Skip to main content

Steinalderens visuelle logikk

Page 1

Steinalderens logikk visuelle

Bilete i berg frå Skandinavias ­eldre steinalder

Ingrid Fuglestvedt


16


1

2

3

4

5

Bergkunst frå ­steinalderen – ei generell innføring 24 Steinalderens tre periodar 25 Korleis vart bergbilete laga? 26 Menneske i mesolitikum og bergkunstens moglege opphav 28 Motiva i bergkunsten 35 Kvifor laga menneska bilete i berg? 36 Bergkunsten i tidlegmesolitikum 38 Bergkunsten i seinmesolitikum – variasjon, landskap og strandlinjer 46 Vatn 54 Bergflatas landskap 66 Dyreflokkane i seinmesolitikum – ein grunnleggjande metafor 76 Store dyr 77 Menneske og storvilt – kommunikasjon og eit evig «gje og ta» 80 Flokkar av dyr: ei tematisering med særs stort avtrykk 87 Visuell logikk – sirkelvariasjonar, mønster og transformasjonar 106 Leiemotiv og motem 107 Frå flokkar til sirklar 110 Sirkelvariasjonar i Alta-bergkunsten: sjamansmykke 115 Sirklar, rekkjer og transformasjonar i Alta 124 Grafiske mønster som kroppsfyll 138 Menneske på rekkje 140 Kroppsfyll i Sogn og Fjordane 144 Kroppsfyll i Aust-Noreg 154 Grafiske mønster generelt 171 Motem som analytisk tilnærming – ei oppsummering 174 Variasjon som inversjon 178 Animisme og totemisme i seinmesolittisk bergkunst 184 Dei store samanhengane: menneske, dyr og landskap 185 Animisme og totemisme 186 Animisme og totemisme og nordisk mesolitikum 190 Animisme og totemisme kjem til uttrykk i bergkunsten 198 Det totemiske avtrykket i bergkunsten – kor sterkt er det? 206 Nämforsen – ein stad heilt utan totemisk avtrykk? 214 Honnhammaren i Tingvoll: ein totemisk landskapsformasjon? 219 Klanlandskap og inter-regional kontakt 224 Mønster som markør for identitet 225 Geografisk fordeling av mønster 229 Kontakt mellom regionane? 234 Den store jegeren og samfunnsbyggaren – tilbake til sjamansmykka 240 Etterord og takk

245

Litteratur

252


20

Prolog

Bremanger ein tidleg dag på forsommaren: Det er varmt i vêret, havflata er blikk stille, og sola har enno ikkje brote gjennom morgondisen. Nyutsprunge grønt lauv kler trea i bakkane, og blomar set farge på naturen. Eg er i ein båt på Frøysjøen, og store tankar melder seg: I likskap med alle andre menneske er livet mitt bunde til ei konkret tid og ein konkret stad i verdshistoria. Eg har likevel ei draging mot dei eldste tidene i dette landskapet og til menneska som budde her. Korleis levde og tenkte dei som var her fleire ­tusen år før vår tidsrekning – i eldre steinalder? I arkeo­ logien har fortida vore samanlikna med eit framandt land. Det er forunderleg å tenkje på korleis ei ukjend verd – og for oss kanskje eit eksotisk tilvære – utspelte seg på staden eg er på veg til no. Havet stod nokre meter høgare den gongen, men elles har landskapet vore tilnærma uforandra gjennom ­tidene. Båten glir austover inn ein fjordarm: Vingen. Staden er ramma inn av ei stupbratt fjellside i nord og ei slakare side i sør. Eg stig i land på den graskledde landbremmen på sørsida, som er eit stort og aude landskapsrom med blokkmark, bergskjer og fjellflater spreidde utover. Eg går til eit bergskjer som formar ein bratt vegg mot nord. Så bryt sola gjennom, og med eitt kan eg sjå dyreteikningar. Skråljoset frå morgonsola gjer at figurane skin – ein flokk hjortar kjem imot meg! Dyrebileta vart hogde inn i eldre steinalder, og fjellflata eg står ved, er berre eitt av mange slike «berg­ panel» her. Hjorten er hovudmotivet på nesten alle panela, og flokken av hjort den vanlegaste komposisjonen. Avbildingane er varierte, og dyra er oftast dekorerte med finurlege mønster inni kroppane. Kvifor var hjorteflokkane så viktige i steinaldermenneskas tankeverd? Og kva ligg bak dei løyndomsfulle kroppsdekorasjonane?

[→ 21] Hjort i Vingen, med fjellet Hornelen i bakgrunnen. [→ 22–23] Hjorteflokk på panelet Vehammaren

i Vingen.


21


24

Bergkunst frå steinalderen

Ei generell innføring

Kapittel 1


Steinalderens tre periodar

Steinalderen er delt inn i tre hovudperiodar: paleolitikum, mesolitikum og neolitikum. P ­ aleolitikum (av paleo, som tyder «gamal» og lithos, som tyder «stein») er eit enormt tidsrom og har ei bakre grense for godt over to millionar år sidan, då dei fyrste menneskeartane tok til å bruke reiskap av stein. Den siste delen av denne enorme perioden vert kalla øvre paleolitikum og vert rekna frå tida då det biologisk moderne mennesket vandra ut av Afrika for om lag 55 000 år sidan, og fram til slutten på den siste istida for om lag 11 600 år sidan. Etter istida starta ein varm klimatrend, ein varmeperiode som enno varer, då vandra etterkomarane av istidsjegerane i Europa nordover mot Skandinavia og det som i dag er Noreg. Denne delen av eldre steinalder kallar vi mesolitikum (av meso, som tyder «mellom»). Dette er ei tid då menneska i Norden heldt fram med eit tilvære der jakt, fiske og sanking var einerådande. Paleolitikum og mesolitikum er den eldre steinalderen, i motsetnad til den yngre steinalderen, neolitikum (av neo, som tyder «ny»), som er forbunden med husdyrhald og jordbruk. Mesolitikum ligg såleis mellom den «gamle» og den «nye» steinalderen. I omtalen av Noregs fortid kan eldre steinalder og mesolitikum brukast synonymt. I Nord-Europa er meso­ litikum rekna frå då dei fyrste menneska kom til kystane på den skandinaviske halvøya og fram til dei eldste teikna på jordbruk og husdyrhald. Dette er perioden mellom 9500 og 4000 år før vår tids­ rekning. Det er bergkunsten frå denne perioden vi skal sjå nærare på i ­denne boka.

Bergkunst frå steinalderen

25


26

Korleis vart bergbilete laga?

«Panelet» eller «lerretet» som bileta er teikna på, er flater i fast fjell eller på lause steinblokkar av ulike storleikar. Kor store teikningane er, varierer også, alt frå fleire meter til ­nokre få centimeter. I Norden vart det laga bergkunst i stein­alderen og i bronsealderen og eit lite stykke inn i jarnalderen. Denne boka skal ta føre seg den eldste bergkunsten. Bergkunst vert ofte omtalt som «helleristningar», men fagfolk føretrekker fyrstnemnde term fordi «ristningar» ikkje dekker fenomenet på ein presis nok måte. Bergkunst er definert som figurar som anten er slipte, hogde eller måla på berg. Slipinga må ha gått føre seg ved at kunstnaren har gjort mekaniske rørsler att og fram med ein hard stein som reiskap, mens hogging, eller «pikkhogging», inneber at ein knuser fjellflata med ein hammarstein med ein spiss ende. I begge tilfella vil nok figurane ha vore teikna opp på førehand, kanskje med ein mjuk stein. Eksperiment viser at det tek under ein halv time å lage ein enkel figur dersom berggrunnen er nokså mjuk. På hardare berggrunn tek det noko lengre tid. Dette viser at kunstnaren kan ha hogd fleire figurar i løpet av berre ein dag.

Kapittel 1


Den måla bergkunsten er kjenneteikna av same type motiv som vi finn i den slipte og hogde kunsten, men kunstnaren har nytta eit fargestoff der brend oker utgjer ein viktig bestanddel. Figurane er måla rett på bergflata, og ein har ikkje slipt eller hogd furar på førehand. Vi veit ikkje detaljane om korleis dei måla figurane vart laga, til dømes om ein brukte penslar eller berre fingrane. Denne kunsten er hovudsakleg raud. Når ein vitjar den hogde bergkunsten, kan ein fort verte forvirra av at den også er måla, anten i raud eller kvit farge. Dette er ikkje steinaldermenneskas verk, men eit tilretteleggingstiltak for folk i dag. I dei seinare åra har ein slutta med dette fordi praksisen kan øydeleggje figurane. Om menneska i steinalderen måla i furane på den hogde bergkunsten, eller om måling berre gjeld den typen som vi kategoriserer som «måla bergkunst», veit vi ikkje. Ein kan sjølvsagt tenkje seg at dei smurde fargestoff i furane kvar gong bergkunststaden var i bruk som rituell stad. Samstundes kan det vere at det naturlege ljoset har vore sentralt i opplevinga av dei hogde figurane. Skrålys frå sola gjev ein heilt spesiell effekt når det treff furane, dei vert ekstra tydelege, og nokre gonger ser det ut som om dei står over bergflata, som i eit omvendt relieff.

Bergkunst frå steinalderen

27

Slipt, hogd og måla bergkunst. Frå venstre mot høgre: Leiknes (Nordland), Skogerveien (Buskerud) og Honnhammar (Møre og Romsdal).


34

Elg Stein

Reinsdyr Kåfjord

Hjort Kirekly Tennes

Kvalar Kåfjord

Kapittel 1


Motiva i bergkunsten

Dei mest vanlege motiva er av dyr, oftast storvilt slik som elg, reinsdyr, hjort og kval. Men også sel, symje­fuglar, hare, hund og enkelte fiskeartar førekjem. Elgen er kanskje det mest avbilda dyret, tett følgd av reinsdyr og hjort. Tidleg i eldre steinalder (tidlegmesolitikum) er bergbileta dominerte av desse storvilt­ artane. Dei er ofte avbilda på ein svært naturtru måte og i naturleg storleik. Mot midten av eldre steinalder (mellommesolitikum) ser bergkunsttradisjonen i Skandinavia ut til å opphøyre. Etter ­nokre tusenår, seint i eldre steinalder (seinmesolitikum), fekk bergkunstproduksjonen på ny eit ­kraftig oppsving. Det aller meste av jegeranes bergkunst vart laga i dei siste 1500 åra av denne fasen. Det er no dei verkeleg store lokalitetane på den skandinaviske halvøya kjem til: Vingen i ­Bremanger med 2200 figurar, Nämforsen i Ångermanland med 2500 figurar og Alta i Vest-­Finnmark med minst 5000 bilete. Det finst mange større og mindre lokalitetar utover dette, til dømes i Midt-Noreg og i Aust-Noreg. Nord-Sverige har òg mange mindre felt. Det som kjenneteiknar bergkunsten frå seinmesolitikum, er at mange bergkunststader har store komposisjonar som ser ut til å syne fram hendingar. No vert dyra sjeldnare avbilda i naturleg storleik, og i tillegg til dei allereie nemnde artane kjem bilete av menneske og reiskap. Fiskeartar, til dømes laks, men særleg kveite, vert òg nokså vanlege. Vidare vert figurane mindre naturtru enn dei var i den tidlege delen av mesolitikum. Mens figurane i tidlegmesolitikum ikkje er innvendig dekorerte, vert det i seinmesolitikum vanleg å teikne «kroppsfyll» i form av strekmønster og andre element.

Bergkunst frå steinalderen

35


44

[→ 45] Bøla-reinen ved Snåsavatnet i tidlegare Nord-Trøndelag.


45


78

ein også rekne med at jakt var forbunde med smerte, det gjer vondt å ta dyret av dage. Jakta kan med dette oppfattast som sterkt kjensleladd i tillegg til å vere fysisk krevjande. Vi anar spenning, redsle, ­respekt og ærefrykt. Oppfatninga av dyr som menneskeliknande personar inngår i det religionsvitskapen kallar animisme. Dyra vert med dette rekna som vesen som lever eit liknande liv som menneska, med same sjelsevner, vilje og intensjonar. Det er berre kroppen, eller helst den ytre drakta, som skil dei to frå kvarandre. Ei vanleg animistisk førestilling er òg å tenkje at dyra, fortrinnsvis storviltet, lever i ei parallell verd bortanfor vår, ei verd som kan anast, men som ikkje er direkte tilgjengeleg for menneske. Her lever dei liv som sterkt liknar dei til menneske, i hus, med familie og med kroppar som ikkje er heilt slik som dei er kledde i på jaktmarkene i menneskeverda. Antropologen Rane Willerslev levde i lengre tid som jeger i Sibir. Kjøt frå elg var avgjerande for overleving om vinteren. I boka På flugt i Sibirien fortel han korleis han etter kvart vart «innleira» i noko som kan kallast ein animistisk spiritualitet. Dette viste seg i åtferda og opplevingane hans i ein periode med manglande jaktlukke. Det var vinter, og temperaturen var nede i 50 minus­grader. Svolten gnog i han og dei andre jegerane. Situasjonen var prega av desperasjon og ­aukande kraftløyse. Ei natt drøymde han at han kom til ei enkel hytte på taigaen. Han gjekk inn, og i hytta stod ei naken kvinne. På ein brisk låg eit lite barn innhylla i skinn, og det rann blod frå det eine a ­ uget. Kvinna trykte jegeren til seg, og han drakk grådig frå brystet hennar, men etter ei stund mista ho krafta og vart livlaus. Då gjekk drøymaren laus på kjøtet til kvinna og åt ho halvvegs opp. Han vakna med ei kjensle av djup skam. I vissheita om at han snart kom til å døy av svolt, tok han likevel ei rask avgjerd. Han skreiv avskjedsbrev til jaktkameratane, kledde seg, tok geværet og gjekk ut i m ­ edvit om at han sannsynlegvis ikkje ville kome levande tilbake. Jaktferda gjekk over ei delvis f­ rosen elv. Plutseleg krakelerte isen, og han visste at om han hamna i vatnet, ville det ikkje gå m ­ ange minutt før han var ferdig. Nærast på instinkt gjorde han noko den sibirske «bestemora» hans hadde snakka mykje om, nemleg å gje taigaen gåver. Han greip den eine av nokre få patronar som var att i ­lomma, og «ofra» han til elva. Isen slutta brått å sprekke opp, og han kom seg tørrskodd over til andre sida. Etter kvart følgde jegeren ljoden av eit dyr, men forholda var uoversiktlege – han visste ikkje kva dyr det var, men fyrte av eit skot. Noko rørte på seg, han skaut igjen, og no var alle patronane ­brukte opp. Så gjekk han fram og fann ei daud elgku og kalven hennar. Det fyrste han gjorde, var å drikke grådig av kuas bryst. Samanhengen gjekk opp for han. Elgkua og kalven var kvinna og ­barnet frå draumen.

[→ 79] Lokaliteten Ole Pedersen 9 i Hjemmeluft, Alta. Ein rituell jaktscene? Konfrontasjon mellom to menn som begge held i stolpar med dyrehovud. Slike «elghovudstolpar» er funne i seinmesolittiske graver i Baltikum og VestRussland. I Noreg finst gjenstandstypen berre som avbildingar i bergkunsten. Komposisjonen inngår i ein kompleks samanheng med elg og elgjakt like i nærleiken. Ein elg er til og med «festa» til den eine stolpen.

Kapittel 2


79

Dyreflokkane i seinmesolitikum


102

Alta

Bergheim 1


103


126

Bergbukten 1 [→ 128–129]

Kapittel 3


Ole Pedersen 8A

Visuell logikk

127


128


129


144

Kroppsfyll i Sogn og Fjordane

Det er ikkje utan grunn at Johs. Bøe på trettitalet skildra bergkunststaden Vingen i Bremanger, med sine om lag 2200 figurar, som eit «naturens kolossalmuseum for helleristningar». Trond Lødøen og Gro Mandt brukte denne formuleringa som tittel på si store bok om Vingen, som blant anna inneheld ein samla presentasjon og dokumentasjon av alle figurane på staden. 30 kilometer lenger sør finn vi den mindre lokaliteten Ausevik, med sine 270 figurar. Til liks med det som er tilfellet i andre regionar, finn vi også her dyr med eit enkelt strekmønster som kroppsfyll. Samstundes er Vingen og Ausevik kjenneteikna ved ein type kroppsmønster som berre finst her. Mønsteret kan skildrast som eit lappeteppe av strekmønster, eller som ein collage av strekbuntar. Strekbuntane i dette særeigne mønsteret kan bestå av rette strekar, men som illustrasjonen syner, utgjer dei ofte også vinklar og bogar.

Vingen [→ 153]

Kroppsfyll i hjort frå Vingen [→ 144] og Ausevik [→ 145].

Kapittel 3


145


168


169


202

Skogerveien Kval og elg

Ausevik Hjort [→ 203]

[→ 203–205] Identisk kroppsfyll som «krossar» ulike artar og element. Ei vanleg totemistisk førestilling er at dyr, menneske og landskap deler ein indre substans og er «laga» av det same stoffet.

Vingen Menneske og hjort

Ausevik Menneske [→ 204]

Ausevik Geometrisk figur [→ 205]

Kapittel 4


203


Ingrid Fuglestvedt

Ingrid Fuglestvedt (f. 1964) er professor i arkeo­logi ved ­Universitetet i Oslo, og har i ei årrekkje undervist og forska på bergkunst frå steinalderen.

Steinalderens logikk visuelle Steinalderens visuelle logikk

Kvifor skapte steinalder­menneska figurar av dyrekroppar på berg og fjell? Og kva tyder dei gåte­fulle mønstera som fyller figurane? ­Arkeolog Ingrid Fuglestvedt viser oss at bergkunsten er langt meir enn avbildingar av menneske og natur, han inneheld òg spor etter tankar, førestillingar og levemåtar frå ei fjern fortid.

Bilete i berg frå Skandinavias ­eldre steinalder

Ingrid Fuglestvedt


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Steinalderens visuelle logikk by Skald forlag - Issuu