1 minute read

Læring og trivsel i trygt internatmiljø

Du har gått ti år på skule, og no er det berre vidaregåande igjen! Er du klar for å oppleve noko nytt? Misjonssambandet skoler gir deg ein spennande og sosial skulekvardag!

- Ein spennande og sosial skulekvardag!

Men, må ein vera kristen!? — Å gå på internatskule er noko alle burde få oppleve. Det tek meg to minuttar å gå frå internatet til klasserommet. Her er så mange moglegheiter å bli kjent med folk og vera sosial. Men så har ein også sitt eige rom som ein kan trekka seg tilbake på.

Skulane i Misjonssambandet skolar har ei kristen verdiforankring.

Men det betyr ikkje at alle må vera kristne for å gå her. Det er viktig for oss at alle elevar blir inkludert og respektert, same kva ein trur på. Fleire skular har tilbod om bibelgrupper og kristne møte på fritida, dette er noko elevane kan ta del i utanom skuledagen dersom dei ønsker det. Ei kristen forståing av verkelegheita og kva eit menneske er, er noko som er sentralt for desse skulane.

— Eg deltek ofte på søndagsmøte på Kvitsund, og likar tilbodet med bibelgruppe heime hjå dei tilsette. Eg trur den kristne verdiforankringa gjer at det er mykje større openheit rundt tru, og ein får mange spennande samtalar, seier Christine Hetland

På skulane kan du ta del i eit aktivt idrettstilbod, engasjera deg i friluftsliv eller bruka meir tid på hobbyen din. Kristne friskular har tilsette som er opptekne av å sjå ungdommane og inkludera alle.

Miljø- og internatarbeidarar jobbar for det psykososiale miljøet, og elevane sjølv er meir innstilt på å få vener og inkludera alle. Mange elevar er flinke til å skapa liv og engasjement rundt seg når dei steller i stand ting etter skuletid.

This article is from: