På ski i skjåk Vinteren 2023

Page 1

På ski i skjåk Vinteren 2023 Løypeinformasjon www.loyper.net og på www.facebook.com/skiogtur Løypebidrag Kontonummer 2085.26.57554 / Vipps 506023
Foto: Skjåk Turløyper

Skjåk turløyper sa

Skjåk Turløyper SA skal gje folk gode tur- og naturopplevingar sommar og vinter gjennom organisering av tiltak og vedlikehald av skiløyper og turstigar i Skjåk. Skjåk Turløyper står for organisering og koordinering av all skiløypekøyring.

Skiløypene kjem ikkje av seg sjølv, og bak dei flotte moglegheitene for skigåing i Skjåk ligg eit stort arbeid i vedlikehald og oppkøyring av løypenettet. For å få til dette er vi heilt avhengige av inntekter frå kommune, sponsorar og støtte frå privatpersonar.

Skjåk Turløyper ynskjer deg med på laget for å sikre oppkøyring av skiløyper. Løypebidraget er valfritt, men vårt forslag er

Kr 750 per husstand/familie/hytte Kr 350 per enkeltperson

Gje ditt bidrag på kontonummer eller på vipps.

Løypebidrag kan du betale til:

Kontonummer 2085.26.57554 / Vipps 506023

Oppdatert løypeinformasjon finn du på:

www.loyper.net

og på vår facebookside

www.facebook.com/skiogtur

Med atterhald om vær- og føreforhold er det skiløyper på desse stadene i bygda:

• Ljosløypa i Botn

• Bottrunda

• Åslivegen

• Ljosløypa i Dønfoss

Helger, vinterferie og påske blir desse

løypene køyrt:

• Åsen – Billingen – Fjellro – Nysætra

• Åsen rundt (frå ca 15. februar)

• Grotliløypene

(Grotli-Hamsevika - Kjerringtjønnene- Grotli, med avstikkar inn til Viksvatnet er vårløype)

• Sotaløypene

Foto: Skjåk Turløyper

Botn/nysætra/Billingen

Løypene i Botn/Nysætra/Billingen blir køyrde av Skjåk turløyper
Bottrunda 7,8 km Skianlegg 3,0 km Åsen rundt 22,6 km Pollfoss – Åsen 6,4 km Åsen – Stuttgongen 4,6 km Stuttgongen – Pollfoss 11,6 km Vuluvatnet rundt 11,3 km Åsen – Nysætra 5, 1 km Nysætra – Stuttgongen 1,6 km

Sota/mysubytta

Mysubytta - Solsida 1,6 km

Mysubytta - Syrtbyttjønn 2,5 km

Røykjeskålsvatnet - Syrtbyttvatnet 4,5 km

Sota -hyttefeltet

2,5 km

Sota - Liavassosen 6,9 km

Sota – Mysubytta rundløype 10,4 km

Løypene på Sota/Mysubytta blir køyrde av Explore Skjåk for Skjåk turløyper

Grotlirunda 3,9 km

Grotli vest

2,4 km

Grotlivassrunda 5,6 km

Heillstuguløypa 15,1 km

Mastrunda

2,2 km

Løypene på Grotli blir køyrde av Skjåk hytteservice og Grotli Høyfjellshotell for Skjåk turløyper
Grotli
Grotli hotell – Hamsevika - Kjerringtjønne 7,9 km

Dønfoss

Løypa i Dønfoss blir køyrde av Skjåk IL skigruppa Dønfoss ljosløype 7,2 km

vi ynskjer god tur:

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.