3 minute read

Nye aktivitetsområde . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . side

Samspel skapar gode aktivitetsområde

På Flatraket og Stadlandet er det nyleg opna nye aktivitetsområde ved skulane. Anlegga er komne på plass etter godt samspel mellom lokalmiljø og kommune.

Advertisement

Aktivitetsløypa rundt Stadlandet skule. Apparata blir brukt både enkeltvis til klatring og som hinderløype. FOTO: STADLANDET SKULE

Ved skulen på Flatraket er dei i ferd med å ferdigstille aktivitetsparken med klatreløype, hinderløype, kanonballbane, stor sklie, trampoline og belysning. Alt er med på å legge til rette for fysisk aktivitet. Stephan Lexau har vore FAUleiar dei tre åra anleggsutviklinga har pågått, og sentral i arbeidet. – Eg må seie at samarbeidet i prosjektet har vore strålande. Prosessen starta med at vi tok kontakt med ein leverandør som kom med forslag til korleis vi kunne gjere det. Så tok vi det opp i FAU og involverte elevrådet og dei tilsette ved skulen. Kanonballbana var mellom anna noko som kom i stand etter tilbakemelding frå elevrådet. Vi har fått god hjelp frå kommunen når det gjeld råd og gjennomføring. Det er lagt ned stor dugnadsinnsats, og vi har fått økonomisk stønad frå verksemder på Flatraket og i Måløy. I tillegg har vi fått spelemidlar, og økonomisk stønad frå kommunen, seier Lexau. Totalt har aktivitetsparken på Flatraket ein prosjektkostnad på 1,56 millionar kroner. Det er søkt om spelemidlar for tre ulike prosjekt i aktivitetsparken, totalt 691.000 kroner. Lexau seier prosjektet i tillegg er fullfinansiert med private midlar, kommunale midlar og dugnad med ein femdel kvar.

Aktivitetsløype På Stadlandet er det sist fullførte prosjektet ei aktivitetsløype rundt heile skulen med totalt 1012 apparat. Desse kan brukast både enkeltvis eller samla som ei hinderløype. Rektor Stig ÅgedalMortensen ved Stadlandet skule seier løypa er mykje i bruk både til kroppsøving, i friminutt og på fritida. Både born og vaksne brukar løypa. I sommar vart det skipa til konkurranse i løypa i samband med Sommaraktive Stadt. Ifølgje rektor tek løypa anslagsvis totre minutt om du er i god form og spring alt du klarar. – Løypa vart fullført før sommaren og er mykje brukt. Skulen ligg midt i bygda på Leikanger, så her er mykje aktivitet også utanom skuletid. Frå før er her mellom anna fotballbane med kunstgras, sandvolleyballbane, ballbinge og skatepark. Aktvitetsløypa supplerer det gode tilbodet som allereie er her. Vi har eit sterkt og godt samarbeid med det lokale idrettslaget. Det har mellom anna vore gjort mykje dugnad, seier ÅgedalMortensen. Han seier prosjektet er finansiert av spelemidlar, Oklamidlar, dugnad og lån.

Krav til dokumentasjon Ifølgje rådgivar Anna Karete Bjørlo i Stad kommune som mellom anna bidrege med rådgjeving i arbeidet med spelemiddelsøknader, har aktivitetsløypa ved Stadlandet skule ein prosjektkostnad på 1,1 millionar kroner. 300.000 kroner av summen er dekka av spelemidlar. – Det er mange krav og vilkår for tilskot frå spelemidlar, og det er strenge krav til dokumentasjon. Vi kan bidra med rådgjeving mot spelemiddelsøknad og gje gode råd for korleis ein skal gjennomføre slike prosjekt. Mellom anna er det krav i reglementet for spelemidlar at apparata skal vere godkjent for å ta imot spelemidlar. Det handlar om at det må vere knytt opp til fysisk aktivitet. Vanlege leikeapparat er ikkje godkjent for spelemidlar, forklarar Bjørlo.

Kan få 50 prosent spelemidlar På Flatraket skule er det delt opp i fleire nærmiljøanlegg og kvart anlegg kan få inntil 50 prosent tilskot frå spelemidlar, opptil maksimalt 300.000 kroner. – Kommunen sine erfaringar med å samarbeide med lag og organisasjonar på denne måten er gode, og kommunen er alltid open for nye samarbeid. Når eit lag eller ein organisasjon står bak prosjektet opnar det seg også fleire moglegheiter for finansiering av prosjektet, då desse kan søkje ideelle stiftingar om tilskot til prosjektet. Det kan ikkje kommunen. Ein kan dele opp og utvikle som fleire prosjekt, noko som kan gi meir i tilskot frå spelemiddelordninga, forklarar Bjørlo. Stårheimsparken ved Stårheim skule er eit anna døme på aktivitetsområde utvikla i regi av lokale krefter på kommunal grunn. Prosjektet vart opna hausten 2020. – I tillegg til aktivitetsområde ved skular er tilsvarande område i byggjefelt aktuelt å utvikle på same måte, til dømes i samarbeid med velforeningar.

This article is from: