STUDVEST
TIPS STUDVEST VEKE 41
TLF: 55 54 51 48
ONSDAG 10. OKTOBER 2001 - NR. 23 - ÅRGANG 56 – WWW.STUDVEST.UIB.NO
DROPPAR STUDENTRADIOEN Måndag kveld vedtok Velferdstinget at dei ikkje lenger vil eiga Studentradioen. I staden skal den gjerast om til stifting, og ikkje lenger utgjera ein fast post på budsjetta til Velferdstinget. – For å overleva må Studentradioen vere merksame på kva studentpolitikarane trur at studentane vil ha, seier nestleiar i Velferdsstyret, Eivind Kildal. Han meiner studentradioen er for dyr i drift i høve til kva studentane får att for han, samstundes som det ikkje er aktuelt for Velferdstinget å gå inn og detaljstyra Studentradioen. Om Studentradioen ikkje får dei midla dei heretter må søkje om, meiner Kildal dei kan finansiere drifta si med reklame eller radiobingo.
Foto: ÅSTA YTRE
Redaktør i Studentradioen, Kristine Magnesen (biletet), meiner handsaminga av saka har gått for fort, og ho tykkjer ikkje det er morosamt at politikarane tek så lett på Studentradioen sin økonomi.
PÅ GRANDISTOPPEN
NHH-studentane har uoffisiell noregsrekord i å eta grandiosa. Rema 1000-butikken som ligg like ved skulen sel 26.000 pizza i året. SIDE 4
MED PATENT PÅ SANNINGA
Objektivistane meiner at det er dei som har løysinga på det meste. Nokre av desse løysingane har vakt oppsikt i det siste. SIDE 7
TRYGG POET
SIDE 13
SLAKTAR SEG SJØLVE – Studentrådet er heilt utan reell makt, og liknar mest av alt eit supperåd. Det seier Arild Helgøy (biletet), som leiar Bergen Liberale Studentlag og har fleire års fartstid i studentpolitikken. NSU-leiar Brynjar Torgersen er langt på
veg einig i kritikken. Studentrådet skal fungera som studentane sin interesseorganisasjon, og vel mellom anna representantar til Det Akademiske Kollegium (DAK) som er Universitetet sitt høgste organ.
SIDE 5
Lyrikaren Endre ruset vil helst lesa den nye boka si høgt sjølv for kritikarane, slik at dei vil forstå kor bra ho er. SIDE 11