Tips Tips Studvest! Ring
55 54 51 48
Onsdag 21. mars 2001 • Nr. 10 • Veke 11 • Årgang 56 • www.studvest.uib.no Returadresse: Parkvegen 1 • N-5007 BERGEN
Studentkultur?
Dosøl
Viss du er på Studentsentret og må på do, risikerer du å finna sprøytespissar, blodsøl og kikehol i veggen. – Toaletta på Studentsentret er dei verste av alle på Høyden, seier områdeleiar i Securitas, Halvar Henriksen. SIDE 5
Gjerrige SIB Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) tener 150.000 kroner i året på å behalda rentene frå leigetakarane sine depositum. – Det er påfallande og småleg å ta rentene frå ei låginntektsgruppe som studentane, seier Stig Høisæther, som er leiar i Leigebuarforeininga i Bergen. SIDE 4
Foto: HILDE LILLEJORD
Trass i protestar både frå kvinneaktivistar og Kvarterstyret valde Aktive Studenters Forening (ASF) å arrangera stripping på Kvarteret i helga. Omlag 400 studentar fekk sjå ein mannleg og ein kvinneleg strippar kle av seg alt bortsett frå trusa. Pressetalskvinne i «Front mot salg av kjønn og
kropp», Stine Akre, er skuffa over ASF si avgjerd. – Stripping er ikkje studentkultur, seier ho. ASF-leiar Terje Nørving tek ikkje sjølvkritikk, trass i alle protestar. – Heile saka er fullstendig oppblåst, meiner han. SIDE 7
Ny aktivisme Dødsstraffa sine offer
– 90-talet har på mange måtar arta seg som ei samanhengande Seinfeld- episode. Det er klart folk er lei av det. Engasjement blir tatt på alvor igjen, det er lov å meina ting, seier husokkupanten Jo Moen Bredeveien (til høgre). I helga diskuterte han studentengasjement med førsteamanuensis og 70-talsaktivist Thor Øivind Jensen.
Den amerikanske rørsla «Journey of Faith» består av pårørande og advokatar til fangar på Death Row. I helga var dei i Bergen for å fortelja om det amerikanske rettsvesenet.
SIDE 9
SIDE 12 Foto: SIV SEGLEM
TIPS STUDVEST PÅ TELEFON 55 54 51 48 / 55 54 52 06