1 minute read

Forord

Next Article
Omgrepsavklaring

Omgrepsavklaring

Klima- og miljøplanen er Skjåk kommune sin plan for omstilling til eit lågutsleppssamfunn. Planen har realistiske målsetningar og strategiar for korleis Skjåk kommune skal klare dette. Klima- og miljøplanen skal oppfylle nasjonale og statlege føringar og forventningar til klimaog energiplanlegging i kommunar. Denne tek utgangspunkt i FN sine berekraftsmål- spesielt mål 11, 12, 13 og 17.

Planen omhandlar ikkje klimatilpassing da dette temaet blir vareteke i Skjåk kommune sin kommuneplan samfunnsdel og arealdel, samt i ei heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for Skjåk kommune.

Advertisement

Denne klima- og miljøplanen vil fungere som ein sjølvstendig kommunal temaplan og skal brukast som underlag for alle avgjersler som kjem inn på klima- og miljø i kommunen. Den skal ligge til grunn for all kommunal verksemd, og er like viktig for barnehagar som for innkjøp og tekniske tenester. Planen vil legge føringar for politiske avgjersler og andre planar som blir utarbeidd.

Skjåk, juni 2023

Ivar Bø Kommunedirektør

This article is from: