Studvest 2003 12

Page 1

STUDVEST ONSDAG 9. APRIL 2003 - NR. 12 - ÅRGANG 58 - WWW.STUDVEST.NO

Med spanande påskekrim VEKE 15

Skjermtroll på eldprøve Det er hektisk og sveitt i eit lite kott over baren på Landmark. Ein lysrigg er i ferd med å falle ned, utstyret skal snart leverast og puppane til programleiaren held på å dette ut av designerkjolen. – Dette er ein siger for naiviteten. Ingen reflekterte menneske hadde nokon gong trudd at

Tok ikkje stilling til krigen

dette var mogleg, seier ein letta ansvarleg redaktør, Henrik Hylland Uhlving etter at første sending av Bergen Student TV har rulla over storskjermen på Landmark. Vi følgde førebuingane til eldprøva.

Bak lukka dører valde Universitetsstyret å ikkje ta noko offisielt standpunkt til krigen i Irak. Studentrepresentantane i styret seier dei var ueinige i avgjerda. UiB var det einaste universitetet i Norge som behandla saka.

SIDE 11, 12 OG 13

SIDE 5

Aktuell debatt lita interesse

Mikal Telle var einaste representant frå platebransjen då Deledagen blei arrangert på Landmark. Debatten om kopiering av musikk er høgst aktuell, men få hadde møtt opp for diskusjon og broderleg deling av eigne innspelingar mandag ettermiddag. SIDE 15

Foto: ERIK REITAN

Kunst eller hærverk?

Rådyre SiB-hyblar – bebuarane flyttar Lurt: Bebuarane i SiB sine hyblar i Damsgårdsveien seier dei føler seg lurt. Då dei flytta inn i januar fekk dei vite at leiga ikkje skulle overstige 3.500 kroner. Dei betalar i dag nesten 4.000 kroner for ein 18 kvadratmeter stor hybel.

Ikkje råd: – Eg må begynne å sjå meg om etter ein ny hybel, seier Ellen Isaksen, ein av bebuarane som er misnøgd med prisane. Damsgårdsveien er SiB sitt nyaste hybelprosjekt, i dag står 40 prosent av hyblane der ledige. SIDE 4

Kunststudentane ved Kunstskolen har fått leike seg med landskapet på Danmarksplass. Kjartan Ericsson har fått mange reaksjonar på sin installasjon ved kyrkjegarden. - Nokre eldre menneske trur eg driv med hærverk, seier han. SIDE 10


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.