STUDVEST Førjulsmareritt VEKE 49
ONSDAG 5. DESEMBER 2001 - NR. 31 - ÅRGANG 56 - WWW.STUDVEST.NO
Vi drog på nissejakt i helga. I overfyllte kjøpesenter. Om vi fann noko? Les side to så får du svaret.
Julemånaden er tida for glitter og stas, nisser og englar. Og juletre. Men kor kjem eigentleg denne tradisjonen frå? Kvifor trekkjer vi inn allergiframkallande skog i stova når vi skal ha det hyggeleg? Studvest gir deg svaret.
Byen ber sterkt preg av handelsnæringa for tida. Samstundes engasjerer enkelte seg for å få folk til å handla med omtanke. Studvest traff både glade gåvekjøparar og muntre idealistar då vi gav oss ut i julegatene på den kjøpefrie dagen.
Trivst du ikkje korkje med jul eller ramadan, kan det vera fordi du har ein så eineståande religion at han burde vore registrert for seg sjølv. Vi har funne ut kva som skal til for å danna eit offentleg støtta trudomssamfunn.
SIDE 2
SIDE 8
MIDTEN
SIDE 16