Skip to main content

Årsmelding 2021 - Skjåk kommune

Page 1

ÅRSMELDING 2021

SKJÅK KOMMUNE


GUDBRANDSDALSOSTENS DAG Ordførar Edel Kveen var med å smurde matpakkar til skuleelevane i Lom og Skjåk på Gudbrandsdalsostens dag 17. mars.

MARLO BRU Marlo bru blir stengt da det vart oppdaga skader på den eine brupilaren som følgje av høg vasstand.

Foto: Skjåk kommune

VAKSINERING Vaksineteamet i Skjåk er godt i gang med vaksinering av helsepersonell, dei som bur i på Skjåkheimen og i omsorgsboligar.

Foto: Skjåk kommune

RV 15 FORUM Styret i Vegforum for riksveg 15 samla på kommunesenteret i Stryn. Forumet drøftar vidare prosess inn mot nasjonal transportplan (NTP) og dei har jamnleg møte utover året.

Foto: Svein Sunde

JANUAR

FEBRUAR

GLIMT FRÅ 2021

MARS

Årsmelding 2021

JANUAR

|

Foto: Edel Kveen

2

SPAREBANK 1 Administrerande banksjef Unni Strand og ordførar Edel Kveen på opninga av nye lokaler ved Sparebank 1 Lom og Skjåk, i Bismo.


3

|

FLAUMSIKRING Bismo skal sikrast mot flaum. NVE har sendt plan for flaumsikring av Bismo til lokal høyring med høyringsfrist 1. september.

Illustrasjonsfoto fra presentasjon

BISMOTUNET Skjåkordførar Edel Kveen opna Bismotunet bufellesskap 12. mai. Ei forseinka offisiell opning pga pandemien. Bufelleskapet vart teke i bruk 3. februar 2020.

SYKKELRITT Hobbysyklistar syklar gjennom Norge til inntekt for Barnekreftforeininga. Varaordføraren overrekker ei pengegåve frå Skjåk kommune.

KONVOI Sjåførar og transportselskap i stor konvoi frå aust og vest deltok i markeringa for ein ny og betre riksveg 15 gjennom Ottadalen og over fjellet.

Foto: Fjuken/Tom Erik Solstad

Foto: Hans Erik Kjosbakken

JULI

Foto: Skjåk kommune

STRATEGI Innspel på næringsstrategi og omdømmestrategi frå NIS, med utvalde bedrifter frå Skjåk.

MAI

APRIL

Foto: Skjåk kommune

JUNI

Årsmelding 2021


4

|

1. 2. 3.

4. 5. 6. 7. 8. 9.

Årsmelding 2021

Glimt frå 2021 Innhald Kommmunedirektøren si leiargruppe og organisasjonskart Kommunedirektøren ser attende – 2021 Befolkningsutvikling Mål og resultat Prioriteringar Svømmeopplæring for førskulebarn Skulemiljø Bruk av digitale hjelpemiddel i skulen Fagfornyinga av skulen Nytt saks- og arkivsystem Overgang til Microsoft 365 Streaming Leve hele livet Berekraftig bufellesskap og avlasting Nye arbeidstidsordningar Digitalisering og bruk av velferdsteknologi Satsing på kompetanseheving om demens Jobbspesialist i NAV og prosjektet Levele Helsestasjonen Årsrekneskap Organisasjonen Tenesteområde Oppvekst og utdanning Tenesteområde Helse og omsorg Tenesteområde Miljø- og sammfunnsutvikling Kommunedirektør, stab og politikk Politisk aktivitet Oversikt over interkommunale samarbeid og andre samarbeidsavtaler Glimt frå 2020

5 6 10 15 16 16 16 18 20 26 26 26 26 31 32 33 34 36 38 40 58 64 86 98 114 115 116 118


Årsmelding 2019 2021

|

5

KOMMUNEDIREKTØREN SI LEIARGRUPPE OG ORGANISASJONSKART

Kommunedirektør Ivar Bø

Økonomi Odd Gudbrand Aamodt

Personal og org.utvikling Elin Bakke

Kommunalsjef Oppvekst og utdanning Unnvald Bakke

- Grunnskule - Kulturskule - Barnehage - Bibliotek - IT - Servicetorget - Flyktningteneste/ vaksenopplæring

Kommunalsjef Helse og omsorg IngerHilde Helene Brandsar Reitan

Kommunalsjef Miljø- og samfunnsutvikling Roger Johannesen Eli Johanne Lundemo

- Helsetenester - Skjåkheimen - Heimetenester - Miljøarbeiderteneste - Tildeling - Psykisk helse - Barnevern - NAV

- Næring, utvikling og kultur - Landbruk Plan,og byggsak - Plan miljø og miljø - Natur- og kraftforvaltning og beredskap - Teknisk - Informasjon/ kommunikasjon


6

|

Årsmelding 2021

Kommunedirektøren ser attende - 2021 Vi kan sjå attende på året 2021 som eit innhaldsrikt år. Skjåk og heile verda har vore prega av ein usikker situasjon som følgje av spreiing av viruset Covid-19. Skjåk kommune er ein god kommune å bu og leve i! Vi må derfor ha trua på at alle aktørar skal komme seg gjennom denne krisa vi no står i på ein måte som legg grunnlaget for ny vekst. Det har vore sett inn kraftfulle tiltak for å avgrense smittespreiing og fleire krisepakker for å kompensere for dei tapa næringslivet lid som følgje av situasjonen. Samstundes som vi alle har vore sterkt prega av covid-19 pandemien har det skjedd mykje i Skjåk i 2021. Det er spesielt å skulle summere opp 2021 under desse omstenda. Eg kan ikkje få takka personalet

i kommunen nok, som utfører eit svært godt arbeid vi alle kan vere stolte av. Her kan nemnast forebyggande smitteverntiltak, kreative tiltak på tvers av tenesteområda, deltaking i digitale møte, arbeid frå heimekontor samstundes som den ordinære drifta har gått sin gang. Både personalet og politikarane har synt ein fleksibilitet og ei tilpassing som har imponert meg. Det er også spesielt gledeleg å kunne presentere eit svært positivt økonomisk resultat for politikarane i kommunen. Kommunedirektøren legg med dette fram årsmeldinga for 2021. Gjennom årsmeldinga beskriv ein omfang og resultat, utviklingstrekk og viktige hendingar i løpet av året.


Årsmelding 2021

Økonomi Det kommunale driftsnivået er framleis høgt, og på en del område også samanlikna med andre kommunar. Vi må derfor vere budd på å halde fram med omstilling. Kommunen – politikarar og tilsette - har høge ambisjonar og det er derfor eit krevjande arbeid å utnytte ressursane mest mogleg effektivt. Innbyggjarar og næringsliv har også store forventningar til oss, noko som er motiverande når vi saman skal jobbe for å gjere Skjåk til ein god stad å bu og å drive næringsverksemd i. Særleg når tidene er usikre er det viktig at vi står saman om dette. Økonomisk sett var 2021 eit positivt år for Skjåk kommune.

Overskotet blei på 14,7 millionar kroner og korrigert netto driftsresultat blei over 26,2 millionar kroner, som utgjer 5,9 % i høve til omsetnaden. Dette er høgare enn måla i handlingsregelen, som på sikt er 3 %. Skjåk kommune har dermed eit svært godt resultat i 2021, til tross for at kostnadssida er høgare enn budsjettert og at vi har høg reguleringspremie på pensjon. Mange inntektspostar, godt finansresultat og mindre overføringar til investering, løftar netto driftsresultat og overskot. Sjukefråvær I Skjåk har vi i mange år hatt eit høgt nærvær. Innsatsen for å auke nærværet eller redusere sjukefråværet er viktig. Dette er eit tema kommunedirektøren kontinuerleg har på dagsordenen. Både i 2020 og 2021 hadde vi eit høgt sjukefråvær. Det er sett eit mål for kommunen sitt samla sjukefråvær på 6 %. I 2021 har vi hatt eit synkande fråvær, og det samla resultatet for 2021 er på 8,7%. Dette er framleis eit høgare fråvær enn det vi hadde før pandemien, men vi ser at og mange andre kommunar har hatt eit ganske høgt fråvær i 2021. I Skjåk er det ein del koronarelatert fråvær gjennom året

vi har bak oss, og mellom anna pleie og omsorg hadde ei auke rundt smitteutbrotet hausten 2021. Endringar i toppleiinga Det har vore endringar i kommunen si toppleiing i 2021. Johannes Bjarne Alme var konstituert som kommunalsjef for Miljø og samfunnsutvikling fram til juni, då Roger Johansen tok til i stillinga. Barn og unge For skuleåret 2020-21 ligg grunnskulepoenga i Skjåk på eit gjennomsnitt som er 43,5. Landsgjennomsnittet i same periode er 43,3. Grunnskulepoeng som ligg over landsgjennomsnittet er det er grunn til å vere tilfreds med samstundes som dette også ligg innanfor målsettingane som er sett. Utfordinga er som tidlegare begynnaropplæringa eller dei fyrste åra. Resultata frå nasjonale prøver i 5. klasse er framleis ikkje gode nok. Koronasituasjonen har vore utfordrande for mange, ikkje minst for ein del av elevane. Lærarane har teke utfordringane og lagt om undervising slik at den har blitt tilrettelagt for heimeundervising frå starten. Men vi ser fleire teikn på at stenginga av skulen har vore utfordrande for fleire av elevane. Det er utfordringar i elevmiljøet som krev betydeleg innsats. Det er grunn til å rose alle tenestene som bidreg i arbeidet med å gjere elevmiljøet trygt og godt for alle. Resultata frå foreldreundersøkinga i barnehagen er gode, samanlikna med andre kommunar. Det som skil seg ut er informasjon. I 2021 er det satsa på forbetring av kommunikasjon mellom barnehage og heim gjennom Visma flyt barnehage og tilrettelegging av dialog via mobil. St.m.15 Leve hele livet Kvalitetsreforma Leve hele livet blei lansert

|

7


8

|

Årsmelding 2021

i mai 2018 og skal bidra til ein god alderdom, at ein kan meistre livet lenger og at eldre har tryggleik for at dei får god hjelp når dei har behov for det. Målgruppa for Leve hele livet-reformen er alle over 65 år, både dei som bur heime og dei som bur på institusjon. Kommunen må i større grad legge til rette for at fleire kan bu heime lenger. Leve hele livet er ei reform for alle som jobbar i helse- og omsorgstenesta. Den skal også inspirere til å finne nye arbeidstidsordningar og ta i bruk ny teknologi, nye metodar og løysingar. I Skjåk kommune har politikarar, frivillige og tilsette møtt kvarandre aktivt i 2021 for å få kunnskap om reforma, og arbeide i fellesskap for å forme kva Leve hele livet skal tyde for innbyggjarane i Skjåk. Kommunestyret vedtok strategi for innføring av Leve hele livet 28. oktober 2021, som legg grunnlaget for at kommunen skal utforme 6 – 8 konkrete tiltak som vil bidra til at reforma blir innført i Skjåk. Næringslivet i Skjåk Næringslivet i Skjåk er svært allsidig og spennande. Kommunen bidreg med fyrstelineteneste til gründerar og bedrifter som skal utvide eller ruste opp driftsapparatet sitt. Dette gjeld både tilleggsnæringar i landbruket og for andre som skal ruste opp og investere. Det er godt samarbeid mellom lokalbank, Innovasjon Norge og kommunen. Det er fleire unge folk som satsar i landbruket. Det er 2 mjølkefjøs med robot som vart ferdige i 2021 og 2 er under oppføring. Det er sendt inn 6

søknadar om stønad til bygging av fjøs til Innovasjon Norge. Det er godt samarbeid mellom Innovasjon Norge, lokalbanken og landbrukskontoret. I 2021 var det arbeid med både næringog omdømmestrategi for Skjåk. Det blir viktig å implementere strategiane for å lykkast med arbeidet. Det vart gjennomført eit nabobesøk til Stryn for næringslivet, politikarane og administrasjonen. Dette til inspirasjon og for å finne fleire samarbeidsområde og tiltak. Det vart ein god turistsesong med rekordbesøk i Skjåk, og kommunen var på topp 10 i landet i auke i kortbruk. Internkontroll Som kommunedirektør har eg eit ansvar for å føre kontroll med eigen verksemd for å sikre at lover og forskrifter følgjast. Kommunelova set konkrete krav om kva dette inneber. Underteikna hadde i eit ekstra fokus på dette i 2021. Hausten 2021 vart arbeidet med internkontroll og GDPR i Skjåk kommune styrka med ekstra resursar. Arbeidet med internkontroll og GDPR fokusere på desse områda: • Sikre eit system for handsaming av avvik • Etablering av eit einheitleg system for prosedyrar og rutinar • Systematisk risikovurdering av eigen verksemd • Rutinar som sikrar korrekt handsaming av personopplysningar

Skjåk kommune har god nytte av eit eige

Reformperioda for Leve hele livet er frå 2019-2023. Følgande tidsplan er skissert i stortingsmeldinga:

Fase 1 2019

• Informasjon • Spredning • Oppstart

Fase 2 2019–20

• Kartlegging • Planlegging • Beslutninger

Fase 3 2020–23

• Gjennomføring • Implementering • Rapportering

Fase 4 2023

• Evaluering • Forbedring


Årsmelding 2021

IT-verktøy som er med å sikra at internkontrollen vert ivareteken. Det kan rapporterast om god progresjon i arbeidet • RV-15 RV-15 er det viktigaste sambandet mellom aust og vest for Nordfjord, store delar av søre Sunnmøre og delar av Gudbrandsdalen. Vinterstid er vegen ofte stengt på grunn av ras og rasfare. Særleg tunnelane har ein standard som ikkje er akseptabel. Vegen og ny tunell vart ikkje med i førre regjering sitt framlegg til ny Nasjonal Transportplan. Etter sterkt lokalt press vart det likevel fleirtal på Stortinget for å ta den med. Dette er eit godt døme på at det hjelper å jobbe aktivt på tvers av fylke- og kommunegrenser. Statens vegvesen har tidlegare sagt dei har kapasitet til å starte opp planarbeidet, så vi får håpe dette er noko vi kjem i gang med allereie i 2022. Flaumførebygging rundt Bismo Berekningar syner at flaumførebygging rundt Bismo vil kunne bli om lag 2,5 km lang og vil vera 3 meter brei på toppen. På det høgaste vil flaumvollen vere 2-2,5 meter over eksisterande bakkenivå. Kostnadsoverslag og nytte/kost berekning vart sendt ut på høyring i 2021.

•

•

•

•

•

mellom sau og jerv i utmark» kom til etter stadig aukande tap av sau til rovdyr som i hovudsak er jerv. Prosjektet «Laus ku og framtidstru» går sin gang, og det er etter kvart mange bruk som har fått rettleiing , delfinansiert konsulenthjelp og utarbeida driftsplanar gjennom prosjektet. OKB-museet vart opna sommaren 2021. Det har vorte ein fin møteplass i bygda for folk i alle aldrar. Hausttakk 2021 vart ein stor folkefest. Det var rekordstor deltaking av både utstillarar og besøkjande. Helsesjukepleiar gjennomfører språktesten for 4-åringane i barnehagen i samråd med føresette og tilsette i barnehagane. I løpet av 2021 er det etablert system for streaming av kommunestyremøta. Sendingane frå møta verkar vere populære og godt besøkte. I 2021 vart dei første husa i Skei-3 påbegynt.

|

9

KOMMUNEDIREKTØREN SI LEIARG Dette er berre noko av det som skjedde i kommunen i 2021. Takk til alle tilsette i Skjåk kommune for innsatsen, det er dykk OG ORGANISASJONSKART som skapar innhaldet i den gode

Det er dei små tiltaka som utgjer den store forskjellen Det er eit stort engasjement og kreativ aktivitet i kommunen. I den samanheng kan ein trekke fram nokre eksempel på det gode arbeidet. • Det er eit stort fokus på å sørgje for gode aktivitetar i sjukeheimen som t.d. bowling og sykling. • Hausten 2021 starta vi eit prosjekt som vert kalla «klare sjølv», som handlar om velferdsteknologiske løysingar for unge og vaksne. • Prosjektet «Berekraftig sameksistens

kommunen.

Kommunedirektør Ivar Bø Ivar Bø Kommunedirektør


10

|

Årsmelding 2021

//

Befolkningsutvikling

01

Befolkningsutvikling Som oversikta under viser, har Skjåk kommune hatt ei negativ folketalsutvikling dei siste ti åra under eitt. Det er ikkje ein enkel grunn til dette, men kombinasjonen av negativt fødselsoverskot (fleire døde enn fødde), at unge flytter ut for å ta utdanning og får arbeid der etter ferdig utdanning er ein stor del av forklaringa. For mange bygder som Skjåk har dette vore utviklinga dei seinare åra, ikkje minst gjed dette for mange av kommunane i Innlandet. Da flyktningestraumen var på det høgaste i 2015, klarte busetting av flyktningar å kompensere for ein del av folketalstapet. Etter at dei er ferdige med det treårige introduksjonsprogrammet, er det mange som flytter ut, særleg til dei større byane. Mange ungdomar reiser ut for å ta utdanning og kjem ikkje att fordi det ikkje er tilpassa arbeid til dei. Denne erfaringa deler Skjåk med svært mange kommunar i same situasjon. Den største aldersgruppa er 45–69-åringane. Det er i denne gruppa mobiliteten er lågast. Har du passert 50 og bur i Skjåk, så er det sannsynleg at du blir buande i Skjåk resten av levetida. Skjåk har mange eldre over 80 år, og dette har auka dei siste ti åra. Eit fenomen er at blant dei over 80 år er ein langt høgare del kvinner enn menn. Dette er ikkje overraskande sidan kvinner generelt lever lengre enn menn.

Framskriving av befolkningsutviklinga i Skjåk Framskrivinga under viser at utviklinga vil halde fram, men i tillegg til sjølve nedgangen er det endringar i samansetting som gjev stor grunn til merksemd. Den yrkesaktive delen av befolkninga kan nemleg koma til å gå ned med om lag 250 personar samtidig som talet på pensjonistar aukar med om lag 110, og heile auken blant pensjonistane kjem i aldersgruppa 80 år + (Data frå SSB).


Årsmelding 2021

|

11

Folketalsutvikling 2500

2000

1500 80 år eller eldre 70–79 år

1000

45–69 år 35–44 år

500

25–34 år 0–24 år

0 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021

Folketalsframskriving 2200

2143

2101

2064

2032

2002

2025

2030

2035

2040

2000 1800 1600 1400 1200 1000 800 600 400 200 0

2020

Figuren over viser folketalsprognose fram til 2040. Sjølv om utviklinga kan synast dyster, er det ein peikepinn om at kommunen må halde fram med eit målretta arbeid for at folk vil ønskje å busette seg i Skjåk.


12

|

Årsmelding 2021

//

Befolkningsutvikling

Det er gledeleg å sjå at yngre med høg kompetanse er interesserte og finn glede av å bu i Skjåk og ta del av samfunnslivet her. Har du passert 50 og bur i Skjåk, så er det sannsynleg at du blir buande i Skjåk resten av levetida.

Skjåk har ein høg del eldre over 80 år, og dette har auka dei siste ti åra.


Årsmelding 2021

|

13

800 700 600 500 400 2020

300

2025

200

2030

100

2035

0

2040 0-17 år

18-49 år

50-66 år

67-79 år

80-89 år

90 år og eldre

Figuren over viser at nedgangen er størst i gruppa 18-66 år, altså den yrkesaktive delen av befolkninga. Det er viktig å skape arbeidsplassar, gode bumiljø og ikkje minst gode tenester.

Skjåk kommune må i si planlegging og i sine strategiske val, legge dei forventa endringane i demografien til grunn. Dette viser at kommuneplanens bodskap om at det er viktig å etablere gode nærmiljø, gode tenester og ikkje minst arbeidsplassar, er faktorar for å få til ei meir positiv utvikling i folketalet. Det er omfattande arbeid, som ikkje er løyst på ein dag.

Samfunnsdelen av den rullerte kommuneplanen for Skjåk kommune er vedteken for planperioden 2017-2028. Føresetnaden er at planen skal rullerast i kvar kommunestyreperiode. I rullert plan blir det peikt på utfordringar knytt til folketalsutvikling og ei skeiv folketalssamansetjing, klima og miljø og migrasjon.


14

|

Årsmelding 2021

//

Mål og resultat

02

Mål og resultat Kommunen sine utfordringar, innsatsområde og strategiske mål 2021 – 2028 og prioriteringar for 2021 er i forankra i dokumenta Kommuneplanen 2017-2028 og Økonomiplan og budsjett 2021 – 2024.

Strategiske mål 2021–2028 Skjåk kommune har godt utbygde kommunale tenester. Ressursinnsatsen er høg samanlikna med mange andre kommunar. Skjåk kommune prioriterer tiltak som skal gjere Skjåk til ein meir attraktiv plass å bu. Kommunen har eit aktivt samarbeid med andre kommunar i regionen, og dette er naudsynt for å sikre innbyggjarane gode tenester.


Årsmelding 2021

|

STRATEGISK MÅL 2021–2028 1. Resultat – økonomi Økonomiplan og budsjett 2021 – 2024 har eit vedtak om at kommunen skal ha eit positivt netto driftsresultat for alle åra, jamfør KST sak 82/18. I 2021 skal netto driftsresultat utgjere minst 1 % av kommunens driftsinntekter. Resultat: Netto driftsresultat for 2021 er på 5,9 % 2. Samarbeid med andre Skjåk kommune skal vere ein aktiv pådrivar og deltakar i regional utvikling og samarbeid så lenge dette er formålstenleg. Kommunen skal styrke samarbeidet vestover. Kommunen innleiar samarbeid med nabokommunane når dette er naudsynt for å gje effektive tenester av høg kvalitet. 3. Klima, miljø, naturforvaltning og samfunnstryggleik • Kommunen skal vera klimanøytral innan 2025, dette må gå att i alt planarbeid • Skjåk skal vere ein trygg og sikker kommune og skal både førebygge og vere budde på ulykker og katastrofar • Kommunen skal satse på auka grøn og berekraftig verdiskaping basert på naturgjevne fortrinn • Ein berekraftig velferd og lokal trivsel • Oppdatert klimaplan 4. Flyktningar God integrering av flyktningane, med gode bustader, tilpassa opplæring og tilfredstillande barnepass. 5. Barn og unge Barn og unge skal ha eit godt oppvekstmiljø som styrkar heimstadkjensla og som gjev gode, trygge og stimulerande oppvekstvilkår der det blir lagt til rette for leik og læring i trygge omgjevnader. Det skal leggast vekt på førebygging og tidleg innsats. Dette vil styrke heimstadkjensla. 6. Helse- og omsorg Fagleg gode og målretta tenester og eit godt samspel med spesialisthelsetenestene slik at innbyggjarane får dei tenestene dei treng – på rett nivå. 7. Samfunns- og næringsutvikling Ein vekst i sysselsetting på 10 årsverk per år fram til 2028, til saman 100 årsverk i perioden. Dette kan skje gjennom utviding av eksisterande verksemder, gjennom nyetableringar og gjennom auka kommunal aktivitet. Innbyggjarane skal ha eit breitt tilbod av kulturaktivitetar og folkehelsetilbod. Det skal leggjast til rette for aktivitetar og nærmiljøanlegg der folk bur. Potensialet for kultur i næring må utnyttast.

15


16

|

Årsmelding 2021

03

Prioriteringar 2021 Svømmeopplæring for førskulebarn Fylkesmannen deler årleg ut tilskot til kommunar og frivillige organisasjonar, slik at dei kan gjennomføre svømmeopplæring for barn i barnehage. Det er nå det tredje året dei kommunale barnehagane i Skjåk har søkt og fått midlar til å gjennomføre dette prosjektet.

Hovudmålet er å lage eit system for å få eit godt miljø på skulen frå 1. – 10. klasse. Vi ynskjer å få lagt til rette for at vi får barn og unge som er robuste og trygge på seg sjølve, tek vare på andre og kan skape eit inkluderande miljø. Våren 2021 vart det arbeidd med ein visjon for skulen – Robust og positiv.

Hovudintensjonen er å gjere barna trygge i vatn og fremje svømmedugleiken.

Rettleiaren for aktivitetsplikta er ein nyttig reiskap for oss i skulen, samstundes som vi ser at vi må utvikle praksisen vår vidare. Det er viktig å halde fram med arbeidet med eit felles elevsyn. Dette året har vi hatt fokus på relasjonsarbeid og måten vi møter elevane på, og vi har hatt fokus på relasjonar elevane i mellom. PPT og barnevern har vore inne og rettleia personalet, og dei har også vore med på foreldremøte. I dette arbeidet er foreldre ein viktig samarbeidspartnar, og dette samarbeidet blir like viktig framover.

Opplæringa fokuserer mykje på vasstilvenning og det som er oppstarten i «skilpaddekurset». Det er mellom anna dykking, å flyte, få vatn i ansiktet og å gli fram i vatnet. Meir om dette kan ein lese på nettsidene til Norges svømmeforbund: «Trygg i vatn». Etter at barna har vore i svømmehallen ein dag i veka gjennom 10 veker, er det artig å sjå utviklinga. Ikkje berre når det gjeld byrjande svømmeferdigheiter og tryggleik i vatnet, men også når det gjeld å kle av-og-på seg og å halde styr på og orden i eigne saker i dusj og garderobe. Dette er læring som kjem godt med når ein startar på skulen. Skulemiljø Barnehage- og skulemiljø er framleis eit av satsingsområda våre. I skulen har vi arbeidd med å få ein felles praksis og ei felles forståing for dette fagfeltet.

Den nasjonale satsinga «Inkluderande barnehage- og skulemiljø» vart fullført i løpet av 2020. Det kompetanseløftet denne satsinga gav er grunnlaget for arbeidet med barnehage- og skulemiljøet. Dette er eit arbeid som både inneheld generelle utfordringar (kollektive utfordringar i etablering av rutinar og felles handlingsmønster i ulike situasjonar), konkrete utfordringar (for eksempel knytt til elevgrupper) og utfordringar i å implementere felles haldningar i praksis.


Foto: Skjåk barne- og ungdomsskule

Årsmelding 2021

Frå teori til praksis.

|

17


18

|

Årsmelding 2021

Dette er eit kontinuerleg arbeid som vi aldri blir ferdige med. Det vil stadig dukke opp situasjonar og utfordringar som krev at vi tek opp att refleksjonar rundt situasjonar som oppstår.

//

Prioriteringar

Digital kompetanse er ein av fem definerte grunnleggande kompetansar i grunnskulen.

Mål for satsinga er eit miljø som fremjar god psykisk helse: • Alle skal oppleve å bli sett • Styrke emosjonell kompetanse og empati • Felles fagspråk og forståing • Kunnskap om kva som fremjar inkluderande miljø • Kollektiv handlingskompetanse hjå tilsette for å ta tak i situasjonar som oppstår • Styrke samarbeid barnehage/skule og heim

Bruk av digitale hjelpemiddel i skulen Arbeid med å utvikle digitale hjelpemiddel har vore vidareført i 2021. Innføring av nettbrett på ungdomssteget er ferdig, sjølv om det på grunn av pandemien vart ei anna opplæring enn for barnesteget. I tillegg til nettbrett har ungdomssteget også brukt gamle pc-ar.

It's learning er ute som læringsplattform for ungdomssteget, her brukar skulen Teams. Barnesteget brukar Showbie. Skulen har også prøvd ut ein del nettressursar. Samla erfaring så langt, viser at ein kan ikkje velja det eine eller det andre. Undervisninga skal vera variert, og elevane skal kunne lære på den måten som er best for kvar enkelt. Det ideelle for elevane er derfor litt av alt. Skulen ser at det er viktig med lærebøker, samstundes som digitale ressursar har mange positive sider, blant anna med rask tilbakemelding på oppgåver. Det er fint å skrive på eit tastatur, men ein må også skrive og teikne for hand.

Nettbrettet passar godt på barnesteget, mens ein ser at pc er vel så tenleg på ungdomssteget. Elevane må lære seg bruk av både nettbrett og pc. Nettbrett er lett å bruke når ein skal finne informasjon. Pc har ein fordel når ein skal produsere tekst. Det blir derfor ei oppgåve vidare framover å finne balansen i dette.

Skulen har framleis eit etterslep på kompetanse og teknisk kunnskap. Målet med satsing på digitale verktøy er framleis at ein innfrir krav i læreplanen om ein aktiv elev som tileignar seg og brukar kunnskap og ferdigheiter til å meistre og løyse oppgåver i kjente og ukjente samanhengar og situasjonar, og å kunne forstå og ha evne til refleksjon og kritisk tenking.


Årsmelding 2021

|

19

Elevane skal ha digitale ferdigheiter som gjer dei i stand til å oppleve livsmeistring og lukkast i vidaregåande utdanning, arbeid og deltaking i samfunnet.

Foto: Skjåk barne- og ungdomsskule

IKT skal nyttast godt i orginaseringa og gjennomføringa av opplæringa for å auke elevane sitt læringsutbytte.


20

|

Årsmelding 2021

//

Fagfornyina i skulen Fagfornyinga og nye læreplanar i skulen vart innført for 1.-9. trinn i 2020 og for alle trinn frå 2021. Arbeidet med implementering av dei nye fagplanane og arbeidet med kjerneelement, «dybdelæring», tverrfaglege emne, nye emne og vidareutvikling av vurderingsarbeidet er sentralt i fagfornyinga. Dette er eit arbeid som vil vere i kontinuerleg utvikling i skulen. Målet er å vidareutvikle eit profesjonsfellesskap med klasseromspraksis i tråd med fagfornyinga.

Grønsakhage Skulen får bruke eit område i Gamleheimstrædet der vi har laga ein grønsakhage. Våren 2021 vart området rydda på dugnad med hjelp både frå elevar og foreldre. Arbeidslivsfagselevar stod for inngjerdinga. 5. og 8. klasse sådde grønsaker, og dei stod for vatninga gjennom sommaren. Haust 2021 hadde dei vorte 6. og 9. klasse med mat og helse på timeplanen, og nå kunne dei hauste grønsaker dei sjølve hadde dyrka til matlaginga.

Arbeid i 2021: Arbeidet med ny læreplan held fram. Felles forståing for korleis vi tolkar innhaldet i planane er svært viktig. Skulen har fortsett arbeidet med profesjonsfellesskapet, kunnskapssynet i læreplanen og arbeidet med dei ulike fagplanane. Her har skulen hatt fokus på formålet med faget og kjerneelement. Elevane skal tileigne seg kunnskap, men like viktig er det at dei utviklar ferdigheiter og meistrar å bruke kunnskap og ferdigheiter i kjente og ukjente samanhengar. Eit mål framover er å få planar over læringsløpet frå 1. – 10. klasse med progresjon både fagleg og sosialt.

Foto: Skjåk barne- og ungdomsskule

Utdanningsdirektoratet sine kompetansepakkar er viktige ressursar som skulen nyttar seg av i dette arbeidet. Frå teori til praksis. Læreplanen legg vekt på ei praktisk tilnærming til teoristoff, og elevane skal også få utvikla ferdigheiter gjennom praktiske oppgåver. Skulen arbeider med å utvikle tverrfaglege opplegg der teori og praksis skal gå hand i hand.

Prioriteringar


Årsmelding 2021

|

21

Foto: Skjåk barne- og ungdomsskule

First Lego League Challenge Ei gruppe på ungdomssteget som har valfag programmering, har vore med i First Lego League Challenge. Dette er ein konkurranse med ein teoretisk og ein praktisk del. Den praktiske delen er knytt opp mot reelle utfordringar eller fornyingar / forbetringar i samfunnet. Den teoretiske delen er ein forskingsdel der elevane finn problemstilling til årets tema samt ei løysing på denne. Her brukar dei både kunnskap og ferdigheiter for å få kompetanse til å løyse problemet. I 2021 var oppdraget Cargo Connect. Dei arbeider etter nokre kjerneverdiar som gjennomsyrar både den teoretiske og den praktiske delen:

Oppdaging – utforsking av nye kunnskapar og idear Innovasjon – bruke kreativitet og uthald for å løyse problem Innverknad – bruke det ein lærer for å forbetre verda Inkludering – respektere kvarandre og omfamne ulikheiter

Foto: Skjåk barne- og ungdomsskule

Lagarbeid – ein er sterkare når ein arbeider saman Moro – ein skal ha det artig Skjåk fekk ein pris i denne konkurransen, 2. premie i prosjektoppgåva.


Foto: Green Cameleon / Unsplash

22

|

Årsmelding 2021

//

Prioriteringar


Årsmelding 2021

|

23

DEKOMP (Desentralisert kompetanseheving) Staten har organisert det skulebaserte utviklingsarbeidet i DEKOMP. Satsinga er delvis koordinert og administrert gjennom Statsforvaltaren og er vidare organisert i regionale samarbeid i fylket. Kvar region er knytt opp til eit høgskulemiljø som skal levere det faglege innhaldet i utviklingsarbeidet. Nord-Gudbrandsdal er knytt til Høgskulen i Innlandet (HINN).

Regionen har etablert leiarnettverk, der rektorane og ressurspersonar frå kvar skule møtest for erfaringsdeling og fagleg rettleiing frå HINN. Mellom samlingane arbeider skulane med oppgåver til neste samling. Desse samlingane har vore gjennomført digitalt i 2020. Arbeidet gjennom DEKOMP har delvis vorte prega av pandemien. Den har til tider gjeve rammer som har hindra gjennomføring av tiltak slik det har vore tenkt. Regionen får tilført betydelege middel til arbeidet. Desse midla blir nytta til felles kompetansetiltak og nettverk i regionen, og fordelt til kommunale tiltak i samarbeid med HINN (Høgskulen i Innlandet).

Foto: Skjåk barne- og ungdomsskule

Lektor2 – Samarbeid med arbeidslivet om undervising i realfag I samarbeid utviklar skule og samarbeidspartnaren undervisingsopplegg med fokus på å nytte realfag. Dette skal bidra til læringa for eleven, og det skal gje motivasjon for realfag.

Skulen sin samarbeidspartnar er Skjåk Almenning, og oppdraget frå dei går ut på å forbetre beiteområde for elg og rype. Utifrå ein teori om at moderne skogsdrift kanskje har endra noko på beiteområdet, skal elevane forske på dette ved at dei skal friske opp eit gammalt beiteområde til nytt. I forkant må dei setja seg inn i statistikk,


24

|

Årsmelding 2021

og dei må gjera fysiske endringar i eit område. Deretter skal dei fylgje med over tid for å sjå om bestanden aukar. Oppdraget er noko Skjåk Almenning treng hjelp til, det er ikkje spesielt laga for skulen. Det elevane finn ut, vil vera nyttig for bedrifta. Dette vil vera eit langsiktig prosjekt, noko ein må fylgje over tid. Ein må investere i utstyr som krafser, sakser og viltkamera. Det er 8. klasse som begynner, og dei vil fylgje det gjennom fleire år. Det er lærarane som fylgjer opp elevane. REKOMP (Regional kompetanseheving) Staten har organisert det barnehagebaserte utviklingsprogrammet i REKOMP. Satsinga har vore organisert noko ulikt DEKOMP, på den måten at statsforvaltaren har ei større rolle. Dette for betre å ivareta både kommunale og private barnehagar.

I Nord-Gudbrandsdal er dette organisert i eit felles regionalt leiarnettverk for barnehagane med HINN som fagleg leverandør. Det har vore liten aktivitet i 2021, hovudsakleg på grunn av pandemien. Men på same måte som i DEKOMP for skulen, blir det tilført middel til regionen for å gjennomføre utviklingsarbeid og kompetanseheving. Delar av dette blir nytta til gjennomføring av det regionale nettverk for barnehagane. Men det kan og avsettast middel til konkrete kompetansehevande tiltak i den enkelte barnehage.

//

Prioriteringar

Vidareutdanning av lærarar Kompetanse for kvalitet er ei nasjonal satsing på vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar fram mot 2025. Den er utvikla i samarbeid mellom KS, arbeidstakarorganisasjonane, lærarutdanningane og Kunnskapsdepartementet.

Målgruppene for vidareutdanningsordninga er lærarar i heile grunnopplæringa, inkludert lærarar som underviser vaksne på grunnopplæringsnivå, lærarar på kulturskular og i vaksenopplæring. Utdanninga gjev studiepoeng og formell undervisingskompetanse i fag.

Skjåk kommune har delteke i vidareutdanning på desse områda sidan 2015:

Tal på lærarar

Fag

2015

3

Rådgjeving, musikk og norsk

2016

1

Tysk

2017

1

Mat og helse

2018

6

Andre-språkpedagogikk, kunst og handverk, profesjonsfagleg digital kompetanse og kroppsøving

2019

3

Karriererettleiing, kunst og handverk og kroppsøving 2.

2020

4

Engelsk, norsk, friluftsliv og kroppsøving

2021

4

Friluftsliv, erfaringsbasert master lærarspesialist og tysk


Årsmelding 2021

|

25

Skulen sin samarbeidspartnar er Skjåk Almenning, og oppdraget frå dei går ut på å forbetre beiteområde for elg og rype. Foto: Skjåk Almenning

I 2012 hadde vi to rektorar på rektorutdanning og i 2015 ein styrar på styrarutdanning. Utdanning innanfor ordninga blir delfinansiert gjennom at studieplassen er betalt av staten, kommunane får tilskot til vikarutgiftene, eller deltakarane kan velje å ta permisjon utan løn for så å få statleg stipend i studietida (normalt eit skuleår).

Kommunen dekker reise og opphaldsutgifter for deltakarane. Prioritering frå kommunen si side blir gjort etter drøfting med tillitsvalde.


26

|

Årsmelding 2021

//

Prioriteringar

Nytt saks- og arkivsystem Elements vart innført som nytt saks- og arkivsystem frå 2021. Arkivpersonell, utvalssekretærar og saksbehandlarar har måtta venje seg til bruk av eit nytt verktøy.

Det har vore utfordringar i overgangen, men det har gått seg til etter kvart både i administrasjon og politikk. Utsending av saksdokument, gjennomføring av møte, ferdigstilling av protokollar og publisering av møteinnkallingar og protokollar fungerer godt gjennom FirstAgenda og på heimesida. Overgang til Microsoft 365 Våren 2021 gjekk vi over til Microsoft 365 i regionsamarbeidet. Skulane hadde alt teke denne sky-baserte nettversjonen i bruk. Ved å ta i bruk sky-løysinga fekk vi tilgang til delar av den nyaste funksjonaliteten i nettkommunikasjon.

Vi gjekk for eksempel over til å gjennomføre digitale møte på Teams. Overgang frå ulike system er alltid krevjande, men fordelane ved det nye er tydelege. Streaming Gjennomføring av streaming frå kommunestyret er kome på plass i løpet av 2021. Kommunen har fått eit system som verkar å fungere godt. Inntrykket er at det er mange som er innom sendinga frå kommunestyret. Men vi har framleis utviklingspotensiale på området.

Leve hele livet Regjeringa la i 2018 frem kvalitetsreforma i st.m. 15 Leve hele livet. Målet er at alle eldre skal få betre hjelp og støtte til å meistre livet. Leve hele livet handlar om dei grunnleggande tinga som oftast sviktar i tilbodet til eldre: mat, aktivitet og fellesskap, helsehjelp og samanheng i tenestene. Reforma Leve hele livet skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger, ha tryggleik for at dei får god hjelp når dei har behov for det, at pårørande kan bidra utan at dei blir utslitne og at tilsette kan bruke sin kompetanse i tenestene.


Årsmelding 2021

|

27

Fungerande leiar for hovudutvalet for helse, omsorg, oppvekst og kultur innleia i samlinga 10. september 2021. KS-rådgjevar Kristin M. Lorentzen synleggjorde korleis framtidas demografi blir i Skjåk. Samlinga involverte tilsette, leiarar, frivillige organisasjonar og politikarar som alle hadde særskilt interesse for korleis st.m. 15 skal formast i Skjåk kommune.

Leve hele livet kan samlast i nokre hovudtema som til saman vil bidra til å gi eldre og deira pårørande høve til å velje: • • • •

Matglede og ernæring Aktivitet og fellesskap Pårørandeomsorg Heilskaplege helsetenester

Matglede og ernæring I Skjåk har vi fokus på å utvikle tenestene våre i tråd med reforma. Vi har stort fokus på ernæring og matglede. Kjøkenet på Skjåkheimen produserer heimelaga mat av høg kvalitet med råvarar i all hovudsak frå lokale produsentar. Kommunen tilbyr bebuarane på institusjon eit ekstra måltid, og dei får no servert lunsj kvar dag. Middagsserveringa er flytta til kl. 15.30 kvar dag. Kjøkenet på Skjåkheimen fekk fyrstepris i 2015 i konkurransen «Gylne måltidsøyeblikk» i Oppland. Kjøkenet arbeider stadig for å utvikle seg fagleg, og har tett samarbeid med tenestene for å sikre praktiske og fagleg gode tenester.


28

|

Årsmelding 2021

Aktivitet og fellesskap Vi har stort fokus på sørgje for gode aktivitetar i sjukeheimen. Skjåk kommune søkte om midlar og fekk tildelt 508.000 kroner til å sørgje for aktivitetar og motverke einsemd i samband med pandemien. Desse midlane blir mellom anna brukt til besøksverter som har dagaktivitetar på institusjon og i omsorgsbustadane. Vi har gjennom året hatt stort fokus på aktivitetar som t.d. bowling og digitale spill. Pårørandeomsorg Skjåk kommune er opptekne av å ta vare på dei pårørande gjennom å vise omsorg for den som yter omsorg så dei ikkje slit seg ut. Det er eit tett samarbeid mellom pårørande og tilsette i helse- og omsorgstenestene, og kommunen tilbyr avlastingstiltak som bidreg til å legge til rette for at fleire kan bu heime lenger i lag med sine nærmaste. Det kan vere individuelt kva som avlastar i ein heim. Nokre tiltak kommunen yter er: • Dagtilbod • Støttekontakt • Heimesjukepleie i form av helsetenester og personleg assistanse i heimen • Avlastingsopphald i sjukeheimen • Omsorgsstønad, i form av ei økonomisk stønad til omsorgsytar

Dagtilbodet har ikkje vore i funksjon i 2020 i særleg grad, og er eit tilbod vi arbeider for å auke. Det kan ha svært positiv effekt på heimebuande og deira pårørande. Heimesjukepleia yter helsetenester og personleg assistanse i heimen. Dette er ei teneste som blir langt meir viktig for dei heimebuande framover. Framtidas helseteneste er avhengig av at det blir utvikla gode helsetenester med lokale variasjonar. Dette skal Skjåk kommune arbeide aktivt med framover.

//

Prioriteringar

Heilskaplege helsetenester Leve hele livet er ei reform for innbyggjarane våre, og den påverkar alle som jobbar i helseog omsorgstenesta. Den skal inspirere til å finne nye arbeidstidsordningar og ta i bruk ny teknologi, nye metodar og løysingar. Den skal utfordre til å organisere seg slik at det blir større kontinuitet i tenestetilbodet, med mjukare overgangar og færre å halde seg til for dei som mottek tenester. Eit konkret tiltak i Skjåk har vore langvaktene på helg. Dette skal vidareutviklast i 2021 ut i frå eit tett samarbeid mellom sjukeheimen og heimesjukepleia. Vi ønskjer primært å skape eit nytt læringsfellesskap der tilsette på institusjon og i heimesjukepleia er tettare knytt saman, og kan utvikle meir saumlause tenester.

Helsetenester blir gjeve etter saksbehandling hjå saksbehandlar frå tildelingskontoret. Saksbehandlar har møte ein gong i veka med representantar frå sjukeheimen, heimesjukepleia, institusjonslege og fysioterapeut/ergoterapeut. Dette er eit godt verktøy for å sikre tenesteutmåling som er meir tilpassa og som i større grad møter behovet til den som søkjer om tenester. Dette er ei kvalitetssikring, der ein i fellesskap kan ha fokus på korleis ein kan yte best mogleg helseteneste til innbyggjaren i heimen sin. Skjåk kommune har tilsette med høg fagkompetanse i pleie- og omsorgstenestene som bidreg til høg kvalitet på helsetilbodet for eldre og pleietrengande, men kommunen treng å rekruttere fleire med høgskuleutdanning dei nærmaste åra. Ved ein gjennomgang av antal høgskuleutdanna i helsesektoren er det avdekka eit stort behov for fleire høgskuleutdanna, og særleg sjukepleiarar. Skjåk kommune ønskjer å vere ein stad der pasientar med behov for svært krevjande og avansert behandling skal kunne få det i heimen.


Årsmelding 2021

|

29

Foto: Turid Eiesar

Bilete frå ein triveleg aktivitet i samband med fastelaven.


30

|

Årsmelding 2021

//

Diktet Syskenringen av Jan Magnus Bruheim, har inspirert kunstverket Syskenringen som heng på Bismotunet. Syskenringen er laga av Bakke Stålprodukter, av Øystein Bakke i Vågå.

SYSKENRINGEN Ei natt då eg låg og drøymde, drøymde eg om eit band. Eit band som gjekk over alle grenser, og alle land.

Då såg eg tusentals hender hekta i hop til eit band som gjekk over alle grenser og gjekk gjennom alle land.

Ein drøymer så mangt. Men undren vart eg vel då eg fekk sjå at dette eg trudde var eit band tok til å livne – og gå.

Det var både ung og gamal, det var småborn med far og mor. Dei laga så sterk ein syskenring som rakk kring den heile jord. Jan-Magnus Bruheim

Prioriteringar


Årsmelding 2021

|

31

Berekraftig bufellesskap og avlasting Bismotunet bufellesskap stod ferdig for innflytting den 3. februar i 2020.

Tenesta gjorde eit grundig arbeid i å lage rutinar, planlegge flytting, interiør og å førebu bebuarane på prosessen i å flytte til Bismotunet. Det innebar endringar for både tenestemottakarar, pårørande, tilsette og leiarar. Dette stilte store krav til omstilling, spesielt i overgangsperioden. Prosjektet i miljøarbeidartenesta har hatt fokus på tenesteinnovasjon og utvikling av eit berekraftig bufellesskap som grunnleggande og arbeidsmetodikk for å utvikle berekraftige løysingar i eit 2020 – 2050 perspektiv. Vel ein månad etter innflyttinga og bufellesskapet stod klart for offisiell opning i 2020, vart samfunnet nedstengt pga. pandemien. Kantinedrifta på ungdomsskulen og kommunehuset vart stengt ned på grunn av raudt og gult nivå i skulen og Covid–19 prega dagaktiviteten i store delar av 2021.

Begge foto: Gudrun Teigen

Utprøving av digitale spel i Bismotunet. Denne formen for aktivisering fenger både born og eldre. I Skjåk kommune har vi investert i ein multifunksjonell skjerm i tenester for funksjonshemma og i sjukeheimen/ omsorgsbustadane.

Ved hjelp av KS og innovasjonsprosjektet i Bismotunet i 2019-2020, har tenesta med brei involvering av brukarar, pårørande, tilsette, lokalmiljø, friviljuge og verksemder sett i gang arbeidet for å utvikle berekraftige løysingar i eit 2021–2050 perspektiv, dette med utgangspunkt i NOU 2016: 17, På lik linje — «Åtte løft for å realisere grunnleggande rettigheiter for personar med utviklingshemming» som er forankra i både planverk, politikarar og administrasjon i Skjåk kommune. I Innovasjonsprosjektet er det tre satsingsområde. Satsingsområde 1 syner at eit godt arbeidsmiljø er viktig for å sikre stabilitet for både brukarar og tilsette. Vi ser at det er særleg viktig med gode og kjente rutinar, og eigarskap til arbeidsplassen for dei tilsette. Det handlar om


32

|

Årsmelding 2021

//

Prioriteringar

å organisere menneske, prosessar og system på ein måte som sikrar effektivitet, oversikt, samt tilgjengelege - og gode brukaropplevingar. Satsingsområde 2 syner at det er viktig å ha tilrettelagte arbeidsplassar for brukarane våre. Vi har oppgåver med internpost, oppgåver for Fjuken, grønsaksskrelling for kjøkenet på Skjåkheimen, produksjon av tennbrikettar og kantinedrift på Skjåk barne – og ungdomsskule. Dette vart eit stort sakn når samfunnet vårt måtte stenge ned. Det er ynskjeleg at tenesta skal vere så berekraftig som råd, og ikkje minst at vi kan tilby vaksne funksjonshemma ein tilrettelagd arbeidsplass etter fullført vidaregåande opplæring. Satsingsområde 3 velferdsteknologi, sidan prosjektjobbinga i Bismotunet starta i 2019, har vi hatt fokus på velferdsteknologiske løysingar. Det er ei kontinuerleg utvikling i teknologiens verd, og vi er så heldige å få arbeide vidare med dette satsingsområdet med midlar frå Helsedirektoratet. Vårt nye prosjekt frå hausten 2021, kalla Klare sjølv, handlar om velferdsteknologiske løysingar for unge og vaksne som er tilknytt våre tenester. I prosjektet ynskjer vi å kartleggje og prøve ut velferdsteknologi for personar i brukargruppa barn, unge og vaksne med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsettingar. Det er ynskjeleg å ufarleggjere bruken av velferdsteknologiske hjelpemiddel, og finne hjelpemiddel som gjer at vi kan yte enda betre tenester for kvar enkelt tenestemottakar. Prosjektet er ein del av det nasjonale velferdsteknologiprogrammet, og blir gjennomført med midlar frå Helsedirektoratet. Måla i prosjektet vårt er å skape ei felles, digital aktivitetsoversikt for bebuarane i Bismotunet, varig tverrfagleg samarbeid og kartleggje og prøve ut velferdsteknologi til målgruppa.

Skjåk kommune nyttar allereie fleire ulike typar velferdsteknologi til denne gruppa. Blant anna språk- og kommunikasjonsteknologi, teknologi til tid, planlegging og struktur samt RoomMate (digitalt nattilsyn). Det er eit stort potensial for meistring og auka livskvalitet ved å ta i bruk velferdsteknologi til denne gruppa. Skjåk kommune vil i 2022 vere ein pilot for resten av 6K i det vidare arbeidet med dette prosjektet i høve til barn, unge og vaksen med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsettingar. Dette er ein del av det overordna prosjektet i 6K kalla Smart velferdsregion.

Nye arbeidstidsordningar Sjukeheimen, heimesjukepleia og bufellesskapet har hatt dispensasjon frå arbeidstakarorganisasjonane for å prøve ut langvakter på helg sidan 2019. Evalueringa blant dei tilsette viser at dei fleste som har gått i langvakter på helg, ønskjer å halde fram med det og fleire ønskjer å gå langvakter enn dei som gjer det i dag. Sjukefråværet på helg har blitt redusert betydeleg som følgje av langvakter, spesielt på institusjon. Vår erfaring er at folk trivast med langvaktene og at dei tilsette kjenner på ansvaret ved å vere borte ei langvakt.


|

33

Foto: Gudrun Teigen

Årsmelding 2021

Tenestene har erfart at dei tilsette i større grad kan følgje døgnrytma til bebuarane framfor at aktivitetane må leggast til tider som passer i forhold til vaktskifte. Personalet får planlagt arbeidsdagen betre og det blir meir ro over arbeidsoppgåvene, det påverkar pasientane positivt. Det vart lagt ned eit stort arbeid i å lage nye turnusar hausten 2021. Turnusen gjev rom for at det er mogleg å arbeide systematisk med dagaktivitetar for personar med demens og heimebuande med ønskje om, og behov for, sosial omgang

Digitalisering og bruk av velferdsteknologi For å møte framtida sine demografiske utfordringar, er det heilt naudsynt at Skjåk kommune har fokus på digitalisering og velferdsteknologi. Det er stort fokus på at dei tiltak som implementerast i tenesta skal ha nytteverdi og effekt, og at vi bygger ut porteføljen vår med teknologi gradvis. Ved å bygge kompetanse gradvis klarer vi å ta det via vanleg drift, og vi har ein meir kvalitetssikra prosess. Det er viktig at denne utviklinga er samkøyrt med resten av regionen slik at vi kan få utnytta potensialet som ligg i dei regionale samarbeidsfora som allereie er etablerte, ikkje minst med tanke på Regiondata. Det er viktig at det årleg blir sett av tilstrekkeleg med ressursar til å investere i velferdsteknologiske løysingar.


|

Årsmelding 2021

Heimesjukepleia nyttar medisindispensarar med multidose-medisinrullar i.

Nasjonalt velferdsteknologiprogram visar til mange gevinstar for tenestemottakarar og tenesteleverandørar, og dei viktigaste gevinstane dei peikar på er utsett behov og redusert tal på besøk frå heimetenester, utsett behov for institusjonsplass, auka tryggleik, fridom, meistring og sjølvstende for brukarar og pårørande, redusert belastning for tenesta og mindre bruk av tvang. Det regionale velferdsteknologiprosjekt; Smart velferdsregion Nord-Gudbrandsdalen(N-G), med deltaking frå alle dei seks kommunane i regionen har som målsetting at innbyggjarane i N-G skal motta etablerte velferdsteknologitenester, der tiltaket er vurdert til å bidra til auka meistring og tryggleik. Dette skal vere uavhengig av alder, funksjonsnedsetting eller bustad. Det er sett ned kommunale arbeidsgrupper i alle kommunane og eit regionalt prosjektteam med leiarane frå dei kommunale arbeidsgruppene. Alle tryggingsalarmar i Skjåk er no digitaliserte og med direkte varsling til legevaktvarslinga på Otta. Skjåk er i ei særstilling med omsyn til omfanget av brannvarslarar knytt til tryggleiksalarmane i følgje brannsjefen. Dette er med på å skape ein auka tryggleik i heimen. Vi har og høve til å sette ut vanntåkeanlegg i heimar der det er vurdert som særskilt viktig å forseinke eit branntilhøve. Det er viktig for Skjåk kommune å satse på velferdsteknologi som eit ledd i å gjeva meir smidige tenester, og gjera våre tenestemottakarar meir sjølvstendige. Døme på dette er medisin-

//

Prioriteringar

Foto: Ingvild Mork

34

dispensarane som gjer at helsepersonellet ikkje treng å vere hjå den heimebuande på eit konkret tidspunkt. Det gjer tenesta meir fleksibel. I tillegg gjer det at heimebuande ikkje treng å få mange korte besøk, men kan få færre og lengre besøk, med meir kvalitet. Hovudfokuset ved innføring av velferdsteknologi er alltid at det skal gjeva ai auka kvalitet for den som mottek tenesta. Døme på auka kvalitet er sjølvkjensle, meistring og tryggleik. Satsing på kompetanseheving om demens Fagarbeidarar fekk tilbod om å gå på ei vidareutdanning i regi av Fagskulen. Elevane går på skulen ein dag i veka, og frå Skjåk er det ei stor gruppe på 5 elevar. Skulen er lagt til Vågå fordi Skjåk si elevgruppe vart stor. Det er til stor hjelp for å kombinere ei auke i kompetanse mens våre tilsette er i fullt arbeid. Skjåk ønskjer å satse på utdanning blant våre tilsette, og det at vi fekk til eit slikt løft blant mange av våre fagarbeidarar er i tråd med den målsettinga. Kommunen blir pålagt stadig fleire og meir krevjande oppgåver innan helse- og omsorgssektoren, noko som krev høg fagkompetanse blant dei tilsette. Skjåk kommune ser eit behov for å rekruttere fleire med høgskuleutdanning dei nærmaste åra. Det er tidlegare gjennomført kompetansekartlegging i heile sektoren for å få oversikt over kva for kompetanse sektoren har og kva behovet er i åra framover med tanke på den faglege utviklinga i sektoren. Gjennomsnittsalderen er relativt høg i sektoren, og det er difor viktig å ha fokus på kva kompetanse vi treng i framtida.


Årsmelding 2021

|

35

Alle foto: NRK/ Even Lusæter

Vidareutdanninga av helsefagarbeidarar i Eldreomsorg og demens er veldig populær, og NRK Innlandet lagde både ein nyheitsartikkel og eit tv-innslag som vart sendt på Dagsrevyen. Skjåk kommune er stolte av å ha tilsette som er dedikerte studenter og interesserte i fagutvikling.

Det er i fleire omgangar søkt og fått kompetansemidlar frå Statsforvaltaren på grunnlag av kompetanseplanen. Skjåk kommune legg til rette for at tilsette kan gjennomføre etter- og vidareutdanning, både gjennom økonomiske tilskott og tilrettelegging av arbeidsoppgåver slik at det let seg

Bilete av Marita Vole og Turid Eiesar som er assistentar for NRK Innlandet medan journalist Inger Johanne Sveen intervjua Ingrid Janne Sveen og fotograf Even Lusæter filma..

kombinere med vidareutdanning. Mange av våre tilsette har nytta dette tilbodet, og kommunen har difor tilsette med høg kompetanse i sentrale fagområde innan helse og omsorg.


36

|

Årsmelding 2021

Jobbspesialist i NAV og prosjektet Levele NAV Lom og Skjåk har tilsett jobbspesialist. Ein jobbspesialist gjev arbeidsretta oppfølging gjennom tiltaket utvida oppfølging. Jobbspesialisten vil gjennom tett oppfølging få arbeidssøkarane ut i ordinært arbeid. Prosjektet Levele har sidan hausten 2021 hatt eit fokus på produksjon av materiell. Døme på materiell som har blitt produsert kan vera: videopodcastar, infografikk til sosiale medie og infoskjermar, fysiske foldarar med tips innan økonomi, med meir. Videopodcastane tek for seg grunnleggande tema innan personleg økonomi, og freistar å gje tydelege forklaringar i dei ulike episodane. Det er og fleire lokale gjester i podcastserien, som av ulike grunnar kan mykje om temaet for den aktuelle episoden. Alt dette er samla på ein eigen nettportal: levele.no. Styringsgruppa og prosjektleiar er tydelege på at det er ynskeleg å vidareføre prosjektet til eit tredje år, der vidare produksjon og utrullering av materialet bør ha fokus. Målsettinga for prosjektet er: • Vidareutvikle tilbodet om økonomisk råd og rettleiing til privatpersonar i Lom og Skjåk • Utvikle metodar og materiell for NAV og dei kommunale tenestene • Overføringsverdi til andre


Årsmelding 2021

|

37

Jobbspesialisten Sjur Bjørgen vart tilsett hausten 2021 og har ansvar for følgje opp klientar med eit langvarig behov for bistand over i arbeid eller utdanning.

Foto: Bjarte Rossehaug


38

|

Årsmelding 2021

//

Prioriteringar

Helsestasjonen I tråd med dei nasjonale retningslinjer for helsestasjon, - og skulehelsetenesta, samt målkriteria som ligg i tilsegn for statleg tilskot, har helsestasjonstenesta gjennomført ein tiltaksplan i 2020.

• Tilbod om skulehelseteneste kvar dag Resultatet visar at dette tilbodet er eit god førebyggjande tiltak som både elevar, føresette og tilsette i skulen nyttar seg av og tek kontakt for råd og rettleiing og oppfylging. Skulehelsetenesta jobbar både på individ, - gruppe og klassenivå, og samarbeidet med skulen er godt. I 2020 har vi utvida samarbeidet med skulen slik at ein lærar arbeider delvis i skulehelsetenesta. Dette aukar kompetansen på tvers av tenestene, og sikrar ivaretaking av borna. • Samarbeid med barnehagen Helsesjukepleiar gjennomfører språktesten for 4-åringane i barnehagen i samråd med føresette og tilsette i barnehagane. Tidlegare har språktesten vore gjennomført som ein del av den ordinære 4-årskontrollen på helsestasjon. Samarbeidet med barnehagane i Skjåk er godt. • Foreldrerettleiing Gjennomført foreldrerettleiingsprogrammet Circle of Security (COS) både individuelt og i grupper. I tillegg har alle tilsette i barnehagen og skule fått tilpassa undervisning i bruk av COS. PMTO/TIBIR helsestasjon tilbyr foreldrerettleiing for foreldre som har barn med uønskt åtferd og til foreldre som har behov for eit meir konkret verktøy ein COS.

Pluto


Skjermdump Instagram - UngVaksen

Årsmelding 2021

MOT-coachene Elin Skjåk Haugen og Rita Hellekveen.

|

39

Instagram/digital helsestasjon Instagram-kontoane «ungvaksen» og «skjåkhelsestasjon» er oppretta for å kome nærare på brukarane våre. «Ungvaksen», som er vår ungdomskonto, byrja i Skjåk. Vi har nå fått med oss både Lom og Vågå for drive denne kontoen. Vi meiner at ungdom har behov for same informasjon uavhengig av kvar dei bur. I løpet av 2022 har vi som mål å få med Lesja, Dovre og Sel. Helsedirektoratet tilrår at helsestasjonane er meir aktive i digitale tenester. Helsestasjonen har fått middel til å opprette instagram-kontoar med god hjelp av eit reklamebyrå og har difor oppretta to kontoar. Det er mest aktivitet på ungdomskontoen, og her har det vore opptil 5000 visningar i løpet av ei veke.

Det ble oppretta digital helsestasjon under byrjinga av pandemien. Dette har vore svært vellukka. Det er ei viktig satsing vidare å sikre at helsestasjonstenesta er til stades på dei forum vi kan møte ungdommane. Sosiale media og interaksjon er eit minimum for å koma i posisjon til å bistå og rettleie dei i kvardagen deira. Helsedirektoratet tilrår at helsestasjonane er meir aktive i digitale tenester. Helsestasjonen har fått middel til å opprette instagram-kontoar med god hjelp av eit reklamebyrå og har difor oppretta to kontoar; ein for vaksne og ein for ungdom. Det er mest aktivitet på ungdomskontoen, og her har det vore opptil 5000 visningar i løpet av ei veke. Det ble oppretta digital helsestasjon under byrjinga av pandemien. Dette har vore svært vellukka. Det er ei viktig satsing vidare å sikre at helsestasjonstenesta er tilstades på dei forum vi kan møte ungdommane. Sosiale media og interaksjon er eit minimum for å koma i posisjon til å bistå og rettleie dei i kvardagen deira.


40

|

Årsmelding 2021

//

Årsrekneskap

04

Årsrekneskap I 2021 utgjorde driftsinntektene 275,8 millionar kroner mot budsjettert 247,6 millionar kroner, og inntektene var dermed 28,2 millionar høgare enn budsjettert. Det er meirinntekter på rammetilskot, skatteinngang, eigedomsskatt, overføringar og tilskot frå staten. Det er litt mindre inntekter på brukarbetalingar og sals- og leigeinntekter. Meirinntektene på tilskot har og ei utgiftsside eller er avsett for å dekke utgifter neste år. Vidare fordeler meirinntektene på refusjonar og tilskot seg på fleire tenester. Mykje av meirinntektene er i stor grad eingongseffektar og er ikkje varige. Når det gjeld rammeoverføringar, så er inntektsoverskotet i stor grad relatert til pandemi. Driftsutgiftene blei 256,6 millionar mot budsjettert 244 millionar kroner, det vil seie 12,6 millionar kroner over det som samla var budsjettert. Det er hovudsakleg løn og kjøp av varer og tenester som representerer meirutgifter. Meirforbruk på løn er for det meste på ansvarsområda skule, institusjon, heimetenester for funksjonshemma og NAV. Mykje av meirforbruket kan og relaterast opp mot meirinntekter på ansvarsområda. Vidare er det bokført lønsutgifter knytt til pandemi på vel 2,5 millionar kroner, det meste på institusjon og helsetenester. Kommunen har fått overføringar frå staten relatert til pandemi og smittevern. Det vesentlegaste av meirkostnadene på kjøp av varer og tenester skul-

dast refusjon til Lom, kjøp av legetenester, straum og konsulenttenester. Refusjon til Lom er i stor grad knytt til samarbeid på fysio- og ergoterapi, som ikkje var budsjettert som samarbeid i utgangspunktet, men som eiga teneste. Konsulenttenester er i stor grad knytt til vedtak og øyremerka midlar i næringsavdelinga. Det er og meirforbruk på fleire tenester, som er dekt av øyremerka tilskot, og slikt sett også har ei inntektsside. Reguleringspremie pensjon blei svært høg i 2021, men det ble og eit høgt teknisk premieavvik inntekt som reduserer nettokostnaden på sosiale tenester. Budsjettet knytt til reguleringspremie blei, i eiga sak, justert opp, der motposten var auka inntekter på konsesjonskraft. Finansresultatet blei 3,8 millionar kroner betre enn budsjettert, noko som skuldast lågare rente, mykje inneståande midlar i bank, utbytte frå Skjåk Energi og at vi har teke inn lån seinare enn budsjettert. I tillegg tok vi opp mindre lån enn budsjettert, da vi i større grad eigenfinansierte nokre investeringar i forbindelse med disponering av resultatet førre år. Over tid er det endringar i tenestene og det er viktig med kontinuerleg budsjettoppfølging, for å unngå for store avvik i høve til budsjett.


Årsmelding 2021

Økonomiske oversikter

|

41

Rekneskap

Budsjett

Opphavleg

Rekneskap

2021

2021

budsjett

2020

9 Sum driftsinntekter

275 840 783

247 592 000

244 242 000

254 483 692

15 Sum driftsutgifter

Økonomisk oversikt - drift

256 592 308

243 998 000

239 774 000

246 443 139

16 Brutto driftsresultat

19 248 475

3 594 000

4 468 000

8 040 553

22 Netto finansutgifter

-7 405 293

-11 217 000

-11 217 000

-8 897 073

23 Motpost avskrivningar

14 382 985

14 425 000

14 425 000

14 354 253

24 Netto driftsresultat

26 226 166

6 802 000

7 676 000

13 497 733

Premieavvik

-9 821 326

-8 130 000

-4 409 000

1 911 143

Netto driftsresultat korrigert for premieavvik

16 404 840

-1 328 000

3 267 000

15 408 876

5,9 %

-0,5 %

1,3 %

6,1 %

Netto dr.res korr for premieavvik i % av omsetnad 29 Sum disponeringar eller dekning av netto driftsresultat

30 Sum disponeringar eller dekning av netto driftsresultat

-26 226 166

-6 802 000

-7 676 000

14 678 715

-13 497 733

11 880 272

Det er nye hovudoversikter frå og med 2020. Overskot er avsett direkte på disposisjonsfond etter nye reglar.

Utvikling netto driftsresultat korrigert for premieavvik 20 18 16

15,7

14,7

15,4

16,4

14 12 10

8,3

8

6,6

6 4

3,8

2,8

2,3

2 0

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2,0

2018

2019

2020

2021

Oversikta syner utvikling dei 10 siste åra i millionar kroner når det gjeld netto driftsresultat korrigert for premieavvik.


42

|

Årsmelding 2021

//

Årsrekneskap

Netto driftsutgifter per ansvarsområde Rekneskap

Busjett

2021

2021

Avvik

Rekneskap 2020

100

Kommunedirektør

7 683 041

8 563 000

-879 959

7 583 874

103

Personal og organisasjonsutvikling

2 092 281

2 661 000

-568 719

1 990 056

104

Økonomi

3 300 050

3 800 000

-499 950

3 089 532

200

Oppvekst og utdanning

15 880 384

15 717 000

163 384

13 992 498

201

Flyktningar

1 497 440

1 550 000

-52 560

2 162 649

211

Dønfoss barnehage

4 120 044

4 089 000

31 044

4 120 289

212

Holemork barnehage

2 689 203

2 973 000

-283 797

3 278 849

213

Bismo barnehage

5 826 700

5 830 000

-3 300

4 941 109

220

Skjåk barne og ungdomskule

24 419 047

23 782 000

637 047

21 775 895

240

Kulturskule

1 817 293

1 739 000

78 293

1 703 482

300

Helse og omsorg

3 571 281

3 241 000

330 281

3 376 948

310

Institusjon og heimetenester

23 010 684

20 818 000

2 192 684

20 379 986

320

Heimetenester til funksjonshemma

25 214 963

26 025 000

-810 037

26 142 016

330

Helsetasjon

2 675 417

2 864 000

-188 583

2 491 722

331

Nav

2 307 836

2 445 000

-137 164

2 125 960

332

Barnevern

2 564 859

2 578 000

-13 141

2 406 986

350

Helsetenester

16 003 457

12 331 000

3 672 457

10 965 002

400

Miljø og samfunnsutvikling

7 623 820

7 032 000

591 820

5 700 671

410

Kultur

1 342 356

1 517 000

-174 644

1 385 891

420

Teknisk var

4 087 065

3 940 000

147 065

4 441 100

430

Teknisk drift

24 931 812

23 977 000

954 812

23 149 883

450

Landbruk og næring

478 827

156 000

322 827

166 775

600

Finans og overføringar

-183 137 861

-177 628 000

-5 509 861

-167 371 173

0

0

0

0

Kommunedirektør og stab

13 075 372

15 024 000

-1 948 628

12 663 463

Oppvekst og utdanning

56 250 111

55 680 000

570 111

51 974 772

Helse og omsorg

75 348 498

70 302 000

5 046 498

67 888 620

Miljø og samfunnsutvikling

38 463 880

36 622 000

1 841 880

34 844 319

-183 137 861

-177 628 000

-5 509 861

-167 371 173

0

0

0

0

TOTALT

Finans og overføringar

Overskot avsett på disposisjonsfond, ansvar 600

14 678 715

Kommunalsjefar og kommunedirektør har kommentert avvik under eigne kapittel.

11 880 272


Årsmelding 2021

Alle investeringar er ikkje gjennomføre som planlagt. I dei tilfella investeringane er finansierte frå drift og ikkje gjennomført, vil dei generere eit overskot, og i 2021 utgjer denne posten knapt 2,6 millionar av overskotet.

Resultatvurdering Overskotet blei knapt 14,7 millionar kroner og korrigert netto driftsresultat blei over 26,2 millionar kroner, som utgjer 5,9 % i høve til omsetnaden. Dette er høgare enn måla i handlingsregelen, som på sikt er 3 %.

Skjåk kommune har dermed eit svært godt resultat i 2021, til tross for at kostnadssida er høgare enn budsjettert og at vi har høg reguleringspremie på pensjon. Mange inntektspostar, godt finansresultat og mindre overføringar til investering, løftar netto driftsresultat og overskot. Forutan hovudpostane rammeoverføringar, skatteinntekter, eigedomsskatt og overføringar til investering, er det og meirinntekter på konsesjonskraft, renteinntekter og utbytte.

Kostnadssida må vurderast opp mot mottekne øyremerka tilskot og refusjonar, samt kostnadar til smittevern, vaksinering, vikarbruk og overtid i høve til pandemi. Reguleringspremien har auka kraftig frå førre året, da den var rekordlåg, og det er meirinntekter frå konsesjonskraft som dekker disse kostnadene, jamfør tertialrapport hausten 2021. Tilbakeføringa frå KLP blei knapt 2,1 millionar kroner mot budsjettert 2,5 millionar kroner. Dei aller største avvika på enkeltpostar på hovudoversikter er og kort kommentert i note 27 i rekneskapen, på hovudoversiktsnivå. Avvik på ansvarsområde går fram av tabell under. Kvar enkelt kommunalsjef har omtala avvik i høve til netto resultat på kvart ansvarsområde. Kommunen har høg premiereserve på pensjon, solid likviditetsreserve og kraftfond.

|

43


44

|

Årsmelding 2021

Kraftinntekter 60 50

53,7 45,1

46,7

48,2

48,5

49,4

47,9 43,7

43,4

2017

2018

42,9

40 30 20 10 0

2012

2013

2014

2015

2016

Kraftinntekter Kraftinntektene er spesifisert i note 31 i rekneskapen. Denne oversikta syner inntekter i millionar kroner totalt på kraft. Inntektene er på 53,7 millionar kroner. Det er høge inntekter på konsesjonskraft til tross for eit høgt sikringstap.

I 2021 var konsesjonskraftinntektene vel 10,9 millionar kroner, medan dei var 2,9 og 12 millionar kroner i 2020 og 2019. Budsjettet vart i løpet av året justert frå 4,8 millionar kroner til 9 millionar kroner, der reguleringspremie pensjon var motpost. Kraftinntektene består av konsesjonskraft, naturressursskatt, konsesjonsavgifter, eigedomsskatt og renter, avdrag og utbytte frå Skjåk Energi. Skjåk kommune betaler lån og renter på eigardel i Øvre Otta. Det er ikkje med i denne oversikta. Vi får og reduserte rammeoverføringar knytt til naturressursskatt.

2019

2020

2021


Årsmelding 2021

|

45

Skatteinngang Oversikta syner skatteinngang dei siste 10 åra i millioner kroner.

Skatt på inntekt og formue 60

55,3

50 40

38,1

40,6

45,7

44,6

46

2015

2016

2017

42,2

47,6

48,9

2018

2019

50,5

30 20 10 0

2012

2013

2014

2020

2021

Rammeoverføringar Oversikta syner rammeoverføringar dei siste 10 åra i millioner kroner.

Rammeoverføringar 90 80 70

67,4

69,4

70,6

69,0

2012

2013

2014

2015

73,0

76,0

75,8

2017

2018

80,6

84,4

89,0

60 50 40 30 20 10 0 2016

2019

2020

2021

Skjåk kommune har hatt god skatteinngang til tross for pandemien


46

|

Årsmelding 2021

God skatteinngang reduserer ofte inntektsutjamning på rammeoverføringane. Det har vore god skatteinngang i landet som heilskap, og myndigheitene har bestemt at kommunane får behalde inntektene for 2021, men dette som ein eingongseffekt.

//

Årsrekneskap

meirskatteveksten. Kommunane kan disponere midlane fritt og har dermed moglegheit til å styrke tenestene for innbyggarane og den økonomiske balansen. Samtidig er det viktig at kommunane og fylkeskommunane tek høgde for at store deler av meirskatteveksten ikkje gjev eit varig høgare inntektsnivå.

Fylgjande er publisert på Kommunal og distriktsdepartementet sine heimesider; Statistisk sentralbyrå publiserte 18. januar 2022 rekneskapstal for kommunesektorens inntekter frå skatt på inntekt, formue og naturressursskatt i 2021. Denne skatten utgjer over halvparten av kommunesektorens frie inntekter. Tala syner ein kraftig meirskattevekst i 2021. Kommunesektoren har hatt ein skattevekst på rundt 9,2 milliardar kroner, berre sidan i fjor haust. Dette er gledelege tal for kommunane og fylkeskommunane. Skatteutjamninga i inntektssystemet bidrar til at alle kommunar og fylkeskommunar tar del i

Fordeling løn

Lønsutgifter Lønsutgiftene, ekskludert sosiale kostnadar, kurs og kostgodtgjersle blei 133,6 millionar kroner, som er 7,8 millionar kroner over budsjett. Det er størst meirforbruk på skule, institusjon, funksjonshemma i heimen og NAV. Noko av kostnadane skuldast pandemi, spesielt på institusjon og helsetenester. Meirforbruk er og knytt til refusjonar øyremerka tilskot.

Kjøp av tenester frå andre kommunar er ikkje med i oversikta, da dette er refusjonspostar.

Lønskostnadene fordeler seg slik i 2021, ekskludert pensjon, kurs og kostgodtgjersle.

Komunedir./stab 5% Barnehagar 9% Skule, kulturskule 21% Institusjon 17% Heimeteneste 19% Helsetenester 7% Teknisk 9% Andre 13% (Andre er kultur, kommunalsjefane sine område, flyktningar, NAV, og næring.)


Årsmelding 2021

Pandemi Skjåk kommune har fått vel 3,6 millionar kroner over rammeoverføringar knytt til pandemi og 2,4 millionar til smittevern, som skjønnsmidlar. I tillegg har kommunen fått knapt 1,4 millionar kroner i næringsmidlar, som blir vidare fordelt til bedrifter.

Sum 200

Oppvekst og utdanning

201

Flyktningar

211

Dønfoss barnehage

212

Holemork barnehage

220

P550

P553

Pandemi

Vaksinering

46 114

46 114

856

856

20 582

20 582

8 452

8 452

Skjåk barne og ungdomskule

11 210

11 210

240

Kulturskule

33 000

33 000

310

Institusjon og heimeskukepleie

1 716 661

1 667 414

49 247

320

Heimetenester til funksjonshemma

643 467

541 854

101 613

330

Helsetasjon

133 696

80 150

53 546

350

Helsetenester

3 064 819

2 623 354

441 465

420

Teknisk var

430

Teknisk drift TOTALT

Manglar registreringar frå skulen

7 188

7 188

328 816

299 986

28 830

6 014 861

5 332 972

681 889

|

47


48

|

Årsmelding 2021

//

Årsrekneskap

Utvikling gjeld 300 250

266,1

260,6

2018

2019

242,9

200 164,5

252,6

258,9

2020

2021

194,6

172,6

178,8

175,3

2013

2014

2015

150 100 50 0 2012

2016

2017

Brutto og netto lånegjeld 2017 Brutto driftsinntekter

2018

2019

2020

2021

232 711 228

236 971 683

257 887 157

254 483 692

275 840 783

242 885 606

266 078 871

260 560 348

252 604 508

258 936 491

Utlån startlån, sosiale lån m.m.

16 397 548

14 956 024

13 976 619

12 687 123

13 415 740

Utlån til Skjåk energi

98 224 805

98 224 805

93 000 000

91 000 000

89 000 000

Ubrukte lånemidlar

15 854 918

19 795 938

9 447 457

6 433 771

21 165 866

112 408 335

133 102 104

144 136 273

142 483 614

135 354 884

2 179

2 204

2 217

2 183

2 151

Brutto lånegjeld i % av brutto driftsinntekter

104,4 %

112,3 %

101,0 %

99,3 %

93,9 %

Netto lånegjeld i % av brutto driftsinntekter

48,3 %

56,2 %

55,9 %

56,0 %

49,1 %

Brutto lånegjeld per innbyggar

111 467

120 725

117 528

115 714

120 380

Netto lånegjeld per innbyggar

51 587

60 391

65 014

65 270

62 926

Brutto lånegjeld, ekskl. pensjonsforplktingar

Netto lånegjeld Antall innbyggarar


Årsmelding 2021

Finanspostar Utvikling gjeld Oversikta syner utvikling i gjeld til finansinstitusjonar, ekskludert pensjonsforpliktingar i millionar kroner.

Gjelda har vore relativt stabil dei siste 5 åra. Utvikling i gjeldgrad er omtala i eige punkt. Finansforvaltning Kommunen si finansforvaltning er i samsvar med reglement, forskrifter og lover. Kommunen sine likvide midlar er stort sett plassert i bank med låg risiko. Tilgang av aksjar og andelar har vore handsama særskilt i kommunestyret. Alle innlån blir vedteke av kommunestyret. Renta på alle lån er flytande, som inneber renterisiko ved stigande rente. Ei eventuell binding av renta vil medføre at ein må betale sikringskostnad for dette.

9 8 7,1%

6

6,1%

6,1%

5,9%

2019

2020

2021

5 4

3,8% 2,9%

3 2 1

1,8% 1,2%

1,2%

0,9%

0 2012

2013

2014

2015

2016

2017

49

Handlingsreglar Netto driftsresultat korrigert for premieavvik Budsjettmålet for 2021 var etter kommunestyrevedtak 1,0 %. Det langsiktige målet er 3 %. Netto driftsresultat korrigert for premieavvik vart svært godt, fortrinnsvis på grunn av meirinntekter på fleire inntektspostar, positivt netto finansresultat og mindre overføringar til investering. Resultatet har vore godt dei 3 siste åra, men det er verdt å merke seg at det er av ulike årsaker.

Netto dr. res. korr for premieavvik i høve omsetnad - mål 1,0% (3%)

7

|

2018


50

|

Årsmelding 2021

//

Netto driftsresultat i pst. av brutto driftsinntekter 2020 Tal frå KOSTRA for 2021 er ikkje klare. Oversiktene nedanfor er nokre nøkkeltal for å syne Skjåk kommune sin ståstad samanlikna med andre i 2020. 6 5,2 5 4 3

2,5 1,8

2

1,2 1 0 Skjåk

Kostragr 5

Landet uten Oslo

Innlandet

Kjelde; ssb/kostra/nøkkeltal

Arbeidskapital ekskl. premieavvik i pst. av brutto driftsinntekter 2020 Kjelde; ssb/kostra/nøkkeltal 45,0 40,5

39,3

36,0 31,5 27,0 20,3

22,5

22,5

25

18,0 13,5 9,0 4,5 0,0

Skjåk

Kostragr 5

Landet uten Oslo

Innlandet

Årsrekneskap


Årsmelding 2021

Frie inntekter per innbyggar (kr) 2020 Oversiktene under syner at Skjåk kommune har solide nøkkeltal, både på netto driftsresultat, arbeidskapital og frie inntekter per innbyggar. 80000 70000

67 208

69 119

60000

59 398

60 224

Landet uten Oslo

Innlandet

50000 40000 30000 20000 10000 0

Skjåk

Kostragr 5

Kjelde; ssb/kostra/nøkkeltal

|

51


52

|

Årsmelding 2021

//

Gjeld i prosent av driftsinntekter Gjeldgraden har gått ned, fordi omsetnaden har auka mykje i 2021. Gjelda har auka litt, men har vore ganske stabil dei siste åra.

Ekst. gjeld eksl. pen. forpl. i høve omsetnad - mål 109% (100%) 120

112% 104%

101%

100 80

83%

83%

84%

2012

2013

20143

81%

99%

94%

86%

60 40 20 0

2015

2016

2017

2018

2019

2020

2021

Årsrekneskap


Årsmelding 2021

Likviditetsreserve Skjåk kommune har ein høg likviditetsreserve. Målet er 8,33 % av utgiftene, som no utgjer knapt 23 millionar kroner etter omsetnaden. Likviditetsreserven er vel 19,5 millionar kroner. Differansen mellom faktisk likviditetsreserve og mål er om lag 3,5 millionar kroner.

Likviditetsreserve i høve utgifter - mål 8,33% 9 8

7,7%

7,6%

7,4%

7

7,9%

7,1%

7,3%

7,4%

7,3%

2016

2017

2018

2019

7,6%

6,6%

6 5 4 3 2 1 0 2012

2013

2014

2015

2020

2021

|

53


54

|

Årsmelding 2021

//

Årsrekneskap

Balansepostar Omløpsmidlar og eigenkapital har auka siste året. Endringar på detaljnivå går fram av rekneskapen.

Økonomiske oversikter Oversikt – balanse

Rekneskap

Budsjett

2021

2021

Bevegelse

EIENDELER A. Anleggsmidlar

877 151 038

876 524 301

626 737

B. Omløpsmidlar

164 754 840

134 663 488

30 091 353

1 041 905 878

1 011 187 789

30 718 089

C. Eigenkapital

409 388 956

379 480 782

29 908 174

D. Langsiktig gjeld

603 264 212

599 171 457

4 092 755

Sum eiendeler EGENKAPITAL OG GJELD

E. Kortsiktig gjeld Sum eigenkapital og gjeld

29 252 710

32 535 550

-3 282 840

1 041 905 878

1 011 187 789

30 718 089

Eigenkapitalen har auka og gjelda er redusert. Pensjonsforpliktingar er inkludert i langsiktig gjeld.


Årsmelding 2021

55

|

Fond 31.12.2021

31.12.2020

31.12.2019

31.12.2018

31.12.2017

114 336 264

95 694 167

74 398 783

65 613 041

66 195 646

herav fondsmidlar totalt

94 797 263

76 155 166

56 259 783

48 174 041

49 256 645

herav udisponert

28 492 921

28 328 906

13 817 157

11 993 214

11 083 018

herav disponert

66 304 342

47 826 261

42 442 626

36 180 827

38 173 628

herav likviditetreserve

19 539 000

19 539 000

18 139 000

17 439 000

16 939 000

Disposisjonsfond

37 164 267

35 948 289

18 570 779

19 483 330

20 672 536

herav udisponert

16 650 564

13 256 900

337 529

774 391

783 798

herav disponert

10 574 703

12 752 389

8 294 250

8 769 939

9 949 738

9 939 000

9 939 000

9 939 000

9 939 000

9 939 000

49 408 265

38 568 015

39 844 470

31 724 384

32 917 253

8 230 169

8 151 953

8 151 953

7 443 945

7 361 586

38 247 924

27 485 890

28 762 345

21 350 267

22 625 495

2 930 172

2 930 172

2 930 172

2 930 172

2 930 172

28 419 147

21 833 278

17 676 814

15 816 408

13 827 487

herav udisponert

3 612 189

6 920 053

5 327 676

3 774 878

2 937 634

herav disponert

16 420 108

6 526 375

5 362 288

5 754 680

5 103 003

herav likviditetreserve

8 386 850

8 386 850

6 986 850

6 286 850

5 786 850

Bunde investeringsfond

1 061 607

1 061 607

23 743

305 942

495 391

1 061 607

1 061 607

23 743

305 942

495 391

Prinsippendringar

-1 717 022

-1 717 022

-1 717 022

-1 717 022

-1 717 022

herav likviditetsreserve prinsippendringar

-1 717 022

-1 717 022

-1 717 022

-1 717 022

-1 717 022

Sum fond totalt og likviditetsreserve totalt

herav likviditetreserve Bunde driftsfond inkl. næringsfond herav udisponert næringsfond herav disp. nærings- og bunde driftsfond herav likviditetres prinsippendring motpost

Ubunde investeringsfond

herav udisponert herav disponert

Fondsmidlane har auka, hovudsakleg på grunn av avsetting av overskot på disposisjonsfond. Det er og midlar på ubunde investeringsfond til å dekke mindre investeringar framover. Grunnfond næringsfond er tilført litt midlar i 2021, jamfør note 30 i rekneskapen. Skjåk kommune har kraftfond og likviditetsreserve.

I tillegg til disse fondsmidlane har kommunen ei pensjonsreserve i KLP på 15,5 millionar kroner, jamfør note 5 i rekneskapen.


56

|

Årsmelding 2021

//

Årsrekneskap

Arbeidskapital Kortsiktig eigenkapital er sett saman slik; 2017

2018

2019

2020

2021

Omløpsmidler

125 421 303

122 465 033

131 103 361

134 663 488

164 754 840

Kortsiktig gjeld

-41 011 097

-33 936 481

- 36 105 535

-32 535 550

-29 252 710

Ubrukte lånemidler

-15 854 918

-19 795 938

-9 447 457

-6 433 771

-21 165 866

Arbeidskapital aktiva

68 555 288

68 732 613

85 550 369

95 694 167

114 336 264

Likviditetsreserve

-16 939 000

-17 439 000

-18 139 000

-19 539 000

-19 539 000

Fondsmidlar

-49 256 645

-48 174 041

-56 283 914

-76 155 167

-94 797 264

-2 359 642

-3 119 572

-11 127 454

-68 555 288

-68 732 613

-85 550 369

2017

2018

2019

2020

2021

761 118 240

818 859 608

850 846 347

876 524 301

877 151 038

Kortsiktig eigenkapital - arbeidskapital

Rekneskapsmessig overskot/ underskot Disponible midlar passiva

-95 694 167 -114 336 264

Overskot er avsett direkte på disposisjonsfond.

Langsiktig eigenkapital er sett saman slik: Langsiktig eigenkapital - kapitalkonto Anleggsmidlar Gjeld Ubrukte lånemidler Eigenkapital - Kapitalkonto passiva

-576 985 499 -616 269 753 -624 981 602 -599 171 457 -603 264 212 15 854 918

19 795 938

9 447 457

6 433 771

21 165 866

-199 987 659

-222 385 794

-235 312 201

-283 786 615

-295 052 693

Pensjonsmidlar er inkludert i anleggsmidlar og pensjonsforpliktingar er inkludert i gjeld.


Årsmelding 2021

Investeringar Oversikt syner bokførte kostnadar per prosjekt i 2021. Rekneskapen 2021

Budsjett 2021

115 Regiondata

312 721

360 000

140 Bibliotek meir ope

600 024

750 000

0

120 000

INVESTERINGSUTGIFTER PER PROSJEKT

216 Søkeutstyr lekkasje og tv inspeksjon røyr 217 Dotomar ved yx

0

400 000

228 Utskifting av gatelysarmatur

499 375

500 000

234 Industriområde infrastruktur

1 430 797

1 155 000

235 Industriområde tipp dønfoss

111 930

0

75 040

870 000

293 Uppnose nytt vassverk inkludert prosjektering

460 025

1 931 000

298 Bilpark

968 699

1 000 000

410 Skei tomteområde

107 855

0

411 Sentrumsplan bismo

563 976

1 000 000

416 Bismo vassverk m/ledningsnett

440 799

3 300 000

420 Skjåkhallen

1 227 353

30 000 000

430 Dønfoss barnehage - ombygging

4 002 000

4 200 000

186 099

9 000 000

452 Marlo skule

32 500

26 000

461 Grotli hytteområde

40 005

0

0

200 000

3 805 375

1 450 000

292 Dønfoss var

450 Bustader 3 stk ( sal inntil 7 stk )

516 Lekkasje søkeutstyr 601 Lån og avdrag 615 Eigenkapitalinnskot klp 850 Flom Totalt

619 795

800 000

0

3 000 000

15 484 368

60 062 000

Kostnadar og finansiering er stilt opp detaljert i rekneskapen per prosjekt. Det vil kome eige sak på renovering Skjåkhallen i 2022. Ombygging på Dønfoss barnehage er ferdig. Fleire VAR-prosjekt pågår, og på dette området kjem det fleire prosjekt i åra framover. Bygging av bustadar blir handsama på nytt som eige sak i 2022.

|

57


58

|

Årsmelding 2021

//

Organisasjonen

05

Organisasjonen I dette kapitelet er personalgruppa, sjukefråvær, arbeidsforhold, likestillings- og diskrimineringsarbeid, etisk standard og internkontroll tema. Skjåk kommune skal vere ein effektiv organisasjon som har tilsette med høg kompetanse, og eit arbeidsmiljø som stimulerer til kreativitet, fagleg og personleg utvikling og trivsel. For å få til ein god organisasjon er det naudsynt med ei tett oppfølging av leiarane i kommunen, og å ha eit godt samarbeid med tillitsvalde og verneombod. Kommunedirektøren har jamlege møte med leiarar, tillitsvalde og verneombod. Partane i kommunal sektor er samde om at eit godt samarbeid mellom arbeidsgjevar og dei tilsette og deira organisasjonar er ein føresetnad for å kunne gje tenester av høg kvalitet og å skape trygge arbeidsplassar prega av eit godt arbeidsmiljø og meiningsfylt arbeid. I Skjåk kommune er det ei målsetting å ha ein god og open dialog mellom arbeidsgjevar og dei tillitsvalde/verneombod.

Fleire tilsette har i lengre periodar jobba på heimekontor i 2021, og vi har difor i større grad gjennomført møte og ulike samlingar digitalt. Dette har i det store og heile gått greitt, og vi har gjort mange nyttige erfaringar vi vil ta med oss vidare. Vi ser at det i ein del tilfelle er langt mindre ressurskrevjande å gjennomføre møte digitalt, og dette kan spare oss for både tid og pengar. Det likevel viktig å ha den daglege kontakten med kvarandre, for saman skape eit godt arbeidsmiljø. Dette har vore krevjande i året vi har lagt bak oss, og det er viktig å sjå på ulike løysingar, for å ha god informasjonsflyt og halde kontakt i ein travel kvardag.

Personalet I Skjåk kommune var det ved utgangen av 2021 totalt 210 årsverk, dette er fordelt på 261 tilsette, 213 kvinner og 48 menn. Talet på årsverk i 2021 er uendra frå året før.

Kommunen har eit ynskje om å vere i takt med samfunnet når det gjeld samansetning av dei tilsette, og skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Ein kan likevel sjå ei skeiv kjønnsfordeling i fleire sektorar. Skjåk kommune har få tilsette menn, innan pleie- og omsorg, skule, barnehage og støttefunksjonar. Teknisk er også eit område der kommunen har tradisjonell kjønnsfordeling, sjølv om det kan sjå annleis ut på statistikken. Alle vakt-


Årsmelding 2021

Tilsette Ansvar

Menn Kvinner

I alt

100 Kommunedirektør

1

0

1

103 Personal og organisasjonsutvikling

0

6

6

104 Økonomi

1

3

4

200 Oppvekst og utdanning

4

6

10

201 Flyktningar

0

3

3

211 Dønfoss barnehage

0

8

8

213 Bismo barnehage/ holemork barnehage

0

16

16

220 Skjåk barne og ungdomskule

7

40

47

240 Kulturskule

4

8

12

300 Helse og omsorg

1

4

5

310 Institusjon og heimesjukepleie

1

61

62

320 Heimetenester til funksjonshemma

4

25

29

330 Helsestasjon

0

4

4

331 Nav

3

6

9

350 Helsetenester

2

7

9

400 Miljø og samfunnsutvikling

4

0

4

410 Kultur

0

1

1

420 Teknisk var

3

0

3

430 Teknisk drift

11

13

24

2

2

4

48

213

261

450 Landbruk og næring Totalt

2018

2019

2020

2021

Antal årsverk

224

215

210

210

Antal tilsette

288

270

257

261

meistrane våre er menn, og fleirtalet av dei faste tilsette reinhaldarane våre er kvinner. Skjåk kommune har stabil arbeidskraft, og innan dei fleste tenesteområde er det lite utskifting av tilsette. Tiltak for å få ei jamnare kjønnsfordeling er difor mest aktuelt ved nytilsettingar. I tilsettingssaker har kommunen fokus på det som går fram i likestillings- og diskrimineringslova om adgang til positiv særbehandling som tiltak for å fremje likestilling og hindre diskrimi-

nering. Positiv særbehandling ved tilsetting er berre tillate dersom den som særbehandlast har tilnærma like kvalifikasjonar som den som elles ville fått stillinga. Skjåk kommune har mange tilsette med høgskule -og fagskuleutdanning, og vi ser at vi dei siste åra har fått fleire tilsette med master enn det var berre for få år attende. Den gruppa vi har færrast i, er ufaglærde. Det tyder på at det er høg kompetanse blant dei tilsette.

|

59


60

|

Årsmelding 2021

//

Organisasjonen

I Skjåk kommune var det ved utgangen av 2021 totalt 210 årsverk, fordelt på 261 tilsette.

213 kvinner

48 menn


Kommunen har eige kompetanseutval. Utvalet fattar enkeltvedtak om økonomisk støtte til utdanning. Det er to søknadsfristar i året. I tillegg til kommunen sitt kompetanseutval er det ulike støtteordningar for andre utdanningsløp. I 2021 har kommunen støtta utdanningsløp for fleire av våre tilsette. Dette har vore både høgskule- og fagskuleutdanning i tillegg til ein del meir omfattande kurs. Vi hadde sju lærlingar ved utgangen av 2021, desse er fordelt på fire ulike fag. Av lærlingane er det fem kvinner og to menn. Det har vore ei auke i talet på læreplassar frå 2020, vi hadde fem lærlingar på same tid i fjor. Den daglege kontakten med kvarandre ute på tenesteområda er viktig for saman å skape eit godt arbeidsmiljø. Det er og viktig å ha fokus på ulike trivselstiltak utanom arbeidsdagen, dette vil vere med å medverke til arbeidsglede og jobbengasjement. Dei to åra vi har bak oss nå, har vore krevjande med ulike smitteverntiltak, kohortar og mykje bruk av heimekontor. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs, og det har vore viktig å gjere grep for å vise at vi verdset innsatsen dei tilsette har lagt ned i åra under pandemien. Alle tilsette fekk eit påskeegg med twist og helsing frå kommunen før påske og ei julegåve med pannebånd og sjokolade til jul. Hausten 2021 hadde vi ei periode der smitteverntiltaka ikkje var like strenge. I september hadde vi ein kveld der vi sponsa dei tilsette med gokart, og i november hadde vi ein quizkveld med pizza på Skeid kro. Det har og vore ulike samlingar ute på dei enkelte tenesteområda og avdelingane.

61

|

Foto: Marianne Stensgård

Årsmelding 2021

Onsdag 3. november æra kommunen 11 tilsette for lang og tru innsats i Skjåk kommune.

I november 2021 hadde vi ei markering av tilsette som har vore tilsett i 25 år. På denne markeringa fekk 11 tilsette gåvekort og helsing frå ordførar for lang og tru teneste i kommunen.

Arbeidstid Av 261 tilsette, er det 154 tilsette som arbeider deltid. I oversikta under er faste tilsette og vikarar som er tilsett i ein bestemt stillingsstorleik medrekna. Vikarar på timebasis er ikkje medrekna her.

Det er framleis mange tilsette i Skjåk kommune som arbeider deltid, men kommunen arbeider aktivt for å redusere bruk av uynskt deltid for tilsette i heile kommunen. Samstundes som vi arbeider aktivt for at tilsette skal få arbeide i større stilling, ser vi mange, særleg kvinner,

Gjennomsnittleg stillingsstorleik 2017

2018

2019

2020

2021

Gjennomsnittleg stillingsstorleik kvinner

78,3 %

77,2 %

80,3 %

82,0 %

80,0 %

Gjennomsnittleg stillingsstorleik menn

81,4 %

79,6 %

81,8 %

82,0 %

84,0 %


62

|

Årsmelding 2021

som ynskjer å arbeide i reduserte stillingar. Ein del av dei som jobbar deltid gjer dette av helsemessige grunnar. Fleirtalet av dei som jobbar deltid jobbar over 60 % stilling. Vi har tenesteområde, som i kulturskulen, der fleirtalet av dei tilsette arbeider deltid. I kulturskulen er det ei breidde i tilbod som krev ulik kompetanse, dette gjer det utfordrande å ha fleire heiltidsstillingar.

Sjukefråvær Skjåk kommune hadde eit stabilt og lågt sjukefråvær i åra før pandemien. I 2020 fekk vi ei kraftig auke i fråværet opp til 10,2%. Forklaringa på det høge fråværet i 2020 skuldast truleg både pandemien og andre årsaker, og det har i 2021 vore arbeidd med tiltak på dei ulike tenesteområda, dette har vore tiltak på både på system- og individnivå. I 2021 har vi hatt eit synkande fråvær, og det samla resultatet for 2021 er på 8,7%. Dette er framleis eit høgare fråvær enn det vi hadde før pandemien, men vi ser at og mange andre kommunar har hatt eit ganske høgt fråvær i 2021. I Skjåk ser vi ein del koronarelatert fråvær gjennom året vi har bak oss, og mellom anna pleie og omsorg hadde ei auke rundt smitteutbrotet hausten 2021.

Det er sett eit mål for kommunen sitt samla sjukefråvær på 6 %. Dette er noko vi må arbeide

Sjukefråvær 2017

2018

2019

2020

2021

6,2 %

6,2 %

6,1 %

10,2 %

8,7 %

vidare med i 2022, slik at vi kjem ned mot nivået vi hadde før pandemien. Det er likevel grunn til å tru at vi vil liggje noko høgare enn dette også i 2022. Vi ser at det har vore mykje koronarelatert fråvær frå starten av året i 2022. Kommunen har ein eigen plan for tenester frå bedriftshelsetenesta. Gjennom tiltak vi har jobba med som IA-kommune over fleire år er målsettinga å vere ein meir inkluderande arbeidsplass der overordna mål er å førebyggje og redusere sjukefråvær, styrke jobbnærværet og betre arbeidsmiljøet, samt hindre utstøyting og fråfall frå arbeidslivet. Leiarane er viktige både i førebygging og oppfølging av sjukmeldte. Sjukefråvær er fast tema på møte i arbeidsmiljøutvalet. Sjukefråværsarbeid og nærværsarbeid er og tema på møte og ulike opplegg med leiarar, tillitsvalde og verneombod gjennom året.

Likestillings- og diskrimineringsarbeid og etisk standard Skjåk kommune arbeider aktivt for å fremje likestilling. Som arbeidsgjevar er det viktig å ha fokus på å hindre diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

Personalhandboka for Skjåk kommune har eit eige kapittel om livsfasetiltak. I den årlege medarbeidarsamtala mellom tenesteleiar og tilsett skal det drøftast livsfaserelaterte problemstillingar. Tenesteleiar og den enkelte tilsette finn i fellesskap ut kva som kan/bør gjerast for at arbeidssituasjonen blir god. Det går fram at arbeidsgjevar skal ha eit spesielt fokus på oppfølging av gravide og eldre tilsette. Skjåk


Årsmelding 2021

kommune er ein arbeidsgjevar som legg vekt på at det skal vere mogleg å kombinere arbeid og familieliv. Tiltak kan vere knytt til tilrettelegging av arbeidstid, bruk av heimekontor og andre løysingar leiar og tilsett saman kjem fram til. Skjåk kommune skal ha ei tillitskapande forvaltning med høg etisk standard, og kommunen har eigne etiske retningsliner. Retningslinene er underskrive av ordførar, kommunedirektør og hovudverneombod, og skal bidra til ei bevisstgjering av medarbeidarar og politikarar som utfører arbeid eller oppdrag for kommunen. Våre haldningar og handlingar påverkar den tilliten som innbyggjarane har til kommunen, og vi har alle eit personleg ansvar for korleis vi oppfører oss. Dette er også moment som vert vektlagt i rekrutteringssamanheng gjennom intervju og tilsetting. Det går fram i retningslinjene at Skjåk kommune tek aktivt avstand frå diskriminering, mobbing og trakassering. Retningslinene har som mål å vere ei rettesnor for etisk framferd, og samstundes skape refleksjon hjå den enkelte. Det går fram av dei etiske retningslinjene at vi viser respekt for alle menneske, vi brukar fagkunnskap og skjønn i arbeidet vårt og behandlar alle likeverdig. Kommunen har og eige retningslinjer som skal bidra til førebygging og sikre god handtering av vald og truslar mot tilsette.

|

63

Internkontroll Skjåk kommune arbeider kontinuerleg med kvalitetsarbeid og internkontroll. Internkontroll er komplekst og inkluderer nesten alt som går føre seg i ei kommune. Det følgjer av kommunelova at kommunen skal ha internkontroll med administrasjonen si verksemd for å sikre at lover og forskrifter vert fylgt. Det går fram av lova at kommunedirektøren er ansvarleg for internkontrollen.

Internkontrollen skal vere systematisk og tilpassast verksemda, eigenart, aktivitetar og risikoforhold. Skjåk kommune nyttar verktøyet Compilo (kvalitets- og avvikssystem) i arbeidet. Arbeid med internkontroll er eit område vi har hatt auka fokus på i 2021, og målet er å få på plass manglande dokumentasjon av rutinar og prosedyrar, samt få tilsette til å melde frå om uynskte hendingar i større grad enn vi har hatt. Dette er eit område det vil vere eit auka fokus på i 2022, og kommunen er nå i gang med opplæring.


64

|

Årsmelding 2021

//

Tenesteområde oppvekst og utdanning

06

Tenesteområde Oppvekst og utdanning Kommunalsjef Oppvekst og utdanning

Grunnskule

Kulturskule

Barnehage

Flyktningteneste Vaksenopplæring

Oppvekst og utdanning omfattar barnehagane, Skjåk barne- og ungdomsskule, Lom og Skjåk kulturskule, Skjåk folkebibliotek, It-samarbeidet Lom og Skjåk, Flyktningtenesta med vaksenopplæringa og servicetorget. I tillegg deltek kommunen i regionalt samarbeid om PPT (Pedagogisk psykologisk teneste), der Sel kommune er vertskommune.

IT

Bibliotek

Servicetorget informasjon/ kommunikasjon

Fokusområde 2021: • Regional kompetansesatsing • Desentralisert kompetansesatsing • Fagfornying • Digitale ferdigheiter (Ikt) i skulen • Inkluderande barnehage- og skulemiljø • Biblioteket som møteplass for alle, barn og unge og formidling • Meirope bibliotek • Saks- og arkivsystem • Streaming • Datasikkerheit


Årsmelding 2021

Kommentarar til resultat frå kommunalsjef oppvekst og utdanning 2021 er, som 2020, blitt prega av koronasituasjonen på mange måtar. Det er mykje som er påverka av ulike restriksjonar i periodar.

Oppvekst og utdanningssektoren har eit samla overforbruk på kr 570 111. Det største meirforbruket er på skulen (kr 637 047). Dette kjem av eit betydeleg meirforbruk på løn, ca kr 1,8 mill., som skulen ikkje har greidd å ta inn att fullt ut, sjølv om det meste av meirforbruket er knytt til refusjonar.

65

|

IT har hatt reduserte kostnadar på fleire område som dei har nytta til innkjøp av PC-ar for å skifte ut gammalt utstyr. Dei andre tenesteområda har mindre avvik frå budsjett. Det er grunn til å merke seg at kostnadane ved Holemork barnehage er kr 283 797 lågare enn budsjettert.

Meirforbruket på kr 637 047 blir forklart med ekstra tiltak som har vore gjennomført i skulemiljøet og stort korttidsfråvær. Det siste er kostnadar som ikkje er blitt ført som koronarelaterte utgifter. På ansvar 200 er det og eit meirforbruk på kr 163 384. Det er fleire postar som avvik frå budsjett i ulik retning. Dei største enkeltpostar med meirforbruk er refusjonar frå tenestene på bruk av leigebilar og refusjonar til andre kommunar når det gjeld kjøp av grunnskuleopplæring.

Sjukefråvær oppvekst og utdanning 2017

2018

2019

2020

2021

5,50 %

3,80 %

6,40 %

8,20 %

6,80 %

Tenesteområda har endra seg i perioden og tala før 2019 er ikkje samaliknbare.

Økonomi Rekneskap 2021 200

Oppvekst og utdanning

201 211

Budsjett 2021

Avvik

Rekneskap 2020

15 880 384

15 717 000

163 384

13 992 498

Flyktningar

1 497 440

1 550 000

-52 560

2 162 649

Dønfoss barnehage

4 120 044

4 089 000

31 044

4 120 289

212

Holemork barnehage

2 689 203

2 973 000

-283 797

3 278 849

213

Bismo barnehage

5 826 700

5 830 000

-3 300

4 941 109

220

Skjåk barne- og ungdomsskule

24 419 047

23 782 000

637 047

21 775 895

240

Kulturskule TOTAL

1 817 293

1 739 000

78 293

1 703 482

56 250 111

55 680 000

570 111

51 974 772


66

|

Årsmelding 2021

//

Tenesteområde oppvekst og utdanning

Kulturskulen Kommuneplanen: «Skjåk kommune skal: Ha ein god og variert kulturskule: • basert på rammeplanen for kulturskulen • samarbeid med anna kulturtilbod, grunnskule og barnehage • ein motor i utvikling av kulturtilbod for barn og unge i kommunen

Lærarane i kulturskulen har gått på opplæring via Høgskulen i Innlandet og bygd kompetanse innan kulturskulebasert vurdering for læring. Grunna at songpedagogen har vore ute i permisjon, har kulturskulen hatt digital songundervising i samarbeid med to songpedagogar som går master i musikkpedagogikk ved Noregs musikkhøgskule. Dette har fungert svært bra for dei fleste. Foto: Skjåk Kulturskule

Kulturskulen har gjennomført 7 framsyningar med kunstutstilling i Utgard. Grunna pandemien har elevar vore lite ute på oppdrag i 2021.

Lærar ved Lom og Skjåk kulturskule, Mads Erik Odde, vann Spellemannprisen i kategorien folkemusikk/ tradisjonsmusikk i 2021.

Fleire tilbod har hatt redusert kapasitet og fordjupingstilbod har ikkje blitt gjeve på grunn av pandemien.

Elevplassar

Breiddetilbod Kjernetilbod Fordjuping

Elevplassar 2019/2020

Elevplassar 2020/2021

Elevplassar 2021/2022

37

45

39

194

185

157

5

10

0

Foto: Skjåk Kulturskule

Kulturskulen har heldigvis hatt mest fysisk undervising, men har hatt digital undervising dei gongane lærar/elevar ikkje kunne møtast. Skulen har hatt eit stabilt elevgrunnlag. I 2021 vart det ikkje gjeve tilbod i karusell-idrett. UKM vart avlyst grunna pandemien.

Elevarbeid av elevar ved Lom og Skjåk kulturskule


Årsmelding 2021

67

|

Barnehage Felles visjon for barnehagane i Skjåk; «Sjå ljost på livet»

Vi vil at humor, glede og positiv tenking skal prege kvardagen i barnehagen vår. Å kunne gle seg og le saman med barna er viktig. Vi ynskjer å gjere barn og vaksne løysingsorienterte gjennom positiv tenking.

Statistikk: Personal, barn og drift: Fordeling deltid/heltid

Heltid Deltid

Kjelde: Udir, basert på årsmeldingar 2021

Talet på born ved utgangen av kvart år: 2016

2017

2018

2019

2020

2021

Dønfoss naturbarnehage

22

20

27

27

21

25

Bismo barnehage

23

27

33

33

34

62

Holemork barnehage

22

24

26

26

18

-

3

0

3

3

3

0

Furuly familiebarnehage

Kjelde: Udir, basert på årsmeldingar 2021


68

|

Årsmelding 2021

//

Tenesteområde oppvekst og utdanning

Enhet

Skjåk 2020

Kostragruppe 05 2020

Landet uten Oslo 2020

Andel barn 1-2 år i barnehage, i forhold til innbyggere 1-2 år (prosent)

prosent

69,7

79,9

85,5

Andel barn 1-5 år i barnehage, i forhold til innbyggere 1-5 år (prosent)

prosent

87,4

90,8

92,9

Andel barn 3-5 år i barnehage, i forhold til innbyggere 3-5 år (prosent)

prosent

98,1

97,3

97,4

antall

5,6

5,3

5,7

Andel barnehagelærere i forhold til grunnbemanning (prosent)2

prosent

44,5

44

42,4

Andel barn i kommunale barnehager som får spesialpedagogisk hjelp (prosent)

prosent

4,1

3,6

4

kr

91,3

78,7

77,3

prosent

100

86

84

Netto driftsutgifter barnehager, per innbygger 1-5 år (kr)

kr

186 333

168 730

168 389

Korrigerte brutto driftsutgifter f201 per korrigerte oppholdstimer i kommunale barnehager (kr)3

kr

80,2

66

61,1

Antall barn korrigert per årsverk til grunnbemanning, alle barnehager (antall)

Korrigerte brutto driftsutgifter til barnehager (f201, f211, f221) per korrigerte oppholdstimer i kommunale barnehager (kr)1 Andel minoritetsspråklige barn i barnehage i forhold til innvandrerbarn 1-5 år (prosent)

Kjelde: SSB, Kostra 2020


|

69

Foto: Bismo barnehage

Årsmelding 2021

Holemork som ei avdeling under Bismo barnehage Holemork har sidan hausten 2020 vore ei avdeling under Bismo barnehage, og barnehagane er organiserte slik at det er ein felles styrar som har hovudansvar for administrasjon, personale, budsjett, rekneskap og fagleg innhald og utvikling. Styrar har administrasjonstid og er fysisk på kontoret i Holemork to halve dagar i veka. I Holemork er det i tillegg ein pedagog, som i

delar av stillinga si, har noko administrasjonstid og ansvar for den daglege drifta i barnehagen. Det er tenkt at Bismo og Holemork skal ha eit meir utvida samarbeid enn det vi har fått til så langt etter samanslåinga, på grunn av koronasituasjonen. Når vi ikkje lenger treng å ta omsyn til pandemien, kan ein sjå for seg at det kan vere noko å hente på eit meir ustrakt samarbeid mellom barnehagane, mellom anna gjennom fagleg utvikling på personalmøte.


70

|

Årsmelding 2021

//

Tenesteområde oppvekst og utdanning

Bemanning Barn pr barnehagelærar 2021 16 14 12 10 8 6 4 2

Innlandet/ Oppland fylke

0

Skjåk

Fokusområde i barnehagane: Resultata frå foreldreundersøkinga er gode, samanlikna med andre kommunar. Det som skil seg ut er informasjon. Der er det svakare resultat enn det vi ser i snittet for Innlandet. I 2021 er det satsa på forbetring av kommunikasjon mellom barnehage og heim gjennom Visma flyt barnehage og tilrettelegging av dialog via mobil.

Dette vart fyrst og fremst gjort for å redusere smittesituasjonar, men kanskje like mykje for å frigjere arbeidsoppgåver og ressursar til smitteverntiltak. Foreldre gjev signal om at dei ynskjer mattilbodet attende i barnehagen.

Foto: Bismo barnehage

Eit anna område foreldre har gjeve svake attendemeldingar på er matordninga i barnehagane. Under pandemien vart det gjennomført matpakke.


|

71

Foto: Bismo barnehage

Årsmelding 2021

Barna frå Bismo barnehage gjekk i smånissetog gjennom Bismo sentrum

Foreldreundersøkinga hausten 2021

Innlandet Skjåk

Ute- og innemiljø

Barnets trivsel

Informasjon

Barnets utvikling

Tilfredshet 0

1

2

3

4

5


|

Årsmelding 2021

Skulen Skulen har vore igjennom ein periode med store omveltingar sidan Skjåk barne- og ungdomsskule vart opna. Talet på årsverk i personalet er redusert. Elevtalet ved årsskiftet er i overkant av 200 (205 v. årsskiftet). Det er ein reduksjon på ei klasse sidan starten. Dei siste åra har det vore satsa på digital kompetanse og bruk av digitale verktøy i læringsarbeidet. Det er innført ny læreplan i alle klassar med unnatak av 10. klasse. Skulen har gjennomført store løft i «Kompetanse for kvalitet» og i Desentralisert kompetansestrategi (DEKOMP). I tillegg har skulen delteke i den nasjonale satsinga på Inkluderande barnehage- og skulemiljø.

Det er krevjande å delta i såpass mange satsingar og utviklingsarbeid på same tid. Personell må frigjerast i periodar for å delta på samlingar, satsingane skal følgjast opp i fellesskapet på skulen og i det daglege arbeidet. Kjem ikkje satsinga og nyvunnen kompetanse elevane til gode, er det i verste fall bortkasta ressursbruk. Statistikken viser at skulen har jamt over gode sluttresultat frå grunnskulen. Utfordinga er som tidlegare begynnaropplæringa eller dei fyrste åra. Resultata frå nasjonale prøver i 5. klasse er framleis ikkje gode nok.

//

Tenesteområde oppvekst og utdanning

Foto: Skjåk barne- og ungdomsskule

72

Koronasituasjonen har vore utfordrande for mange, ikkje minst for ein del av elevane. Lærarane har teke utfordringane og lagt om undervising slik at den har blitt tilrettelagt for heimeundervising frå starten. Men vi ser fleire teikn på at stenginga av skulen har vore utfordrande for fleire av elevane. Det er utfordringar i elevmiljøet som krev betydeleg innsats. Det er grunn til å rose alle tenestene som bidreg i arbeidet med å gjere elevmiljøet trygt og godt for alle. Ein del av dei utfordringar som kan oppstå i eit skulemiljø krev at ein klarar å bygge eit godt «lag» rundt eleven/elevane for å sikre at dei har det trygt og godt.


Årsmelding 2021

|

Skulen Indikator og nøkkeltall

2015–16 2016–17 2017–18 2018–19 2019–20 2020–21 2021–22

Talet på elevar

254

248

231

215

202

203

193

Talet på skular

3

3

3

1

1

1

1

Talet på lærarar med kontaktfunksjon

22

21

20

18

18

17

18

Talet på lærarar

42

41

39

34

32

35

35

2015–16

2016–17

2017–18

2018–19

2019-20

2020-21

40,9

44,2

41,2

40,8

42,8

43,5

42,8

42,9

43,1

43,3

Kjelde: SSB, KOSTRA, GSI

Resultat, grunnskulepoeng: Indikator og nøkkeltall Grunnskulepoeng, gjennomsnitt - Skjåk kommune skuleeigar Grunnskulepoeng, gjennomsnitt - Innlandet fylke Grunnskulepoeng, gjennomsnitt - Nasjonalt

41,1

41,4

41,7

41,9

Tabellen viser slutt-resultat (gjennomsnitt) frå 10. klasse i Skjåk, samanlikna med fylket og landet.

Kjelde: Udir, grunnskulestatestikk

Skulemiljøet – elevundesøkinga (hausten 2021) Skjåk barne- og ungdomsskule 2021

Trivsel

Innlandet 2021

Nasjonalt 2021

4

4,2

4,2

Støtte frå lærarane

4,1

4,2

4,2

Støtte frå heimen

4,1

4,1

4,1

Vurdering for læring

3,5

3,6

3,6

Læringskultur

3,8

3,9

3,9

Meistring

3,9

3,9

3,9

Motivasjon

3,5

3,6

3,6

Elevdemokrati og medverknad

3,5

3,6

3,6

4

4,2

4,2

Mobbing

4,6

4,7

4,7

Utdanning og yrkesrettleiing

3,6

3,7

3,6

Praktisk opplæring

3,4

3,3

3,3

Variert opplæring

3,8

3,8

3,8

Relevant opplæring

3,6

3,5

3,5

4

3,9

3,9

3,9

4,2

4,2

Felles reglar

Innsats Faglege utfordringar

Tabellen viser resultat frå Skjåk samanlikna med fylket og nasjonale resultat frå undersøkinga gjennomført i november 2020. (Tala er på skala frå 1-5, der 5 er høgast)

Kjelde: Udir, Elevundersøkinga

73


74

|

Årsmelding 2021

//

Tenesteområde oppvekst og utdanning

Rapport til rekneskap 2021 Skulen har eit overforbruk totalt på ansvar 220, stort sett på teneste 2020 og lønnspostane der.

Foto: Skjåk barne- og ungdomsskule

Ein del av utgiftene på lønnspostane blir dekt inn i form av refusjonar, også av den delen som overskrid budsjettet Når det gjeld overforbruk på lønnspostar kjem dette av: • Behov for ekstra bemanning • Vakanse i stilling på spes. ped.-avdeling • Korttidsfråvær • Svømmeopplæring

Bemanning Det var nødvendig å setja inn ekstra bemanning/omprioritere bruk av personale til å arbeide med skulemiljøet i enkelte klassar. Bemanninga måtte vera tilstrekkeleg til at ein kunne dele klassar i mindre grupper. Dette til det beste for elevane. Alle elevar har rett på ein trygg skulekvardag.

Korttidsfråvær Skulen har gjennom året hatt mykje korttidsfråvær. Særleg har det vore mykje fråvær på tre til fire dagar der ein på grunn av pandemien, ved symptom på luftvegsinfeksjon, måtte vera heime til ein fekk svar på pcr-test. Dette er ikkje rapportert inn som pandemikostnader. I tillegg har vi sjukmeldingar på 7 – 14 dagar. Dette er dyrt fråvær sidan det er fråvær innanfor arbeidsgjevarperioden.

Skulen har også hatt tilretteleggingar for å unngå langtidssjukmelding. Dette for å ivareta arbeidstakar, men også til barns beste for å unngå ukjente vikarar. I tillegg har det vore nødvendig med ekstra ressursar for å følgje opp enkeltelevar.

Symjeopplæring For å innfri kompetansemål i ny læreplan, har det vore brukt noko ekstra ressursar på svømmeopplæring. I og med at svømmehallen skulle stengjast, intensiverte vi opplæringa i hausthalvåret.

Vakanse på spes.ped.avdeling Det har vore vakanse på spes.ped.avdelinga. Det var hol i turnus som ikkje vart dekt opp. Dei som arbeider både på skule og i avlasting går i turnus. Dette vart dekt av dei som var på avdelinga og genererte dermed overtid.

Alt i tertialrapportering har vi signalisert at vi brukar meir i løn enn budsjettert. Dette har vi prøvd å dekke inn ved å spare på andre postar. Vi har ikkje sett inn vikar ved fråvær der det har vore forsvarleg å la vere. Ved to-lærar-system har vi slått saman grupper. Vi har skjerma småskulesteget.


Foto: Skjåk barne- og ungdomsskule

Årsmelding 2019 |

75


76

|

Årsmelding 2021

//

Tenesteområde oppvekst og utdanning

Vi har ikkje sett inn vikar ved sjukmelding i leiing. Dette gjeld både rektor og assisterande rektor.

Foto: Skjåk barne- og ungdomsskule

Vi har kjøpt lite skulebøker og anna pedagogisk materiell. Vi har ikkje gjort dei investeringane vi burde i forhold til ny læreplan, og vi har droppa innkjøp av nye symaskiner og fleire stolar i kantina. Vi har avgrensa ekskursjonane, og det har vore minimalt med fellesopplegg.


Årsmelding 2021

Vaksenopplæringa - flyktningtenesta Kommuneplanen: «Skjåk skal ha: God integrering av flyktningane, med gode bustader, tilpassa opplæring og tilfredstillande barnepass.»

Flyktningtenesta er samordna med vaksenopplæringa, og tenesta er ansvarleg for deltakarane sine introduksjonsprogram i 2-3 år. Dette skal gi kvalifisering av den einskilde til vidare utdanning eller arbeid. Frå 1. april 2021 og ut året hadde tenesta også ansvaret for flyktningbusette i Lom kommune. I 2021 var det 5 personar som hadde Introduksjonsprogram i heile eller delar av året frå Skjåk, og 1 deltakar frå Lom. Desse var anten elevar ved Nord-Gudbrandsdal vgs., på Grunnskule for vaksne eller i Norsk- og samfunnsfagsopplæring ved vaksenopplæringa i kommunen. Alle barn mellom 1 og 6 år med flyktningbakgrunn har fulltidstilbod i Bismo barnehage.

Foto: Skjåk flyktningeteneste og vaksenopplæring

Frå dei fyrste flyktningane kom til Skjåk i 2010 har kommunen busett omlag 80 vaksne og barn frå Eritrea, Sudan, Somalia, Kongo og Etiopia. 2021 vart det fyrste året det ikkje var ny busetting av denne typen i Skjåk. Ved årsslutt var det 25 personar att med flyktningbakgrunn i kommunen. 4 husstandar (6 vaksne, 3 barn og 4 unge vaksne) fløtte frå Skjåk dette året.

|

77


78

|

Årsmelding 2021

//

Tenesteområde oppvekst og utdanning

Årsverk i flyktningtenesta i 2021: 0,2 Flyktningtenesta/vaksenopplæringa tilbyr fyrst og fremst bistand til flyktningbusette, men hjelper også andre innvandrarbusette med søknadsprosedyrar kring opphaldsløyve, søknadar om familieinnvandring og utskriving av prøvebevis frå Norskprøver, Samfunnsfagsprøver og statsborgarprøver, m.m. Tenesta er underlagt Kommunalsjef Oppvekst og utdanning i Skjåk, og har lokalitet på det gamle lensmannskontoret i Skjåk Energi-bygget. Ingen nye busette i 2021.

Vaksenopplæringa (VO) Vaksenopplæringa i Skjåk er ei kommunal teneste som tilbyr Norsk- og samfunnsfagsopplæring til alle busette med innvandrarbakgrunn, etter Læreplan for språklege minoritetar som har rett og/eller plikt til opplæring i følge Integreringsmyndigheitene. Tilbodet er for busette i kommunen, men frå august 2020 har Lom kommune også nytta tenesta i Skjåk. I tillegg er det gjeve grunnskuleopplæring for dei som ikkje har godkjent/fullført grunnskuleopplæring frå før.

Foto, begge bilder: Skjåk flyktningeteneste og vaksenopplæring

Av dei vaksne flyktningbusette i Skjåk som ikkje lenger er under utdanning, er alle i arbeid. Dei fleste, både kvinner og menn, er i fulltidsstillingar. Nokre har kjøpt eigne bustader, medan andre leiger bustad privat eller av kommunen. Ved utgangen av året er 5 av kommunen sine flyktningbustader nytta.


Årsmelding 2021

|

79

Vaksenopplæringa i Skjåk har sidan august 2020 hatt 2 tilsette i 2 årsverk,- 1,6 til undervising i språk og grunnskule, 0,2 til administrasjon av språkopplæringa – og grunnskulen for vaksne, og 0,2 til flyktningarbeid. Dei tilsette har formell pedagogisk kompetanse, i tillegg er det ein som har Norsk som andrespråk, og ein annan har Karrierevegleiing. Vaksenopplæringa i Skjåk sit med register for offentlege prøver og avlagte timar i norsk og samfunnsfag. VO gjev ut godkjende dokument i norsk og samfunnsfag som innvandrarar pliktar å levere ved søknad om permanent opphald og norsk statsborgarskap. Vaksenopplæringa i Skjåk hjelper alle busette med ulik innvandringsbakgrunn med søknadar til skule, opphaldsløyve, arbeid, økonomisk bistand og Lånekassen.

Vaksenopplæringa (VO) Årsverk til saman i vaksenopplæringa 1. halvår

1,60

Språkopplæring etter Introduksjons-/Integreringslova

0,60

Grunnskule for vaksne

0,80

Leiing

0,20

Årsverk til saman i vaksenopplæringa 1. halvår

1,70

Språkopplæring etter Introduksjons-/Integreringslova

0,43

Grunnskule for vaksne

1,07

Leiing

0,20


80

|

Årsmelding 2021

Skjåk folkebibliotek presenterar nokre av vinnarane av Sommarles 2021. Forskar Fredrik heldt avslutningsshow.

//

Tenesteområde oppvekst og utdanning

Foto: Skjåk folkebibliotek


Årsmelding 2021

Biblioteket Utlån i biblioteket har hatt ein betydeleg auke i 2021, etter at det hadde minka i 2020. Biblioteket har stort sett blitt halde ope gjennom året. Det har blitt arbeidd mykje med førebuing til meirope bibliotek gjennom året. Det meste vart gjennomført i løpet av sommaren 2021. Da vart alle bøker chippa, slik at dei var klare for elektronisk utlån. Leveranse og installering av utstyret som skulle til, tok lenger tid enn det som var planlagt, og da alt var på plass oppstod det feil som måtte rettast. Mykje av dette skuldast nok pandemien. Fyrst no etter årskiftet er vi komne i gang med prøveperiode og drift av meirope bibliotek. På tross av pandemi og omsyn til smittespreiing, har biblioteket fått til fleire besøk frå skulen i 2021. Utlån og besøk Det totale talet på utlån auka frå 9 362 i 2020 til 14 800 i 2021.

81

|

Leselystaksjonar Biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen har samarbeidd om leselystaksjonar for både ungar og vaksne i fleire år.

• Vinterles hadde i 2021 71 personar med i leseaksjonen. • Sommarles hadde 96 ungar med, desse las 1945 bøker. Sommarles for ungar frå 1. til 7. klasse går føre seg i sommarferien. Tilsette og ressursar Stillingsressursane på biblioteket er uendra. I 2021 kjøpte Skjåk kommune biblioteksjeftenester frå Lom kommune. Ny biblioteksjef vart tilsett frå årskiftet 2022. Satsing på barn og unge Folkebibliotek skal drive formidling og yte gode tenester til folk i alle aldrar. Satsinga på barn og unge er vidareført i den grad det let seg gjera under pandemien. Elevgrupper har besøkt biblioteket med jamne mellomrom, etter at skulane gjekk over på grønt nivå frå hausten 2021.

E-bøker tek ikkje av slik ein del har spådd. Utlånet av e-bøker gjekk faktisk litt ned frå 284 i 2019 til 203 i 2020. Men det er gledeleg å sjå at papirboka som medium held seg såpass godt.

Utlån Utlån skjønnlitteratur barn og ungdom Utlån skjønnlitteratur vaksne Det totale utlån

2018

2019

2020

2021

3 789

3 874

3 254

5 958

3 532

3 860

3 2934

3 682

12 927

12 851

9 362

14 800

Tabellen over viser endringar i utlån for ulike brukargrupper i biblioteket.


82

|

Årsmelding 2021

//

Tenesteområde oppvekst og utdanning

Andre tenester Felles Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) Felles Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er administrert av Sel kommune som vertskommune. Tenesta er felles for dei 6 kommunane i Norddalen. Dei er sakkunnig instans i barnehage og grunnskule. Dei vurderer elevane sine behov for særskilt tilrettelagt undervising. PPT leverer tilråding på omfang, innhald og organisering for dei elevane som elles ikkje vil å få eit likeverdig utbytte av undervisninga.

Leiar i regional PPT (Hilde Lusæter) slutta og gjekk over i ny stilling i regionen ved årsskifte. Merete Dagsgard har teke over som ny leiar. Nokre elevar/barn i skule og barnehage har eit stort og samansett behov for tilrettelegging. Hjelpa til desse kan bli organisert av «spes.ped.-teamet». Dette er samansett av spesialpedagogar, assistentar og fagarbeidarar som har spesiell kompetanse for å hjelpe elevane/borna med deira utfordringar. «Spes.ped.-teamet» samarbeider tett med avlasting for barn og unge. Fleire av desse elevane har og oppfølging frå Habiliteringstenesta. Kommunen sel tenester til fylkeskommunen knytte til elevar i vidaregåande skule med behov for særleg tilrettelegging. Servicetorg og arkiv Servicetorg og arkiv er knutepunktet i Skjåk kommune. I tillegg administrerer dei mellom anna kommunale innkjøp, utleige av kommunale bygningar samt møtebehandling for politiske råd og utval.

Innføring av Elements saksbehandlings- og arkivsystem har betydd mykje meirarbeid

for dei tilsette i Servicetorget, fyrst med bortsetting av det elektroniske arkivet frå det gamle systemet. Dette omfatta arkivmateriale frå 2006 og fram til 2020. Innarbeiding av rutinar og hausting av erfaringar med det nye systemet har sjølvsagt hatt fokus. Både saksbehandling, møtebehandling og arkivfunksjonar har kravd nye rutinar. FirstAgenda har gjeve kommunen verktøy for å formidle møteinnkallingar og protokollar til politikarane, samtidig er dette og eit arbeidsverktøy for politikarar.


|

Foto: Stock

Årsmelding 2021

It-avdelinga It-avdelinga er ei fellesteneste med Lom der Skjåk er vertskommune. Kommunen er og med i det regionale samarbeidet gjennom Regiondata. Office 365 og virtuelle møterom Siste gruppe brukarkontoar er migrert til regionsky, og med det er alle brukarkontoar aktiverte i den regionale sky-løysinga. Dette betrar moglegheiter for samhandling mellom brukarane i tenester som for eksempel i Teams, kalenderinnsyn osb.

Nettopp Teams og virtuelle møterom har vore naudsynte igjennom pandemien. Og det er godt å sjå at innføringa er gjennomført, og brukarane sin vilje til å ta i bruk virtuelle møterom.

Sikkerheit IT-sikkerheit er eit kontinuerleg viktig tema, ikkje minst etter hendingar siste året med nettangrep på både private og offentlege instansar. RegionData-samarbeidet og den enkelte kommune jobbar stadig med tiltak som skal sikre våre løysingar, samt vår elektroniske informasjon og samhandling med omverda. I tillegg til å etablere samarbeid med eksterne partar som hjelper oss med sikkerheitsevaluering, har vi og etablert ei intern regional sikkerheitsgruppe, samansett av representantar frå sentral driftsavdeling og lokal IT. Her drøftar ein gjeldande trusselbilete og sårbarheiter, med mål om å finne konkrete tiltak for det som gjeld vår eigen sikkerheit. Av opplagte grunnar kan ein ikkje gå djupt inn i detaljar på dette temaet.

83


84

|

Årsmelding 2021

Regionalt og interkommunalt samarbeid RegionData-samarbeidet fortset vidare og syrgjer for at kommunane finn felles løysingar og etablerer avtaler for felles innkjøp. I løpet av året som gjekk har vi m.a. fått fullført innføringa av breibandsaksess frå Eidsiva til alle kommunale bygg, samt at det regionale velferdsteknologiprosjektet har resultert i leveransar i kommunane sine helse- og omsorgssenter. IT er også tilfredse med å ha fått etablert rammeavtale for multifunksjonsmaskiner med Canon.

Illustrasjonsfoto: Skjåk kommune

//

Tenesteområde oppvekst og utdanning

Pandemien It har ei sentralisert løysing for programvareoppdateringar av sluttbrukarar sine datamaskinar, virtuelle brukarmiljø i den regionale Citrix-løysinga og ei offensiv driftsavdeling som saman med lokal IT bidreg med heilskapleg vurdering av korleis IT-verktøy vert nytta ute i den enkelte kommune. Dette har i løpet av de siste to åra medført at pandemisituasjonen og auka bruk av heimekontor har latt seg gjennomføre utan nemneverdige problem. Med ein


Årsmelding 2021

|

85

jamt over solid breibandstruktur i dalføret, har stor grad av bruk av virtuelle møterom hjelpt dei tilsette å få utført jobben, medan sentralt IT-supportsystem med etablerte rutinar for fjernstyring har hjelpt IT å underbygge dei kommunale tenestene.

Streaming av kommunestyremøte: I løpet av 2021 er det etablert system for streaming av kommunestyremøta. Sendingane frå møta verkar vere populære og godt besøkte. Ungdomsklubben og Ungdomsrådet Ungdomsklubben og Ungdomsrådet blir fylgt opp og administrert frå oppvekst og utdanning.

Ungdomsklubben opna att i september. Sidan 23. september har ungdomsklubben vore open stort sett annankvar fredagskveld. Ungdomsrådet har hatt 6 møte i 2021.


86

|

Årsmelding 2021

//

Tenesteområde helse og omsorg

07

Tenesteområde Helse og omsorg Kommunalsjef Helse- og omsorg

Helsetenester

Tenester til funksjonshemma.

Institusjon og heimesjukepleie

Helse og omsorg er organisert i 6 område. Skjåk kommune yter ein del av helse- og omsorgstenestene til sine innbyggarar i eigen regi, ein del i samarbeid med Lom og ein del i samarbeid med alle norddalskommunane. Helse- og omsorgssektoren er den største sektoren i kommunen. Pandemi og kjøp av legetenester har prega meirforbruket i 2021.

NAV Lom & Skjåk

Barnevern

Lom og Skjåk tildelingskontor

Økonomi Skjåk kommune har minkande driftsutgifter til helse og omsorg per innbyggjar. Ved å samanlikne tala med KOSTRA-gruppe 5 blir det synleg at tenestene våre har eit kostnadsnivå som ligg om lag på line med vår KOSTRA-gruppe. Dette er kommunar som er samanliknbare med Skjåk i demografi og inntekter/kostnadar.

Skjåk kommune har ein dekningsgrad for sjukeheimsplassar på 15,3% av andel innbyggjarar over 80 år som treng sjukeheimsplass. Til samanlikning ligg KOSTRA-gruppe 5 på 12,6%. I tillegg har vi 14 omsorgsleilegheiter, der heimesjukepleia kan yte avanserte helse- og omsorgstenester i heimane. Dette gjev oss eit handlingsrom til å yte helse- og omsorgstenester til våre heimebuande. Framtidas eldre har eit heilt anna forhald til kva tenester

i


i

Årsmelding 2021

|

87

Helse- og omsorgssektoren er den største sektoren i kommunen, og har ei totalramme på kr 67 888 000 kroner i 2020, som er fordelt slik:

Rekneskap 2021 Helse og omsorg

Budsjett 2021

Avvik

Rekneskap 2020

3 571 281

3 241 000

330 281

3 376 948

Institusjon og heimetenester

23 010 684

20 818 000

2 192 684

20 379 986

Heimetenester til funksjonshemma

25 214 963

26 025 000

-810 037

26 142 016

Helsetasjon

2 675 417

2 864 000

-188 583

2 491 722

Nav

2 307 836

2 445 000

-137 164

2 125 960

Barnevern

2 564 859

2 578 000

-13 141

2 406 986

Helsetenester

16 003 457

12 331 000

3 672 457

10 965 002

TOTAL

75 348 498

70 302 000

5 046 498

67 888 620

Netto driftsutgifter til helse og omsorg, kroner per innbyggar Skjåk 2018

Skjåk 2019

Skjåk 2020

KOSTRA-gr 5

Landet utan Oslo

40 992

42 901

41 587

41 204

29 271

Andel netto driftsutgifter til helse og omsorg fordelt på følgande område, i prosent

Andel omsorgstenester Andel kommunehelsetenesta

Skjåk 2018

Skjåk 2019

Skjåk 2020

KOSTRA-gr 5

Landet utan Oslo

36,8

38,9

36,0

36,0

32,1

6,5

8,0

6,8

6,0

5,5


88

|

Årsmelding 2021

dei ønskjer, og dei ønskjer å få tenestene sine i heimen. Det er avgjerande for Skjåk kommune å leggje til grunn for korleis vi byggjer opp tenester i heimane til våre innbyggjarar. Lom og Skjåk tildelingskontor (TD) Tildelingskontoret er plassert organisatorisk under kommunalsjef for helse og omsorg. TD har mellom anna som oppgåver: • å fatte vedtak ut i frå Lov om kommunale helse- og omsorgstenester • gje rettleiing til innbyggjarane/ tenesteytarane i høve saksbehandling • vere koordinerande eining i høve til pasientflyt • oppfølging av ansvar med Individuell plan/ansvarsgrupper • saksbehandle søknadar om parkeringsbevis/ledsagerbevis • lage vedtak om eigenbetaling ved institusjon

TD har mynde til å avtale korttidsopphald ved Nord-Gudbrandsdal lokalmedisinske senter, Otta (NGLMS), og oppfølging av opphald der. TD er superbrukarar opp mot NetNordic sitt system for tryggheitsalarmar. TD er koordinerande eining i Lom og Skjåk kommunar, og er superbrukarar for SamPro/ Samspill.

//

Tenesteområde helse og omsorg

heimesjukepleie. Tenesteleiar har ein avdelingsleiar for institusjonstenestene og ein avdelingsleiar for heimesjukepleietenester. På Skjåkheimen er det kjøkendrift, dagtilbod, langtidsopphald og korttidsopphald som blir gjeve som avlasting, rehabilitering eller behandlingsopphald. Heimesjukepleia og praktisk bistand ligg tett på omsorgsbustadane på Skjåkheimen, og er knytt tett saman med institusjonen i samband med til dømes samarbeid mellom nattevakter og felles planlegging og gjennomføring av dagtilbod til heimebuande. Sjukeheimen Sjukeheimsplassane, og omsorgsbustadane med høgare omsorgsnivå, er lokalisert under same tak på Skjåkheimen. Det har vore tydeleg over fleire år at omsorgsbustadane har redusert behovet for sjukeheimsplassar. Denne framsynte organiseringa gjev oss eit ekstra verktøy i omsorgstrappa, og gjer at Skjåk kommune har eit fortrinn i å vri tenestetilbodet frå institusjon til heimebaserte tenester. I 2021 gjorde vi grep på institusjon som auka fokuset på heimebaserte tenester.

I 2021 har kontoret vore bemanna med to saksbehandlarar i 100% stillingar og ei saksbehandlar i 50% stilling i det meste av året.

Det er lagt ein plan for at institusjon og heimesjukepleie skal arbeide tettare saman, og eit resultat av planlegginga hittil er eit samarbeid om demensomsorga. Dagtilbodet for heimebuande med demens blir vidareutvikla. I tillegg vil dei i fellesskap utvikle vidare demensomsorga i kommunen som gjeld til dømes kartlegging og oppfølging.

Institusjon og heimesjukepleie Ved årsskiftet vart tenesteområda 310 og 320 lagt noko om, og tenesteleiar for institusjon er nå tenesteleiar for institusjon og

Presset på sjukeheimsplassar er redusert som følgje av at terskelen for å få plass er blitt høgare. Dette er heilt i tråd med den nasjonale eldrereforma St.m.15 «Leve hele livet». Skjåk kommune har seld sjukeheim-


Årsmelding 2021

|

89

Skjåkheimen

Andel innbyggjarar 80+ m sjukeheimsplass (%) Andel brukartilpassa einerom m eiget bad/wc (%)

Skjåk 2018

Skjåk 2019

Skjåk 2020

KOSTRA -gr 5

Landet utan Oslo

16,9

18,5

15,3

12,6

11,9

100

100

100

92,1

91,0

4 122

3 658

3 435

3 852

3 842

Legetimar pr. veke pr. bebuar i sjukeheim *)

0,4

0,34

0,40

0,5

0,56

Andel private institusjonsplassar

0,0

0,0

0,0

1,1

5,0

Utgifter pr. opphaldsdøgn institusjon (kr)

*) Talet er ikkje inkludert legetimar på IM- og KAD-senger på NGLMS.

splassar til andre kommunar ved ledig kapasitet. Som eit resultat av eit underbelegg og at sektoren skal dreie tenestene, vart talet sjukeheimsplassar redusert i 2021 til 24 plassar. Institusjon har over fleire år justert bemanninga. I 2021 vart det arbeidd med å overføre ressursar frå institusjonen til heimesjukepleia for å styrke heimebasert omsorg. Dette arbeidet var krevjande for tenestene både fordi det var høgt sjukefråvær, pandemirelaterte årsaker og vaksineringsarbeid. I tillegg opplevde institusjonen å bli ramma av eit smitteutbrot grunna systemfeil hjå ein annan helseinstitusjon. I løpet av desse vekene var 33 bebuarar og tilsette smitta av covid-19. Dette utbrotet åleine er berekna å ha kosta om lag 1.000.000 kroner, frå oktober og ut 2021. Dei tilsette gjorde ein formidabel innsats, og sørgja for at drifta var forsvarleg til einkvar tid. Foto: Skjåkheimen


90

|

Årsmelding 2021

Institusjonen har eit svært godt omdømme i regionen, som ein god plass å vere. Dette speglar seg i dei gode attendemeldingane institusjonen mellom anna har fått frå pasientar frå andre kommunar. Skjåkheimen har opplevd å få fagleg anerkjenning ved at dei yter avansert sjukepleie i form av t.d. blodoverføring. Institusjonen har formidla sine arbeidsmetodar og rutinar til større byer og andre kommunar for å synleggjere at det er mogleg å yte avansert sjukepleie i små kommunar. Det er eit stort fokus på at vi skal sikre fagleg gode og trygge tenester for våre innbyggjarar. Ved å sørgje for at vi kan utøve avansert sjukepleiefaglege rutinar sørgjer vi for at Skjåk kommune arbeider for å ha ein større del av behandling og helsetenester i kommunen. Kommunedirektøren ønskjer at befolkninga skal oppleve å få mest mogleg av det dei treng i sin eigen kommune innan helsetenester. Heimesjukepleia Det har vore stort press på heimesjukepleia i delar av året med krevjande behandling av svært sjuke heimebuande, noko som har medført ekstra kostnader knytt til overtid og bruk av ekstrahjelp. Tenesta har fått tilført ressursar frå institusjonen, og dette har gjort at det ikkje har blitt eit stort meirforbruk. Det har blitt tilsett fleire sjukepleiarar, og det er klart at det er eit stort behov for å ha fokus på utvikling av heimesjukepleia vidare. Dette gjeld innan kvardagsrehabilitering, Previs hovudkamera/ interaktiv samhandling med akutt- og spesialisthelsetenesta, demensomsorga, palliativ- og kreftsjukepleie og dagaktivitetar for heimebuande. I kommunestyrets vedtak om helse- og omsorgsplan er det synt til at ei av dei viktigaste grunnverdiane er at heimen er primær bistandsarena. Det gjer at heimesjukepleia må tenkje kreativt, og må ha eit fokus på heimesjukepleie i samarbeid med andre tenester i heimen.

//

Tenesteområde helse og omsorg

Vi ser at bruken av heimetenester blant dei over 80 år er aukande, mens brukarar frå 0–66 år brukar færre tenester. Dette syner arbeidet som gjerast med å dreie tenestene slik at eldre brukarar blir ein større del av mottakarar av heimebasert omsorg. Det synleggjer at vi har eit omfattande behov for tenester hjå våre mindreårige bebuarar. Mykje av bistanden vi yter i personleg assistanse og avlasting er svært ressurskrevjande, og det er behov for høg grad av personaltettleik for å sikre fagleg forsvarlege og trygge tenester til denne brukargruppa. Utfordringar knytt til ressurskrevjande tenester har vore store i 2021 grunna at vi har fleire brukarar med omfattande vedtak. Dette får vi noko refusjon for, men med ein eigenandel pr. brukar på 1.470.000 kroner er det likevel mykje utgifter som skal dekkast når det er fleire brukarar. Auka behov for assistentar i skuletida har bidrege til meirforbruket innan avlastingstenester. Tenester for funksjonshemma I 2022 vart ansvarsområdet 320 endra til å heite heimetenesta for funksjonshemma. Tenesta var tidlegare organisert saman heimesjukepleia og praktisk bistand. Den nye organiseringa gjer at leiar har høve til å vere tettare på tenestene og medverke til utvikling av gode tenester og delta i utviklingsprosjekt som til dømes velferdsteknologiprosjektet og arbeidet med gode dagaktivitetsplassar for våre tenestemottakarar.

Teneste har ansvar for Bismotunet med avlasting og personleg assistanse, personleg assistanse for heimebuande og andre heimetenester som t.d. omsorgsstønad og brukarstyrt personleg assistanse (BPA).


Årsmelding 2021

|

91

Framover vil tenesta ha fokus på å vidareføre arbeidet med fagutvikling ilag med tilsette, brukarar, pårørande og samarbeidspartar som til dømes spesialisthelsetenesta. Tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid er viktig i arbeidet med barn, unge og vaksne funksjonshemma med behov for livslange og varige tenester.

Helsefagarbeidar Ingrid Janne Sveen som arbeidar på Skjåkheimen

Foto: NRK Innlandet ved Even Lusæter.


92

|

Årsmelding 2021

//

Tenesteområde helse og omsorg

Helsetenester Helsetenester består av legeteneste, fysioterapi, psykisk helse, helsestasjon og jordmortenester.

Skjåk 2018

Skjåk 2019

Skjåk 2020

KOSTRA gr 5

Landet utan Oslo

Legeårsverk pr. 10 000 innbyggjarar

18,1

18,7

18,8

15,3

11,8

Fysioterapiårsverk pr. 10 000 innbyggjarar

13,6

11,4

11,5

12,2

9,7

Årsverk helsestasjon pr. 10 000 innbyggjarar 0-66 år

112,2

92,5

96,8

56,5

45,7

Legetenesta Det har vore ei stabil og god legeteneste over lengre tid, og Skjåk kommune har lukkast i å oppretthalde alle dei tre legeheimlane. I 2021 hadde vi eit større fråvær som følgje av lovfesta permisjonar blant legane. Det vart inngått avtale med legane om å leggje til rette for å auke antal personar som legar i Skjåk, innan nesten den same ramma. Dette er ei prøveordning i eitt år. Skjåk kommune ligg om lag 60% høgare enn KOSTRA-gruppe 5 i forhald til dekning av legeårsverk pr. 10 000 innbyggjarar. Det har vore turnuskandidatar knytt til tenesta. Dette har vore verdifulle og dyktige medarbeidarar, som har tilført kontoret kompetanse. Kommuneoverlegen og smittevernlegen har hatt ein formidabel oppgåve i å følgje opp tiltak i høve covid-19. Skjåk kommune har sjukepleiarar med vidareutdanning i kreftomsorg og palliasjon som varetek kreftpasientar som har behov for oppfølging og behandling.

Det er eit totalt meirforbruk på over 3.600.000 kroner i budsjettet for helsetenester. Hovudsakleg er auka i meirutgifter grunna pandemirelaterte utgifter og kjøp av legetenester.

Fysioterapitenesta Det er 2,5 kommunale fysioterapiheimlar. Kapasiteten på fysioterapeutar ligg litt over snittet for KOSTRA-gruppe 5. Dei tilsette har brei og god fagleg kompetanse som ein kan få utnytta betre gjennom utvida samarbeid. Vi tilsatte ny ergoterapeut i 2021. Skjåk har nå felles fysioterapi- og ergoterapitenester med Lom kommune, men dei tilsette er primært dedikert til ei av kommunane. Dette er personar med stor fagkompetanse, og dei er mellom anna aktive inn i planlegging av framtidas helseog omsorgstenester i Skjåk kommune. Helsestasjon Skjåk kommune jobbar målretta mot førebygging av psykiske og fysiske lidingar blant barn og unge, og har ei målsetting om at helse- og velferdstenester retta mot barn og unge skal bli betre koordinerte og av betre kvalitet. I dette ligg ein ambisjon om å fange opp problem, gjera god kartlegging og vurdering, samt setja inn hjelpetiltak så snart som råd – tidleg innsats. Det er viktig at helsesjukepleiarane opprettheld si kompetanse for å arbeide førebyggande blant foreldre og barn. Dette gjeld særleg foreldrerettleiingsprogram


Årsmelding 2021

som TIBIR, men og Cos-P og PMTO (foreldrerettleiingsprogram). Helsestasjonen har satsa på å innføre ein digital skulehelseteneste i godt samarbeid med oppvekst. Dette har vore ein suksess. Helsestasjonen har arbeidd aktivt på skulen i lag med Røde Kors – hunden Pluto, som er verdifull som ein kommunikator mellom elev og helsesjukepleiar. Helsestasjonen har dei siste åra fått tildelt betydelege statlege tilskott for å styrke barn og unge si psykiske helse ved å jobbe førebyggande. Kommunen fekk øyremerka midlar som finansierer delar av stillinga som miljøterapeut. For å styrke både tiltak- og det førebyggande arbeidet innan barnevernet, er det eit samarbeid med barnevernstenesta der deler av stillinga til miljøterapeuten blir brukt til barnevernstiltak i og utanfor heimen i Lom kommune og Skjåk kommune. Det er politisk vedtak om at det skal greiast ut felles teneste for helsestasjonane i Lom og Skjåk. Dette arbeidet har blitt utsett, og vil bli påbegynt i byrjinga av 2021. Det vil bli vurdert eit samarbeid med Lom om kommunale jordmortenester, som og skal sjåast i samband med den regionale jordmorvakta. Tilbod om skulehelseteneste Resultatet visar at dette tilbodet er eit god førebyggjande tiltak som både elevar, føresette og tilsette i skulen nyttar seg av og tek kontakt for råd og rettleiing og oppfylging. Skulehelsetenesta jobbar både på individ, - gruppe og klassenivå, og samarbeidet med skulen er godt.

Samarbeid med barnehagen Helsesjukepleiar gjennomfører språktesten for 4-åringane i barnehagen i samråd med føresette og tilsette i barnehagane. Tidlegare har språktesten vore gjennomført som ein del av den ordinære 4-årskontrollen på helsestasjon. Samarbeidet med barnehagane i Skjåk er godt. Foreldrerettleiing Gjennomført foreldrerettleiingsprogrammet Circle of Security (COS) både individuelt og i grupper. I tillegg har alle tilsette i barnehagen og skule fått tilpassa undervisning i bruk av COS. PMTO/TIBIR helsestasjon tilbyr foreldrerettleiing for foreldre som har barn med uønskt åtferd og til foreldre som har behov for eit meir konkret verktøy ein COS. Re-etablering av ressursgruppe og arbeid med samlokalisering av lokale tiltak mot rus og kriminalitet (SLT) Tenesteleiar for helse koordinerer arbeidet med ein ressursgruppe der det mellom anna sit representantar frå oppvekst, politi, psykisk helse og NAV mfl. Denne gruppa har tidlegare hatt møter ved behov, men nå er det etablert faste møtetidspunkt for nokre av medlemmane og to faste årlege møter for heile gruppa. Dette er ei gruppe som samordnar tiltak i oppvekstsektoren og samarbeidar systematisk for å betre oppvekstvilkåra til borna.

SLT-arbeidet er lagt til helsestasjonen. Det er viktig å arbeide med forankring på systemnivå for å sikre at vi har ein trygg struktur som kan sikre våre innbyggjarar på best mogleg måte. Kommunedirektøren ønskjer å ha ein koordinator som kan arbeide aktivt med dette og ser verdien i å ha denne rolla plassert i helsestasjonen.

|

93


Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

94

|

Årsmelding 2021

//

Tenesteområde helse og omsorg


Årsmelding 2021

|

95

Psykisk helseteneste Psykisk helseteneste (inkl. rusomsorg) var tidlegare organisert under heimebaserte tenester. Samhandlingsreforma for rus og psykiatri stiller store krav til den enkelte kommune, og når døgninstitusjonar blir lagt ned, tyder det ytterlegare press på tenestene i kvar kommune.

I 2020 oppstod eit behov for kjøp av private tenester til ein brukar. Innslagspunktet for å få dekka kostnadar ved ressurskrevjande brukarar blir høgare enn dagens nivå. Skjåk kommune har foreløpig ikkje kompetanse eller kapasitet til å organisere denne tenesta sjølv, og må difor kjøpe tenesta av ein privat aktør. Barnevern Den interkommunale barneverntenesta i Sel, Vågå, Lom og Skjåk har vore i drift i 2,5 år. Det er ein relativt stor auke i tal starta undersøkingar frå 2020 til 2021. Tiltak er stabile eller har vorte redusert noko. Ved årsslutt viser tala at den interkommunale barneverntenesta ikkje avviker frå budsjett.

Oppvekstreformen gjev den kommunale barneverntenesta fleire og meir krevjande oppgåver og ansvar. For å møte dei nye krava, blei barneverntenestene i Sel, Vågå, Lom og Skjåk slått saman til ei interkommunal teneste med Sel kommune som vertskommune og med kontorstad på Otta i 2019. Skjåk kommune søkte om skjønnsmidlar frå Statsforvaltaren for ei felles tiltaksgruppe i samarbeid med Lom, Vågå og Sel, og det interkommunale barnevernet. Det blir særs viktig at ein i 2022 arbeider med god samhandling mellom tenestene og god utnytting av eksisterande kompetanse samt auke


96

|

Årsmelding 2021

//

kompetansa der det er behov for det. Reforma krev meir av kommunane, som ikkje gjeld berre barneverntenesta, men også det øvrige hjelpeapparatet. (t.d. ein kommunal plan for tidleg innsats). Det har vore gjort strukturelle endringar, slik at ei stilling som sakshandsamar er gjort om til ei stilling som familierettleiar. Denne er inne og arbeidar terapeutisk i familiar. Slike endringar er i tråd med barnevernreforma om at vi skal ha fleire og meir differensierte tiltak å tilby foreldre og born. Ein ser at behovet for tiltak i og utanfor heimen er høgare enn det har vore tidlegare for å unngå fosterheimsplasseringar. Det er ikkje lagt opp til auke i budsjettet for Skjåk sin del for felles barnevernsteneste. Frå 1.1.2019 har kommunen plikt til å ha ein akuttberedskap i barnevern, og det er etablert ei regionalt vaktordning for heile Nord-Gudbrandsdalen etter kommunelova § 28 med Sel kommune som vertskommune.

Tenesteområde helse og omsorg

Pandemien covid-19 og helse og omsorg Pandemien forårsaka av covid-19 har vore ei krevjande og langvarig belasting for helse- og omsorgstenestene. Gjennom året har det vore svært godt samarbeid mellom tenestene i forhald til pandemi og vaksineringsarbeid. Kommuneoverlegen har gjort leiarane trygge på kva dei skulle gjere, og slik kunne sleppe å konferere med kommuneoverlegen om alle punkt. Tenestene opplever å ha lært utruleg mykje gjennom dette året, som har gjeve oss kunnskap som vi kan ha nytte av framover. Dette gjev oss ei auka bevisstheit og forståing av noko som har vore ukjent og lite relevant.

I institusjon vart det i periodar stengt for besøkande, og dette gav mindre sosial omgang for bebuarane. Institusjonen la til rette for gode aktivitetar for bebuarane, og dette konseptet har blitt vidareført og søkt om midlar til for å motverke einsemd. Institusjonen var utsett for eit omfattande smitteutbrot. Skjåk kommune har opplevd manglar på smittevernutstyr, men dette har ikkje medført uforsvarlege situasjonar.

Barnevern hovudtal

2019

2020

2021

Meldingar i alt

25

37

37

Starta undersøkingar i alt

20

22

32

Avslutta undersøkingar i alt

18

18

*

Barn med berre hjelpetiltak

10

17

15

Barn med omsorgstiltak

3

2

2

Tiltak til barn som ikkje er plassert (f251)

8

15

*

Tiltak til barn som er plassert (f252)

5

4

*

Barn med berre hjelpetiltak per 31.12.

6

9

*

Barn med omsorgstiltak per 31.12.

2

2

2

Tiltak til barn som ikkje er plassert (f251) per 31.12.

5

8

*

Tiltak til barn som er plassert (f252) per 31.12.

3

3

*

*) Tala er ikkje tilgjengelege enda.


Årsmelding 2021

97

|

Heimetenesta har innført gode rutinar for å hindre spreiing av smitte og har heile tida sørgja for at tenestene er forsvarlege og på eit godt nivå. Helsesenteret har innarbeidd ein god struktur på fast koronatesting alle kvardagar, og i periodar i helger/fridagar. Det har vore stort trykk på legetenesta i forhald til oppgåver som må løysast av staben der. Vi vil særleg trekke fram den digitale helsestasjonen som sørga for at elevane hadde skulehelseteneste på sine digitale verktøy på heimeskulen. Denne vart populær, og er mykje brukt. Foto: Eli Skjåk Teigum

Pandemien gjorde at våre tilsette fekk svært god kunnskap op smittevernutstyr. Til tross for covid-19 måtte vi sørgje for at våre pasientar fekk høve til fysisk aktivitet, og da gjekk våre tilsette utandørs i smittevernutstyr.

NAV har i stor grad praktisert at dei har hatt heimekontor og dei fleste møter har vore digitale om det har vore mogleg. Dei har vore på tilbodssida med omsyn til publikumskontakt, og hatt tilbod om at dei t.d. kan ringast på leiars telefon eller kontakte NAV for møte på kontoret. Prosjektet «Levele» har hatt ein rolegare periode i 2021, men dette auka på med ei ny fase mot slutten av året. Kommunalsjefområdet sitt samla sjukefråvær var på 11,4 % i 2021. I 2020 var sjukefråværet på 12,5% ein reduksjon på 1,1%. Det er ønskjeleg at sjukefråværet reduserast, og når vi går inn i tala ser vi at det dreier seg nesten berre om langtidssjukemeldingar som har vore utfordrande å førebyggje. I tillegg har det vore vanskeleg å arbeide med sjukefråværsoppfølging i 2021 grunna pandemitiltak som har gjort møteverksemd mindre tilgjengeleg. Den manglande direktekontakten mellom leiar og tilsett har stor innverknad på korleis ei slik oppfølging blir vidare. Det er likevel klart at ein stor del av desse sjukemeldingane har hatt årsaker som ikkje har vore mogleg å påverke for arbeidsgjevar.

Sjukefråvær i helse og omsorg

Foto: Skjåkheimen

2017

2018

2019

2020

2021

6,6 %

7,9 %

6,8 %

12,5 %

11,4 %


98

|

Årsmelding 2021

//

Tenesteområde miljø- og samfunnsutvikling

08

Tenesteområde Miljø- og samfunnsutvikling Kommunalsjef Miljø- og samfunnsutvikling

Teknisk

Næring, utvikling og kultur

Økonomi Året 2021 vart også for Miljø- og samfunnsutvikling mykje prega av Covid19. Økonomisk har nokon av tenesteområda eit overforbruk i 2021 i forhold til budsjettet.

Teneste 430 har overforbruk i hovudsak pga. høgare straumpris enn forventa, meirkostnader med at Skjåkhallen ikkje blei

Natur- og kraftforvaltning

Plan, byggsak og miljø

stengt siste halvår pga. prosjektoppstart og budsjettvurderingar knytt til at det blei lagt til grunn at delar av Skjåkheimen skulle byggjast om til omsorgsbustader. Det var lagt inn auka husleigeinntekter og mindre utgifter til reinhald. Sidan dette ikkje blir gjennomført betyr det at ein fekk ein reduksjon i inntekter og ein auke i driftskostnadar. Det er og reduserte billettinntekter for svømmehall i første halvår pga covid. Teneste 450 har overforbruk som er knytt til utarbeidinga av omdømestrategien.


Årsmelding 2021

99

|

Sjukefråvær Sjukefråværet innan Miljø- og samfunnsutvikling har i 2021 gått ned noko samanlikna med føregåande år. Totalt kom avdelinga ut med eit sjukefråvær på 4,15%.

Sjukefråvær Miljø- og samfunnsutvikling

Økonomi

Rekneskap 2021

2017

2018

2019

2020

2021

5,8 %

5,3 %

4,8 %

7,4 %

4,2 %

Budsjett 2021

Avvik

Rekneskap 2011

MILJØ OG SAMFUNNSUTVIKLING

7 623 820

7 032 000

591 820

5 700 671

KULTUR

1 342 356

1 517 000

-174 644

1 385 891

TEKNISK VAR

4 087 065

3 940 000

147 065

4 441 100

24 931 812

23 977 000

954 812

23 149 883

478 827

156 000

322 827

166 775

38 463 880

36 622 000

1 841 880

34 844 319

TEKNISK DRIFT LANDBRUK OG NÆRING TOTALT


100

|

Årsmelding 2021

//

Tenesteområde miljø- og samfunnsutvikling

Covid19 Frå Covid-19 kom i slutten av februar 2020 og i heile 2021, har pandemien i vesentleg grad påverka arbeidet vårt.

Området Miljø- og samfunnsutvikling har hatt mykje heimekontor i tråd med pålegg og anbefalingar og storparten av møta er haldne digitalt. Der er mange fordelar med digitale møte og dette har nok i stor grad kome for og bli, men det er heilt sikkert at det hemmar samhandling og diskusjonar ein del. Kursing og kompetansebygging er viktig innanfor forvaltninga som miljø og samfunnsutvikling utøver. Dette har og i vesentleg grad vore hindra av Covid, her har vi mykje å ta att dei komande år. Beredskapskoordineringsarbeidet har tidvis vore tidkrevjande. Det har vore sett stab, med fleire stabsmøte i veka. I tillegg er det ein omfattande dialog med Statsforvaltaren i form av digitale møte, hyppige attendemeldingsrapportar, og eit arbeid med å koordinere arbeidet mellom sektorane i kommunen. Den tekniske drifta har i hovudsak vorte løyst innanfor ordinære rammer med unntak for på reinhald der det har vore leigd inn noko ekstra personell grunna forsterka krav om reinhald under Covid19-pandemien. Det har vore brukt mykje tid på å følgje opp lokalt næringsliv i denne perioden.

Noko av næringslivet har vore hardt råka av Covid, ein kan nemne kulturområdet særskilt. Også service og overnattingsbransjen er hardt råka og spesielt på grunn av at julebordssesongen gjekk ut pga. nedstenging, mange har mykje av omsetninga i denne korte tida. Heldigvis melder dei fleste i turistbransjen om ein god sommarsesong. Industrien, landbruket og byggebransjen ser ut til å ha greidd seg godt. For landbruket har Covid-19 til dels vore positiv. Det har vorte større bevisstheit kring produksjon av norske råvarer og mindre grensehandel. Pandemien har ikkje ført til nokon nedgang i byggesaker handsama av kommunen, og byggevareforhandlarane melder om svært godt sal i 2021.

Strategiarbeid I november blei omdømestrategien vedteke. Saka om oppstart av arbeidet med omdømmestrategi vart vedteken i kommunestyret oktober 2020. Oppfølginga av denne blir viktig for politikarar, administrasjon og andre. Det er saman vi kan og må byggje omdøme. Det har i heile 2021 vore arbeidd med næringsstrategi og kommunestyret handsama saka i 2022.


Årsmelding 2021

|

PDF: Skjåk kommune

Gudrun Ramstad frå Nordigard Ramstad og Gudbrandsdalsegg.

101


102

|

Årsmelding 2021

17. mars var det 10 år sidan TINE bestemte seg for å halde fram med produksjon av Gudbrandsdalsosten på TINE Lom og Skjåk. Dette vart markert ved å opprette Gudbrandsdalsostens dag. Skjåk kommune hadde eit samarbeid med TINE, Sparebank 1 Lom og Skjåk, Lom kommune og Bakeriet i Lom.

Raudostens sommarteam køyrde ut kvar måndag og torsdag rykande fersk Gudbrandsdalsost til lokale bedrifter. Eit samarbeid med Skjåk kommune og ysteriet TINE Lom og Skjåk.

//

Tenesteområde miljø- og samfunnsutvikling

Gudbrandsdalsostens dag - På skulekjøkenet ved Skjåk barneog ungdomsskule vart det smurd til saman 500 matpakkar og 1.000 kakuskiver til alle skuleelevane i Lom og Skjåk.


Foto: Skjåk Kommune/ Elling Starrem

Årsmelding 2021

Landbruk og næring Næring I Skjåk har næring og landbruk vore saman i ei avdeling. Vidare har og kultur og til dels kommunikasjon vore inkludert i dette tenesteområdet.

Foto: Skjåk Kommune/ Marianne Stensgård

Næringsfondsaker Skjåk kommune har eit høveleg stort næringsfond med årleg tilførsel av kapital frå konsesjonsavgift knytt til områdekonsesjonane kommunen har. I 2021 var tilførselen til næringsfondet på 8,2 mill. kr. Det har i alt vore løyvt midlar i 43 saker over næringsfondet. 7 av desse var etablerarstipend til nyetableringar. Vidare vart det fordelt om lag ein million i statlege kompensasjonsmidlar til 17 bedrifter i samband med pandemien. Sommarjobbprosjektet Sommarjobbprosjektet er eit prosjekt og ei løyving som kommunen har gjort kvart år sidan i 2003. Dette er eit prosjekt som skal motivere bedrifter til å tilsette ungdom mellom 14 og 18 år i sommararbeid. I 2021 var det 11 bedrifter og 28 ungdomar som deltok i sommarjobbprosjektet. Tiltaket er eit viktig ledd i å gjere ungdomar i Skjåk kjent med næringslivet i eiga kommune og gje dei ei innføring i korleis det er å vere i arbeidslivet.

|

103

Andre hendingar Det vart ein god turistsesong med rekordbesøk i Skjåk, og kommunen var på topp 10 i landet i auke i kortbruk.

Arrangementet Ståk i Skjåk vart ikkje arrangert grunna Covid-19-situasjonen, medan Hausttakk 2021 vart ein stor folkefest. Det var rekordstor deltaking av både utstillarar og besøkjande. Det vart arrangert ein fest med Vassendgutane på kvelden. Drifta av Skjåk Treningssenter vart privatisert i 2021 og heiter nå Skjåk trening- og frisklivsenter. OKB-museet vart opna sommaren 2021. Det har vorte ein fin møteplass i bygda for folk i alle aldrar. Fjelleventyret opna ein restaurant i 2021. Dei vektlegg ulike arrangement og servering med forskjellig tema. I 2021 var det arbeid med både næring- og omdømmestrategi for Skjåk. Det blir viktig å implementere strategiane for å lykkast med arbeidet. Det vart gjennomført eit nabobesøk til Stryn for næringslivet, politikarane og administrasjonen. Dette til inspirasjon og for å finne fleire samarbeidsområde og tiltak. Det var 22 personar med på turen og det vart bestemt ein gjenvisitt. Nettsida Skjak.no har eksistert sidan i 2014 og er ein kanal til å marknadsføre Skjåk. Det siste året har næringsavdelinga innført nyheitsbrev. Kommunen bidreg med fyrstelineteneste til gründerar og bedrifter som skal utvide eller ruste opp driftsapparatet sitt. Dette gjeld både tilleggsnæringar i landbruket og


104

|

Årsmelding 2021

//

Tenesteområde miljø- og samfunnsutvikling

for andre som skal ruste opp og investere. Det er godt samarbeid mellom lokalbank, Innovasjon Norge og kommunen.

I Skjåk har det vore bra aktivitet innan renovering av driftsbygningar, dette gjeld både nybygg og ombygging av eksisterande fjøs. Det er fleire unge folk som satsar i landbruket. Det er 2 mjølkefjøs med robot som vart ferdige i 2021 og 2 er under oppføring. Det er sendt inn 6 søknadar om stønad til bygging av fjøs til Innovasjon Norge. Det er godt samarbeid mellom Innovasjon Norge, lokalbanken og landbrukskontoret. Det vart gjeve støtte til 4 driftsbygningar og 2 vatningsanlegg frå næringsfondet. Vidare vart det gjeve løyve og tilskott til dyrking av til saman 29 dekar jord. Det har vore 11 lovsaker etter jord- og konsesjonsloven. Prosjekter i landbruket Prosjektet «Laus ku og framtidstru» går sin gang, vi har fått gjennomført studietur til nord- Østerdalen og sett på løysingar ved ombygging til lausdrift. Det er etter kvart mange bruk som har fått rettleiing , delfinansiert konsulenthjelp og utarbeida driftsplanar gjennom prosjektet. Prosjektet har framleis som mål å motivere folk til å fortsetje å satse på jordbruket med storfe og mjølk i Skjåk. Prosjektet har

Foto: Skjåk kommune

Landbruk Frå 2018 har det vore felles landbrukskontor for Lom og Skjåk. I vertskommuneavtala er det tre årsverk knytt til kontoret. Ein tilsett har kontor i Lom. Det går mellom 80 og 90 millionar kroner i overføringar til landbruket gjennom kontoret.

vore vellykka, det har fanga oppmerksemd fleire plassar. Det har vore fleire eksterne grupper på besøk for å få orientering om prosjektet. Prosjektet er eit samarbeid med Landbrukskontoret i Lom og Skjåk, Tine, NLR, Kluke Agri, Fylkesmannen, Bondelaget i Lom og Skjåk og Bonde og småbrukarlaget i Lom og Skjåk. Landbrukskontoret har i 2021 starta opp eit rekrutteringsprosjekt for landbruket, der det blir halde mellom anna avløysarkurs og temakveld om overdraging av landbrukseigedom. Utmarksbeite Det vart i 2021 sleppt 6 085 sauar/lam,


Årsmelding 2021

(517 meir en i fjor) 673 geit, (88 meir en i fjor) og 1 372 storfe, (29 fleir enn i fjor) på utmarksbeite. I tap på utmarksbeite vart det 548 sau/lam (193 fleir enn i fjor), 0 geit og 1 storfe. Hovudtyngda av sauetapet skjedde i Reinheimen men det har auka på i Breheimenområdet også. Det var 4 jervynglingar innanfor eller i nærleiken av Skjåk sine grenser i 2021, dette tilsvarar bestandsmålet for heile Oppland. Skog Skjåk har i 2021 hatt felles skogbrukssjef med Lom og Vågå. Vågå var vertskommune for denne tenesta. Aktiviteten i skogane i Skjåk er bra. Det er avverka 9 812 m3 tømmer i 2021. Av dette er 8 864 m3 avverka i

Skjåk Almenning. Det er sett ut 16 230 planter og utført ungskogpleie på 120 dekar. Forvaltningskontroll Statsforvaltaren i Innlandet gjennomførte i juni 2021 kontroll av forvaltninga av tilskotsordningar i jordbruket i Lom og Skjåk kommunar. Ordningane som blei kontrollert var produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket, regionale miljøtilskot for jordbruket i Innlandet (RMP) og tilskot til avløysing ved sjukdom mv. Forvaltningskontrollen hadde avkorting som hovudtema med spesielt fokus på rettstryggleik og likebehandling.

|

105


106

|

Årsmelding 2021

Hovudsakeleg viser kontrollen at Skjåk leverer gode tenester innafor avdelinga men det blei også gjort funn av nokre avvik og anmerkningar. Den ferdige rapporten kom først i 2022, men det er rett å omtale denne her sidan tilsynet var i juni og utkast til rapport blei motteke i august.

er eit samarbeid mellom Skjåk, Lom, Vågå og Lesja, og er bygd på den tosidige målsettinga:

Berekraftig sameksistens mellom sau og jerv i utmark Dette er eit prosjekt Skjåk starta opp og som fleire kommunar blei med på etterkvart. Prosjektet «Berekraftig sameksistens mellom sau og jerv i utmark» kom til etter stadig aukande tap av sau til rovdyr, i hovudsak jerv, i tilnærma alle beiteområde knytt til kommunen, samt dårleg utteljing på lisensfelling over mange år. Prosjektet

Prosjektet skal bidra til ei meir effektiv lisensfelling av jerv.

• 4 årlege ynglingar i region 3 • Full utnytting av utmarksressursane i heile fylket

Kultur Kultur har i 2021 vore ein del av tenesteområdet Landbruk og næring. Arbeidet er knytt til sakshandsaming for kultur innanfor det utvida kulturomgrepet. Sentrale arbeidsoppgåver er handsaming av søkna-


Årsmelding 2021

Foto: Skjåk kommune

Bandet Skjåk rockers med sitt innslag på Skjåkkveld 2021.

dar om kultur- og prosjektmidlar, spelemidlar, kulturminnevern, diverse sekretærfunksjonar, og arbeid med ulike prosjekt og arrangement. Skjåk kommune deltek i 6-K kultur, 6-K idrett og 6-K DKSS som er forum for samarbeid i Norddalen, der kultur, den kulturelle spaserstokken, idrett og spelemidlar er viktige tema. 2021 vart eit år prega av Covid-19, der arrangement vart avlyst eller tilpassa smittevernreglane. 17. mai-feiringa vart også i år spesielt tilrettelagt etter situasjonen utan folketog og samling i Bismo. Arrangementet vart strøyma. Kulturkvelden gjekk som planlagd, med utdeling av Skjåkprisen og

kulturstipend for 2021. Det vart gjennomført spaserstokk-konsertar på Skjåkheimen etter gjeldande smittevernreglar. Det vart utdelt ordinære kulturmidlar til 25 ulike organisasjonar, i tillegg til fleire prosjekt og tiltak innan det utvida kulturomgrepet. Av større gjennomførte prosjekt innan kulturområdet, er flyttinga av Fel-Jakupstugu og minnestein gjennomført i 2021.

Informasjon Kommunikasjons- og informasjonskonsulenten er sentral i Skjåk kommune sitt eksterne og interne Viktige arbeidsoppgåver er å gi råd til leiinga og andre tilsette ved kommunikasjonsfaglege spørsmål, formidling av bodskap og å produsere innhald tilpassa alle dei ulike kanalane kommunen nyttar.

Kommunikasjons- og informasjonsarbeidet eit viktig verktøy for å nå ut til alle målgruppene, og dette har spesielt vore eit prioritert arbeid gjennom heile pandemien. Offentleg informasjon skal vere tilgjengeleg for alle. Kommunen nyttar fleire informasjonskanalar. Det har vore mykje jobb og utfordrande planlegging av alt informasjonsarbeid i 2021 etter utbrotet av Covid-19.

|

107


108

|

Årsmelding 2021

Tekniske tenester Tenesta har ansvar for å planlegge og gjennomføre utbygging av kommunale bygg og anlegg, byggeleiing, forvaltning og eigaransvaret for den kommunale bygningsmassen. Drift- og vedlikehaldsansvaret er delt mellom teknisk drift og teknisk VAR.

Teknisk VAR har ansvar for • drift og vedlikehald av kommunale vatn- og avløpsanlegg • drift og vedlikehald av kommunale vegar, bruer og gateljosanlegg. Vintervedlikehald av vegar er sett bort til lokale entreprenørar. Det er totalt 5 kommunale reinseanlegg, 1 infiltrasjonsanlegg og 5 kommunale vassverk. Tilsette på vatn og avløp har vore engasjerte i utbygging av prosessutstyret i Uppnose vassverk som var ferdig sommaren 2021. Kommunen har noko høgare kostnadar til avløpstenestene enn samanliknings kommunane. Kommunen sin sjølvkostgrad ligg også lågare enn andre i Kostragruppe 05 på avløp. Dette har samanheng med at kommunen bygde nytt reinseanlegg 2016. Kommunen har noko lågare kostnader på vassforsyning enn samanlikningskommunar i kostragruppe 05. Dei store oppgåvene i 2021 for tekniske tenester, utanom ordinære driftsoppgåver, har vore tilbygg og ombygging av Dønfoss barnehage og ferdigstilling av Uppnose

Foto: Ola Flåten

Teknisk drift har ansvar for • drift og vedlikehald av kommunale bygg, plassar og idrettsanlegg • reinhaldstenest og vaktmeistertenest på kommunale bygg • drift av vaskeriet på Skjåkheimen • sysselsettingsgruppa «Dei gode hjelparane»

Høgdebassenget i Uppnose vassverk

vassverk. Vidare har det vore ein prosess med å planlegge ombygging og renovering av Skjåkhallen, planlegging av rekrutteringsbustader og planlegging av ombygging og renovering av Bismo vassverk På enkelte område har Covid-19-pandemien skapt store utfordringar. Dette gjeld spesielt idrettsanlegget i Bismo og reinhald. Skjåkhallen har vore stengt delar av året. For reinhald så er det skulen, barnehagane og Skjåkheimen som har vore mest krevjande på grunn av styrking av reinhaldet og lite personalressursar å spela på. Reinhaldarane har vist ein imponerande fleksibilitet for å få utført reinhaldet tilfredsstillande og til riktig tid.


Årsmelding 2021

Pakking av ved hjå Dei gode hjelparane

|

109

Reinhaldar Hendrika van Harten i sving på Skjåkheimen.

Natur og kraftforvaltning

Tilsette og årsverk i tenesteområda: • 12 reinhaldarar fordelt på 9,0 årsverk. • 2 vaskeriassistentar. 1,1 årsverk • 7 vaktmeistrar fordelt på 5,4 årsverk • 2 driftsoperatørar vatn og avløp. 2,0 årsverk • 3 administrative stillingar. 2,5 årsverk • 2 stillingar i sysselsettingsgruppa. 1,5 årsverk • 1 prosjektleiar. 1,0 årsverk

Flaumrespons Skjåk kommune har saman med dei fem andre kommunane i Nord-Gudbrandsdalen utfordra marknaden til å utvikle eit nytt verktøy for flaumvarsling. Prosjektet er organisert som eit "før-kommersielt anskaffelsesprosjekt", der Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal er prosjekteigar, og Skåppå AS er innleigd som prosjektleiar.

Hausten 2019 vart det gjennomført eit forprosjekt for å kartlegge behov og moglegheiter knytt til utvikling av teknologi for lokal flaumvarsling. På bakgrunn av resultata i forprosjektet, innvilga Norges Forskningsråd åtte millionar kroner til utviklingsprosjektet med ei tidsramme på tre år.


|

Årsmelding 2021

Foto: Ola Løkken

110

«Problematisk» elgku med tvillingkalvar i Bismo sommaren 2021.

I «før-kommersielle anskaffelser» er det kjøparen som skisserer eit behov dei ynskjer løyst. Markedet finn løysinga gjennom ei innovasjonskonkurranse, der fleire løysingar blir utvikla parallelt av ulike leverandørar. Gjennom tre fasar konkurrerer leverandørane om å utvikle dei beste løysingane. Etter kvar fase blir løysingane evaluert og dei beste teke med vidare. Utviklingsfasa har vore gjennomført i 2021 og er akkurat ferdig. Der har tre leverandørar vore med. I siste fase skal minst to innovasjonar bli testa. Les meir om flomrespons på nettsida: www.flomrespons.no. Flaumførebygging rundt Bismo Skjåk kommune søkte NVE om bistand til flaumførebygging i 2019.Søknaden vart handsama av NVE og dei valde å starte opp eit moglegheitsstudie i juni 2020.

I dette arbeidet har ein laga ein hydraulisk modell der ulike flaumførebyggjande løysingar har vore vurdert. Utgangspunktet er ein flaumvoll som går rundt store delar av Bismo. Den blir om lag 2,5 km lang og vil vera 3 meter brei på toppen. På det høgaste vil flaumvollen vere 2-2,5 meter over eksisterande bakkenivå. Tiltaksplan med kostnadsoverslag vart sendt på høyring i juni 2021. Viltforvaltning Dei siste åra har det vore stort fokus på å redusere bestandane av elg og hjort. Kvotane har vore høge og sist haust var det rekordhøg avskyting av hjort: 113 elg og 229 hjort. Bestandane er større enn måla i bestandsplanen, det vil derfor bli store kvotar også dei neste åra.


Årsmelding 2021

Felt hjort

|

111

250 225 200 175 150 125 100 75 50 25 2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

2021

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

2021

Felt elg

2012

0

140 120 100 80 60 40 20 0


112

|

Årsmelding 2021

Andre oppgåver Det har vore mykje arbeid med vassdragsforvaltning etter oktober 2018: Bistand til privatpersonar med søknader til regionale og statlege mynde, planlegging av ulike tiltak og rådgjeving ved gjennomføring av flaumførebyggande tiltak.

Naturforvaltar i kommunen er kontaktperson for NGR. Andre oppgåver som det blir arbeidd med ermotorferdsel i utmark, forureining, forsøpling, miljøfyrtårn, verneområdeforvaltning, biologisk mangfald og friluftsliv. Plan, byggesak og miljø Det er eit felles plankontor for Lom og Skjåk innan fagområda plan, byggesak og miljø. Plankontoret ligg på Midtgard i Lom, og Lom kommune har personalansvaret for dei fem tilsette.

Lom kommune kjøper natur- og miljøtenester frå Skjåk kommune tilsvarande ei 30 % stilling. Totalt antal saker som felleskontoret har handsama er i overkant av 260, av desse er litt over 160 knytt til Skjåk. Ein del av desse er ferdigattestar. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i sakene er elleve dagar. I juni vart kommuneplanens arealdel for Skjåk ferdigstilt og vedteke. Frå 1. september 2020 ligg det ei 20 % stilling som felles beredskapskoordinator for Lom og Skjåk til plankontoret. Arbeid med beredskapsplanar og ROS-analysar, kontakt mot operative aktørar og deltaking i kriseleiing og beredskapsråd er blant oppgåvene som ligg til stillinga. Hausten 2021 var denne organiseringa til evaluering og drøfting, med mål om omorganisering.

Skjåk kommune hadde oppstart av to reguleringsplanar; detaljreguleringsplan for flaumsikring av Bismo og detaljreguleringsplan for Øyberget næringsområde. Felleskontoret behandla to saker om dispensasjon frå arealplan. Beredskap – krisehandtering 2021 har vore eit år der beredskapsfunksjonen har vore særs arbeidskrevjande. Covid-19-arbeidet starta i slutten av februar 2020, og vart ein vesentleg del av kommunens verksemd gjennom heile 2020 og 2021. Lom og Skjåk brannvesen 25. januar var det brann i ein landbruksverkstad/garasje i Nordberg. Politi som har ansvar for evakuering, kom fyrst etter bortimot 2 timar noko som gjorde situasjonen ekstra krevjande for brannmannskapa.

25 juli var det lynnedslag ved Oppnåse, Lundagrenda og Grotli i same tidsrom. Dette resulterte til brann i vegetasjon på alle tre plassane. Det var lite sløkkjevatn i områda. Bilbrann i Oppljostunnelen 17. august var det brann i Oppljostunellen. Brannen var fleire km inne i tunellen. Naudnettet var sett i drift nokre veker tidlegare, så sambandet med alle involverte fungerte bra.

14. november vart det meldt om brann i ei hytte ved Nysetra. Brannvesenet har hatt nokre helseoppdrag og eit par bereoppdrag frå AMK, samt to oppdrag frå politiet. Det vore fleire trafikkulykker med mindre personskader og alvorleg utfall. Totalt sett har det i 2021 vore fleire store


Årsmelding 2021

|

113

17. august 2021. Bilbrann i Oppljostunnelen på riksveg 15. Naudetatar frå aust og vest rykka ut.

Foto: Lom og Skjåk Brannvesen

hendingar, der innsatstida har vore langvarig.

Overflateredning – øving 24. og 25 august vart det arrangert fagdag overflateredning i Skjåk med deltakarar frå store delar av Sør-Norge. Her var det mellom anna fullskala øving med alle naudetatane og naudmeldesentralane. Dette var vellukka og attendemeldingane var gode.

Foto: Skjåk kommune

Brannvesenet har i 2021 hatt 30 hendingar som har vore handtert.


114

|

Årsmelding 2021

//

Kommunedirektør, politikk og stab

09

Kommunedirektør, stab og politikk Økonomi Samla netto mindreforbruk er knapt 2 millionar kroner kommunedirektør og stab. På Kommunedirektøren sitt område er det mindre utgifter til revisjon og kommunen har fått tilskot til Friviljugsentralen. Vidare har det på Personal blant anna vore mindreforbruk på lærlingar, kurs, bevertning og refusjon til Fylkeskommunen. Økonomi har ikkje dekt opp fråvær og fekk heller

ikkje kostnad knytt til avvikling av samarbeid på skatteoppkrevjarfunksjon i 2021.

Sjukefråvær Med 6 tilsette i dette område er det for få tilsette for å kunne syne ei felles oversikt over nærvære/sjukefråværet. Dette for å ivareta omsynet til den enkelte medarbeidar.

Rekneskap 2021

Budsjett 2021

Avvik

Rekneskap 2020

100

Kommunedirektør

7 683 041

8 563 000

-879 959

7 583 874

103

Personal og organisasjonsutvikling

2 092 281

2 661 000

-568 719

1 990 056

104

Økonomi

3 300 050

3 800 000

-499 950

3 089 532

TOTALT

13 075 372

15 024 000

-1 948 628

12 663 463

Politisk organisering

Kommunestyre og ordførar

Formannskapet

Hovedutval for helse, oppvekst, omsorg og kultur

Hovedutval for miljø- og sammfunnsutvikling

Eldrerådet

Brukerrådet

Undomsrådet

Kontrollutvalget


Årsmelding 2020

|

115

Tal på møter og behandla saker i dei politiske utvala i 2021 Tal på møter

Behandla saker

Kommunestyre

11

86

Formannskapet

13

108

Hovudutval for miljø- og samfunnsutvikling

11

104

Hovudutval for helse, oppvekst, omsorg og kultur

10

27

Eldrerådet

4

5

Brukarrådet

3

6

Ungdomsrådet

5

5

Administrasjonsutval

1

1

Arbeidsmiljøutval

1

3

Utval

Politiske seminar og deltaking Type seminar

Dato

Utvalg

Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal

11.1, 19.2, 21.5, 11.6, 1.10, 15.11 og 10.12

Gudbrandsdalstinget

23.3 og 25.-26.10

KS regionsamling

24.9 og 13.10 11.2, 19.3, 29.3, 30.4, 25.5, 3.6, 21.9 og 17.11

Ordførar, varaordførar og opposisjonsleiar Ordførar, varaordførar og opposisjonsleiar Ordførar

RV 15 vegforum SI i møte med ordførarane i Nord-Gudbrandsdalen Brannstyre Som ein del av arbeidet med pandemien har det vore møte to gongar i månaden med Statsforvaltaren Kommunale beredskapsmøter Møter og samling med LVK (Landssamanslutning for vasskraftkommunar) Møte med helseministeren, sjukehusstruktur Perspektivkonferanse, Helse-Sørøst Møte med Helseministeren, sjukehusstruktur Perspektivkonferanse, Helse-Sørøst

Ordførar

Ingen pga. pandemien 16.4 og 3.11

Ordførar Ordførar

Over 20

Ordførar og varaordførar etter behov

6.4, 19.-20.5, 4.9, 27.9 og 14.10 Ordførar og opposisjonsleiar 7.6 Ingen pga. pandemien 15.10 14.02.

Ordførar Ordførar Ordførar


116

|

Årsmelding 2021

//

Kommunedirektør, politikk og stab

Oversikt over interkommunale samarbeid og andre samarbeidsavtalar

Interkommunale samarbeid

Organisert

6 K Helse-6 K Skole-6 K Næring-6 K Personal/Økonomi Arbeidsgjevarkontrollen i Nord-Gudbrandsdal Barnevern Bibliotek fagleiar Felles legevaktvarsling

Samarbeid Vertskommuneavtale Vertskommuneavtale Kjøp av tenester frå Lom Vertskommuneavtale

Fjellnettverket Geodatasamarbeid - NGGIS Gudbrandsdal krisesenter IKS Gudbrandsdalsmusea AS IKA Opplandene Innkjøpskontor Innlandet revisjon Intermediær korttidsavdeling (NGLMS)

Foreining Vertskommuneavtale IKS AS §27 Vertskommuneavtale IKS Vertskommuneavtale

IT tenester for Lom og Skjåk Jordmor vaktsamarbeid Karrieresenter Kart og oppmåling Kommunal psykolog Koordinator i samfunnsmedisin Kulturskule Landbruk Lokalmedisinsk senter NGLMS

Vertskommuneavtale Samarbeid Samarbeid Kjøp av tenester Vertskommuneavtale Vertskommuneavtale Vertskommuneavtale Vertskommuneavtale Vertskommuneavtale

Lokasjon

Merknad Rådmannssamarbeid

Vågå Sel Lom og Skjåk Sel

Skjåk, Lom, Vågå og Sel Utprøving Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk Norsk Fjellsenter

Sel Lillehammer Inkl. private og midtdalen Arkivfagleg samarbeid Vågå Lillehammer Sel

Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk

Skjåk Sel Driftstilskot Vågå Lom Sel Skjåk Skjåk Sel

Vågå, Lom og Skjåk Ikkje tilsett


Lesja

117

Dovre

Skjåk Vågå

Sel

Lom

Interkommunale samarbeid

Organisert

Lokasjon

Lom og Skjåk Brannvesen Nasjonalparkriket Reiseliv AS NAV - Gjeldsrådgivning NGR - Interkommunalt renovasjonsselskap NG-Regionråd / Regionkontoret Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) Personvernombod

Vertskommuneavtale Samarbeidsavtaler Vertskommuneavtale IKS § 27 Vertskommuneavtale Vertskommuneavtale

Skjåk

Plan, byggesak, naturforvaltning Psykisk helsevern Regional legevakt Regiondata Rådmannsutvalet (RU) Sekretariat for kontrollutvala i Nord-Gudbrandsdalen Skatteoppkrevjar, arbeidsgjevarkontroll Skogbrukssjefstilling Skåppå AS Sysselsettingsgruppe Tildelingskontor Tilsyn i byggesaker Vaksenopplæring grunnskuleopplæring

Vertskommuneavtale Vertskommuneavtale Vertskommuneavtale § 27 Samarbeid § 27 Vertskommuneavtale Vertskommuneavtale A/S Vertskommuneavtale Vertskommuneavtale Vertskommuneavtale Samarbeid

Lom Lom Sel Sel

Merknad

Sel Sel Sel Lesja

Lom Vågå Vågå Vågå Skjåk Skjåk Vågå Lom

Eige rettssubjekt Lesja, Dovre, Vågå, Lom og Skjåk Lom og Skjåk Eige styre, ikkje rettssubjekt Rådmannssamarbeid Eige styre, ikkje rettssubjekt

Lom og Skjåk Lom og Skjåk Fram til juni


BYGDA I SORG Komunens kriseteam vart kalla inn etter ei alvorleg traktorulykke.

OKTOBER

Foto: Skjåk kommune

Foto:Fjuken/ Hans Erik Kjosbakken

AUGUST

Foto: Eli S. Teigum

SEPTEMBER

MASSEVAKSINERING Avdelingssjukepleiar i heimesjukepleia Sissel Frisvold trekker opp vaksiner. Det var svært vellukka å ha massevaksinering i Marlo Grendehus. Dette vart ei etterlengta sosial samling for mange innbyggjarar.

Foto: Skjåk folkebibliotek

GLIMT FRÅ 2021

SAMFUNNSPLANLEGGING Kommunedirektør og ordførar ved oppstart av studier i realistisk og lokal samfunnsplanlegging.

VELKOMNE TIL VALDEBATT PÅ SKJÅK FOLKEBIBLIOTEK 8. september var det valdebatt med tema «demografiutfordringar i distrikta» på biblioteket i Skjåk.


Foto: Merete Dagsgard

NOVEMBER

SKJÅKPRISEN Tidlegare møllesjef Ståle Bøje fekk Skjåkprisen for 2021

Edvard Haugen fekk Skjåk kommunes kulturstipend for 2021

Foto:Edel Kveen Foto: Fjuken/ Arve Danielsen

SKJÅK-KVELD Skjåk-kveld med spesiell invitasjon til nytilflytte skjåkverar.

DESEMBER

NOVEMBER

JULEGRANTENNING Triveleg førjulsstund med julegrantenning i Bismo. Eit arrangement i regi av Bismo Vel, Skjåk Energi, Skjåk kjøpesenter og Skjåk kommune.

Foto: Skjåk kommune

KULTURSKULEKONSERT Desemberframsyninga til Lom og Skjåk kulturskule i Utgard.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook