons­kompetanse vert lyfta fram. Modellering­betyr at læraren aktivt arbeider med ulike tekstar i undervisninga. Det kan både vere å skrive tekstar­i lag med elevane og sam­ tidig «tenkje høgt», eller det kan vere å bryte ned ferdige­tekstar­for å studere ulike delar av dei. På den måten kan elevane både få inspirasjon og


Arbeid med kodekompetanse på mellomtrinnet er særleg viktig for elevar med nynorsk som hovudmål.

konkrete tips til å løyse eigne skriveoppgåver, samstundes som dei også lærer om struktur og innhald i dei ulike skrivemåtane. Slik handlar modellering om å vise elevane korleis og kvi­ for ein tekst blir til, i staden for å presentere eit ferdig­produkt (Kvithyld ofl., 2014:12–13). I dei foreløpige resultata frå Normprosjektet er der skular som peikar seg ut med gode resultat, der slike metodar vert nytta. På oppmoding om å gi lærarar eit råd i skriveopplæringa på starten­ av året, vel Berge difor nettopp å framheve modellering­som ein nyttig reiskap i arbeidet med tekst i klasserommet. 

Referansar Kvithyld, Kringstad og Melby (2014). Gode skrivestrategier – på mellomtrinnet og ungdomstrinnet. Oslo: Cappelen Damm (Sjå omtale på side 14 her i bladet). Meir om Normprosjektet: www.norm.skrivesenteret.no Meir om modellering på mellomtrinnet: www.videnomlaesning.dk/wp-content/ uploads/videnom_15_7.pdf

Vurderings­ kriterium

I Normprosjektet har dei nytta eit sett med sju ulike vurderingskriterium som hjelpe­­middel i vurderinga. Desse sju speglar­ til saman både form og innhald i teksten. Lærarar frå heile landet har arbeidd i lag med å vurdere ei stor mengd tekstar, nett­ opp for å nå målet om å utvikle felles for­ ventingsnormer. Dei sju vurderingskriteria kan saman­ fattast i to hovudgrupper: kode­kompetanse og funksjonskompetanse. For læraren­er det viktig å sjå at elevane treng hjelp i å utvikle­ både funksjons- og kode­kompetansen­ gjennom heile skuleløpet, slik at kode­ undervisninga ikkje tek slutt etter begynnar­ opplæringa. Kodekompetanse • dekkjer rettskriving, formverk og teiknsetjing • handlar om å knekkje «koden», slik at elevane kan forme skrivne ord og setningar.

professor Kjell Lars Berge Universitetet i Oslo

Funksjonskompetanse • å kunne forstå ulike funksjonar som ein tekst kan ha, kommunikasjon, tekstoppbygging, innhald og språk­ bruk • bruk av skriftmediet som skrive­ verktøy Nynorskopplæring NR. 22

11


Nynorsksenteret er med på eit spleiselag som sikrar tilgang på nynorske nyhende i lettlesversjon.

Klart og kort på nynorsk

Tekst: Torgeir Dimmen foto: Arild Torvund Olsen

www.klartale.no/klartogkort Bokmål dominerer som kjent i riksavisene, både på papir og nett. Dette er ei utfordring for lærarar i nynorskområde som vil arbeide med nyhende. Endå dårlegare utval er det dersom ny­ norskelevane treng lettlestekstar. Det gjeld mel­ lom anna i norskopplæringa for innvandrarar.­ Her har ein i mange år brukt lettlesavisa Klar Tale i norsk- og samfunnsfagtimane. Det er ei veke­avis på papir, men ho finst berre i bokmåls­ versjon. I 2013 fekk VOX (Nasjonalt fagorgan for kom­ petansepolitikk) midlar til ei prøveordning med ei enkel nettavis på nynorsk, basert på stoff frå Klar Tale. Her omsette ein nokre av sakene frå papiravisa og laga ei firesiders pdf-avis som vart distribuert elektronisk ein gong i veka. Avisa fekk namnet Klart & kort, og ho vart distribuert gratis via e-post. Tilbodet vart svært godt mottatt av vaksen­ opplæringssentera i nynorskområde. Dette var eit kjærkome tilskot til det magre utvalet av lære­ bøker og læremiddel på nynorsk for framand­ språklege. Nasjonale og internasjonale nyhende er dessutan eit godt utgangspunkt for samtale. Pdf-avisa kjem no ut annakvar veke, og ho er gratis­tilgjengeleg på nettet. 12

Nynorskopplæring NR. 22

• Klart & kort er ei aktuell, lettlesen nett­avis på nynorsk. • Avisa blir utgitt av Lettles Media AS etter avtale med VOX. • Hovudmålgruppa er framandspråklege vaksne som skal lære nynorsk. • Hausten 2014 kjem avisa ut annakvar veke. • Finansiering for vidare utgjeving frå 2015 er ikkje klar. • Nettadresse: www.klartale.no/klartogkort

Nyhendeavisa Klart & kort er eit godt og ikkje­minst rimeleg tilskot til utvalet­av lære­ middel på nynorsk for nybyrjarar. Målgruppa er først og fremst framandspråklege vaksne,­ men pdf-avisa høver også godt for andre­som treng lettlestekstar. Ho kan til dømes brukast­på mellomtrinnet for elevar som har nynorsk som hovudmål, og som treng nyhende i ein lettles­ versjon, eller for elevar i bokmålsområde som skal ha ein første introduksjon til nynorsk. Avisa eignar seg også godt i den meir systematiske side­målsundervisninga på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring. 

Avisa kan brukast­på mellomtrinnet for elevar som har nynorsk som hovudmål, eller for elevar som skal ha ein første introduksjon til nynorsk.


Ved Volda læringssenter får nesten 120 framandspråklege elevar norskopplæring i haust. Dei er delte inn i mange ulike grupper, tilpassa nivå og føresetnader for å lære eit nytt språk. Men felles for alle er at dei får opplæring på nynorsk.

Nynorsk lettar integreringa Tekst: Torgeir Dimmen foto: Torgeir Dimmen

Ahmed Abdalla Ahmed (35) frå Somalia har budd i Noreg i to år. Han snakkar alt godt norsk, men brukar­ Klart & kort for å bli endå betre. Her får han hjelp av Gunnstein Ohma ved Volda læringssenter.

– Utvalet av lærebøker og læremiddel på ny­ norsk er betre enn det var for nokre år sidan, men det er framleis altfor mange norsk- og samfunns­ fagbøker som berre er å få på bokmål. Pdf-avisa Klart & kort på nynorsk er difor ekstra kjærkomen. Dette fortel Gunnstein Ohma, lærar på Volda læringssenter. Han brukar Klart & kort på felles­ samlingane nesten kvar fredag. – Då vel vi ut nokre av sakene som elevane­ arbeider­med i grupper. Det er lett å få enga­sje­ ment­om aktuelle saker frå inn- eller utland.­Etter­ på er det samling i plenum att med kommen­tarar både om språk og innhald. Ohma har også brukt å kopiere og dele ut Klart & kort til nokre av elevane som har kome lengst, slik at dei kan ta med avisa heim. Det slepp han no, sidan avisa frå og med august er tilgjengeleg for alle på ei eiga nettside. Dei tilsette ved Volda læringssenter under­ strekar at det er heilt naturleg å drive opplæring på nynorsk på Søre Sunnmøre. Sjølv om det er mest bokmål å sjå og høyre i riksmedia, møter elevane mykje nynorsk tekst og nynorsknær dialekt i lokalmiljøet. Opplæring i denne mål­ forma gjer difor integreringa lettare. Nokre av dei vaksne elevane har dessutan born på skulen. Då er det sjølvsagt også ein fordel at far eller mor lærer det same språket som barnet.  Nynorskopplæring NR. 22

13


Bladtips Erna Osland Eventyråret 1814

Norsk Barneblad, som vart stifta i 1887, er eit av dei aller eldste barneblada i verda. I år har bladet,­ saman med forfattaren Erna Osland, laga ein artikkel­serie som formidlar historia om grunn­ lova vår til barn i aldersgruppa 10–14 år.

Sjølv om bladet er gammalt og historia lik­eins, er det ei sprek og spennande forteljing. Fortelje­ grepet er nytt, og det heile er friskt illustrert­av teiknaren Trond Rømo. Serien fortel om folkesuverenitet og demo­ krati. Han startar hjå dei franske filosofane og revolusjonen i Frankrike. – Vi ber med oss den europeiske tenkemåten og tradisjonen når det kjem til korleis vi ser på rettane til enkelt­individ og styringa av fellesskapet, forklarar forfattar Erna Osland. – Det fine med å ta utgangspunkt i einevalds­ kongane ute i Europa, og her heime, var elles at det opna for eit fint forteljegrep, fortel Erna Osland­ vidare.

Musikktips

Boktips

Artikkelserie i Norsk barneblad 2014

Blodsmak Av jord er me komne

Kvithyld, Kringstad og Melby Gode skrivestrategier

2014

Cappelen Damm 2014

Drammensgruppa Blodsmak, med Pondus.noredaktør Tom Ostad i front, albumdebuterte i år med plata Av jord er me komne. På plata finn me ti spor med nynorskspråkleg, folkemusikk­ inspirert hardrock.

14

Nynorskopplæring NR. 22

Tilsette ved Skrivesenteret i Trondheim gav tidlegare i år ut denne viktige oversikta over strategiar­i skriveprosessen. Boka har først ein teoridel som forklarer viktige omgrep i skrive­ opplæringa. Etter introduksjonen følgjer eit metode­kapittel som tydeleg og konkret tek føre seg ulike strategiar i dei ulike fasane i skrive­ prosessen. Til slutt kjem ein praktisk del med eksempel­og forslag til ulike øvingar. Boka er lettlesen og praktisk i tilnærminga.

– Serien skildrar ei tid der vaksne vart rekna­som barn. Kongen tenkte slik, og folk sjølve tenkte­ slik. Berre filosofane tenkte annleis! – Dette ville eg bruke, for dette kan barn kjenne seg igjen i. Illustrasjonane framstiller dei vaksne som barn, men dei blir større og etter­ kvart vaksne i den forstand at dei får lov til å styre seg sjølve. – Det er også skrive eit spelestykke for barn med utgangspunkt i serien. Over tusen barn spelte dette i byrommet i Tønsberg i vår, legg Erna Osland til.

Janne Karin Støylen


nynorskbok.no Kvart år kjem det mange nye, gode barne- og ungdomsbøker på nynorsk, men det kan vere ei utfordring å halde seg oppdatert. På Nynorskbok.no finn du boktips, omtalar­av bøker og informasjon om kva aldersgruppe bøkene kan passe til.


Returadresse: Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda

Slit elevane dine med å skilja bodskapen frå buskapen? Har dei skrevet der dei skulle ha skrive? Nynorsk på 1-2-3 er eit nynorskkurs i teikneserieform. På www.nynorsksenteret.no/tilfang/ kan du tinga gratis klassesett.


Nynorskopplæring nr. 22