
3 minute read
Generalforsamling i EDHF
Delegatane samla på Operataket. Pål Barkvoll og Gitana Redriene.
GENERALFORSAMLING I EUROPEAN DENTAL HYGIENIST FEDERATION I OSLO
Advertisement
Tannpleiarar frå 21 europeiske land var samla i Oslo 16.-17. september. Det var spesielt hyggjeleg for NTpF å vera vertskap for så mange delegatar desse dagane, og få anledning til å visa fram Oslo i det vakre haustveret. Før møtestart fredag, fekk delegatane anledning til besøk i Vigelandsparken.
Av Hilde Aga, leiar NTpF
Det var spennande å møta Gitana Redriene frå Litauen for første gong som president for EDHF. Gitana returnerte nyleg frå møte i den europeiske organisasjonen ADEE, Association for dental education in Europe, sin konferanse i Palma. Rammeplanen for tannpleierutdanningar i Europa på bachelornivå, utforma av EDHF, hadde fått stor merksemd på møtet.
Etter opning av EDHF, kunne Gitana ønskja velkommen til Pål Barkvoll, presidenten i ADEE i perioden 2022-23 og tidlegare dekan ved UiO. Interessant foredrag med vektlegging av den viktige strategiplanen for oral helse som vart vedtatt i WHO i vår. Sjå nærmare omtale av strategiplanen under «leiaren» på side 4.
FELLES UNDERVISNING
Barkvoll la vekt på munnhelsa som ein del av den generelle helsa, og tannhelsepersonell skal involverast i primærhelsetenesta. Difor er det spesielt viktig at helsepersonell har meir felles undervisning under utdanninga, og kan vera veiledarar for kvarandre. Fellesskapet må styrkast under utdanninga både interprofesjonelt, og mellom dei ulike tannhelsepersonellutdanningane og med meir samarbeid mellom tannpleierutdanningane, tannlegeutdanningane og tannteknikerutdanninga. WHO anbefaler meir forsking for å styrka folkehelsa. Berekraftig drift på tannklinikkar med meir blir også viktige tema framover. Barkvoll var klar i sitt syn på kosmetisk tannbehandling. Denne type behandling, utan at det ligg føre indikasjon for medisinsk eller odontologisk behov, er ikkje i tråd med god praksis. Arrangering av interprofesjonelle møte med tema utdanning og dimensjonering, må fortsetja. Barkvoll ser for seg tannlegeutdanning i meir medisinsk retning og reduksjon av antal spesialitetar. Barkvoll kom også inn på ny vurdering av tannhelseutdanningane i Europa, og viste til Direktiv 2005/36, direktivet om godkjenning av faglege kvalifikasjonar, der tannpleiaryrket ikkje er omtala. Tannpleiarutdanningane er ulike i Europa, difor er det så viktig med rammeplanen for utdanningsprogram for
yrkesgruppa. Det må bli meir harmoni mellom dei ulike utdanningane i Europa, og mellom dei ulike tannlegeutdanningane.
VIKTIG Å PÅVERKE
President Gitana Redriene har representert vår europiske foreining i viktige møter som ACFF, Association for cavityfree future, og EADHP, organisasjon for offentleg munnhelse. EDHF er medlem/ assosiert medlem i fleire av internasjonale helseorganisasjonar, og tannpleiarane kan difor gjennom medlemskap i EDHF, påverka viktig internasjonale diskusjonar.
Andre spørsmål som vart diskutert var den vidare formidling av innhald i rammeplanen, politisk påverking, og viktigheit av at alle europeiske land har tannpleiarutdanning og at den er i tråd med EDHF sin rammeplan. Befolkningsrike land som Frankrike, Hellas og fleire andre land, har ingen tannpleiarutdanning, og i Tyskland har etablering av tre års utdanning stått på agendaen i ca. 20 år. Årets Europerio i København vart diskutert. Tannpleiarar var svært skuffa over agendaen der ingen tannpleiar var del av utforminga av programmet, eller del av fagprogrammet. EDHF har saka på agenda.
GODE DISKUSJONER
Forskjellige utfordringar i dei nasjonale foreiningane skapte god diskusjon på møtet. Vi hentar motivasjon og inspirasjon frå kvarandre. Det er positivt at arbeidet med etablering av tannepleiarutdanning på bachelornivå i europeiske land er i god utvikling. Det er avgjerande for profesjonen at vi har felles forståing på europeisk nivå kven vi er som yrkesgruppe. Denne spesifikasjonen er viktig for det vidare arbeidet med EU direktivet.
Laurdag kveld var det festkveld med besøk i Operaen og vandring på operataket, tur til Akershus festning med god middag og retur over rådhusplassen, forbi Stortinget og opp Karl Johan før tog tilbake til hotellet på Skøyen. Ein kveld med svært nøgde tannpleiarar. Dei som vart verande i Oslo til søndag, besøkte Folkemuseet, Munch-museet og/ eller Vigelandsparken. Munch-museet, sjølve bygget og utstillinga «Uendeleg og Monumental» vart ei oppleving for fleire. Spania er vertskapsland i 2023.
VERDENS LEDENDE VAREMERKE INNEN PROFESJONELL TANNBLEKING


30+ års erfaring
eu.ultradent.blog 100 millioner hvitere smil 50+ bransjepriser innen tennbleking
FINN UT MERE PÅ ULTRADENT.EU
© 2022 Ultradent Products, Inc. All rights reserved.