Solundavisa

![]()

Fredag 21. august og laurdag 22. august
Fredag
I skrivande stund er ikkje programmet klart. Følg med på Solund Nyheter (Facebook) og inforskjermane utover sommaren.
Solund næringssamskipnad er ein upolitisk samskipnad og har som formål å:
• Samle næringsdrivande i Solund.
• Støtte opp om viktige tiltak som gagnar medlemmane, bygdene og nærmiljøa.
• Arbeide for eit godt samarbeid mellom medlemmar, styresmakter og andre tilsvarande organisasjonar.
Me har litt over 20 medlemsbedrifter, og dekkjer så og sei alle områda innan næring i kommunen.
Laurdag
Kl 12.00 - 15.00: Marknad v/Solund Grendahus. Kl 17:30: Konsert, Sigvart Dagsland, Solund Kyrkje. Kl 22:00: Dans, Solund Grendahus.
Solund Næringssamskipnad ynskjer å verke samlande for næringslivet i Solund, og bidra til å fremje næringsutvikling i kommunen vår. Gjennom våre medlemmar sitt engasjement har vi som mål å vere pådrivar for ei positiv og framtidsretta utvikling i Solund.
Samskipnaden er fast arrangør av Solunddagen som går av stabelen i slutten av august kvart år ilag med Solund kommune v/ Solund frivilligsentral, og i samband med dette gjer vi ut Solundavisa som går ut til alle husstandar i Solund og nabokommunane.


Kontakt oss på post.sns@outlook.com eller sjekk ut heimesida vår www.solundnaering.com for meir informasjon.
God lesing og velkomen til Solunddagen 2026!
Solund Næringssamskipnad
Dagsland i Solund Kyrkje
Solunddagen 22. august kl 17.30
Ein konsert med Sigvart Dagsland er ei unik oppleving, og eit møte med ein artist som beherska publikumsrommet til fulle. Gjennom sin totale tilstadeværelse og uovertrofne stemme tar han menneske med seg; frå det sårbare menneskelege til kraftfulle stemningar og vokalprestasjonar. Alltid med et skrått og tidvis gapskrattande blikk på tilværelsenes mange fasett. Alltid med ei djup respekt for dei band som binde artist og publikum, fortel og lyttar i saman.
I bagasjen denne gongen har han med seg nye låtar, eldre låtar og steingamle låtar.
Med seg på scenen har han, forutan seg sjølv på song og flygel, Torjus Vierli på keyboards & kor, Jango Nilsen på trommer & kor.
Arrangør: Solund Frivilligsentral
< Billett kan kjøpast i Hoopla
Å byggje eit hus tek tid og involverer mange ulike fag som må samarbeide. Slik er det også i eit samfunn. Heilt vesentleg er det å ha ein solid grunnmur. Denne grunnmuren er eit felles ynskje om at i dette samfunnet skal det vere godt å leve og arbeide. Dette sit sterkt i ryggmargen hjå alle dei dyktige folka i Solund som står på for verksemdene og arbeidsplassane sine, hjå dei som stiller opp i frivillig arbeid, velforeiningar eller yter alle dei viktige tenestene for innbyggjarane våre.
Denne viljen til å byggje fellesskapet er fundamentet for å byggje og utvikle kommunen vidare. Slik styrkar vi også tillit og evna til å handtere ei mogleg krise.
I kommuneplanen sin samfunnsdel er overskrifta «Vi skaper framtida i lag». I dette ligg ikkje berre at vi skal førebu oss på kva som kan kome, men at me også kan påverke framtida vår. Difor arbeider vi kvar dag for å sjå framover.
Det siste året har vi teke i bruk eit nytt skulebygg og bibliotek. Dette har vore eit stort løft, særleg for elevar og tilsette på skulen, men også for andre innbyggjarar. Eit moderne og meirope bibliotek har bidrege til nye treffpunkt for mellom anna familiar, og i det fine fellesarealet på skulen har ungdomsklubben og SOFA fått ein fin møteplass.
Den største hendinga dette året vil nok vere opning av Ytre Steinsund bru 27.november. Dette vil vere inngangen til ei heilt ny tid for heile Solund og er noko vi har sett fram til i mange tiår. Dette fortener ei skikkeleg feiring! Bygging av brua har også opna opp for eit nytt næringsområde med kai i Søre Mortevika. Dette gjev nye moglegheiter for utvikling av ny verksemd i kommunen.
Solund kommune deltek saman med Fedje i regjeringa sitt bygdevekstprogram. I dette arbeidet har mellom anna realisering av hurtigbåtstopp i kommunesenteret og bustadutvikling stor plass. Saman med næringsområde i Mortevika er dette nokre av dei sakene som står høgast på agendaen no. I tillegg kunne det også vore nemnt fleire mindre, men også viktige prosjekt. Solund kommune er liten, og har ikkje mange tilsette i administrasjonen. Men dyktige tilsette gjer at ein likevel får realisert viktige saker og i god dialog med Solund næringssamskipnad og andre lokale aktørar får vi til mykje.
På den årlege Solunddagen ynskjer vi å vise fram alle «bygningsarbeidarane» og små og store «byggverk» i samfunnet vårt, alt frå næringsverksemder, foreiningar, kulturtilbod og viktige tenester for innbyggjarane. Det er eit godt høve til å bli kjend med kommunen vår, og eg håpar mange vil møtast der.
Eg ynskjer lukke til med arrangementet!
Gunn Åmdal Mongstad
Ordførar Solund kommune

No kan du sende inn forslag på bedrifter eller personar som du synes har gjort ein ekstra innsats for det lokale næringslivet.
Solundprisen er oppretta av Sparebank1 Sogn og Fjordane, Solund Næringssamskipnad og Solund kommune, og er ein kombinasjon av ein gjenstand og ein pengesum til ein verdi av 15.000 kr.
Juryen er sett saman av ein representant frå kvar av dei partane og prisen vert vanlegvis delt ut kvart år på Solunddagane i slutten av august.
Årets vinnar vert offentleggjort og heidra på Solunddagane. Føremålet med prisen er å gje honnør til verksemder, institusjonar eller einskild personar som siste året, eller over lengre tid, har gjort ein ekstra innsats for å utvikle næringslivet i Solund.
Samfunnsplanen for Solund er vedteken av kommunestyret. Dette er ein plan som gir ein retning for korleis vi ynskjer at Solund skal vere i framtida, og den seier noko om kva som skal jobbast mest med dei neste åra. Denne framtida som vi beskriv i planen, må lokalsamfunnet med næringsliv, lag og organisasjonar, innbyggjarar og kommune jobbe saman for å skape. Difor: Vi skaper framtida i lag!
Enten gjennom eiga verksemd og/eller ved å legge tilhøva til rette for andre.
Juryen skal ved val av prisvinnar gje ei grunngjeving for valet. Minst eitt av følgjande kriterier skal inngå i vurderinga.
Uavhengig av prosjektstørrelse, må prisvinnaren ha:
• Vist særskilt evne til nyskaping.
• Vist særskilt evne til utvikling av eksisterande verksemd.
• Vist særskilt evne til å ta i bruk ny teknologi.
• Vist særskilt evne til å nytte lokale ressursar og lokale føremoner.
• Vist særskilt evne til positiv utvikling av lokalsamfunnet.
• Vist særskilt evne til å skape arbeidsplassar til kvinner og ungdom.
Forslag sendast til: anne.kristine.dyrdal@solund.kommune.no innan 37.07.2026
Dei næraste åra skal vi fokusere på bustader og bukvalitetar, næringsliv, samferdsle og infrastruktur, kultur og frivilligheit, og korleis vi skal arbeide framover.
Du kan lese planen på Solund kommune si nettside eller ved å scanne QR-koden.

Spar Solund var den heldige vinnaren av Solundprisen 2025, og vi vart nok endå stoltare enn vi kunne tenke oss.
For oss er butikken mykje meir enn ein arbeidsplass. Den har vore ein del av livet vårt sidan vi var små, og rommar både minner, latter, framtidsvisjonar, gode samtaler, tårer og nye kjennskap.
Det betyr mykje for oss å kunne drive og utvikle det grunnlaget mamma og pappa har lagd. Solundprisen gjev oss motivasjon til å halde fram med å utvikle oss. Vi har stor tru på Solund-samfunnet, og då er det
naturleg for oss å vidareutvikle butikken. Vi har alltid nye prosjekt på gang. Vi er opptatt av ei aktiv bygd. Difor prøvar vi å støtte opp om arrangement og lokale frivillige lag og organisasjonar. Det vert lagd ned tallause dugnadstimar rundt om i kommunen, ein verdi som ikkje kan målast i pengar.
Solundprisen er ikkje berre vår. Den tilhøyrar også alle dei flotte tilsette hos oss. Dei jobbar kvar dag for å tilby ein god butikk til våre kundar. Dei stiller alltid opp og er ein viktig del av laget. Mange ungdomar har sin første jobb hos oss. Vi synes det er kjekt å kunne tilby
ungdomane jobb i feriane. Dette kan skape gode relasjonar til Solund. Det var ekstra stas å opne delvis fjernbetjent butikk. Vi var utruleg spent på korleis det vart mottatt, men det har gått over all forventning. Tilbakemeldingane er positive.
Til slutt vil vi rette ein stor takk til alle dei kjekke kundane våre. Utan dykk hadde vi ikkje fått dette til.
Tusen takk alle saman!
Beste helsing
Spar Solund v/Siv og Anita.
Dei siste åra har Solund kommune arbeidd med å bli betre på tverrfagleg samarbeid for barn og unge som treng hjelp og oppfølging.
Hausten 2023 fekk kommunen midlar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet til å utarbeide ein modell for å identifisere og følgje opp utsette barn og unge. Sidan har vi arbeidd med å få utarbeidd med å få på plass ein slik Frå hausten tek vi i bruk BTI-modellen i alle einingar som møter barn, unge og foreldre. BTI står for betre tverrfagleg innsats, og modellen skal sikre at alle barn og unge som treng hjelp får rett hjelp på eit tidleg tidspunkt. BTI-modellen er teken i bruk i mange kommunar rundt i landet.
Bakgrunnen for satsinga på tverrfagleg samarbeid spring ut frå oppvekstreforma – ei statleg reform som frå 2022 flytta meir ansvar frå staten til kommunane innanfor barnevernsarbeidet. Eit av måla med reforma var nettopp at kommunane skulle styrke arbeidet med tidleg innsats og førebygging og gje betre tilpassa hjelp til barn og familiar på eit tidleg tidspunkt. Som ein del av reforma har også alle kommunale tenester som møter barn, unge og familiar fått plikt til å samarbeide når det er behov for det.
Vi veit at mange saker kan vere komplekse, og difor er det svært viktig å kunne bruke all kompetansen vi har i kommunen når eit barn, ein ungdom eller ein familie treng hjelp i kvardagen. Difor har det også vore svært kjekt å arbeide med å få på plass BTI-modellen, for vi har klart å samle alle tenestene våre i arbeidet. Det gjeld både helsetenestene, barnehage, skule, kulturskule og NAV, for å nemne nokon.
BTI-modellen har tre delar, der den viktigaste for alle tilsette er ein handlingsrettleiar viser steg for steg korleis tilsette skal gå fram dersom dei er uroa for eit barn eller ein ungdom. Slik skal vi sikre at alle får den hjelpa dei treng, uansett kva teneste det er som sit med uroa. Det er også viktig for oss at alle skal kunne ta kontakt med ein kommunal teneste og vite at dei får hjelpa dei treng. Dei to andre delane er stafettloggen, som skal sikre god informasjonsflyt mellom foreldra og dei kommunale tenestene, og samhandlingsmodellen som viser kva system og rutinar kommunen har i arbeidet med barn og unge.
Dersom du ønskjer å lære meir om BTI-modellen kan du scanne QR-koden.

Solund kommune har i mange år arbeidd for å flytte ekspressbåtstoppet til kommunesenteret. Arbeidet er forankra i kommuneplanen sin overordna samfunnsdel.
For å kome vidare med arbeidet er det naudsynt med avklaring for plassering av kai. Solund kommune har med hjelp frå Asplan Viak, gjort eit utgreiingsarbeid der ein vurderer tre ulike alternativ, den indre hamna på Hardbakke, i Valen og ved sørsida av brua i Indre Steinsund. Dette arbeidet skal danne grunnlag for ei avgjerd i kommunestyret i juni 2026.
Kystverket arbeider no med vurdering og kostnadsberekning av aktuelle utbetringar under bru i Indre Steinsund og ved innløpet til hamna på Hardbakke. Desse utgreiingane skal vere gjennomførte i løpet av 2026 og vil danne grunnlag for vidare prioriteringar hjå Kystverket.
Det er fylkeskommunen som driftar båtrutene og som skal lyse ut ny anbodsperiode.
Gjennom Bygdevekst-arbeidet er det utarbeidd ein bustadsrapport som peikar på kva type bustader det er behov for i Solund kommune. Arbeidet har òg synleggjort eit stort behov for betre og meir tilgjengeleg informasjon, særleg retta mot besøkande og nye arbeidstakarar. For å møte dette behovet er det sett i gang utvikling av ei ny kommunal nettside som skal vise fram moglegheitene for å bu, leve og jobbe i Solund.
Det er ei målsetjing at naudsynte vedtak om kai skal vere på plass før ny anbodsrunde.
Både denne prosessen og realisering av utbetringstiltak og bygging av kai vil ta noko tid, men kommunen har ein tett dialog med både fylkeskommunen og Kystverket og opplever også at ein gjennom bygdevekstavtalen har fått god drahjelp til å kome vidare med saka.
For nokre av innbyggjarane kan ei omlegging skape usikkerheit om m.a. busstilbod. Dette skal det gjerast eit grundig utgreiingsarbeid på. Ei flytting av båtstopp vil også kunne få konsekvensar for anna infrastruktur i kommunesenteret, og det skal difor lagast ein sentrumsplan med avklaringar rundt t.d. parkering og sentrumsfunksjonar.
Når naudsynte lokale og fylkeskommunale vedtak er gjort og Kystverket har prioritert prosjektet, kan arbeidet med realisering av kai starte.
Frå 24. april er det sett opp ekstra tur frå Hardbakke til Notøy, Indrevær og Husøy. Og ekstrastopp i Sluppen, Tveranger. Endringane gjeld båtrutene 392 og 393, og er finansiert av Solund kommune.
Ruteendringane finn du på Skyss.no, og er oppdatert i reiseplanleggarane.
Den verda vi står i no er meir uroleg og mindre forutsigbar enn berre for nokre år sidan.
Verden er inne i en periode med kraftig intensivering av maktpolitisk og økonomisk rivalisering. Russlands angrepskrig mot Ukraina er eit uttrykk for dette, men politiske og økonomiske spenningar mellom USA og Kina har også auka. Rivaliseringa skjer no under andre forhold enn i tidlegare historiske periodar. Åra framover kan bli prega av meir usikkerheit.
I Solund kommune tek vi desse endringane på alvor. Vi forheldt oss i hovudsak til Statsforvaltaren og i neste ledd DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap).
Vi oppdaterer no våre ROS-analyser. Solund kommune har allereie gjort fleire beredskapsøvingar og vi kjem framover også til å involvere næringslivet aktivt i beredskapsarbeidet. Sjølv om vi er ein fredeleg plett i Solund, er det viktig å være førebudd på at forsyningslinjer kan råkast. Det vil seie tilgang på drivstoff, straum og mat.
Solund kommune ynsker ikkje å skape unødig uro hos innbyggarane, men det er viktig at alle i Solund har eit forhold til den endra geopolitiske situasjonen. Finn gjerne ein beredskapsvenn. Vener, familie og naboar har ulik kunnskap og ressursar. Snakk med dei rundt deg om korleis de saman kan takle ulike kriser som kan oppstå. Finn ut kven du kan hjelpe, og bli en beredskapsvenn. Vi oppfordrar også alle innbyggarane i Solund kommune til å ha eit eige beredskapslager.
Kva du bør ha i eit slikt lager finn du på www.dsb.no/egenberedskap

Den hemmelege hagen i Hardbakke 20 er open for allment bruk, og eignar seg for leik, opphald og diverse aktivitetar. I hagen står det ei bålpanne til felles bruk, med ved tilgjengeleg i uthuset. Her finst det òg hageleikar for både store og små. Dei som ønskjer å bruke bålpanna, må sjølve ta med eiga opptenning. Vi ber om at du ryddar området etter bruk og viser omsyn, slik at hagen kan vere til glede for alle. Les meir om den hemmelege hagen på kommunen si heimeside.
Solund bibliotek har fått nye lokale i den nye skulen på Hardbakke. Biblioteket er eit kombinert skule- og folkebibliotek, og har vorte ein populær møteplass. Mellom anna for småbarnsforeldre på onsdagar, som har samla seg i Leikebiblioteket. Leikane her er i hovudsak donert av Mona Hjønnevåg. Med meirope bibliotek kan du bruke biblioteket også utanom opningstidene, mellom kl. 08 og 22. Tilgang til meirope får du ved å ta kontakt med biblioteket i opningstidene: tysdag og torsdag kl. 11-13, onsdag kl. 11-13 og 17-19, eller ved å ringe eller sende SMS til 415 58 672.
Solund kommune informerar:
Gjennom Bygdevekst-arbeidet er det utarbeidd ein bustadsrapport som peikar på kva type bustader det er behov for i Solund kommune. Arbeidet har òg synleggjort eit stort behov for betre og meir tilgjengeleg informasjon, særleg retta mot besøkande og nye arbeidstakarar.
Er du 16-24 år?
Om unge sine behov Vinn gåvekort

For å møte dette behovet er det sett i gang utvikling av ei ny kommunal nettside som skal vise fram moglegheitene for å bu, leve og jobbe i Solund.
Er du 18-40 år?
Om å halde jamleg kontakt

Er du 60+?
Om framtidig bustadbehov. Undersøkinga kjem i tillegg seinare som papirversjon.



Meld deg på det digitale nyheitsbrevet Solundnytt – for deg som er 16 eller eldre Ikkje gå glipp av viktige nyheiter, særskilt for deg som er ung vaksen.
Hjå oss får du alt du treng - gjort enkelt!
- Byggevare & trelast
- Interiør & varme
- Maling
- Hagemiljø & fiskeutstyr
- Verktøy & jernvare
90 40 09 60 hardbakke@byggfag.no byggfag.no
Snapp: oybygg1694
Facebook: Øybygg AS Instagram: byggfagas
ÅR

Lat oss realisere din bustaddraum!

Dråpen moderne
Vi tilbyr: Hus og hytter frå Norgeshus
• Eigen prosjekteringsteneste
• Byggeleiing og prosjektleiing


Ring oss gjerne på 992 81 401 Bestill gratis hus- og hyttekatalog: www.norgeshus.no/norgeshus-ryland-bygg-as jostein@rylandbygg.no Norgeshus Ryland Bygg / 6958 Sørbøvåg

«Meir enn mat» vart starta på bakgrunn av «Internasjonal kafé» som vi har ein gong i året, ofte i månadsskifte januar/februar. I Solund bur det personar frå over 20 ulike land. På Internasjonal kafé vert innbyggarane invitert til å lage ein rett frå sitt land og ta med, inklusiv Norge. Det vert laga ein stor bufeet av alle rettane. Det er alltid godt frammøte på dess tilstellingane. Då pratar og et folk saman, og i slike anledningar kjem det ofte gode idear.
Guney Sever frå Tyrkia har budd på Ringsaker ei tid, han fortalte at der hadde dei samlast jamleg for å kome saman og lage rettar frå ulike land. På samlingane både laga og åt dei maten saman. Kunne vi få det til her hjå oss også? Ja sjølvsagt kan vi det. Vi starta opp i mars med rettar frå Tyrkia, i april var det frå Korea og i mai frå Hellas. Vi er så heldig å får nytte skulekjøkkenet på den nye ungdomskulen. Dei som har delteke synest dette er både sosialt og lærerikt. Det er ope for alle som vil delta, men vi må ha påmelding. Vi du delta, så følg med i september, då kjem det invitasjon til neste «Meir enn mat».





«Frå hage til mage» er eit potetprosjekt som Frivilligsentralen i samarbeid med Magne og Henny Hamre har hatt nokre gonger før. Å dyrke poteter og grønsaker er vorte meir aktuelt i desse tider. Målet er å vise kor enkelt det er å dyrke poteter sjølv. Nokon har ein åker, andre pallekassar og nokon har berre eit par bøtter. Frivilligsentralen kjøper inn ulike settepoteter, og dei som har meldt seg på prosjektet får utdelt nokre poteter kvar. Her deltek privatpersonar, skulen og barnehagen.
Til hausten sammalast ein til eit arrangement. Dei som har delteke i prosjektet vert oppmoda om å lage ein potetrett som dei tek med. Dette for å vise mangfaldet til poteta. Det vert kåring av største potet frå avlinga og raraste, og gjerne ein potetskrellestafett. Deltakarane må sende litt dokumentasjon frå setting til hausting. Arrangementet har vi hatt i samband med innsamlinga til TV-aksjonen. I år vart vi invitert til Pascal Baudonnel i Sandvik, der ho fortalte om korleis ho dyrka poteter. Dei som var der fekk mange gode råd, i tillegg smake på nykokte poteter som ho sjølv har dyrka.



Det nye skulebygget i Solund er meir enn berre veggar og rom. Det er eit signal. Eit val. Ei tydeleg satsing på framtida.
– Det er ein flott stad å kome på jobb – og ein god stad å vere elev. Vi har fått noko vi kan vere stolte av, og som viser at vi satsar på skulen, seier ein tilsett ved skulen.
Forskjellen frå det gamle bygget er merkbar frå første stund. Betre klima, reinare luft, gjennomtenkt estetikk – og ikkje minst spesialrom med høg standard.
Ambisjonen har vore tydeleg: – Vi har sagt litt på spøk, men også litt alvorleg, at vi ønskjer at det skal stå kø på andre sida av ferjekaia fordi folk vil hit.
Frå rom til moglegheiter
Det nye bygget gir heilt andre rammer for undervisning.
Eit fullt utrusta musikkrom med innspelingsmoglegheiter, øvingsrom og profesjonelt utstyr gjer det mogleg å jobbe med musikk på ein heilt annan måte enn før. I tillegg har skulen fått moderne sløyd- og formingssal, samt ein dedikert naturfagssal.
– Elevane har allereie fått lage eigne songar. Det handlar ikkje berre om teori lenger – dei får skape, teste og uttrykke seg. Også kvardagen har endra seg. Meir luft, meir plass og fleire soner gir elevane lågare skuldre.
– Det er rom for å jobbe, men også rom for å slappe av, spele spel og vere saman. Det gjer noko med heile læringsmiljøet.
Amfiet – bygda sitt samlingspunkt
Midt i bygget ligg amfiet. Eit rom som raskt har blitt noko meir enn berre ein del av skulen.
– Tanken var å lage eit fleirbruksrom som heile bygda kan bruke. Ein stad der ein kan samarbeide, møtast og skape minne.
I kvardagen blir amfiet brukt til alt frå måltid og spel til foredrag og besøk. Men det er i dei større augneblikka ein ser potensialet.
Eit av dei første høgdepunkta kom då elevar frå 1. til 10. trinn sette opp musikal saman. – Det var full sal med føresette og besteforeldre. Det er akkurat slike opplevingar vi ønskjer å skape.
Ambisjonen framover er klar: – Eit kunstnarisk, musikalsk og sosialt mylder. Ein stad der det skjer ting – men også ein stad der ein kan sitje og berre vere.
Ein skule – og ein møteplass
Det nye bygget er ikkje berre for elevar og tilsette. – Vi ønskjer at dette skal vere eit hjarte i bygda.
Allereie no blir bygget brukt til møte, kulturskule,ungdomsklubb, foredrag og sosiale arrangement. Det er rom for alt frå lesesirklar og høgtlesing for born til internasjonale matprosjekt.
– Når bygget blir brukt på tvers av generasjonar, skaper det liv. Det gjer noko med heile Solund.

Musikkstudio som identitetsbyggjar
Eit av dei mest særprega grepa i det nye bygget er satsinga på musikkstudio.
– Det er ikkje mange som har dette. Samtidig er det heilt i tråd med det vi står for. Solund har lenge satsa på kultur, gjennom UKM, kulturskule og kreative prosjekt. Musikkstudioet gir elevane ein arena for å utforske, leike og utvikle seg.
– Dei får ein stad å utfolde seg. Det handlar om identitet, kreativitet og meistring – ikkje berre fag.
Ein framtidsretta skule
Målet med det nye bygget handlar til slutt om noko større enn rom og funksjon. – Vi ønskjer å vere ein skule som viser at vi tek ungdom på alvor.
Når ein ser framover, er håpet tydeleg: – At elevane om ti år ser tilbake og kjenner at dei var heldige. At dei vaks opp ein stad som faktisk satsa på dei.
Og kanskje viktigast: – At lokalsamfunnet er stolte.
Om ein skal oppsummere det nye skulebygget med eitt ord, er svaret enkelt: – Eit hjarte.
Helsing, Solund Skule





SoFA (Solund fellesarena) er ein lågterskel møteplass for alle over 18 år som ønskjer å treffe nye folk eller berre gjere noko kjekt i lag med andre.
Tilbodet blir arrangert 1–2 torsdagar i månaden, som oftast på Amfiet ved Solund skule, men stundom også andre

stader. Programmet varierer frå gong til gong, og deltakarane får vere med og påverke kommande arrangement.
Tanken bak SoFA er å skape eit uformelt fellesskap der ein kan samle seg rundt ulike aktivitetar - eller berre stikke innom for ein kopp kaffi og ein prat. Det blir servert enkel drikke og litt snacks.
Informasjon om neste SoFA–arrangement blir publisert på infoskjermane om lag ei veke i førekant, og elles på Solund nyheter, Solund kommune si heimeside og på foreiningsportalen.


Innan månadsskiftet juni–juli blir dei første delane av Ytre Steinsund bru kopla saman. I november blir det offisiell opning.
Prosjektet har no lagt bak seg den siste vinteren med brubygging i Solund. Vêret var krevjande: Januar og februar var prega av streng kulde, medan mars bydde på mykje regn, storm og generelt vanskeleg arbeidsforhold.
– Kulda kunne vere ei utfordring, men mars var den tøffaste månaden. Nokre dagar var vinden så sterk at det rett og slett ikkje var forsvarleg å jobbe i høgda, seier byggeleiar Frode Hellebust.
For å halde framdrifta oppe sette entreprenøren inn nattskift etter nyttår. Dermed var det aktivitet på brua heile døgnet.
God framdrift med betre vêr
Med april kom betre vêr, og månaden vart prega av god framdrift. Hjelpetårna som skal støtte konstruksjonen fram til samankobling vart ferdige, og arbeidet med veg, landkar og bruseksjonen vart ferdigstilt på Guridneset. Utover i mai heldt arbeidet fram på Hesteneset, der ein seksjon av brua skal støypast. Samstundes veks brudelane på dei andre aksane stadig nærare kvarandre.
– No har vi verkeleg målet i sikte. Ved påkoplingspunkta er høgda på brukassen på det lågaste, og støypinga går raskare og enklare her enn på dei høgare og meir komplekse delane nærast søylene. Det gir både betre framdrift og ekstra motivasjon, seier Hellebust.
Prosjektet ligg godt an i høve framdriftsplanen, men det er framleis mykje arbeid att. Difor blir det ikkje ferie på anlegget i år – arbeidet vil halde fram gjennom heile sommaren.
Ikkje ope sjølv om brua blir samanhengande
I løpet av september vil alle brudelane vere kopla saman, og det vil i praksis vere mogleg å gå over heile brua. Det betyr likevel ikkje at ho blir teken i bruk.
– Både brua og landområda rundt er framleis anleggsområde, og brua blir ikkje opna for ålmenta før den offisielle opninga i november. Det er viktig at folk respekterer skilt og sperringar. Når brua er kopla saman, startar arbeidet med kantdragarane – altså skuldrane på brua som rekkverket skal festast i, forklarer byggeleiaren.
Bemanninga på anlegget vil bli gradvis redusert etter kvart som aksane blir kopla saman. Etter montering av rekkverk skal membran og asfalt leggjast utover hausten.
Opning i november
Dato for offisiell opning av Ytre Steinsund bru er sett til 27. november. Kongehuset har fått invitasjon, men kalenderen deira er enno ikkje avklart. Det som er sikkert, er at fylkesordføraren vil vere til stades når brua endeleg blir opna, og at heile Solund vil bli inviterte til ei markering.



Sulefisk har 6 sjølokalitetar i Solund med landbase på Eide. Årleg produserer vi ca 5000 tonn laks og aure i ringar, stålanlegg og semilukka merd (postsmolt).
Ein produksjon som tilsvarar ca 25 millionar middagsporsjonar ute i marknaden. Vi er stolte av å bidra til den globale matforsyninga, samt at vi skaper arbeidsplassar og positive lokale ringverknadar i Solund.
Ansvar for fisk, folk og klode
I drifta vår har vi ansvar for fisk, folk og klode. Berekraft er viktig for oss og noko vi arbeider kontinuerleg med. Miljømessig er det mellom anna viktig for oss at produksjonen vår skjer innan naturen sine tolegrenser samtidig som vi reduserer klimautsleppa våre.
Naturen sine tolegrenser
For å sikre at anlegga til Sulefisk ikkje overbelastar miljøet vert det gjennomført ulike miljøundersøkingar, både før etablering og undervegs i drifta. Undersøkingane er lovpålagte og vert
utført av uavhengige selskap med eigen lisens til å utføre slike miljøundersøkingar. Målet er å sikre at anlegga ikkje overbelastar miljøet og at ein set i verk tiltak dersom tilstanden på havbotn er for dårleg. Døme på miljøundersøkingar som vert gjort er straummåling, måling av oksygen, temperatur og salinitet i tillegg til kartlegging av miljøet på havbotnen.
Fleire av Sulefisk sine lokalitetar har vore etablert på same staden sidan starten av 90-talet. Det gler oss å sjå at resultata på miljøundersøkingane på lokalitetane våre er stabilt gode. Dette er viktige indikatorar på at vi driftar miljømessig berekraftig. Lokalitetane våre har god lokal berekraft der den biologiske nedbrytinga av fiskeavføring fungerer som ho skal og økosystemet rett under og rundt anlegget ikkje er i ferd med å "kvelast" av oksygenmangel. I tillegg tyder gode resultat på at fôringa er godt innstilt (lite fôrspill) og at lokaliteten har gode straumforhold som spreier organisk stoff og næringssalt effektivt. Dette er viktig for livet i havet!
Elektrifisering reduserer klimagassutslepp
Ein viktig del av det «grøne skiftet» vårt er å elektrifisere lokalitetane våre. På den måte reduserer vi klimagassutsleppa, samt reduserer støy frå produksjonen. Kråkenes, Kvernhusvik og Bukkholmen vert drifta med landstraum. Guleskjeret vil få etablert landstraum i løpet av 2026 medan Fureholmen og Juvik vert drifta med hybride løysingar av batteri- og aggregatdrift. Elektrifiseringa er eit stort og økonomisk krevjande prosjekt for selskapet, men ei viktig og framtidsretta prioritering for oss.
Global GAP sertifikat
Sulefisk vert også årleg revidert etter Global GAP Akvakultur standarden. Dette er ei internasjonal sertifisering for å sikre trygg matproduksjon, miljø og berekraft, samt velferd både for menneske og dyr. Sulefisk har vore sertifisert sidan 2019 og er eit viktig verktøy for å sikre at vi er på «rett veg» både med omsyn til fisk, folk og klode!













Eitt år etter at Spar Solund tok i bruk delvis fjernbetjent butikk, kan eigarane summere opp satsinga som ein klar suksess. Butikken var den tredje Spar-butikken i landet som innførte løysinga, og erfaringane så langt har vore svært gode.
- Det har gått over all forventning. Vi er veldig fornøgd med at det fungerer så bra, og vi håpar kundane opplever det på same måten, Siv Einen Paulsen og Anita Einen ved Spar Solund.
Tilbakemeldingane frå kundane har i stor grad vore positive, og den nye driftsforma har også gitt anerkjenning lokalt. I fjor vart butikken tildelt Solundprisen for satsinga.
- Det set vi stor pris på. Det er ei flott tillitserklæring frå lokalbefolkninga om at vi er på riktig veg, seier dei.
Sidan butikken vart delvis fjernbetjent, har dei utvida opningstidene til 07.00 –23.00 kvar måndag til laurdag. Det gjer kvardagen enklare for både fastbuande og tilreisande, og butikken merkar auka aktivitet.
- Vi ser at det er fleire kundar i omløp no, og vi trur denne ordninga gir større fleksibilitet i kvardagen. Ta til dømes hyttefolk som tidlegare måtte handle med seg matvarer frå fastlandet. No kan dei handle når dei kjem til Solund, og slepp å ta med seg kjølevarer, seier Anita og Siv.
1. Du scannar deg inn med bankkort i boksen utanfor døra.
2. Du handlar det du treng.
Også for bubil- og båtfolk gjer tilbodet Solund meir attraktivt som reisemål. I sommarmånadene held butikken ope kvar søndag i juli.
- Vi ønskjer å utvide dette tilbodet til fleire søndagar, men det må behandlast av statsforvaltaren, seier dei.
Ordninga med fjernbetjent butikk har vore viktig i ein travel kvardag. Dei siste åra har butikken hatt utfordringar med å få vaktlistene til å gå opp, og då har systemet vore eit godt verkemiddel.
- I tillegg har vi ein fantastisk gjeng tilsette som står på kvar dag for å få kvardagen til å gå rundt. Vi er svært stolt av gjengen vår, seie dei.
Eit system som byggjer på tillit Den delvis fjernbetjente løysinga er basert på tillit mellom butikk og kunde. Dersom ein treng hjelp når butikken er ubemanna, er det enkelt å få kontakt med leverandør av systemet, Liberty Now. Butikken er kameraovervaka når det ikkje er tilsette på arbeid.
- Kundane kan ringe på ein knapp og få hjelp frå Liberty Now, som sit vakt i opningstida. Heldigvis opplever vi at folk er ærlege, og det fungerer veldig bra, seier dei.
Anita og Siv oppmodar også kundane til å ta kontakt med dei tilsette når butikken er bemanna. - Ikkje ver redd for å spørje oss om hjelp om du vil lære å bruke sjølvscanningskassa. Vi er her for å hjelpe.


Solund skyttarlag vart skipa i 1896, og fyller med dette 130 år i 2026. Mykje har skjedd gjennom desse åra, og hadde grunnleggjarane kunne sett inn i framtida, hadde dei nok sperra opp augo.
Der ein før skaut på pappskiver, og var avhengig av manuell anvising av kor skotet sat i skiva, skyt ein no på elektroniske skiver med monitorar på standplass, som viser treffpunktet umiddelbart etter at skotet er avfyrt. Mange kan nok sei at det hadde sin sjarm med den manuelle anvisinga. Ofte sat ein gjeng i anvisargrava og venta på å utføre jobben etter at skyttarane hadde skote ferdig sine seriar. Mang ei historie blei fortalt medan ventetida både varte og rakk. Det hendte nok rett ofte at anvisinga kom i andre rekke om ein var midt i ei god skrøne.
Reint arrangør- og treningsmessig er det betrakteleg enklare og betre med dei elektroniske skivene. Vi slepp unna med færre personar ved arrangement og får meir presisjon i sjølve anvisinga.
Skyttarlaget har flotte og moderne anlegg både innan- og utandørs. Innandørsanlegget ligg i kjellaren på barneskulen, med ei bane på 15m. Her held vi til på haust og vinter, og arrangerer faste treningskveldar kvar veke, i tillegg til bedriftsskyting og ope stemne

der skyttarar frå nær og fjern deltek. Utandørsanlegget ligg i Mebotn, ved avkjørsla til Strand, der vi har ei bane på 100m og ei bane på 200m. Her held vi til på vår og sommar. Vi har også faste treningskveldar kvar veke og ope stemne. I tillegg blir det arrangert jaktskyting, der jegerar trenar og skyt opp til storviltprøven før haustens store eventyr, nemleg hjortejakta.
Skyting er ein sport for alle. Her konkurrerer jenter og gutar i same klasse, med lik føresetnad for å kunne lukkast. Det er ein inkluderande idrett der ein ung nybegynnar gjerne ligg og skyt side om side med ein veteran på over 80 år. Dette skapar band og samhald på tvers av alder og generasjonar, og vi har det veldig kjekt ilag.
Tryggleik er førsteprioritet når ein driv med skyting. Difor er det alltid ein eller fleire instruktørar på standplass som passar på at alle følgjer dei nødvendig tryggleiksreglane, og sørgjer for god opplæring av nybegynnarar og hjelper dei som måtte ha bruk for det.
Gjennom 130 år har skyttarlaget vore ein sosial møteplass der folk har møtt kvarandre på tvers av alder og bakgrunn, og denne tradisjonen ønskjer laget å vidareføre. Er du nysgjerring på kva skytesporten er, og ønskjer å prøve, er terskelen særs låg for å komme innom oss ein kveld me har trening.
Laget har alt av nødvendig utstyr som ein kan få låne, og ein vil få god rettleiing både før og undervegs i skytinga av ein instruktør.
Datoar og tidspunkt for treningskveldar, samt andre arrangement, blir publisert på skyttarlaget si Facebook-side.
Ta gjerne kontakt med oss her om det er noko du lurer på, eller send oss ein e-post på solund@skytterlag.no.
Helsing, Solund Skyttarlag



I eit gamalt fjøs på Losna finn du eit levande kunstgalleri, ope året rundt. Losna Fjøsgalleri og museum har sidan 1990-talet vore ein møteplass for både lokalbefolkning og tilreisande.
Galleriet vart etablert av Einar Losnegård på slutten av 1990-talet, og har i samband med Losnaspelet hatt utstillingar kvart år fram til det siste spelet i 2023.

Gjennom desse åra har ei rekkje kunstnarar vore representerte. Dei siste åra har publikum mellom anna fått oppleve verk av Magne Hamre frå Solund (2022), Kristen Holst frå Hyllestad og Kristin Sandberg frå Bergen/Losna (2023), Karen Helga Maurstig frå Jølster (2024) og Gry Buer frå Solund (2025). I tillegg rommar galleriet ein imponerande kunstsamling frå Einar Losnegård sjølv.

I dag er galleriet meir enn berre eit utstillingsrom. Det vert òg nytta til møte og mindre selskap, og held ope heile året. For dei som ønskjer ei nærare oppleving, tilbyr Einar omvisingar etter avtale.
Losna Fjøsgalleri har opning laurdag 27. juni kl. 16.00, med kunst av Wenche Kirketeig, Berit Våge og Edit Tvedt.


Det tidlegare skulebygget i Hersvikbygda har fått nytt liv. No opnar dørene til SKULE - ein open møteplass for kunst, kultur og aktivitetar, der både lokalbefolkning og tilreisande er velkomne inn.
Bak initiativet står Mary-Ann og Tore Strøm, aktørane bak Eldhuset og Kjelleren Café, som sidan 2007 har arrangert kurs og workshops innan mellom anna keramikk og glass. Etter kvart meldte behovet seg for meir plass, og då moglegheita kom til å kjøpe det gamle skulebygget hausten 2025, såg dei potensialet for å utvikle noko større.
- Her ønskjer vi at ein skal oppleve utstillingar, få innblikk i lokalhistorie, bruke verkstader under rettleiing, stille ut eigne produkt eller kunst.
- Eller berre ta turen innom for ein kopp kaffi og ein vaffel. Målet er ikkje berre å skape noko sjølv, men å leggje til rette for at også andre kan bruke staden til å utvikle, stille ut og skape verdiar, fortel dei.


Då dørene opna for første gong i september i fjor, møtte nærmare 300 personar opp i løpet av berre nokre få timar. Det bekrefta at det er både interesse og behov for ein slik møteplass.
Frå klasserom til kulturarena
SKULE skal vere ein lågterskel møteplass med gratis inngang, og er ope for alle. Innhaldet på SKULE spenner vidt, og tek vare på både historie og nye uttrykk. Besøkande kan mellom anna oppleve eit autentisk klasserom frå 1950-talet, med historisk undervisningsmateriell og elevarbeid heilt fram til skulen vart nedlagt i 2000.
I tillegg finn ein eit folkebibliotek med rundt 4500 bøker - inkludert samlingar som strekkjer seg tilbake til 1800-talet. Temarom gir innblikk i både 70-talsinteriør, teknologihistorie og samlingar av stein og mineral.
Eit gamalt postkontor er teke vare på, og er no under restaurering. Planen er at dette skal bli både resepsjon og utstillingsrom.
I bygget finn ein også ein liten butikk med fokus på klede i naturmateriale og gjenbruk.
Med SKULE ønskjer dei å skape ein stad der folk kan møtast, oppleve, lære og skape saman.
Ope dagleg gjennom sommarhalvåret
Sommarsesongen opna 13. juni med opning av utstillingane «Hav og kyst» og «Fram fra glemselen», i tillegg boklansering av Tore Strøms dokumentar om kystvaktfartøyet KV Nordkapp «Dronningen av Barentshavet». Boka gir eit unikt innblikk i over 40 år med samtidshistorie frå norskekysten, Svalbard og dei norske havområda.
Gjennom sommarmånadene vil det vere dagleg ope, og planane framover er mange. Med eit variert program av føredrag, konsertar, filmvisningar og kurs - i tillegg til utleige av lokale - ligg alt til rette for at SKULE skal bli ein levande møteplass i bygda.

Eit innhaldsrikt år har passert og eit nytt innhaldsrikt år er i gang. I HAFS Elektro & Rør AS har det vore fleire høgdepunkt gjennom året som gjekk, med fleire prosjekt der me har fått høve til å visa oss frå den sida me skal visa oss frå - den beste.
HAFS Elektro & Rør AS – Herifrå. Uttrykket «Herifrå» kom fram under brainstorming med ein lokal marknadsføringskonsulent. Etter å ha rulla uttrykket litt på tunga, fann me ut at ja – det stemmer jo. Me er nemleg herifrå – og me skal framleis vera herifrå. Herifrå – til det kunden ynskjer seg.
Det første som må nevnast er ferdigstillinga av nye Solund Ungdomsskule. Det ferdige resultatet er så mykje meir enn berre ein skule. Det er også ein samlingsplass, som styrkjer Solundsamfunnet sine oppvekstvilkår. Så vart det jo eit retteleg flott bygg og, der me leverte alt av elektro- og VVS – installasjon. Det var derfor ein stolt dagleg leiar som på opningsseremonien kunne overrekkja eit økonomisk bidrag, til bruk for å vidareutvikla undervisningsromma som vertnytta til praktiske fag. Herifrå – til ny skule.
Eit anna spanande prosjekt i 2025 var ombygging og utviding av ein stor kai for Havforskningsinstituttet på Matre i Masfjorden. Også her leverte verksemda alt av elektro- og VVS – tenester. Det spesielle med oppdraget var at mykje av arbeidet føregjekk i tunnelar i bakken og over sjø ved kaikanten. I tillegg var anlegget i full drift, med dei koordineringsbehova det førte med seg. Utan å skryta for mykje – kaka på avslutningsdagen for prosjektet vart servert med mange lovord om både oss og dei andre leverandørane. Herifrå – til ny kai.
Elles opplever verksemda at det framleis er investeringsvilje i lokalindustrien. For tida held me på med eit stort prosjekt som handlar om ombygging og utviding av eit smoltanlegg i Solund. Også her er det lokale krefter som dreg med seg andre lokale krefter for å få til noko. Det er med stoltheit me kan sei at me er på veg Herifrå – til nytt smoltanlegg – til glede for lokalsamfunnet i form av arbeidsplassar og vekst.
Det er også gledeleg å oppleva at det framleis vert bygd bustader og hytter i området vårt og at kommunane vel å investera i bygningsmassen sin gjennom oppgraderingar og nybygg. For kvart nybygg som kjem og for kvar rehabilitering som kjem, fell det små men viktige bidrag til lokalmiljøet rundt. Ja – herifrå – til nytt
hus eller ny hytte – me bidreg gjerne! Alt dette hadde ikkje latt seg gjera utan folka våre. Me er glad for at dei valde oss – og ja – dei er Herifrå. Frå yngste lærling til eldste fagarbeidar – alle bidreg på prosjekta som pågår. Dette fører til at kunnskap vert formidla, medan me stadig freistar å fornya oss og gjera ting litt betre dag for dag. Det er viktig for oss at kunnskapen framleis skal vera Herifrå.
Miljø og bærekraft er stadig på dagsorden i store delar av verda. Det er det også hjå oss i HAFS Elektro & Rør AS. Tilbake i 2017 vart det teke ei framsynt avgjerd, då ein valde å sertifisera verksemda etter den internasjonalt anerkjende standarden ISO14001, som omhandlar leiingssystem for ytre miljø. Denne standarden stiller krav til at ein skal ha kontroll på miljøpåverknaden sin og ein plan for å stadig betra den. Gjennom desse åra med sertifisering, har me lært mykje og me har vorte mykje betre. Sjølv ei høvesvis lita verksemd har miljøpåverknad.
Mot slutten av 2025 vart det avgjort å gjera eit større grep i bilparken. Dei eldste dieseldrivne køyretøya våre vart avhenda og erstatta med heilt nye elektriske køyretøy. No er over 60% av køyretøya våre elektrisk drivne.
Alle kan ikkje gjera alt, men alle kan gjera litt. Herifrå – til deg – med Elbil!
HAFS Elektro & Rør AS ynskjer å takka alle kundar for at me får æra av å utføra oppdrag for dykk! Utan dykk, ville me ikkje eksistert i den grad me gjer i dag. Samstundes er det viktig å nevna at me sjølvsagt har plass til fleire oppdrag, store som små.
Om du ikkje skal byggja deg skule eller ein stor kai, har du kanskje andre tankar om noko du skulle ha gjort?
Me kan hjelpa deg!
Kontakt oss gjerne på post@ hafs-elektro.no eller ring 57 78 89 00.


Kjell Mongstad og Jordy Kames frå Norsk Kystkulturakademi studerer kartet over Solund saman med Ash Van Wensveen frå SwimTrek (i midten) for å lage spennande svømmeruter mellom holmar og skjer so langt vest det er mogleg å kome i Norge.
I sommar kjem reisande frå heile verda til Solund for å oppleve øyriket på ein heilt spesiell måte: gjennom symjeturar i ope hav. I staden for storbymaraton eller sykkelløp er det ei veke med symjing i sjø som lokkar aktive turistar hit – eit konsept som har skapt stor internasjonal interesse.
Avtalen med turoperatøren SwimTrek er eit resultat av Salsprosjekt Reiseliv Solund, eit samarbeid mellom reiselivet i Solund, kommunen og med støtte frå Klar Bedrift og Innovasjon Norge. Målet har vore å få utanlandske turoperatørar til å leggje turar til Solund.
Einaste i Skandinavia
- Som ein del av prosjektet har vi arrangert visningsturar til Solund kvart år. Det var på ein slik tur i haust vi hadde med oss turoperatøren SwimTrek, fortel prosjektkoordinator Linn Dyveke Wilberg frå Klar Bedrift.
SwimTrek tilbyr symjereiser til eksotiske stader som Karibia, Maldivene og Oseania, og ynskja å utvide med eit tilbod i Skandinavia.
Under visningsturen la salsprosjektet til ein ekstra dag der det berre vart fokus på Solund som symjedestinasjon, og da gjorde inntrykk.
Bergtatt av øyriket
- Dei vart rett og slett bergtatt. Den urørte naturen, øylandskapet, sunda og dei spesielle fjellformasjonane gjorde sterke inntrykk. Men like viktig var møta med menneska og den autentiske atmosfæren her, seier Wilberg.
Enorm internasjonal interesse
Fire vekesturar vart lagt ut for sal, og det tok berre nokre dagar før dei var så godt som utseld. Også internasjonalt har turane fått merksam. Ved årsskiftet kåra storavisen The Times Skandinavias beste reisemål for 2026 – og SwimTreks Solundtur hamna på fjerdeplass.
Vekesturane er såkalla «Swim and Hike». Deltakarane symjer rundt tre kilometer kvar dag, på ulike stader i øyriket. Den mest spektakulære dagen vert truleg turen til Utvær fyr –Norges vestlegaste punkt.
I tillegg skal dei oppleve den unike geologien som har gjeve Solund status som UNESCO Global Geopark, mellom anna med symjeturar i Hersvikbygda og rundt Hardbakke. Fotturane er lagd til Pollatinden og Ramnenipa, og dei skal óg få oppleve den populære øyhopping med postbåten.
- Slike avtalar visar verdien av eit godt samarbeid mellom reiselivsaktørar, destinasjonsselskapet, kommunen og lokale eldsjela. I tre år har vi jobba målretta for å vise det unike Solund har å by på gjennom profilering på Norwegian Travel Workshop og det å ta med turoperatørar på skreddarsydde visningsturar i Solund. Nå byrjar vi å sjå resultantane, avsluttar Wilberg.
Prosjektkoordinator Linn Dyveke Wilberg og Ash Van Wensveen brukte ein full dag på sjøen med Vidar Hop Skyssbåter for å leite fram dei beste plassane å svømme for turistar som vil oppdage Solunds unike natur og geologi frå sjøen. I løpet av fire uker i sommar kjem det svømmarar frå UK, US, Australia, Sør Afrika, Argentina, Irland, Canada, Nederland, Tyskland, Sveits, Luxemburg og Norge.


• Ny F-avdeling - RAS 1600
• Ny avløpsstasjon/renseanlegg
• Ny C-avdeling-Gjennomstrøyming
• Nytt sjøvannsinntak

Det er høg aktivitet og spennande tider på Sol Smolt. Bygginga av nytt RAS-anlegg er godt i gang, ringmur på ny tilveksthall er på plass. Samtidig går den daglege drifta sin gang, der fokus på fisk og fiskevelferd har høgast prioritet.
Sol Smolt byggjer nytt RAS-anlegg
Etter ein lang søknadsprosess er vi godt i gang med arbeidet med utviding og oppgradering av anlegget. I august 2025 signerte vi kontrakt med Litus Akva AS om ny RAS-avdeling og prosessutstyr. Litus sitt design er berekraftig, framtidsretta og energieffektivt. Løysinga dei tilbyr har sandbasert biofilter i staden for plast. Filtertypen har vore på marknaden sidan 70-talet og er kjend teknologi. Løysinga er ikkje brukt i produksjon av laks tidlegare. Sol Smolt er det første anlegget som tar i bruk denne teknologien. Det er vi stolte av.
Framdrifta i prosjektet
Betongarbeidet starta i juli 2025 og har pågått gjennom haust og vinter. No, i april 2026, er alle kara støypt, og dei fleste veggar og dekke er på plass. Det står framleis att arbeid før anlegget kan takast i bruk. Neste steg er å få ståloverbygget på plass, før vi går vidare med montering av prosessutstyr. Samtidig moderniserer vi delar av det eksisterande anlegget, med ny tilveksthall. I tråd med nye miljøkrav etablerer vi òg nytt renseanlegg og avløpsstasjon, der avløpsvatn vert rensa før utslepp til sjø. Etter planen skal det nye anlegget ferdigstillast i løpet av tredje kvartal 2026. Vi ser fram til å ta i bruk anlegget og ny teknologi.
Byggherre : Sol Smolt AS
Prosjekt og prosjekteringsleiing: Dastra AS
Ansvarleg søkjar: Litus Akva AS v/D.Strand
Design og prosess PRO, UTF: Litus Akva AS
RIB & RIG: Konstruksjonsteknikk AS
Grunnarbeid: MK Myklebust AS
Elektro & VA PRO,UTF: Hafs Elektro og rør AS
Brannrådgiver PRO: Multiconsult
Ventilasjon PRO, UTF: NRBV AS
Stål og Sandwich bygg. PRO, UTF: GH Prosjekt AS
Prosessrør og PE kar: Plastinvent AS
Karbelysning og formaskiner: Laxesystemer AS
Betong og Glassfiber: Allbygg AS og Glassfiberprodukter AS
Slam og reinsing: Pelagia AS
Landmåling: SH Oppmåling AS
Vi posisjonerer oss for framtida med utvida produksjon og ein meir framtidsretta produksjonsmåte. Etter oppgradering av anlegget og investering i nytt energianlegg legg vi til rette for å setje inn rogn to gonger i året, vår- og haustsmolt. Målet er å starte produksjon av haustsmolt i desember i år.
For Sol Smolt gir oppgraderinga ei meir stabil drift, betre kontroll på produksjons-miljøet og større fleksibilitet gjennom året. Samstundes legg utbygginga grunnlag for vidare utvikling og kompetansebygging, noko som er positivt både for verksemda og lokalsamfunnet i Solund.

Med fiber frå Enivest surfar sulingane på prisvinnande internett*, med kundeservice i Norgestoppen**
Sjekk kva du kan få på enivest.no
Verdiar tilbake til lokalsamfunnet Lynraske hastigheiter

*1. plass - nPerf Speed Test 2025, fast breiband
**2. plass - Kundeserviceprisen 2025, fast breiband


Solund kommune byr på storslått natur, levande lokalsamfunn og gode opplevingar for både fastbuande og tilreisande. Her kan du oppleve rolege turar i havgapet, vakker kystnatur og spanande utsiktspunkt.
No har Fjordane friluftsråd etablert det populære turtrimtilbodet Stikk UT! i Solund kommune. Stikk UT! er eit gratis lågterskeltilbod som inviterer folk i alle aldrar ut på tur, og er ein av dei mest populære turtrimmane i Norge. Stikk UT! er eit samarbeid mellom medlemskommunane i Fjordane friluftsråd. Solund deltek saman med Hyllestad, Askvoll, Kinn, Bremanger, Stad og Stryn. I tillegg finst Stikk UT! i Sogn, Møre og Romsdal og fleire andre delar av landet. Det betyr at du kan halde fram med å registrere turane dine også når du er på reise.
I Solund er det valt ut 13 varierte turmål, tilpassa både nybyrjarar og meir erfarne turgåarar. Turane går i ulikt terreng og gir høve til å oppleve både kyststiar og flotte utsyn. Dei fleste turane er lett tilgjengelege, men gode sko og kler etter veret er alltid tilrådd.
Å delta er enkelt: Last ned Stikk UT!-appen frå App Store eller Google Play, opprett ein brukar og vel ein tur. På turmålet registrerer du besøket med kode, manuelt eller med GPS. I appen får du oversikt over turane dine, statistikk og topplister, og du kan også delta anonymt.

Stikk UT! bedrift er eit eige tilbod for arbeidsplassar som ønskjer å skape meir aktivitet og samhald. Gjennom deltaking som lag kan Stikk UT!-bedrift bidra til både auka trivsel og sterkare fellesskap på arbeidsplassen. Finn ut meir på stikkut.no/stikk-ut-bedrift
Stikk UT! er gjort mogleg gjennom godt samarbeid mellom grunneigarar, frivillige, kommunen og friluftsrådet.
Klar, ferdig, Stikk UT! i Solund




Kven er du? Eg heiter Erlend Lundøy og kjem frå Skuteviken i Bergen.
Kva jobbar du med? Eg jobbar på Sulefisk.
Kvifor flytta du til Solund? Eg flytta til Solund på grunn av kjærleiken og jobb.
Kva visar du vener eller familie som kjem på besøk? Eg visar dei Ytre Sula, og spesielt Lundøy då far min er her frå. Viss det er fint vêr prøvar vi å komme oss ut i båt.
Saknar du noko i Solund? Eg saknar egentleg ingenting då eg har det meste eg treng på øya.
Kven er du? Eg heiter Andrea, er 27 år og kjem frå Hønefoss.
Kva jobbar du med? Eg er trainee i Solund kommune, der eg mellom anna jobbar med digitalisering, ulike utviklingsprosjekt gjennom Bygdevekst, koordinerer strandrydding og er driftsansvarleg for møteplassen SoFA. Det kjekke med å vere trainee er at nesten kvar dag er ulik. Eg får prøve mykje forskjellig og lære om alle delane av organisasjonen.
Kvifor flytta du til Solund? Etter å ha budd mesteparten av det vaksne livet mitt i storbyar, både i Oslo og i Seoul i Sør-Korea, ønskte eg meg nærare naturen og roa. Eg såg òg spesifikt etter ei traineestilling som kunne gje ein mjukare overgang frå studiar til

Kven er du? Eg heiter Jens Petter Bergtun, 27 år og kjem frå Sandefjord. Flytta til Vestlandet i 2018. Først på folkehøgskule på Voss, og så studie i Sogndal. Eg er ein person som likar seg utandørs. Står på ski, klatrar, luftsport, kajakk, men også litt roligare friluftsliv som bålbrenning, nærturar, fjell og skogstur. Eg ser på meg sjølv som ein relativt roleg og avslappa person som likar seg godt i sosiale settingar, men kan også trives godt i eget selskap.
Kva jobbar du med? Eg jobbar i Fjordane Friluftsråd, som i tillegg til Solund, har seks andre medlemskommunar. Her har eg tittelen «Friluftsrådgiver og koordinator». Arbeidsoppgåvene går ut på å arrangere, organisere og tilrettelegge for friluftsliv i kommunane våre. Det kan vere å kartlegge ro og padleruter, arrangere friluftsskular og elles vere til hjelp for kommunane viss dei lurar på noko.
arbeidsliv. Samstundes ønskte eg å bu ein stad der eg kunne engasjere meg meir i lokalsamfunnet, noko eg har fått høve til i Solund gjennom styreverv i Ytre Sogn Turlag og Solund frivilligsentral, samt som styreleiar for Solund Badstovelag, som er i oppstartsfasen. PS: Om du er interessert i å bli medlem i badstovelaget, er det berre å stoppe meg på gata!
Kva visar du vener eller familie som kjem på besøk? Definitivt naturen!
Saknar du noko i Solund? Etter å ha vore storbyjente i nesten ti år, saknar eg ein kafé der ein kan ta med PC eller bok, setje seg ned og berre vere med ein god kopp kaffi, særleg på kveldstid. Ein kafé opnar òg for moglegheita til å møte på nye folk.
Kvifor flytta du til Solund? Då eg jobba med masteroppgåva mi, byrja eg å sjå etter jobb. Eg fann ei stilling i Fjordane Friluftsråd med kontor i Solund. Eg kjende litt til området frå før og visste kva det kunne tilby. Kombinasjonen av hav og fjell, roleg kvardag og gode moglegheiter for friluftsliv passa meg godt. Samstundes er det enkelt å reise til Sogndal og Bergen ved behov. Det verka som ein fin stad å få relevant arbeidserfaring.
Kva visar du vener eller familie som kjem på besøk? Når vener kjem på besøk, blir det ofte fjellturar til Ramnenipa eller meir krevjande turar som Pollatinden og Krakhellenipa. Vi klatrar gjerne i Nessa, eller tek ein padletur.
Med familien legg eg inn litt meir rolege opplevingar, som båttur til dei ulike øyane og tur ut til dagsturhytta, der ein får kjenne på kystklimaet og nyte god utsikt.
Saknar du noko i Solund? Det eg saknar mest med Solund er nokon inneaktivitetar. Treningssenteret er eit greit allternativ, men kan syntes det vert litt kjedeleg i lengden. Personleg er eg veldig glad i klatring, og har buldra mykje før. Eit slikt alternativ her ute hadde vore veldig kjekt. Elles hadde det vore deileg med ein kafé som er ope i helgane, og spesielt når ein har besøk. Ser for meg at vi sit ute i sola og høyrer fuglar og båtar rundt oss.

Kven er du? Eg heiter Mette Lindstrøm, er 47 år og starta i Solund kommune i august 2025. Før det arbeidde eg mange år til sjøs som forpleiningsassistent innan subsea. I 2018 byrja eg å studere, og har sidan kombinert arbeid og utdanning.

Kven er du? Cosmina Timofte (27) og Daniel Timofte (snart 29).
Kva jobbar du med? Sjukepleiene på Solundheimen.
Kvifor flytta du til Solund? For fem år sidan kom vi fra Romania til Norge som nyutdanna sjukepleiar. Sidan den gong har vi arbeidd fleire stader, hovudsakeleg på Vestlandet, og fått med oss god erfaring på vegen. Etter vi gifta oss, kjende vi på eit ynskje om å slå oss meir til ro. Vi var på utkikk etter ein stad som kunne gje oss tryggheit og en meir forutsigbar kvardag. Vi jobba her i sju månader i fjor som vikarar, og likte oss så godt at vi bestemte oss for at det
Kva jobbar du med? Eg jobbar som personalmedarbeidar i Solund kommune. Stillinga omfattar eit breitt spekter av oppgåver, mellom anna rekruttering og utarbeiding av rutinar og prosedyrar knytt til ulike område, som til dømes HMS og oppfølging av sjukefråvær.
Kvifor flytta du til Solund? Eg pendlar frå Bergen, men jobbar i Solund fordi det er ei spennande stilling der eg får nytta kompetansen min på ein god måte. Samstundes trivst eg over gjennomsnittet godt ved sjøen, og eg badar heile året.
Kva visar du vener eller familie som kjem på besøk? Litt flaut kanskje, men eg har enno ikkje hatt besøk, då eg har brukt mykje tid på studiar ved sidan av jobb det siste året. Framover håpar

var her vi ville busette oss fast. For oss følast Solundheimen som den riktige arbeidsplassen.
Noko av det vi set aller størst pris på ved å jobbe på ein mindre plass som Solundheimen, er tida vi får saman med pasientane. På store institusjonar har ein ofte veldig dårleg tid, og alt må gå fort. Her er det ikkje slik. Her kan man faktisk setje seg ned, slå av ein prat og verkeleg bli kjent med bebuarane. Det gjer at jobben kjennest mykje meir meiningsfull.
Vi er også veldig takknemlege for kollegane våre – dei er verkeleg gode menneske som gjer arbeidsdagen fin. Og vi må ikkje gløyme den herlege,
eg på meir besøk, og då vil eg gjerne ta dei med til Sognesjøhytta, på fjellturar, til Utvær og Nautøy, og på bilturar med badestopp undervegs.
Saknar du noko i Solund? Eg saknar ein opplyst grusveg der ein kan gå tur eller jogge heile året. I tillegg hadde det vore kjekt med ein kafé eller ein bar som er open nokre dagar i veka. Ein uformell møteplass for folk i alle aldrar, der ein kan treffast, få seg noko å drikke, og kanskje ein matbit. Gjerne eit fleirbrukshus som kan nyttast til ulike aktiviteter som spelkveld, quiz, konserter, utstillingar og liknande.
overvektige katten som bur på sjukeheimen! Vi er veldig glad i den, og den er med på å skape ei heimekoseleg atmosfære, for både oss og bebuarane. Her i Solund føler vi oss sett og ivaretatt. Det føles godt å bu på ein stad der folk passar på kvarandre.
Vi flytta hit fordi vi var klare for å legge storbyane bak oss. Det er noko eige med å bu på ein stad der ein kan gå til det meste i staden for å måtte køyre overalt. Tempoet her er annleis, og det gir oss molegheit til å nyte livet på ein roligare måte.
Kva visar du vener eller familie som kjem på besøk? Vi set stor pris på balansen mellom jobb og fritid. Når vi ikkje er på jobb, likar vi å halde oss aktive. Vi pleiar å trene, og trivast med å fikse og ordne ting sjølv. Vi har ikkje fått besøk enno, men ventar gjestar i løpet av året. Då gler vi oss stort til å vise fram den vakre naturen: sjøen, fjella og dei fine turmoglegheitene vi har her.
Saknar du noko i Solund? Selvfølgeleg hendar det at vi saknar utvalet i dei store butikkane og restaurantane i byen, men man finn alltid på noko å gjere her også. Sjølv om vi saknar familie og vener i Romania, har vi det veldig bra her. Vi har funnet stabiliteten vi leita etter, og trivast rett og slett veldig godt i Solund.

I sommar opnar eit nytt, lite museum i fyrfoten på Utvær fyr - eit tiltak som skal gje besøkande eit innblikk i historia til Norges vestlegaste punkt.
Ideen til museet kom etter eit besøk på Lindesnes fyr, der formidlinga av historia gjorde inntrykk på Hilde Christensen, styremedlem i Vener av Utvær. Dette inspirerte resten av styret til å utvikle eit likande tilbod på Utvær.
- Vi søkte midlar frå Norsk Fyrforening, som innvilga 25.000 kroner til prosjektet, seier Hilde Christensen, styremedlem og initiativtakar for museet.
Vidare arbeid førte til samarbeid med Kystverkmusea, som bidreg med både utvikling og produksjon av utstillingsplakatane. Totalt er det laga 18 aluminiumsplater med tekst og bilete som fortel historia til staden.
- Vi er svært takknemleg for Norsk Fyrforening som innvilga pengar til prosjektet, og til Kystverkmusea som bidreg inn i prosjektet med både utvikling og produksjon. I tillegg er det mange andre flotte bidragsytarar som har bidrege stort inn i prosjektet, noko vi er svært takknemleg for.
Innhaldet i museet spenner frå viking og kapell til fyrdrift, busetnad, fiske og livet på Utvær i etterkrigstida.
Arbeidet har vore gjort i samarbeid med fleire bidragsytarar, når det gjeld tekst og bilete.
Museet har planlagt opning i midten av juni, og vil gje tilreisande og lokalbefolkning ei ny moglegheit til å bli betre kjend med historia til Utvær.


Illustrasjonsfoto av nye Solund Senter
Hardbakke Senter har vore samlande for handel og tenesteyting i kommunen i over 33 år.
Gjennom skiftande tider har senteret klart å tilpasse seg og imøtekome endra krav frå kundar og leigetakarar. No står bygget ovefor si største omstilling til no.
Etableringa av senteret skjedde i ei tid då denne typen samling av butikkar og tenester var ein trend over heile landet. På Hardbakke hadde handelen lenge vore samla rundt hamna, men arealet var avgrensa. Dei fleste nytta no bil til butikken, og både parkering og tilkomst til fylling av drivstoff var knapp på gode handledagar. Varelogistikken var tungvint, og ekspedisjonen for lasteruta skjedde over den same kaia. Ein kan seie at det var ei kompakt, men lite fleksibel løysing.
Fleire var interesserte i å etablere seg i eit felles bygg. Kommunen og private investorar gjekk saman om Solund Næringsbygg, som eigarselskapet framleis heiter, og bygget vart marknadsført som inntil nyleg. Finansieringa var langt frå beinkløyvd, men det kom til ei løysing med risikokapital utanfrå i spann med lokal satsingsvilje. Nokre leigetakarar flytta til frå andre lokaliseringar, andre etablerte seg frå nya. Bygget vart eit mangfald av tilbod og ein betydeleg arbeidsplass i lokal målestokk.
Behova har endra seg heile vegen, men bygget har istort sett hatt full dekning av leigetakarar. Det har vorte bygd om og bygd til. No er det Solund kommune som ser seg om etter ny lokalisering for administrasjonen. Kommunehuset i hamna held ikkje dagens krav og standardar.
Eit forslag ligg på bordet for å bygge om kontorfløya på senteret for å huse dette behovet. Det krev tilpassingar frå dagens tilbod, men opnar samstundes for ei etterlengta oppgradering av bygg og installasjonar.
Senteret si historie er skapt gjennom samspelet mellom kommunen og private. Ein har vore saman om eigarskap, drift og vedlikehald. Utan dette gode samarbeidet er det vanskeleg å lyfte dei investeringane som er påkravde i åra som kjem. Med denne løysinga for å samle tilboda, har vi saman ressursar til å lukkast med ei oppgradering og ei ny tid for senteret.
Øyvind Kråkås, Styreleiar, Solund Næringsbygg AS




fjordanefr.no

Velkomen til ein hyggeleg handel hos oss
Opningstider
måndag - laurdag 07.00 - 23.00
Kvar søndag i juli
07.00 - 23.00


I 1933 fekk Solund Ungdomslag sitt første eige hus. Det vart bygd i Brattelia, på Hardbakke. Tidlegare hadde privathus, skulehus og prestelåve vorte nytta som forsamlingslokale.
Allereie i 1916 finn vi dei første spora etter Hardbakke Ungdomslag. Då vart det opna ein bankkonto, og det vart sett inn småbeløp på denne kontoen fram til 1919. Mest truleg var det læraren Andreas Tangenes som starta dette Ungdomslaget i 1915. Han hadde skulepost på Hardbakke, og leia laget desse åra til han vart sjuk og døydde 28 år gammal våren 1919. Etter det vart det slutt med innskot og lagsarbeid og ungdomslaget låg nede ein del år.
Først i 1926 er laget i sving att med samanhengande drift, og difor er det dette året som blir regna som skipingsåret når laget i ettertid har jubileum.
Desse opplysningane fann Sverre Takle i ei kassadagbok som tilfeldigvis unngjekk flammane då Ungdomshuset i Brattelia brann ned til grunnen 29 juli 1967. Skipingsdato klarer ein ikkje å finne.
Nytt Grendahus i Håneset
Med mykje dugnadsinnsats, stort engasjement og sterke krefter blant bygdefolket vart det bygd oppatt eit nytt, større og meir tidsmessig hus på tomta der det står i dag. Det nye Grendahuset i Håneset med tilhøyrande kai og uteområde stod ferdig i 1972. Opningsfesten vart halden olsokdag 29 juli, altså på dagen 5 år etter at det gamle i Brattelia brann ned.
Etter mange års bruk hadde både huset og kaia på området etter kvart behov for oppgradering.
Dette vart planlagt og arbeidd med i styret gjennom fleire år, men på grunn av økonomiske utfordringar vart planane aldri realiserte.
I 2011 planla styret og få oppgradert Grendahuset. Dette for å hindre vidare forfall og få eit bygg som kunne stette dagens krav til mellom annan universell utforming og branntryggleik. Det vart då oppretta ei eiga byggjenemnd for prosjektet. Styret og byggenemda gjekk saman for å starte pengeinnsamling. Det var arrangert loddsal, sal av parkeingsplassar til Sunnfjord Energi, og søknadar etter pengemidlar til Solund kommune, Fylkeskommunen og lokale bedrifter vart sendt ut.
Startkapitalen kom på plass, Solund Ungdomslag fekk lån og arbeidet med oppgradering kunne starte.



I 2014 stod endeleg det nye flotte Grendahuset med eit stort uteområde ferdig.
Underveis i utbyggingsprosessen vart heile tida Grendahuset utleigd til arrangement, for å få all den inntekt ein kunne få til prosjektet
Dei seinare åra har styret jobba med å utbetre grendahuset litt etter litt. Vi har mellom anna bygd servicebygg for campinggjestar, skifta ut store delar av det elektriske anlegget i huset og
installert ventilasjon i servicebygget. Det neste målet vi har sett oss, er å oppgradere kjøkkenet i huset.
Samstundes som vi jobbar med ubetring og vedlikehald av huset, arrangerar Solund Ungdomslag ulike arrangement. Blant anna pubkveldar, dans, jonsokfeiring, matfestar. Vi er avhengig av arrangement for å tene pengar til vedlikehald og utgifter ift. drift av Grendahuset. Tidlegare kom mykje av inntekta til Solund Ungdomslag frå skodespel, revyer, mm arrangert av bygdefolket på dugnad.
Du kan melde deg inn slik:
• Betale 200,- kr for vaksen (100,- kr for barn) du kan bruke Vipps til 116928 eller kontonr. 38473005619
Det var ein måte dei samlast på og hadde det kjekt og sosialt ilag. Det har såleis vore ein samlingsplass for folket i 100 år.
Dei siste åra er mykje av denne dugnaden forsvunne og inntekta er no basert meir på utleige av huset til forskjellige arrangementer. Vi set derfor stor pris på at så mange leiger huset, og slik også bidrar til inntekt for laget.
Beste helsing, Styret i Solund Ungdomslag
• Send melding til Aud Sølvi på messenger eller send sms til 48144494 med navn, fødselsdato, adresse og mailadr

Vi trur ein god bank handlar om meir enn tal og appar. Det handlar om folk som kjenner deg og hjelper deg trygt vidare.
Solveig er her for å gi gode råd og skape økonomisk tryggleik når du treng det.
Ta kontakt med Solveig, eller ein av dei andre rådgjevarane våre, i den kanalen du føler deg heime.
hos
ssf.no


Trenger du eit kompetent verksted, du kan stole på , då kan vi som offentlig godkjent bilverkstad hjelpe deg med følgande tjenester: Eu kontroll, service på elbil og fosilbil, ac service og i samband med Bosch Car Service kjeden har vi den beste mulighet til å diagnosere bilen din. Ta gjerne kontakt for ein time. Du finner meir info om våre tjenester på hatlebergbil.no.
Hatleberg Bil & Maskin AS
Hyllestadvegen 406
Telefon 958 76 565
For everything your car needs.



Med hovedbase strategisk plassert på Vestlandet, jobber Wergeland Group målrettet for å være et ledende industrikonsern i Europa.
Vi er grunneier av en større industrieiendom i Sløvåg og driver blant annet med basetjenester, miljøtjenester, pukk og grus, havvind, fergedrift, skipsverft og utleie av eiendom.
Konsernet har sterk kompetanse innen tunge løft, sammenstilling, lagring og håndtering av store strukturer, og spiller en aktiv rolle i utviklingen av ny, grønn industri.
Vi står stødig, leverer med kvalitet og bygger tillit over tid.




Med passasjerruter, godsfrakt, charter, skyssbåtar og opplevingsturar er vi eit reiarlag med stor breidde både i aktiviteten og flåten vår. I organisasjonen vår er vi over 50 eigne tilsette. Vi er også med på å skape arbeidsplassar og verdiar via underleverandørar og sesongarbeidarar.
Vi investerer i framtida, er opptekne av tryggleik, og av å ta vare på folk og natur. Med bakgrunn i dette vart vi i 2023 sertifisert som Miljøfyrtårn-bedrift.

Vi er eit rederi med aktivitet frå Bergen i sør til Brønnøysund i nord, og har 14 fartøy plassert ut på desse stadane frå vårt hovudkontor på Hardbakke i Solund kommune.


