Ebba Sporstøl
1. klasse • Lekseboka • Skoleboka • Ressursperm
Nynorsk
AR
PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
4. klasse • Oppgåvehefte 1 og 2 • Lesebok 1 og 2 • Ressursperm
Lesebok 1 • 4. klasse
R
3. klasse • Oppgåvehefte 1 og 2 • Lesebok 1 og 2 • Ressursperm
Tuba Luba VU
2. klasse • Bokstavhefte 1, 2 og 3 • Lesehefte 1 og 2 • Bokstavkort • Ressursperm
Tuba Luba Lesebok 1 • 4. klasse
Tuba Luba er eit norskverk for dei første skoleåra. Verket består av desse einingane:
NYNORSK ISBN 82-7522-254-0
TELL FORLAG
N
AR
PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 1
Ebba Sporstøl
Tuba Luba 4. klasse • Lesebok 1 Illustratør: Harald Aadnevik
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU R
Nynorsk
TELL FORLAG
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 2
© Tell forlag as 2004 Teikningar: Harald Aadnevik Ragnhild Heggdal: side 67, 72, 88, 90, 93 og 97 (små teikningar) Omslagsdesign og grafisk formgiving: Lisa Wagle Trykk: PDC Tangen AS Omsetjing til nynorsk: Nikolai Nelvik Spørsmål og kommentarar til denne boka kan sendast til Tell forlag a.s, Nilsemarka 5C, 1390 Vollen, tlf. 66 78 09 18 e-post: tell@tell.no www.tell.no ISBN 82-7522-254-0 Nynorskutgåve Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller i strid med kopieringsavtalar med KOPINOR, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Kopiering i strid med lov eller avtale kan føre til erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel.
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU R
2
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 3
Forord Velkomen til 4. klasse! Eg håper du liker å lese. Eg håper du synest lesing er nyttig. Eg håper du synest lesing er gøy! Eg håper du ikkje trur at du har vorte så flink at du ikkje kan bli betre! Alle som vil bli meister i noko, øver kvar dag. Dei øver om att og om att på ting dei allereie kan veldig godt, men som dei vil bli enda betre i. Slik må du også tenkje! Øv godt på leseleksa kvar dag. I år som i fjor les du gjennom leksa fem gonger. Her skal du få nokre råd:
G
IN
ER
D
R
VU
1 Les alle øveorda. Finn ut kva orda tyder, og korleis du skal lese dei. 2 Les gjennom leksa to gonger for deg sjølv. Dersom det er ord du ikkje får til, øver du deg på dei. 3 Les leksa høgt for deg sjølv. 4 Så les du så fint du kan. Ta ein pause ved punktum og spørjeteikn. Bruk røysta slik at folk forstår det du les. Er det spennande eller trist, morosamt eller uhyggeleg? 5 Lat att boka og fortel for deg sjølv det du las. Dersom du ikkje hugsar det, har du ikkje lese godt nok! 6 Den femte gongen du les igjennom leksa, les du høgt for ein vaksen. 7 Svar på spørsmåla og gjer oppgåvene.
La den vaksne lese leksa høgt for deg. Les leksa i kor saman med den vaksne. Øv på orda som er vanskelege. Du og den vaksne les annakvar setning to gonger. Les alt åleine tre gonger. Ikkje gi deg!
A PL
Lykke til med treninga! Ebba Sporstøl Ålesund, juni 2004
3
R
1 2 3 4 5 6
EM KS
SE
Dersom du synest det er vanskeleg å lese, kan du avtale med læraren din at du øver deg godt på berre ein del av leksa. Sit saman med ein vaksen når du øver:
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 4
Innhald På an igjen • side 5 Biltur • side 11 Ørnefjør • side 17 Guds gjøglar • side 34 Oppfinningar • side 43 Leonardo da Vinci • side 44
VU
Sykkelen • side 49
ER
Film • side 60
D
R
Thomas Alva Edison • side 54
Charlie Chaplin • 62
G
IN
Philip Newth • 67
EM KS
Roald Dahl • side 72
SE
Matilda – Litt av ein robot • side 68
Frå Charlie og sjokoladefabrikken • side 75 Amelia Earhart • side 80
Erle og julesnøen • side 101 Tørris og Fjellvind • side 108
4
R
Eit barn er fødd i Betlehem • side 100
A PL
Stuegrisen • side 87
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 5
SE
G
IN
ER
D
R
VU På’an igjen
A PL
EM KS
Velkomen til 4. klasse! Da eg var like gammal som du er no, syntest eg det var så fælt å byrje på skolen att etter den lange, herlege sommarferien. Korleis skulle eg halde ut eit heilt år til? Mor sa at eit år går som ein røyk. «Berre ta fram kalenderen og tel skoledagane, så skal du sjå at du har nesten like mange fridagar som skoledagar!» Takk og pris, ho hadde rett
R
Du skal ha 190 skoledagar i 4. klasse. Haustferie, juleferie, vinterferie, påskeferie og mai månad med alle fridagane skal du også ha før ein ny, lang sommarferie tek til! Jammen er feriar ei flott oppfinning!
Eg har forresten høyrt at somme elevar synest det er kjekt å gå på skolen! Dei synest at ferie og fridagar er keisame! Dei synest det er meir gøy å vere saman med alle klassekameratane sine. Dei synest til og med det er moro å lære nye ting. 5
Øveord: byrje røyk kalenderen oppfinning forresten
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 6
Pippi Langstrømpe møtte opp på skolen siste dagen før ferien. Ho fekk ikkje ferie dersom ho ikkje hadde noko å ta seg fri frå. Det var lurt tenkt, synest eg. Skal eg vere heilt ærleg, og det skal ein jo vere, må eg vedgå at det er keisamt ikkje å ha noko å gjere. Tenk om du ikkje fekk lov til å gå på skolen. Tenk om du måtte ut og tene pengar i staden. Utan pengar fekk du ikkje mat. Du hadde ikkje råd til å gå på skolen. Det er mange barn i verda som har det slik.
Øveord: ærleg vedgå tene gratis har lært har gjort skjøna
Første dagen i 4. klasse delte læraren ut eit ark og sa: «Eg vil at alle skal skrive nokre få setningar om noko de har lært i sommar.» Alle såg på læraren. Dette kan vel ikkje vere rett? Han skulle vel ha sagt «kva de har gjort i ferien». Men læraren heldt på sitt: «Skriv noko om kva de har lært!»
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Skolen i Noreg er heilt gratis. Du er til og med nøydd til å møte på skolen kvar dag. Mat får du òg, enda du ikkje har tent ei einaste krone.
A PL
EM KS
«Vi har hatt ferie, altså,» sa Espen. «Vi lærer vel ikkje noko når vi ikkje er på skolen?» sa Stine. «De la vel ikkje att hovudet dykkar på pulten da de tok ferie?» spurde læraren. «Klart de har lært noko. Eg har lese i avisa om barn som har gått på skole i sommar.» «Ja,» sa Oliver. «Det har eg gjort! Eg har gått på musikkskole og spela fiolin i ei heil veke! Eg lærte mykje om musikk!» Da skjøna barna i 4. klasse kva læraren meinte. Dei fleste tok til å skrive.
R
Spørsmål: Kva skulle barna i klassen skrive om? Kven hadde vore på musikkskole? 6
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 7
Ole skreiv ingenting. Han hadde brote foten i ferien og hadde vore på sjukehus i fleire veker. Læraren var nede og kviskra noko til han. Snart var Ole også i gang med å skrive. Læraren samla inn alle arka. «Gjett om eg er nysgjerrig på kva de har lært,» sa han. «I morgon skal vi snakke om det de har skrive.»
Øveord: kviskra nysgjerrig triks agn idrettsmerket grunnlagd museum
Dette har barna i 4. klasse lært i ferien:
R
VU
Patrick, Adrian, Odin, Helene og Silje har vore på fotballskole. Ole Gunnar Solskjær var hos dei ein heil dag. Dei har lært mange nye triks og har vorte mykje flinkare til å skåre mål.
G
IN
ER
D
Elisabeth har vore på fiskeskole. Ho har lært mykje om fiskeplassar og om kva slags agn dei ulike fiskesortane liker. Ho har vorte flink til å reinse fisk.
EM KS
SE
Tuva og Trine har trena mykje på ballettskolen. Dei har lært mange nye dansesteg og har vorte enda flinkare til å danse.
A PL
Fredrik, Magnus, Katrine og Lisell har vore på idrettsskole. Dei har trena på løp, hopp og ballkast. Dei har lært mykje om korleis dei skal trene. Dei har vorte så gode at dei skal ta idrettsmerket i sølv i haust.
R
Karianne og Nils har vore på rideskole. Dei har lært mykje om korleis hestar skal stellast, og dei er vortne veldig gode til å ri. No skal dei spare til sin eigen hest.
Kåre har vore i England i ein by som heiter York. Den byen vart grunnlagd av norske vikingar. Det er eit stort, spennande vikingmuseum der. Kåre har vore der fleire gonger. Han har lært mykje om korleis vikingane levde for tusen år sidan. Oppgåver: Skriv fem ord som er like i at dei er særnamn. Kva heiter byen som vart grunnlagd av norske vikingar? 7
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 8
Erik har vore på jernbanemuseet på Hamar. Der har han sett mange gamle tog. Han har lært mykje om korleis toga vart brukte for hundre år sidan. Aleksandra har vore på Lillehammer. Der var ho i eit museum som heiter Maihaugen. Ho har sett filmar som var laga for nesten hundre år sidan. Dei filmane er utan lyd og fargar. Ho har lært mykje om korleis dei laga filmar i gamle dagar.
Øveord: helleristningar rissa inn datamaskinen lynfort samanlikna med
VU
Marcus har vore på biltur. Utanfor Sarpsborg i Østfold fylke har han sett helleristningar. Det er underlege bilete som folk rissa inn i fjell eller på store, glatte steinar. Han har lært at folk laga slike bilete for 6000 år sidan.
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
Johannes har vore i Tyskland. Der var han på eit museum som viste fram den første datamaskinen som er laga. Maskinen er kjempestor og må ha to store rom for å få plass til alle delane. Johannes har lært at dei datamaskinane vi bruker i dag, tek mykje mindre plass og arbeider lynfort samanlikna med den første maskinen.
R
Spørsmål: I kva for ein by er det eit jernbanemuseum? Kva er helleristningar? 8
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 9
Emre og Umut har vore i Bodø Der var dei på flymuseum. Dei såg nokre av dei første flya som kom til Noreg. Dei har lært at dei første flygarane var veldig modige som flaug av stad med desse små, rare flya.
Øveord: kolliderte livsviktig heimelaga veteranbilar utlendingar sí (si) = ja no (nå) = nei gracias (grathias)= takk hola (åla) = hei buenos días (boenås dias) = god morgon
ER
D
R
VU
Ole har sykla om kapp med fetteren sin. Han gløymde å sjå seg for og kolliderte med ein buss. Ole har lært at det er livsviktig å bruke hjelm og sjå seg godt for når ein er ute i trafikken med sykkel.
EM KS
SE
G
IN
Arissa har plukka mange planter og blomstrar i sommar. Farmora koka plantene i ei stor gryte. Plantene vart til ei suppe. Oppi suppa la ho grått, heimelaga ullgarn. Ullgarnet fekk flott farge etter å ha vore ei stund i den kokande plantesuppa. Arissa har lært at blomstrar og planter kan brukast til mange ulike ting.
A PL
Stian og Håkon har vore på eit stemne for veteranbilar på Lillehammer. Dei har sett mange rare, gamle bilar og har køyrt i ein bil som er 92 år gammal. Dei har lært at dei første bilane kom til Noreg for hundre år sidan.
R
Sofie og Sara har vore utlendingar i sommar. Dei har køyrt bil heilt til Spania. Dei har lært nokre spanske ord: Sí, no, gracias, hola, buenos días. Oppgåver: Skriv fem ord som er like i at dei er særnamn. Kva er alle særnamna like i? 9
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 10
Anne og Dag har vore hos mormor og morfar. Mormor hadde kjøpt datamaskin og har lært å bruke Internett. Ho har funne ut at ho har mange slektningar i USA. Mange av dei ville gjerne bli kjende med mormor. Anne og Dag har lært at mange nordmenn drog til USA for hundre år sidan. Dei var utvandrarar frå Noreg og innvandrarar til USA.
Øveord: Internett utvandrarar innvandrarar oppfinnsame
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Læraren var svært nøgd med klassen: «Veit de at det meste av det som de har lært, skal vi arbeide med i 4. klasse på ein eller annan måte? Eg vonar de tek vare på bilete, kart, billettar, suvenirar og andre ting som de har teke med dykk frå turane dykkar.» «Du har ikkje fortalt kva du har lært i sommar, lærar!» sa Ole. «Lærarar lærer vel ikkje noko i ferien!» sa Marcus. «Vi lærer så lenge vi lever, heldigvis,» sa læraren. «Eg har vore i Oslo. Der var eg på Teknisk museum og såg på mange ting som folk har funne opp. Eg har sett og lært om dampmaskinar, telefonar, radioar, tv-ar, lyspærer og mange andre ting. Eg har lært at det er svært mange kloke og oppfinnsame menneske som har levd før oss.»
R Oppgåver: Skriv fire substantiv og skriv ein, ei eller eit framfor. Skriv kor mange gonger du ser ordet svært og ordet lært. Spørsmål: Kva har du lært i sommar? Kva er ein innvandrar? 10
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 11
Biltur I Stasjonsvegen er det ein lang kø av bilar heile dagen. Bilane køyrer fort. Dei har det travelt. Dei spyr ut eksos. Husa i Stasjonsvegen er gamle og stygge. Dei fleste husa er tomme. Dei som budde i husa ein gong, er borte. Trafikkstøyen og eksosen jaga dei vekk.
Øveord: stasjon eksos trafikkstøyen mødrene venninnene
D
R
VU
For femti år sidan var Stasjonsvegen ei koseleg gate. Det budde mange barn der. Barna trong ikkje vere redde for trafikken. Det var nesten ingen bilar i gata. Lufta var klar og rein. Barna kunne leike kvar dei ville. Dei store barna gjekk på skolen. Dei små barna var heime saman med mødrene sine.
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
Ein sommardag i august leika Else og venninnene hennar ute i hagen. Sola varma. Det var tørt og fint på bakken.
R Spørsmål: Kvifor trong ikkje barna vere redde for trafikken? Kven passa på barna som ikkje var på skolen? 11
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 12
Derfor hadde jentene fått lov til å ta ut dokkene og dokkevognene. Jentene kledde av og på dokkene. Dei trilla tur, laga mat i dokkehuset og hadde det veldig kjekt. Veslebroren til Else fekk lov til å leike saman med jentene. Han heitte Fredrik og var fem år. Fredrik brukte å finne på mykje rart. Derfor syntest jentene det var fint å ha han med.
Øveord: lov dokkene keia seg køyringa sjølvsagt travelt brødskiver lasteplanet sjåfør
IN
ER
D
R
VU
Fredrik keia seg. Han var lei av dokkene. Fredrik sat framfor dokkehuset og lurte på kva han skulle finne på. Med eitt fekk han auge på den vesle, raude lastebilen til far sin. Bilen stod parkert rett framfor kjellardøra. Faren var veldig stolt av bilen sin. No var han nok ferdig med køyringa for dagen.
EM KS
SE
G
Fredrik såg lenge på bilen. Han hadde fått ein idé. Han ropa på jentene: «Vil de vere med på biltur?» Det ville dei. Dei skulle sjølvsagt berre leike at dei drog på tur med den vesle, raude bilen.
A PL
Alle fekk det veldig travelt. Dokkene skulle vere med. Derfor måtte jentene pakke masse klede. Ein drog ikkje på tur utan mat og bagasje. Else sprang inn til mor og fekk fire brødskiver med sukker på og ei flaske med solbærsaft. Fredrik henta dei små stolane i dokkehuset. Jentene skulle sitje på lasteplanet. Derfor måtte dei ha noko å sitje på. Fredrik skulle sitje inne i bilen. Han skulle vere sjåfør. Bilen var open, og nøkkelen stod i. For femti år sidan var det sjeldan at nokon stal bilar. Derfor var det ingen som låste bilane sine.
Kva heitte veslebroren til Else? Kvifor var ikkje bilen låst? 12
R
Spørsmål:
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 13
ER
D
R
VU A PL
EM KS
SE
G
IN
Endeleg var alt klart. Jentene sat på lasteplanet med masse saker og ting. Dei skulle jo på langtur. Dokkene var godt inntulla i teppe. Fredrik sa «BRRRR, brrrrr, BRRRR» og vrei på rattet. Han nådde ikkje ned til pedalane, men det gjorde ikkje noko. Jentene ropa og skreik. Dei låst som om bilen køyrde veldig fort. Slik leika dei ei lang stund. Fredrik tok til å bli lei av å lage motorlyd. Han keia seg. Var det noko meir han kunne finne på no som han var sjåfør? Fredrik såg seg om. Det var ei stong nede på golvet. «Handbremsa må av når vi køyrer,» sa far alltid. Det hadde Fredrik gløymt. Sjølvsagt måtte handbremsa av. Fredrik klarte å få bremsa laus. Øveord: Så heldt han fram med å rope: «BRRRRRR!» nådde Men det varte ikkje lenge før det vart keisamt igjen.
R
Kva var det for noko meir far gjorde når han var ute og køyrde, tru? Fredrik fekk auge på nøkkelen som stod i tenningslåsen. Spørsmål: Kva gjorde jentene bak på lasteplanet? Kva var det Fredrik klarte å få laus? 13
pedalane keia seg handbremsa tenningslås
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 14
SE
G
IN
ER
D
R
VU A PL
EM KS
Den hadde han ikkje prøvd! Fredrik var sjåfør. Han køyrde jentene på tur. Han kunne styre. Han kunne dra i handbremsa. Da kunne han sikkert køyre bilen eit lite stykke på ordentleg! Han lente seg fram og vrei nøkkelen varsamt om. Ingenting skjedde. Fredrik vrei ein gong til. No tok han hardare i. Da høyrde han eit lite «br-br» frå motoren. Jentene høyrde ingenting. Dei song og skråla bak på lasteplanet.
R
Dette var spennande! Tenk, han hadde nesten fått liv i motoren! Fredrik reiste seg opp for å få enda betre tak i nøkkelen.
Spørsmål: Kva kunne Fredrik gjere med bilen? Kvifor høyrde ikkje jentene kva Fredrik gjorde? 14
Øveord: ordentleg song og skråla lasteplanet
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 15
Han vrei og heldt nøkkelen hardt nede. Da vart det liv i motoren! Han sette i eit brøl, og bilen gjorde eit kjempebyks framover. Det gjorde Fredrik òg. Han vart slengd mot rattet. Han trefte hornet, slik at bilen tok til å tute. Bilen hoppa framover.
Øveord: kjempebyks hornet hulter til bulter sokkeleisten hakk i hæl
Jentene på lasteplanet ramla av stolane sine. Dei vart kasta hulter til bulter. Gjett om dei vart redde! Dei hylte som stukne griser. Bilen heldt fram med å bykse framover. Så trefte han kjellardøra med eit smell. Fredrik vart kasta bakover i setet. Så vart alt stille.
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Kva hadde skjedd? Der kom far springande i berre sokkeleisten med mor hakk i hæl. Far reiv opp døra på førarhuset. Der låg Fredrik. Han blødde frå eit stort kutt i panna. Jentene var like heile, men sette i gang med å hyle igjen da dei fekk auge på mor. Fredrik vart boren inn på kjøkkenet.
R
Spørsmål: Kva kolliderte bilen med? Kva hadde skjedd med Fredrik? 15
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 16
Mor vaska bort blodet og sette ein stor plasterlapp på såret. Fredrik kvikna snart til igjen.
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Far visste ikkje kva han skulle seie. Han var både glad og sint på ein gong. Han var glad fordi ingen av barna hadde vorte hardt skadde. Han var sint fordi Fredrik hadde øydelagt bilen. Bilen såg nemleg ikkje fin ut etter kollisjonen med kjellardøra. Men mor sa at far heretter fekk låse bilen skikkeleg. Dei hadde ein biltjuv i familien! Da tok Fredrik til å hyle! Han hylte og hylte! Han var ingen biltjuv! Tjuvar kom i fengsel. Dit ville ikkje han! Da lo mor og far. Politiet skulle ikkje få vite kva han hadde gjort.
Øveord: kvikna til kollisjonen heretter biltjuv
R
Spørsmål: Kvifor var far sint? Kvifor måtte far låse bilen heretter? 16
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 17
Ørnefjør Det er tidleg om morgonen. Både menneske og dyr søv enno. Det er eit kaldt drag i lufta. Hausten nærmar seg. Ut frå ei hole i fjellet kjem ein gut smygande. Han har stort, bustete hår og er kledd i skinn. Han har ikkje skor. I handa har han eit spyd, og han har piler og boge. Han ser seg godt rundt. Så spring han i full fart oppover fjellsida. Han stoppar ikkje før han er oppe på ei flat slette.
Øveord: kaldt drag bustete usynleg høvdingen stamma forsvare seg skaldyr
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Der kryp han saman, prøver å gjere seg usynleg. Guten heiter Ørnefjør. Han er son til høvdingen. Stamma han høyrer til, er ikkje så stor. Men dei er mange nok til å kunne forsvare seg mot villdyra og mot folk frå andre stammer. Dei lever av å fange fisk og skaldyr i havet og dyr på land.
R Oppgåve: Ørnefjør lever i steinalderen. Det er mange tusen år sidan vi hadde steinalder i Noreg. Skriv nokre setningar om korleis folk i steinalderen levde. Kva åt dei, kva slags klede hadde dei på seg, kvar budde dei, og korleis jakta dei? Spørsmål: Kva årstid trur du det er? Kven er faren til Ørnefjør? 17
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 18
Ørnefjør spring krumbøygd over sletta. Snart er han inne i skogen. Her snik han seg framover og prøver å halde seg gøymd bak dei store trea. Han vil ikkje bli oppdaga av nokon. Han er ute på eit farleg oppdrag. Storesyster hans, Embla, er komen bort. Ørnefjør meiner at det er hans skyld. Han skulle ha passa betre på henne.
Øveord: krumbøygd sanka sokken i jorda opphissa krigarar grubla humlebol førstemann
IN
ER
D
R
VU
Embla hadde vore borte i mange dagar. Ho vart berre borte ein dag kvinnene var ute og sanka honning. Folk i stamma hadde leita etter henne, men ho var som sokken i jorda. Dei vaksne meinte at skogguden hadde teke henne.
A PL
EM KS
SE
G
Men Ørnefjør ville ikkje gi seg så lett. I går kveld hadde nokre av mennene kome tilbake frå jakt. Dei hadde snakka opphissa om nokre rare dyr dei hadde oppdaga på ei lita slette. Men før dei hadde klart å kome inn på dyra, hadde det dukka opp ein flokk framande krigarar som hadde jaga dyra vekk.
R
Ørnefjør har grubla og tenkt i heile natt. Embla hadde sprunge i førevegen den dagen ho vart borte. Ho visste om eit stort humlebol. Bolet var i toppen av det høge eiketreet i utkanten av den store sletta. Ho ville vere førstemann dit, hadde ho sagt. Eika var ikkje langt unna sletta der mennene hadde oppdaga dei rare, framande dyra. Kanskje dei krigarane som vakta dyra, hadde teke Embla med seg? Spørsmål: Kvar var humlebolet Embla visste om? Kven kunne ha teke Embla med seg? 18
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 19
Ørnefjør er god til å følgje spor. Han vil sjå om han kan finne nokon teikn som kan føre han til dei underlege dyra. Han hadde ikkje fortalt nokon kvar han hadde tenkt seg. Han rekna med å vere tilbake før sola hadde kome midt på himmelbanen sin.
G
IN
ER
D
R
VU
Ikkje langt frå eika oppdagar han noko kvitt som heng fast på ei grein. Varsamt løyser Ørnefjør det kvite frå greina. Det ser nesten ut som fugledun. Det er godt og mjukt å ta på. Snart finn han fleire kvite dundottar. Han finn spor i mosen òg. Her har det gått mange dyr. Mosen er trakka ned. Slike spor har han aldri sett før. Ørnefjør blir ivrig. Han er på rett veg! Dei underlege dyra har vore her. Det er ikkje lenge sidan. Det er han heilt sikker på. Han kjenner på seg at dyra vil føre han til Embla. Ørnefjør speidar ivrig etter neste spor. Der borte i lysningen ser han fleire! Der er det greiner som er knekte. Ørnefjør spring vidare.
Øveord: himmelbanen fugledun dundottar speidar lysningen knekte
A PL
EM KS
SE
Han blir så ivrig at han gløymer å sjå seg for. Der! Der borte ser han dyra. Det er ein stor flokk med heilt kvite dyr.
R Oppgåver: Skriv fem av dei orda som har diftongen ei i seg. Skriv fire av dei orda som er verb. Skriv seks substantiv som passar til bileta av sauene. Spørsmål: Kva slags spor finn Ørnefjør? Kvar finn han den første dundotten? 19
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 20
Ørnefjør bestemmer seg for å felle eit av dyra. Dersom han tek eit av dei minste, klarer han nok å bere det heim til buplassen. Når krigarane ser dyret, vil dei bli med han tilbake og hjelpe han med å finne Embla. Far hans, høvdingen, vil forstå at det ikkje er skogguden, men framande krigarar som har teke Embla.
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Ørnefjør bråstoppar og blir ståande bom stille og berre glo. Skulle du ha sett noko så rart! Dyra spring ikkje sin veg. Dei held fram med å ete gras. Berre eitt av dyra gløttar opp og gir frå seg nokre rare lydar: «MEHE … MEEEHEEE.» Ørnefjør ler. For ein underleg lyd frå eit dyr! Han ser at dyra har mjuk og god pels. Han har aldri sett noko liknande. Den pelsen må gi god varme!
A PL
EM KS
Ørnefjør lyftar spydet, siktar på eit av dei minste dyra og sender spydet av stad med stor kraft. Den skarpe pilspissen borar seg inn i brystet på dyret. Dyret ramlar over ende og blir liggjande. Ørnefjør er svært nøgd med det kastet! Han spring bort til det døde dyret. Resten av flokken blir litt uroleg og flyttar seg eit stykke vekk, men ingen av dei rømmer. «Så underlege dyr!» tenkjer Ørnefjør. Han legg seg på kne framfor dyret og stikk hendene ned i den mjuke pelsen. Dette blir noko å kome heim med!
R
Øveord: bråstoppar gløttar opp liknande felle buplassen skogguden pilspissen borar over ende
Oppgåver: Forklar korleis dei framande, rare dyra ser ut. Skriv fire av dei orda som er verb. Spørsmål: Kva for eit av dyra bestemmer Ørnefjør seg for å drepe? Kva slags våpen drep han dyret med? 20
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 21
Ørnefjør tek tak i dyret og slengjer det opp på skuldra. Det er heldigvis ikkje så tungt. Ørnefjør rettar seg opp og ser seg rundt. Han blir stiv av skrekk! Han er ikkje åleine lenger. Ut av skogen kjem tre framande krigarar mot han. Dei siktar trugande på han med spyda sine.
Øveord: stiv av skrekk trugande bråsnur omringa fella
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Ørnefjør kastar frå seg dyret og bråsnur. Her er det berre éin ting å gjere: å springe sin veg det fortaste han kan! Men ut av skogen kjem det krigarar frå alle kantar. Ørnefjør er omringa! Han har gått rett i fella. Så dum han var! Tenk å gløyme dei framande krigarane.
R
Oppgåver: Skriv fem av dei orda som er substantiv. Skriv to setningar som passar til biletet. Spørsmål: Kvifor kan ikkje Ørnefjør springe sin veg? 21
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 22
Ein av krigarane kjem fram, tek armane hans og bender dei bak på ryggen hans. Krigaren surrar sterke skinntrådar rundt handledda hans. Så blir Ørnefjør dytta framover. Krigarane snakkar lågt saman, men Ørnefjør skjønar ikkje orda. Ørnefjør er redd. Kva vil dei gjere med han? Medan dei går, får Ørnefjør tid til å sjå på dei framande.
VU
Krigarane er lysare i håret enn folket hans er. Dei har skinnklede som han sjølv, men dei har ei slags trøye som ikkje er laga av skinn. Spyda deira er lengre og spissare enn hans. I ei reim rundt livet har dei flintknivar. Ørnefjør er berrføtt. Dei har mjuke skinnskor med solar under.
Øveord: bender handledda trøye flintknivar ulmar svartbrende stubbar bundne liggjande
IN
ER
D
R
Med eitt kjenner Ørnefjør sur røyklukt. Det ulmar og brenn rett framfor dei. Han oppdagar fleire menneske som slår med store kvister mot bakken. Det er berre nokre svartbrende stubbar att
A PL
EM KS
SE
G
Ørnefjør får seg ein kraftig dytt i ryggen. Krigaren seier noko. Ørnefjør skjønar at han må få opp farten. Han snublar av stad. Heldigvis går vegen nedover no. Det er ikkje så lett å gå med hendene bundne på ryggen. Så dukkar det opp fleire menneske. Det er mange barn og kvinner blant dei. Barna kjem springande. Dei glanar og peikar på Ørnefjør.
R
Ørnefjør får ikkje mykje tid til å sjå seg om på den store plassen dei er komne inn på. To krigarar tek tak i han og nesten ber han bortover. Dei dyttar han inn i ei hytte. Der blir han liggjande på golvet
Oppgåver: Skriv fem av dei orda som er samansette ord. Skriv seks av dei orda som har bokstaven d/D på plass først. Spørsmål: Korleis er dei framande krigarane kledde? Kvar kjem den sure røyklukta frå? 22
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 23
Det er halvmørkt. Det luktar stramt og vondt der inne. Det verkjer i handledda.
Øveord: stramt verkjer handledda sjekkar reipa takksamt beiteplassar innhegning
D
R
VU
Ørnefjør har lyst til å gråte. Han er redd. Han er sint på seg sjølv. Han, son til høvdingen, burde ikkje ha late seg fange. Han svelgjer klumpen i halsen. Høvdingsøner græt ikkje! Med eitt kjem ein gammal mann inn i hytta. Han har med seg ein bolle med vatn som han held mot munnen til Ørnefjør og lèt han drikke. Han sjekkar reipa rundt handledda hans. Han seier noko som Ørnefjør ikkje forstår. Så løyser han litt på reipa. Dei strammar ikkje meir! Ørnefjør ser takksamt på han. «Kva vil de meg?» spør Ørnefjør. Men den gamle ristar på hovudet og går ut.
EM KS
SE
G
IN
ER
Skinnet som dekte opninga på hytta, dreg han ikkje for. No kan Ørnefjør sjå alt som skjer på den store plassen. Det er mange menneske der. Alle arbeider. Berre dei aller minste barna spring rundt og leikar. Alt er så ulikt det han er van med. Folket hans har mange buplassar. Dei flyttar etter reinsdyra. Når dyra finn seg nye beiteplassar, flyttar menneska etter. Dei bur i holer og har ikkje så mange ting som folket her har.
A PL
Ørnefjør har aldri sett så mykje rart. Ein flokk med dei kvite, mjuke dyra blir jaga inn på plassen. Dei blir stengde inne i ei innhegning. Fem kvinner dukkar opp med store, spisse knivar. Dei dreg ut eit av dyra, pressar det ned på bakken og tek til å kutte i den mjuke pelsen. Store, kvite dottar dett ned på bakken.
R
Oppgåver: Skriv fem av dei orda som er adjektiv. Skriv åtte av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg. Spørsmål: Korleis luktar det inne i hytta? Kva gjer den gamle mannen? 23
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 24
Kvinnene arbeider raskt. Haugen med kvite dottar veks rundt dyret. Så får dei dyret på føtene. Ørnefjør må le da han ser det nakne, rare dyret som kjem fram frå haugen. Dei har teke pelsen frå dyret utan å drepe det! Det var lurt! Ørnefjør oppdagar med eitt ei ung jente. Ho har ein sekk på ryggen. Jenta bøyer seg ned og tek til å plukke opp alle dei kvite dottane.
IN
ER
D
R
VU
Ørnefjør trur han ser syner! Det er da Embla som går der blant kvinnene? Ho har framande klede på seg. Håret er annleis, men Embla er det! Han får lyst til å rope, men brått snur Embla seg mot hytta og ser rett på han. Ho legg fingeren over munnen og ristar forsiktig på hovudet. Så bøyer ho seg raskt og held fram med å plukke.
EM KS
SE
G
Ørnefjør skjønar ingenting. Her går Embla blant dei framande som om ho høyrer til her. Så vidt han kan sjå, er det ingen som passar på henne. Kvifor rømmer ho ikkje? Er ho her frivillig? Har ho drege frå dei og slått seg ned her?
A PL
Ørnefjør har tusen spørsmål han gjerne skulle ha hatt svar på med ein gong. Men Embla vil tydelegvis ikkje vise dei andre at ho kjenner han. Han får smørje seg med tolmod og vente.
R
Ørnefjør sovnar. Sola går ned, og det blir stille på den store plassen. Ørnefjør bråvaknar. Han er ikkje åleine. Det er nokon i hytta! Det er stappmørkt.
Oppgåve: Skriv fem av dei orda som er verb.
Øveord: haugen plukke blant annleis så vidt frivillig slått seg ned tolmod
Spørsmål: Kva har Embla på ryggen? Embla ser ikkje akkurat slik ut som da ho vart borte. Kva er annleis? 24
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 25
VU
ER
D
R
Før auga hans har vant seg til mørket, legg nokon ei hand over munnen hans og kviskrar inn i øyret hans: «Hysj! Det er eg, Embla!» Ørnefjør får lyst til å hyle av glede, men Embla pressar handa hardt mot munnen hans.
A PL
EM KS
SE
G
IN
«Ikkje sei eit ord!» kviskrar Embla. «Høyr godt etter: Eg er her heilt frivillig. Eg har vore her så lenge at eg skjønar språket deira. Kona til høvdingen og eg er gode venner. Vi møtte kvarandre nokre dagar etter at vi kom tilbake frå vinterbuplassen vår. Vi har møtt kvarandre i løynd mange gonger. Ho og folket hennar har vore her ei stund. Dei kjem frå ein stad langt borte. Dei har vore på vandring lenge. Der dei kjem frå, var det alltid krig og ufred. Dei vart stadig utsette for overfall frå andre stammer. Mange vart drepne i kamp.
R
Her vona dei å få leve i fred. Dei vart svært vonbrotne da dei oppdaga oss. Dei vil ikkje ha meir ufred.
Oppgåve: Skriv fem substantiv som passar til biletet. Spørsmål: Kvifor kan Embla språket til folket som Ørnefjør er fange hos? 25
Øveord: språket vinterbuplassen i løynd vandring ufred utsette vonbrotne
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 26
G
IN
ER
D
R
VU
Dei vil ikkje gjere oss noko. Berre kona og sonen til Øveord: høvdingen veit kven du er. Dei vil sleppe deg fri no i natt. angre Du skal gå tilbake og fortelje far, høvdingen, soloppgang det du no har fått høyre. Folket her har mykje å lære oss. buplassen Dersom vi lèt dei vere i fred, kjem vi aldri til å angre på det. svikte nokon Høvdingen for dette folket vil møte far under den store eika. Han vil vere der ved soloppgang om to dagar. Eg blir med og hjelper til. Eg kan språket deira. Sei til far at eg aldri kjem tilbake dersom han nektar å møte. Eg har mykje å fortelje, men no må du kome deg av stad. Sonen til høvdingen vil følgje deg eit stykke på veg. Du kan stole på han. Han vil ikkje gjere deg noko vondt. Du må gjere akkurat som eg har sagt, elles får du aldri sjå meg att!” Embla tek handa vekk, kuttar reimane Ørnefjør er bunden med, og hjelper han på føtene. Embla tek eit godt tak i han. Ho leier han ut av hytta. Dei stoppar og lyttar. Men alt er stille og roleg. Både menneske og dyr søv. Embla leier han til baksida av hytta. Der står skogen tett og mørk.
A PL
EM KS
SE
Dei kjem inn på ein smal stig. Embla går først og viser veg. Ørnefjør følgjer tett etter. På åsen ved buplassen møter dei sonen til høvdingen. Embla seier at han heiter Dag. Dag ser lenge på Ørnefjør. Så nikkar han. Han legg begge hendene på skuldrene til Ørnefjør. Ørnefjør gjer det same med Dag. Dei vil vere venner. Dag har ein sekk med seg. Den gir han til Ørnefjør.
R
Så tek Dag til å gå. Han gir teikn til Ørnefjør om å følgje etter. «Dag må vere tilbake her før nokon oppdagar at du er borte,» seier Embla. «Hugs no alt eg har sagt! Svikt meg ikkje!» Dag går fort. Ørnefjør må nesten springe for å halde følgje. Oppgåver: Skriv dei tre orda som er særnamn. Skriv fem av dei orda som har bokstaven b/B på plass først. Spørsmål: Kvar møter dei Dag? Korleis viser Dag og Ørnefjør at dei vil vere venner? 26
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 27
R
VU SE
G
IN
ER
D
Turen tilbake går raskt unna. Snart er dei ved den store eika der dei skal møtast att om to dagar. Dag ser lenge på han og seier sakte på språket til Ørnefjør: «Gløym ikkje lovnaden din!» Ørnefjør ser undren på han. Korleis har han lært seg språket hans? «Embla,» seier han og smiler. Han helsar og går lydlaust inn i skogen att.
A PL
EM KS
Ørnefjør snik seg stille ned stigen. Snart står han framfor inngangen til hola der heile stamma søv. Vakthundane på utsida reiser seg og pip. Dei snusar ivrig på sekken han ber. Sekken! Den har han nesten gløymt. Han kikar nysgjerrig ned i han. Dag har gitt han den mjuke, kvite pelsen til dyret han drap! No har han noko å vise far, høvdingen, i morgon. Ørnefjør listar seg inn og finn soveplassen sin inst i hola.
Øveord: lovnaden lydlaust vakthundane nysgjerrig soveplassen
R
Han vaknar av at høvdingen ropar på han. Høvdingen er sint. Han vil vite kvar Ørnefjør har vore. Han har vore lenge borte. Dei har vore redde for han. Tenk om skogguden hadde teke han òg. Spørsmål: Kven held vakt framfor inngangen til hola? Kvar er soveplassen til Ørnefjør? 27
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 28
R
VU G
IN
ER
D
Ørnefjør reiser seg fort opp og gnir søvnen ut av auga. Han ser seg litt forvirra rundt. Han burde ha vore oppe før alle vakna. Han har forsove seg. Høvdingen krev ei forklaring på kvar han har vore.
A PL
EM KS
SE
Men Ørnefjør hugsar lovnaden sin. Han skundar seg bort til faren. Han må få han med seg ut, slik at ingen høyrer kva han har å seie. Høvdingen skjønar at Ørnefjør har noko viktig å fortelje. Han tek Ørnefjør i armen og dreg han med seg bort til svaberget heilt nede ved sjøen. Berget er fullt av teikningar som folket deira har hogge inn gjennom mange år. Det er bilete av dyra dei driv jakt på.
R
Ørnefjør har med seg sekken med det kvite skinnet. Han dreg fort fram skinnet, gir det til faren og tek til å fortelje. Faren sit heilt stille og høyrer på det Ørnefjør fortel. Ørnefjør prøver å hugse alt han har sett og høyrt. Spørsmål: Kvar går Ørnefjør og faren for å snakke? Kva er hogge inn i fjellet nede ved sjøen? Kva gir Ørnefjør til høvdingen? 28
Øveord: gnir søvnen ut av auga forsove seg svaberget skinnet
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 29
Øveord: skjegget summar seg klok tale føre lykke med seg
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Høvdingen klør seg i skjegget og klappar på det mjuke skinnet. Han tenkjer lenge. Så rettar han seg opp, ser skarpt på Ørnefjør og seier: «Kva meiner du, krig eller vennskap?» Ørnefjør ser undren på faren. Det er visst første gongen han har vorte spurd om råd. Ørnefjør summar seg, ser faren rett i auga og seier: «Vi må møte dei og snakke med dei. Dei verkar fredelege og vennlege, men dei har mange krigarar. Dei er nesten like mange som vi. Går vi til krig mot dei, vil mange bli drepne. Dei har mykje å lære oss. Eg seier vennskap.» Ørnefjør ser spent på faren. Har han sagt for mykje?
A PL
Høvdingen nikkar: «Det var klok tale. Eg vil møte dei. Du og to krigarar skal vere med. Ingen andre! Vi må ha med gåver. Du held deg her til vi skal dra.» Høvdingen reiser seg. Han tek det kvite skinnet og går sin veg. Ørnefjør blir sitjande att. Han tek opp ein skarp stein og tek til å hogge i fjellet. Han vil hogge eit bilete av det kvite dyret. Det vil føre lykke med seg.
R
Oppgåve: Skriv fem ord som har diftong i seg. Spørsmål: Kven skal vere med på møtet ved eika? 29
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 30
G
IN
ER
D
R
VU EM KS
SE
Endeleg er tida inne! Ørnefjør, høvdingen og to krigarar er på veg til den store eika. Det er like før soloppgang. Ørnefjør er spent og redd. Tenk om han har teke feil! Tenk om dei går rett i ei felle!
A PL
På toppen av den bratte bakken dukkar plutseleg Embla opp. Ho har venta på dei. Høvdingen er glad over å sjå henne i live. Under den store eika skimtar dei tre menneske. Embla går først og viser veg. Det er ei eldre kvinne, ein krigar og Dag som ventar på dei. Ørnefjør blir vonbroten. Kvar er høvdingen for folket deira? Dag kjem fram og helsar. Øveord: Embla omset til deira språk det han seier: skimtar Høvdingen er sjuk og gammal. Han orka ikkje å gå så langt.
R
omset orka
Oppgåve: Skriv seks verb som passar til biletet. Spørsmål: Kor mange krigarar har Dag med seg? 30
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 31
Det er han, Dag, som snart skal bli den nye høvdingen. Derfor møter dei han. Kvinna som er med, er mor til Dag. Ho heiter Abu. Det var Abu Embla hadde møtt først. Det er ho som har tenkt ut fredsplanen. Abu har stor makt. Folket deira lyttar til henne.
Øveord: fredsplanen tamme svir av forsyne seg
IN
ER
D
R
VU
Dei set seg under eika. Dei gir kvarandre gåver. Gåva frå høvdingen er eit flott ulveskinn. Dag gir bort enda eit kvitt skinn, større og finare enn det Ørnefjør fekk med seg. Embla forklarer kvifor Dag og folket hans ikkje vil og kan flytte. Dei har store flokkar med tamme dyr. Dyra gir dei mat og klede. Dei svir av skogen, hakkar opp jorda og legg frø i henne. Om sommaren veks det opp store planter med korn, og av kornet lagar dei noko som dei kallar brød. Derfor må dei halde seg på den same staden heile året.
A PL
EM KS
SE
G
Dei snakkar lenge saman. Til slutt blir dei samde om at dei ikkje skal forstyrre kvarandre. Dei skal møtast tre gonger i året og byte skinn og mat. Tamdyra skal ingen frå stamma til Ørnefjør røre. Dyra dei fangar i dyregravene sine, skal ingen frå stamma til Dag forsyne seg av. Abu har tenkt på det meste.
R Spørsmål: Kven har tenkt ut fredsplanen for dei to stammene? Kor mange gonger i året skal dei to stammene møtast? 31
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 32
Abu har fått det som ho vil. Men ho har meir på hjartet. Dei må ha noko som gjer at dei korkje kan eller vil bryte avtalen dei no er vortne samde om. Embla fortel at Abu har hatt speidarar ved buplassen deira lenge. Ho lokka Embla med seg. Abu veit mykje om dei. Høvdingen blir både sint og redd over det han får høyre.
Øveord: ha noko på hjartet korkje avtalen speidarar træl uskadde vinterbuplassen
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Abu vil at Dag skal få Embla til kone. Det vil binde folka deira saman. Høvdingen fyk opp. Embla skal så visst ikkje flytte frå dei. Han, høvdingen, har for lenge sidan bestemt kven som skal få henne til kone. Abu roar høvdingen ned. Da Ørnefjør drap eit av dyra deira, vart han teken til fange. Han fekk gå tilbake til folket sitt fordi han var sonen til høvdingen. Dei kunne ha teke han som træl. Stamma deira er sterkare og større enn deira. Det er mange trælar hos dei. Krigarane passar godt på trælane. Det er ikkje lett å rømme. Abu vil ikkje ha dei som fiendar. Derfor kom både Embla og Ørnefjør uskadde tilbake.
A PL
Embla vil gjerne ha Dag til mann. Ho liker han og folket hans. Ho har lært mykje som også kan kome hennar folk til nytte. Som kona til Dag vil ho få står makt. Høvdingen gir seg. Han veit at når Embla har bestemt seg for noko, er ho ikkje til å rikke. Embla vil vere heime hos dei til dei skal dra til vinterbuplassen.
R
Ho vil at dei skal lage ein stor fest for Dag og Abu og folket deira. Embla vil vise Abu at folket hennar også har noko å lære bort. Oppgåver: Skriv seks av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg. Skriv verb som passar til biletet på neste side. Spørsmål: Kven vil Embla ha til mann? 32
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 33
Ho vil vise fram alle dei vakre krukkene dei har, og dei flotte skinnfellane som held dei varme om nettene. «Vi har mykje å vere stolte av,» seier Embla. Dei skilst som venner. Dei skal møtast til fest om nokre dagar. Abu og Dag går tilbake til buplassen i skogen. Høvdingen, Embla og Ørnefjør dreg ned til buplassen ved sjøen. Høvdingen fortel om avtalen han har gjort. Nokre av krigarane hissar seg opp og vil heller slåst. Men da dei får høyre at dei framande har halde auge med dei i heile sommar utan at dei har oppdaga det, blir dei tagale og skamfulle.
VU
ER
D
R
Så blir det fest. Krigarane har felt fleire store villsvin. Kvinnene har henta fisk og skjeler frå sjøen. Dei har sanka bær og røter i skogen. Plassen framfor hola er feia og rydda.
Øveord: skinnfellane avtalen hissar seg opp tagale skamfulle skjel – skjeler vennskapen
A PL
EM KS
SE
G
IN
Gjestene kjem med gåver. Alle får ete seg gode og mette. Dei syng og dansar til langt på natt. Ørnefjør, Embla og Dag er glade for at folka deira ser ut til å trivast saman. No er det opp til dei å sørgje for at vennskapen og freden varer.
R
33
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 34
Guds gjøglar
Øveord: underhalde hertugar legende Sorrento portromma sjonglerte eggfrukter kundar
Sirkus er inga ny oppfinning. Det har alltid vore folk som har reist rundt og underhalde menneske. Kongar, keisarar og hertugar hadde alltid gjøglarar når dei hadde festar på slotta sine. Her skal du få høyre ei legende om ein gjøglar eller klovn som reiste rundt i Italia for lenge, lenge sidan.
SE
G
IN
ER
D
R
VU
I byen Sorrento i Italia budde ein liten gut som heitte Giovanni. Han hadde korkje mor eller far. Kleda hans var berre filler, han måtte tigge mat, og om natta sov han i portromma. Likevel var han lykkeleg, for han kunne noko som ingen andre kunne. Kvar dag stod han ved sida av bua til signore Baptista, som selde frukt og grønsaker. Der viste Giovanni kunstane sine. Han sjonglerte med sitronar og appelsinar, eple og eggfrukter, til og med graskar.
A PL
EM KS
Mange menneske kom for å sjå på, og da Giovanni var ferdig, handla dei hos signore Baptista. Giovanni fekk ein bolle varm suppe av kona til signore Baptista. Baptista fekk kundar, Giovanni fekk mat. Det var ei fin ordning.
R
Ein dag kom eit sirkus til byen. Giovanni vart aldri lei av å sjå på alle dei flinke artistane. Dei song og dansa, og så hadde dei så vakre klede. Oppgåver: Skriv åtte av dei orda som er substantiv. Skriv fem av dei orda som er verb. Skriv tre av dei orda som er adjektiv. Spørsmål: I kva for ein by budde Giovanni? Kva sjonglerte Giovanni med? 34
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 35
«Jau,» sa Giovanni for seg sjølv, «dette er noko for meg.» Da framsyninga var slutt, gjekk Giovanni rett til sjefen for sirkuset, meisteren, som dei kalla han, og snakka med han. «Nei,» sa meisteren, «eg har ikkje bruk for ein fillefrans! Gå ein annan stad og tigg!»
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
«Men det er mykje eg kan gjere,» sa Giovanni. «Eg kan hjelpe til med å pakke ned alle tinga og ta dei opp att. Eg kan passe på eselet. Å, meister, eg kan gjere kunststykke òg.» Giovanni sette i gang med å sjonglere. Meisteren såg på. «Det var sanneleg ikkje verst,» sa han. «Dersom du held på ei stund, blir du riktig god. Men eg gir deg ikkje pengar! Ein stad å sove og ein bolle nudlar, det er alt du kan få. Men du får jo vere saman med dei finaste artistane i Italia!» «Flott!» sa Giovanni. «Gå og hent sakene dine. Vi reiser om ein time,» sa meisteren. Så sa Giovanni farvel til signore og signora Baptista. Frå no av skulle han reise rundt i landet og vise fram kunstane sine. Ikkje lenge etter gav meisteren han ei fin drakt som han skulle opptre i.
Øveord: fillefrans kunststykke nudlar artistane opptre
R Oppgåve: Skriv minst seks substantiv som passar til biletet. Spørsmål: Kva skulle Giovanni få som lønn av meisteren? 35
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 36
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU R
Snart kom det mange for å sjå på kunstane til Giovanni. Han måla seg som ein klovn i ansiktet. Like før framsyninga skulle byrje, sprang han ut framfor sceneteppet, bukka djupt, opna ei fargerik veske, rulla ut ei matte, og vips, så var han i gang. Han sjonglerte med tryllestavar og tallerkenar. Oppgåve: Skriv minst seks adjektiv som passar til biletet. Spørsmål: Korleis måla Giovanni seg i ansiktet? 36
Øveord: sceneteppet fargerik
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 37
Så la han tallerkenane på toppen av tryllestavane og snurra dei rundt. Køller og ringar og brennande faklar kasta han opp i lufta. Til slutt kasta han med ballar: ein raud, ein oransje og ein gul. Han kasta fleire ballar: ein grøn, ein blå, ein fiolett. Det såg ut som om han trylla fram sjølvaste regnbogen. «No kjem sola på himmelen!» ropa han. Han tok opp ein skinande, gyllen ball og kasta han høgare og høgare, fortare og fortare. Folk jubla og klappa!
Øveord: fiolett gyllen kryss og tvers klovnefjeset kvitta seg med skinande tilskodarane
ER
D
R
VU
Giovanni vart berømt, og det varte ikkje lenge før han sa farvel til sirkusartistane og drog ut på eiga hand. Han reiste rundt i Italia, på kryss og tvers. Draktene hans vart finare og finare. Men klovnefjeset kvitta han seg aldri med.
A PL
EM KS
SE
G
IN
Alle ville sjå kunstane hans. Hertugar og prinsar inviterte han til slotta sine. Giovanni viste alltid dei same kunststykka: først tryllestavane, så tallerkenane, køllene, ringane og brennande faklar. Etterpå ballar i alle fargar, akkurat som ein regnboge, og til slutt «Sola», den gylne, skinande ballen som han kasta høgare og høgare. Tilskodarane lo og klappa og jubla. Alle stader der Giovanni var, vart det glede og latter. Alle vart i godt humør av å sjå på kunstane til Giovanni.
R
Det gjekk mange år. Giovanni hadde gjort mange menneske glade og lykkelege. Han hadde hatt eit godt liv. Man da Giovanni vart gammal, vart det slutt på dei gode dagane.
Oppgåve: Skriv verb som fortel kva Giovanni gjorde med tryllestavane, tallerkenane, køllene, ringane, faklane og ballane. Spørsmål: Giovanni fekk finare og finare klede, men kva ville han ikkje kvitte seg med? 37
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 38
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU R
Giovanni vart trist til sinns. Likevel heldt han fram med kunststykka sine. Men ein dag glapp «Sola» ut av hendene hans, og regnbogen styrta i bakken. Folk rundt han lo. Men dei lo ikkje av begeistring.
A PL
Folk stoppa ikkje lenger for å sjå på han. «Det er berre den gamle klovnen som gjer kunstane sine. Vi har sett alt saman før,» sa dei.
Øveord: trist til sinns begeistring
Oppgåve: Skriv fem verb, fem adjektiv og fem substantiv som passar til biletet. Spørsmål: Kva skjedde da Giovanni vart gammal? 38
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 39
Til slutt gjorde folk noko frykteleg: Dei tok grønsaker og steinar og kasta på han! Gamle Giovanni måtte kome seg unna så fort han orka.
Øveord: orka klovnemaska portrom høgda
Nede ved stranda vaska Giovanni av seg klovnemaska. Han pakka ned tryllestavar og tallerkenar, køller, ringar og ballar, og til slutt den fine drakta. Han skulle aldri gjere kunststykke meir.
R
VU
Dei få pengane han hadde, vart snart brukte opp. Kleda hans vart til filler, og han måtte tigge mat. Han sov i portrom, slik han hadde gjort da han var barn. «Det er på tide å gå heim,» sa den gamle mannen trøtt. Giovanni sette kursen mot Sorrento.
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
Ei kald vinternatt kom han omsider fram. Vinden blåste kraftig, og regnet var iskaldt. På høgda over byen fekk han auge på kyrkja. Giovanni gjekk dit. Det var mørkt og stille overalt. Kyrkjedøra var ikkje låst. Giovanni opna døra og kom seg inn. Våt og kald kraup han saman i eit hjørne. Han var svært trøtt, og snart sov han.
R Oppgåver: Skriv fem av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg. Set raud strek under vokalane i dei orda du har skrive. Spørsmål: Kva måtte Giovanni gjere for å få mat da han ikkje hadde fleire pengar att? Kvar gjekk Giovanni da han ville heim? 39
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 40
Giovanni vart vekt av musikk. Levande lys stråla og lyste opp heile kyrkja. Kyrkja var full av menneske som song. Giovanni kunne nesten ikkje tru sine eigne auge. Alt var så vakkert. Prestar, munkar og folk frå byen gjekk gjennom kyrkja og opp til ei stor biletstøtte av ei mor med barnet sitt. Alle hadde lys og gåver i hendene. Gåvene la dei framfor mora og barnet.
D
R
VU
«Kva er dette for noko?» spurde Giovanni ei dame som stod ved sida av han. «Å, gamle mann, det er jo fødselsdagen til det heilage barnet. Derfor kjem folk med gåver til han.» Giovanni stira undren på alt som hende. Men snart var den vakre songen over. Så vart kyrkja stille og mørk igjen. Men rundt mora med barnet skein alle lysa folk hadde tent.
Øveord: munkar biletstøtte det heilage barnet sørgmodig kyrkjetenaren forfærd
EM KS
SE
G
IN
ER
Giovanni gjekk nærmare den store biletstøtta. Barnet, som mora heldt, verka så alvorleg, så sørgmodig. «Å, heilage mor,» sa Giovanni. «Eg skulle ønskje eg også hadde noko å gi. Barnet ditt ser så alvorleg ut, sjølv om han har fått så mange vakre gåver. Men vent litt! Ein gong fekk eg jo folk til å smile.»
A PL
Giovanni opna veska si og tok ut den gamle drakta. Han måla seg i ansiktet så han vart klovn igjen! Han bukka, rulla ut den vesle matta og tok til å gjere kunstane sine. Først kom tryllestavane. Så tallerkenane. Etterpå balanserte han tallerkenane på toppen av tryllestavane. Til slutt tok han køllene og ringane.
R
Akkurat da kom kyrkjetenaren for å låse dørene for natta. Han såg kva Giovanni gjorde, og vart heilt forfærd! Oppgåver: Skriv fem av dei orda som er verb. Skriv dei fem orda som er substantiv med bokstaven m/M på plass først. Spørsmål: Kva vart Giovanni vekt av? Kva for ein kveld trur du det var? 40
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 41
G
IN
ER
D
R
VU SE
Slike kunstar passa det seg ikkje å gjere i ei kyrkje! Kyrkjetenaren styrta av garde etter presten. «Kom, kom – det er nokon som vanhelgar kyrkja! Kom med ein gong!» Men Giovanni korkje høyrde eller brydde seg om kyrkjetenaren.
EM KS
Øveord: vanhelgar
A PL
«Og no,» sa Giovanni og smilte opp mot barnet: «Først den raude ballen, så den oransje, deretter den gule, og den grøne, blå og fiolette.» Rundt i ring og opp i lufta for alle ballane, og snart likna dei ein regnboge. «Til slutt skal eg trylle fram sola på himmelen!» Den skinande ballen for opp og rundt og rundt, høgare og høgare. Giovanni hadde aldri vore så dyktig i heile sitt liv. Høgare og høgare, fortare og fortare.
R
Oppgåve: Skriv fem ord som passar til biletet. Spørsmål: Kva skulle Giovanni trylle fram til slutt? 41
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 42
Eit bluss av fargar fylte lufta. Det var fantastisk! Hjartet til Giovanni hamra av glede! «Eg gjer det for deg, vesle barn! For deg!» ropa Giovanni. Da med eitt gjekk det gamle hjartet i stå. Giovanni fall død om på golvet.
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Presten og kyrkjetenaren kom styrtande inn. Dei bøygde seg over Giovanni, og presten sa: «Den stakkars klovnen er død. Må sjela hans få kvile i fred.» Men kyrkjetenaren rykte bakover. Med vidopen munn stira han på biletstøtta av jomfru Maria og barnet. «Sjå!» sa han og peika. «Sjå!» Barnet sat og smilte – med den skinande ballen i handa. Frå ei gammal historie
attfortald av Tomie de Paola
A PL R Oppgåve: Skriv fem adjektiv, fem verb og fem substantiv som passar til biletet. Spørsmål: Kven kom styrtande inn i kyrkja? 42
Øveord: eit bluss hjartet i stå sjela
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 43
Oppfinningar Du har sikkert lese om Petter Smart i «Donald Duck». Petter Smart finn opp dei forunderlegaste ting. Somme gonger er han heldig med oppfinningane sine, andre gonger går dei heilt gale. Det finst mange verkelege oppfinnarar òg. Så lenge menneska har vore på jorda, har det vore folk som har funne opp ting, ting som har gjort livet litt lettare for menneska.
Øveord: forunderlegaste oppfinningane elden oppdaginga reiskapar villdyra tamde slede Mesopotamia
ER
D
R
VU
Elden har alltid vore på jorda. Den viktigaste oppdaginga menneska har gjort, er korleis dei kunne bruke og lage eld. Menneska fekk lys og varme frå elden. Dei kunne koke og steikje mat på elden. Elden kunne brukast når dei skulle lage reiskapar som dei trong.
G
IN
Dyra klarer seg utan eld, men det gjer ikkje menneska. Elden skremmer villdyra. Der det er store bål, held villdyra seg borte
A PL
EM KS
SE
Menneska har alltid laga ulike slag våpen og reiskapar. Dei bygde seg hytter og hus. Dei laga båtar og store flåtar for å kome seg fort fram. Dei laga klede så dei slapp å fryse. Dei tamde dyr så dei fekk husdyr. Dei dyrka opp jorda til åkrar med nyttige matplanter. Til slutt fann dei opp hjulet. Mange seier at det er den viktigaste oppfinninga som er gjord. Ingen veit når og kvar hjulet vart oppfunne. Det er funne nokre veldig gamle teikningar av ein slede med to rundingar på sida i Mesopotamia i Irak. Teikninga er over 5000 år gammal.
R
Spørsmål: Kva kan skremme villdyra vekk? Kvar er det funne teikningar av nokre rundingar som kan vere hjul? 43
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 44
Leonardo da Vinci
Øveord: liv einebarn bortskjemd speloppar fantestrekar kunstmålaren
Det har alltid vore folk som har vore klokare og meir oppfinnsame enn andre. Vi kjenner ikkje namnet på alle som har gjort viktige oppdagingar. Det har vore så mange. Men ein av dei mest berømte vi kjenner til, heitte Leonardo da Vinci. Han levde til han vart 67 år. Da han døydde, hadde han funne opp og laga så mange ulike ting at det verka som han hadde levd ti liv i staden for eitt.
D
R
VU
Han vart fødd i Italia i 1452. Far hans var ein rik mann. Leonardo var einebarn og vart nok litt bortskjemd, men det blir sagt at han var klok og snill. Ingen klarte å bli skikkeleg sint på han, enda han var ein meister i å finne på speloppar og fantestrekar.
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
Leonardo var svært glad i å teikne og måle. Da far hans oppdaga kor god han var, fekk han gå i lære hos den flinkaste kunstmålaren i byen. Denne målaren var flink til mange andre ting òg. Han meinte det var viktig å lære seg matematikk og musikk. Dess meir ein visste, dess flinkare målar vart ein. Så Leonardo fekk ikkje berre målarundervisning, han lærte mykje som han seinare skulle få bruk for.
R Oppgåver: Skriv to av dei orda som er substantiv, og som har fleirtalsform. Skriv fem av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg. Spørsmål: Når og kvar vart Leonardo da Vinci fødd? 44
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 45
Korleis kan vi som lever no, vite så mykje om ein mann som levde for fem hundre år sidan? Leonardo skreiv dagbok. Det vart mange dagbøker med åra. I dagboka skreiv han ikkje berre kva han hadde gjort og vore med på. Han noterte også ting han tenkte på, og teikna det han ville lage. Mange av dagbøkene er dessverre komne bort, men likevel er det ein god del att. Leonardo såg for seg fleire ting som vitskapsmennene først klarte å lage 450 år seinare.
Øveord: dagbok dessverre løyndommen keivhendt arabisk spegelskrift fyrstar tilsett verdskrigen
A PL
EM KS
SE R
Det levde mange fyrstar og småkongar i Italia på Leonardo si tid. Dei var stadig i krig med kvarandre. Leonardo vart tilsett hos ein av desse fyrstane. Her fann han opp mange fæle våpen som liknar på dei som vart brukte i den andre verdskrigen 450 år seinare.
G
IN
ER
D
R
VU
Mange av sidene i dagbøkene til Leonardo er det nesten uråd å lese. Det var nok visse ting han ikkje ville at andre skulle lese. Derfor skreiv han med hemmeleg skrift. Først to hundre år seinare fann nokon ut av løyndommen hans. Leonardo var keivhendt. Derfor var det lettare for han å skrive frå høgre mot venstre, akkurat som på arabisk. Held ein boka opp framfor ein spegel, kan ein lese det han har skrive. Leonardo skreiv spegelskrift. Smart, ikkje sant? Forresten lærte han seg å skrive med høgrehanda òg. Han syntest det var greitt å kunne begge delar.
Oppgåver: Skriv fem av dei orda som er verb. Skriv fire av dei orda som har diftong i seg. Spørsmål: Korleis kan vi vite så mykje om Leonardo da Vinci? Kva slags skrift brukte Leonardo når han skreiv hemmelege notat? 45
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 46
Leonardo da Vinci fann opp ei dykkarklokke, slik at folk kunne arbeide under vatn utan å drukne. Han laga bruer som kunne flyttast dit det var bruk for dei. I dei gamle, tronge byane vart det ofte trafikkork. Det var altfor mange menneske og hestar som skulle fram på same tid. Derfor laga Leonardo teikningar til ein «trafikkmaskin» med vegar som går over kvarandre på bruer. Men ingen har klart å byggje slike vegar før i vår tid. No har alle store byar eit slikt system.
Øveord: dykkarklokke trafikkork system propellen modell hjelparane fiasko
R
VU
Leonardo laga også teikningar til store undervassbåtar, men dei øydela han etter ei stund. Menneska var altfor slemme mot kvarandre til at dei fortente ein slik løyndom, meinte han.
IN
ER
D
Han studerte korleis fuglane flaug i lufta. Slik skulle menneska også gjere ein gong, meinte han. Han laga skisser som liknar på helikoptra vi har i dag.
EM KS
SE
G
Leonardo klarte ikkje å finne opp ein motor. Derfor fekk han ikkje flyet sitt opp i lufta. Han fann opp propellen. Det hadde ingen gjort før. Men fordi det ikkje fanst nokon motor til å dra han rundt, var han like langt.
A PL
Han tenkte seg at føraren av eit fly skulle liggje under propellen i eit slags røyr og ro flyet framover. Det blir fortalt at han laga ein modell av flyet. Han frakta modellen i løynd opp på taket på den høgaste bygningen i byen. Ingen av hjelparane hans våga å prøve flyet. Derfor gjorde han det sjølv. Flyturen vart ein fiasko, og Leonardo gjorde ikkje fleire forsøk.
Spørsmål: Kvifor øydela han teikningane sine av undervassbåtar? Kvifor fekk ikkje Leonardo propellflyet sitt opp i lufta? 46
R
Oppgåve: Skriv minst fire av dei orda som har språklyden ng i seg.
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 47
SE
G
IN
ER
D
R
VU A PL
EM KS
Leonardo var også svært nyfiken etter korleis menneska såg ut under huda, og korleis skjelettet, musklane, ledda, hjartet og hjernen verka. Han fann ut det meste ved å studere døde menneske.
R
Det Leonardo er mest kjend for, er målarstykka sine. Han blir enno rekna for å vere ein av dei mest dugande kunstmålarane som har levd. Bileta hans heng strengt vakta på ulike museum i dag. Kvart bilete er verd mange millionar kroner. Eit av dei mest berømte bileta i verda er måla av Leonardo da Vinci. Det heiter «Mona Lisa».
Oppgåve: Skriv minst ti ord som passar til biletet. Spørsmål: Kva heiter eit av dei mest berømte målarstykka i verda? 47
Øveord: nyfiken ledda vakta
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 48
Øveord: Louvre skottsikkert bolta sluser
R
VU
Her ser du ei teikning etter målarstykket «Mona Lisa». Leonardo da Vinci brukte fire år på å måle det. Han var ferdig med det i 1507.
EM KS
SE
G
IN
ER
D
Kongen av Frankrike kjøpte biletet og hengde det opp i Louvre. Den gongen var Louvre eit slott, no er det museum. Der heng biletet enno i dag bak skottsikkert glas, godt bolta fast i veggen. Kjem du til Paris, kan også du få sjå biletet av dama med det gåtefulle smilet. Men du må ha god tid. Køen av menneske som vil sjå biletet, er alltid lang, same kva dag eller årstid det er.
A PL
Da Leonardo da Vinci vart gammal, vart han lam i begge armane, men han var like klar i hovudet. Rett før han døydde i 1519, tenkte han ut ein kanal med store sluser, slik at dei store skipa kunne segle frå havet og oppover dei lange elvane. Det gjer båtane i dag etter modellen til Leonardo.
Oppgåver: Ordet lam kan tyde to ting. Skriv dei to tinga. Skriv fire av dei orda som har språklyden ng i seg. Spørsmål: Kvar kan du sjå målarstykket «Mona Lisa»? 48
R
Her ser du ei teikning etter eit bilete som Leonardo da Vinci teikna av seg sjølv da han var 60 år gammal. Biletet heng i det kongelege slottet i Torino.
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 49
Sykkelen
Øveord: køyretøy trehest framhjul ramme
I Frankrike for 200 år sidan laga ein mann eit rart køyretøy med to hjul. Han kalla køyretøyet for sykkel. Det såg ut som ein trehest med to hjul på. Sykkelen hadde ikkje pedalar, bremser eller styre. Folk sat på trehesten og sparka seg framover med føtene.
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Åra gjekk, og andre oppfinnarar laga syklar som etter kvart tok til å likne på dei syklane vi har i dag. I 1870 kunne folk få kjøpt syklar for første gong. Sykkelen hadde eit stort framhjul og eit lite bakhjul. Eit sete var festa høgt oppe på ei ramme. Det var berre dei aller modigaste som våga å sykle på desse syklane. Sykkelen hadde nemleg ikkje bremser. Når folk ville stoppe, måtte dei hoppe av i fart. Sykkelen vart kalla veltepetter.
R Oppgåve: Skriv tre substantiv som har med sykkel å gjere. Spørsmål: Når og kvar vart den første sykkelen laga? Kva mangla dei første syklane som vart selde? 49
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 50
VU
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
Ein varm søndag ettermiddag i august 1876 var to gamle damer ute og gjekk på ein smal kjerreveg. Dei var på veg heimover. Dei to damene hadde vore på besøk nede i bygda. Dei budde på ein av dei øvste gardane oppe i lia. Vegen slyngde seg forbi åkrar og grøne enger. Damene gjekk og småprata og koste seg i det fine vêret. Med eitt fekk dei auge på ein underleg skapning. Skapningen kom svevande over ein kornåker. Han hadde kurs rett mot dei! Skapningen gjekk ikkje. Han sveva høgt over bakken. Han var kvit og hadde ikkje føter. Han hadde ein frykteleg fart. Han var lydlaus. Uhyret kom nærmare og nærmare. Damene klamra seg til kvarandre og hylte av skrekk. Dei var sikre på at den siste timen deira var komen! Ingen av dei våga å sjå på dette fryktelege som var på veg mot dei. Dei gamle damene hylte og hylte: Øveord: kjerreveg «Hjelp … HJELP … HJELP!»
R
Oppgåve: Skriv dei seks orda som har bokstaven h/H på plass først. Spørsmål: Korleis var vêret denne dagen? 50
enger skapning uhyret siste timen fryktelege
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 51
Til slutt var det ikkje meir pust att i nokon av dei. Dei kika forsiktig opp, sikre på at no, no kom spøkjelset og tok dei! Men uhyret var borte. Det var ikkje eit spor å sjå nokon stad.
VU
Sola skein, og fuglane kvitra. Alt var som det brukte å vere. Dei to vettskremde damene såg på kvarandre. Hadde dei sett eit spøkjelse, eller var det berre innbilling? Dei skalv som ospelauv og hadde vondt i halsen av all skrikinga. Dei klarte ikkje å stå på føtene, så skjelvande var dei. Dei seig ned på ein stor stein i vegkanten.
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
Damene såg seg godt rundt ein gong til, men spøkjelset var søkk borte! Dei tok til å prate i munnen på kvarandre. Dette var noko av det verste dei hadde opplevd. Etter ein lang kvilepause på steinen med mykje diskusjon vart dei samde om at dei hadde sett ein mystisk skapning. Skapningen hadde vist seg for dei enda det var midt på lyse dagen. Han hadde heldigvis ikkje gjort dei noko. Men kvifor hadde akkurat dei to sett denne mystiske skapningen? Var det eit dårleg varsel? Kom det til å skje noko fælt i bygda?
A PL
Dei to damene visste ikkje kva dei skulle tru. Til slutt vart dei samde om at dei ikkje skulle fortelje nokon om det dei hadde opplevd. Det skulle vere ein løyndom mellom dei inntil vidare.
Oppgåver: Skriv tre av dei orda som har diftongen ei i seg. Skriv fire av dei orda som er verb. Skriv fem av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg. Spørsmål: Kvar sat damene og kvilte seg? 51
R
Dei to gamle damene heldt godt på løyndommen. Ingen fekk høyre kva dei hadde opplevd.
Øveord: vettskremde kvarandre innbilling skalv som ospelauv seig ned kvilepause diskusjon dårleg varsel
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 52
VU
G
IN
ER
D
R
Det varme, fine sommarvêret heldt seg. Folka på grannegarden inviterte alle i bygda til sommarfest. Eldstesonen var komen heim. Han hadde gått på skole inne i den store byen, Christiania. No var han ferdig med eksamen, og det måtte feirast.
EM KS
SE
Eldstesonen stod på tunet og tok imot gjestene. Fordi det var så varmt, hadde han ikkje jakke på seg. Han hadde fin, kvit skjorte og svarte bukser. Han helsa pent på dei to damene og ønskte dei velkomne.
A PL
Tunet var fullt av gjester. Alle ville helse på guten som hadde vore i byen. Gjestene tok plass rundt eit langt bord under nokre store, gamle tre. Bonden på garden heldt tale for sonen sin. Han var veldig stolt av han. Det var ikkje mange i bygda som hadde vore i Christiania. Sonen hadde lært og sett mykje.
Spørsmål: Kvar hadde sonen på garden gått på skole? Kva hadde sonen på garden på seg? 52
R
Oppgåve: Skriv minst ti ord som passar til biletet.
Øveord: inviterte eldstesonen Christiania tunet gjestene skjorte
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 53
No skulle gjestene få sjå noko heilt nytt som sonen hadde kjøpt med seg frå byen. Det var ei ny oppfinning som kom heilt frå Frankrike. Bonden bad alle om å sjå oppover mot låven.
Øveord: låven havreåkeren sveva velosiped
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Å skrekk og gru! Der kom spøkjelset farande att! Damene heldt på å svime av. Men så kjende dei att sonen på garden. Han sat oppe på noko med eit stort og eit lite hjul under. Han kom fælande fort og køyrde rett ut i havreåkeren. Snart såg dei berre den kvite skjorta hans idet han vart borte nedi bakken. Han sveva av stad utan føter! Dei to damene såg på kvarandre. Dei var veldig glade for at dei ikkje hadde fortalt nokon om spøkjelset dei hadde møtt. Det dei hadde sett, var ein sykkel som vart kalla velosiped eller veltepetter.
R
Spørsmål: Kvar var sykkelen funnen opp? Kva slags planter var det i åkeren? 53
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 54
Thomas Alva Edison
Øveord: ein blunk eigentleg fantastiske keisamt lesehest laboratorium
Når det blir mørkt om kvelden, slår du på lyset. Du kan få det lyst og triveleg på ein blunk. Får du lyst til å høyre musikk, kan du berre trykkje på nokre knappar. Musikken kjem akkurat slik du vil ha han. Har du lyst til å oppleve noko spennande som eigentleg ikkje kan skje, kan du ta deg ein tur på kino og få vere med på fantastiske ting. For litt over hundre år sidan visste ikkje folk kva ei lyspære var. Musikk og levande bilete som kom ut av ein maskin, var trolldom.
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Mannen som fann opp lyspæra, kinematografen (kino) og grammofonen pluss eitt tusen og nitti ting til, heitte Thomas Alva Edison. Han vart fødd i 1847 i USA. Han vart berre kalla Al. Al var heilt umogleg på skolen. Han klarte ikkje å sitje stille så lenge om gongen. Det vart for keisamt. Det skjedde jo ingenting i timane.
A PL
EM KS
Etter tre månader fekk ikkje Al lov til å gå på skolen lenger. Læraren var heilt utsliten av alt Al fann på. Heldigvis hadde mor hans vore lærar. Ho lærte Al å lese og rekne. Etter ei stund skjøna vesle Al at det var mykje spennande å lære her i verda. Snart vart han litt av ein lesehest. Han var ikkje meir enn ti år da han tok til å finne opp ting. Mor hans lét han lage eit laboratorium i kjellaren. Der nede small og gneistra det rett som det var. Al kom meir enn éin gong opp frå kjellaren med hol i genseren og sot i håret.
R
Oppgåver: Skriv ordet vi bruker for ein som er veldig glad i å lese. Skriv tre av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg, og som er substantiv. Skriv minst fem ord for ting som bruker straum, og som du ser i stua og på kjøkkenet. Spørsmål: Når og kvar vart Thomas Alva Edison fødd? Kor mange ulike ting fann Edison opp? 54
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 55
Det vart dyrt å halde på med alle eksperimenta. Mor hans kunne ikkje gi han så mange pengar. Al skaffa seg jobb. For pengane han tente, kjøpte han bøker og utstyr til laboratoriet i kjellaren. Al fekk jobb på eit lokaltog, eit tog som gjekk att og fram mellom to byar. Toget hadde ei eiga vogn for bagasje. Al vart godvenner med konduktøren på toget og fekk lov til å innreie vogna som han ville. Snart hadde Al ein liten verkstad der han kunne arbeide med alle oppfinningane sine.
Øveord: eksperimenta lokaltog konduktøren innreie perrongen stasjonsmeisteren telegrafist utlært utdanna trege forbetringar
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Ein dag han stod på perrongen og venta på toget, oppdaga han at den vesle sonen til stasjonsmeisteren sat på jernbanelinja og leika. Med eitt kom toget susande inn mot stasjonen. Al hoppa ut i sporet, fekk tak i guten og heiv seg ut til sida akkurat idet toget kom rasande inn. Hadde ikkje Al gjort det, hadde den vesle guten vorte drepen. Al hadde berga livet hans! Stasjonsmeisteren visste ikkje korleis han skulle få takka Al. Han var ingen rik mann. Men dersom Al ville, kunne han lære han opp til å bli telegrafist. Når han vart ferdig utlært, skulle stasjonsmeisteren sørgje for at han fekk ein god jobb.
A PL
Al ville gjerne bli telegrafist. Han tok imot tilbodet. Han lærte fort. Det varte ikkje lenge før han var ferdig utdanna og fekk sin første jobb. Maskinane som sende og tok imot signal, var trege og seine. Al klarte sjølvsagt å finne på mange forbetringar. No kunne folk sende telegram og meldingar mykje raskare enn før. For den oppfinninga fekk han mange pengar.
R
Oppgåver: Skriv fire av dei orda som har språklyden ng i seg. Skriv kva orda tog, vogn, lov, over er like i. Spørsmål: Kven vart Al godvenner med? Kven lærte opp Edison til å bli telegrafist? 55
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 56
Øveord: heiltid visste råd grubla inviterte
IN
ER
D
R
VU
No kunne han bli oppfinnar på heiltid. Han leigde seg ein liten fabrikk og sette i gang. Han hadde så mange idear at han ikkje klarte alt åleine. Men han visste råd. Han tilsette mange dugande folk som prøvde ut alt han fann på. Ein gong heldt han på med 45 oppfinningar på ein gong.
A PL R
Edison tok plass ved apparatet, tok ein mikrofon og sa: «Mary hadde eit lite lam med pels så kvit som snø.»
EM KS
SE
G
Ein dag Al snakka i ein telefon, fekk han ideen til eit apparat som kunne ta opp lyd og sende lyden ut etterpå. Al grubla og tenkte og prøvde om og om att. Til slutt fann han løysinga. Alle han kjende, vart inviterte inn på verkstaden.
Oppgåver: Skriv dei orda som har bokstaven p på plass først. Skriv dei orda du har skrive, som er substantiv. Spørsmål: Kva sa Edison da han tok opp røysta si for første gong på ein maskin? 56
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 57
Tilhøyrarane lo og lurte nok på om Edison fleipa med dei. Men Edison tok tak i ei sveiv på apparatet og sveiva rundt nokre gonger. Han trykte på ein knapp. Ut av apparatet kom røysta til Edison klar og tydeleg: «Mary hadde eit lite lam med pels så kvit som snø.» Tilhøyrarane måpa. Det var ikkje til å ta feil av: Det var røysta til Edison! Ein slik maskin var ein sensasjon. Edison arbeidde vidare med maskinen. Snart var grammofonen med musikkplater på til sals. Folk i heile verda ville kjøpe denne fantastiske maskinen.
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Edison tente mange pengar, men pengane vart straks brukte på nye oppfinningar. Han hadde ikkje tid til å bruke pengar på seg sjølv. Han hadde nesten ikkje tid til å gå heim og sove. Han ville finne opp ei glødelampe som kunne gi lys til folk. Edison hadde femti personar som jobba med å finne opp den første lyspæra. Han hadde glasblåsarar som laga sjølve pæra. Dei klarte å blåse 150 pærer om dagen. Det som skulle halde på lyset inne i pæra, var det verre med. Det fekk dei ikkje til. Edison og folka hans prøvde ut 1600 ulike trådar før dei kom fram til ein type som heldt. Den første lyspæra lyste i 40 timar. Folk gav seg over. Enda ei stor oppfinning frå Edison!
Oppgåver: Skriv dei orda som har bokstaven f/F på plass først. Skriv dei orda du har skrive, som er verb. Spørsmål: Kor mange lyspærer klarte glasblåsarane å lage på ein dag? Kva gjer ein journalist? 57
Øveord: måpa sensasjon grammofonen glødelampe glasblåsarar journalist mosjon hjernen
R
Ein journalist spurde engsteleg om Edison ikkje sleit seg heilt ut slik han arbeidde. Han hadde nesten ikkje tid til å ete, og mosjon fekk han aldri. Edison berre blåste av spørsmålet! «Kroppen min har berre til oppgåve å bere hjernen min,» sa han.
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 58
Øveord: sikringar kinematografen filmstudioet kinolokala
VU
SE
G
IN
ER
D
R
Edison skjøna fort at han måtte finne opp ein maskin som kunne lage lyspærer. Han måtte lage leidningar, sikringar, kontaktar og alt det andre som skulle til for at folk skulle få elektrisk lys. Han sette folka sine i sving. Dei arbeidde dag og natt, og snart hadde dei løysinga klar. Femti år etter hadde alle dei store byane i verda elektrisk lys, både ute i gatene og inne i bygningane.
A PL
EM KS
Edison hadde fleire idear. Han laga symaskinar, trikkar, bilar og lokomotiv som gjekk på elektrisk straum. Han gjorde telefonen og skrivemaskinen mykje raskare og betre. Edison jobba frå morgon til langt på natt heile veka. Men av og til tok han seg fri, og da ville han ha det gøy! Det var kanskje derfor han fann opp kinematografen, apparatet som kunne vise levande bilete. Han bygde det første filmstudioet verda, der dei første filmane vart spela inn. Det gjekk ikkje mange år før det vart bygd filmstudio fleire stader i verda. Folk strøymde til kinolokala for å få underhaldning, og det gjer folk enno.
R
Oppgåve: Skriv fem adjektiv som fortel korleis ein film kan vere. Spørsmål: Skriv namnet på fire ting som Edison fann opp. 58
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 59
Det er utruleg kor mange ting vi kan takke Edison for. Han slutta aldri å arbeide. Edison hadde alltid ein idé til nye oppfinningar. Han fekk gullmedaljar og prisar frå heile verda. Folk kalla han eit geni. «Tull og tøys! Eit geni er to prosent vett og nittiåtte prosent slit og hardt arbeid,» sa Edison.
Edison døydde i 1931, 84 år gammal. Folk i USA sørgde over han. I avisene stod det med store, svarte bokstavar: «Lyset har slokna.»
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Edison slutta aldri å arbeide. Da han var 83 år, fekk han sjå eit helikopter for første gong! «Det var akkurat slik eg meinte det kunne gjerast!» ropa han begeistra. Ei lita stund etterpå kom han med framlegg om korleis helikopteret kunne bli enda betre og sikrare.
R Øveord: gullmedaljar geni prosent Spørsmål: Kor gammal var Edison da han døydde? 59
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 60
Øveord: Paris framsyning fantastisk lerretet rampegut vasslangen tuten
VU
Film
G
IN
ER
D
R
For litt over hundre år sidan fekk folk i Paris sjå film for første gong. Det var elleve filmar i éi framsyning. Kvar film varte berre eitt minutt. Det var ingen lyd på filmen. Folk syntest det var heilt fantastisk å få sjå levande bilete. Det var både spennande og skummelt.
EM KS
SE
På ein av filmane såg det ut som om toget kom ut av lerretet og køyrde rett på dei som sat i salen. Dei vart vettskremde. Folk for opp av stolane og storma mot utgangen. Her galdt det å kome seg unna.
A PL
Ein annan av filmane viste ein gartnar som stod og vatna plenen. Bak han kom ein rampegut snikande. Guten ville tøyse litt med gartnaren. Han trakka på vasslangen, og vatnet vart borte. Gartnaren klødde seg i hovudet og kika inn i tuten på slangen. Akkurat da tok guten foten vekk. Gartnaren fekk vasspruten rett i fjeset. Det syntest folk var så morosamt at dei hylte av latter. Somme kjøpte til og med ny billett for å få sjå det enda ein gong.
R
Oppgåve: Skriv tre av dei verba som fortel kva rampeguten gjorde. Spørsmål: Kvar fekk folk sjå film for første gong? Kor lenge varte den første filmen som vart vist? 60
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 61
Dei som laga filmapparat, og dei som spela inn filmar, vart flinkare og flinkare. Snart klarte dei å lage filmar som varte i nesten éin time. Skodespelarane sa ingenting på desse filmane. Folk måtte gjette seg til kva som vart sagt. Det tok fleire år før filmfolka klarte å få lyd på filmen. Filmar utan lyd kallar vi stumfilmar.
Øveord: filmapparat skodespelarane gjette stumfilmar munter
For at det ikkje skulle bli for stille og keisamt, sat det ein mann og spela piano i kinosalen. Når filmen var trist, spela pianisten sørgjeleg musikk. Når det var noko morosamt som skjedde, spela han munter musikk. Når det var frykteleg spennande, spela han skummel musikk.
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU R Oppgåver: Skriv eit ord som tyder det same som trist. Skriv eit ord som tyder det same som morosam. Skriv eit ord som tyder det same som spennande. Spørsmål: Kva er ein stumfilm? Kvifor spela ein piano i kinosalen? 61
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 62
Charlie Chaplin
Øveord: filmstjernene lo seg skakke scena tene gategut buer arrestere meister
Ei av dei første og kanskje mest berømte filmstjernene i verda heitte Charlie Chaplin. Folk lo seg skakke av alt det rare han gjorde på film. Han var skodespelar og klovn på ein gong.
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Charlie Chaplin vart fødd i London. Både mora og faren hans spela teater over heile England. Charlie og bror hans var med overalt. Mor deira lærte dei å lese og skrive. Ho las eventyr for dei og lærte dei å danse. Ho var nøyen med at dei tedde seg pent. Charlie var veldig glad i mor si. Ein dag vart far deira borte. Mora ville ikkje fortelje kvar han var vorten av. Mora arbeidde på eit teater. Der klarte ho å tene nok pengar til seg sjølv og dei to gutane sine. Men ein kveld da ho stod på scena og song, mista ho røysta. Det kom berre nokre pip. Ho fekk ikkje fram ein tone meir.
A PL
EM KS
Ho måtte slutte å syngje og spele teater. Ingen kunne bruke ein skodespelar utan røyst. Utan jobb klarte ho ikkje å skaffe nok pengar til mat og klede. Sjølv om Charlie ikkje var meir enn sju år, måtte han ut i byen for å tene pengar. Han vart gategut i London. Han gjekk rundt saman med andre gategutar som var like fattige som han. Gutane stal frå buer på torget og frå folk på gata. Politiet sprang ofte etter dei og prøvde å arrestere dei. Tjuvar ville dei ikkje ha i gatene. Charlie vart etter kvart ein meister i å gøyme seg for politiet. Politiet fekk aldri tak i Charlie og kameratane hans.
R
Oppgåver: Skriv tre av dei verba som fortel kva mora lærte Charlie. Skriv to verb som fortel kva mor til Charlie gjorde på teateret. Spørsmål: Kva for eit yrke hadde mor til Charlie? Kvifor måtte ho slutte å syngje? 62
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 63
G
IN
ER
D
R
VU A PL
EM KS
SE
Når gutane kom fram frå gøymestadene sine, samla dei seg rundt Charlie. Han var allereie ein flink skodespelar som kunne herme og ape etter kven som helst. Ingenting var så kjekt som å spele teater for gutegjengen. Charlie laga framsyningar for dei tidt og ofte.
Oppgåve: Skriv ti ord som passar til biletet. Spørsmål: Kven spela Charlie teater for? Kvar måtte Charlie bu da mor hans vart sjuk? 63
R
Mor til Charlie vart alvorleg sjuk. Ho låg på sjukehus i fleire månader. Da måtte Charlie og storebroren bu på ein barneheim. Charlie hata å bu der. Han sakna mor si frykteleg. Det einaste som var bra med barneheimen, var at han fekk nok mat kvar dag.
Øveord: gøymestadene skodespelar teater gutegjengen barneheim
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 64
Det hadde han ikkje fått heime hos mora den siste tida før ho vart sjuk. Han hadde ofte vore svolten, veldig svolten. Han hadde meir enn éin gong pressa nasen mot vindauget til kjøttbutikken og sett på alle pølsene og dei store biffane. Ofte hadde han stått utanfor bakeriet og kjent på den herlege lufta som strøymde ut.
Øveord: kjøttbutikken andpusten pengepung trikken gullmyntar ordentleg
Heldigvis vart mora frisk att. Ho klarte å skaffe litt pengar. Det var nok til at Charlie og broren kunne få bu saman med henne igjen.
VU
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
Den vesle familien flytta inn i eit lite rom på loftet i eit gammalt hus midt i London. Ein dag kom storebroren springande heim. Andpusten og heilt frå seg av glede slengde han ein stor, tjukk pengepung på bordet. «Han er til deg!» ropa han til mora. «Eg sat på trikken, og plutseleg kjende eg at eg sat på noko hardt. Det var denne pengepungen eg hadde sett meg på. Trikken var nesten tom. Eg såg meg godt rundt, men eg såg ingen som leita etter pengane sine. Derfor tok eg pungen og sprang heim til deg!» Mora opna varsamt den store, tunge pungen.
A PL
Pungen var full av gullmyntar. Mora tømde pengane ut over bordet og talde dei. For desse pengane kunne dei leve godt i lang tid framover. Ho såg på gutane sine og sa at dei måtte levere pengane på politistasjonen. Ho var ei ærleg og ordentleg dame! Men etter ei stund ombestemte ho seg. Dei leverte ikkje frå seg pengane. Gutane lova å ikkje fortelje til nokon kvar pengane kom frå.
R
Oppgåver: Skriv seks av dei orda som er verb. Skriv fem av dei orda som har bokstaven p/P på plass først. Spørsmål: Kva hadde dei tenkt å gjere med alle pengane? 64
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 65
No fekk Charlie byrje på skolen. Der likte han seg godt. Læraren hans oppdaga kor flink han var til å lese høgt, og kor godt han spela teater. Charlie vart send rundt i alle klassane på skolen. Han las og spela teater for dei andre elevane. Han vart kjempepopulær.
G
IN
ER
D
R
VU
Pengane frå pungen tok slutt. Charlie måtte slutte på skolen. Mora klarte å skaffe han jobb på eit omreisande teater. Han vart skodespelar. Han tente pengar som han delte med mora. Så fort han vart vaksen, reiste han til USA. I USA hadde dei akkurat teke til å lage filmar. Charlie klarte å få ei lita rolle. Han spela så godt at han fekk hovudrolla i den neste filmen. Han vart berømt over heile USA. Det vart laga mange filmar med Charlie Chaplin. Alle ville sjå dei filmane han var med i.
A PL
EM KS
SE
I dei første filmane spela han ein fattig landstrykar. Landstrykaren prøvde å sjå ut som ein heilt vanleg mann. Han hadde ein liten bart. Han hadde ein hatt som var litt for liten. Jakka var for trong og buksa for stor. Skorne var fire nummer for store. Han svinga rundt med ein spaserstokk. Han smilte sjeldan. Han snubla i sine eigne føter. Øveord: populær omreisande hovudrolla landstrykar spaserstokk vagga eksperten herme etter
R
I desse landstrykarfilmane gjekk Charlie med føtene utover. Han vagga av stad. Skorne var jo for store. Han måtte gå slik. Han vart reine eksperten etter kvart. Mange har prøvd å herme etter han, men det som ser så lett ut, er vanskeleg å få til. Oppgåve: Skriv adjektiva som fortel korleis landstrykaren såg ut. Spørsmål: Kvar drog Charlie da han vart vaksen? Kva rolle spela Charlie i dei første filmane? 65
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 66
Landstrykaren var alltid uheldig. Han kom opp i den eine ulykka etter den andre. Han rømde frå politiet i alle filmane. Folk lo og mora seg over kor god landstrykaren var til å lure politimennene. Han spela så godt at folk gav seg levande over! Kvar trur du han hadde lært det?
G
IN
ER
D
R
VU
Chaplin vart rik og berømt. Kvar han gjekk og stod, stoppa folk opp og stira. Alle ville helse på han, og alle ville ha autografen hans. Han reiste over heile verda. Ein gong kom han til Oslo òg. Det var ikkje ofte det kom filmstjerner på gjesting den gongen. Folk var heilt ville. Alle ville sjå han. Det var nesten meir folk på Karl Johans gate enn det er på sjølvaste 17. mai. Chaplin gjekk ut på balkongen på hotellet der han budde, og vinka og kasta slengkyss. Folk ropa og jubla.
EM KS
SE
Charlie Chaplin spela og laga filmar til han vart ein gammal mann. Han gifta seg og fekk etter kvart åtte barn. Han bygde seg eit flott hus i Sveits. Han vart så rik at han kunne kjøpe kva han ville.
A PL
Chaplin sende pengar heim til mor si så lenge ho levde. Mange av pengane han tente, gav han bort til barneheimar og skolar for fattige barn. Pengane skulle brukast til mat og klede. Charlie Chaplin gløymde aldri korleis det hadde vore å vere ein fattig gategut i London.
R
Oppgåve: Skriv verba som fortel kva Chaplin gjorde i Oslo.
Øveord: gav seg levande over autografen Karl Johans gate kasta slengkyss jubla
Spørsmål: Kva trur du det kom av at han var så god til å spele landstrykar på flukt frå politiet? 66
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 67
Philip Newth
Øveord: språket illustratør gods situasjonar illustrert
Philip Newth er frå England. Han har budd i Noreg sidan 1964. Dei første åra han budde i Noreg, kunne han ikkje norsk. Det var ikkje lett å skaffe seg jobb i Oslo utan å kunne språket. Derfor hadde han mange ulike jobbar. Det han hadde mest lyst til, var å skrive bøker. Han er veldig flink til å teikne. Han er illustratør. Derfor vart den første boka hans ei biletbok. Ho var laga for blinde barn. Det hadde aldri nokon gjort før. Boka heiter «Rulle på eventyr». Seinare har det vorte mange bøker. Hittil har det vorte 40 stykke.
VU
IN
ER
D
R
Fleire av historiene som Philip Newth skriv, går føre seg i England. Han har skrive ei spøkjelsesbok som heiter «Spook». Spøkjelset held til på eit ekte, gammalt engelsk gods. «Pytonslanger i eddik og stekte elefantsnabler» er ei bok om mat. Her får vi høyre om kva slags mat folk har laga og ete i gamle dagar.
A PL
EM KS
SE
G
Han har skrive fem bøker om roboten Matilda. Matilda er ein robot som gjer mykje rart, og som stadig rotar seg og Sam opp i mykje trøbbel og mange spennande situasjonar. Sam er namnet på jenta som eig Matilda. Etter kvart har det vorte fem bøker om roboten Matilda. Det er spennande bøker. Det er bøker som ein både ler og grøssar av. Akkurat slik bøker skal vere, spør du meg! Newth skriv bøker på norsk. «Eg skriv norsk, men tenkjer på engelsk,» seier han.
R
Han har skrive og illustrert bøker både saman med kona Mette og dottera Hege. Barne-tv-seriar har det også vorte både i Noreg og i England.
Oppgåve: Skriv fire av substantiva i ubunden form eintal og fleirtal. I eintal skriv du anten ein, ei eller eit framfor. Spørsmål: Kva for eit land kjem Philip Newth frå? Kven eig roboten Matilda? 67
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.40 Side 68
Matilda – Litt av ein robot Matilda er ein robot. Ein robot er ein maskin som kan oppføre seg nesten som eit menneske. Her skal du få lese litt om det som skjer i boka «Matilda – Litt av en robot». Bøkene om Matilda er skrivne av Philip Newth.
Øveord: robot overmakta ubønnhøyrleg prosessoren
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
«NEI!» hylte Sam. Ho kjempa imot av alle krefter, men overmakta vart for stor. Dei to robotkonstablane slepte henne ubønnhøyrleg nedover gangen mot den store ståldøra. Bak døra stod sjølvaste Meisterprosessoren, maskinen som ingen menneske nokon gong hadde sett, og som Sam frykta meir enn noko anna.
R Oppgåver: Skriv eit verb som har språklyden kj på plass først. Skriv fire av dei orda som er substantiv. Skriv alle formene av dei substantiva du har skrive. Spørsmål: Kva er ein robot? Kva heiter forfattaren som har skrive bøkene om roboten Matilda? 68
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 69
Meisterprosessoren var bygd av robotar for å styre alle andre robotar, også robotpolitiet som heldt streng orden rundt i byen. Den herskesjuke Meisteren overvakte alle døgnet rundt, kontrollerte staten og samfunnet og hadde gjort alle menneske til slavar som ikkje lenger våga å smile eller snakke saman på gata. «Eg vil ikkje til Meisteren!» skreik Sam. «Eg har ikkje gjort noko gale! Eg kom berre litt for seint på skolen!» «Tei stilt!» sa ein konstabel. «Du kjem alltid for seint. Meisteren må straffe deg.» Sam kjempa fortvila imot, men døra opna seg, og ho vart dytta inn i det enorme rommet.
Øveord: herskesjuke overvakte staten samfunnet slavar lovbrytar givakt geispa uformeleg tentaklar
VU
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
«Lovbrytar Samuelina Bergen, Meister,» sa den andre konstabelen i stram givakt. Sam geispa av frykt. Meisteren var meir uhyggeleg enn ho hadde tenkt seg. Han var minst tjue meter høg, hadde store, raudglødande auge og ein uformeleg kropp med eit virvar av tentaklar som vifta trugande mot henne med hissande lydar. «Eg h-har ikkje gjort noko g-gale!» stotra Sam. Med djup, buldrande røyst svara Meisteren: «Du kjem ofte for seint til skolen. Det er ulovleg. Lovbrytarar må straffast.» Meisteren vagga sakte mot henne med så tunge steg at heile golvet rista. «Det er urettferdig å straffe meg,» kviskra Sam. Ho skalv av skrekk. Ståltentaklane vifta raskare. Meisteren bøygde seg over henne, og ho kjende den ekle stanken av svidde leidningar.
R
Oppgåver: Skriv minst seks av dei orda som er adjektiv. Skriv fem av dei orda som er verb. Spørsmål: Kvifor skulle Sam straffast? Kva kjende Sam stanken av? 69
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 70
D
R
VU Oppgåver: Skriv fem av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg. Set raud strek under alle vokalane i dei orda du har skrive. Spørsmål: Kvifor var Sam glad for at roboten vekte henne? Kor mange gonger hadde roboten prøvd å vekkje Sam? 70
R
Ho sette seg sakte opp og kjende at halsen var sår, og at armane, føtene og hovudet verkte. Var det på grunn av draumen? «Kor mange gonger skal eg seie det, Liverpool?»
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
«Straffa er … du skal vakne. DU … SKAL VAKNE … Du … må … vakne!” sa den tynne piperøysta, og endeleg vakna Sam frå den fæle draumen. Ho stira ut i mørket. Hjartet hamra, og ho var gjennomvåt av sveitte. Det tok tid før ho klarte å snakke. «For første gong er eg glad du vekte meg, Liverpool!» «Det er den sjuande gongen eg prøver å vekkje deg.» Roboten trilla resolutt mot senga. «Eg tek opp att: Stå opp, Samuelina, elles kjem du for seint til skolen. I dag igjen.» «Du skal kalle meg Sam!» sa Sam ergerleg.
Øveord: resolutt
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 71
Øveord: jernhjerne diskutere programmert mislikte gjennomsiktig meteorologane sitrar vibrere
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
«Du heiter det du heiter,» peip roboten. «Jernhjerne,» mumla Sam. Eigentleg syntest ho det var tåpeleg å diskutere med ein liten robot som såg ut som ein fotball på fire hjul. Far hadde gitt han namnet etter eit engelsk fotballag som var veldig berømt for hundre og femti år sidan. Sjølvsagt var det ikkje roboten si skyld at han vekte henne, for han var programmert til akkurat det, og til å utføre alle slags oppgåver i husværet. Men ho mislikte den masete maskinen med muserøysta. «Du skal få lys,» sa roboten. Det mørke vindaugsglaset vart med eitt omskapt til vanleg, gjennomsiktig glas, og sola lyste opp dei lyse veggene i soverommet. Sam måtte blunke fleire gonger. «Det blir fint vêr heile dagen. I morgon òg,» sa Liverpool. «Meteorologane melder at dei sender regnvêr over byen klokka tre og seks i natt.» «Et sitrar av spenning,» sa Sam surt og datt tilbake i senga. Ho følte seg elendig. «No må du stå opp, vesle venn,» sa Liverpool. Sam kunne ikkje fortelje Liverpool at ho kjende seg sjuk. Det fanst inga unnskyldning for å bli sjuk. Roboten ville straks melde frå til mor og far. Ho måtte ta seg saman. Men før ho kom så langt, tok eit blått lys til å blinke på roboten, og senga byrja å vibrere, kraftigare og kraftigare.
Spørsmål: Kva var den vesle roboten kalla opp etter? Kva slags røyst hadde roboten? 71
R
Oppgåver: Skriv tre av dei substantiva som står i bunden form eintal. Skriv dei substantiva du har skrive, i alle dei fire formene. Skriv ein, ei eller eit framfor.
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 72
Roald Dahl
Øveord: makabre grøssarar skapningar pensjonatskolar spanskrøyr jagarpilot
Alle som liker å lese fantastiske, sprø og makabre historier, bør lese bøkene til Roald Dahl. Han har skrive bøker for både vaksne og barn. I alle bøkene hans skjer det som oftast mange usannsynlege og uhyggelege ting. Nokre av bøkene er reine grøssarar, andre handlar om snåle og svært spesielle personar eller underlege skapningar.
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Roald Dahl vart fødd i England i 1916. Da han døydde i 1990, var han ein berømt forfattar som var kjend over store delar av verda. Foreldra til Roald Dahl var norske. Far hans kom frå Sarpsborg, og mora kom frå Oslo. Dei flytta til England før Roald vart fødd. Roald voks opp i England og lærte å snakke både engelsk og norsk. Faren døydde da Roald var tre år gammal. Mora vart buande i England, men reiste ofte heim til Noreg på ferie saman med barna sine. Roald vart godt kjend her i landet. Mor til Roald hadde mykje pengar. Derfor sende ho barna sine til dyre pensjonatskolar, slik alle rike foreldre i England gjorde. Roald vart elev på ein rein guteskole. Det var ein frykteleg stad. Dei store gutane skulle oppdra dei små. Det skjedde med slag og spark og det som verre var. Gutane mobba kvarandre og kunne aldri vere trygge. Men det aller verste var å bli send til rektor. Han straffa gutane med å slå dei gule og blå med eit spanskrøyr. Roald hata han djupt og inderleg. Mora forstod nok ikkje kor fælt han hadde det. Han måtte gå på den skolen i fleire år.
R
Da Roald vart vaksen, drog han til Afrika. Han hadde fått jobb i eit engelsk firma. Den andre verdskrigen byrja da han var 24 år, og Roald Dahl vart jagarpilot i det britiske flyvåpenet. Oppgåve: Skriv dei orda som er særnamn. Spørsmål: Kvar kom foreldra til Roald Dahl frå? Kor gammal var Roald Dahl da den andre verdskrigen byrja? 72
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 73
Ein dag han var ute på tokt over Den libyske ørkenen, vart Øveord: flyet hans skote ned. Roald vart hardt skadd, men overlevde. Den libyske Han fekk ikkje lov til å flyge meir etter den ulykka. ørkenen I staden tok han til å skrive bøker. overlevde vart gift
R
VU
Roald Dahl skreiv først bøker for vaksne. feige Da han vart gift og fekk barn, tok han til å skrive vedunderlegaste barnebøker. Han fortalde godnatthistorier til dei fire barna sjokoladen sine. Dei historiene vart til bøker. Ei av dei første bøkene var «Charlie og sjokoladefabrikken». Seinare kom bøkene «Danny og den store fasanjakten”, «Heksene», «SVK», «Matilda» og mange fleire. Roald Dahl fryda seg mest når han klarte å gi folk eit skikkeleg grøss. Det klarte han ganske ofte! Berre for barn har han skrive 22 bøker. Mange av dei har vorte til film.
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
Roald Dahl skreiv ikkje bøker for at barn skulle lære noko. I bøkene hans er det likevel slik som i mange eventyr: Dei som oppfører seg realt, og som er modige når det trengst, går det bra med. Dei som er feige og slemme, går det ille med. Slik er det også i boka «Charlie og sjokoladefabrikken», som handlar om fem barn som skulle få lov til å kome inn i sjokoladefabrikken til Willy Wonka. Dei fem heldige ville få sjå alle dei mystiske maskinane i fabrikken, som laga den vedunderlegaste sjokoladen i verda. For å kome inn i fabrikken måtte dei finne éin av fem gullbillettar. Billettane var gøymde inne i sjokoladar som vart laga på fabrikken.
R
Dei fem heldige barna skulle få lov til å ta med seg foreldra sine. Dei skulle få vere ein heil dag på sjokoladefabrikken. Folk kjøpte sjokolade som galne. Alle ville frykteleg gjerne få kome inn i den mystiske fabrikken. Oppgåver: Skriv fem av dei orda som er verb. Skriv verbet som har språklyden kj på plass først. Spørsmål: Kvar var billettane gøymde? Kvifor var det så mange som kjøpte sjokolade? 73
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 74
Til slutt vart alle fem billettane funne. Øveord: Ein av dei heldige vinnarane var Charlie Bucket. lojal Han var slik alle heltar i bøker skal vere: ærleg, lydig, påliteleg lojal, påliteleg, modig, god, snill og utsvelta. Dei fire utsvelta andre barna, to gutar og to jenter, var sjølvsagt bortskjemde, bortskjemde slemme, trassige, ulydige, ekle og vemmelege. Dei var trassige lyder vane med å få alt dei peika på. I boka får vi helse på dei ukjende fabrikkarbeidarane som blir kalla Umpa-Lumpaer. Dei er knøttsmå og snakkar på rim. Vi får vite kva som hender med barna når dei ikkje lyder Willy Wonka. På dei neste sidene kan du lese litt frå boka.
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU R Oppgåver: Skriv fire adjektiv som skildrar Charlie Bucket. Skriv åtte substantiv som passar til biletet. Spørsmål: Kva er Umpa-Lumpaene? 74
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 75
Frå Charlie og sjokoladefabrikken
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Charlie og bestefaren hans har teke til på rundturen i sjokoladefabrikken. Saman med dei andre vinnarane og foreldra deira er dei no komne til Oppfinningsrommet … «Ikkje rør noko!» ropa Willy Wonka. «Og velt for all del ikkje noko av det som er her!» Charlie Bucket såg seg om i det veldige rommet. Akkurat slik hadde han alltid tenkt seg eit heksekjøkken! Rundt omkring stod svære metallkjelar og bobla og koka på store omnar, det susa i kasserollar og brasa i steikjepanner og dampa av kjelar, nokre underlege maskinar klaska og plaska, og overalt gjekk det røyr og leidningar langs tak og vegger. Heile rommet var fylt av damp og vedunderlege, søte lukter.
A PL
EM KS
Willy Wonka var enda meir opphissa enn før, og det var tydeleg at dette rommet var det han var mest stolt av i heile fabrikken. Han trippa og spratt omkring blant kasserollar og kjelar og maskinar og apparat, nett som eit barn som hadde fått så mange julegåver at han ikkje visste kva Øveord: han skulle opne først. rundturen Han lyfta lokket av ei metallkjelar diger gryte og snusa kasserollar ned i henne. brasa
R
apparat Oppgåve: Skriv dei orda som er verb, og som fortel kva som skjer på «heksekjøkkenet». Spørsmål: Korleis lukta det inne i det store rommet? 75
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 76
Så sprang han bort og duppa fingeren i ei tønne med Øveord: noko seigt, gult i og smaka på det. Deretter dansa han tvers kjempeomn over golvet til ein av dei store maskinane og skrudde på eit kakla av fryd halvt dusin knottar og handtak, først den eine vegen og så evigvarande den andre. Etterpå kika han spent inn gjennom rett og slett glasdøra på ein kjempeomn, gnei seg i hendene og formeleg kakla av fryd over det han såg der inne. Så sprang han bort til enda ein maskin, som var liten og skinande blank og heile tida sa «fut-fut-fut-fut-fut-fut», og kvar gong han sa «fut-fut-fut-fut-fut-fut», draup det ei stor, grøn marmorkule ut av han og ned i ei korg på golvet. I alle fall likna det ei marmorkule.
VU
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
«Evigvarande munnproppar!» ropa Willy Wonka stolt. ”Det er noko heilt nytt! Eg fann dei opp berre for å hjelpe dei som har lite lommepengar. Ein slik evigvarande munnpropp kan du putte i munnen og suge og suge og suge og suge og suge på utan at han nokon gong blir mindre!» «Akkurat som tyggjegummi!» ropa Violet Beauregarde. «Det er slett ikkje som nokon tyggjegummi!» sa Willy Wonka. «Tyggjegummi er til å tyggje på, og dersom du prøver å tyggje på ein av desse evigvarande munnproppane, vil du knekkje tennene dine. Men herlege er dei! Og kvar veke skiftar dei farge! Og så blir dei aldri mindre! Dei blir aldri borte, rett og slett. ALDRI! ALDRI! I alle fall trur eg ikkje at dei gjer det. Kvart sekund blir ein av dei prøvd inne i Prøverommet ved sida av. Der står det Umpa-Lumpaer og syg på dei.
Spørsmål: Korleis såg maskinen som sa «fut-fut-fut-fut-fut-fut» ut? Kor lenge vil ein evigvarande munnpropp vare? 76
R
Oppgåver: Skriv fire av dei orda som er samansette ord. Skriv fem av dei orda som er verb.
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 77
Øveord: opphissa karamell glinsande silkemjukt
VU
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
No har dei soge og soge og soge og soge eit heilt år utan stans, og han er like god som ny!» «Men her borte,» heldt Willy Wonka fram og spratt opphissa over golvet bort til den motsette veggen. «Her borte held eg akkurat på å finne opp ein heilt ny karamell.» Han stansa framfor ein diger kasserolle. Kasserollen var fylt med tjukk, seig og fiolett sirup som bobla og koka. Når han stod på tærne, kunne vesle Charlie så vidt sjå opp i han. «Det er Hårkaramell!» ropa Willy Wonka. «Du tek berre ein ørliten bit av han, og nøyaktig ein halv time seinare tek det til å vekse ut eit heilt nytt, glinsande, tjukt og silkemjukt og vakkert hår over heile hovudet ditt! Bartar òg. Og skjegg!» «Skjegg?» ropa Veruca Salt. «Kven i all verda bryr seg om å få skjegg!» «Det vil da kle deg veldig godt!» sa Willy Wonka.
R
Oppgåver: Skriv dei tre adjektiva som fortel om sirupen som bobla og koka i den digre kasserollen. Skriv dei fire adjektiva som fortel om håret som veks ut dersom du tek ein liten bit av ein Hårkaramell. Spørsmål: Kva såg Charlie da han stod på tærne? Korleis verkar ein Hårkaramell? 77
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 78
«Dessverre er ikkje blandinga heilt som ho skal vere enno. Eg har gjort henne litt for sterk. Ho verkar altfor fort. Eg prøvde blandinga på ein Umpa-Lumpa inne i Prøverommet,og straks tok det til å gro ut eit tjukt, svart skjegg på haka hans. Det voks tvers over golvet, nett som eit tjukt teppe av hår! Det voks fortare enn vi klarte å klippe det! Til slutt måtte vi bruke plenklipparen for å halde det nede! Men eg skal nok snart få til den rette blandinga. Og da er det ingen unnskyldningar for korkje jenter eller gutar til å gå rundt og vere fleinskalla!»
Øveord: skjegg plenklipparen fleinskalla
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU R Oppgåve: Skriv dei to adjektiva som fortel korleis skjegget som voks ut på ein av UmpaLumpaene, såg ut. Spørsmål: Kva måtte Willy Wonka bruke for å få klipt skjegget som voks så fort på Umpa-Lumpaen i Prøverommet? 78
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 79
«Men Willy Wonka!» sa Mike Teve. «Gutar og jenter er da verkeleg ikkje …!» «Eg vil ikkje diskutere med deg, guten min!» ropa Willy Wonka. «Kan ikkje sløse bort tida med slikt! Men dersom de vil kome med meg, skal eg vise dykk noko eg er frykteleg stolt av! Men ver for all del forsiktige! Velt ikkje noko! Kom ikkje for nær inntil det som står her!» Willy Wonka førte gjestene sine bort til ein diger maskin som stod nøyaktig midt i Oppfinningsrommet.
Øveord: diskutere gjestene vedunderlegaste fabelaktigaste
ER
D
R
VU
Det var ein kjempestor maskin Willy Wonka viste fram. Maskinen var ein tyggjegummimaskin. Da Willy Wonka hadde trykt på mange knappar, tok den store maskinen til å riste og hoppe. Etter ei stund spratt det opp ein liten skuff på sida av maskinen. Der låg det ei lita, grå plate som skulle vere den vedunderlegaste og fabelaktigaste tyggjegummien i heile verda.
EM KS
SE
G
IN
Jenta som heitte Violet Beauregarde, og som alltid togg på ein tyggjegummi, snappa til seg tyggjegummiplata og stappa henne i munnen før nokon fekk sukk for seg. Willy Wonka bad henne om å spytte tyggjegummien ut med ein gong, men Violet heldt fram med å tyggje. Etter ei lita stund tok jenta til å endre seg. Først vart nasen hennar blå, så heile ansiktet.
A PL
Kva som skjedde vidare med henne, kan du lese om i boka «Charlie og sjokoladefabrikken».
R Oppgåver: Skriv dei adjektiva som fortel noko om tyggjegummien. Finn fire av dei orda som er samansette ord. Spørsmål: Kvar var den digre tyggjegummimaskinen? 79
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 80
Amelia Earhart I 1898 vart det fødd ei lita jente i Kansas i USA. Jenta fekk namnet Amelia Earhart. Da ho vart fødd, var telefonen, grammofonen, lyspæra og filmkameraet oppfunne. Tog hadde det vore lenge. Nokre få, rare bilar hadde teke til å køyre omkring. Fly var det ingen som hadde høyrt om.
Øveord: skilnad derimot underskjørt skor med snøring buksedrakt skammeleg snikre
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Det var stor skilnad på gutar og jenter på den tida. Gutane fekk lov til å leike ute i skog og mark, klatre i tre og bade i sjøen om sommaren. Dei fekk sjølvsagt gå i bukse og gode skor. Jentene, derimot, måtte gå i kjole med fleire underskjørt under. Sommar som vinter hadde dei lange, svarte strømper og skor med snøring og vonde hælar. Det var ikkje lett å springe og hoppe i slike klede. Men jenter fekk ikkje lov til å springe og klatre i tre. Dei skulle leike stille og roleg med dokkene sine. Dei fleste måtte hjelpe til i huset og passe mindre sysken.
Oppgåve: Skriv orda som har med klede å gjere. Spørsmål: Når og kvar vart Amelia fødd? 80
R
Da Amelia var ni år, snakka alle om to brør som heitte Wright. Dei hadde klart å få eit fly med motor opp i lufta.
A PL
EM KS
Heldigvis syntest mor til Amelia at jenter skulle få leike akkurat slik gutane gjorde. Derfor fekk Amelia og syster hennar bruke buksedrakt når dei ikkje var på skolen. Folk syntest det var både rart og skammeleg at jenter gjekk i bukse. Far til Amelia lærte henne å bruke hammar og sag. Han syntest det var bra at jenter kunne snikre litt.
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 81
Dei hadde greidd å halde flyet på vengene i mange minutt. Amelia lurte og grubla lenge på korleis det kjendest å flyge. Det ville ho frykteleg gjerne prøve. Men ingen ho kjende, kunne fortelje henne korleis eit fly såg ut.
Øveord: rutsjebane bestevenninnene mønet rulleskøytene
Til slutt fann Amelia ut at ho ville lage ein rutsjebane frå toppen av låvetaket ned på grasbakken. Ho fekk hjelp av bestevenninnene sine. Dei heldt plankane medan Amelia spikra dei fast. Amelia skulle få kjenne korleis det var å flyge gjennom lufta!
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Endeleg var rutsjebanen ferdig. Han starta oppe på mønet av låven og enda på plenen eit godt stykke bortanfor. Amelia hadde funne ein trekasse. Under kassen spikra ho fast rulleskøytene til syster si.
R
Oppgåver: Skriv kva ordklassar orda love og låve er. Skriv kva dei to orda love og låve tyder. Spørsmål: Kvifor laga Amelia ein lang rutsjebane? 81
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 82
IN
ER
D
R
VU
Kassen skulle vere flyet deira. Øveord: Ingen av dei andre jentene landinga våga å prøve rutsjebanen og pent og pynteleg flyet. Det såg altfor skummelt mekanikarane ut! Men Amelia var ikkje redd. Ho hala og drog kassen opp på låvetaket, balanserte bort til kanten, fekk vogna på plass og sette utfor. Ho susa nedover i fykande fart. Amelia hylte av fryd! Dette var gøy! Vogna bråstansa da ho nådde grasbakken. Amelia vart kasta ut av vogna. Dei andre jentene trudde ho hadde brote både armar og føter, men Amelia kom seg opp. Ho hadde slått seg fælt, men det hadde ho ikkje tid til å bry seg om. Ho sa berre: «Eg må prøve ein gong til, landinga var for dårleg!»
A PL
EM KS
SE
G
Ho fekk laga rutsjebanen enda lengre, klatra enda ein gong opp på låvetaket og sette utfor. Denne gongen gjekk det enda fortare, men no rulla kassen pent og pynteleg bortover bakken og stansa stille og roleg. Amelia var overlykkeleg. Slik måtte det vere å flyge! Ho bestemte seg der og da. Når ho vart gammal nok, skulle ho lære seg kunsten å flyge.
R
I åra som kom, vart flya betre og betre. Mange menn lærte seg å flyge. Flya tok til å gjere nytte for seg. Amelia drog ut til den vesle flyplassen så ofte ho kunne. Ho gjorde seg kjend med flygarane og mekanikarane. Når ho snakka med dei, fekk ho lære mykje om flygemaskinane. Oppgåver: Skriv fire av dei orda som er samansette ord. Skriv fire av dei orda som er substantiv. Skriv dei fire formene desse substantiva har. Skriv ord som har med fly å gjere. Spørsmål: Kvifor snakka Amelia så ofte med flygarar og mekanikarar? 82
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 83
Men det kosta mange, Øveord: mange pengar å lære å flyge. universitetet Amelia slutta på universitetet New York ho hadde byrja på. kompass Ho ville heller jobbe for å tene pengar til flygetimar. Foreldra hennar var nok litt lei seg for det. Men dei skjøna at det ikkje nytta å stoppe henne. Dotter deira var sta som eit esel! Hadde ho bestemt seg for noko, gjennomførte ho det, same kva dei sa!
R
VU
Amelia lærte fort. Ho var aldri redd. Ho syntest alt som hadde med fly å gjere, var spennande. Ein dag hadde ho lært nok til at ho kunne flyge åleine. Det var ikkje mange jenter som flaug den gongen. Derfor vart ho snart berømt.
EM KS
SE
G
IN
ER
D
På denne tida var det berre små fly. Det var ikkje plass til fleire enn tre–fire personar om bord. Flya flaug ikkje langt, men ein dag klarte ein mann som heitte Charles Lindbergh, å flyge tvers over Atlanterhavet. Han hadde starta i New York og landa i Paris. Han hadde brukt 33 1/2 time på turen.
A PL
Amelia bestemte seg straks for at det ville ho også gjere. Men det var ikkje berre å starte og dra av stad. Ho måtte bli ein enda betre flygar for å klare det. Ho øvde og øvde. Ho lærte så mykje som mogleg om kart og kompass. Utan kart ville ho ikkje finne vegen over havet. Ho måtte også lære mykje om korleis vêr og vind påverka flyet.
R
Oppgåver: Skriv tre av dei orda som har diftong i seg. Skriv fire av dei orda som er verb. Skriv fem av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg. Spørsmål: Kvifor slutta Amelia på universitetet? Kven var den første som klarte å flyge over Atlanterhavet? 83
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 84
D
R
VU Øveord: styrta kontrollert førebudd tomatjus
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
Mange prøvde å gjere som Charles Lindbergh, men dei fleste måtte gi opp. Somme kom aldri tilbake. Flyet deira hadde styrta i havet. Men Amelia lét seg ikkje skremme. Ho hadde bestemt seg! Dette ville og skulle ho klare. Endeleg var alt klart. Vêret var bra, flyet ho skulle bruke, var sjekka og kontrollert av mekanikarane. Alt var i tipp topp stand. Ho var så godt førebudd som det gjekk an i bli. Ho hadde lært korleis ho skulle finne vegen over havet. Ho kunne mykje om vind og vêr. No var det ingen veg tilbake! Det var ikkje varme om bord Men ho kledde seg godt. Det einaste ho tok med seg, var ein kam, ein tannbørste og ein boks tomatjus. Meir tolte ikkje flyet av bagasje. Bensinen vog for mykje. Flyet kom til å bruke mykje bensin på den lange turen. Skulle flyet klare å kome seg opp i lufta, var det ikkje mogleg å ta med meir.
i flyet.
R
Oppgåve: Skriv fem av dei orda som har dobbeltkonsonant i seg. Spørsmål: Kvifor kunne ikkje Amelia ta med seg så mykje bagasje? 84
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 85
D
R
VU A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
Amelia starta turen over Atlanterhavet heilt nord i Canada. Øveord: Den første delen av turen gjekk greitt. Vêret var godt, Canada og flyet oppførte seg akkurat slik det skulle. ofseleg Men med eitt flaug Amelia rett inn i eit ofseleg uvêr. forskrekka Flyet tok til å riste og hoppe. Lynet gjekk i sikksakk, og overskya vinden gjorde sitt beste for å rive det vesle flyet i stykke. Amelia fann ut at ho måtte høgare opp, opp over skyene. Der ville lufta vere rolegare. Ho pressa flyet oppover og oppover. Det vart rolegare, men etter ei lita stund merka ho at vengene vart så tunge. Amelia kika ut og oppdaga forskrekka at vengene var fulle av is. Før ho fekk sukk for seg, tok flyet til å falle. Rett før flyet nådde vatnet, klarte ho å rette det opp att. Lenge måtte ho flyge rett over bølgjene. Ho fekk ikkje flyet høgare opp. Isen på vengene måtte tine først. Det var overskya og mørkt. Ho kunne ikkje snu. Ho ville ikkje klare å finne vegen tilbake til flyplassen i mørket. Det var berre å halde fram og håpe på betre vêr.
R
Oppgåve: Skriv ord som har med vêret å gjere. Spørsmål: Kvar starta turen over Atlanterhavet? 85
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 86
Øveord: instrumenta kontrollerte bensinmålaren reservetanken jordet kyr
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Endeleg tok det til å lysne. No fekk Amelia sjekka instrumenta sine. Til si store glede fann ho ut at ho var på rett kurs. Men da ho kontrollerte bensinmålaren, så ho at det nesten ikkje var bensin att! Det måtte vere hol i bensintanken! Ho kopla inn reservetanken og håpa at ho nådde land før den også var tom. Etter enda ein time i lufta fekk ho auge på fleire fiskebåtar. Da skjøna ho at ho nærma seg land. Hurra! Ho hadde klart å kome seg over havet! Amelia studerte kartet nøye og fann ut at ho var komen til kysten av Irland. Ho rakk ikkje å finne ein flylass å lande på før bensintanken var tom! Amelia gjekk ned på det første og beste jordet ho fann. Flyet landa trygt eit lite stykke frå ein flokk kyr. Ein mann kom springande mot henne. Han berre gapa av undring da han såg henne og flyet. Amelia lente seg ut av flyet og sa: «Hallo, eg er nett komen over frå Canada!»
R Oppgåve: Skriv kva orda kyr, kyst, skyer, lyn, fly er like i. Spørsmål: Kvifor hadde ikkje Amelia tid til å finne ein flyplass å lande på da ho kom fram til Irland? 86
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 87
IN
ER
D
R
VU Stuegrisen
G
Øveord: fasongar skikkelege husvære
A PL
EM KS
SE
Ein gong for lenge sidan var det krig i Noreg. Nesten alle landa i heile verda var i krig med kvarandre. Da krigen hadde vart i tre år, tok det til å bli vanskeleg å få tak i mat. Spesielt vanskeleg var det for folk som budde i byane. Poteter var nesten det einaste folk fekk kjøpt. Folk åt poteter i alle fasongar: potetkaker, potetlomper, potetbiff og potetsuppe. Av og til fekk dei tak i litt fisk, og om sommaren plukka folk bær og sopp og nøtter. Det var ingen som direkte svalt, men alle lengta etter skikkelege kjøttkaker eller ei saftig steik til middag. I familien Stenersen var det fire barn: Reidar, Arne, Astri og Randi. Dei budde midt i byen i eit lite husvære.
R
Oppgåver: Skriv orda som har med mat å gjere. Skriv dei orda som er særnamn. Spørsmål: Kva slags mat var det vanskeleg å få tak i under krigen? 87
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 88
Rett over gata var det ein stor park. Her leika alle barna i gata både sommar og vinter. No var sletta der dei brukte å sparke fotball, pløgd opp til ein stor potetåker. Men elles merka ikkje barna så mykje til krigen.
Øveord: potetåker kjøkkenbordet skikkeleg skinkesteik medisterkaker balkongen dampa ut
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Rett etter påske samla mor og far Stenersen alle barna rundt kjøkkenbordet. Mor og far hadde alt byrja å tenkje på jula. I år ville dei ha skikkeleg julemat med skinkesteik, ribbe og medisterkaker med tjukk, brun saus. Barna fekk nesten vatn i munnen ved tanken på all den gode maten. Men korleis skulle dei få tak i slik mat? «Jau,» sa far. «Eg kjenner ein bonde som har ein grisunge å selje. Dersom vi kjøper grisungen og gir han mykje god mat, blir han til ein stor, feit gris. Til jul kan vi slakte han og lage pølser, skinker, steiker og kjøttkaker.» Det høyrdest heilt fantastisk ut! Ungane ville reise av stad og kjøpe grisen med ein gong. «Flott,» sa mor, «men vi kan ikkje gjere det utan at de hjelper til. Kvar dag må vi skaffe mat til grisen. Det blir ikkje lett, men dersom alle hjelper til, trur eg det skal gå bra. Dessutan må de gå tur med grisen kvar dag. Den einaste staden vi kan ha han, er på balkongen. Men der får han ikkje nok mosjon.»
A PL
Tidleg neste søndag drog heile familien Stenersen av stad for å hente julegrisen. Barna hadde gledd seg heile veka. Dei reiste med tog. Det var ikkje så ofte dei gjorde det. Toget dampa ut frå stasjonen og tok dei med langt ut på landet. Dei køyrde forbi mange bondegardar og stoppa på mange stasjonar. Mor hadde med niste til dei. Det var ingenting å få kjøpt på toget. Etter to timar var dei framme.
R
Oppgåver: Skriv dei orda som har språklyden kj på plass først. Skriv dei orda som er adjektiv. Skriv namnet på dei to høgtidene som er nemnde i teksten. Spørsmål: Når tok familien Stenersen til å tenkje på jula? Korleis kom familien Stenersen seg til bondegarden? 88
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 89
IN
ER
D
R
VU SE
G
Bonden stod på stasjonen og venta på dei med hest og kjerre. Det var nesten ingen som hadde bil under krigen. garden.
A PL
EM KS
Barna var veldig spente på korleis grisungen deira såg ut. Derfor fekk dei gå inn i grisehuset med det same dei kom til I grisehuset var det tre digre grisepurker som hadde minst tolv ungar kvar. Bonden sa at dei kunne velje kva unge dei ville ha. Mor og far gjekk inn på kjøkkenet og lét Astri, Arne, Reidar og Randi få velje. Alle fire fann fort kvar sin grisunge og tok til å krangle om kven som var søtast. Men omsider fann dei ut at dei ville ta den minste av alle ungane. Bonden undra seg nok litt over det. Han gav far seks egg på kjøpet. Dei fekk låne ein stor kasse av bonden. Kassen vart fylt med godt, mjukt høy, og så bar det tilbake til byen med grisen.
R
Oppgåver: Skriv eitt av dei substantiva som står i bunden form eintal. Skriv ordet du fann, i alle dei fire formene av substantivet. Spørsmål: Kor mange griser var det i grisehuset? 89
Øveord: stasjonen grisepurker kvar velje høy
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 90
Øveord: potetskal tilgav drog nysgjerrig lukta yngst sleit seg
VU
Barna klarte ikkje å bli samde om kva grisen skulle heite. Mor avgjorde til slutt at dei fekk kalle han Nasse. Alle vart glad i den søte, rare, vesle grisen. Dei første vekene fekk grisen bu i barnerommet. Nasse skulle sove i kassen sin. Men ofte hamna han oppe i senga til eit av barna. Kvar søndag drog dei ut i skogen for å finne røter og nokre spesielle planter. Nasse likte både røtene og plantene. Av og til koka mor ein slags graut til han av potetskal og vatn. Det lukta fælt, men mat skulle jo Nasse ha. Mor snufsa og gret litt over kor møkkete det vart i husværet, og ho syntest det var flautt med griselukta. Men Nasse var så søt at ho tilgav han snart.
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
Arne, Reidar, Astri og Randi hadde kvar sin dag til å gå tur med Nasse i parken. Men som regel drog dei av stad alle fire. Det var alltid så morosamt å gå tur med grisen. Dei hadde eit hundehalsband og ei lang lenkje på han. Dei kunne ikkje sleppe han laus. Tenk om han rømde frå dei! Så lenge han var liten, var det lett å passe han, men han vart større og sterkare for kvar dag som gjekk. Han var nysgjerrig og stakk trynet sitt borti alt han kom i nærleiken av. Utpå sommaren, da potetene på løkka tok til å vekse, ville han alltid dit. Han lukta mat på lang avstand. Astri, som var yngst, klarte til slutt ikkje å halde han. Han var for sterk for henne. Han sleit seg og sette kursen rett mot potetåkeren.
R
Astri sprang det fortaste ho kunne og klarte å kome før han. Ho stilte seg opp med armane rett ut og føtene langt frå kvarandre for å stoppe den svære grisen.
Oppgåver: Skriv dei orda som har diftong i seg. Skriv seks av dei orda som er samansette ord. Skriv fem av dei orda som er verb. Spørsmål: Kva måtte barna alltid ta på Nasse når dei skulle lufte han i parken? Kvifor klarte Nasse å slite seg laus da Astri gjekk tur med han? 90
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 91
ER
D
R
VU A PL
EM KS
SE
G
IN
Nasse stoppa ikkje, han bøygde berre hovudet og sprang mellom føtene på Astri, slik at ho hamna på ryggen hans. Ho fekk seg ein skikkeleg ridetur baklengs på griseryggen. Dei andre barna heldt på å le seg i hel. Astri hylte og lo om kvarandre! Dette var kjempegøy! Det syntest visst Nasse òg. Han gløymde heile potetåkeren og sprang rundt med Astri på ryggen. Ho ramla av til slutt. Nasse stoppa, rusla bort til henne og dytta til henne med grisetrynet sitt. Det var som om han ville sjekke om ho var heilt i orden. Frå da av fekk barna ein ridetur med Nasse så ofte dei ville.
R
Nasse var no altfor stor til å vere inne i husværet. Han måtte halde seg på balkongen. Han grynta nøgd kvar gong nokon kom ut og heldt han med selskap. «Han er som ein stor, snill hund,» sa far. «Det er da ikkje normalt for ein gris å te seg slik!» «Nei, Nasse er ein stuegris!» meinte Randi.
Spørsmål: Kva gjorde Nasse da Astri ramla ned frå ryggen hans? Kvifor måtte Nasse vere på balkongen? 91
Øveord: baklengs husværet normalt
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 92
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Det var fleire av naboane som Øveord: hadde dyr på balkongen sin. saueribbe Ein familie hadde humra kaninar, og ein annan hadde styresmaktene høner. Vaktmeisteren hadde i mils omkrins skaffa seg to sauer. Dei gjekk ute på plenen framfor blokka i eit langt tau. «No slepp eg å klippe plenen i sommar, og til jul får eg saueribbe,» sa vaktmeisteren og humra nøgd. Men ingen av desse dyra kunne måle seg med Nasse. Det var alle barna samde om. Reidar, som var eldst, syntest det var litt flautt på skolen. Læraren gjekk rundt og snusa og lukta og kunne ikkje skjøne kvifor det lukta gris i klasserommet. Reidar sa ingenting om Nasse. Tenk om læraren sladra til styresmaktene! Det var eigentleg ikkje lov å ha husdyr i ei blokk!
A PL
EM KS
Nasse heldt fram med å vekse og trong mykje mat. Familien Stenersen streva og sleit for å skaffe nok. «No har vi snart grave opp alle røter og planter i mils omkrins,» klaga Arne. Dei måtte stadig lenger og lenger inn i skogen for å finne noko som Nasse kunne ete. «Men no er det snart slutt,» trøysta mor. «Dei siste vekene treng de heller ikkje gå så lange turar med Nasse. Han bør halde seg i ro, slik at han blir skikkeleg god og feit.» Kva var det mor snakka om? Dei siste vekene?
R
Oppgåver: Skriv namnet på dei dyra som er nemnde i teksten. Skriv alle formene av dei substantiva du har skrive. Spørsmål: Kva slags husdyr hadde naboane til familien Stenersen? Kvifor syntest Reidar det var flautt å gå på skolen? 92
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 93
Dei hugsa korleis dei hadde snakka om herleg julemat i påska, men det var før dei fekk Nasse. Mor hadde vel ikkje tenkt at dei skulle ete Nasse, som dei hadde vorte så glade i? Barna såg forfjamsa på kvarandre. Dei ville neimen ikkje ete den beste vennen sin! Mor og far ville sikkert kome på andre tankar. Dei likte Nasse godt, dei òg, og lo ofte av alt det rare grisen fann på. Men barna vart samde om at dei måtte gjere alt mor bad dei om i vekene framover. Ho måtte for all del ikkje bli lei av alt arbeidet ho hadde med Nasse.
Øveord: forfjamsa korkje framleis arve klede etter lokka grønsåpe salmiakk slaktaren
G
IN
ER
D
R
VU
I slutten av oktober kom hausten for fullt. Det var ikkje det minste moro å gå tur med Nasse når regnet pøste ned. Barna hadde for dårlege klede og støvlar. Mor fekk ikkje kjøpt korkje støvlar eller klede til barna. Det var nesten ingenting å få kjøpt i dei få butikkane som framleis var opne. Slik var det under krigen. Det var verst for Reidar og Randi. Dei hadde ingen dei kunne arve klede etter. «Hadde eg berre hatt noko eg kunne byte med, noko som folk ville ha,» sa mor og sukka.
EM KS
SE
Turane med Nasse vart kortare og kortare. No var han så svær at dei nesten ikkje klarte å få han oppover trappene etter lufteturane. Reidar og Randi drog i halsbandet. Arne og Astri dytta på bak. Mor stod på toppen av trappa og lokka med potetskalsuppa hans.
A PL
Ein dag tidleg i november var ikkje Nasse på balkongen da barna kom heim frå skolen. Mor var raud i auga og såg litt lei seg ut. Heile husværet lukta av grønsåpe og salmiakk. Mor hadde vaska heile dagen. Kvar var Nasse? «Kjære dykk,» sa mor, «slaktaren henta han i føremiddag.
R
Oppgåver til sidene 93 og 94: Skriv dei orda som har bokstaven æ i seg. Skriv dei orda som har bokstaven ø i seg. Skriv fire av dei orda som er adjektiv. Skriv kva orda kjøpe, kjenne, kjekle, kjefte er like i. Spørsmål: Kvifor fekk ikkje barna nye klede? Kvifor hadde det vorte så vanskeleg å få Nasse oppover trappa? 93
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 94
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU R
Det nærmar seg jul, og vi kjøpte jo grisen for å få litt ekstra mat utover vinteren. Det har de vel ikkje gløymt? No var Nasse vorten stor og feit nok. Vi kunne ikkje ha han her lenger. Korleis trur de vi skulle klare å skaffe mat til han når snøen og kulda kjem? Ikkje kunne han bu på balkongen stort lenger, heller. Han hadde kome til å fryse i hel. Gled dykk no til jul og all den gode julematen vi skal ete!»
94
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 95
Da klarte ikkje barna meir. Dei sette i å gråte alle fire. Dei hulka og skreik og styrta inn på barnerommet og smelte døra att etter seg. Tenk at den snille, gode mor deira kunne sitje der og snakke om kor godt Nasse, den beste vennen deira, ville smake på julekvelden! Tenk at dei hadde ei så hjartelaus mor! Dei ville heller svelte enn å ete Nasse.
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
I dagane som kom, hadde mor det frykteleg travelt. Ho stod på kjøkkenet heile dagen og laga mat. Ho hadde fått ei dame til å kome og hjelpe seg. Dei laga pølser og medisterkaker og sylteflesk og la kjøttstykke ned i baljar med grovt salt i. Ingen hadde fryseboks den gongen. Fryseboksen var ikkje oppfunnen. Men folk visste råd for korleis dei kunne lagre mat lenge utan at han vart øydelagd. Barna gjekk bleike og stille rundt.
Øveord: hjartelaus sylteflesk baljar grovt salt fryseboks lagre
R
Oppgåve: Skriv minst seks ord som passar til biletet. Spørsmål: Kvifor la ikkje mor maten i fryseboksen? 95
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 96
Dei var nok glade for at dei slapp å gå tur i grisevêret, og det var godt å liggje lenge på søndagsmorgonen. Ingen planter skulle lenger hentast i skogen.
Øveord: grisevêret fiskekakene fantestrekane Middagane var som dei hadde vore: poteter og kålrot i alle nynna fasongar. Til søndagsmiddagen kom fiskekakene på bordet. løyndomsfull Ingen snakka om Nasse lenger. Ingen såg noko til all maten alle kunstens mor laga på kjøkkenet heller. Ingen av barna gledde seg til reglar julekvelden. Dei sakna Nasse og alle fantestrekane hans. stearinlysa Mor vaska og rydda og gjorde alt i stand til jul, slik ho elektriske
Siste søndagen før jul drog far og gutane av stad for å finne juletre. Snøen var komen, og det var vanskeleg å finne treet dei ville ha. Dei måtte leite lenge før dei fann eit tre alle var nøgde med. Gutane tenkte på Nasse og maten hans. Mor hadde rett. Her var ikkje mykje dei kunne ha brukt til grisemat.
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
brukte å gjere. Ho gjekk rundt og nynna på julesongane og var løyndomsfull. Reidar, Randi, Arne og Astri kunne ikkje skjøne korleis ho kunne ha gløymt Nasse så fort.
A PL
Veslejulaftan vart treet pynta etter alle kunstens reglar. Lys på treet mangla dei. Det var ikkje mogleg å få tak i dei små, kvite stearinlysa dei brukte å ha på juletreet. Slik var det under krigen. Elektriske juletrelys var ikkje oppfunne.
R
Oppgåve: Skriv minst fire av dei samansette orda som har orda jul eller jule på plass først. Spørsmål: Kvifor hadde dei ikkje lys på juletreet? 96
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 97
Mor la juleduk både på stuebordet og kjøkkenbordet. Det var grøne einerkvister i krukker og vasar. Filleryene på golva var nyvaska, og vedomnen i stua var svart og blank av omnspussen mor hadde gnidd han inn med. Det lukta jul i alle rom.
VU
Julaftan føremiddag var lang å kome igjennom. Astri, Arne, Randi og Reidar både gledde og grua seg til kvelden. Ute var det mørkt og trist. All snøen var borte att. Men inne var det godt og varmt og koseleg. Mor var veldig løyndomsfull. Barna hadde streng ordre om å halde seg i stua. Far spela julesongar på pianoet. Han fortalde eventyr. Timane snigla seg av garde, men endeleg byrja det å lukte mat.
Øveord: einerkvister filleryene omnspussen ordre skinkesteik sauekjøtt ripsgelé eggedosis
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
Så kom det som barna hadde grua seg til. Mor sa «ver så god». Bordet var fint duka med det finaste serviset og pynta med grøne kvister. Barna sette seg stille ned. Alle fire hadde bestemt seg for at dei ikkje skulle ete middag same kor svoltne dei var. Men mor kom ikkje inn med skinkesteik og medisterkaker. Ho kom inn med eit stort fat med fårikål! Far og barna jubla om kapp! Ingen skjøna nokon ting. Fårikålen smaka herleg. Far kunne ikkje skjøne korleis mor hadde fått tak i sauekjøtt! Til og med ordentlege peparkorn hadde ho funne. «Å, eg hadde noko å byte med,» sa mor og smilte lurt. Ettersom det var julekvelden, fekk dei dessert òg. Det var ripsgelé med eggedosis. Barna trudde ikkje sine eigne auge. Eggedosis hadde dei ikkje smaka på to år! Egg var ikkje å få kjøpt. Korleis hadde mor klart det? «Å,» sa mor, «eg hadde noko å byte med!» Etter at alle hadde ete seg stappmette, gjekk dei rundt juletreet. Dei song alle versa i julesongane. Det var litt dumt at dei ikkje hadde lys på treet, men barna syntest det var fint likevel.
R
Oppgåver: Skriv orda som har med mat å gjere. Skriv fem av dei orda som er verb. Spørsmål: Kva hadde barna grua seg til? Kva fekk dei til dessert? 97
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 98
Ingen hadde venta seg presangar i år. Både mor og far hadde klaga i heile haust over at det ikkje var noko å få tak i i butikkane. Mor stakk ut på gangen. Ho vart borte lenge. Omsider kom ho tilbake. Ho kom berande med den store kleskorga si og sette henne midt på golvet. Korga var full av klede. Astri, Arne, Randi og Reidar såg på mor. Kvifor drog ho kleskorga inn i stua på julaftan? «Julenissen har vore her. Han sette att denne korga i entreen,» sa mor.
Øveord: berande fortent putetrekk marsipangriser sigarar avlang gliste skinker
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Reidar sa at no måtte mor slutte å tøyse. Ho måtte vere klar over at her var det berre store barn som ikkje trudde på julenissen lenger. «Ja,» sa mor og vart med eitt alvorleg. «Eg har fire kjekke, snille, hjelpsame barn som har fortent ein julepresang. Det var ikkje råd å få tak i papir, så eg har pakka gåvene inn i putetrekk. Dei må eg ha att!» Så delte ho ut to putetrekk til kvar. Korleis hadde mor fått tak i gåver? «Å, alt går når ein har noko å byte med!» lo mor. Barna fekk kvar si bok. Reidar og Randi fekk tjukke, gode støvlar. Astri og Arne fekk ullgenserar i klare, fine fargar. Alt såg nesten nytt ut. Til slutt drog mor fram ein kakeboks. Inne i boksen låg det fire marsipangriser, éin til kvar.
A PL
Far fekk også ein liten pakke. Han fekk to digre sigarar! Far spratt opp og gav mor ein kjempeklem. Så stakk han handa i lomma og drog fram ei avlang eske. Han bukka djupt for mor og gav henne eska. Mor tok varsamt av lokket. «Å, så flott!» ropa ho. Ho heldt opp ei perlekjede. «Kvar har du fått tak i det?» «Eg hadde også noko å byte med,» gliste far. Men no ville Randi vite kva mor og far meinte når dei sa: «Eg hadde noko å byte med.» «Jo,» sa mor og sette seg ned. «Takka vere Nasse har eg kunna lage pølser, skinker og medisterkaker.
R
Oppgåve: Skriv minst fire av dei orda som er adjektiv. Spørsmål: Kvifor var ikkje gåvene pakka inn i papir? Kva var det i eska mor fekk av far? 98
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 99
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU A PL
Både far og eg forstod veldig godt at de ikkje ville klare å ete den maten. De hadde jo vorte så glade i grisen. Men når det er krig og dårleg med mat, nyttar det ikkje å vere blauthjarta. Vi måtte slakte Nasse. Da fekk vi noko som mange menneske gjerne ville ha, nemleg julemat. Det var ikkje nokon vits i å selje maten. Det hjelper ikkje å ha pengar når det ikkje er noko å få kjøpt. Derfor byter folk med kvarandre. Eg hadde kjøtt og ville ha klede. Så byta eg med ei dame som hadde klede, men ikkje kjøtt. Alt de har ete i kveld, og alle presangane, skaffa vi på den måten.» Barna gav seg over. Øveord: Takka vere Nasse hadde dei fått ein julekveld dei blauthjarta seint kom til å gløyme. takka vere
R
Oppgåve: Skriv minst ti ord som passar til biletet. 99
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 100
Eit barn er fødd i Betlehem
Øveord: lyse ut manntal ætt festarmøya sveipte hugnad
I dei dagane lét keisar Augustus lyse ut at det skulle takast manntal over heile verda. Da for alle heim, kvar til sin by, og skulle skrive seg i manntalet. Josef òg for frå byen Nasaret til Davids by, Betlehem, for å skrive seg der, for han høyrde til Davids hus og ætt.
VU
Maria, festarmøya hans, var med han. Ho venta barn. Og medan dei var der, kom tida da ho skulle føde.
ER
D
R
Ho fekk ein son, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krybbe, for det var ikkje plass til dei i herberget.
A PL R
Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen. Dei lova Gud og kvad:
EM KS
SE
G
IN
Det var nokre gjetarar der i grannelaget, som vakta sauene sine om natta. Med eitt stod ein engel framfor dei og sa: Eg kjem med ein gledeleg bodskap til dykk: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Kristus, Herren. De skal finne eit barn som er sveipt og ligg i ei krybbe.
«Ære være Gud i det høgste og fred på jorda blant menneske som Gud har hugnad i!» Etter Luk 2, 1–14
100
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 101
Øveord: etasje husværet i det fjerne snirklar splitter nye lengtar etter gangvegen
ER
D
R
VU Erle og julesnøen
IN
A PL
EM KS
SE
G
Erle speidar ivrig ut av vindauget på kjøkkenet. Erle bur saman med mor si i 7. etasje i ei høgblokk rett utanfor byen. Frå kjøkkenvindauget i husværet kan Erle sjå lysa frå byen i det fjerne og motorvegen som snirklar seg langs fjorden. Inne på soverommet står den splitter nye rattkjelken til Erle. Erle ventar og lengtar etter snøen, slik at ho kan få testa den nye, flotte kjelken. Det er tidleg om morgonen, men det er likevel nesten ingen bilar på motorvegen og ingen barn som spring over plassen framfor blokka mot gangvegen til skolen. I dag er det sjølvaste julaftan. Erle sukkar tungt. Ute er det mørkt og trist. Ingen herleg, kvit snø har kome i natt heller.
R
Sjølv om det er i dag det er julaftan, hadde Erle og mor hennar låst som det var julaftan i går.
Oppgåve: Skriv tre av dei orda som har språklyden kj i seg. Spørsmål: Kva har Erle ståande på rommet sitt? 101
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 102
D
R
VU
Dei hadde ete marsipan og drukke julebrus, og mamma hadde laga juleribbe og små, kvite pølser til middag. Til dessert hadde dei hatt jordbær og is. Etterpå spela mamma julesongar på pianoet, og Erle fekk opne alle presangane sine. «Dette er vår julekveld. No er eg berre mamma til Erle,» hadde mamma sagt. Men i kveld må Erle dele henne med mange andre. Mor til Erle må nemleg jobbe sjølv om det er julaftan. Heldigvis kan Erle vere med henne. Mor til Erle arbeider på ein aldersheim. I dag skal Erle og mamma hjelpe til med å lage julefest for dei som bur på aldersheimen.
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
«Kjem du, vi er seint ute!» ropar mamma frå gangen. Ho har stressa for å bli ferdig med alt ho skal ha med seg til festen i kveld. Fleire posar med kakeboksar fulle av kokosmakronar og peparkaker står klare. Mamma er raud i ansiktet etter alt strevet. Erle gjer seg klar på null komma niks. Ho har pakka trillekofferten sin full av dei nye leikene ho fekk på «liksom-julaftan» i går. Saman får dei alle pakkane og posane inn i heisen og ut i bilen. Det er ikkje lange vegen til aldersheimen, Øveord: og snart svingar dei inn på parkeringsplassen juleribbe framfor den store bygningen. aldersheim stressa kokosmakronar parkeringsplassen peisestua
R
Inne på aldersheimen er det pynta til jul. I den store daglegstua står det eit stort, flott juletre. Det er blomstrar og levande lys overalt. Erle trillar den vesle kofferten sin inn i peisestua.
Oppgåver: Skriv dei samansette orda der ordet jul eller jule er ein av delane. Skriv orda for dei julekakene du kan namnet på. Spørsmål: Kvar arbeider mor til Erle? 102
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 103
Ho parkerer kofferten ved den gamle sofaen ho plar liggje på når ho er med mamma på jobb. Erle opnar kofferten sin. Ho beundrar alle dei fine presangane ho har fått. Den finaste gåva av alle, den nye rattkjelken som ho fekk av mormor og morfar, står att heime. Det er nok lenge til ho kan prøve den. Mamma har sagt at det er spådd grøn jul i år. Det vil ikkje kome snø før etter nyttår ein gong. Det synest Erle er kjempedumt. Snøen høyrer med til jula. Det skal vere kvit jul. Tenk om ho kunne vere ute no med den nye rattkjelken sin. Bakken utanfor aldersheimen er akkurat passeleg lang og bratt, og det kjem aldri bilar der.
Øveord: parkerer beundrar grøn jul dumt smykkeskrinet ballettdansarinne lokket gyngestolen fotsid
VU
IN
ER
D
R
Erle sukkar litt og finn fram det nye smykkeskrinet sitt i staden. Smykkeskrinet er rosa. Når ein opnar lokket, sprett ei lita ballettdansarinne opp på føtene og snurrar rundt på tåspissane. I lokket på smykkeskrinet er det ein spegel som dansarinna kan spegle seg i.
A PL
EM KS
SE
G
Med eitt knirkar det i gyngestolen framfor peisen. Erle skvett til. Ho har ikkje lagt merke til den gamle mannen som sit og gyngar og kosar seg framfor peisbålet. Han har stor mage og kvitt, langt skjegg, akkurat som julenissen. Han har på seg ei fotsid, raud badekåpe og store filttøflar. «Det er rart at han ikkje har pynta seg slik alle dei andre på aldersheimen har gjort i dag,» tenkjer Erle. «Kanskje han er sjuk.» Ho går bort og stiller seg framfor gyngestolen. Den gamle mannen ser veldig snill og koseleg ut.
Spørsmål: Kvifor kan ikkje Erle prøve rattkjelken sin? Korleis ser den gamle mannen ut? 103
R
Oppgåver: Skriv tre av dei orda som er samansette ord. Skriv dei orda som dei samansette orda er delte inn i.
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 104
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU A PL
«Eg heiter Nessin Eluj og kjem frå eit land langt, langt borte,» seier den gamle mannen med mørk, brummande røyst. Erle må smile. Det var eit veldig rart namn, synest ho. «Eg heiter Erle,» seier ho, og forklarer Nessin at ho er med mamma på jobb, og at ho har feira julaftan dagen før. «Det er derfor eg allereie har opna alle julepresangane mine.»
R
«Jaså, jaså! Har du vore snill jente, slik at du fekk alt du ønskte deg, da?» brummar Nessin Eluj. Øveord: brummande allereie
Oppgåve: Skriv ti ord som passar til biletet.
104
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 105
Erle smiler breitt og forklarer Nessin at ho har vore flink og hjelpt mamma med å bake kaker til dei som bur på aldersheimen. «Det einaste eg har skrive på ønskelista mi som eg ikkje fekk, var masse herleg snø,» ler Erle. Den gamle mannen smiler breitt og ler så det ljomar i veggene. «Der eg kjem frå,» seier han, «er det snø heile året, og barna kan lage snøenglar og snølykter midt på sommaren.» Det synest Erle høyrest veldig flott ut.
Øveord: smiler breitt ljomar snøenglar skundar seg matsalen ripssaft
VU
«Mamma seier at vi ikkje får snø før nyttår,» seier Erle trist. «Det har dei sagt i vêrmeldinga på tv.» «Vel, vel, julenissen plar gi snille barn det dei ønskjer seg til jul,» seier Eluj Nessin med eit lurt smil om munnen. «Du har nok ikkje møtt den ordentlege julenissen enno, du!»
G
IN
ER
D
R
Da ringjer det i bjølla frå matsalen, og det tyder at julegrauten er klar. «Kom, så går vi og et!» ropar Erle og dreg Nessin i armen. «Nei, gå du, eg kjem om ei lita stund. Eg vil berre varme meg og slappe av ei lita stund til framfor peisen,» seier Nessin og blunkar til Erle.
A PL
EM KS
SE
Erle skundar seg inn i matsalen. Der får ho herleg julegraut med mandel i og raud ripssaft. Grauten går ned på høgkant. Erle ser mot døra. No må Nessin kome!
R Oppgåve: Skriv dei samansette orda som har ordet snø på plass først. Spørsmål: Korleis visste mor til Erle at det ikkje kom snø før etter nyttår? Kva fekk Erle å ete i matsalen? 105
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 106
Det er snart ikkje meir julegraut att. Erle lurer på om han Øveord: har sovna og gløymt heile grauten. Det er nok best ho lommetørkle går og hentar han. Erle skundar seg inn i peisestua. Men broderte der er ingen Eluj. Gyngestolen framfor peisen er tom, og gulltråd peisbålet har brent ned. Det var da merkeleg! Kvar kan spegelvendt han ha gjort av seg? Else spring inn i matsalen og hentar mamma. «Du må hjelpe meg å finne Nessin Eluj. Han får ikkje julegraut dersom han ikkje kjem no!» forklarer Erle. «Han sat her framfor peisen og varma seg for ei lita stund sidan. Han kan da ikkje berre ha vorte borte!»
SE
G
IN
ER
D
R
VU
«Nessin Eluj?» seier mamma. «Vi har da ingen her som heiter Nessin Eluj. Det var eit rart namn, forresten!» Erle forklarer at han kjem frå eit land langt borte, og i det landet snør det heile året. «Han sat her i gyngestolen og slappa av framfor varmen frå peisen. Han var litt sliten, trur eg!» forklarer Erle ivrig. «Nei, no tullar du fælt, Erle! Den peisen har da ikkje verka på mange år, og vi har ingen her som heiter Nessin. Kom og et litt peparkaker i staden!»
A PL
EM KS
Erle har ikkje lyst på peparkaker. Ho lurer på kvar den gamle mannen tok vegen. Ho set seg på sofaen og tek opp det rosa smykkeskrinet sitt. Med eitt får ho auge på noko som stikk ut av smykkeskrinet. Erle opnar lokket varsamt. Der, ved føtene til ballettdansarinna, ligg eit lommetørkle av silke med broderte snøkrystallar og eit namn sydd med gulltråd: «NESSIN ELUJ». Erle jublar. No kan mamma få sjå at ho ikkje tøysar! Erle skal akkurat til å late att skrinet og rope på mamma da ho får auge på noko i spegelen på lokket. I spegelen kan Erle lese namnet som står på lommetørkleet spegelvendt: NESSIN ELUJ blir J-U-L-E-N-I-S-S-E-N !
R
Oppgåve: Skriv fem av dei orda som er verb. Spørsmål: Kva var det som ikkje hadde vore i orden på mange år? Kva slags kaker kunne Erle få å ete? 106
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 107
Øveord: gledeshyl tett i tett takksam
IN
ER
D
R
VU EM KS
SE
G
Erle blir varm i kinna. Det er sjølvaste julenissen ho har snakka med! Ikkje rart at mamma ikkje visste kven den gamle mannen var. Erle bestemmer seg for at lommetørkleet skal vere den store løyndommen hennar. Mamma vil nok ikkje tru på henne likevel. Erle går bort til vindauget i peisestua. Kanskje ho kan få eit glimt av julenissen.
A PL
Erle set i eit gledeshyl. Utanfor snør det tett i tett! Det snør ekte julesnø! Det er kvitt overalt! I morgon blir det akeføre. Erle sender ein takksam tanke til Nessin Eluj. Det er han ho kan takke for all snøen! «Snille barn plar få det dei skriv på ønskelista,» hadde han sagt.
R
Oppgåve: Skriv dei tre orda som har bokstaven g på plass først. Spørsmål: Kva plar «snille barn» få på julaftan? 107
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 108
Tørris og Fjellvind
VU
Det du no skal høyre, skjedde for over hundre år sidan. Tørris budde på Bårdsgården saman med foreldra sine, to småsysken og farmor og farfar. Dei budde langt frå folk. Dalen dei budde i, heitte Storlidalen. Dei hadde mange dyr på garden. Lita heitte hunden deira. Tørris var svært glad i den hunden. Dei hadde ein hest òg. Om vinteren fekk han stå mykje i ro. Skulle dei ut og køyre, brukte dei eit reinsdyr til å dra sleden. Reinsdyret hadde Tørris funne som liten kalv. Tørris hadde stelt godt med den vesle kalven. Kalven voks og treivst på garden. Etter kvart vart han heilt tam. Dei gav han namnet Fjellvind.
Øveord: skjedde reinsdyr langsetter islagde stortrivst skinnfellen snøstormen
IN
ER
D
R
Vi går inn i forteljinga da far og Tørris er på veg nordover dalen for å møte Bogga. Bogga er kokke på prestegarden, som ligg nedst i dalen. Når ho ein sjeldan gong har fri, kjem ho på besøk til Storlidalen. Alle på garden gler seg til ho kjem.
A PL
EM KS
SE
G
Fjellvind spring lett og fort. Føret er fint og fast, berre med litt nysnø over. Far held seg i eit tau som er bunde til den vesle, smale sleden. Det går så det susar nedover lia og langsetter det islagde Bårdsvatnet. Tørris stortrivst. Han sit med nasetippen så vidt over skinnfellen og ser på den kraftige kroppen og dei svære, flotte horna til Fjellvind.
R
Med eitt tek det til å blåse opp. Sola blir borte, og himmelen blir mørk. Det varer ikkje lenge før snøstormen er over dei. Han kjem som sleppt ut av ein sekk! Dei bør kome seg i hus så fort som råd. Oppgåver: Skriv dei adjektiva som fortel Skriv dei adjektiva som fortel Skriv dei adjektiva som fortel Skriv fem av dei orda som er
korleis sleden ser ut. korleis kroppen til Fjellvind ser ut. korleis føret er. samansette ord.
Spørsmål: Når skjedde dette? Kven hadde funne reinsdyrkalven? 108
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 109
VU
SE
G
IN
ER
D
R
Men far bestemmer seg for å halde fram til plassen der dei har avtala å møte Bogga. Dei kan ikkje svikte henne no! Dei held seg på det islagde vatnet. Det er nok lunare oppe i skogen, men det er lettare for Fjellvind å springe på isen enn i djupsnøen oppe i skogkanten. Tørris myser framover. Ein tett vegg av snø kjem drivande mot dei. Snart ser han ingenting framfor seg anna enn Fjellvind.
A PL
EM KS
«Trur du vi finn Bogga?» ropar Tørris «Eg vonar da det,» seier far, «ho har vel så mykje vett at ho held seg her i skogkanten og ikkje vasar seg ut på isen. Vi får kauke iblant, så ho høyrer oss.» Men far og Tørris korkje høyrer eller ser noko til Bogga. No kjem dei til den vanskelegaste staden på sletta – den delen som er så fin om sommaren med mange slags lyngblomstrar og bær. Men no er her beint fram farleg. Kvar einaste vinter har det gått fleire snøras her, heilt oppe frå Styggfonna på toppen av fjellet, over sletta og langt ut på isen. Far myser utover. Sletta står i kok.
R
Øveord: lunare djupsnøen skogkanten drivande vasar kauke lyngblomstrar beint fram
Oppgåve: Skriv ord som skildrar vêret og føret. Spørsmål: Korleis ser den farlege sletta ut om sommaren? 109
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 110
Far bestemmer seg for at dei ikkje skal snu før dei har gjort alt for å finne Bogga. Dei ser ikkje handa for seg, og det er stor fare for at dei køyrer rett forbi henne utan å oppdage det. Tørris og far ropar og hoiar kvar sin gong. Far køyrer sakte no. Vinden hyler verre enn nokon gong. Brått spaknar vinden nokre få sekund, og dei høyrer eit svakt rop. Far stoppar Fjellvind. Tørris og far ropar i kor alt dei orkar. Dei får svar oppe frå fjellsida. Far snur og får Fjellvind til å gå rett oppover. Sleden hoppar og sprett. Dei skjønar at dei er midt i området der raset frå Styggfonna har gått. Dei ropar og skrik. Med eitt ser dei ein mørk skugge oppe i fjellsida.
Øveord: hoiar hovudsjal andpusten geispar drønn kvekk fjellkammen
VU
Oppgåver: Skriv eit verb som har språklyden kj på plass først. Skriv to verb som har bokstaven s på plass først. Skriv dei adjektiva som fortel korleis Bogga ser ut. Spørsmål: Kva slags klede har Bogga på seg? 110
R
Far og Tørris og Bogga er så vidt komne ned skråninga da dei høyrer eit kraftig drønn bak seg. Tørris kvekk til og set i eit rop. Alle tre skjønar straks at det er fonna som rasar ut oppe på fjellkammen.
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
«Pass opp, her kjem eg!» skrik det, og der kjem Bogga med flagrande stakkar, kvit av snø frå topp til tå og med runde, raude kinn innanfor eit digert hovudsjal. Ho bremsar farten med den lange skistaven og lener seg andpusten over sleden. «No vart eg vel glad,» geispar ho, «kjem de verkeleg for å møte meg?» «Vi gjer så,» smiler far, «men kva driv du med her oppe? Hadde du tenkt deg opp til toppen?» «Ikkje akkurat,» svarar Bogga, «men eg tenkte at så lenge eg heldt meg i skråninga, var eg sikker på ikkje å rote meg ut på isen.» Far skjønar det. Men fjellet er svært farleg akkurat her. No må dei kome seg bort å fort som råd!
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 111
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Om ein augneblink vil ho brase nedover bratthenget. Øveord: Kor stor fonna er, og kor langt ho vil gå, veit ingen. bratthenget Men at det hastar med å kome seg unna, er brennsikkert. klauvene Fjellvind har også høyrt braket. Han reiser seg på bakføtene, lynraskt kavar med klauvene i lufta og skrik høgt og håst. klamre Bogga, som heng etter, held på å stupe på nasen over meiane tviheld sleden. Far grip rundt den eine armen hennar og slengjer baksar henne oppi, tek lynraskt skiene av henne – og i neste taumane sekund set reinsdyret av stad i ein slik fart at dei tre i smått om senn sleden må klamre seg fast. Det nyttar ikkje å styre. stagga Fjellvind fer rett fram, over sletta og utetter isen, vekk frå det fryktelege bulderet som kjem etter han. Men enda reinsdyret flyg som ein vind, greier dei ikkje å kome klar av raset. Med eitt kjenner dei ein hard støyt mot sleden, og snøen veltar opp i han og dekkjer ryggen på Fjellvind. Det er nesten som om nokon hadde brukt ein diger spade og kasta snø over dei. Tørris feiar snøen vekk frå ansiktet, stirar bakover, men kan ikkje få auge på far. «Far!» skrik han. «Eg er her. Hald dykk fast!» brølar far. Han sit på huk med føtene på meiane og tviheld i sledekanten. Bogga grip hardt rundt Tørris og gøymer ansiktet hans i skautet sitt. Ei lita stund kjennest det som om dei er komne ut i sjøgang. Sleden slingrar frå den eine kanten til den andre, og Fjellvind baksar i dei strøymande snømassane og strevar med å halde seg på føtene. Han skrik i eitt sett, medan det brakar rundt dei. Tørris held pusten og ventar berre at sleden skal velte.
R
Med eitt er raset over. Bogga, som held taumane, får smått om senn stagga den ville farten, og Fjellvind står stille. Da er dei langt ute på isen. Far går fram og stryk det sveittevåte dyret over ryggen. «Du var flink no,» seier han. «Utan deg hadde vi ikkje greidd oss.» Oppgåver: Skriv fem av dei orda som har bokstaven b/B på plass først. Skriv fem av dei orda som er substantiv. Spørsmål: Kva gjer Fjellvind idet han høyrer braket av snøen? Kva legg Bogga over ansiktet til Tørris? 111
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 112
Alle tre er både utslåtte og skjelvande. Det hadde vore nære på. Dei kunne ha vorte liggjande djupt under snømassane alle saman. Heldigvis hadde dei vore i utkanten av raset. Dei skuffar vekk all snøen som har hamna oppi sleden, børstar vekk snøen frå kleda og sjekkar om noko har vorte borte. Skiene til Bogga er borte, men far har heldigvis sine. Bogga og far blir samde om at dei må kome seg inn til skogkanten att.
Øveord: utslåtte hamna stormbyene ufyselege seletøyet snøskavl
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Tørris og Bogga set seg i sleden. Far går bak og støttar han. Stormbyene kjem like tett som før. Far må gå med bøygd hovud. Han gløttar opp av og til for å sjå seg om. No må dei da snart vere tilbake i skogkanten? Men minutta går, og dei er framleis ute på isen. Far og Bogga tek til å bli skikkeleg redde. Stormen aukar på. Far må nesten hange på den eine sida av sleden for ikkje å blåse over ende. Fjellvind stoppar heilt, vender hovudet og ser på dei. Eit reinsdyr plar leggje seg ned når det stormar. Han kan ikkje skjøne kvifor dei skal streve vidare i det ufyselege vêret. Far er samd. Dette går ikkje lenger. Anten går dei i ring, eller så er dei så langt ute på isen at dei ikkje kjem til å finne land på lenge.
A PL
Han går fram til Fjellvind, tek tak i seletøyet, og for kvar snøskavl dei kjem til, stoppar han og kjenner etter med skistaven sin kor djup skavlen er. Endeleg finn han ein skavl han er nøgd med. Her vil han grave ei snøhole til dei. Dei kan ikkje halde fram lenger i dette vêret.
R
Far har ein spade i sleden. Den får han bruk for no. Han grev seg innover i skavlen. Oppgåver: Skriv fem av dei orda som er samansette ord. Skriv fem av dei orda som er verb. Skriv tre av dei orda som har diftong i seg. Spørsmål: Kven har mista skiene sine? Kva gjer far for å måle kor djupe snøskavlane er? 112
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 113
Øveord: skinnfellane i le tviheld lempar snøbenk
ER
D
R
VU EM KS
SE
G
IN
Bogga hjelper han. Ho bruker skistaven sin til å grave med. Tørris ligg framleis godt innpakka i skinnfellane i sleden. No blåser det verre enn nokon gong. Sjølv om sleden står i le bak skavlen, voggar han att og fram og held på å velte fleire gonger. Tørris tviheld på skinnfellane. Han er redd for at han skal blåse ut av sleden og bli borte for far og Bogga.
A PL
Endeleg ropar far at hola er ferdig. Tørris kan kome inn. Bogga hjelper han ut av sleden, ristar skinnfellane godt og lempar dei inn i hola. Skiene og sekken til far blir også sende inn. Så krabbar Tørris inn, og til slutt kjem Bogga krypande. Inne i hola har far laga ein snøbenk til å sitje på. Bogga legg det eine skinnet opp på benken, og det andre legg ho utover på golvet med den tørre sida opp. No kan dei sitje lunt og godt.
R
Oppgåver: Skriv fem av dei orda som er verb. Skriv om dei verba du har funne, står i notid eller fortid. Spørsmål: Kva grev Bogga med? 113
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 114
Far har krabba ut igjen. Han løyser sleden, set han på skrå framfor holeinngangen og spar mykje snø over han. Det blir som ein liten gang inn til hola. Dessutan held snøen sleden på plass, slik at han ikkje blåser bort. Fjellvind legg seg ned rett utanfor. Han har tjukk og god pels og frys ikkje. Det siste far gjer før han går inn i hola att, er å hengje eit teppe over holeopninga. Det blir mykje lunare inne i hola, men det blir også heilt mørkt der inne.
Øveord: talglys lammeskinn
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Før far går inn, børstar og ristar han av seg snøen så godt han kan. Det er om å gjere å halde seg tørr. Blir dei våte, kjem dei til å fryse. Det kan vere farleg. Far set seg godt til rette og opnar sekken. «Vi må ha lys her,» seier far. Han finn fram eit talglys, set det fast i veggen og tenner det. Jammen blir det koseleg i hola. Så dreg far fram tørre sokkar, ulltrøyer og ei tjukk bukse. Til slutt kjem ei lita jakke av lammeskinn. Bogga slår hendene saman og seier: «Du verda, du har no tenkt på alt: spade, lys og tørre klede!»
R Oppgåver: Skriv namnet på dei tinga far drog opp frå sekken. Til kva ordklasse høyrer dei orda du har skrive? Spørsmål: Kvifor frys ikkje Fjellvind? Kvifor blir det så mørkt inne i hola? 114
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 115
Far fortel at han alltid har denne sekken med seg når han er ute og køyrer om vinteren. Ein gong da han var gut, kom han ut i ein slik snøstorm som den dei har no. Han måtte grave seg ned i snøen med berre hendene. Han hadde korkje spade, lys, tørre klede eller mat med seg. Det vart ei lang og kald natt. Det gav han ein lærepenge han aldri hadde gløymt. Etter det var sekken alltid med.
Øveord: korkje gav lærepenge kufter underskjørt gjestebod nynnar
IN
ER
D
R
VU
Far og Bogga får av seg våte sokkar og kufter. Det er godt å få tørre klede på seg. Far skiftar også bukse. Bogga tek av seg det store, tunge skjørtet som ho har på seg. Under har ho to tjukke underskjørt som er heilt tørre. Tørris, som har byrja å fryse på ryggen, får på seg jakka av lammeskinn. Ho varmar godt!
Det smakar godt med mat. Det blir nesten som eit gjestebod, synest Tørris. Det einaste han saknar, er noko varmt å drikke, men det går ikkje an å lage bål inne i hola.
A PL
EM KS
SE
G
Så kjem det mjølk og brød og steikt flesk opp frå sekken. Bogga har også ein sekk. Der har ho kaker og lefser med smør. Ho har teke kakene med som presang til alle på garden.
R
Sjølv om dei no er tørre og varme, må dei halde seg vakne. Far og Bogga sit på benken og dansar med føtene medan dei nynnar på songar dei kan. Dei fortel historier, klappar takta med hendene og gjettar gåter. Oppgåver: Skriv seks av dei substantiva som står i fleirtal. Skriv substantiva som fortel kva slags mat dei har med seg. Spørsmål: Kor mange underskjørt har Bogga på seg? Kva er jakka som Tørris får på seg, laga av? 115
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 116
Øveord: skinnfellen sovepose dansefest halling spørjande bjeffar
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Tørris synest det er moro å høyre på dei, men til slutt sovnar han. Dei vaksne pakkar han inn i skinnfellen på golvet og lèt han sove. Skinnet blir som ein sovepose som held han god og varm. Bogga og far held fram med å prate. Dei korkje kan eller må sovne. Dei har ikkje fleire skinn å breie rundt seg. Sovnar dei, kan dei fryse i hel. Av og til kryp far bort til holeopninga for å sjå om vêret betrar seg. Men det ser ikkje ut til at stormen vil gi seg med det første.
A PL
EM KS
Tørris søv og drøymer at han er på dansefest med mor og far og Bogga. Bogga dansar halling og svingar seg så alle underskjørta hennar står rett ut. Men med eitt er han lys vaken. Det er ein lyd som har vekt han, langt borte frå. Ein lyd som nesten går i eitt med stormen, men som er annleis likevel. Han set seg opp og ser rett på far. «Kva var det?» spør han. Far lyttar òg, medan Bogga ser spørjande på han. No høyrer dei det igjen. Det er eit dyr som bjeffar – eller uler, eller noko midt imellom. «VUVUVUVUUUUUU,» seier det ute i stormen. «Kva er det, far?» spør Tørris igjen.
R
Oppgåve: Skriv fem av dei verba som er i notid. Spørsmål: Kva gjer Bogga og far for å halde seg vakne? Kva er det som vekkjer Tørris? 116
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 117
«Eg veit ikkje,» svarar far, «eg høyrde det nett no.» Det er stille ei stund. Så kjem det igjen, litt nærmare! Bogga sit med trillrunde auge. «Nei, kva er dette for noko?» ropar ho. «Det kan no vel aldri vere vargen!» «Eg er ikkje sikker,» seier far, «men han er i alle fall ikkje langt unna!» Tørris grøssar.
Øveord: nett trillrunde vargen i alle fall bygda vargjegeren kufta blafrar gjerne
ER
D
R
VU
Det hadde vore ein flokk av dei nede i bygda tidlegare i vinter. Vargjegeren Mattis hadde skote to av dei, resten hadde teke vegen oppover mot Dovrefjell. Men dei kunne kome tilbake. Ein fæl tanke slo ned i Tørris: Fjellvind låg utanfor, og vargen tok reinsdyr! Der er det uhyggelege ulet igjen, og far lyttar. «Eg trur ikkje det er varg,» seier han etter ei stund, «men eg får sjå etter for å vere sikker.» «Å nei, vel!» ropar Bogga, «tenk om det er ein heil flokk.» «Det er berre eitt dyr,» seier far, «og ein einsam ulv vågar ikkje å gå på folk.»
EM KS
SE
G
IN
Far tek på seg kufta og vottane. Bogga og Tørris ser på han og teier. Dei veit at det ikkje nyttar å stoppe han. «De treng ikkje vere redde,» smiler han, «kanskje det berre er ein rev.» Tørris nikkar. Men han veit at det ikkje er rev. Revane uler aldri på den måten.
A PL
Far blir borte. Lyset blafrar når han dyttar teppet til side framfor opninga. Så blir det heilt stille. Dei høyrer ikkje anna enn stormen. Så snart far er borte, krabbar Tørris bort til opninga. Han vil så gjerne vere med for å hjelpe far. Tenk om det er ein ulv der ute! Da hadde det vore betre å vere to. Bogga kjem etter og kikar over skuldra hans. Ho vil vite om Fjellvind er uroleg. Tørris ser bort dit Fjellvind er.
R
Oppgåver: Skriv regelen for korleis du skriv orda vottar, stoppe, Bogga, flokk, flotte. Skriv kva ordklassar orda høyrer til. Skriv eit anna ord som tyder det same som varg. Spørsmål: Kvar hadde ulveflokken teke vegen? 117
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 118
Øveord: villdyr udyret styrte ut trekt kauke
R
VU EM KS
SE
G
IN
ER
D
Han ligg heilt stille. Da Bogga høyrer det, seier ho: «Da er det i alle fall ingen varg der ute. Hadde det vore villdyr i nærleiken, ville aldri Fjellvind ha lege så roleg.» I det same høyrer dei far rope og hoie eit stykke unna. Tørris og Bogga svarar så høgt dei kan. Da kjem det uhyggelege ulet igjen: «Vuvuuuuuu!» Om lag frå same kanten brølar far. Tørris lyttar med open munn. Slåst far med udyret?
A PL
Tørris kjem seg på føtene og vil styrte ut for å hjelpe far. Men Bogga tek eit godt tak i buksebaken hans. Tørris skal ikkje ut, nei! Ho krabbar forbi Tørris og blir ståande og lytte. Så set ho hendene for munnen som ei trekt og tek til å kauke og rope. Dei høyrer eit svakt rop frå snøkavet ein stad bak hola. Bogga held fram med å hoie så høgt ho klarer. Tørris vil fram og ut, men Bogga held han fast. «Hjelp meg heller med å rope!» seier ho.
R
Oppgåver: Skriv namn på dei kleda du ser på biletet. Skriv fire av dei orda som har diftong i seg. Skriv verba som har dobbeltkonsonant i seg. Spørsmål: Kvifor er Bogga så sikker på at det ikkje er ulv ute i snøkavet? 118
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 119
ER
D
R
VU A PL
EM KS
SE
G
IN
Tørris set i å brøle alt han er kar om. Med eitt kjem far snublande ut av fokket. Han har noko tungt i armane. «Takk skal de ha. Hadde de ikkje ropa slik, hadde eg ikkje funne tilbake!» geispar han. Bogga og Tørris ryggar bakover og slepper far inn i hola. Han set den tunge bylten frå seg på golvet og tek til å koste snøen av han. Tørris stirar. Han ser berre ein svart snute og eit par svarte prikkar til auge inne i alt det kvite.
Oppgåve: Skriv adjektiva som fortel korleis bylten såg ut. Spørsmål: Kva er det som hjelper far til å finne tilbake til hola? Korleis hylte Lita? 119
Øveord: alt han er kar om fokket geispar bylten lurvete månesjuk skrubb
R
Den vesle bylten byrjar å vifte sakte med halen. Nokre lurvete, gulbrune hår kjem til syne. Da skjønar Tørris kva det er. Han set i eit hyl av glede: «Det er Lita, hunden vår!» Far fortel at Lita sat og hylte som ein månesjuk skrubb.
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 120
Øveord: hardpakka henne hendene pistrar lograr lepjar stilna
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
Det er ikkje rart at dei ikkje kjende att røysta hennar. Bogga set seg på huk og børstar snøen varsamt bort. «Stakkars deg! Du må ha gått langt. Du kan jo nesten ikkje stå på føtene!» Auga til Lita er fulle av hardpakka snø. Tørris tek til å gni henne med dei varme hendene sine. Lita pistrar og pip. Ho sleikjer Tørris på hendene. Far tettar att inngangen til hola og kostar bort snøen frå kleda. Så kjem han også og hjelper til med å få Lita tørr og varm. Han finn eit par tørre vottar i sekken og gnir Lita varsamt med dei. Lita er stiv og støl. Ho ser på dei med raudkanta auge og lograr forsiktig. Ho vil nok fortelje dei kor fælt ho har hatt det ute i stormen. Far trur han skjønar kvifor Lita har hamna ute i dette vêret. Ho har stukke av for å følgje sporet etter Fjellvind. Så har ho gått seg vill akkurat som dei. Dei held fram med å gni Lita heilt til pelsen er tørr og ho er god og varm. Bogga tømmer litt mjølk i ein kopp. Lita lepjar i seg ein god del. Til slutt legg Lita seg ned tett inntil Tørris. Han har tulla seg inn i skinnfellen igjen. Han lyftar Lita inn på magen sin og brettar godt over dei begge. Snart søv dei godt begge to.
A PL
Tørris vaknar av at far ristar varsamt i han. Far ber han kome seg på føtene. Stormen har stilna litt. Dei skal prøve å finne vegen heim før natta kjem. Tørris held godt på Lita. Ho skal ikkje ut før far har gjort alt klart. Far spenner Fjellvind for sleden. Bogga lempar ut skinnfellane og sekkene. Så går ho ut. Etter ei stund ropar far at Tørris også skal kome ut med Lita. I ein fart får far Tørris opp i sleden saman med Bogga. Han må ikkje bli våt og kald.
R
Oppgåver: Skriv ti av dei orda som har bokstaven ø i seg. Set brun strek under dei orda du har funne som er verb, lilla strek under dei orda som er adjektiv, og gul strek under dei orda som er substantiv. Spørsmål: Kva gnir far Lita med for at ho skal bli tørr og varm? 120
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 121
VU
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
Far brettar fellane over dei, spenner på seg skiene og seier til Lita. «Ver flink, Lita, finn heim!» Lita verkar heilt i orden etter at ho har fått mat og kvile. Ho gir seg til å snuse opp i lufta, tassar hit og dit og gjer sitt beste for å finne den rette retninga. Men etter ei stund kjem ho tilbake og vimsar rundt føtene til far. Ho har ikkje funne nokon spor å gå etter. Far klappar henne og godsnakkar med henne. Tørris myser framfor seg. Det ser ganske håplaust ut. Sjølv om vinden har gitt seg litt, snør det like mykje. Det er ikkje mange metrane dei kan sjå framfor seg. Berre Lita får teften av noko heimanfrå, vil ho finne vegen. Men enno har ho ikkje gjort det. «Før de kom ut, syntest eg at eg såg fjellet bak Bårdsgården,» sa far. «Vi køyrer eit stykke i den retninga eg meiner det var, så får vi sjå.» Far har så visst ikkje mista motet. Lita spring framfor Fjellvind med snuten i vêret. Av og til snur ho seg og ser på far. Det er akkurat som om ho spør: «Trur du vi er på rett veg no?»
R
Oppgåve: Skriv minst ti ord som passar til biletet. Spørsmål: Kva trur far han har sett i snøkavet? 121
Øveord: tassar vimsar godsnakkar myser teften av mista motet
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 122
Med eitt set Lita i eit kraftig bjeff, aukar farten og blir borte i snøkavet. Det er tydeleg at ho har oppdaga eit eller anna. Snart kjem ho tilbake i full fart. Ho dansar rundt føtene til far. Det er ikkje tvil, ho har oppdaga noko viktig. Far rosar henne: «Flink bisk! Vis oss kva du har funne!»
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU
I det same skimtar Tørris eit svakt lys. Det er eit gløtt mellom to byer. Så er det borte. Men han hadde sett det! Far og Bogga stirar framover dei òg. Der er det igjen! No er dei ikkje i tvil. Lyset må vere dei tre talglysa mor og farmor alltid set i vindauget når nokon er ute i styggvêr. No står dei der og skin og viser vegen. Far styrer rett på – inn mot land og oppover bakkane til Bårdsgården. Dei er heime!
A PL
Dersom du vil vite meir om Tørris og familien hans og om alle dyra på garden, kan du lese bøkene Berit Brænne har skrive om Tørris og livet på Bårdsgården:
R
«Tørris. Gutten fra Storlidalen» «Tørris og Fjellvind» «Tørris gror til»
Oppgåver: Skriv dei orda som er særnamn. Skriv kva alle særnamna er like i. Skriv namnet på ho som har skrive om Tørris. Spørsmål: Kven plar setje lys i vindauget i styggvêr? Kven får auge på lysa først? 122
Øveord: gløtt byer talglysa styggvêr
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 123
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU R
123
4. kl. lese nyn.4_4. kl. lese ombrekn. 18.08.10 09.41 Side 124
A PL
EM KS
SE
G
IN
ER
D
R
VU R
124