1 minute read

Skjåk turløyper sa

Skjåk Turløyper SA skal gje folk gode tur- og naturopplevingar sommar og vinter gjennom organisering av tiltak og vedlikehald av skiløyper og turstigar i Skjåk. Skjåk Turløyper står for organisering og koordinering av all skiløypekøyring.

Skiløypene kjem ikkje av seg sjølv, og bak dei flotte moglegheitene for skigåing i Skjåk ligg eit stort arbeid i vedlikehald og oppkøyring av løypenettet. For å få til dette er vi heilt avhengige av inntekter frå kommune, sponsorar og støtte frå privatpersonar.

Advertisement

Skjåk Turløyper ynskjer deg med på laget for å sikre oppkøyring av skiløyper. Løypebidraget er valfritt, men vårt forslag er

Kr 750 per husstand/familie/hytte Kr 350 per enkeltperson

Gje ditt bidrag på kontonummer eller på vipps.

Løypebidrag kan du betale til:

Kontonummer 2085.26.57554 / Vipps 506023

Oppdatert løypeinformasjon finn du på: www.loyper.net og på vår facebookside www.facebook.com/skiogtur

Med atterhald om vær- og føreforhold er det skiløyper på desse stadene i bygda:

• Ljosløypa i Botn

• Bottrunda

• Åslivegen

• Ljosløypa i Dønfoss

Helger, vinterferie og påske blir desse løypene køyrt:

• Åsen – Billingen – Fjellro – Nysætra

• Åsen rundt (frå ca 15. februar)

• Grotliløypene

(Grotli-Hamsevika - Kjerringtjønnene- Grotli, med avstikkar inn til Viksvatnet er vårløype)

• Sotaløypene

This article is from: