1 minute read

Johanne vil bli OSEANOGRAF

Som oseanograf jobber du med å forstå fenomener i havet og sjøvannets fysiske og kjemiske egenskaper.

www.utdanning.no

Havet er som kjent i det store og heile svært lite utforska. Dette synes Johanne verka spanande. Ho gjekk inn på nettet og fann ut at ho ville satsa på å bli OSEANOGRAF.

Johanne Jahnsen Hus (21) frå Bjorøy gjekk på Fjell ungdomsskule på Bildøy. Deretter tok ho studieførebuande linje på Metis vgs i Bergen.

Andre året var ho utvekslingselev i Arizona USA. Året på High Scool i USA, nærare bestemt i Queen Creek blei ei spesiell oppleving med store kultrelle forskjellar. Som einaste ungjente mellom berre amerikanarar blei ein snart vaksen for alderen. Johanne hadde stor interesse for realfag, men lista låg lavare i Amerika enn i Noreg. Det blei mykje enklare å få bra karakter der enn heime.

I utganspunktet hadde ho som mor, far og begge bestefedre også tenkt å bli ingeniør, sidan ho hadde bra anlegg for realfag. Men så blei det Universitetet i Bergen (UiB) Matematisk- og Naturvitskapleg fakultet, nærare bestemt Geofysisk Institutt.

Johanne tok som mange andre til å interessere seg for klima, atmosfære og havfysikk. Havet var det som fekk ungjenta mest interessert. Havet er som kjent i det store og heile svært lite utforska. Dette verka spanande. Ho gjekk på nettet og fann ut at ho ville satsa på å bli OSEANOGRAF.

Studiet ville bestå av teori på UiB og tokt både til havs og på Svalbard. Det ville vera interessant å koma opp i isen og vere med å finne ut litt om korleis havet og atmosfæren jobbar saman både i matematisk forstand, og fysisk i kvardagen, slik ho forklarar det.

Då ho kom inn på studiet «trudde ho at det sikkert berre var nerdar som hadde meldt seg på», men etter kvart oppdaga ho at alle saman var heilt «allminnelege» ungdomar med like interesser på dette felt.

This article is from: