3 minute read

Framtidsnakk med Svend Klemetsby s

Next Article
Kyrkjene våre s

Kyrkjene våre s

Framtidsnakk med Svend Klemmetsby

I samband med spørjeundersøkinga «vil du vere med å forme kyrkja i Storfjorden» ringte vi tidlegare prost i Ålesund, Svend Klemmetsby, for å høyre kva han tenker om kva som er viktig for kyrkja i framtida. Klemmetsby var prost i Nordre Sunnmøre prosti og Ålesund i 21 år. - Hei Svend, - Hei - Passer det at vi tek den praten no? - Det passer bra. Eg har skrivedag i dag, sitter å førebur ei preike til søndagen. Sjølv om Svend no er pensjonist er han framleis brennande engasjert for kyrkja, og er ikkje framand for å ta på seg oppgåver som til dømes gudstenester og vigsel. I haust var han blant anna i Geiranger og vigde eit par i Geiranger kyrkje. Kva tenker du er viktig med tanke på framtida til kyrkja? - Det er eit stort tema, som ein kunne samtale lenge om. Men eg trur det er viktig for kyrkja si framtid at den er ope. Båe i form av at kyrkjerommet er ope for folk, og at kyrkja er ope for innspel folk har om kyrkja si. Svend har tidlegare uttalt at kyrkjebygga våre fungera som katalysatorar til bevisst tru hos mange – vi må halde kyrkjedørene vidopne. Nettopp dette var Svend med å støtte som prost i Ålesund. Ute i byen starta dei opp med å ha opa kyrkje ein kveld i veka. For å gjere kyrkjerommet tilgjengeleg for folk. Dei som ønskja kunne få kome og være i kyrkja si så lenge eller så kort dei ville for å be, tenne lys eller berre sitte å vere. - Det var ikkje slik at dørene var rent ned. Men det var alltid nokon som kom og satt ei stund. Nokon av dei tente lys, andre berre satt der i stillheit, medan nokon oppsøkte kyrkjevertane for ein prat.

Advertisement

Svend hald fram med - Det er det konkrete ved at kyrkje er ope. Men ein anna sak som er like viktig er at kyrkja sine tilsette og sokneråda er opne for innspel frå kyrkja sine medlemmar på kva dei ønskjer at kyrkja gjev dei av tilbod. Og då er det viktig at ein er ope for kva folk ønskjer. Ein kan for eksempel ha eit eige forum for dialog kring kva folk ynskjer frå kyrkja ein gong i halvåret slik at saker kan drøftast, og ein får ein form for kontinuerleg dialog i kyrkjelydane, som igjen skaper engasjement. På nasjonalt plan peiker medlemstala for Den Norskje Kyrkja nedover. Kva tenker du kring dette? Den nedgåande trenden er sterkast i byane, medan det ser ut til at oppslutninga om kyrkja held seg betre ute i distrikta. Men vi ser at når det er stor naud, så er det til kyrkja folk finn vegen. Det tyder at kyrkja framleis er viktig i samfunnet. For kyrkja sin del, og er det viktig å halde på den gode relasjonen mellom kyrkje og lokalsamfunn. Ei folkekyrkje er for folk flest, det er viktig at dette vert signalisert til folk. Når folk kjem til kyrkje i 2021, kva er det kyrkja kan gje dei som dei ikkje kan få andre stader? - Jesus seier eitt er nødvendig, å høyre Guds ord. Det er viktig at folk for høyre Guds ord når dei kjem til kyrkja. Ingenting kan erstatte evangeliet. Her kan kyrkja verte enda meir frimodig. Kyrkja har vore flink på å bekrefte menneskjer, vi skal få kome slik vi er til kyrkja. Men kyrkja må halde fast på tydelegheita i evangeliet og utfordre trua på ein ikkje ekskluderande måte.

Svend Klemmetsby. Foto: Svein Magne Harnes

This article is from: