
2 minute read
DRØS - DEN NYE KAFEEN I GATÅ
Kafeen Brunsj har vore eit urbant møtepunkt med sine friske salatar, gode heimebakst og eigne kaffiblandingar på Kulturhuset i Suldal sidan opninga i 2015. Då Fargeriet i Sand sentrum bestemte seg for å lukke dørene for godt, tok eigar og dagleg leiar ved Brunsj, Bonolo Ramphomane-Aandahl, initiativ til å kjøpe bygget, ta med seg teamet ved Fargeriet vidare og saman utvikle ein avdeling av Brunsj i Gata som har fått namnet «Drøs».
Kva handlar konseptet «Drøs» om?
Advertisement
Ambisjonen for Drøs er å bygge vidare på det Brunsj er i dag, ved å skape ein møteplass for døgnets og årets ulike rytme. Me ønskjer å skape ein kafe som møter ulike behov for ulike menneske, som er fleksibelt og fleirfunksjonelt. Her skal det urbane møte det rurale, der me får noko som er tvers gjennom suldølsk, men på ein frisk og ny måte. Drøs er for både ungdommen og for bygdeoriginalen. Drøs skal vera kultur og kontor, kaffe og bakst, pizza og vin. Me vil også tilby leige av selskapslokale og catering som før. Drøs er ein stad som tek bygda på alvor, og som våger å vera stor i det litle.
Kva planar har de for kafeen i tida framover?
– Me har fleire spanande planar for året. Me skal mellom anna opne opp kaffebrenneriet i andre etasje av bygget, der målet er å ta med barista-kaffekulturen til Gata med produksjon av kaffe, lagring og distribusjon. Vidare skal me få på plass eit mikrobakeri med mellom anna håndverksbakst, søtbakst, heimelaga pasta og pizza. Til sommaren opnar me også ein bak-
Kva håper de at Drøs kan bidra til på Sand og i Suldal?
– Drøs er et omstillingsprosjekt med støtte av Innovasjon Norge, Rogaland fylkeskommune og Suldal Vekst, der me ønskjer å vera ei viktig drivkraft i sentrum - og destinasjonsutviklinga. Me meiner at konseptet vårt skal vera ei satsing å sjå til når det kjem til kreativ utvikling, der me har fokus på miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Her har me tatt aktive val gjennom heile prosessen, der me mellom anna har gått for arkitektoniske og miljøvennlige interiørløysingar med stolar laga av kaffegrut, ølmersk og plast frå havet og resirkulert. Me har også kjøpt «Minus»-stolar frå det lokale selskapet Nuen med nullutslepp.
Følg Brunsj As på Facebook og Instagram for dei siste oppdateringane.
Drøs i Gata held ope fast tysd - laurd. Sommersesongen mai - august: måndag - laurdag