STUDVEST Nr. 06, 2026 . Årgang 82 . Studvest.no . Gratis magasin
Starta å rappe på eit «skam-kaldt» loft s. 18-19
–Ei pille er nok s. 8-9
Vald som løysning: – All skaden er eit resultat av kva staten har gjort s. 30-31
LEIAR
Studvest er ei partipolitisk uavhengig avis for og av studentar tilknytta dei høgare utdanningsinstitusjonane i Bergen. Grunnlagt i 1945.
Gen Z slår tilbake
ANSVARLEG REDAKTØR Malene Langeland Sulen ansvarligredaktor@studvest.no 991 53 528 NYHEITSREDAKTØR Iben Lauvland Longva nyhetsredaktor@studvest.no 417 61 984 KULTURREDAKTØR Martin Larsen kulturredaktor@studvest.no 954 32 228 FOTO OG LAYOUTREDAKTØR Neri B. Shaw fotoredaktor@studvest.no 451 41 030 DAGLEG LEIAR / ANNONSAR Torbjørn Tandstad dagligleder@studvest.no 404 71 458
Det er eit stort sprik mellom forteljinga om dagens unge og det vi faktisk har fått til.
Sidan utviklinga frå «Generasjon Prestasjon» til notida sin «Generasjon Z», har dei unge blitt stempla som eit problem, spesielt av den eldre generasjonen. For i deira auge slit notida sin ungdom med lav konsentrasjon, vi sit for mykje innandørs framfor ein skjerm, vi toler dårleg motstand, og dersom vi får ein jobb har vi attpåtil dårleg arbeidsmoral. Desse haldningane frå dei eldre generasjonane blir brukt i generelt ordelag mot heile Gen Z. Samstundes har vi den siste tida vore vitne til fleire eksempel på at vi både er samfunnsbevisste og engasjerte, og motstrid desse argumenta vi får høyre gong på gong. I Serbia har det vore ein politisk omvelting der Studentlista vann valet. Det som starta som ei tragisk bygningsulykke, eskalerte til protestar mot regjeringa som vart skulda for korrupsjon og vanstyre. Valresultatet er historisk. Etter to år med demonstrasjonar, der studentar har stått i front, vann Studentlista valet overlegent. Eit anna klart eksempel på engasjert ungdom, finn vi i Frankrike, kor studentane står opp for det dei meiner
er rett. Det heile starta med protestar, leda av studentar og elevar mot dei høge levekostnadane i landet. Dette har no ført til ei nasjonal rørsle av protestar. Sjølv her på Vestlandet har studentar protestert. Dette har vore mot dumpinga av gruveavfall i Førdeorden. I eit intervju med Studvest fortel dei at dei ikkje vil at uretten som blir gjort i orden skal gå stille forbi allmennheita. Dei er studentar og risikerer ei bot på 10 000 kroner, men meiner det er verdt det for å stå opp for det dei meiner er rett. Eit anna mykje omtala eksempel på studentopprør som har fått mykje merksemd siste tida, er den mykje omtala Cornell-saka. Dette vart eit globalt fenomen, på grunn av studentavisa The Cornell Daily Sun. Her valde redaksjonen å namngi dei sju mennene som vart skulda for å vere involvert i ein gjengvaldtekt i 2024. Først då blei saka lagt merke til, først i USA, og så i resten av verda.
Studentmakt handlar ikkje berre om å fylle gatene. Det handlar også om å ha ei stemme i det oentlege ordskiftet. Gjennom journalistikken skal vi informere studentane om kva som skjer, løfte fram engasjementet deira og stille kritiske spørsmål til dei som sit med makta. Dette er ei viktig oppgåve for å unngå at studentar blir gløymd av resten av samfunnet. Det er ein viktig føresetnad for at studentdemokratiet skal fungere. For at studentane skal ha ei sterk stemme, treng vi både engasjerte tillitsvalde, uavhengige medium og studentar som bryr seg. Vi treng at vår generasjon tør å stille spørsmål, stå opp mot urett og ikkje godta at andre skal definere kva generasjonen vår skal stå for. Dette er Studvest sitt siste magasin for året. Så med det seier vi god jul og godt nyttår til lesarar!
Saka er ikkje presseetisk, likevel viser saken kor viktig det er at studentar har eigne, uavhengige medium som kan stille kritiske spørsmål til institusjonane dei er ein del av.
GRAFISK UTFORMING Stella Sofie Dahle Sigve Tillier Julia Haveland Leon Bjorøy Tine Birkeland Linus Andresson Vik ILLUSTRATØRAR Preben Sævartveit Henningsen Nora Haukedal Hammerstad Øyvår Mortenvoll Rakel Gran Karoliussen Nathaniel Williams Johanne Branting Haugseng NYHEITSJOURNALISTAR Bendik Eliassen Mats Frisk-Olsen Ida Skrunes Edon Zeqa Trym Larsen Meri Tefsemichael-Lidetu Sander Anton Hole Ona Buflod Bovollen Helene Peterson Johanne Waage Fure Leonora Jacobsen Marie Constance Bruun Marte Østreim Martine Svendsen Mathea Berg-Berthiniussen Sander Jølstad Sigrid Låg Gausdal Solveig Bjørnebøle KULTURJOURNALISTAR Giulia Veroux Sofie Vassnes Ingeborg Trovik Tiril Werring Hanny Øiamo-Holsen Solveig Tufto Johanne Tufto Ingunn Viken Thea Juvik Nina Steinhaug Ådnøy Johs Ree Giæver Ane Steine Randen Johanne Austad Sigrid Løkstad Sigurd Nordhagen Selsjord Haldis Furuhovde Marie Neshavn Høie Andrea Nordberg Næss Emilie Helstrøm Selma Monstad-Romarheim FASTE SPALTISTAR Mira Thune Munthe-Kaas Simon Hole FOTOJOURNALISTAR Julie Elise Elefsen Anders Røysset Petter Sjøli Anny Helen Birkelid Skibenes Léa Auger Jakhelln Marcus Alræk Hellesøe Agnes Marie Skilleås Hedda Skjøtskift Johannesen Monica Mai Cao Zheng Lars Elias Bratland Hellman Kristine Hervik ENGELSK Barbora Horáková Emma Donati Marta Coll
NESTLEIAR Sidan dette blir den siste nestleiaren min, gidd eg ikkje å bruke opp heile spalteplassen min på ubetydelege skuleavisa som ikkje veit kva Ver Varsam-plakaten er. Eg har eit tips til dykk i Sandviken, nemleg å sjekke ut punkt 1.1, 1.3 og 2.2. Sjå gjerne nærare på punkta
om redaksjonell uavhengigheit, så kan vi ta ein prat. Til slutt ønskjer eg at studentoptimismen held seg sterk, slik me ser i Frankrike og Serbia. Eg ønskjer at studentpolitikarar lærer seg kva ekte journalistikk inneber, og at når ein har
ansvar, må ein stå i stormen, sjølv når det bles. Eg ønskjer at vår generasjon ikkje skal vere så redd for kva andre tenkjer om ein, og sjå meir utover, ikkje innover.
ADRESSE redaksjonen@studvest.no Parkveien 1 5007 Bergen www.studvest.no TRYKK Schibsted Trykk Bergen
78
24
8
ØMERKE ILJ T M
1 Tr y k k s a k
2
4. NOVEMBER 2026 · LEIAR OG NESTLEIAR
STUDVEST
INNHALD 04.11.26
8.
26.
4
Kommentarar Nyheitssidene
6
Studentene Hedda (23) og Frida (19) følte seg lurt av boligannonsen
8
– Én pille er nok
10
Her toppar dei fuskestatistikken
11
Studentar kjem seg ikkje inn i eigne heim
12
Et århundre med prosjekter
14
Lærarstudentane om PISA-krisa
16
Fagfolket forklarar: Konspirasjonsteoriar
Kultursidene
30.
STUDVEST
17
SAIH-donasjonane har stupt med 72 prosent - peiker på UiB
18
Starta å rappe på eit «skam-kaldt» loft
20
Derfor vel dei å stå på bana
22
Vaks opp med gitar kring bålet: no rapper han om mørket
24
Bokanmeldelse
26
Halvparten av studentane har opplevd det: Dette er «MAN FLU»
28
Slik blir ein god på kunst
21
Psykologispalta
32
English
30
Utanriks
35
Eksponert
36
Moro for studentane
38
Baksidene
Utgave 6.
INNHALD · 4. NOVEMBER
2026
3
Kommentar
Kvifor er det ingen vaksne som set ned foten? Helene Peterson Nyheitsjournalist peterson@studvest.no
Eg går no inn i mitt siste år på bachelorstudiet, og eg har tenkt mykje på kor vanskeleg eg synest det er å lese akademiske tekstar. På studie mitt er dette eit krav, men etter nesten tre år, føler eg framleis ikkje på meistring.
Skal eg vere heilt ærleg, er dette fordi konsentrasjonsevna mi er for dårleg. Eg klarer ikkje å unngå å trekke ein raud tråd mellom dette og den vesle skjermen eg på død og liv ikkje klarer meg utan. Føre-var-prinsippet står sterkt i Noreg, men ikkje når det kjem til reguleringa av sosiale media og mobiltelefonen hos barn og unge. Norsk politikk blir driven av prinsippet om å føresjå og vere førebudd. Det blir brukt i miljøpolitikk, helse, beredskapspolitikk, næringsliv og oljefondet, ja stort sett alt. Likevel blir det varsla om radikalisering, mobbekultur og dårleg konsentrasjonsevne blant barn og unge. Dette er ei utvikling vi har sett dei siste åra. Aldersgrensa på sosiale media er fortsatt 13 år. Regjeringa har no foreslått å heve den til 16 år, men etter mi meining kjem diskusjonen altfor seint. Det er vanskeleg å oversjå kva rolle sosiale media spelar i utviklinga blant barn og unge. Rommet for å skilje seg ut har blitt snevra inn, ekstreme meiningar blir meir og meir vanleg, og konsentrasjonen vår stupar. På Instagram, TikTok og Snapchat møter barn og unge ein kontinuerleg straum av reklame, produktanbefalingar, sponsa innhald og underhaldning. Bøker og leik, har blitt bytta ut med skrolling. Dette vil truleg ha, og har allereie fått konsekvensar for dagens unge, blant anna dagens studentar. Eg fryktar at dei som kjem etter meg, vil ha eit endå dårlegare utgangspunkt enn eg har hatt. Kva blir framtida for den neste generasjonen med studentar?
4
ILLUSTRASJON: Øyvår Mortenvoll
Førelesningar akkompagnert med Subway Surfers-videoar for å halde studentane si merksemd? Samtidig som vi alle er avhengig av dopaminen telefonen gir oss, fører svekka konsentrasjon og leseevne også til ein større eksponering for polariserande retorikk. Den politiske debatten har i stor grad flytta seg til sosiale media, der merksemda målast i likerklikk, delingar og visningar. Algoritmane løner innhald som vekker kjensler, noko som gjer at dei mest kjenslelada og provoserande innlegga ofte får mest synlegheit.
4. NOVEMBER 2026 · KOMMENTAR
Nyanserte og rasjonelle diskusjonar er vanskeleg å finne i både kommentarfeltet på TikTok og Facebook. Og ofte er det dei som skrik høgast, og med dei mest ytterleggåande eller radikale meiningane som dominerer debatten. Ein 13-åring som bruker sosiale media, blir derfor eksponert for den same polariserande retorikken. Dersom føre-var-prinsippet skal ha noko funksjon, bør det først og fremst brukast på teknologien som formar oppveksten til dagens barn og unge. Altfor lenge har utviklinga fått fortsetje i feil retning.
Opplæring i sunn mobilbruk, konsekvensane av det, og ei forståing av korleis det påverkar hjerna vår, er nødvendig. Og kanskje eit grunnemne som lærer studentane å lese akademiske artiklar. Det er sjølvsagt bra at regjeringa ønskjer å setje opp aldersgrensa på sosiale media for barn og unge, men det er på tide at samfunnet tek ansvar for kva slags type generasjon vi ønskjer skal ta over universiteta, arbeidslivet og demokratiet vårt. Kor er dei vaksne som set ned foten og seier «Nei, slik kan vi ikkje ha det»?
STUDVEST
Kommentar
Å vere 190 centimeter høg er ikkje eit personlegheitstrekk Johanne Austad Kulturjournalist austad@studvest.no
Eg mistenkjer nemleg at vi har latt mannen si høgde bli det viktigaste kriteriet i jakta på kjærleiken. Grensa går som regel ved om lag 180 centimeter, og på datingapper kan du no til og med leggje det inn som eit filter. Då kan du sile ut ein heil haug med menn i eit klikk før dei har rokke å opne munnen. Reknestykket går dessutan dårleg opp. Norske menn er i snitt 180 centimeter høge, og det betyr at omtrent halvparten er under 180. Skal alle kvinner ha ein mann over 180 eller meir, er det rett og slett ikkje nok menn til alle.
Eg høyrer ofte kvinner seie at det ikkje lenger finnast gode menn der ute. At alle menn er håplause, og at dei få brukbare er kapra for lengst. Sjølv lurer eg på kor grundig vi eigentleg har leita.
Det slår meg også at høgdekravet gjer datinglivet nokså behagleg for enkelte menn. Gutta over 180 centimeter har ein gullbilett; dei er rett og slett heldige. Dette gir også ein viss romsligheit. Vi gir dei ein sjanse nesten uansett, og etter mi erfaring også ein ny sjanse dersom dei rota det til. Ein man kan svare «haha ja» på alt, ha null framtidsplanar og eit høgst tvilsamt forhald til såpe og vatn. Men så lenge han er høg, er det utruleg kva vi lar gå med «Men han er jo 190, då!» Det er påfallande kor mykje personlegdom vi er villige til å tilskrive ein mann før han har vist oss noko som helst om kven han er.
Og la meg vere tydeleg på kva eg ikkje seier: At høge menn generelt er uduglege. Ein kan finne ubruklege menn i alle høgder. Poenget mitt er at vi gir høgare menn større rom for å vere middelmåtige. Eg har inntrykk av at det skal mindre til før ein høg mann blir rekna som ein god fangst. Mange kvinner vil helst ha ein mann som er høgare enn dei, også når dei tek på seg høge hælar. Dette har eg aldri heilt forstått meg på. Skal du verkeleg risikere å velje bort ditt livs kjærleik fordi du blir høgare enn han i hæler du uansett sparkar av deg på veg heim frå byen? Det klingar dessutan dårleg i mine feministiske øyrer at kvinna på død og liv må vere mindre enn mannen ved sida av seg. Ein stad på vegen til kvinnefrigjeringa har vi gløymd å leggje frå oss ideen om at mannen absolutt må rage over kvinna. Vi sit alle på TikTok og hyllar Tom Holland og Zendaya for å vere verdas kulaste par, men i vårt eige datingliv tør vi knapt å sjekke ut ein fyr som er eit par centimeter kortare enn oss sjølv. Eg slår derfor eit slag for dei lavare gutane. Mi erfaring er at det gjerne ligg meir under overflata hos dei. Kanskje har nokon av dei måtte utvikle andre kvalitetar fordi høgda ikkje automatisk gir dei eit forsprang i datingmarknaden. Hobbyar, meiningar, interesser, substans og evna til å føre ein sikkeleg samtale. Kanskje til og med litt personlegdom.
Eg skulle ønskje fleire av oss kvinner turte å date lågare menn. Det kan kanskje verke skummelt å sleppe taket i det du alltid har sett for deg, men det kan også hende at din livs kjærleik er litt lågare enn du trudde. Han som tek oppvasken utan å sukke, og som ser på deg at du har hatt ein dårleg dag før du i det heile tatt har sagt eit ord. Til gjengjeld kan vi gjerne ha endå høgare krav til menn si personlegdom. Eg opplev at vi handhever høgdekravet strengare enn noko anna krav vi stiller til menn. Eg skulle ønskje vi var like nådelause i spørsmålet om han held det han lover, eller stiller opp når det tengs. Det er som at høgda er eit minstekrav og folkeskikk er ein bonus. Så still krav. Still dei høgaste krava til det som ikkje har noko med høgda å gjere. Ikkje bruk for mykje tid på å leite etter ein som er høg nok, slik at du overser ein som er god nok. Min teori er nemleg at det finnast ein heil haug med gode menn der ute, og at dei har stått der heile tida. Du må berre våge å sleppe dei inn gjennom filteret ditt.
ILLUSTRASJONAR: Rakel Gran Karoliussen
STUDVEST
KOMMENTAR · 4. NOVEMBER 2026
5
FORTELLER: Robberstad og Mørch forteller om flere problemer knyttet til innflytningen i Nikolaikirkeallmenningen 7.
Studentene Hedda (23) og Frida (19) følte seg lurt av boligannonsen – Det var et helt annet hus, et helt annet rom omtrent. Det lignet ikke på bildene i det hele tatt, sier Frida (19) om leiligheten hun skulle bo i bak Bryggen.
MATHEA BERGBERTHINUSSEN Nyheitsjournalist berthinussen@studvest.no HELENE PETERSON Nyheitsjournalist peterson@studvest.no LÉA AUGER JAKHELLN Fotojournalist jakhelln@studvest.no
6
4. NOVEMBER 2026 · NYHEIT
Studentene Hedda Robberstad (23) og Frida Sofie Minou Mørch (19) ville flytte ut dagen etter at de så kollektivet sitt for første gang. Da Mørch åpnet døra til rommet sitt ble hun sjokkert. Rundt henne var det døde skrukketroll, gamle øyevipper på senga og i gangen var det en bod med et kumlokk som luktet mugg. Pressende utleierselskap I juli sto Robberstad og Mørch fortsatt uten bolig, og de begynte å få dårlig tid til å finne seg et sted å bo. En dag dukket det opp en bolig i Nikolaikirkeallmenningen 7 på hybel. no. I annonsen er boligen beskrevet som et «rent jentekollektiv og med god standard». Boligen var på tre etasjer og består av ni soverom, to bad, samt kjøkken med integrerte hvitevarer.
I annonsen står det også at rommene er tilnærmet like med små variasjoner i størrelse og standard. Prisen per rom lå på 7500 kroner, med påløpende 500 kroner i strømregning. Robberstad og Mørch syntes at leiligheten virket ganske bra: den var rimelig og sentrumsnær. Før Mørch takket ja til tilbudet, undersøkte hun utleiefirmaet Rentell AS. Boligen fremsto som nyetablert i 2022, med tilsynelatende god drift og uten klager. – Jeg tenkte at hvis jeg bor i leiligheten i ett år, så blir det enklere å finne noe senere. De sa at kommunikasjonen med Rentell AS var bra i starten, men etter hvert opplevde de firmaet som pressende. – Da jeg takket ja til tilbudet, var jeg i Danmark og skulle på danskebåten. Da mister man jo dekning. Utleieren stresset
STUDVEST
meg skikkelig med at det var flere andre i kø, og at jeg måtte skrive under kontrakten med en gang, forklarer Mørch. Ble sjokkert da de googlet leiligheten Noen dager før innflyttingsdagen søkte Mørch opp utleierfirmaet, men fant ingenting. Da hun i stedet søkte på selve adressen til boligen, ble hun sjokkert. Mørch ble møtt av en sak fra TV2 Hjelper Deg. – Jeg ble sinnssykt redd og fikk ikke sove på natten. Jeg sjekket med en gang om man kunne droppe bindingstiden, sier Mørch. I TV2-artikkelen kommer det frem at en rekke studenter kritiserte eieren av utleierfirmaet Rentell AS, Jan Thomas Liseth, for dårlige boforhold. Der kommer det også fram at Liseth har endret selskapsnavnet på firmaet flere ganger. – Man kan jo liksom gjette når han byttet navn. Det er tydelig at han er villig til å skjule noe, sier jentene. Utleier i Rentell AS, Paal Aaserud, kjenner seg ikke igjen i jentenes beskrivelser. I en e-post til Studvest viser han til at huset er en eldre eiendom, men som har gjennomgått betydelige tekniske oppgraderinger de senere årene. – Mamma, kan vi være så snill å dra hjem? Mørch skulle flytte inn 9. august. Da hun ankom boligen, fikk hun beskjed om at rommet hennes var i underetasjen. Dette stusset hun over, siden referansebildene så ut til å være i andreetasje. Da de gikk ned trappen til underetasjen så de at etasjen var et tidligere renovert butikklokale. Rommet hennes har et stort vindu med laminering og en dør som kan åpnes for å lufte. Denne døren fører rett ut til gaten. – Det var en ekstrem kjellerlukt. Det luktet så fuktig, ekkelt og vondt. Det var sinnssyke mengder med døde skrukketroll strødd utover gulvet. Utleier Paal Aaserud kjenner seg ikke igjen i beskrivelsen av omfattende fuktog muggproblemer. Han understreker at eldre bygninger kan oppleves som innestengte når rom har stått lukket gjennom sommeren, men at det ikke i seg selv er dokumentasjon på verken fukt eller muggsoppskader. Mørch mente at leiligheten ikke samsvarte med annonsen, men sier at hun valgte å forbli positiv. Men da de vasket rommet, oppdaget de en luftglippe mellom døren og gulvet. Her kom det inn insekter og kald luft. I tillegg til døde skrukketroll fant Mørch hår i sengen. Rommet så ikke ut til å ha vært vasket. – I løpet av samme kveld tenkte jeg at her vil jeg faktisk ikke bo, sier Mørch. «Muggrommet» Robberstad flyttet inn dagen etter Mørch. Hun forteller at hun og moren oppdaget mugg og store sprekker i vinduskarmen. – Jeg nekter å tro at utleieren bor i Bergen eller har vært innom leiligheten
STUDVEST
BOLIGEN: Det er i nederste etasje at jentene skulle bo. Slik som man kan se på bildet, ser soverommene ut som et tidligere butikklokale uten ordentlige vinduer.
noensinne, for da hadde man ikke latt folk flytte inn, sier hun. Mørch er på vei til å flytte ut når Robberstad flytter inn. Sammen går de rundt og undersøker boligen. Robberstad tenkte at det ikke kan bli verre enn det allerede er, men når Mørch viser henne et lite rom i kjelleren, var det enda verre enn hun hadde fryktet. I artikkelen fra TV2 er det et rom som ble omtalt som «muggrommet». Robberstad og Mørch forklarer at mye av lukten kom herfra. – Jeg gikk inn i leiligheten og var ute på 45 minutter, sier Robberstad. – Vi spurte jo mange av de rette spørsmålene før vi flyttet dit. Jeg har spurt direkte om det er fukt og mugg. Utleieren svarte at det var det absolutt ikke, understreker Mørch. Utleier Paal Aaserud skriver derimot at de ikke har fått inn noen dokumentasjon på slike skader i de aktuelle rommene, og de kjenner heller ikke til tilsvarende klager fra øvrige beboere. Studvest har fått tilgang til meldingene mellom utleierselskapet og jentene. Her bekreftes det fra utleieren om at det hverken skal være fukt eller mugg i leiligheten, og at rommene er «nesten identiske i utformingen» med referansebildene i annonsen. Manglende tilbakebetaling På grunn av store mengder mugg var jentene nødt til å flytte ut. Det var likevel utfordrende å få kontakt med
utleieselskapet, sa de. – Vi har ikke engang fått tilbake hele depositumet vårt, noe som var lovet. Vi har brukt masse tid, krefter og energi på å få tilbake pengene, sier Mørch. Mørch måtte inn på sovesalen til Sammen under fadderuken, og måtte også bruke penger på hotell. Robberstad fikk bo hos en slektning. Da jentene hadde flyttet ut, påsto Rentell AS at rommene var klare for at nye kunne flytte inn. I dag ligger leiligheten ute på hybel.no med ni av ni ledige rom. Aaserud skriver følgende i mailen til Studvest: – Vi er opptatt av å tilby trygge og
gode boforhold, og er fullt innforstått med at eldre eiendommer krever løpende vedlikehold og oppfølging. Han forklarer også at sluttoppgjøret tok lengre tid grunnet ferieavvikling og en hektisk innflytningsperiode. – I denne konkrete saken valgte vi å imøtekomme de to studentenes ønske om å avslutte leieforholdene uten at de flyttet inn. Både husleie og depositum er tilbakebetalt i sin helhet. Vi skulle gjerne ha ordnet dette tidligere, og beklager forsinkelsen.
MUGG: Studentene viser bildene de tok av vinduskarmene ved innflytting. Her kan man se det som møtte jentene i kjelleretasjen.
NYHEIT · 4. NOVEMBER 2026
7
IKKE HELT SVART HVITT: Sommerbakk og Gran er enige i at rusen rammer folk ulikt.
– Én pille er nok
14 prosent av studenter har prøvd narkotika. Torbjørn Gran og Beate Sommerbakk har sett hvor kort veien kan være fra uskyldig eksperimentering på vorspiel til en hverdag der rusen styrer.
ANDERS RØYSSET Fotojournalist røysset@studvest.no
BENDIK ELIASSEN Nyheitsjournalist eliassen@studvest.no
8
Hver fredag klokken halv ett spilles det musikk i Korskirken. Når Studvest ankommer spilles siste sang for dagen. De spiller «Har du fyr?» av Ola Bremnes, der vokalistens røst bærer gjennom det store kirkerommet. Her møtes folk som har vært påvirket av rus i årevis, folk som bare vil spille, og folk som der og da er synlig ruset. De drikker kae, prater og «jammer» sammen. – Og da er alle helt like, sier Torbjørn Gran, musiker og daglig leder i Gatelangs. Han jobber for bedre levekår for rusavhengige og hjemløse, og holder rusforebyggende foredrag for ungdom. Sammen med Beate Sommerbakk, medarbeider i Huset Bergen, vil han få frem ett poeng: Rus skiller ikke mellom folk. Den største faren er å ikke se det selv. – En av de beste kveldene i livet mitt Sommerbakk har aldri vært rusavhengig selv. Likevel kunne livet tatt en annen vending på 20-årsdagen hennes. Kvelden startet dårlig. Hun ble kjempefull, kastet opp og la seg for
4. NOVEMBER 2026 · NYHEIT
å sove. Broren og en kompis ville ha henne med på byen. Uten at hun visste det, blåste de kokain og amfetamin opp i nesen hennes. – Fem sekunder senere var jeg i form igjen. Jeg hadde tidenes kveld og har aldri hatt det så gøy. I to tiår trodde hun at det var oppkastet som hadde reddet kvelden. Så fortalte broren hva han hadde gjort. – Jeg ble fullstendig rasende. Man gjør ikke sånt mot folk. – Hvorfor hadde han aldri sagt noe? – Han var redd for at jeg skulle bli like hektet som ham. Jeg aksepterte ikke handlingen, men jeg forsto forklaringen. Broren visste bedre enn de fleste hva den første gode opplevelsen kan føre til. Derfor tiet han, sier Sommerbakk. Blir møtt som det menneske man er Både Gran og Sommerbakk vil minske stigmaet rundt rus og endre hvordan vi møter dem som er synlig ruset. – Hvordan ser vi på folk? Møter vi blikket og respekterer dem som faktisk har det vanskelig, spør Gran. Gatelangs bruker musikken, men
deler også ut mat og klær. Noen ganger handler det om en konsertbillett, et fullt kjøleskap før helgen eller en ren underbukse. For de fleste av oss er dette helt alminnelige ting. Huset Bergen er også et brukerstyrt oppholdssted drevet av og for folk med egen rushistorie. Her stilles det ikke krav om rusfrihet. – Mange andre steder har vektere. Da blir man møtt med motstand. På Huset blir man møtt som det mennesket man er, med samme verdi som den som står overfor deg, sier Sommerbakk. Natthuset, Husets nattilbud, har ti sengeplasser. Ifølge Gran må noen nesten hver kveld få beskjed om at det er fullt. – Da må de gå ut i natten igjen. Og i Bergen regner det hele året. Når rusen styrer hverdagen I Studentenes helse- og trivselsundersøkelse (SHoT) fra 2026 svarte 14 prosent at de hadde prøvd narkotika. Gran mener at studietiden er et typisk startpunkt for en lang
STUDVEST
ruskarriere. – Man skal være kul, sosial, ha en jobb ved siden av, og klare å studere. Så begynner man å ruse seg litt, fordi det funker. For å komme seg opp på skolen, for å være frisk på jobb og for å sove. En ung kropp tåler mye og henter seg raskt inn igjen. Det er nettopp det som gjør det farlig, mener Gran. – Den største faren er at man ikke anerkjenner det for seg selv. Det går jo jævlig bra: jeg kommer meg på skolen, har gode resultater og får gjort jobben. Helt til man merker at det er rusen som styrer hverdagen. Gran forteller om en mann som kom til den erkjennelsen midt i tjueårene. Veien ut var ikke et stort brudd, men mange små valg. Han fikk kjæreste og ruset seg mindre. Så fikk han en jobb han ville prestere i. Så fikk han barn. – Plutselig har man laget en grunnmur av ting som er viktigere enn rusen. Skjønner man det i 20-årene, kan det gå veldig fint. Det er ikke sikkert man må ha blitt skadet for livet. – Det skal ikke så forbaska mange ganger til Ifølge Gran er kokain blitt normalisert i deler av studentmiljøet. Ofte starter det på fest, med alkohol i blodet, kompiser som synes det er greit og et ønske om å imponere. – Man tenker at man bare gjør det på fest. Men det skal ikke så forbaska mange ganger til. Når du først har prøvd det, blir det plutselig kjedelig å
ha med en sekser på vorset. Og man vet aldri hva man får i seg. Alkohol er jo det eneste regulerte rusmiddelet i Norge. En bekjent av Gran hadde tatt tusenvis av piller uten at det gikk galt. Så skulle broren hans ha det morsomt en helg og tok én av de samme pillene. Den inneholdt fentanyl. Broren overlevde, men fikk en varig hjerneskade. – Én pille. Det høres ut som skremselspropaganda, men så enkelt kan det være. – Oppsøk kunnskap Til studenter som tenker at litt rus på fest er uskyldig moro, har Gran ett råd. – Oppsøk informasjon. Siden ingenting annet enn alkohol er regulert, vet du aldri hva du tar. Da er spørsmålet om du vil risikere det. – Hvis studenter tør å oppsøke kunnskapen, kan de ta valget etterpå, avslutter han. I Korskirken er siste låt spilt for denne gang. Noen av dem som holder «jammen» i gang har selv vært der rusen tok over. For andre er fredagene et avbrekk fra rusen, en av de små tingene som kan bli en del av grunnmuren Gran snakker om. Og neste fredag klokken halv ett er de der igjen. Ønsker du å slutte med rus? Her kan du få hjelp: rusinfo.no: Chat-tjeneste og telefon 915 08 588 (åpen fra kl. 1119) BLE RASENDE: Beate Sommerbakk forteller om den opprivende 20-årsdagen.
MØTEPLASS: På Korskirkeallmenningen møtes folk som har vært preget av rus i åresvis.
STUDVEST
NYHEIT · 4. NOVEMBER 2026
9
Her toppar dei fuskestatistikken: – Kvar sak er éi sak for mykje ONA BUFLOD BOVOLLEN Nyheitsjournalist bovollen@studvest.no PREBEN S. HENNINGSEN Illustratør henningsen@studvest.no NORA HAUKEDAL HAMMERSTAD Illustratør hammerstad@studvest.no
– Ved HF er det mange oppgåver der ein må tenkje litt utanfor konkrete svar. Det kan vere at folk slit litt med å stole på kva dei sjølv tenkjer, og heller brukar KI. Det seier Edvin Ellingsen, kinesiskstudent ved HF. Både han og kompisen, Lukas Havnerås, vart overraska når dei fekk se statistikken. – Det er jo mykje bruk av mappeinnleveringar og heimeeksamenar der ein ikkje har noko tilsyn. Da føler kanskje folk at det er meir rom for å fuske, eller at det er vanskeleg å vite kor grensa går, legg Havnerås til. – Ingen grunn til å tro at våre studenter fuskar meir Visedekan for utdanning ved HF, Heming Helland Gujord, er tydeleg på at statistikken må nyanserast. – Tala talar for seg sjølv, og det må me forhalde oss til. Men me har ingen grunn til å tru at våre studentar er mindre redelege enn andre, seier han. Det er «Nemnd for studentsaker» som er øvste klageorgan i studentsaker ved UiB.
Studieåret 2025/2026 sto det humanistiske fakultet (HF) for nesten halvparten av fuskesakane ved Universitetet i Bergen (UiB). – Det kan vere vanskeleg å vite kor grensa går, seier HF-student. Nemnda behandlar klagar og sakar om fusk, skikketheit og bortvisning. Dei understrekar i årsmeldinga at ein skal vere forsiktig med å bruke statistikken som ein indikasjon på kor mykje eller lite studentar ved UiB fusker. – Me veit jo ikkje om det her er tilfeldeg variasjon eller ikkje, presiserar Gujord. I 2024 var det SV-fakultetet som toppa statistikken med 14 fuskesaker behandla i nemnda, mens fire sakar var frå HF. Nye forutsetningar Ifølgje visedekanen dreier ikkje sakane seg om tradisjonelt plagiat lenger. I staden handlar det ofte om akademisk uredelighet der kunstig intelligens kan spele ein rolle. – Det me ofte ser nå, er konkrete tilfelle av kjeldetilvisning som ganske enkelt ikkje finnast. Det kan kome av såkalte «KI-hallusinasjonar», meiner Gujord. For å møte utfordringa med KI og kjelder har fakultetet tatt grep for å lære studentane riktig bruk av verktøya frå start.
Alle bachelorstudentar ved HF må i første semester ta emnet «LES100». Emnet skal styrkje deira lese- og skriveferdigheiter, og gi grunnlag for kritisk vurdering av kjelder og verktøy. Gujord avvis at nye studentar er dårlegare rusta til å gå på universitetet enn før. – Nei, det vil eg ikkje svare noko enkelt ja på. Dei kjem til oss med dei forutsetningane som dei har tilegna seg gjennom sine skoleløp før dei kjem til universitetet. Forutsetningane forandrar seg heile tida, så me må justere oss etter det, seier visedekanen. Over 100 prosent aukning i fuskesakar Ser ein på UiB under ett, viser den nyaste årsmeldinga frå «Nemnd for studentsaker» eit markant hopp i antall behandla fuskesaker. Statistikken visar at antallet fuskesaker i 2025 vart meir enn dobbelt så høge som året før. – Det er viktig å vere varsom med å
trekkje bastante konklusjonar på bakgrunn av utviklinga ett enkelt år, skriv prorektor for utdanning, Sigrunn Eliassen, i ein e-post til Studvest. Ho meiner at det er nødvendig å sjå utviklinga over lengre tid for å kunne sei noko sikkert om årsaka. Ifølgje prorektoren kan etterslep i saksbehandlinga hos enkelte fakultet vere ein av årsaka bak dei høge tala. – Utover det ser me ikkje grunnlag for å peike på éin enkelt forklaring. Vidare skriv Eliassen at ein større andel av sakane nå handlar om bruk av KI, men at teknologisk utvikling utfordrar heile sektoren. – Institusjonane må kontinuerleg arbeide med å tydeliggjere reglar og forventningar til studentane, skriv ho. Ho legg også til at UiB arbeidar løpande med å støtte studentane i god akademisk praksis, gjennom informasjon om akademisk integritet, opplæring i kjeldebruk, og veiledning om ansvarleg bruk av digitale verktøy og kunstig intelligens.
SJOKKERT: Edvin Ellingsen (t.v.) og Lukas Havnerås ble overrasket over statistikken: FOTO: Neri B. Shaw
10
4. NOVEMBER 2026 · NYHEIT
STUDVEST
PÅ FANTOFT: Det var på Fantoft at Andre Ottesen ble utestengt frå studenthybelen sin.
Studentar kjem seg ikkje inn i eigne heim Saman har byrja med digitale låser som skal erstatte chippane dei brukte før. Andre Ottesen meinar at dei digitale låsane er svært problematiske. MERI TEFSEMICHAELLIDETU Nyheitsjournalist lidetu@studvest.no
ANDERS RØYSSET Fotojournalist røysset@studvest.no
Studentar som bur på studentbustad er nøydd til å venna seg til ein ny kvardag. No må telefonen deira alltid vere fullada. Hvis ikkje, så kjem ein seg ikkje inn i leilegheta. Men det kan fortsatt gå galt sjølv om alt tilsynelatande er på plass. UiB-studenten Andre Ottesten vart saman med samboaren då dei vart stengd ute frå leiligheta deira på Fantoft. Appen som skulle låse opp døra deira ville ikkje funke. Dei var midt i innflyttinga då problema oppsto. – Eg og sambueren min fekk panikk, og visste ikkje kva vi skulle gjere. Spesielt sidan me nyleg hadde flytta inn, seier Ottesen.
– Det sto berre «access denied». Ottesen fortel at når dørene ikkje går opp, må ein ringje døgnvakta som kan åpne døra for bebuerane. – Men dersom studenten ikkje har straum på mobilen, er dei nød til å betale, seier studenten. Allikevel forklarar Ottesen at han prøvar å vene seg til mobilløysninga, sidan det ikkje mogleg å kun få ein chip i staden. – Men det burde vere eit val mellom å bruke den gamle løysninga med chip, eller å berre bruke mobilen.
– Burde ikkje vere primærløysinga Ottesen meinar at det å bruke mobilen som lås kan vere svært problematisk, sidan studentane ikkje får moglegheita til å velje om dei vil bruke telefonen eller ikkje. – Eg meiner at det burde vere eit val mellom telefon og chip. Då slepp studentane å konstant forsikre seg om at dei har nok straum på telefonen, og at appen skal slutte å funke. I deira tilfelle slutta appen å funke berre etter nokre få dagar.
STUDVEST
Ikkje problemfritt Driftssjef i Saman, Terje Nøttveit, fortel at innføringa av chippen på mobil har fungert godt for dei aller fleste. Han seier samstundes at det har vore nokre problemar. – Det vart særleg problem dei dagane då veldig mange flytta inn i studentbustadane sine. Han peiker på innkjøringsproblem knytta til aktivering, bluetooth-tilkopling og innstillingar som leigetakarane hadde på telefonen. Nøttveit fortel at appløysinga på telefonen er ein førebels «pilot». Det vil sei at Saman prøver telefonløysinga ut før dei
BANK, BANK; KVEN DER?: Det er nok André, han kjem seg ikkje inn.
bestem vegen vidare. Samstundes påpeiker han at dei mest sannsynleg kjem til å bruke mobilløysinga. – Den digitale tida har nok kome for å bli, seier Nøttveit. Men, festen er ikkje over for dei som
likar chip heilt enda. – Dei som ikkje ønskjer eller ikkje kan bruke appen, har fått tilbud om den gamle løysninga med vanleg chip.
NYHEIT · 4. NOVEMBER 2026
11
Et århundre med prosjekter Europa skulle finne veien videre etter krigen. Den 19 år gamle Christian Rieber foran starten på sitt eget arbeidsliv. Men hvilken vei han skulle gå, var det liten tvil om.
LEONORA JACOBSEN Nyheitsjournalist jacobsen@studvest.no FORTSETTER FRAMOVER: Christian Rieber fylte nylig 101 år, men han har ingen planer om å pensjonere seg helt med det første. FOTO: Leonora Jacobsen
Tar man turen gjennom Solheimsviken og løfter blikket, er det vanskelig å ikke legge merke til navnet som går igjen på flere av bygningene. Familiebedriften GC Rieber, som nå omfatter alt fra eiendom og investering til shipping, har vært gjennom store omveltninger siden etableringen i 1879. Barnebarnet til han som startet det hele, Gottlieb Christian Rieber, har vært med på å forme selskapet i etterkrigstiden. Hans navn er Christian Rieber, oppkalt etter sin bestefar. Et stykke unna industribygningene, innerst i en vei på Skjold, bor mannen som ledet familiebedriften i 37 år. Her bor han fortsatt, omgitt av kunst, bilder og minner fra et langt liv. Selv om han har passert 101 år, er han innom kontoret sitt flere ganger i uken. Det er lite som tyder på at Rieber har tenkt å legge arbeidet fra seg med det første. Da landet skulle bygges på nytt – Hvilket av mine tiår tror du var det beste? spør Rieber. Han har nok av tiår å velge mellom. Kanskje 60- og 70-årene, da norsk økonomi var i sterk utvikling og han selv sto midt i arbeidslivet? Eller de siste tiårene når barna og barnebarna har
12
4. NOVEMBER 2026 · NYHEIT
begynt å ta over? Rieber tenker annerledes. – Det var da vi var unge, da krigen sluttet. Rieber var 19 år da freden kom i 1945. Etter fem år med tysk okkupasjon skulle landet bygges opp igjen. Når han ser tilbake på sitt lange liv, er det fellesskapet fra disse årene han trekker frem. Hele Norge sto sammen om å bygge landet. Han skulle ønske at barne- og oldebarna hans kunne få kjenne på noe av det samme. Følelsen av å virkelig ha en oppgave. – Den gangen var det slik at landet var viktigere enn noe annet. Menneskene som inspirerte Erfaringene fra krigen og etterkrigstiden har fulgt Rieber gjennom hele livet. Allerede før krigen kom foreldrene hjem fra forretningsreiser i Europa med historier om jødeforfølgelsene. Familien trodde likevel ikke at nøytrale Norge skulle bli trukket inn i krigen. Møtet med historiene fra Europa gjorde inntrykk på den unge Rieber, og noen av dem skulle også prege hvem han senere så opp til. På spørsmål om hvilke mennesker som har inspirert ham mest gjennom livet, kommer svaret raskt: – Noen av de jeg ser mest opp til er jødene.
Rieber forteller om gode venner i Israel og om en beundring som har fulgt ham gjennom store deler av livet. Samtidig legger han ikke skjul på at utviklingen de siste årene har skuet ham. En lignende skuelse uttrykker han overfor USA, landet han forbinder med Marshallhjelpen og gjenoppbyggingen av Europa etter krigen. En fremtid bestemt på forhånd Mens Europa skulle finne veien videre etter krigen, sto også den 19 år gamle Rieber foran starten på sitt eget arbeidsliv. Men hvilken vei han skulle gå, var det liten tvil om. Samme år som krigen tok slutt, begynte Rieber i familiebedriften. GC Rieber hadde gått i arv gjennom generasjoner, og som eldste sønn var det forventet at han skulle følge etter. – Det var ikke noe valg, sier han om å gå i faren og farfaren sine fotspor. Men han sier at han ikke var noe spesielt intelligent. – Jeg hadde nok ikke fått så mange spennende jobber som jeg har fått, sier han med et smil. Rieber sier selv at han har ingen lang formell utdannelse bak seg. Han tok artium ved Bergens Handelsgymnasium i 1945, før han senere fikk ulike former for
STUDVEST
Fototekst RIEBERS SKULPTURER: Rieber har en miniatyrversjon av den større skulpturen «Livet, leiken og draumane» stående i vinduskarmen sin. FOTO: Leonora Jacobsen
utdanning og erfaring i utlandet. Opphold i England og Tyskland, tjeneste i Tysklandsbrigaden og studier ved Sorbonne i Paris ble en del av læringen. – Til tider sto jeg nokså alene De 37 årene han ledet bedriften var preget av både vekst og vanskelige beslutninger. Etter krigen var behovet for varer enormt. Rieber forteller om fabrikker, fiskebåter og industri som ble bygget opp i høyt tempo. Så snudde det. På et tidspunkt måtte bedriften si opp rundt halvparten av sine ansatte. Det er en periode han fortsatt husker godt, med harde netter. For Rieber var det viktig å konfrontere problemene, og innse at de ikke forsvinner bare fordi man unngår dem. Som leder måtte han ta avgjørelser han visste ville få store konsekvenser for andre. – Det nytter ikke å gå utenom Bøygen. Til tider sto jeg nokså alene som leder av bedriften og måtte ta avgjørelser som var veldig vanskelige. Da enkelte av bedriftene måtte legges ned, samlet de ansatte seg til gravøl. De snakket sammen om det som hadde
skjedd, og hvorfor arbeidsplassene måtte forsvinne. Det er særlig én detalj han husker. – De tok meg i hånden alle sammen og sa takk for laget. Leveregler gjennom generasjoner Ansvar er et ord som går igjen når Rieber snakker om familie, næringsliv og samfunnet rundt seg. Gjennom generasjoner har familien gitt moralske leveregler videre til etterkommerne. En av dem har festet seg særlig godt: – Døm andre skånsomt. For husk, livet er en stridbar elv, og alle kan ikke svømme like godt. En annen handler om å sørge for seg selv, familien og arbeidstakerne. For Rieber henger dette sammen med tanken om at mennesker også har et ansvar for samfunnet de er en del av. Når han blir spurt om hva dagens unge bør ta med seg videre, vender han tilbake til noe av det samme som han opplevde som 19-åring. – Ta vare på samfunnet, og ikke minst landet. Det håper jeg de som kommer etter meg tar med seg.
– En skam for Norge Rieber har for lengst gitt fra seg den daglige ledelsen av familiebedriften. Det betyr ikke at arbeidslivet er over. Han er fremdeles innom kontoret flere ganger i uken. De andre dagene kan arbeidet fortsette fra hjemmekontoret på Skjold. I flere tiår har han engasjert seg gjennom Rieber Fondene. Ett område som opptar ham spesielt, er hvordan samfunnet behandler eldre. – Det skjer ingenting på sykehjemmene. Det er en skam for Norge, sånn som vi behandler våre eldre. Han forteller om venner på sin egen alder som har blitt sittende på sykehjem i flere år, med lite å gjøre og få nye impulser. Det var en av grunnene til at senior– boligene på Helgetun i Sædalen ble bygd. Der er målet å skape et fellesskap der beboerne kan hjelpe hverandre. De går tur sammen, spiller bridge, lager mat og samarbeider om en grønnsakshage. – De sterkeste må noen ganger hjelpe de svakeste. Nå tas ideen videre til Marineholmen, der det arbeides med flere seniorboliger.
Rieber forteller også om planer om å knytte unge studenter til boligene. Tanken er å bygge bro mellom generasjonene og la unge og eldre være en ressurs for hverandre. Norge er bygget på dugnad Det samme ønsket om fellesskap finner man i et annet av Riebers store engasjementer, nemlig frivillig arbeid. I rundt 25 år har han arbeidet med dugnadsgrupper i ellene. I dag er det 21 slike grupper som fondene bidrar til å inspirere og finansiere. – Dugnaden gir mennesker en grunn til å møtes. Når noen i gruppene blir gamle eller syke, fortsetter de andre å følge med og stille opp, forteller Rieber. Det var først etter å ha dratt i begravelsen til flere av de frivillige at han forsto hva det hadde betydd for dem og de rundt. – Du aner ikke hva det betyr at dere tok dere av ham, får jeg ofte høre fra familien som er igjen.
RIEBERS SKULPTURER: «Livet, leiken og draumane», av Arne Mæland, fikk Rieber og kona Ragna Sofie satt opp i Solheimsviken i 2007. FOTO: Leonora Jacobsen
STUDVEST
NYHEIT · 4. NOVEMBER 2026
13
PISA-resultata viste at det ikkje står godt til med leseog skriveferdigheitene i den norske skulen. Studvest har difor spurt lærerstudentane om ein kan sjå dei same symptomane hos studentane sjølve.
Lærarstudentane i PISA-krisa 14
4. NOVEMBER 2026 · NYHEIT
EI KRISE: Mathea Solheim, lektorstudent ved UiB er bekymra for PISA-resultata. FOTO: Iben Lauvland Longva
STUDVEST
TRYM LARSEN Nyheitsjournalist tlarsen@studvest.no SIGRID LÅG GAUSDAL Nyheitsjournalist gausdal@studvest.no
ØYVÅR MORTENVOLL Illustratør mortenvoll@studvest.no
– Eg tenkjer at det er mindre pensumlesing enn for nokon år sidan, og at det har mykje med KI å gjere. Me er dårlegare på å skrive også, fordi det er så lett å gå inn på ChatGPT og spørje. Det seier Aline Leire Lossius, lokallagsleiar for Lærarstudentane ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Ho er lærarstudent på erde året, og meiner ein kan sjå at PISA-resultatane kan spegla studentane sine eigne lesevanar. Lossius seier at dette er generelle utfordringar som studentane snakkar om, og påpeikar at meir obligatorisk oppmøte for studentane er hjelpsamt. Då får ein lært, men ein slepp å lese like mykje. – Det blir ofte først i eksamensperioda at ein set seg ned for å lese. Då er det mykje hjelp i KI-oppsummeringar. Ny generasjon på veg Skjerm er også ei utfordring i grunnskulen, seier Lossius. Men det var éin ting som vart sagt i løpet av praksisperioda hennar som gjorde inntrykk. – Barn og ungdom har blitt vand
STUDVEST
til at det er skjermen som skal regulere kjenslane deira. Dei kjeder seg så mykje fordi dei er vand til å bli stimulert heile tida. Ho seier at det kan vere ein fordel at ein ny generasjon kjem inn i læraryrket, ein generasjon som også er oppvaksen med skjerm. – Eg trur dei fleste av oss er ganske reflekterte og følgjer med på verda kring oss. Me går inn i det ganske kritisk med tankar om kva me kan gjere annleis. Lossius seier at ho ikkje er demotivert for å gå inn i ein skule med dårlege resultata. Tvert om blir ho meir motivert. – Eg har lyst til å kome inn dit og utgjere ein forskjell, lage mitt eige system. Som lærarvikar gir det meg drivkraft å sjå ein situasjon der det er behov for å gripe inn. Ikkje eit problem Mykje pensum og hektiske studiedagar gjer det vanskeleg å halde tritt med lesinga. Likevel meiner lektorstudent Mathea Solheim at ho som regel stiller førebudd. – Eg prøver å få med meg alt til eksamen og leser før forelesning, seier ho. Solheim understrekar samstundes at kor mykje ho får lest ofte varierer.
– Det kjem an på kor mykje som skjer denne veka. Nokre gonger rekkjer ein meir lesing enn andre. Når det gjeld medstudentane og deira erfaring, opplev ikkje Solheim at mangel på pensumlesing er eit generelt problem. – Det handler om kor mykje tid dei har tilgjengeleg. Skrekkslagne resultat Solheim opplev ikkje at pensumlesing er eit stort problem for dagens studentar, men er bekymra for utviklinga blant elevane i grunnskulen. – PISA-resultata var skrekkslagne, fordi lesing er så utruleg viktig for utdanning. Solheim har gjennom faget «Historiedidaktikk» gått gjennom lærebøkene på ungdomsskulen fra både nyare og eldre tid. Der ser ho ei utvikling ho set spørsmålsteikn ved. – Tekstane i dei nyare bøkene verkar mykje meir forenkla i forhald til dei eldre. Det synes eg er veldig uheldig. Ho fortel at grunnskuleelevane sine dårlege leseferdigheiter er noko som snakkast om. – Me snakkar om problemet, men
eg saknar meir konkrete råd for å handtere det, seier Solheim. Drilling, pugging og øving Studieprogramleiar for grunnskulelærarutdanninga ved HVL, Bodil Kjesbo Risøy, meiner me kjem til å sjå ein positiv utvikling på PISAtestane etter kvart. Me ser framleis ikkje resultata av dei femårige grunnskulelærarutdanningane, seier ho. – Det er ei omstilling som er på veg. Eg trur at dagens studentar er betre rusta enn det dei var før. Risøy har tru på at framtidas lærarar vil klare å heve resultata. – Me har hatt fem kull lærarar med mastergrad ute, så me ser ikkje resultata av det heilt enda. Men det vil auke. Det har vore ein god heving av utdanninga. Ho trekk samstundes fram at auka bruk av skjerm og manglande utholdenheit kan vere eit problem. Ikkje alt i skulen kan vere gøy. – Eg trur me må lære borna og ungdommane våre at noko læringsarbeid kan også vere kjedeleg. Drilling, øving og pugging må inn igjen i skulen. Me må ikkje vere så redde for dei orda.
NYHEIT · 4. NOVEMBER 2026
15
Fagfolket forklarar:
Kvifor blir ein tiltrekt av konspirasjonsteoriar? TRYM LARSEN Nyhetsjournalist tlarsen@studvest.no
Professor ved Høgskulen på Vestlandet, Lennart Lorås, forklarar kva konspirasjonsteoriar er, og kva det er som gjer dei så tiltrekkande.
NATHANIEL WILLIAMS Illustratør williams@studvest.no
Eit samlingspunkt – Korleis sprer konspirasjonsteoriar seg? – Dei utvikles i samspel mellom menneske der informasjonen deles, diskuterast, bekreftast og videreutviklast. Etter kvart kan det oppstå eit fellesskap med eigne forståingar, der teorien ikkje berre blir noko gruppen trur på, men også noko dei samlast kring. Lorås meiner at sosiale medium gjer dette svært enkelt. – Menneske som elles aldri ville møtt kvarandre, kan etablere relasjonar og sterke fellesskap. Sosiale medium kan dermed både spre teoriane, skape og oppretthalde miljøa kring dei.
– Konspirasjonsteoriar kan bidra til mistillit og sterke skillnader mellom «oss og dei», seier Lorås. Når et fellesskap opplever kritikk eller sterk motstand utanfrå, kan medlemane oppleva at både dei sjølv og gruppa er under angrep. – Då kan behovet for å beskytte gruppa auke, samstundes som at samhaldet innan blir sterkare. I verste fall kan konsekvensane føre til at menneske utanfor gruppa blir oppfatta som fiendar eller truslar, forklarar Lorås. Fellesskapa som konspirasjonsmiljøa skapar kan difor fylle viktige menneskelege behov, seier professoren.
Ein fiende av gruppa – På kva slags måte er konspirasjonsteoriar farlege, og kan det vere bra på nokon måte?
Gir dei fellesskap – Kven er meir mottakeleg for konspirasjonsteoriar, og kvifor fortset mange å tro på dei, sjølv om dei har blitt motbevist?
Nyheitsspalten «Fagfolket forklarer» er ein fast spalte der Studvest spør fagpersonar om temaer som kan engasjere og interessere.
Spøkelsar, vampyrar, heksar og monstre er noko av det som tilhørar den mørke Halloween-natta. Men det er også andre ting som skremmar året rundt: nemleg konspirasjonsteoriar. På sosiale medium og i lukka miljøar finner ein alt frå fortellingar om elitar som styrer verda, skjulte planar som blir lagt i det mørke og romvesenar som allereie har ankommet planeten. For å få svar på kva konspirasjonsteoriar er, og kva som gjer dem så tiltrekkende for folk, har Studvest prata med Lennart Lorås hjå Høgskulen på Vestlandet om akkurat ditta. Forsøk på å skjule sanninga – Kva er ein konspirasjonsteori og korleis startar det? – Ein konspirasjonsteori forklarar gjerne hendingar med at noko i det skjulte samarbeida for å oppnå eit bestemt mål. Lorås skil konspirasjonsteoriar frå generell sunn skepsis. – Sunn skepsis inneber å stille kritiske spørsmål og være open for å endre meining når ein møter god dokumentasjon. I konspirasjonsmiljøa anses god dokumentasjon som eit forsøk på å skjule sanninga. Konspirasjonsteoriar kan oppstå når menneskar forsøkar å forstå noko som er komplisert, truande eller usikkert, seier professoren. – Ein forklaring deles, andre responderar, nokon element blir lagt til, og forklaringa blir gradvis bekrefta og videreutvikla. Slik kan det vekse fram ein felles forståing av både kva som har skjedd og kven ein kan stole på.
16
4. NOVEMBER 2026 · NYHEIT
– Dersom menneske over tid oppleve at rommet for dei i etablerte fellesskap blir stadig smalare, vil nokon søke tilhøyrsel andre stader, svarar Lorås. I konspirasjonsmiljøar kan dei møte menneske som lyttar, tek dei på alvor og gir dei eit fellesskap. – Menneske påverka fellesskapet, og fellesskapet påverka korleis menneske forstår seg sjølv, andre og verda kring seg, seier han. Ver kritisk til det ein trur på – Kva kan folk gjere for å bli betre til å skilje mellom truverdig informasjon og konspirasjonsteoria? – Eg tenke at det viktigaste er å vere nysgjerrig på kor informasjonen faktisk kjem frå, seier Lorås. Han meine det er viktig å stille spørsmål om kven som står bak påstanden, og kva den byggar på. – Kan ein gå tilbake til den opprinnelege kjelden og sjå kva som faktisk står der, i staden for å berre stole på korleis andre gjer att det? Det er også lurt å sjå om påstanden støttes av fleire truverdige og uavhengige kjelder. Til slutt forklarar Lorås det som er aller viktigast i møte med konspirasjonsteoriar: – Me bør vere like kritisk til informasjon som bekreftar det me allereie trur, som til informasjon me i utgangspunktet er ueinige i.
ME SPØR CHAT-GPT: (For å høyre kor nærme eller langt unna KI er fagfolket.)
– Kva er konspirasjonsteoriar, og kva gjer dei så tiltrekkande? – Konspirasjonsteoriar er forklaringar på hendingar som byggjer på at mektige personar eller grupper i løynd samarbeida for å oppnå bestemte mål. Dei kan vere tiltrekkande fordi dei gjer kompliserte og uoversiktlege hendingar enklare å forstå, og kan gi ei kjensle av kontroll, meining og fellesskap.
STUDVEST
SAIH-donasjonane har stupt med 72 prosent – peikar på UiB Tidlegare måtte studentane ved UiB aktivt takke nei til å gi pengar til SAIH. No er det motsett og donasjonane har stupt. Ønskjer ikkje bruke tvang, fortel UiB-prorektor.
SIGURD NORDHAGEN SELSJORD Nyheitsjournalist selsjord@studvest.no EMILIE HELSTRØM Nyheitsjournalist helstrom@studvest.no NORA HAUKEDAL HAMMERSTAD Illustratør hammerstad@studvest.no
– Desse bidraga er både ryggrada i oss som organisasjon, men også ein stolt tradisjon hjå studentane, fortel Henriette Reierson Johnstone, leiar i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH). I Bergen har studentane dei seinaste åra jamt over donert likt som før til organisasjonen, men med eitt unntak. Studentar ved Universitetet i Bergen (UiB) donerar 72 prosent mindre til SAIH enn for fem år sidan.
kva pengane går til, slik at studentane har lett tilgjengeleg informasjon om kva deira donasjon går til. Leiaren meiner at ein opt-out-løysing også kan gjere at fleire studentar blir merksame på SAIH. Sjølv opplever Johnstone ein tydeleg solidaritetskjensle blant studentane i Bergen. – Me ser lokal aktivisme, engasjement og tillitsvalde som bryr seg om studentar globalt.
Skuldast truleg ny betalingsløysing Johnstone trur det kjem av endringa frå ein opt-out til ein opt-in-løysing hjå UiB sin semesterregistrering. Det betyr at studentane i dag aktivt må huke av at dei ønskjer å donere, i motsetnad til tidlegare da donasjonen automatisk var vald. Ho meiner endringa har gjort det mindre sannsynleg at studentar faktisk donerer. Samstundes er det ifølgje Johnstone viktig for SAIH å spreia bodskapet om organisasjonen sitt arbeid til studentane. – Me vil jobbe med informasjon om
Endring ligg i henda til UiB Også Studentparlamentet ved UiB ønsker ei endring. – Me har vedtatt at me ønskjer opt-out-systemet tilbake, slik det var før. Bytte til opt-in-systemet har dessverre resultert i at veldig mange ikkje hukar av feltet, og donasjonane har gått ned, seier leiar for Studentparlamentet, Fillip Rønning Jakobsen. I or haust valde parlamentet å auke bidraget frå SAIH-tiarar til 50 kronar, samstundes bekrefta parlamentet at dei ønskjer ein opt-out-løysing. Men det er universitetet sjølv som
må gjere denne endringa. – Det ligg og kviler på UiB. Det er opp til institusjonen som krevjer inn innsamlingsavgifta som avgjer kva metode som skal nyttast, seier Jakobsen. Har vore for dårlege til å nå ut Lokallagleiar i SAIH Bergen, Kawther Adel Alshagrouni, trur ikkje SAIH har vore gode nok til å formidle sitt arbeid. – Det er ikke studentane sin solidaritet det er noko i vegen med. Me må heller finne nye veger for å nå dei, meiner Alshagrouni. Leiaren trur også nedgangen skuldast ei overvekt av utvekslingsstudentar hjå lokallaget. – Eg trur mykje handlar om at stemma vår i hovudsak går ut til internasjonale. Alshagrouni meiner dei har vore for dårlege til å informere om kva studentane sine donasjonar går til, og kva organisasjonen konkret jobbar for. – Me forstår at studentar har ein hektisk kvardag og ønskjer ikkje å presse nokon til å bidra, me kan heller ikkje tvinge dei, men me kan gjere dei bevisste på vårt arbeid, seier ho. Til tross for den negative trenden, meiner leiaren at dei har ein god plan vidare. – Det viktigaste me kan gjere som lokallag er å finne måtar å sprei bodskapet til SAIH på ein best mogleg måte. Ifølgje Alshagrouni betyr dette å satse meir på sosiale medium, arrangement og panelsamtalar enn tidligare.
STOLT: — Bidraga er en stolt tradisjon hjå studentane, fortel leiar i SAIH, Henriette Reierson Johnstone. FOTO: SAIH
Ønskjer ikkje å bruke tvang Prorektor for utdanning ved UiB, Sigrunn Eliassen, forklarer at universitetet tok i bruk den nye betalingsløysinga i 2020. Løysinga vart innført for å gjere det enklare å betale med kort og Vipps. – Samstundes ble måten bidrag til SAIH handterast på endra, seier prorektoren. – Me ser at færre studentar gir bidrag til SAIH etter innføringa av den nye betalingsløysinga. Dette vil nok kunne føre til lågare oppslutnad, særleg om studentane ikkje kjenner til SAIH sitt arbeid. Tidlegare låg SAIH-bidraga forhandsvald og studentane måtte sjølv aktivt velje dette bort. I dagens løysing er det motsett, ifølgje Eliassen, ønskjer ikkje universitetet å tvinge studentane til å donere. – Prinsipielt meiner me det er vanskeleg å krevje at studentar aktivt må velje bort å donere pengar til SAIH eller andre organisasjonar. Gjennom betalingsløysinga er det likevel enkelt å gje ein slik donasjon, seier Eliassen.
NEDGANG: UiB-studentane sine donasjonar til SAIH er meir enn halvert sidan 2021.
STUDVEST
KULTUR · 4. NOVEMBER 2026
17
Starta å rappe på eit «skam-kaldt» loft Oppdraga har byrja å tikke inn for rappkollektivet FOB. Seks unge bergensarar har funne sin eigen plass i byen sin rapundergrunn, utan å ta seg sjølve altfor høgtideleg. – Vi er ikkje AC/DC liksom, vi må kule oss ned.
EMILIE HELSTRØM Kulturjournalist helstrom@studvest.no ANDERS RØYSSET Fotojournalist roysset@studvest.no
Det brygger i Bergen sin musikalske undergrunn om dagen. Dei tre bokstavane FOB har allereie sirkulert i byens gatar det siste året, og dukker stadig oftare opp på byens konsertplakater. Med sine seks medlemmar, alle under 22 år, har rappkollektivet allereie rokke å gi ut både éin EP og to album. No avslører dei at enno ein utgiving står for tur. Tre menn på plass, nesten på tida Ein haustleg fredagskveld ved Skansedammen har eit av medlemma, Brage Rane, allereie funne seg til rette på ein benk, presist til avtalt tidspunkt. Dei to andre lar vente på seg, før dei omsider kjem susande på kvar sin leide el-sparkesykkel. Ein av dei er Julian Minck, med artistnavnet Minck, han er nærmast omfavna av eit fargerikt Acne-skjerf frå topp til tå – medan ein nystekt Grandiosa balanserer leiken i handa. Julian Minck er tydeleg på kva som definerer gutane: – Vi er seks stykk som liker å lage rapp-musikk saman, liker å ha det gøy saman, liker å spele konsert saman, alt saman.
Akkurat kva FOB, dette noko anonyme namnet eigentleg betyr, kjem vi tilbake til. Frå gutterommet til scenen Fleire av gutane har kjend kvarandre sidan barne- og ungdomsskulen, men det var ikkje før på vidaregåande at FOB ble til. Rappkollektivet består av seks medlemmer med kvar sine artistnamn: Macho (Kaj Gripsrud Hjelmeland), Minck (Julian Minck), Rane (Brage Rane), Gødd (Gard Trygve Johannessen-Leknes), Nilly (Nils Laurits Mølster Lundefaret) og Noa Løvik. Gruppa vart starta av Macho (Hjelmeland), som har drive med musikk heilt sidan barndommen. Etter kvart byrja guttane å eksperimentere med musikk saman, men mest for moro skuld. – Vi byrja berre å lage litt saman for gøy. Det hørtes betre og betre ut, så vi spurde kvarandre: «Vi skulle ikkje berre sleppe noko av det?», fortel Minck. Det som starta som ein mikstape dei lagde saman, resulterte i EP-en «FOB TAPE». Med seks medlemmar som alle ønskjer å bidra kreativt, burde arbeidsfordelinga krevje ein viss struktur. – Vi hadde faktisk møte om det i dag, innrømmer Rane. Ifølgje han er det ingen fast struktur, men heller at nokon tek initiativ også jobbar gutane ut frå det. – Det blir ofte at det er to av oss som har tid, så da blir det fort dei to som ferdigstiller låta for eksempel. Neste gong får dei som ikkje fekk vere med på sist låt, vere med på neste, forklarar Rane.
FOB!: Artistene set pris på gruppenavnets tvitydigheit.
18
4. NOVEMBER 2026 · KULTUR
STUDVEST
– Alle bidreg like mykje, skyt Johannessen-Leknes inn. Låtane starter ofte som små skisser og idéar som delast med resten av kollektivet. Derfrå bygger dei vidare på kvarandre sine innspill, og dersom ein idé ikkje fører fram, er det som regel nokon andre som har noko nytt å kome med. Ofte spelar gutane inn på studioet på Verftet, men dei har også brukt mykje tid på loftet i barndomsheimen. – Det er «skam-kaldt» der oppe, det er ganske brutalt eigentleg. Men det er ein del av sjarmen også, seier Johannessen-Leknes. Musikken er meir enn berre bars I eit innlegg på Bergen Cookout sin Instagram blei gutta i FOB presentert som «Fitterik og Blessed», men det viser seg at tvitydigheita er ein del av appellen. – Det er litt kult at ingen veit, eller folk veit – om du veit, så veit du, seier Rane. – Vi har eit album som heiter «Fuck Opp Bergen», så der har du det. Vi ville jo at det skulle vere noko ein kunne tolke. Det er gøy at folk har hatt forskjellege teoriar, legg han til. Namnet er berre ein dimensjon til FOB, det som verkeleg skil dei frå andre rapkollektiv er ifølgje Rane, det
melodiske uttrykke deira. – Klart vi rappar, men det er ikkje alltid vi har dei sjukaste «barsene». Det er det eg synest er fett med oss då, produksjonen er det vi fokuser mest på, seier han. – Høyrer du til dømes på House eller Dance, er det jo gjerne ein enkelt setning som går igjen og igjen. Ingen høyrer på dei sangane fordi dei tenker sann «fy faen, dette er bra skrevet». Dei høyrer på det fordi sjølve melodien og produksjonen er bra, fortsett Johannessen-Leknes. For FOB er det viktigaste å skape ein lyd som tre publikum. Det er særleg på scena dei ønskjer at energien skal kome til uttrykk. – Det er den komboen av god melodi og rapp vi er ute etter, seier Rane. – Vi har sjølvsagt nokon songer som e meir lyriske også som «Skarrar» blant anna. Men vi liker for det meste å lage litt meir melodisk. – Kjærleik, visar kjærleik FOB har blant anna hatt utsolgt debutkonsert på Cornerteateret, framført på Verftet heile tre gonger, og befant seg på lineupen til Vill Vill Vest ior. Responsen frå publikum har imidlertid vore noko blanda.
– Nokon synest det ser litt sølete ut, seier Johannessen-Leknes og flirar. Han legg ikkje skjul på at konsertane kan vere nokså uorganiserte, men mener samstundes at det er sjarmen med kollektivet. – Enten synest du det er fett, eller så synest du det ser dumt ut. Det er liksom ikkje vårt ansvar, fortset han. Med siste bit av «grandisen» innanbords, skyter Minck inn at dei som først lar seg begeistre verkeleg viser det. – Dei som viser kjærleik, viser veldig mykje kjærleik, seier han. Men det er ikkje berre på sjølve scena at gutane treng ein smule finpuss. Også backstage har gutane eit og anna å ta tak i. – Burde roe ned litt på pilsen, det er unlimited med pils backstage, fortel Rane. Gutane kan kjenne på nerver før konsert, ifølgje Rane, må dei då fyre seg opp før konserten. – Eg har to gigs som eg ikkje huskar eingong, og det er eigentleg ganske trist. – Vi er ikkje AC/DC liksom, vi må kule oss ned, seier Minck frå sida.
Held neste album hemmeleg Gutane avslører at dei har eit nytt album på veg, men for augeblinken er detaljane hemmelege. – Vi kan ikkje seie så mykje om det, men det blir bra, seier Minck. Med seks ulike timeplanar som skal gå opp, er det nærliggande å spør kva framtida vil bringe for gutane i FOB. Johannessen-Leknes seier han ikkje bruker særleg mykje tid på å tenke over kva som ventar dei. – Det er berre fett om det skjer noko, seier han. Minck deler denne avslappande innstillinga, men legg ikkje skjul på at dei gjerne skulle hatt meir tid til musikkarriera. Det er mange idéer dei ønskjer å bygge på, men som ikkje alltid lar seg gjennomføre ved sida av jobb og studie. – Om det går der ein vil det skal gå, så skjer det berre, meiner Minck.
LABERT OPPMØTE: Tre av seks, og minst like mange uttrykk. FOB-gutane samla over Bergen hustak.
STUDVEST
KULTUR · 4. NOVEMBER 2026
19
Derfor vel dei å stå på bana SIGRID NITTER LØKSTAD Kulturjournalist lokstad@studvest.no
HEDDA SKJØTSKIFT JOHANNESEN Fotojournalist johannesen@studvest.no
Bybanen i Bergen hadde 22,6 millionar påstigningar ior, i 2024 var det fleire alvorlege ulykkar enn nokon gong. Dette vekket eit stort spørsmål hjå underteknade. Kvifor er det så mange studentar som ikkje sit på bana, sjølv om det er tryggast? Ein av desse ståarane er Eirik Støre – medan bana køyrer forbi Florida forklarar han kvifor han vel å stå. – Eg skal ikkje så langt, så da set eg meg ikkje, fortel han i ein merkverdig tom bane. Ifølgje ein professor i psykologi er det ikkje rart at Støre gjer som han gjer. Meir om det kjem seinare.
Gutane føler det er tryggare å stå på bana kontra til dømes ein buss, som dei meiner er meir «farleg». – Banen går jo på skinner, så det er ikkje så stor fare for kollisjon. Den einaste reelle utfordringa ville vore dersom det kom noko i spora, meiner Støre. Ifølgje Bybanen sin sikkerheitsstatistikk for 2024 registrerte selskapet 23 hendingar. Dette inkluderte 17 samanstøyt med mellom anna køyretøy og gjenstandar. Personskader hjå passasjerar gjaldt 2 av hendingane. Svara frå gutane var som venta, men me gjer eit nytt forsøk på å finne eit anna syn på fenomenet. Ut med gutane, inn med det kvinnelege perspektivet. På Kronstad står Signe Brodland og Thea Eilertsen medan dei venter på ein annan bane. I likhet med gutane tek dei bybana kver dag, men desse jentene er ikkje samd med kvarandre. – Eg står alltid, for eg synest det er litt skittent, seier Brodland. Tross dei moglege bakteriane står veninna Eilertsen fast ved at ho sit så lenge det er mogleg. Men ho har låg terskel for å reise seg, til dømes for dei eldre. – Eg har eigentleg ikkje behov for å sitje, men eg føler meg meir stødig, og det
Studentane er usamde Saman med Støre står kompisane Oskar Johansen og Jonas Køben. Dei er godt kjend med bana dei tek kvar einaste dag – nesten alltid ståande. – Det er ofte ganske fullt, forklarer Johansen. Kompisgjengen observerar, på lik linje med denne journalisten, at studentar gjerne vel å stå sjølv om det er ledig plass. Årsaka trur dei kan vere at mange berre tek korte turar. – Det er jo ikkje så langt mellom stoppa, og da er det ikkje sikkert folk orkar å leite etter plass å sitje, seier Johansen.
ANNY HELEN SKIBENES BIRKELID Fotojournalist birkelid@studvest.no
DAGLEG BRUKAR: Oskar Johannesen tek bybanen kvar dag.
er meir komfortabelt. I tillegg blir det fort trangt i midtgangen dersom alle skal stå, seier ho. – Det er jo mindre forsvarleg å stå. Du utgjer også større skade dersom uhellet er ute og du dett frå ståande posisjon enn om du tipper over når du sit, forklarer Eilertsen. Ønskjer at fleire sit Pressekontakt Ingrid Dreyer i Skyss fortel at det er tryggast å sitje. Presis som Eilertsens beskrivelse fortel Dreyer at du har betre balanse når du sit, skulle det skje ei ulykke. – I tillegg er det meir praktisk fordi midtgangen blir mindre full, og folk kan kome seg forbi fortare for raskare av- og påstigning. Dei tidlegare bannera om «snylteagurkar» er no teke bort. I staden har bana no oppfordringar om å sitje på infoskjermane.W – Me håper dette blir lest slik at folk tar det til seg, og at det over tid kan føre til ei forståing av at dette er viktig, seier Dreyer. Ikkje glad i sosial samhandling Denne journalisten sin redaktør er ikkje
nøgd. Saka manglar enda eit perspektiv. Me treng ein ekspertkjelde. Professor i psykologi ved Universitetet i Bergen, Rouven Doran, er noko overraska over at me tek kontakt. Professoren opplev ikkje sjølv dette som eit problem. Men dette stopper han ikkje frå å reflektere kring fenomenet. Han trur ein av faktorane er kjensla av trengsel. – Det kan oppfattast som for nært å sitje ved sida av andre, noko som kan vere ubehageleg. Derfor kan fleire velje å stå i staden for å sitje, fortel han Professoren meiner folk har eit behov for kontroll over korleis dei samhandler med andre menneske. – Det er lettare å distansere seg frå andre dersom ein står, seier han. Å stå på korte distanser forklarar professoren som personlege preferansar, eit behov for kontroll, og ifølgje Doran «unngår å bli konfrontert med sosial interaksjon». Samstundes viser han til forsking som fortel at nordmenn ikkje er noko annleis når det kjem til sosial interaksjon. Svaret er derfor noko opent. – Sit du på bana? – Ja, eg sett meg alltid ved første moglegheit, fortel han.
OPPLEVD TRENGSEL: Rouven Doran, mener folk opplev trengsel på bybanen og at dei derfor unngår å sitje.
20
4. NOVEMBER 2026 · KULTUR
STUDVEST
Kan KI bli din nye bestevenn? MIRA MUNTHEKAAS Fast spaltist kaas@studvest.no
Kunstig intelligens har et nakent, nøytralt blikk – helt enkelt, den kjenner deg ikke. Datamaskinen gir raske og eektivte svar, men bør man tro på den, spør psykologene. La oss begynne med fordelene. Det skal ikke mye til for å åpne nettleseren til KI-chatbots som ChatGPT og Gemini. Her finnes det en samtalepartner som sender deg hjerter og oppmuntrende ord. Noen ganger bruker den til og med navnet ditt, før den oppsummerer alle grunnene til at du ikke skal være så streng mot deg selv.
Tankespinn Mira Munthe-Kaas og Simon Hole er psykologistudenter og vil lære bort det de kan om psykisk helse. I denne spalten kan du lese om hvordan vi som unge voksne forholder oss til egen og andres psykiske helse. Send spørsmål, ris eller ros til: kaas@studvest.no og hole@studvest.no.
Den har en kasse full av verktøy og refleksjoner, og har tilgang til informasjon fra hele internettet.
Du har mest sannsynlig pratet litt, mye eller veldig mye med KI i løpet av de par siste årene. Ekspertene fra Silicon Valley beskriver KI som et svært kraftig verktøy som kan endre hele verden, samtidig som denne endringen kan resultere i utsletting av menneskeheten.
Den er alltid villig til å hjelpe deg med å sortere tankene. Den himler ikke med øynene, og avbryter deg aldri. Den er uendelig lyttende og stiller deg godt formulerte oppfølgingsspørsmål. KI har samtidig et nakent blikk på deg og din situasjon. Ingen forutinntatte fordommer eller sterke meninger. Den projiserer ikke sine egne problemer over på deg, men dette kan gi en falsk trygghet. Den aner ikke hvem du er. Samtidig er KI ganske anonymt, men det er usikkert i hvilken grad.
Absurd? Ja. Skepsisen skyter i været, parallelt med bruken. Mange tyr til verktøyet for å formulere seg både akademisk, på datingapper og i e-poster til sjefen. Andre bruker KI for å lufte tankene sine, og få emosjonell støtte. Noen bruker KI nærmest hele tiden. Også er det dem som skvetter til og rister på hodet i det du nevner at du har brukt KI for å språkvaske en oppgave.
På tross av begrenset forskning innenfor feltet, har studier funnet at flere opplever KI for emosjonell støtte som positivt og hjelpsomt. Bør vi ikke kalle en spade for en spade? Dersom noe oppleves som hjelpsomt er det vel det? I så fall er det mye som tyder på at KI kan hjelpe deg med å sette ord på kompliserte tanker og følelser, og få deg til å føle deg bedre.
Hvem er du? Det er flere og flere unge som bruker KI for å diskutere egen psykisk helse. Ettersom KI er tilgjengelig 24/7 med grenseløs informasjon og en god dose emosjonell tilpasningsdyktighet (aka. en såkalt empathy slut), er det forståelig at flere tyr til verktøyet for mental støtte.
ILLUSTRASJON: Johanne Branting Haugseng
Det befinner seg naturligvis ulemper og fordeler ved et slikt bruk. Vi i Tankespinn anerkjenner at samtaler med KI har blitt en del av hverdagen for mange. Vi ønsker derfor å vise til noen fordeler og ulemper, heller enn å demonisere all bruk. Slik får du vurdere KI-bruken selv.
STUDVEST
PSYKOLOGISPALTA · 4. NOVEMBER 2026
21
Vaks opp med gitar kring bålet: No rappar han om mørket JOHS REE GIÆVER Kulturjournalist giæver@studvest.no AGNES MARIE SKILLEÅS Fotojournalist skilleaas@studvest.no
Sjølv fortel rapparen at han er lei av å høyre om seg sjølv. – Etter kvart blir ein meir interessert i verda kring seg og mindre opptatt av sitt eiget sinn. Bergensmusikar Jørgen Engebret (27), slapp debutalbumet «Vi gale har rett» i oktober. Langs bryggekanten på USF Verftet, der han har brukt talllause timar i studio, mimrar han tilbake til der alt starta. Litteratur, heimbyen og det indre, påverkar og inspirerar han til å lage den mørke, introspektive kunsten hans. Frå saksofon til rappar Da han var barn spelte Engebret saksofon. Seinare skulle han byrje å spele elgitar og lage rappmusikk. Musikken han lagar i dag er ein kombinasjon av bergensk indie, post-punk og shoegaze. Etter å ha oppheldt seg ein månad på Madagaskar for eit par år sidan byrja han å tvile på om det var rapp han eigentleg skulle lage.
22
4. NOVEMBER 2026 · KULTUR
EIT LIV: Engelbret reflekterar over musikk og karriere.
STUDVEST
– Eg likte godt å sitje i studio, men ikkje å spele konsertar. Eg følte meg ikkje så jævlig kul, så eg var eigentleg litt ferdig med rappen. Eg føler kven som helst kan vere ein indierocker. Engebret ønskjer ikkje å låse seg til éin sjanger, men musikken hans er framleis prega av rapp. Melodiane han er glad i, spelar på lag med vokalen hans. Oppfostra på bergensk musikk Engebret har vore omgitt av musikk heile livet, men den største inspirasjonen kjem frå heimbyen. – Kva var det som vekka din interesse for musikk? – Eg har alltid vore veldig glad i musikk og vaks opp i ein familie med mye «raddisar» og kunstnarar. Folk som liker å synge og spele gitar kring bålet, seier han. – Kva artist er din største musikalske inspirasjon? – Det tror eg er Fjorden Baby. Eg har blitt oppfostra på bergensk musikk. Engebret beskriv musikken sin som svart-kvitt, mørk og industriell, og at miljøet på Verftet har vore ein viktig del av dette bilete.
MUSIKK-FAMILIE: Gjennom barndomen har musikk vore eit sentralt element for Engebret.
Ei utforsking av det indre Med ein mastergrad i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen, har litteraturen set sitt preg på musikken hans. Romanen «Inferno» av August Strindberg har vore med på å inspirere debutalbumet. Boken handlar om ein mann som forlet familien sin og vandrar kring i byen og irriterer seg over sine eigne tankar. – Eg prøver å skape eit paranoid og overtenkjande narrativ. Som om eg har
gått inn i ytterkanten av psyken og prøvd å grave litt der. Tekstane spring ut frå hans eigne tankar, men han forventar ikkje at publikum skal tolke dei på same måte som han sjølv. Han forklarar at låten «Tenker som deg», vil kanskje dei fleste oppfatta som ein kjærleiksong, men ifølgje Engebret, handlar den eigentleg om han sjølv. Samstundes har han ikkje berre lyst til å lage songar som ser innover.
– No er eg ganske lei av å høyre meg sjølv snakke om kva som skjer i mitt eige hovud. Etter kvart blir ein meir interessert i verda kring seg og mindre opptatt av sitt eiget sinn. Denne nye interessa Engebret siktar til er forfattaren Tolstoj som han meiner har eit breiare perspektiv. – Det er fordi Dostojevskij beskriv det indre, medan Tolstoj beskriv verdsbilete, meiner rapparen.
INSPIRERT AV EIGE LIV: Jørgen Engebret fortel at han tek inspirasjon frå sitt eige liv, og graver i ytterkanten av sin eigen psyke.
STUDVEST
KULTUR · 4. NOVEMBER 2026
23
Sterk og unik lesaroppleving Romanen «Jeg kommer hjem!» har fleire spennande og mystiske grep. Da siste side vart lest, ønskja eg å vite enda meir.
MARIE NESHAVN HØIE Kulturjournalist hoie@studvest.no
Det er ikkje lett å vite kor ein høyrer heime dersom ein har flykta frå heimlandet sitt. I alle fall ikkje om ein ikkje veit når ein kjem heim att eller om ein kjem heim i det heile tatt. Dette er det avgjerande temaet Maria Navarro Skaranger skildrar i sin nyaste roman, «Jeg kommer hjem!». Debut-romanen hennar «Alle utlendinger har lukka gardiner», skildrar fleire av dei same tema, men hennar nye roman er meir vaksen og gjennomført. Det er tydeleg at dette er eit tema som står forfattaren nær. Ein flykning kjem til Noreg Romanen startar ikkje med boken sin hovudperson «Pablo», men med ein skildring av livet til far hans. Han er flyktning frå Chile, og har forlate familien i heimlandet. Flukten skal ta han til Noreg kor han lagar sitt nye liv, eller rettare sagt, fleire nye liv. Faren lev eit dobbeltliv og er prega av ei rastløyse. Sonen hans Pablo tek desse raustlause eigenskapane vidare når han sjølv blir far. Saman med Em har dei to barnet Liam. Det skulle vise seg at også Em skulle bli aleine med ansvaret. Familierelasjonar er eit sentralt tema i boka, spesielt dei av den kompliserte typen. Likt som sin eigen far slit Pablo med å ta vare på relasjonane i livet sitt. Det skulle vise seg å vere eit generasjonelt traume. Det er sterkt å lese om Pablo sin mangel på tilhøyrsel. Han heng ikkje med når faren snakkar spansk med slektningar på telefonen, og han lyg til andre om at han
har vore i Chile. Når Pablo seinare blir far sjølv, slit han med den same passiviteten som far sin, og han slit med å vere til stades for sin eigen son. Kjem ikkje heilt tett på karakterane Romanen har ein forteljarstemme som verkar mystisk og allvitande. Korleis kan forteljaren vite kva far til Pablo drøymde da han satt på bussen på veg til familien sin i Chile? Forteljinga er tidvis repetitiv, men det kompenserast med den engasjerande måten ho blir fortald på. Lange setningar kombinert med febrilske innskott og hyppig bruk av teiknsetjing funkar som ein drivkraft gjennom boka, og får fram ein desperasjon og iver hjå lesaren. Desse innskotta frå forteljaren skapar eit spennande meta-element kor ein bli «kasta ut» av forteljinga av ein anekdote eller tanke. Måten fortjelinga blir fortald setter nokon grenser for kor tett ein kjem inn på karakterane. Dette fører til at dei tidvis opplevast kjedelege og todimensjonale. Mystikken kring forteljarrøysta blir etter kvart løyst, men nysgjerrigheita kring relasjonen er framleis til stades. Det er noko mystisk over romanen som gjer at ein ikkje føler seg heilt ferdig med boka etter siste side. Eg sitt att med ein delvis tilfredsstilla nysgjerrigheit, men også ei lyst til å vite meir.
«Jeg kommer hjem» Av Maria Navarro Skaranger Roman, Forlaget Oktober Utgjeve: 16. oktober
Karakter: B FOTO: Forlaget Oktober
24
4. NOVEMBER 2026 · KULTUR
STUDVEST
* Ti for seg Tje
Studenttilbud! Les Vårt Land digitalt gjennom hele studietiden
3 år for 100 kr Scan qr-koden eller finn oss på Studentkortet.no
* Tilbudet er kun tilgjengelig for studenter som har registrert seg på Studentkortet.no. Tjenesten er gratis.
Halvparten av studentane har opplevd det:
Dette er «MAN FLU»
HAUSTEN HAR KOME: Under det grøne teppet forsøker Alvin Svartz å førebu seg mot den komande «man flu»-sesongen.
Ein ekspert uttrykkjer skepsis til at sjukdomen er eit faktisk medisinsk fenomen. – Meir aksept for at kvinner blir sjuke, meiner ein svenske som er råka. JOHANNE TUFTO Kulturjournalist jtufto@studvest.no
MARIE NESHAVN HØIE Kulturjournalist hoie@studvest.no
ANDERS RØYSSET Fotojournalist roysset@studvest.no
26
Hausten er storsesong for forkjøling og influensa, men ikkje minst for fenomenet «man flu». Omgrepet blir ofte brukt humoristisk for å gjere narr av gutar og menn som overdriv sjukdom. Men stemmer det at menn og forkjøling er ein dårleg kombo? For å finne ut av dette har Studvest gjennomført ei undersøking blant studentar på Universitetet i Bergen (UiB) og Norges Handelshøyskole (NHH). Heile 67,3 prosent av menn i
4. NOVEMBER 2026 · KULTUR
undersøkinga fortel at dei har opplevd «man flu». 28,9 prosent svarte at dei har opplevd det i «høg grad».
menn å sjukemelde seg enn det gjer for kvinner, til tross for at samfunnet elles har kome langt når det gjeld likestilling.
Blir gutane tekne på alvor? Ein mann som føler seg råka av «man flu» er utvekslingsstudenten Albin Svartz. Med andre ord kjenner han seg hardare råka av influensa fordi han er mann. Ifølgje svensken er sjukdom hjå menn underkommunisert. – Det finst kanskje ein meir generell aksept for at jenter oftare blir sjuke, seier han. Svartz meiner latterleggjeringa av «man flu» er eit symptom på gamaldagse kjønnsrollar, der sjukdomen til menn ikkje blir tatt alvorleg. Kvinner har toppa sjukefråværsstatistikken så lenge Statistisk Sentralbyrå har gjort målingar om temaet. I gjennomsnitt var sjukefråværet blant kvinner 8,3 prosent i 2025, for menn var talet 5 prosent. Svartz meiner at det sit lenger inne for
«Skjerp deg» For å illustrere poenget, viser Svartz til reaksjonane gutar og jenter møter når dei har hovudverk. Ifølgje Svartz blir jenter med hovudverk møtt med sympati, medan gutar heller blir fortald at dei skal skjerpe seg. – Eg trur at lista ligg høgare for menn over kor sjuk ein eigentleg må vere for å bli rekna som nettopp sjuk, seier svensken. Svartz trur både menn og kvinner bidreg til å halde ulikskapane i live. Svensken legg også noko av skulda på menn, og opplevar at menn gjerne pressar ned både eigne, men også andre menn sin psykiske helse. Tal frå undersøkinga viser at 88,3 prosent av kvinnene som svarte, meiner at menn reagerer kraftigare på sjukdom. Ifølgje undersøkinga meiner altså fleire kvinner at menn har «man flu», enn menn gjer sjølv.
STUDVEST
– Større rom for menn å syta Ei kvinneleg respondent frå undersøkinga trekkjer også fram denne dimensjonen mellom kjønnsroller og sjukdom. Ho skriv at kvinner kanskje har høgare smerteterskel, og er meir vande med å måtte skjule smertene sine enn gutar. Ho trur det er på grunn av mensen. Ei metaanalyse frå Norsk Helseinformatikk har derimot vist at kvinner har lågare smerteterskel enn menn, som kan grunngjes med at sentralsystemet til kvinner oftare er mindre eektivt i å hemme smerte. Ei anna kvinneleg respondent i undersøkinga meiner det er større rom for menn å syta. Respondenten skriv som eit svar at «menn har mange privilegium og derfor må dei finne noko anna å klage på». Er «man flu» ekte? André Sulen, forskar i immunologi ved UiB, er skeptisk til «man flu» som eit medisinsk fenomen. Han er derimot klar på at det finst forskjellar mellom menn og kvinner sine immunsystem. – Ein seier gjerne at immunsystemet til kvinner kanskje er litt betre til å motverke ein infeksjon, fortel Sulen til Studvest. Sulen trur dette delvis skuldast kjønnshormon. Forskaren forklarer at kvinner produserer meir østrogen, noko som bidreg til at immuncellene reagerer kraftigare på infeksjonar. Testosteron, som menn har betydeleg meir av, dempar denne reaksjonen. Difor kan kvinner i nokre tilfelle bli raskare friske av influensa.
«Man flu»-gåta Viss forskjellane er så små, kvifor meiner over halvparten av mennene og nesten 90 prosent av kvinnene i undersøkinga at menn har «man flu»? Sulen trur at menn ikkje er like vande med symptoma. – Sidan immunresponsen til menn er meir dempa, opplever dei sjeldnare influensasymptom som feber. Når menn først får feber, kan dei reagere med «wow, dette var jo heilt vanvettig», fortel forskaren. Men Sulen presiserer at dette berre er ein hypotese. Dersom hypotesen stemmer kan det forklare kvifor menn får ein meir dramatisk reaksjon på influensa enn kvinner, og kvifor ein så stor andel av respondentane kjenner seg igjen i «man flu».
Slik gjennomførte vi undersøkinga: I arbeidet med denne artikkelen gjennomførte vi ei undersøking om forhaldet studentar har til fenomenet «man flu» og opplevinga av sitt eige immunforsvar. Svara vart samla inn gjennom besøk i førelesningar ved UiB og NHH, og totalt 174 studentar deltok. Svara er ikkje representative for alle studentar, men kan gi ein indikasjon på haldningar kring «man flu» som fenomen. Av dei 174 studentane som deltok i undersøkinga, var 151 av dei frå UiB, og 23 av frå NHH.
BARNDOM: Svartz samanliknar hovudverk hjå jenter og gutar, han meiner gutane berre blir fortald at dei må skjerpe seg.
LIGG I HISTORIA: Svartz trur det er historiske årsakar som gjer at sjukdom hjå menn blir tatt mindre alvorleg enn hjå kvinner.
STUDVEST
KULTUR · 4. NOVEMBER 2026
27
Slik blir ein god på kunst Ein kunstutstilling er likt som å gå på kino, meiner kuratorane. Dei fortel at det er lov å ikkje like det ein ser, men at ein framleis kan lære noka om verda ein ikkje visste frå før.
HALDIS FURUHOVDE Kulturjournalist furuhovde@studvest.no HEDDA SKJØFTSKIFT JOHANNESEN Fotojournalist johannesen@studvest.no LARS ELIAS BRATLAND HELLMAN Fotojournalist hellman@studvest.no SET I KONTEKST: Silja Leifsdottir og Kjersti Solbakken fortel at alle dei gamle kunstnarne dreiv ein gong med samtidskunst.
Fram til neste år viser Bergen Kunsthall utstillingane «Dirt in the Shape of You» og «A Proposal on How to Mend a Broken Line». Men kva skal studentar eigentleg få ut av kunst i dag? Kuratorane Silja Leifsdottir og Kjersti Solbakken, som også er direktør i Bergen Kunsthall, meiner dei har svaret. – Å dra på ei utstilling er ein måte å tileigne seg kunnskap om mykje viktig historie, men du får det presentert gjennom ei linse som er heilt unik, fortel Leifsdottir. – Munch var også samtidskunst Ifølgje Solbakken er kunstutstillingar ein oppleving på lik linje med å gå på kino eller konsert – det er heilt greit å like eller mislike det. Kuratorane meiner samtidskunst ikkje er noko ein skal vere redd for å ikkje forstå. – Alt det ein ser i eit museum har vore samtidskunst ein gong, så sjølv om det kan verke som ein rar sjanger har alt vore utfordrande i si tid, forklarar Solbakken. – Munch var også samtidskunst, legg Leifsdottir til frå sida. – Me er opptekne av at utstillingane
er noko me må ta vare på, særleg med tanke på KI og alt det digitale som skjer. Samstundes skal me verne om denne opplevinga ein kan ha saman med andre og som ikkje lar seg oppleve på Instagram, fortel Leifsdottir. Utstillinga «Dirt in the Shape of You» har vore på turné i fleire europeiske land, men her i Bergen blir det vist verk som aldri før har vore stilt ut. Dette gjeld verka av folie og maling på veggane, som er skapa av den sørkoreanske kunstnaren Sun Hwan Kim spesielt for utstillinga. – Så når utstillinga er over, da sluttar dei å eksistere? – Ja, det stemmer. Da tar me ned verka og kastar dei, seier Leifsdottir – Nokon av verka i denne utstillinga vil ein kun oppleve i denne forma, i dette rommet, og ingen andre plassar, fortel Solbakken. Leiker med blindsoner «Dirt in the Shape of You» er prega av personlege minne, folketradisjonar, mytar og historier som blir fletta saman. Leifsdottir forklarar at kunstnaren sjølv, bruker ordet «blindsone» for å
UTSTILLINGAR: – Ein kan lage fantastiske utstillingar på fem kvadrat, seier Solbakken.
28
4. NOVEMBER 2026 · KULTUR
STUDVEST
beskrive arbeidet sitt. – Han liker å jobbe der blindsonene møtast, og der to perspektiv ingen andre har sett på før møtast. Han leitar etter historier som kanskje ingen andre har snakka om før. Kjersti Solbakken har samen med Silja Leifsdottir kuratert «A Proposal on How to Mend a Broken Line» av Olof Marsja, ein samisk kunstnar frå svensk side av Sápmi. Kuratorane forklarar at utstillinga tek for seg intergenerasjonelle spørsmål og korleis ein skal finne sin identitet i det tradisjonelle. Samstundes kritiserer Marsja forhaldet me har til naturen i dag. – Han har ein fantastisk leikent, men også alvorleg tilnærming til desse spørsmåla, legg Solbakken til.
En beskjed til de unge Leifsdottir og Solbakken opplev at å kuratere er kreativt, lærerikt og sosialt. Begge kuratorane har bakgrunn frå små, kunstnardrevne galleri. Solbakken seier at storleiken på eit galleri eller ei utstilling, ikkje har noko å sei for kvaliteten på utstillinga. – Ein kan lage fantastiske utstillingar på fem kvadrat, meiner ho. For kuratorane er det derfor spennan de å sjå korleis kunsten blir motteke når han blir flytta frå det lukka ateliere og ut i det oentlege rommet.
UNIKT: Nokon av desse kunstverka kan kun opplevast medan utstillinga er oppsett på Bergen Kunsthall.
STUDVEST
KULTUR · 4. NOVEMBER 2026
29
Vald som løysning: – All skaden er eit resultat av kva staten har gjort SOLVEIG TUFTO Kulturjournalist stufto@studvest.no
FRANKRIKE, CAEN/PARIS: Franskmenn er sinte, og studentane er intet unntak. Studvest sin utanriksredaksjon har teke tempen på korleis studentane har det i Paris, der tåregass, trong økonomi og veksande matkøer pregar kvardagen. – Det er ein fattigdomskrise, og vi blir fortalt at vi skal sjå vekk. Men vi ser det, og vi kjempar mot det. Dette seier jusstudent Hugo. Han står saman med ein gjeng studentar som har samla seg utanfor Sorbonne-universitetet i Paris. Dørene bak dei er blokkert av søppelspann og syklar. Midt mellom majestetiske bygningar og fotoglade turistar her på Place du Panthéon, planlegg dei sine neste steg i dei pågåande demonstrasjonane.
– Vi er her først og fremst i solidaritet med skuleelevane, men vi kjemper også for studentane, seier ein av dei andre studentane. Dei meiner blant anna at dei stigande prisane rammar studentane særleg hardt. – Nokon av oss slit med å betale leige for å få bu i byen og gå på universitetet. Studentane ønskjer ikkje å ga ut med bilete og etternamn i denne artikkelen på bakgrunn av konsekvensar som kan oppstå av artikkelen. Studvest er kjent med identiteten deira.
KAOS: Øydeleggelsar frå demonstrasjonane kan bli sett over alt i Paris. FOTO: Solveig Tufto
Tåregass og arrestar Det som byrja som fredelege lærar- og elevstreikar, har eskalert til eit nasjonalt opprøyr der kampsakane spreier seg frå utdanning til generell regjeringsmotstand. Fleire stader har demonstrasjonane enda i valdelege samanstøyt og øydeleggelsar. Fleire av Sorbonne-studentane meiner valdsbruken først og fremst skuldast politiet sine eigne metoder. – Folk trur politiet berre reagerer på studentane sin vald, men eg har vore i demonstrasjonane, og det stemmer ikkje. Valden startar hos politiet. Ja, nokon kaster ting og driv hærverk, men det er ikkje proporsjonalt å bruke tåregass på oss alle, fortel ein av studentane. Økonomistudent Sarah (23) ved Universitetet i Caen meiner på si side at vald er nødvendig: – Om vi ikkje bruker vald, lyttar ikkje staten til oss. Det er ikkje bra, men eg trur det er den einaste løysninga. – Så demonstrantane har ingenting av ansvaret for dei store øydeleggelsane? – Når vi protesterer fredfullt er det
ingen som bryr seg, så på eit punkt blir folk sinte og øydelegger ting. Alle studentane Studvest har snakka med, har alle opplevd tåregass og vener som har blitt arrestert. Dei seier dei er redde for politiet kvar gong dei demonstrerar. Berre folk som vil øydelegge Studvest møter også student Shirine Hachmi (22) utanfor Galeries Lafayette. Ho støttar også demonstrasjonane, men er kritisk til hærverket og valden. – Staten seier at det er ytre venstre som ødyelegger, men det trur eg ikkje. Det er ikkje politisk, dette er berre folk som vil øydelegg ting, og det er ikkje bra. Ho understrekar at dei aller fleste, ho sjølv inkludert, demonstrerar fredeleg. Økonomistudent Marwa Zakraou fortvilast også over øydeleggingane, men meiner at ansvaret til sjuande og sist ligg hos staten sjølv: – All skaden er berre eit resultat av den høge staten har gjort mot desse unge menneska.
MISNØYE: For dyr mat er en grunnleggjande problemstilling for studentane. FOTO: Solveig Tufto
30
4. NOVEMBER 2026 · UTANRIKS
STUDVEST
Treretters til ti kroner Eit anna tilbod som er laga til for studentane er ein varm treretters lunsj til kun ti kroner. Det er nesten umogleg å finne i studentkantiner i Noreg, men blei i år eit tilbod til alle studentane i Frankrike. Grepet frå staten skal bøte på studentfattigdomen. – Det er ein god idé, men ikkje godt gjennomført, seier jusstudent Hugo utenfor Sorbonne. Tilbodet gjaldt tidligare kun studentar frå låginntektsfamilier. No som det gjeld alle, slit kantinene med sprengt kapasitet. – Køene her i Paris kan vere fleire kilometer lange. Og på slutten av dagen er det ikkje nok bord til alle, fortell Sorbonne-studentane. Nourreddine ved Linkee er positiv til tiltaket, men meiner det bør bli utvida: – Mange har berre éin time lunsjpause, og rekk ikkje å ete før neste time. I tillegg er fleire avhengige av å ta metroen til kantina.
KONTRAST: Sceniske Paris viser eit anna ansikt under opptøyane. FOTO: Solveig Tufto
Eit mål om å hjelpe Dagen før besøker Studvest Linkee, ein organisasjon som deler ut overskotsmat frå restaurantar og bakeri gratis til studentar. Ali Nourreddine (29) er ein av dei frivillige her. Eit steinkast unna lokalet ligg det plakatar og banner på bakken etter dei siste demonstrasjonane. Nourreddine vil likevel ikkje uttale seg om dette. – Vi snakkar ikkje om politikk her, anna enn at vi ønsker å hjelpe studentane. Utanfor er det kaldt og overskya, men inne er stemninga varm og leiken. Til høg musikk fyller unge frivillige i blå vestar borda med redda mat: Alt frå grønsaker til jogurt og croissanter. Om to timer slepp forhandspåmelde
studentar inn for å fylle posane sine, heilt gratis. Det einaste kravet er at ein er student. – Mistenker ikkje dykk at nokon kan utnytte ordninga? – Det er ikkje vår jobb å mistenke. Når ein mistenker, dømmer ein, og vi dømmer ikkje, forklarar Nourreddine. Bor på gaten Undersøkelser fra Institut français d’opinion publique (IFOP) og Solidarités Étudiantes (Cop1) viser at kring 34 prosent av franske studentar regelmessig hoppar over måltider av økonomiske årsaker, og 16 prosent har
hatt behov for mathjelp. Nourreddine kjenner seg igjen i statistikken, og har sjølv møtt studentar som ser seg nødt til å droppe nødvendige kostnader for å ha nok penger til mat. – Mange studentar går ikkje til legen, særleg tannlegen, fordi dei ikkje har råd. Han fortel også om studentar som bur på gata fordi dei ikkje lenger har råd til å betale leige. For dei er matutdelinga her den einaste måten dei får ete på.
Dobbelt så dyrt som planlagt Sjølv med manglande kapasitet har ordninga blitt langt dyrare enn planlagt. Staten bevilga 50 millionar euro ekstra i år, men nasjonalforsamlinga anslår at eit fullt driftsår kan koste opp mot 116 millionar euro. Det diskuterast stadig om tilbudet bør kuttast. Enkelte kritikarar meiner tiltaket er for generelt og burde bli målretta mot dei fattigaste, medan andre krev at det utvidast. Uansett verkemiddel er hovudfokuset for Nourreddine studentane. – Dei treng hjelp. Mat er heilt grunnleggjande. Om studentane stressar over om dei får ete i morgon, klarer dei ikkje å lære. Det er både bekymringsverdig og hjerteskjerande.
POLITIVALD: Studentane Studvest snakkar med er skeptiske til politiet sine metoder. FOTO: Solveig Tufto
STUDVEST
UTANRIKS · 4. NOVEMBER 2026
31
Floods in Nepal: –We have been calling for environmental justice Nepal still faces the consequences of the August Bhote Koshi flood and needs to prepare for long-term restoration. The message of the catastrophe, however, does not remain within the Nepali borders.
Even though three months have already passed, the rescue operations and search for the bodies of the victims are still ongoing. Bipana Shrestha, who is currently working for Volunteering Initiative Nepal, describes a situation where everyone is trying to help, because thousands of people are still missing. Kaushal Subedi, who works for the same association, belives many of the victims bodies will go unfound, and stresses the psychological influence the flood has.
– It is a big psychological trauma, so many lives have been lost. Both also stress the long-term consequences. – Many communities are facing diculties with basic needs such as food and transportation. Many hydropower stations and roads were destroyed, Shrestha says. “Invisible” processes Such damage is nothing new for Nepal, as it is very sensitive to environmental influences. As the Prime Minister of Nepal, Birendra Shah, stressed in his speech at the UN: – Every major disaster threatens to erase years of development. The recovery needs about 10 percent of GDP. Professor Inger Måren, UNESCO Chair on Sustainable Heritage and Environmental Management, is currently working on a project to strengthen mountain resilience and to establish UNESCO biosphere in the Kangchenjunga region in eastern Nepal. She points out that it is dicult to directly say what caused the flood.
BARBORA HORÁKOVÁ English journalist horakova@studvest.no
– The media is questioning whether it was really caused by climate change, as it is very dicult to pin one single event to a global phenomenon. There is evidence, though, that the monsoon period has been warming over the past 50 years, Måren explains. The consequences of the catastrophe influences a long-term “invisible” processes. – There are a lot of small lakes with moraine filled with ice. One day they melt and burst out, which also influences the biosystems, explains Professor Ole Vetaas from the University of Bergen, who has long-term experience working on environmental projects in Nepal. – We are outsourcing the production of what we need, but Nepal has a much more circular economy; rural areas depend on local resources, stresses Måren.
Growing anger in Nepal Nepal’s geography and people's dependence on the state of nature make sustainable behaviour a more urgent necessity than in many countries of the Global North. – We are a developing country; we don’t have fossil fuels, so we need wood. Because we are dependent on nature, we also need to resurrect her, comments Subedi. Nonetheless, as respondents stress, there is growing anger in Nepal that other countries gain wealth from fossil fuels, while Nepal has to deal with the environmental consequences without having the same opportunity. – There is, of course, increasing resentment in Nepal. They use very little fossil fuel, and developed countries got all their wealth from using fossil fuels. We provide aid in the case of a disaster, but is it actually help if we contribute to environmental change? Måren asks. – We have been calling for environmental justice, and that the problem in general is not treated just as humanitarian action, adds Shrestha.
LONG-LASTING CONSEQUENCES: Bipena Shrestha stress that the impact of the Bhote Khosi flood is still being handled. PHOTO: Private INVISIBLE PROCESSES: Ole Vetaas talks about the disrubution of biosystems. PHOTO: Agnes Marie Skilleås
32
4. NOVEMBER 2026 · ENGLISH
STUDVEST
continent. Transnational cooperation is key, because rivers, glaciers, and wildlife don't see any borders. Kangchenjunga is the third-highest peak in Nepal, but it also goes into China, Bhutan, India, and a lot of indigenous people live there. All of them share the same river systems and watersheds, Måren explains. – Indians won't stay in India if there is no water from Nepal. We already have some climate refugees, and people are going to start moving more, she adds. UNESCO BIOSPHERE: Inger Måren aims to strengthen mountain resiliance in Nepal. PHOTO: Private
Climate change across borders There are international projects aiming to help Nepal in the long term. Shrestha mentions one such organisation besides the ongoing projects in Nepal. – Nepal is already working on reducing climate crisis risks, developing early warning systems, and cooperating, for example, with The International Centre for Integrated Mountain Development (ICIMOD). ICIMOD is an intergovernmental centre that aims to improve the lives of people of the Himalaya. – Monsoon warming is a problem for the whole south-Indian part of the
Cooperation and exchange of knowledge Subedi stresses the importance of better preparation for anticipating disasters. – Better alert systems and professional evacuation teams could help to get information about the catastrophe on time and help with an evacuation from the dangerous area, Subedi says. Both Subedi and Vetaas also consider it important to know how to recover from such disasters eectively, because it is dicult to control environmental changes. – Climate change cannot be stopped. We have to be better at handling the consequences as well, says Subedi.
They think that a significant part of being prepared also includes stronger cooperation and knowledge exchange, as Nepal does not possess good enough technology to monitor the changes. – We could have a universal weather system. We did not know that the lakes were filling up, suggests Subedi. – Monitoring is key, because cameras can be in the areas where we can't walk. We should spread knowledge on how to use these, adds Professor Vetaas. Vetaas also argues that cooperation might prove useful not only on the information level, but also in the case of knowledge exchange. – All countries have dierent natural conditions, and such exchange could help them tackle problems with which others might already have some experience and give people work. Nepali people know how to tackle water power, and how to use it sustainably, for example. Compassion and global solidarity – We are all global citizens. We need to start realising that we can all play a part and do something on a personal level, and also vote for the right politicians. We should also have a broader picture in the media and give space to these
events. Otherwise, people don't really understand what is happening, argues Måren. Vetaas also highlights the need to understand the problem’s longevity. – We have to create awareness that this is a long-term problem. We have to be adaptive to prevent worsening for our great great-grandchildren. We can prevent some things in the millennium. And people have already proved that they are able to ignite change. – We proved we can do strange things and cooperate globally when we need to. For example, when the ozone layer was thin, we agreed to reduce the production of harmful gases, and the problem was solved. Don't lose hope; the future is not fixed, Måren concludes.
PSYCHOLOGICAL TRAUMA: Kaushal Subedi reminds how many people have lost their life. PHOTO: Private
LARGE COLLECTION: Holmefjord has been collecting jerseys for years. PHOTO: Private
STUDVEST
ENGLISH · 4. NOVEMBER 2026
33
Tilbudsguiden AKVARIET
KAMPSPORT
Følg oss på Instagram/Facebook STUDENTTILBUD 350kr
AVIS Vi spesialiserer oss på skinfade og skjegg, men vi klipper alle hår og fasonger! Drop-in og timebestilling
REISE
www.skyss.no REIS BILLIG MED STUDENTRABATT
NATTKLUBB
Som student får du 40% rabatt på enkeltbillett og periodebillett.
TILBUDSGUIDEN
GODE TILBUD TIL STUDENTER I BERGEN TATOVERING & PIERCING
GOLF
Hugs gyldig studentbevis! KLATRING Arrangere fest? Kapasitet til 550 gjester Mulig å booke hele uken, også som privat arrangement i ukedager eller frem til kl. 22.00 på helg. Send oss forespørsel: booking@biblioteketbar.no eller ring oss: Tel. 55011885 Hva skjer på Biblioteket? Hver lørdag kl. 16.00-18.00 Jazz:potet Live Jazz https://www.jazzpotet.no/ Fredag & Lørdag 22.00-03.15 Dj lager fest og fyller vårt store dansegulv. https://biblioteketbar.no/
PADELTENNIS
KJØRESKOLE
KINO
1 000 kr rabatt på kjøretimer på bil. Tilbudet kan ikke kombineres med andre tilbud eller rabatter. Bergens største trafikkskole!
KOSEMETISK BEHANDLING
Centrum Trafikkskole har lang erfaring og gir deg personlig oppfølging fra første time av trygge og vennlige lærere. Vi dekker hele Bergensområdet og hjelper deg på veien til førerkortet! Tlf.nr 55 90 73 00 www.centrumtrafikk.no
OPTIKER YOGA & PILATES
FRISØR
TILBUDSGUIDEN _ GODE TILBUD
Send tips til redaksjonen@studvest.no
Rodi Frisør Åsane Rollandslia 51, 5115 Ulset rodiaasane.no
Hva bør Studvest skrive om?
Adresser: Rodi Bergen Domkirkegaten 4 Tlf: 46156565 rodifrisor.no
EKSPONERT Hver utgave presenterer Studvests fotojournalister egne utvalgte bilder som har evnen til å fortelle en historie eller som enkelt og greit bare fascinerer.
I grenselandet mellom kaos og kontroll Hvor de små seirene blir til de store følelsene. Marcus Alræk Hellesøe Fotojournalist
STUDVEST
EKSPONERT · 4. NOVEMBER 2026
35
iG L e K s E n N H e Lt M e aV jOhAnNe bRaNtInG hAuGsEnG
S T U P Å L E T av Nathaniel Williams
HOROSKOP Vannmannen
Væren
Tyren
19. februar - 20. mars
21. mars - 20. april
21. april - 20. mai
Dersom du drømmer om en rettssal, ikke vær redd, du vil ikke bli tatt for det du har gjort galt.
Statistikken viser at du har 95 prosent sannsynlighet for å finne Jesus, men dataen kan alltid ha en feilmelding.
Drømmer lar deg leve ut følelsene dine uten at andre eller deg selv tar skade. Takk og lov, du våknet fra den boligbrannen.
Stjernene forteller at du ikke behøver å forstå alle budskap, du kan fint bære den barten og de brune klærne.
Tvillingene
K repsen 21. juni - 22. juli
23. juli - 23. august
24. august - 22. september
En nær venn har behov for litt mer oppmerksomhet, og din omtenksomhet er nøkkelen til forbedring.
Vær mottagelig for sjarmmanøvre for noen venter deg, hvis de ikke får deg vil de heller være alene, alene, alene.
Selv om livet butter mot nå har du mange gode verdier. Kanskje dette er tiden for å være helt fri, ta på løpeskoene
Merkurs bevegelse tyder på at du må bruke mer tid med faren din. Ring daddy litt mer i tiden fremover.
21. mai - 20. juni
Vekten
36
Fiskene
20. januar - 18. februar
Skorpionen
Løven
Jomfruen
23. september - 22. oktober
23. oktober - 22. november
23. november - 21. desember
Skytten
Steinbukken
Stjernenes bane rundt jorden viser at romanse ligger i din fremtid. Snart skal du høre «Jeg er forelska i læreren».
Som skorpion får du kanskje høre at du er hevngjerrig og kontrollerende. Ingen ser at du egentlig er myk innvendig.
Eksamen nærmer seg, men en pakkereise til Gran Canaria gjør underverker for motivasjonen.
Wunderbaum-duften av julegran melder seg. Så kjør Granda, jada! Nå er det tid for å lada betteria.
4. NOVEMBER 2026 · MORO FOR STUDENTANE
22. desember - 19. januar
STUDVEST
Aurora Kallevåg Quizmaster
2. 3. 4. 5. 6. 7. 8. 9. 10. STUDVEST
Halloween er rett kring hjørnet, men kva dag er 1. november kjend som? Nøyaktig kor mange heksebrenningar det var er vanskeleg å seie, men kor stor prosentdel av dei tiltalte var hekser/ kvinner og kor mange var trollmenn?
11. 12. 13.
Er pelsdyroppdrett lovleg eller ulovleg i Noreg?
14.
I kva film konkurrerar dei om å vinne “The Piston cup”?
Kor mange auge har vanlegvis ein edderkopp?
Og kor mange auge har eigentleg ein terning?
Når vart Finn.no grunnlagd?
Kor mange regndagar har Bergen gjennomsnittleg i året? Kva slags ørken er den tørraste på jorda, der det derimot ikkje har regna på fleire år? Kor sterke vindkast har ein flau vind? Det kan vere flaut når vinden vrenger paraplyen din, kva heiter den karakteristiske regnhatten ein også kan ta i bruk?
Kva er eigentleg ein silver fox?
Resultater: 15: Gratulerer, du er jo med! 610: Eg håper denne kvissen fungerte som bakgrunnssamtale og ikkje hovudaktivitet. 1116: Jau, jau, det skal ein vere nøgd med 1720: Det er allmennt kjent at du er ein besserwisser, gratulerer med siger!
1. Tysdag 2. Allehelgensdag 3. 75% og 25% ifølgje nasjonalarkivet 4. 8, men du får eit halvt poeng om du svarte seks for det hender det også 5. 21, kan du det utanåt er du nerd 6. År 2000 7. Ifølgje Bergen kommune er det i snitt 200 regndagar 8. Atacamaørkenen i Chile 9. Flau vind har vindstyrke 1 på Beauforts vindskala, og er 0.31.5 m/s. 10. Sydvest 11. 1 sølv 12. Det er faktisk ein rev med blågråpels, eller ein veldig kjekk eldre herremann. George Clooney og Knausgård om du treng å visualisere 13. Forbode 14. Biler / Cars 15. The azzuros / dei lyseblå! 16. Ein til far, ein til mor, ein til søster og ein til bror, og to til den som fisken drog! (6) 17. Alf Prøysen 18. Johan Nordahl Brun skreiv «Udsigter fra Ulrikken» som i dag er best kjend som «Nystemten» 19. India, og meget populært i Nord-India 20. Hardingfela
1.
Fredag er ifølgje ei undersøking bestilt av NRK favorittdagen til nordmenn (er nokon overraska?), men kva dag liker vi minst?
Johannes Høstflot Klæbo er tidenes mestvinnande vinterolympier med 11 gull, men kor mange sølv har han?
Kryssord Vannrett:
15. 16. 17. 18. 19. 20.
Før Noreg sjarmerte verda med roing, blei våre svarte fotballdrakter kritisert, kva kallenamn går derimot det italienske landslaget under?
2. Viktig på eksamen 8. Tåke 9. Regiserte filmen Alien 10. BIFF Centerpiece ´26 11. Møtte Harry 12. Norsk forfatter 13. Bok av norsk forfatter 14. Tillate 15. Servere
I gravferda til kongen blei songen “Jørgen Hattemaker” sungen, kven har skrive den?
4
Kva er Norge sitt nasjonalinstrument?
2
9
10
5 11
6
12
På sporet av avdøde sangtekstskribentar, kven skreiv eigentleg nasjonalsongen til Bergen? Kva land kjem sitaren frå?
8 2
3
Apropos roing: Kor mange fiskar fekk dei til saman i “ro ro til fiskeskjær”?
1
7 13 Loddrett:
1. Eksperimentell musikkfestival 2. Twilight-byen 3. "Røttene" til sopp 4. Kinopremiere 16. desember 5. Moren i Gilmore Girls 6. Bergensk-slang/værfenomen 7. Dyret man roper på etter noen glass
14 15
9.
MORO FOR STUDENTANE · 4. NOVEMBER 2026
37
Faktasjekker'n Fra de minste av bagateller til saftig sto – ryktene svirrer som ild i tørt gress i Bergens studentmiljø. Så hva er egentlig til å stole på? Studvest sjekker opp i hvilke rykter som holder vann, og hva som bare er luftige historier som har fått bein å gå på. I forrige utgave lurte vi på hvor mange «bald caps» Rubens Skattekammer har solgt i forkant av årets Halloweenfeiring. Vi har imidlertid fått opplyst gjennom våre korrespondenter at det er stort trykk i butikken, der ivrige studenter skal ha alt fra «sexy nurse»kostyme og muligheten til å kle seg ut som en ølboks.
Så dersom noen ønsker å være enten Dobby eller Pitbull de neste ukene, så må de vente svært tålmodig. Did somebody say «Its Mr. Worldwide?», fordi det gjorde ikke vi. Til neste utgave skal vi undersøke om salget av vitamin D-lamper har økt.
Etter flere ringeforsøk kom vi endelig gjennom hotlinen til Bergens (nesten) eneste kostymebutikk. De kunne fortelle til Studvest at de har solgt ALLE sine «bald caps» innen skrivende stund.
Snoker'n Overhørt noe villt i det siste? Bussen, lesesalen, kafeen, garderoben – her er ingen trygge. Vi er veldig nysgjerrig. Send til redaksjonen@studvest.no
Det ryktes om at sekundet Halloweenfeiringen er over i Bergens studentby settes startskuddet i gang for årets eksamensperiode. De neste ukene kan man forvente stort trykk på ALLE av studentenes arealer, og ikke minst det populære stedet Ulrikke Pihls hus.
Annonsere i
STUDVEST? Ser du etter ei unik annonsemoglegheit? Vi gir ut tre magasin i semesteret og har kontinuerleg saker på nett.
Nå ut til 30.000 studenter i Bergen! Ta kontakt på dagligleder@studvest.no
– Hvor er du hvis du ikke er på Upihl før klokken 08.00 om morningen, kunne en av Studvests utsendte overhøre gjennom sin safaritur på campus i Bergen.
TRUMP sidan sist
I skrivande stund er mellomvalet godt i gang, dessverre blir magasinet sendt til trykk før resultata er inne. Meiningsmålingane viser at Trump er historisk upopulær og at Demokratane har ein reell sjanse til å stikke av med sigeren, medan Trump truleg sit sjelvande på Det ovale kontor.
Om demokratane vinn, blir det nok valfusk igjen. I alle fall ifølgje mannen med meir sjølvbruning enn sjølvinnsikt.
Republikanarane treng sårt støtte, soppas at Trump i eit intervju med Fox News hevdar at USA skal kutte all økonomisk støtte til Israel i 2027. Det trur eg på den dagen han innrømmer at han tapte valet i 2020.
38
4. NOVEMBER 2026 · BAKSIDENE
STUDVEST
Nora Haukedal Hammerstad Illustratør hammerstad@studvest.no
Hvorfor tør ikke flere å kle seg «annerledes»? Jeg trodde at det å se identisk ut var noe som vi lot ligge igjen på videregående. Du vet, når alle gikk med skinny jeans og hadde Fjellraven-sekk. Likevel, når jeg ser rundt meg på fakultetene, føles det ut som at jeg ser den samme personen opptil ti ganger. Og det får meg til å lure; Hva er det som egentlig trekker med å se lik ut? Jeg skjønner at det finnes trendy klær, vesker, sko og alt sånt, men vil man ikke heller se ut som seg selv? I sommer klippet jeg håret mitt kort for aller første gang, og jeg har aldri følt meg mer selvsikker og komfortabel med hvordan jeg ser ut, selv om dette ikke er det som er «trendy» akkurat nå. Så når jeg ser alle de navy-blå boblevestene og de samme douche-bagene så lurer jeg litt på om folk egentlig vil kle seg som alle andre, eller om man ikke føler seg komfortabel nok til å gå i fra normene som er etablert. I et hypotetisk scenario hvor trender ikke eksisterte, ville «trend-følgere» kledd seg annerledes enn det de gjør nå? Ville kanskje folk prøve å finne en lik stil som alle andre, eller hadde man turt å gå sin egen vei? Jeg føler jeg har vært ganske heldig med å sjelden bry meg om hva som er populært og ikke, men jeg skulle ønske flere også følte det slik. Fordi vi trenger unike mennesker, og dette er noe som først og fremst er synlig med hvordan vi kler oss.
Tapte hedersprisen: Nå varsler hun en katastrofe – Kan man kalle dette aldersdiskriminering? Rektor Maggie Mus. E. Hagén ved Universitetet i Bergen går nå ut til mediene med det oppsiktsvekkende sviket hun nylig har opplevd. – Det er en stor skam, større enn de italienske tragediene, at jeg har har blitt oversett som årets senior, forteller hun til Dustvest. Senior Norges Hedersseniorpris ble i år utdelt til Prude Kveleland, tidligere ordfører i Bjørgvin. For rektoren Hagén var ikke gresset grønnere på den andre siden av alderen 50 pluss. Komitéen trakk frem hennes manglede abonnement på «Vi over 60». Får innvirkning Det katastrofale valget har allerede fått store konsekvenser i studiebyen Bergen.
– Universitetet i Bergen skal nå flytte alle tilgjengelige ressurser fra Bergens «Forskningsinstitutt for aldring av mennesker, vin- og ostefat», til «Senter for ungdommelighet og livsmaxxing», skriver UiB i en melding. Ryktene har det til at rektoren er såpass misfornøyd med tapet av årets senior at universitetet nå tar avstand fra alderdom. Andre tiltak innebærer PowerPointer i høydeformat på TikTok, en varslingskanal for aura-battles og at Red Bull Peach gis intravinøst på Medikalt Fakultet (MF). Hagén har til og med advart rektoren på Norges Uhandlingsskole og Lilleskolen på Vestlandet at dersom de ikke gjør det samme, melder hun
Det bedrevitende beltedyret Nå som eksamensperioden er i gang, er også alle legeerklæringene sendt inn for å kunne utsette eller forlenge eksamen. Stakkars alle disse folkene som på liv og død ikke klarer å ta en vanlig eksamen engang. Beltedyret mener at pekefingeren burde rettes mot de som på liv og død ikke klarer å være mindre enn 4 timer på TikTok og Reels hver dag. – Siden når ble overdreven telefonbruk nok til å få kjøpe en ADHDdiagnose? spør Beltedyret.
Omforladels! STUDVEST
Universitetet i Bergen ut av Norge. En anonym kilde Dustvest har snakket med frykter at konsekvensene av tiltakene har større ringvirkninger enn det universitetet har tatt innover seg. – Jeg klarer ikke lenger å sove om natten etter innføringen av kravet om å se «Videos I watch at 2AM» klokken to om natten. Hvordan skal jeg opprettholde min aura nå som jeg utvikler poser under øynene. Rektor Mus E. Hagén har blitt fremlagt kritikken og sier hun tar den på største alvor. – Takk som fortalte meg om denne beskrivelsen, vi skal absolutt erne dette mennesket fra Nygårdshøyden umiddelbart.
«Det er et beltedyr som sier det, så da er det greit»
BAKSIDENE · 4. NOVEMBER 2026
39
Hva bør Studvest skrive om? Send tips til redaksjonen@studvest.no