Møre Hus - Jubileumsavis

Page 1

Jubileumsavis VI MARKERER VÅRT 20. DRIFTSÅR!

SJØ, SOL OG SJELERO

Kallarhaugen – nye bustadtomter klar i 2019

PERFEKT PLASSERING FOR FAMILIEN Vallegrenda, Skodje

BU SENTRALT – I EIT VAKKERT LANDSKAP Bakken, Vestnes

ORKESTERPLASS TIL FJORD OG FJELL 2 leilegheiter for sal i Eidsvika


20 ÅR SOM BUSTAD- OG SAMFUNNSBYGGAR Å kjøpe bustad er ein av dei største private investeringane vi gjer som menneske. No legg vi i Møre Hus bak oss 20 fantastiske år som bustadbyggar. Det har vore ei sann glede å bidra til samfunnsbygging gjennom å skape gode bustadmiljø for menneske i alle aldersgrupper og fasar i livet. No gler vi oss til fortsetjinga – med Ålesund som storkommune. Kjære lesar og innbyggar: Framleis ønsker vi å gi eit bidrag til livskvalitet gjennom å realisere bustaddraumar for folk flest. Ein ny epoke står for dør.

Vi er klare. Er du?


4-5

6 -7

8 -9

10 -11

SKODJE KOMMUNE

HARAM KOMMUNE

VESTNES KOMMUNE

ØRSKOG KOMMUNE

Vallegrenda og Nilsgarden

Vatne og Eidsvika

Bakken

Iden byggefelt

SKODJE KOMMUNE

12-13

VÅRE EINEBUSTADER

14 -15

VÅRE LEVERANDØRAR

16 -17

18 -19

Kallarhaugen

Øster Hus og Systemhus

Solide hus krever solide leverandørar

Vi markerer vårt 20. driftsår

MØRE HUS AS


Skodje kommune, Vallegrenda:

FRAMTIDSRETTA FAMILIEBUSTADER

TO LEKRE OG FUNKSJONELLE EINEBUSTADER MED CARPORT OG UNIKE KVALITETAR. Betre utgangspunkt for trivsel får du ikkje. I veletablerte Vallegrenda får du i både pose og sekk; her er det både roleg, familievenleg og sentralt. Er du ein aktiv familie, så passar det heilt perfekt. Ikkje berre får du boltreplass i bustaden, men du får den kringliggjande naturen som eigen hage. Du får med andre ord boltreplass for alle. Arkitektane har tenkt godt. For her er det effektiv arealbruk. Store vindauge bygger opp under ei allereie god romkjensle. Bustadane har fire (moglegheit for fem) soverom. Areal: 129 m²

Soverom: 4

Finn-kode: 110801776

Bustaden er klar for innflytting! Pris frå

4-5

4 190 000,-


Jubileumsavis september 2018

Skodje kommune, Nilsgarden: PERFEKT PLASSERING MIDT I SKODJE SENTRUM

Areal: 124 m²

Soverom: 3

Finn-kode: 96723621

Areal: 83 - 92 m²

Soverom: 2-3

Finn-kode: 89550216

Ferdigstilling sommaren 2019

Klar for innflytting!

3 890 000,-

Pris frå

SVÆRT FLOTTE LEILEGHEITER I TOMANNSBUSTAD

KVA MED EI LEILEGHEIT SENTRALT PLASSERT MIDT I SKODJE SENTRUM?

Flotte romslege leilegheiter i ny tomannsbustad på ei svært fin tomt med nydeleg utsikt og gode solforhold. Bustaden har tiltalande fasadar med store vindauge som slepp inn mykje lys. Utgang frå kjøkken til stor terrasse som ligg over carport og sportsbod.

Nilsgarden Terrasse er eit nytt leilegheitsbygg med 10 attraktive sjølveigarleilegheiter med fantastisk utsikt og perfekt plassering midt i Skodje sentrum. Bygget ligg på ei særdeles flott tomt med svært gode sol- og utsiktsforhold øvst i det nye bustadfeltet Nilsgarden. Byggearbeidet er no ferdigstilt, og leilegheitene er klar for innflytting.

Nilsgarden er eit nytt bustadfelt med perfekt plassering midt i Skodje sentrum. Vi er godt i gang med bygginga av bustadane i feltet, og leilegheitene i dei to første tomannsbustadane er no selde. Grave- og betongarbeidet på denne siste tredje og siste tomannsbustaden er i gang!

3 640 000,-

Alle leilegheiter er sørvendte med store terrassar og flott utsikt mot fjord og fjell. Kvar leilegheit inneheld stove/kjøkken, to eller tre soverom, gang, bad, separat WC og innvendig bod. I tillegg har kvar leilegheit to biloppstillingsplassar og sportsbod i parkeringskjellar. Heis frå parkeringskjellar til bustadplan.


På Vatneeidet har vi for sal to leilegheiter i ein ny tomannsbustad. Bustaden har tiltalande fasadar og store vindauge. Her kan du nyte den fantastiske utsikta over Vatnebygda. Desse 110 m2 store bustadane appellerer like gjerne til dei som er godt vaksne og vil ha noko meir lettstelt, som til unge barnefamiliar. Effektiv arealbruk og gode planløysingar gir god romkjensle.

Areal: 110 m²

Soverom: 3

Finn-kode: 106347376

Ferdigstilling vinteren 2019

2 850 000,-

6-7

Haram kommune, Vatne:

SENTRAL PLASSERING NÆR UNGDOMSSKULE, KULTURHALL OG IDRETTSANLEGG


Jubileumsavis september 2018

Eidsvika – 2 leilegheiter i blokk

ORKESTERPLASS TIL FJORD OG FJELL

Areal: 84 m²

Soverom: 2

Finn-kode: 100210047

Ferdigstilling sommeren 2019 Pris frå

3 990 000,-

I den lune Eidsvika har vi for sal to smakfulle og moderne leilegheiter i blokk. Bustadane er lyse, lette – med god romkjensle og romslege terrassar. Her kan du kose deg med kaffekoppen, medan du nyt panoramautsikta mot fjorden. Kvardagen blir som eit stadig skiftande maleri med stemningsbilete.


Vestnes kommune:

NYE BUSTADER I ETABLERT FELT PÅ BAKKEN

Areal: 124 m²

Soverom: 3

Finn-kode: 125698148

Ferdigstilling hausten 2019

3 780 000,Tomannsbustad

8-9


Jubileumsavis september 2018

Firemannsbustad

No kan du gjere som Ole Brumm og seie "Ja takk, begge deler". For på Bakken på Vestnes vil du på den eine sida få eit landleg preg med storslått natur – i tillegg får du gangavstand til sentrum og det ein treng av servicetilbod, som skule, barnehage, idrettsanlegg, helsetenester og butikkar. På Bakken skal vi bygge i alt tre tomannsbustadar og fire firemannsbustadar. Bustadane vil få flott utsikt mot Leirvikbukta og Vestnes sentrum. Arkitektane har tenkt godt. Her er det god plass, samtidig som arealbruken er effektiv. Store vindauge bygger opp under ein allereie god romkjensle. Alle bustadane ligg fint til i lett skrånande terreng som vender mot søraust. Vestnes kommune ligg midt i fylket med kort avstand til Molde, Ålesund og Åndalsnes. Den nye Tresfjordbrua og den planlagte ferjefrie kryssinga av Romsdalsfjorden gjer kommunen enda meir attraktiv å bu i enn nokon gong.

Areal: 82 m²

Soverom: 2

Finn-kode: 125612579

Ferdigstilling våren 2019 Pris frå

2 390 000,-


Ørskog kommune: Iden byggefelt. Byggeklare bustadtomter kjem for sal 2019 SENTRALT MED NÆRLEIK TIL NATUREN

ADKOMST Køyr E136 til Sjøholt sentrum. Ta av ved Shellstasjonen, og køyr vidare mot idrettsanlegg og Sjøholt skule. Følg Prestegardsvegen forbi skulen, ta av ved Idenvegen, og køyr denne vegen til endes til ei delvis opparbeida grusflate på venstre side av vegen.

10 -11


Jubileumsavis september 2018

EIT STEINKAST FRÅ SKULE, BARNEHAGE OG IDRETTSANLEGG

Her kan du realisere bustaddraumen din. I 2019 etablerer vi det nye bustadfeltet Iden – i Sjøholt sentrum – med nær tilknytning til skule, idrettsanlegg og det du måtte trenge av servicetilbod. Samtidig som du har det meste innan rekkevidde, vil du her få di heilt eiga oase på ein solrik plett – med umiddelbar tilgang til natur, badestrender, båthamn og turstiar. Sjøholt er ei naturperle – omkransa av spektakulære fjell og med ei mektig utsikt utover Storfjorden. Heile året byr området rundt Sjøholt på rekreasjon og opplevingar i storslått og variert natur. Foto: Birte Sæterbø


Skodje kommune: Kallarhaugen. Byggeklare einebustadtomter 2019 REIN IDYLL – MIDT I NYE ÅLESUND

Å leve er å bu. Kvardagen er så visst ikkje alltid idyllisk. Det er likevel mogleg å bu idyllisk. Kan hende er Kallarhaugen di nye bustadadresse? Her har vi store planar på gong.

Her skal vi skape eit fantastisk bumiljø for alle Kallarhaugen vert namnet på vårt nye bustadområde, der vi legg hovudfokus på våre flotte einebustader. Her kan du realisere bustaddraumen din ved å velje hus frå våre katalogar. Vår dyktige arkitekt kan også spesialteikne din nye heim akkurat slik du ønskjer den. Området ligg idyllisk til i hellinga ned mot sjøen ved Jensvika i Skodje kommune, like aust for Digerneset.

12 -13

Her er det gåavstand til Digerneset næringspark, som er eit framtidig knutepunkt i Møre og Romsdal. På Digerneset har det vore ei formidabel utvikling med etablering av ulike butikkar dei siste åra. Køyretid til Moa er berre 12-14 minutt, og vi er trygge på at dette vil bli eit svært attraktivt buområde.

Treng du meir informasjon Sjølv om vi ikkje har starta å tildele tomter, kan vi gjerne føre deg opp på interesselista vår, og du vil då få tilsendt meir informasjon om dette unike feltet.


Jubileumsavis september 2018

Det nye bustadfeltet ligg på nordsida av E-39 ved Svorta i Skodje kommune. Køyr frå Digerneset i retning Valle, og etter om lag 1 km ta av mot Svorta. Feltet ligg på nordsida av Jensvikvegen på området ned mot sjøen. Det må opparbeidast nye veganlegg innanfor planområdet for tilkomst til bustadtomtene.


Forhandlar av Øster Hus og Systemhus BLI INSPIRERT!

105 200 320 400 500 601 640 654

104 140 311 340 431 625 653

600

102 131 245 331 421 621 652

521

101 120 220 330 410 610 651

502

602 641

501

405

321

210

106

100

Møre Hus har lange tradisjonar innan bygging av einebustader på kundane sine eigne tomter. Våre husbøker inneheld eit stort antall attraktive hustyper som vi kan bygge for deg. Dei fleste hustypene kan leverast med kjellar og tilpassast ulike terreng, og vi legg stor vekt på løysingar som møter dine behov.

Hustyper fra Øster Hus

14 -15


Roset

Rykkin

Skjemstad

Stange

Sande

Perspektiv

Skagen 120

Tiller

Nyksund

Skagen

Nordberg

MiljØko

Melbu

Kistrand

Karakter XL

Karakter 5s

Karakter 1p

Jakob

Høvik

Hovden

Hitra

Hillevåg

Helen & Hard

Granvik

Gardena

Furuli

Frodig

Trend 3

Ekeberg

Dahl

Cubo

Celsius

Bremnes

Bjørkeng

Bjørkelund

Bjørgeseter

Bergsmo

Bellevue

Aurora

Alsvåg

Jubileumsavis september 2018

Starten på ei ny historie ––bestill bestillvåre vår husbøker på morehus.no

Hustyper fra Systemhus


Solide hus krev SOLIDE LEVERANDØRAR

Levarandørane våre gratulerer oss med 20 driftige år. Vi sender mange takk tilbake, og gler oss til vidare samarbeid. Utan gode, solide partnarar kan vi ikkje bygge og selje gode og solide bustader. Takk for at de deler våre verdiar og oppfatningar om kva som er gode leveransar. Saman set vi standard.

16 -17


Jubileumsavis september 2018

BETONGHUS ALT INNEN BETONGARBEID - PUSSARBEID

TLF: 932 97 596

....................................................................................

&MADSEN

MALING OG FLISARBEID UTFØRES AV:

FRÆNA

URKE

Tlf: 920 63 658 & 911 88 645

vbblikk as

BYGGTORGET DIGERNES 6260 SKODJE, Tlf: 70 24 44 60 www.byggtorgetdigernes.no


Møre Hus AS BUSTADBYGGING TUFTA PÅ GODE VERDIAR Alt som dreier seg om bustadkjøp dreier seg også om menneske. Derfor handlar bustadkjøp om verdiar, forventningar, moglegheiter og avgrensingar - om håp og om tillit. For oss som bustadbyggjar handlar det også om omsorg og omtanke for deg som kunde. Å kjøpe bustad er ein viktig milepæl i livet. Vi lovar deg gode prosessar og tryggleik frå start til mål. Dette har vore vår rettesnor sidan starten for 20 år sidan. Møre Hus er i dag ein av dei leiande leverandørane av einebustader og prosjektbustader på Nordvestlandet. Utvalet er breitt, og kvar einaste bustad skal ha gjennom-tenkte løysingar som dekkjer ulike behov og som oppfyller ulike husdraumer.

18 -19

VÅR EIGEN HUSARKITEKT Går du med ein draum om ein heilt unik bustad – ein som berre er din? Vi i Møre Hus vil gjerne hjelpe deg. Vi kan ta utgangspunkt i ei skisse frå deg, eller vidareutvikle ein av hustypane våre. Mauritz M. Skiri er utdanna bygningsingeniør, har erfaring som snekkar og har teikna små og store bustad- og næringsprosjekt i meir enn 15 år. Med andre ord; bustaddraumen din er i trygge hender.

KONTAKT Mauritz M. Skiri Arkitekt / Bygningsingeniør Mobil: 924 80 620 E-post: mauritz@morehus.no


Jubileumsavis september 2018

DER BARNA TRIVST, TRIVST DEI VAKSNE! Bygg din nye heim saman med Møre Hus. morehus.no

MØT O BOLIG SS PÅ I ÅLESMESSA 28. - 30 UND . SEPT.


AD.MOMENT

Jubileumsavis VI MARKERER VÅRT 20. DRIFTSÅR!

HUS ER VÅR FORTID, VÅR FRAMTID OG VÅR SJEL. HUS ER VÅR HISTORIE. MØRE HUS AS TROLLDALSSLETTA 2 6265 VATNE TLF: 70 20 77 00 MOREHUS@MOREHUS.NO MOREHUS.NO


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.