Neset Spelet 2012

Page 1

www.neset-telemark.no

Hjarteleg velkomen til Neset-Spelet 9.-12. august ! Neset-tunet er ei samling gamle hus frå mellomalderen med 17 gamle hus totalt. Eit av husa er freda (Torvtjønnstoga fra 1750). Vi ynskjer å bruke denne unike staden til ulike kulturarrangement, der tradisjonar frå Telemark skal stå i sentrum, både når det gjeld musikk, mat og forteljartradisjon. Bodil Nordjore byr på tradisjonsmat alle dagane under spelet. Målet er at også handverkstradisjonar skal presenteras i Spel-samanheng. Det skal gjennomføras minst 4 intimkonsertar i stogene gjennom året, men Neset-spelet i august er det årlege store evenementet som alt anna byggjer opp til. Inspirasjonen er henta frå Gålå-spelet som har sett Gudbrandsdalen på kartet i meir enn 20 år, og trekkjer til seg publikum frå heile Noreg og også utanlands. Dei har Peer Gynt, - vi har Draumkvedet, Storegut, Myllarguten for å nemne nokre – ein uendeleg kulturell rikdom som kan presenteras av artistar som Sondre Bratland, Knut Buen, Aasmund Nordstoga og mange fleire. Neset-spelet skal også bli eit forum der born, studentar og kunstnarar frå Telemark kan få vise seg fram for eit breit publikum. Konsertane har ikkje aldersgrense. Idéen er å samle fleire kunstformer på ein stad og bidra til utvikling av nye spel. Vi sameiner kultur og natur gjennom arrangert naturstig opp til Te-hytta kvar føremiddag under Spelet. Neset er eit Telemarkstun med stor historisk verdi. Ein kulturarv som både blir gjort tilgjengeleg for publikum, og oppfordrar andre til å hjelpe til, til å ta vare på den rike tradisjon som Telemark har. Vi ynskjer å gjera folk i alle aldrar merksame på dei verdiane ein har i våre tradisjonar, men også oppmuntre folk til å vidareutvikle dei. Rauland har i lang tid gjort seg kjend i ulike kultursamanhengar, både når det gjeld musikkog matkultur gjennom Raulandsakademiet, og for uttøvande kunstnarar gjennom Rauland Kunstforening, Sondov, Knut Skinnarlandmuseet og ikkje minst Dyre Vaa- samlingene. Neset-spelet er eit unikt høve for unge talent frå Telemark til å bli betre kjend då vi satsar på våre mest kjende kunstnarar, og dei unge lovande!

Info & Kontakt

Liv Bente Tvenge, dagleg leiar: tlf 908 70 700 / epost: bente.tvenge@gmail.com Finn veibeskrivelse på www.neset-telemark.no Billetter kan kjøpes på www.billettservice.no Overnatting på Raulandsfjell – www.raulandsfjell.no

9.-12. august 2012

NESET-SPELET www.neset-telemark.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.