Studvest 2002 01

Page 1

STUDVEST

NOREGS MEST SUKSESSFULLE VEKE 4

STUDENTAVIS

ONSDAG 23. JANUAR 2001 – NR. 1 – ÅRGANG 57 – WWW.STUDVEST.NO

Braksuksess

Dyr signatur

Foto: PETTER FRANER

på ex.phil Berre ein av dei 452 studentane som tok examen philosophicum etter den nye seminarmodellen som blei allment innførd i haust, strauk. Resultata er overtydande, men berre 20 prosent av studentane valde den nye ordninga, som inneber klare arbeidskrav gjennom heile semesteret. Blant studentane på den gamle ordninga strauk heile 41 prosent av dei som møtte fram til eksamen. – Ein har innsett at ein må tilpasse seg arbeidsmetodane som studentane har frå vidaregåande. Den

nye ordninga møter studentane på halvvegen, seier Harald Åge Sæthre (biletet) ved det matematisk-naturvitskapelege fakultetet, som har fulgt opp den nye ex.phil.-ordninga. På dei andre eksamenane skil psykologisk og juridisk fakultet seg ut med høg andel strykkarakterar. Men førsteamanuensis Wibecke Brun på det psykologiske fakultetet er ikkje uroa over tala frå i haust.

Studentrabatten på toga frå Oslo til Bergen er på det næraste fjerna etter nyttår. No må du betale 564 kroner for å komme deg til hovudstaden med NSB, om du ikkje vil dra tysdag eller onsdag. SIDE 6

UiB politimeldt

SIDE 5

Studenten Per Kolstad har meldt Universitetet til politiet etter at ei pipe nær traff han i hovudet i byrjinga av januar. No vil Kolstad finne det som er ansvarlege for tilstanden ved UiBs bygg. SIDE 7

Foto: PETTER FRANER

Kulturforkjemparar

Til mørketid etter ljos

Fotografen Martin Bruvold har drege heim til Nord-Noreg for å finna det ljoset han likar best. - Bergen er jo fin, men ljoset nordpå er heilt spesielt, meiner EXPO- og Hibiscusfotografen.

SIDE 15

Bar 77 kallar dei seg, gjengen som skal syrgja for at det framleis skal framførast punkrock i rikelege og rimelege dosar på Kvarteret. - Disko er ikkje kultur, og Kvarteret er eit studentkulturhus, slår Kristian Prestegård fast. No vil dei fortrengje diskoen til føremon for punk, ska og andre alternativ til popen. SIDE 14


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.