Stillingsannonse Vestavind

Page 1

Vestavind er lokalavisa for Sveio kommune. Avisa kjem ut kvar torsdag, 48 gonger årleg. For tida er det 4 stillingar i bedrifta, ein journalist, ein abonnement/rekneskapsmedarbeidar, ein marknadskonsulent og redaktør/dagleg leiar. Grunna permisjon, søkjer me nå etter

Journalist

i 100% vikariat frå 17. juni 2013 – 1. august 2014.

Den me søkjer:

• Er engasjert i det som skjer i kommunen, og kan skriva nynorsk • Har stor arbeidskapasitet og -vilje • Er målretta, effektiv, bestemt og nøyaktig

Erfaring frå journalistikk og sertifikat er ein fordel. Me bruker Mac, og program frå Adobe. Kjennskap til dette er ein fordel, men ikkje eit krav. Send søknad og CV til Vestavind, PB 53, 5559 Sveio eller redaksjonen@vestavind-sveio.no

Søknadsfrist: Snarast For spørsmål, ta kontakt med redaktør og dagleg leiar, Irene Flatnes Haldin på telefon 416 80 162.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.