Skip to main content

Vandraren

Page 1

Sid onie- Gabrielle

Colette

vandraren


Cole t te

VANDRAREN frå fransk ve d M argunn Vi ki ngstad

skald 2026


Skrifttypane i denne boka – Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk – er ut­ vikla spesielt for Skalds klassikarar av skriftdesignaren Stefan Ellmer. Dei er ei indirekte omsetjing av dei ikoniske skrifttypane Nicolas Jenson utvikla i Venezia rundt 1470, med inspirasjon frå den britiske og amerikanske rørsla av uavhengige forlag som tidleg på 1900-­talet utvikla sine eigne versjonar av desse gamle skrift­ typane. Målet med skrifttypen Skald er å presentere dei nye omsetjingane i Skalds serie på ein klar, unostalgisk, open og inviterande måte, men likevel med særpreg. Utgivinga er støtta og innkjøpt av Norsk kulturråd.

or i g i n alti tlar : La Vagabonde (1910) i Bibliothèque de la Pléiade (Éditions Gallimard, 1984) T ekst : Sidonie-Gabrielle Colette Om s etj a r: Margunn Vikingstad, m n o se r i e des i gn : Andreas Töpfer & Øystein Vidnes I l lust ras j o n : Andreas Töpfer sats : Øystein Vidnes Fon tar : Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk av Stefan Ellmer Pa p i r: Munken Print Cream 1.8, 90 g Try kk o g i n n bi n d i n g: Livonia Print © Skald 2026 www.skald.no ISBN ISBN978-82-7959-400-0 978-82-7959-400-0

9

788279 594000


fø r st e d e l

5


6


I H a lv e l l ev e … I g j e n er eg klar altfor tidleg. Vennen min Brague, han som fekk meg inn i pantomineteater, klandrar meg ofte for det i biletrike vendingar: – Di forbanna kløne av ein amatør! Du brenner lyset i begge endar. Om ein høyrde på deg, måtte ein sminke seg klokka halv åtte, medan ein i all hast heiv i seg forretten … Tre år i varieteen og teateret har ikkje endra meg, eg er stadig klar alt for tidleg. Fem over halv elleve … Om eg ikkje opnar den boka som ligg og sleng på sminkebordet, og som eg har lese mange gonger før, eller magasinet Paris-Sport, som påkledaren nettopp kvesste augebrynsblyanten mot, kjem eg til å sitte der aleine med meg sjølv, andlet til andlet med denne sminkedokka full av gode råd som ser på meg med sine djupsindige auge under augelok smurde inn med feit, fiolblå sminke. Ho har blussande kinn i same farge som fjellfloksane i hagen, og mørkeraude lepper som skin som om dei var lakkerte. Ho ser lenge på meg, og eg veit at ho skal til å seie noko … Ho skal seie til meg: 7


«Er det verkeleg du som sit der? Der, heilt aleine, i dette buret med kvite vegger og der gjerandslause, utolmodige hender har rispa inn initialar som slynger seg inn i kvarandre, vanpynta med usømmelege, naive teikningar? Raudlakka negler nett som dine har skrive inn dei forsømde sine umedvitne rop om hjelp i gipsveggene her. Bak deg har ei kvinnehand rissa inn Marie … der siste del av namnet strekker seg ut i eit lidenskapeleg pennestrøk og stig til vêrs som eit skrik. Er det du som sit her heilt aleine under dette taket som vibrerer av føtene til dansarar lik plankane i ei mølle som er i full sving? Kvifor sit du her, heilt aleine? Og kvifor ikkje ein annan stad? Ja, det er den klarsynte og farlege timen … Kven kjem til å banke på garderoben min, kva andlet kjem til å stille seg mellom meg og det sminka vesenet som vaker over meg frå den andre sida av spegelen? Lagnaden, min venn og læremeister, vil nok vere så nådig og endå ein gong sende meg vernande ånder frå det kaotiske riket sitt. Eg stoler ikkje lenger på anna enn lagnaden og meg sjølv. Framfor alt på lagnaden. Han løftar meg opp når eg fell ned i djupet, og tar tak i meg og ristar meg som ein hund som for kvar gong borar tennene sine litt lenger inn i meg. Han gjer at eg no, når fortvilinga kjem over meg, ikkje lenger ventar på mi eiga endelykt, men på eventyret, det vesle, banale mirakelet, det funklande leddet, som bind saman denne lenka av dagane mine. Det er tillit, det er reinspikka tillit, i all si blinde villfaring, i si hyklerske forsaking og sitt eigenrådige håp, sjølv i dei augeblikka der ein vil skrike ut: «Alt og alle 8


har svike meg!» Verkeleg, den dagen læremeisteren min, lagnaden, tar bustad i hjartet mitt med eit anna namn, vil eg bli ein utmerkt katolikk. Så kraftig scenegolvet skjelv i kveld! Det er verkeleg kaldt: Dei russiske dansarane prøver å få varmen i seg igjen. Når dei ropar «You!» i kor med skingrande og håse røyster som grisungar, er klokka blitt ti minutt over elleve. Klokka mi går aldri feil, ho verken mistar eller vinn meir enn høgst fem minutt i løpet av ein månad. Klokka ti: Eg er på plass, madame Cavallier syng tre songar: «Les Petits Chemineux», «Le Baiser d’adieu» og «Le Petit Quéqu’chose». Ti minutt over ti: Antonjev og hundane hans. Tjueto minutt over ti: geværskot, bjeffing, slutt på hundenummeret. Det kvin i jerntrappa og nokon hostar: Jadin kjem ned. Ho hostar og bannar fordi ho for kvart steg trakkar på kjolefalden, det er blitt eit ritual. Fem minutt over halv elleve: magikaren Bouty. Tretten minutt på elleve: dei russiske dansarane, og, endeleg, ti minutt over elleve: eg! Eg … I det same ordet dukka opp i tankane mine, ser eg uforvarande i spegelen. Det er verkelege eg som sit der, bak ei maske av lilla rouge og med auge krinsa inn av ein lysande ring av blå sminke som er i ferd med å smelte. Ventar eg berre på at resten av andletet også går i oppløysing? Tenk om alt som blei igjen av spegelbiletet mitt, var ein fargeklatt klistra til spegelen som ei lang, skiten tåre? Ein frys i hel her! Eg gnir hendene mot kvarandre, dei er grå av kulde under den krakelerande, kvite sminka. 9


Sjølvsagt! Varmerøyra er iskalde. Det er laurdag, og på laurdagar lèt ein folket, det lystige, bråkete og lett skjenkte publikummet, varme opp lokalet. Garderobane til artistane tenker ein ikkje på. Eit hardt knyttneveslag får døra mi til å riste så det syng i øyra. Eg opnar. Det er Brague, min samvitsfulle venn, som står der punktleg, med brunsverta andlet og utkledd som ein rumensk røvar. – Det er vår tur no. – Ja, eg veit det. Ikkje eit minutt for tidleg! Her kan ein jo døy av kulde! Øvst i jerntrappa som fører opp til scenen, legg ein god, tørr og støvete varme seg rundt meg som ei lun og møkkete kåpe. Medan Brague, pertentleg som alltid, passar på at kulissane er på plass og scenelyset, som skal førestille solnedgangen, blir heist opp, stirer eg som alltid gjennom det lysande kikholet i sceneteppet. Det er laurdag kveld, og salen i det mest populære varieté­teateret i strøket er nesten fullsett. Eit mørkt lokale som sjølv lyskastarane ikkje klarer å lyse opp, men eg veddar 100 sous på at det ikkje er nokon halslinning å sjå frå tiande rad på parkett til lengst bak på galleriet! Ein raudgul skoddedis over det heile fører med seg den skrekkelege stanken av kald, gammal tobakk og billige sigarar ein har røykt altfor lenge på. Dei fremste radene derimot liknar på overdådige blomedekorasjonar. Det er ein god laurdagskveld! Men som vesle Jadin så tydeleg uttrykker det: – Eg bryr meg ikkje, eg tener ikkje meir av den grunn!

10


Så snart vi er i gang med dei første førebuingane til nummeret vårt, føler eg meg letta, kvikk og opplagd, eg blir sorglaus og lettsindig. Med olbogen kvilande mot stoffrekkverket på balkongen studerer eg uforstyrra drysset av skit – søle frå skosolar, grums, hundehår, bitar av flattrakka harpiks – som dekker scenegolvet der eg snart skal kreke meg over på nakne kne. Eg trekker inn lukta av rouge som duftar av kunstig geranium. Frå det augeblikket er eg ikkje meg sjølv lenger, alt er bra! Eg veit at eg ikkje kjem til å snuble i dansestega mine, at hælen ikkje kjem til å hekte seg fast i kjolefalden, at eg vil falle over ende når Brague hardhendt tar i meg, men likevel utan at eg verken skrubbar opp olbogane eller slår nasen. Eg veit at eg heilt vagt, og utan å miste konsentrasjonen, vil legge merke til den vesle maskinisten som i dei mest dramatiske augeblikka lagar prompelydar i kulissane for å få oss til å le. Det grelle lyset vil løfte meg, musikken styre rørslene mine, og eg underkastar meg den mystiske krafta som trollbind og beskyttar meg … Alt er bra. Alt går verkeleg bra! Laurdagspublikummet har frå mørkeret i salen påskjønt oss med eit spetakkel av bravorop, piping, hyl, lystige slibrigheiter, og nokon kasta velretta ein liten bukett med billige nellikar til meg, blodfattige, kvite nellikar som gateseljarar dyppar i karminvatn for å farge dei raude. Eg festar dei på jakkeslaget, dei luktar pepar og våt hund. Eg ber også på eit brev som eg nettopp har fått:

11


Madame, eg sat på første rad på orkesterplass. Talentet ditt for mimekunsten får meg til å tenke at du også sit inne med andre, meir spesielle og endå meir fengslande talent. Det vil gle meg stort å ete middag med deg i kveld … Gi med den store gleda å få ete middag med deg i kveld … Det er underteikna «Markis de Fontanges», åh, herregud, og er sendt frå Café Delta. Kor mange etterkommarar av adelege familiar, som ein trudde var utdøydde for lengst, held eigentleg til på Café Delta? Så lite truleg det enn er, enser eg hos denne markis de Fontanges ein nær slektskap med ein viss grev Lavallière, som sist veke inviterte meg til «te» på ungkarshybelen sin. Det er trivielle påfunn, men dei viser den svermeriske kjærleiken overfor det herskapelege livet og den audmjukt jattande respekten for familievåpen som ulmar under storparten av dei sjaskete luene i dette kjeltringstrøket.

II Som vanleg lukkar eg inngangsdøra til leilegheita mi i første etasje med eit djupt sukk. Eit sukk av utmatting, eit avslappa og letta sukk, eller er det eit sukk av frykta for einsemda? Gløym det, ikkje tenk på det eingong! Kva i all verda er det med meg i kveld? Det må vere denne isande desembertåka, full av bitte små krystallar som sitrar og dansar som paljettar i gassflammane frå gatelyktene i ein lysande regnbogefarga ring, og som 12


smeltar på leppene med ein smak av tjære. Og så dette nye strøket der eg bur, som brått og heilt kvitt kjem til syne bak Terneskvartalet. Det tynger både auget og sjela og tar motet frå alle som nærmar seg. Under det grønlege gasslyset er gata mi på denne tida av døgeret ei kremaktig sørpe, brend mandel, ein kastanje-mokkakrem med gul karamell, ein seigtflytande pudding med mandelbitar. Sjølve huset mitt, det einaste i gata, ser «uverkeleg» ut. Men dei nye murane, med dei tynne skiljeveggene, gir «einslege damer» som eg ly og tilstrekkeleg komfort for ein rimeleg penge. Når ein er «einsleg dame», det vil seie huseigarane sin skrekk, det svarte fåret, den utstøytte, alt på ein gong, så tar ein det ein får, ein slår seg ned der det er mogleg, sjølv om veggene enno ikkje er tørre. Huset eg bur i, gir omsynsfullt tak over hovudet til ein heil koloni av «einslege damer». I mellometasjen bur den fast tilsette elskarinna til han som driv bilfirmaet Young, over henne bur den svært korrekte venninna til greven av Bravaille, litt høgare oppe får to blonde søstrer kvar dag besøk av den same sværtpene-herren-som-er-noko-innanfor-­næringsverksemd, øvst oppe bur eit frykteleg festmenneske, som dag og natt lagar eit forferdeleg spetakkel lik ein ustyrleg foxterrier: hyl, pianospel, song og tomflasker slengde ut vindauget. – Ei skam for heile huset, sa frøken bilfirma Young ein dag. I første etasje er det omsider eg, som verken ropar eller speler piano, og som knapt tar imot menn og endå færre damer. Den vesle hora i femte lagar altfor mykje bråk – og 13


eg for lite. Portnarkona seier det rett ut: – Det er merkeleg, ein veit aldri om frua er heime eller ikkje, ein høyrer henne ikkje. Ein skulle verkeleg ikkje tru at ho var kunstnar! Åh! For ein hesleg desemberkveld! Varmeapparatet luktar jodoform, Blandine har gløymt å legge varmeflaska i senga, og sjølv hunden min er i dårleg lune, gretten og forfrosen, og kastar berre eit svart og tomt blikk mot meg, utan å reise seg frå korga si. Herregud, eg krev då verken triumfbogar eller blinkande lysshow, men likevel … Ah, ja! Eg kan leite overalt, i krikar og krokar og under senga, det er ingen her, ingen bortsett frå eg. Den store spegelen på rommet mitt kastar ikkje lenger tilbake eit bilete av ein sminka bohem klar for varietéscenen, han speglar … berre meg. Meg altså, slik eg er! I kveld slepp eg ikkje unna den store spegelen, møtet med meg sjølv, ein indre monolog, som eg eit hundretals gonger har lurt meg unna, gått med på, flykta frå, byrja på igjen og avbrote … Åhhh! Eg merkar den snikande forfengelegheita i alle skinmanøvrane mine. I kveld vil eg ikkje greie å sove, ikkje eingong med den elles forlokkande boka – åh, den nye boka, den heilt ferske boka frå trykkeriet som luktar av fuktig trykksverte og nytt papir og får meg til å tenke på kol, tog, avreiser! Sjølv ikkje den nye boka med all si fortrylling klarer å skyve tankane bort frå meg sjølv. Her er eg altså, slik eg er! Aleine, aleine, og det utvilsamt resten av livet! Allereie aleine! Det er lovleg tidleg. Eg har runda tretti utan å ha blitt audmjuka av det, for 14


dette andletet, mitt andlet, er berre verdt noko gjennom det uttrykket som det gir liv til, gjennom augekasta og det eigenrådige smilet, det som Marinetti kallar mitt gaiezza volpine … Ein rev utan kløkt og varsemd, som ei høne vil kunne rappe! Ein rev utan svolt og lyst, som berre hugsar på fella og buret. Ein munter rev, ja, men berre fordi det finst eit lite, ufrivillig smil i munnvika og i auga. Ein rev som er trøytt av å danse som ein fange i musikken … Det er sant, eg liknar ein rev! Men ein pen ein, eleganse er jo ikkje noko trist syn, er det? Brague derimot seier at eg ser ut som ei rotte når eg spissar munnen og myser med auga for å sjå betre. Det er då ikkje noko å hisse seg opp over. Åh! Eg likar verkeleg ikkje denne motlause munnen og desse slappe skuldrene, heile denne nedtrykte fram­ toninga av meg sjølv som skakt står støtta på det eine beinet! Berre sjå håret som heng flatt og trist, og som eg seinare må børste lenge for å få fram den skinande fargen av blank beverpels igjen. Sjå på auga som framleis har ringar av blå augeskugge, og neglene der det sit att ei tvilsam raud rand av lakk. Eg treng minst femti minutt med bad og strigling for å få styr på alt dette … Klokka er allereie eitt. Kva ventar eg på? Eit lite piske­ slag, skarpt og bitande, som kan dra i gang det trassige beistet igjen. Men det er ingen som kjem til å gi meg det, for eg er heilt aleine! Kor tydeleg kan ein ikkje sjå i spegelbiletet mitt, omkransa av ei avlang ramme, at eg er vand med å leve aleine!

15


For kven som helst som kjem på besøk, for eit bod, ja, sjølv for Blandine, tenestejenta mi, ville eg ha ranka den slappe nakken, hoftene som kviler skeivt, falda dei audslege hendene … Men, i natt er eg så aleine. Aleine! Det høyrest ut som eg klagar mi naud! – Når du lever heilt aleine, sa Brague til meg, – så er det fordi du sjølv vil det, er det ikkje? Jau då, eg vil «gjerne» det, og til og med heilt utan atterhald: Eg vil det. Men slik er det … det finst dagar då einsemda, for eit menneske på min alder, er som vin som gjer deg rusa av fridom, andre dagar er ho ein bitter medisin som får deg til å vilje slå hovudet mot veggen. I kveld vil eg helst sleppe å velje. Eg vil helst berre la det stå til utan å måtte avgjere om dei skjelvingane som skyl gjennom meg når eg glir mellom dei kalde lakena, er av redsle eller av velvære. Aleine … det har eg vore lenge. For no har eg gitt etter for einebuarens monolog og snakkar med tispa, med elden, med mitt eige spegelbilete. Det er ein mani som kjem til dei innestengde, langtidsfangane, men eg, eg er jo fri. Og om eg har ein indre samtale med meg sjølv, er det berre fordi eg har ein litterær trong for rytme, for å forme og ordne tankane mine. Framfor meg, på andre sida av spegelen, i det løyndomsfulle rommet av speglingar, sit «ein forfattar i villreie». Dei seier også at «eg driv med teater», men dei kallar meg aldri skodespelar. Kvifor? Ein spissfindig nyanse, eit høfleg nei frå publikum og også frå vennene mine til å respektere meg i dette yrket eg trass alt har valt sjølv … 16


Ein forfattar i villreie: Det er slik eg kjem til å bli hugsa, eg som ikkje skriv lenger, eg som nektar meg sjølv gleda, luksusen, av å skrive. Å skrive! Å kunne skrive! Lange, drøymande stunder framfor dei blanke sidene, den halvt umedvitne skriblinga, leiken med pennen når han teiknar sirklar rundt ein blekkflekk, nappar i eit ufullkomme ord, slår kloa i det, forlenger linjene, pyntar det med følehorn og føter, heilt til det mistar kvar likskap med eit leseleg ord og er forvandla til eit fantasidyr som flaksar av stad som ein sommarfugl. Å skrive … Det er det stirande blikket, hypnotisert av vindauget som blir reflektert i det sølvblanke blekkhuset, det er den guddommelege feberen som stig opp i kinna, i panna, medan ei velsigna dødskjensle frys fast handa som skriv på papiret. Det er også å gløyme tida, det er doven­ skapen i djupet av sofaen, det er å skeie ut i fantasiverda for så å komme tilbake, støl, utmatta og omtåka, men allereie så rikt lønt, berande på skattar som ein sakte lesser av på det blanke arket i det dansande lyset under lampa. Å skrive! Med glødande galskap ause ut alt sitt truverd på det lokkande papiret, så raskt, så raskt at handa somme tider strir og kjempar imot, overkøyrd av den utolmodige guddommen som styrer henne … for så, dagen etter, i staden for den gylne greina som flammande blømde i denne mirakuløse timen, finne ein tørr tornebusk, ein vanskapt blome. Å skrive! Lyst og pinsle for dei gjerandslause! Å skrive! … Eg kjenner vel, frå tid til anna, denne trongen, brennande som tørsten på ein sommars dag, etter å skrive, etter å måle … Og så grip eg pennen på nytt for å byrje den farlege 17


leiken, full av vonbrot, der eg under den bøyelege og tvidelte spissen prøver å gripe og halde fast, det skimrande, flyktige, lidenskapelege ordet … Men det er berre korte, små kriser, den svidande kløen i eit gammalt sår. Å skrive tar for mykje tid! Og så er eg ikkje Balzac heller … Den skrøpelege forteljinga eg er i ferd med å byggje opp, smuldrar opp når bodberaren ringer på døra, når skomakaren kjem med rekninga si, når sakføraren eller advokaten ringer, når teateragenten min kallar meg inn på kontoret sitt for å tilby «eit honorar for ei framsyning inne i byen hos dei finaste, mest danna menneska, men som ikkje har vane for å betale så altfor mykje». Men heilt sidan eg blei aleine, har eg først og fremst måtta lære å klare meg sjølv, deretter sørge for å bli skild, og så halde fram med å leve. Alt dette krev handlekraft, ei heilt utruleg staheit. Og for kva? Finst det verkeleg ikkje ei anna hamn for meg enn dette slitne rommet, i billig kopiert Ludvig XVI-stil og ingen annan kvilestad enn denne uovervinnelege spegelen der eg står andlet til andlet med meg sjølv? I morgon er det søndag: framsyningar ettermiddag og kveld på Empyrée-Clichy. Klokka er allereie to! Det er på tide å legge seg for ein forfattar i villreie.

III – Skund deg! Herregud, skund deg! Jadin er ikkje her! – Kva, ikkje her? Er ho sjuk? 18


– Sjuk? Ja! Det kan ein sjølvsagt også kalle det! Men for oss kan det vere det same: Vi går på tjue minutt før! Brague, pantomimikaren, kjem farande ut frå det vesle krypinnet sitt i det eg går forbi. Han ser heilt forskrekka ut under den gjørmefarga sminka, og eg spring mot garderoben min, fortvilt ved tanken på at eg, for første gong i livet, skulle komme for seint. Jadin er ikkje her! Eg skundar meg, skjelvande av irritasjon. Publikummet vårt her i strøket er ikkje til å spøke med, særleg ikkje på ein søndag ettermiddag! Dersom vi, som dyretemmaren vår pleier å formulere det, «forlèt dei svoltne» i fem minutt mellom to nummer, blir det pipekonsert, og sigarettsneipar og appelsinskal kjem flygande. Jadin er ikkje her. Det var klart at det ville skje ein dag. Jadin er ei lita songarinne, så ny i faget at ho enno ikkje har hatt tid til å bleike det kastanjebrune håret sitt. Ho har berre kasta seg ut i det, rett frå gata og inn på scenen, og ho er framleis forbløffa over å tene to hundre og ti franc i månaden på å synge. Ho er atten år. Ho tok sjansen heilt omsynslaust, og olbogane hennar er alltid klare til å forsvare seg, heile den trassige kroppen hennar, bøygd framover som eit hissig drakehovud, ser ut til å avverje slaga frå ein ureieleg og brutal lagnad. Ho syng som ei syerske og som ein gatesongar, utan at det vil falle henne inn at ein kan synge på andre måtar. Truskuldig pressar ho den djupe, ru og gripande altrøysta si, som passar så godt til den ungdommelege, gretne og grove framtoninga. Publikum elskar henne nett slik ho 19


Merknad « Å s k r i v e! M e d glødande galskap ause ut alt sitt truverd på det lokkande papiret, så raskt, så raskt at handa somme tider strir og kjempar imot, overkøyrd av den utolmodige guddom­ men som styrer henne … for så, dagen etter, i staden for den gylne greina som flammande blømde i denne mirakuløse timen, finne ein tørr tornebusk, ein vanskapt blome.» Slik skriv Colette i portrettet av Renée Néré i Vandraren (orig. La Vagabonde ), heftig, inderleg og sjølvkritisk, om denne sterke drivkrafta og draumen: å skrive, å vere forfattarar. Vandraren er då også sjølve byrjinga på forfattarskapen til Colette og peiker ut vegen vidare, der forfattaren jamt vender tilbake til to tematiske spor – fridom og kjærleik. Colette var ei på mange måtar vrang kvinne av si tid. Då ho skreiv Vandraren, var ho nyleg skild, aleine og utan rettane til sine eigne bøker. Ungjentebøkene om den franske skulejenta Claudine hadde eksmannen sikra seg og gitt ut med stor suk­ sess i sitt namn. I åra etter skilsmissa gir Colette opp skrivinga og opptrer i staden på kabaretscenen i Paris som varietéartist og dansar. Ho innleier forhold til både menn og kvinner og legg 265


ikkje skjul på det sistnemnde, verken på eller utanfor scenen. Då ho endeleg igjen er i stand til å skrive, kjem Vandraren, som trass si fiktive form som roman er ei nokså tydeleg sjølvbio­ grafisk og sjølvutleverande forteljing om åra ved kabaretsce­ nen, det ulykkelege ekteskapet og om kvar Colette no står i livet, aleine og einsam som kvinne, og der det framleis er ein veg å gå frå sjølvransaking til fridom – og ein eventuell ny kjærleik. Å omsette Colette har vore ei sann vellyst. Ikkje berre fordi ho skriv så sanseleg og mistruisk om kjærleiken, men også fordi ho er ein så skarp, og morosam (evt slagferdig?), krønikeskrivar over kvinneleg eksistens. Med eit frimodig og også påtakeleg humoristisk blikk skriv ho om kvinner fanga i tradisjonelle rol­ lemønster, om jakta på ein ektemann, om kvinners aldring og om deklasserte elskarinner. Og ved å skrive om kvinneliv slik ho gjorde, pløgde ho udyrka mark og inspirerte så vel vår nor­ ske klassikar Cora Sandel som den franske nobelprisvinnaren Annie Ernaux til å skrive om kvinneliv på dei måtane dei gjer. Colette flytta grenser i litteraturen, mellom anna ved å skri­ ve så openhjarta om kvinners kvalar, kjærleiksliv og seksual­ liv, noko som på den tida (faktisk) var sjokkerande i Frankrike. Simone de Beauvoir omtalte Colette som den einaste verke­ leg store kvinnelege forfattaren i Frankrike. Virginia Woolf har skrive at ho følte seg traust, kjedeleg, når ho las bøker av Colette, trass sin eigen frigjorde bakgrunn i Bloosmbury-krin­ sen. Julia Kristeva kalla Colette ein av 1900-talets viktigaste kvinner, eit feministisk geni. Og Cora Sandel – som budde i Paris i same periode som Colette var ein markant skikkelse i det parisiske kulturlivet – henta mykje av den litterære inspira­ sjonen frå henne, særskilt tydeleg i Alberte-trilogien. Same året 266


som Colette døydde, i 1954, skreiv Cora Sandel eit minneord om forfattaren, publisert i Bonniers Litteräre Magasin, der ho uttrykker si djupe beundring for Colette. Å lese Vandraren er eigentleg å gå med på å bli Renée Néré, som granskar sitt eige spegelbilete etter ei framsyning i varieté­ teateret. Denne opningsscenen i Vandraren fungerer nesten som eit perfekt bilete på heile forfattarskapen til Colette: I og bak spegelbiletet ligg eit liv som aldri heilt utfaldar seg slik ein kanskje forventar. Kjærleiken er alltid eit tema, men aldri heilt den same kjærleiken, og heller ikkje med dei same konsekven­ sane. Og spegelbiletet blir i kvart tilfelle alt anna enn føyeleg. Colette var berømt og berykta, og ho var ein respektert forfattar i samtida. Ho var den første kvinnelege medlemmen i det franske Goncourt-akademiet for litteratur og blei gravlagd på den franske statens rekning, som den første kvinna som blei vist denne æra i Frankrike. Gjennom sine skildringar av kvinne­ liv blei ho likevel også sett på som ein forfattar som i hovudsak skildra kjensleliv, og slik vurdert som ein emosjonell forfattar, då i motsetning til sine samtidige mannlege forfattarar, som fekk merkelapp som reflekterte, filosofiske, intellektuelle. Så var Colette kanskje først og fremst ein forfattar som nekta å la seg plassere, kategorisere, som nekta å la seg fange, ja, ein vrang vandrar: «Ein vandrar, ja, men ein vandrar som slår seg til tols med å gå i ring utan å komme nokon veg, til liks med kameratane mine, brørne mine. Å skilje lag gjer meg både trist og lystig, det er sant, og ein bit av meg blir alltid verande på den staden eg flakkar forbi, nye landskap, ein klar eller overskya himmel, eit perlegrått hav i regnvêr, alt saman klamrar seg til meg så 267


lidenskapeleg at det kjennest som om tusenvis av små spøkelse som liknar meg, ligg att etter meg, dei flyt med i bølgjene, ligg og voggar i eit blad, svever og forsvinn i skyene. Men sit det ikkje eit siste, lite spøkelse, det som liknar aller mest på meg, her framfor kaminen, drøymande og sindig, bøygd over ei bok, som det gløymer å lese i?» Margunn Vikingstad Bergen, september 2026


A n d re bø ker i s eri en : fr an z kaf ka : Forvandlinga og andre forteljingar (2016) mary Sh e lley: Frankenstein, eller den moderne Prometevs (2016) j ames j oyce : Dei døde (2017) g ustave f lau b ert : Madame Bovary (2017) ro b ert musil : Tre kvinner (2017) sa m u e l b ec kett : Fyrste kjærleik og annan kortare prosa (2018) G e rtru de Stein : Alice B. Toklas’ sjølvbiografi (2018) Geo rg Bü chn er: Lenz (2018) ste fa n zw eig : Sjakknovelle og andre tekstar (2019) j o h a n n wo lfgan g vo n g o ethe: Valskyldskapane (2019) e m i ly b ro n të: Stormfulle høgder (2019) A n to n ts j e kh ov: Dama med hunden og andre forteljingar (2020) A H M ET MIT HAT : Felâtun bey og Râkım efendi (2020) lu i gi p i r a n d ello : Ein, ingen og hundre tusen (2020) virg in ia wo o lf : Til fyret (2021) Fu m i ko H ayashi: Lausgjengar. Notat frå eit ustadig liv (2021) w i lliam fau lkn er: Framom døden (2021) f ran z kaf ka: Prosessen (2022) j a n e austen : Northanger Abbey (2022) f e r n an d o pessoa: Å vere ein annan (2022) l ev to lsto j : Då Ivan Iljitsj døydde (2023) b run o schu lz: Kanelbutikkane (2023) m a rcel pro ust: Swanns kjærleik (2023) ANNE M ARIE SCHWARZENBACH: Vener av Bernhard (2024) ro b erto arlt: Sju galningar (2024) f. s cott f itzg erald : Den store Gatsby (2024) th omas man n : Døden i Venezia (2025) n escio : Unge titanar (2025) geo rg e eliot: Silas Marner (2025) kath e rin e man sf ield : Hageselskapet (2026) mach a d o d e as s i s : Alienisten (2026)


Eg har det heilt fint, og gudskjelov elskar eg ingen.

om sett av margunn v i ki ngsta d


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook