Gode dagar i Tokke

Page 1

GODE DAGAR i Tokke kommune

PLEASANT DAYS IN TOKKE MUNICIPALITY

Dalen i Telemark

Norsk

EN

English


TELEMARKSKANALEN Den eventyrlege vassvegen The Telemark Canal – The fairytale waterway

Foto: K. S. Pedersen


EIN KANAL UT TIL VERDA

Foto: Skodde Studio

Telemarkskanalen Heilt frå vikingtida har Tokke hatt ein kanal ut til verda, til Europa. Alt på 700-talet gjekk det båtlaster med brynestein frå brynesteinsbrotet i Eidsborg ut vassvegen, og heilt opp i nyare tid var denne eksporten viktig for bygda. Den siste båtlasta frå Lastein bryggje gjekk med ”Dyre Vaa” i 1952. Vassdraget var og viktig som transportåre for anna næring som tømmerdrift og gruveverksemd. Siste slepet med tømmer gjekk ut Telemarkskanalen sommaren 2004.

EN

A canal to the world

The Telemark Canal - A fantastic journey in beautiful surroundings. Ever since the Vikings there’s been a canal in Tokke providing passage to Europe and the rest of the world. As early as the 8th Century boats were loaded with whetstones from the quarry at Eidsborg and taken down

Foto: Hege Tveito Valencia

I 1892 stod Telemarkskanalen mellom Skien og Dalen ferdig og vart teken i bruk som ei moderne ferdselsåre. Fram til biltrafikken tok over, var kanalen hovudsambandet mellom nedre og øvre del av Telemark og mellom aust og vest i Sør-Noreg. I dag er denne vassvegen eit unikt kulturminne og ein viktig attraksjon i reiselivssamanheng. Passasjer- og fritidsbåtar vert lyfta frå 0 til 72 meter over havet gjennom 18 sluser på si 105 km lange ferd mellom Skien og Dalen.

to the coast. They continued being exported right up until the1950s. For many years timber floating was the most valuable source of income for the Telemark canal, as well as boat traffic itself. The Telemark canal was completed and opened in 1892. From the coastal town of Skien passengers begin a 105 km journey, travelling through 18 locks and climbing a total

Foto: Tone Jorunn Tveito

of 72 meters by the time they reach Dalen. Until roads became more convenient, the canal was a main artery for those travelling between the coast and the interior of Telemark, as well as for those travelling east and west along southern Norway. Today this waterway is an important reminder of the past and a popular tourist attraction.

3


SORIA MORIA

Foto: Dag Jenssen

Foto: Dag Jenssen

Foto: Dag Jenssen

Soria Moria Sauna Soria Moria er eit kunstverk av ei badstoge – blinkande som eit smykke i Bandak! Soria Moria er ein del av prosjektet «Vannvegens fortellingar» der kunst, arkitektur og ljos skal brukast som eit verkemiddel i eit heilskapleg konsept for å løfte fram attraksjonskrafta i landskapet og gjere stadene langs Telemarkskanalen meir synlege. Prosjektet er eit samarbeid med Telemarkskanalen regionalpark.

EN

Soria Moria Sauna

Soria Moria is a project developed by the Telemark Canal regional park in collaboration with Tokke municipality. The project is part of Tales of the Waterway, an extensive art project

4

Tokke kommune

Foto: Dag Jenssen

Inspirasjonen til badstoga er henta fra omkringliggande landskap og historie. Bygget sin karakteristiske silhuett er ei tolkning av dei skrånande fjellsidene som forsvinn ned i Bandak. Kledningen av spon er inspirert av lokal byggjeskikk og innimellom trespona blinker det av gull. Gullsponen dreg linjer til segn og soger og lokal forteljartradisjon; til det mystiske og underlege. Gullsponen er også ein referanse til den openbare kontrasten som oppstod mellom

lågmælte telemarkingar og overdådig utanlandsk overklasse under etableringa av Dalen Hotel på slutten av 1800-talet.

for the Telemark Canal, where art, architecture and lighting design are utilised to highlight the inherent qualities of the local landscape and traditions. The characteristic silhouette of the structure is an architectural interpretation of the

steep mountainsides surrounding the Bandak lake.

Soria Moria skal vere eit samlingspunkt for alle – ein stad for kvile og refleksjon, for møte og samtale. Bestill tid i badstoga på www.visitdalen.com

Book your appointment at www.visitdalen.com


NÆRARE NATUREN Dei snudde ryggen til bylivet og busette seg i eit levande postkort Jostein Hellevik og Maj-Lena Knudsen ynskte å finne ein stad med lågare tempo og med meir tid til å leve i og med naturen. Foto: Jostein Hellevik

Foto: Jostein Hellevik

Staden har dei funne i Tokke i Telemark, i luftige omgjevnadar på garden Døli. I eit gardstun med mange bygningar, den eldste heilt tilbake frå før 1350, fint plassera på ei flate i det bratte landskapet. Her flutte dei til i 2007, og har skapt arbeidsplassar og liv på garden. Sauer brekar etter lamma sine, høner trippar i tunet, hanen spankulerer i kring og gjel av full kraft, kaninar sprett om kring og det går hestar på beite oppi dei bratte liene. Maj-Lena er levande oppteken av hundar. Ho driv avl, held kurs og trenar gjetarhundar. I tillegg arbeidar ho som omsorgsarbeidar på

helsesenteret på Dalen. Det hender at ho tek kjelken i staden for bilen på jobb, ned dei bratte bakkane på fine, kalde vinterdagar. Jostein har naturen som sin arbeidsplass, og han meiner den naturgjevne skattekista er så enorm og innhaldsrik at ein treng eit heilt liv for å kunne utforske han. Området er så variert og spennande, det er ein perfekt stad for filming og fototurisme, fortel han. Saman driv dei Dalen Villmarkssenter og Villmarksfilm AS, verksemder som i hovudsak formidlar denne flotte naturen i Telemark. På spørsmål om dei saknar bylivet svarar dei samstemt; «Vi skulle ha flutt hit mykje tidlegare! Vi ynskte noko ekte og jordnært, det har vi funne her. Her har vi eit greitt tempo med mange spennande og trivelege menneske. https://dalenvillmarkssenter.no/

Foto: Jostein Hellevik

EN

Closer to nature

Jostein and Maj-Lena have nature as their workplace. Together they run Dalen Villmarkssenter and Villmarksfilm AS, companies that convey this great nature in Telemark. The Tokke nature is so varied and exciting, it is a perfect place for filming and photo tourism, the couple say. https://dalenvillmarkssenter.no/

Foto: Jostein Hellevik

Foto: Jostein Hellevik

5


NÆRING I TOKKE KOMMUNE

Styringssystem frå Brunvoll Mar – El AS. Foto: Luke Tennant

Næringslivet i Tokke er mykje bygd opp kring naturressursar; kraftproduksjon og landbruk. Industribygginga i Tokke vaks fram etter at dei store kraftutbyggingane i Tokke-Vinjevassdraget avtok utover 60- og 70-talet. Kompetansen og anlegga som var bygd opp i anleggstida, vart viktig for vidare utvikling. I dag er industriverksemdene Dalen

EN

Mekaniske AS, Brunvoll Mar-El AS og Statkraft Energi AS med Tokke, Lio og Byrte kraftverk, hjørnesteinsverksemder i Tokkesamfunnet. I tillegg har Statkraft regionkontor på Dalen, som er administrasjon for produksjon, drift og vedlikehald av kraftverk i landsdelen. Vest-Telemark Kraftlag AS i Høydalsmo driv med

Business in Tokke

is mostly based on power production and agriculture. Businesses such as Dalen Mekaniske AS, Statkraft Energi AS and Brunvoll Mar-El AS are cornerstone companies in modern Tokke. Tokke is the municipality with the largest number of sheep in Telemark County and we also have large areas of forest that provide wilderness resources. Foto: Luke Tennant

6

Tokke kommune

produksjon, kraftomsetjing, nett og breiband. Jord- og skogbruk i Tokke er ei næring som er viktig for sysselsetjing, busetjing og kulturlandskap i kommunen. Tokke er den største sauekommunen i Telemark, og beiteressursane i dei store heieområda er grunnlaget for denne næringa.


SKULE OG KULTUR Tokke kulturhus – ein møtestad for alle

Russ frå Vest-Telemark vidaregående skule. Foto: T. Haavelmoen

Foto: Luke Tennant

Skule og kultursenter

Foto: Luke Tennant

I kommunesenteret på Dalen ligg Tokke kulturhus sentralt midt mellom Tokke skule og Vest-Telemark vidaregåande skule. Idrettshall og fotballbane ligg i same tun. Sambruken er stor og kulturhuset vert nytta av unge og gamle dagstøtt. Ein møtestad for alle. Skulane brukar kulturhuset mykje. Kulturhuset

huser eit moderne Tokke bibliotek, Tokke kulturskule, Tokkebadet med 3 basseng, kino – og konsertsal, møterom og godt utrusta kjøken. Kulturhuset har gode opningstider. Konsertsalen er spelestad for Teater Ibsen. I tillegg er der ulike hendingar med lokale, regionale og nasjonale artistar. Samla gjev skule og kultursenteret på Dalen grunnlag for eit godt oppvekstmiljø.

Schools and recreation center EN

In Dalen you can pay a visit to Tokke Kulturhus and sportshall, situated by the school. You’ll also find the football pitch here. Tokke Kulturhus houses a modern library, swimming pools and a concert hall. Together they provide a superb milieu for children, teenagers and adults. Foto: Luke Tennant

7


KJENN TOKKE PÅ KROPPEN!

Sherpatrappa opp til Rui. Foto: Yngve Ask

Tokke har ein variert og dramatisk natur Fjell og dalar, store og små vatn, skog og hei og ein tilsvarande variert flora. I dei sørvende liane ved Bandak veks mange varmekrevjande treslag. Midtsommar kan bygdene i Tokke by på ein nesten makelaus blomeprakt med mange innslag av sjeldne

planter. Her kan du vandre langs Telemarkskanalen, nyte svimlande utsyn frå fjelltoppar, vandre i historiske omgjevnadar eller elvelangs i Dalen sentrum - for å nemne noko. Tokke er ein del av Vandre Telemark. For meir informasjon om vandring i regionen sjå www.visitdalen.com www.vandretelemark.no

EN

Foto: Yngve Ask

Foto: Hamish Moore

8

Tokke kommune

Foto: Dag Jenssen

Get the feel of Tokke!

Our countryside is wonderfully varied, we are proud of our awe-inspiring mountains and valleys, as well as our sublime lakes and waterways. You can wander along the Telemark Canal, enjoy dizzying views from the mountain peaks, and walk amongst historic surroundings or along the riverside in Dalen. Tokke is part of Walk Telemark, for more information on walking and hiking in the region visit www.walktelemark.com and www.visitdalen.com


Aktiv i naturen Telemarksvassdraget innbyr til ein padletur, og Dalen er eit godt utgangspunkt. Ta kanalbåten ein veg – og padle den andre. Kanalbåtane fraktar både kajakk og sykkel. Du kan overnatte på Lindeviki eller Lauvikøy kanocamp, eller i soveboksen i vakre Bandaksli. Nasjonal sykkelrute nr 2 går om Dalen og delvis langs kanalen. Me har eit nett av skogsvegar og utfordrande natur for terrengsykling. Lårdalstigen. Foto: Visit Dalen

Lårdalstigen «Himmelturen» Spektakulær vandrerute mellom Dalen og Lårdal med fantastiske utsynspunkt framme på fjellkanten langs Telemarkskanalen. I sommarhalvåret kan du nyte den eine vegen frå dekk på ein av dei historiske rutebåtane på Telemarkskanalen. I Rui-jentenes fotspor I desse bratte liane, frå Dalen via Rui til Eidsborg, finn du fantastiske utsynspunkt og kulturskattar som vil gje deg ei minneverdig oppleving. Ein kan nemne Rui – plassen der Rui-jentene budde, VestTelemark Museum Eidsborg med sitt fantastiske museumsbygg og Eidsborg Stavkyrkje som ei krone på verket. Frå Dalen til Rui går du på ei brynesteinstrapp laga av sherpaer frå Nepal.

Soveboksen i Bandaksli. Foto: Dag Jenssen

EN

Active in nature

The waterways in Telemark are an inviting place to go for a paddle tour and Dalen is an excellent place to begin. The canal boats can take both you and your canoe/bicycle. Camping sites for paddlers are situated along the waterway, and you should visit our sleeping box at beautiful Bandaksli. The National Cycle Route number 2 runs through Dalen and partway along the waterway. We have a network of quiet woodland roads and challenging nature for mountain biking. Lårdalstigen This is a fantastic hiking trail between Dalen and Lårdal – a tough challenge for those who wish to experience a

bird’s eye view of the Telemark Canal. Combine the hike with a journey on one of the historic ferry boats on the Telemark Canal. In the footsteps of the girls from Rui In these steep mountainsides, from Dalen via Rui to Eidsborg, you’ll find stunning viewpoints and cultural treasures that will give you memories for life. Experience historical sites such as Rui – the place where the famous Rui-girls lived, Vest-Telemark Museum and Eidsborg Stave Church. From Dalen to Rui you walk on a whetstone staircase made by sherpas from Nepal.

Foto: Yngve Ask

9


Rui. Foto: Skodde Studio

Ravnejuv. Foto: Bjørn Harry Schønhaug

Foto: Jostein Hellevik

Aktiv i naturen Ravnejuv – utsiktsplass og turistattraksjon Heilt sidan turismens morgon har naturfenomenet Ravnejuv gitt vegfarande eit godt grøss. Ravnejuv er eit 350 m høgt stup mot Tokkeåi ved fylkesvegen mellom Dalen og Vinje. Slepp eit blad utfor – og sjå om det kjem att på ein oppgåande luftstraum! Storfisken vakar! Tokkeåi er eit ynda mål for både sportsfiskarar og hobbyfiskarar. Her finn du ei heilt unik storaurestamme. Også elles i kommunen har du fiskerike vatn. Kjøp fiskekort på turistkontoret eller på www.inatur.no Småviltjakt Tokke kommune leiger ut småviltjakt på kommunal eigedom. Det er mogeleg å jakte på rype, skogsfugl, hare og rev. Jaktkort får du kjøpt på inatur.no Soria Moria sauna Avslutt ein aktiv dag i naturen med eit forfriskande bad i Bandak etterfulgt av deilig varm sauna med panoramautsikt! Book badstoga på www.visitdalen.com

Fiske i Tokkeåi. Foto: Yngve Ask EN

Active in nature

Ravens Gorge – Viewpoint and tourist attraction Since tourists first started visiting Tokke the Raven Gorge has been a source of fascination and awe. The gorge has a 350-meter sheer drop down to the river Tokkeåi below! Situated between Dalen and Åmot, the Raven Gorge has an unusual air current - you can actually throw a leaf over the edge and have it blown back by the wind rising up the cliff face!

Small game hunting Tokke kommune leases small game hunting on municipal property. You can buy hunting licence at www.inatur.no or ask at the tourist office. Soria Moria Sauna End an active day in nature with a refreshing swim in Lake Bandak followed by a delicious hot sauna with panoramic views! Book Soria Moria sauna at www.visitdalen.com

The big fish are rising! The River Tokkeåi in Dalen is a favourite destination for both professional and amateur anglers. The river is home to a unique population of particularly large brown trout. Buy fishing licence at the tourist office or www.inatur.no Soria Moria. Foto: Dag Jenssen

10

Tokke kommune


DALEN SOM SENTRUM OG MØTEPLASS

Foto: Skodde Studio

Tettstaden Dalen med om lag 900 innbyggjarar er sentrum i Tokke og ligg på elveslettene ved Bandak, omkransa av høge fjell. Landskapet kring Dalen har gjeve grunnlaget for utvikling av tettstaden til slik den er i dag, med utbygging av vasskraft og etablering av næringsverksemder og busetjing. Dalen har ein lang tradisjon som møteplass for bygdene ikring. I dag

har Dalen eit lite, koseleg handels- og servicesentrum med forretningar, kaféar, reiselivsverksemder, turistkontor og sosiale møteplassar. Vassfronten ut mot Bandak og Telemarkskanalen er lagt til rette for aktivitetar og bruk av vatnet; turveg langs vassfronten – «Bufjordstigen», Soria Moria sauna, badestrand med grillplassar, sandvolleyballbane,

bubilcamp og hamneområde med m.a. tankanlegg og gjestehamn for småbåtar. Dei gamle, freda bygningane på Lastein (Dalen) bryggje der kanalbåtane legg til, huser bryggjekafé og bryggjeutstilling. Årlege arrangement som samlar folk frå fjern og nær, er Oldemors gatefrukost og tradisjonsrike Dalsmarken.

EN

Dalen in Tokke

Dalen is at the heart of Tokke and has about 900 residents. Today, Dalen is a small, cozy trade and service center with shops, cafes, tourism establishments, tourist information and cozy meeting places. The waterfront facing Lake Bandak and the Telemark Canal invites to activities and use of the water.

Foto: Arne Rosland

Foto: Luke Tennant

11


ATTRAKTIVE TOMTER OG BUMILJØ For deg som søkjer «det gode liv på landet», i ein liten tettstad eller bygd, er Tokke ein kommune som kan tilby mange ulike buplassar og bumiljø. Kommunesenteret Dalen er ein tettstad med kort avstand til kommunale tenestar og kulturopplevingar, attraktive arbeidsplassar og tilrettelagte idrettsog turanlegg. Høve til fortetting av bustadtomter innimellom gamalt sentrumsmiljø, leilegheiter sentralt eller nye bustadtomter i opparbeidde felt, gjev høve til mange ulike måtar å byggje og bu på Dalen. Høydalsmo er ei bygd som ligg inntil E134 i nord, som særleg er kjend for vintersport og oppfostring av ski- og kombinertløparar på nasjonalt nivå! Eit bu- og oppvekstmiljø med fokus på fysisk aktivitet og samhald, saman med god kompetansearbeidsplassar m.a. knytt til kraftproduksjon, gjer Høydalsmo til ei attraktiv bygd for busetjing. I Høydalsmo kan vi tilby fine bustadtomter nær skule og

aktivitetsanlegg, samt leilegheiter sentralt. Bygging på einskildtomter andre stader i bygda, er det òg mogleg å få løyve til. Grendene i Tokke er mange og varierte; Lårdal, Eidsborg, Mo/ Byrte, Skafså, Åmdals Verk, Austheii. I grendene finn du fine kulturlandskap, aktive gardsbruk, flott natur og små, trygge bumiljø. Tokke kommune har ein busetjingspolitikk som gjer at det er høve for frådeling av bustadtomter i grendene. I dei fleste tilfelle vil det difor vere mogleg å få seg ei flott bustadtomt til ein rimeleg pris også i dei delane av kommunen som ikkje har regulerte, kommunale bustadfelt. Dersom du søkjer ein plass å bu med trygge omgjevnader, attraktive og varierte arbeidsplassar, flott natur, gode oppvekstvilkår, samt framifrå lag- og foreiningsliv, er Tokke ein kommune for deg! Her kan du finne flotte buplassar i grend; gard eller småbruk, nye bustadtomter i felt eller for seg sjølv, eit gamalt hus til renovering eller ein lettstelt leilegheit nær sentrumsfunksjonar.

EN

Living in Tokke

If you are looking for a place to live with a healthy environment, a place with attractive and varied jobs, a place with wonderful nature, and a place to provide a good upbringing for your children as well as various social associations – then Tokke is the place for you. You will find a lovely home to settle down in: perhaps in a small, village farm; or a new build in the town centre or more rural location; or maybe an apartment centrally located.

Foto: Tone Jorunn Tveito

Lårdal. Foto: Jørgen Kåsin

12

Tokke kommune

Foto: Luke Tennant


OPPLEV VINTER-­ EVENTYRET

Foto: Knut Urbø EN

A winter wonderland

In winter, Hallbjønnsekken, Høydalsmo and Øyfjell offer prepared ski slopes in varied and beautiful terrain. Hallbjønnsekken also have a ski lift with 2,500 meter of pistes in mountain terrain.

Foto: AM

Foto: Jonn Øyvind Hosum

Vinterstid byr Hallbjønn­ sekken, Høydalsmo og Øyfjell på flotte preparerte skiløyper i variert og vakkert terreng. Hallbjønnsekken har også eit skitrekk med 2500 meter nedfartar i høgfjellsterreng.

vinnar var Sondre Nordheim. I dag er Oftejordet omgjort til ein moderne terrengpark med skitrekk, rails og hopp.

Høydalsmo er ei bygd med moderne skianlegg og dyktige utøvarar. Høydalsmo IL arrangerer internasjonale og nasjonale konkurransar i kombinert og langrenn. Gullmedaljevinnar i OL, Magnus Krog er frå Høydalsmo. Det fyrste premierte skirennet i Noreg vart halde på Oftejordet i 1866 og

Hallbjønnsekken/Skafsåheia, mellom Telemark og Setesdal, er eit høgfjellsområde med populære hyttefelt, meir enn 60 km preparerte skiløyper og milevis med urørd natur. Hallbjønn Høyfjellssenter har overnatting, servering, skitrekk og flotte forhold for laussnøkjøring.

Høydalsmo, by the E134, is the gateway to Tokke. The village has an enthusiastic ski milieu and host modern ski facilities. The local sports club has arranged several national and international championships. Olympic gold medal winner, Magnus Krog, comes from Høydalsmo. Hallbjønnsekken/Skafsåheia, situated in the mountain area towards Setesdal, offers 60 km of prepared cross-country ski tracks and beautiful conditions for off-piste skiing. Hallbjønn Høyfjellssenter has accommodation, a café and ski lift. Even though Hallbjønnsekken is a popular holiday destination, there are still miles of undisturbed nature waiting for you behind every hill.

13


EI KULTURREISE I TOKKE A CULTURAL JOURNEY THROUGH TOKKE

Foto: Anne Gundersen

14

Vest-Telemark Museum Eidsborg

Vest-Telemark Museum Eidsborg

Vest-Telemark Museum i Eidsborg er sentralmuseum for fleire museum og bygdetun i regionen. Museet, livsverket til sylvsmeden Eivind Tveiten (1887-1976) ligg på den gamle garden Vindlaus rett ved Eidsborg Stavkyrkje. Samlingane av gamle bygg, reiskap, smykke og anna fortel om hundreår lange tradisjonar i folkekunst og handverk. Utstillingane handlar mellom anna om drakthistorie, rosemåling, Draumkvedet, produksjon av brynestein og vasskraftutbygging. På bygdetunet finn du og Europas eldste loft (datert 1167), ein aktivitetspark for heile familien og levande handverk og landbruk. Kafé, butikk og gode turtilbod høyrer med.

The museum in Eidsborg, not far from the Eidsborg Stave Church, houses a number listed farm buildings, among them a “loft” (storage) dated year 1167. Inside the modern museum building there are exhibits telling the story of folk traditions throughout the centuries, such as rose painting

Museumsbonden i Eidsborg. Foto: Skodde Studio

Foto: Yngve Ask

Tokke kommune

EN

and knife making. You will also find exhibits about the famous Dream Poem (“Draumkvedet”), about the whetstone production which started before the Viking age, and a modern visiting center telling the story of the region’s hydroelectric power development. In addition, there are temporary exhibits, a welcoming café, souvenir shop and marked footpaths to explore.


Eidsborg Stavkyrkje Kyrkja, som vart restaurert i 2007, ligg ved inngangen til Vest-Telemark Museum Eidsborg. Ho er frå 1200-talet og vigsla til St. Nicolaus, skytshelgenen for ferdafolk, i Vest-Telemark kalla Nikuls. Minnestein over eidsvollsmannen Talleiv Huvestad, minnesmerke over folkemusikkbrørne Eivind og Olav Groven og gravminne til Rui-jentene finn ein her.

EN

Eidsborg Stave Church

This medieval church is located at the entrance to the Vest-Telemark Museum Eidsborg. The church was built in the 13th century and is consecrated to Saint Nicholas – the patron saint of travellers (known as Nikuls in Vest-Telemark). In the graveyard you will see a memorial stone commemorating the local parliamentarian and signer of the Norwegian Constitution, Talleiv Huvestad. On the museum grounds you will find a memorial plaque for the brothers Olav and Eivind Groven, acclaimed folk musicians.

Foto: Tone Jorunn Tveito

Foto: Yngve Ask

Aktivitetsparken Ved Vest-Telemark Museum Eidsborg finn du ein aktivitetspark. Her er det moro for alle aldrar. Midt i parken ligg ein 105 m lang vassførande modell av Telemarkskanalen. Leik deg inn i historia med sluser og båtar. Parken byr og på mange andre aktivitetar som bogeskjoting, lafting, arkeologisk utgraving og levande handverk.

EN

Activity Park

At Vest-Telemark Museum Eidsborg you find an activity park with a 105 m (344 feet) long model of the Telemark Canal with water, boats, locks and a power station. Indulge yourself in history and guide your whetstone or timber all the way between Dalen and Skien. The park also offers archeological site activity, log house building, archery and different kind of traditional handicraft.

Foto: Yngve Ask

15


EI KULTURREISE I TOKKE A CULTURAL JOURNEY THROUGH TOKKE

Grimdalstunet Foto: Luke Tennant

Grimdalstunet var barndomsheimen til bilethoggaren Anne Grimdalen (1899-1961), mest kjend for arbeidet med utsmykkinga av Oslo rådhus og for Landstadmonumentet i Seljord. I dag er Grimdalen eit freda gardstun med og eit skulpturhus med arbeid av Anne Grimdalen. Karl Erik Harr sine illustrasjonar av Draumkvædet tar deg med attende til den mørke mellomalderen. Kvar sommar vert skulpturutstillinga supplert med bildande biletkunst av kjende kunstnarar.

EN

Grimdal Farm

On the road between Tokke and Setesdal you will find the home of the sculptor Anne Grimdalen (1899 –1961). She is renowned for her sculptures at Oslo City Hall, the Landstad monument in Seljord, as well as many other sculptures around the country. The farm, with buildings dating from the Middle Ages, is now a museum displaying her works. Karl Erik Harr’s illustrations of “Draumkvædet” (a medieval vision poem) is on display and in summertime it is supplemented with contemporary art exhibits. Foto: Astrid Hegglid

Åmdals Verk gruver Gruvemuseet fortel om drifta ved koparverket frå slutten av 1600-talet til og med andre verdskrig. Gruvevandring med omvisar gjennom gruvegangane, omfattande utstillingar og eit stort uteområde med merkte stigar og gruvepark.

16

Tokke kommune

EN

Åmdals Verk mines

This mining museum tells the story of copper mining, from the 17th Century up until the Second World War, with photographs, miniature models, drawings and a geological collection. You may visit the mines with a guide or simply enjoy the large outdoor area surrounding the mining park with its network of marked footpaths.

Foto: Gudrun Semons


Rui-plassen. Foto: Visit Dalen

Rui-plassen I det hengebratte berget over Dalen ligg Rui, husmannsplassen der dei bitte små systrene Ingerine og Gurine budde. Dei blei landskjende som ”Ruijentene som kom til Kongen”, skildra i journalist Knut Eidems bok. Frå Dalen til Rui går det sti på brynesteinstrapp laga av sherpaer frå Nepal. Frå Rui kan du gå vidare til Eidsborg. Rui-jentene ligg gravlagde ved Eidsborg Stavkyrkje.

EN

Rui-plassen

On the steep mountainsides over Dalen lies Rui. A crofter’s cottage where the sisters Ingerine and Gurine lived. The Rui sisters became famous in Norway when they were invited to Oslo to meet the king. There’s a footpath on a whetstone staircase made by sherpas from Nepal from the centre of Dalen to Rui. It’s very steep, but not too long and the view is all worth it.

Sylvsmedkunst

Rui-jentene. Foto: Aage Storløkken/Aktuell/NTB

Sylvsmedkunsten har vorte halden godt i hevd i Tokke. Du kan sjå sylvsmeden i arbeid i generasjonsverksemda Gullsmed Vinjerui på Dalen eller vitje sylvsmed Ingrid i Telemarkssylv i smia hennar heime på garden nær Ravnejuv.

EN

Silversmiths

The smithy’s craft has a long tradition here and is still well known in Tokke. Visit the silversmith’s workshop at Gullsmed Vinjerui in Dalen or Ingrid at Telemarkssylv at her farm near Ravnejuv.

Bunadssylje. Foto: Telemarkssylv

Bunadskledde jenter i Vest-Telemark bunad. Foto: Yngve Ask

17


DALEN HOTEL «–det mest storslåtte av dem alle»

(Norges Kunsthistorie, bind V)

Eventyrhotellet Opninga av Telemarkskanalen la grunnlaget for eit staseleg hotell på Dalen som nå var blitt eit viktig knutepunkt for turisttrafikken mellom Aust- og Vestlandet. Hotellet frå 1894 er bygd i den særnorske varianten av europeisk trearkitektur – dragestilen. Arkitekt var Halldor Børve. Med sine gavlar og svalgangar, dragehovud, tårn og spir minner det om kongsgarden i eventyret. I 1994 vart ei omfattande restaurering av hotellet fullført. Det fekk attende utsjånaden frå kong Oscars tid, men også den komfort og fasilitetar ein ynskjer i dag. Hotellet er kjend for sitt gode kjøkken og si lune, historiske atmosfære.

EN

The fairytale hotel

This stately hotel was built after the Telemark canal was opened. For tourists travelling around Norway the canal connected east to west and in 1894 the architect Halldor Børve designed and built Dalen Hotel in the Norwegian “Dragon style”. Its dragon heads, spires and towers bring fairy tale castles to mind. In 1994 the hotel was restored to its original condition under the reign of King Oscar, whilst retaining the modern facilities most tourists are acquianted with today. The hotel is renowned for its outstanding food and relaxed, historic athmosphere. A stay here should be on everyone’s bucket list!

Foto: Kåre S. Pedersen

18

Tokke kommune

Foto: Kåre S. Pedersen

Foto: Dalen Hotel

Foto: Kåre S. Pedersen

Foto: Dalen Hotel


Foto: Skodde Studio


Innbyggjartal: 2200. Areal: 984 kvadratkilometer. Lågaste punkt: Bandak, 72 m.o.h. Høgaste punkt: Kvannfjølli, 1537,5 m.o.h. Kommunesenter: Dalen

Bø – Dalen 80 km Skien – Dalen 140 km Sandefjord (Torp)-Dalen 180 km Kr.sand – Dalen 215 km Oslo – Dalen 230 km Stavanger – Dalen 350 km (Over Suleskar 230 km) Bergen – Dalen 340 km Langesund – Dalen 145 km

Tokke – the facts

Distances

Population: 2,200 Area: 984 sq. km. Lowest point: Bandak, 72 m.o.s.l. Highest point: Kvannfjølli, 1537,5 m.o.s.l. Municipality centre: Dalen (pop. 900).

Bø – Dalen 80 km Skien – Dalen 140 km Sandefjord (Torp) – Dalen 180 km Kristiansand – Dalen 215 km Oslo – Dalen 230 km. Stavanger – Dalen 350 km. (in summer over Suleskar 230 km) Bergen – Dalen 340 km Langesund – Dalen 145 km

Tokke kommune 3880 Dalen Tlf. +47 35 07 52 00 E-post: postmottak@ tokke.kommune.no www.tokke.kommune.no Dalen Turistkontor Visit Dalen Tlf. +47 35 07 56 56 E-post: info@visitdalen.com www.visitdalen.no

Tokke kommune 3880 Dalen Tel +47 35 07 52 00 E-post: postmottak@ tokke.kommune.no www.tokke.kommune.no Dalen Tourist Office Visit Dalen Tel: +47 35 07 56 56 E-mail: info@visitdalen.com www.visitdalen.com

Bergen

Telemark

Oslo Haugesund

Tokke Dalen Telem

arksk

Stavanger

anale

n

Sandefjord

Skien

Larvik Suleskarvegen

Langesund

Kristiansand

Hirtshals

Miljømerket trykksak 2041 0711, Reklamehuset Wera

Avstandar

Foto framside av Dag Jenssen, Luke Tennant og Hans Olav Solli. Utforming www.wera.no

Fakta om Tokke


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.