STUDVEST ONSDAG 14. MAI 2003 - NR. 15 - ÅRGANG 58 - WWW.STUDVEST.NO
Med triveleg sommarmagasin VEKE 20
Ikkje umogeleg å få jobb Oppløftande: 90 prosent av dei som blei uteksaminert våren 2001 er no i arbeid. Det syner den fyrste kandidatundersøkinga som er gjennomført ved Universitetet og Høgskulen i Bergen. Bergen har rykte på seg for å ha ein vanskeleg arbeidsmarknad for nyutdanna akademikarar. Røynda viser noko anna.
Lite relevans: Samstundes opplever fleire at det manglar interessante jobbtilbod. 50 prosent av samfunnsvitarane i undersøkinga har søkt på jobbar som ikkje nødvendigvis er relevante i forhold til utdanninga deira. Studvest har prata med seks studentar som blir ferdige i desse dagar om forventningane til framtida. SIDE 14 OG 15
Knallhard kritikk mot Boligaksjonen Leiarane i Unge Høgre og Kristelig Folkepartis Ungdom i Hordaland meiner Boligaksjonen misbruker studentdemokratiet. Dei fryktar dei skaper splid mellom studentane og universitetsleiinga ved å berre konsentrere seg om bustadpolitikk. Ståle Holgersen avviser kritikken som latterleg.
SIDE 4
Tunge vekttal
Foto: MARI SUNDSBØ
Hallgeir Løland Torpe sit ikkje på lesesalen. Han står med vinkelslipar på Rolls Royce i Bergen. For dette får han 20 vekttal i samfunnsplanlegging ved Universitetet i Tromsø. SIDE 7
Born av studentar Victor (4) og Hannah (2) er på veg heim frå Nerigård Barnehage i Nattland Studentby. Alle familiane som bur her i dei 147 SiB-leilegheitene er studentar med born. Dei har eit heilt lite samfunn med gule, grøne og raude rekkjehus frå 70-talet, barnevogner og trehjulssyklar.
Høns leggjer egg på akebrett og eit eige Nattlandspoliti passar på. Dei har til og med nokre dinosaurar. Ikkje rart at det er venteliste for å få plass i Hjem-Is-bilens paradis. SIDE 21, 22 OG 23
Musikalsk trolldom Sangstudentane ved Griegakademiet veltar seg i død og kjærleik for tida. Under Festspela får vi høyre det tragikomiske resultatet. SIDE 8