Skip to main content

Skap eit språk

Page 1

Olaf Husby

Skap eit språk

Skald 2026


1

4

Innleiing


Sidan du sit med denne boka i hendene, er det truleg slik at du er interessert i kunstige språk, altså språk som er konstruerte av ein person. Kanskje vil du berre vite litt meir om konstruerte språk, eller kanskje vil du lage ditt eige? Då kan denne boka vere til hjelp. Her finn du forklaringar på korleis språk er bygde opp, og kva du må ta omsyn til når du skal lage ditt eige språk. Ovanfor er det brukt to omgrep, kunstige språk og konstruerte språk. Dei tyder det same og vil verte brukte om kvarandre. Einskilde nyttar den engelske nemninga conlang som er ei forkorting av «constructed language». Det motsette er natlang – «natural language» – som er ­reelle språk som har utvikla seg mellom menneske som levde saman i grupper. Det finst òg ei anna nemning, ­genlang – «generated language». Den vert brukt om språk som er genererte av språkmodellar. Det er ei rekkje nemningar som vert nytta om konstruerte språk. Hjelpespråk er brukte mellom menneske som ikkje forstår morsmålet til kvarandre. Hjelpespråka kan vere naturlege språk, som engelsk, eller konstruerte språk, som esperanto, interlingua, slovianski eller andre. Nokre av desse språka er forenkla versjonar av naturlege språk, som latino sine flexione (latin utan bøying), Basic English eller Simplified English, òg kalla Anglic. Andre nemningar for slike språk er planspråk og kunstspråk. Den siste nemninga er òg brukt om språk som dukkar opp i litteratur eller film, men som ikkje vert brukte til dagleg mellom menneske. I nokre tilfelle er desse heilt utan grammatiske reglar, altså eit tilfeldig samansurium av lydar eller bokstavar som skal høyrast eller sjå ut som språk. Ein kallar dei fake lang – «falske språk». Denne boka handlar ikkje om å lage hemmelege kodar. Kort sagt er hemmelege kodar meint for å skjule informasjon, medan konstruerte språk er laga for kommunikasjon og kreativ utforsking.

5

Eigenskap Formål

Kunstige språk Kommunikasjon, estetikk, ­eksperimentering

Hemmelege kodar Hemmeleghald, skjult kommunikasjon

Grammatikk

Har oftast ein eigen grammatikk

Ikkje sjølvstendig språk, bygd over eit anna språk

Bruksområde

Kunst, lingvistikk, under­ haldning, internasjonal bruk

Kryptering, spel, militær kommunikasjon

Døme

Esperanto, klingon, lojban

Cæsar-chiffer

Innleiing


1.2

Ditt prosjekt Sidan du har ei interesse for kunstige språk, er det nokre spørsmål du lyt tenkje gjennom før vi går ­vidare: ~ Kvifor vil du lage eit kunstig språk? ~ Kor mykje tid vil du bruke på å lage det? ~ Kven skal bruke språket? ~ Korleis skal språket vere forma? Nedanfor finn du mogelege svar på dessespørsmåla. 1.2.1 Kvifor vil du lage eit kunstig språk? Ein kan gi mange svar på dette spørsmålet. Her finn du nokre stikkord med korte kommentarar:

Inkludering

Å inkludere tyder her «å ta nokon med i ei gruppe». Ein ønskjer altså å lage eit nytt språk slik at folk som snakkar ulike språk, kan bruke eit sams språk for å kommunisere lettare med kvarandre. Eit døme på dette er språket esperanto som vart laga på slutten av 1800-talet. No er det i bruk over heile verda: Ĉu vi parolas Esperanton?

* Pål Eriksen (2020): Sørlandsbyens hemmelighet. Språknytt 1/2020.

(Snakkar du esperanto?)

10

Ekskludering

Å ekskludere tyder her «å stengje nokon ute frå ei gruppe». Ein ønskjer å lage eit språk som berre vert brukt av ei lita gruppe menneske. Dei skal kunne snakke med kvarandre utan at andre forstår. I den norske byen Mandal vart språket smoi brukt av lokale handelsfolk, fiskarar og drosjesjåførar når dei snakka seg imellom.* Utanbys folk skjønte ­ingenting: Nå råg gim mej te noka. (Nå går eg heim til kona.)

Personlege mål

Nokre vil kanskje lage eit nytt språk med eit spesielt mål for auge. Då forfattaren Gerd Brantenberg skreiv romanen Egalias døtre i 1977, ville ho vise at norsk språk hadde fleire ord knytte til menn enn til kvinner. Ho bytte ut manne-­ orda med nye ord som viste til kvinner. Slik laga ho ord og vendingar som på nynorsk vil lyde som serveringsherrar, sigersfruer, allkvinnkvinneskelege spørsmål, gå kvinn av huse.

Kapittel 1


11

Språklæring

Når ein konstruerer eit kunstig språk, må ein bestemme korleis grammatikken i språket skal vere, så ein må ofte justere og revidere språket for å setje det i samsvar med det grammatiske systemet ein byggjer språket over. Dette gir ei djupare forståing av språklege strukturar generelt, og ein lærer å vere fleksibel og å tilpasse seg nye språklege system. Når ein seinare lærer eit framandspråk, kan ein dra nytte av denne kunnskapen og identifisere mønster og reglar i det nye språket. Det vert lettare å sjå likskapar og skilnader mellom språk.

Språkleg medvit

Når ein undersøkjer språk som system, utviklar ein eit språkleg medvit, såkalla metalingvistisk medvit. Dette medvitet er svært nyttig når ein lærer framandspråk, sidan ein vert betre til å forstå korleis språklege mønster (til dømes ordrekkjefølgje, verbformer) påverkar tolkinga av det ein seier eller skriv. Det er som å lære seg å lese noter før ein spelar eit instrument. Ein får verktøya til å forstå og meistre nye språk raskare og meir effektivt.

Kreativitet

Folk med stor interesse for språk vil kanskje berre leike seg med kunnskapane dei har. Å lage språk er ein hobby for dei.

Kunst

Det er utvikla språk til bruk i romanar eller filmar. Dei som har lese bøker av J.R.R. Tolkien, kjenner til alvespråket quenya. Der seier ein Umin hanyan for «Eg forstår ikkje». I Avatar-filmane snakkar innbyggjarane på Pandora språket na’vi. Setninga Fyape fko syaw nga-r? kan ein omsetje til «Korleis kallar ein på deg» eller betre: «Kva heiter du?»

Innleiing


1.10.3

Ordklassar

Substantiv

38

Eintal

Ingen endingar

yàd

(hund)

Fleirtal

Gjenta siste del av førre staving

yàdàd

(hundar)

Kapittel 1


Artiklar Artiklane står framfor orda dei er knytte til. Eintal

Ubestemt yi ein, ei, eit (yi yàd – ein hund)

Bestemt push -en, -a, -et (push yàd – hunden)

Fleirtal

wo -ar, -er (wo yàdàd – hundar)

chich -ane, -ene, -a (chich yàdàd – hundane)

Pronomen Personlege pronomen Eintal 1. person 2. person 3. person h ­ankjønn 3. person hokjønn Fleirtal 1. person 2. person 3. person

ràch bot yi yed’ she ti wu

eg, meg du, deg han, han ho, ho/henne vi/me, oss de/dokker, dykk/dokker dei, dei

Eigedomspronomen D’agyuian brukar dei personlege pronomena her. Det heiter altså ikkje «Kan eg låne di bok?», men «Kan eg låne du bok?».

39

Innleiing


3C.5

Observer deg sjølv For å få eit inntrykk av kva som skjer når ein snakkar, kan det vere interessant å observere seg sjølv når ein snakkar. Her er eit lite eksperiment. I ordet «padle» kjem det ein [d] framfor en «l». Prøv å veksle mellom «d» og «l» fleire gonger: [dldldl]. Kva er det du gjer for å få dette til? Jau, tungespissen står bak tennene i overmunnen heile tida. For å veksle frå [d] til [l] slepp du ned ei eller begge sidene av tunga, for å kome tilbake til «d» løftar du tungesidene igjen. Kan du føle kva du gjer med tunga? Kan du sjå kva du gjer i ein ­spegel? I namnet «Ådne» kjem det ein [d] framfor en [n]. Prøv å veksle mellom [d] og [n] fleire gonger: [dndndn]. Kva skjer her? Bak i munnen er den blaute ganen, og i den bakre kanten av den heng drøvelen fast. Når den blaute ganen vert løfta, stengjer den passasjen gjennom nasen. Det skjer når du skal seie [d]. Når den blaute ganen heng ned, er passasjen open. Det skjer når du seier [n]. Når du seier [dndndn], held du tunga i ro og vekslar mellom å løfte og senke den blaute ganen. Sidan tunga lagar eit lukke mot tennene når du seier [dndndn], er det ikkje mogeleg å sjå rørslene. Prøv å la den blaute ganen hengje ned slik at det vert opning gjennom nasehola samtidig som munnen er open. Dersom du no seier vokalar som [a], [å] eller andre, går luftstraumen og lyden ut gjennom både munn og nase og får ein eigen klang. No har du laga dei franske vokalane som er nemnde i oppgåvene på førre side.

116

Kapittel 3

C


3C.6

Å lage språklydar 3C6.1 Taleapparatet Skissa under viser dei delane av kroppen vi nyttar for å lage språklydar. Dette er eigentleg eit stort apparat med mange delar, og vi kallar det taleapparatet. Eit snitt gjennom hovudet viser korleis det ser ut.

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12

Overleppa Framtennene i overkjeven Tannkammen Den harde ganen Den blaute ganen Drøvelen Strupehovudet med stemmeleppene Underleppa Tungespissen Framtunga Baktunga Svelgveggen

4 1

2 8

5

3 9

10

6

12

11

7

Når ein skal snakke på normalt vis, vert luft pressa ut frå lungene gjennom munnen. Teikninga ovanfor har ikkje med lungene, men som du veit, ligg dei i brystkassa, og det fremste røyret som peikar nedover på teikninga, luft­røyret, går til lungene (det bakre røyret er matrøyret). Her går lufta til og frå lungene når vi pustar inn og ut. Når vi skal snakke, startar vi normalt med å presse luft ut av lungene. Som vi har høyrt, går det an å snakke på innpust, men det er ikkje så vanleg. Om du vil, kan du bruke innpustsnakk

117

Språklydar og alfabet


6

252

Bøying


Vi har sett på korleis ein kan lage stavingar ved å setje saman språklydar på ulike vis. Vi har òg sett at ord kan vere enkle eller komplekse ved at dei har få eller mange stavingar. Vi har laga nye ord gjennom avleiing og samansetjing. I dette kapittelet skal vi sjå på korleis ord kan endre seg gjennom bøying og kva som vert uttrykt gjennom bøying. Læra om ordlaging og bøyingsmønster vert kalla morfologi. Den tar for seg korleis ord vert danna ved hjelp av morfem – dei minste tydingsberande einingane i eit språk. Morfema er sette inn mellom krøllparentesar { } i dei neste eksempla. Ordet «hus» inneheld eit tydingsberande element – {hus}, altså eitt morfem, medan «husa» inneheld to tydingsberande element – to morfem – nemleg {hus}og {a}, der {a} uttrykkjer bestemt form fleirtal. Ordet «terrengsykkelen» har tre: {terreng}{sykkel}{en}. Morfologi skil mellom bøying (endingar som viser grammatisk funksjon, som tal eller binding – altså ubestemt, bestemt form – for substantiv) og ordlaging. Ein kan lage nye ord gjennom avleiing, det vil seie ved å leggje til bestemte endingar som når ein lagar «lesar» av «les» eller «fiskar» av «fisk». Ein kan òg lage nye ord ved å setje ­saman to sjølvstendige ord. Eit ord som «skrivebok» er døme på ei samansetjing.

253

Bøying


6A.1

Kva er bøying? Eit enkelt svar er at bøying er endringar ein gjer i ordet for å gi det ei meir presis tyding. Endringane gjeld spesielt den grammatiske delen av ordet. Sjølve grunntydinga av ordet (rota, stammen) vil vere den same. Substantiv set namn på ting, og med bøying kan ein til dømes seie om substantivet handlar om ein, to eller fleire ting. Verb set namn på handlingar, og ved hjelp av bøying kan ein seie om noko skjer no, i går eller om det skal skje i ­morgon. Nokre språk har særs mykje bøying, andre lite. Det finst faktisk språk som ikkje har bøying i det heile tatt. Slike språk er ikkje fattigare enn språk med bøying. Dei kan uttrykkje akkurat det same, men dei brukar frittståande ord i staden for bøyingsendingar. Dette kjenner du til frå engelsk. På norsk seier vi «eit hus – huset». På engelsk seier ein «a house – the house». Medan vi hengjer «-et» bak på ordet «hus» for å gi det bestemt form, nyttar engelsktalande eit eige ord – «the» – som dei stiller framfor substantivet. Som ein kan sjå, fungerer det like godt.

6A.2

Kva er bøying godt for? Ikkje alle ordklassar har ord som vert bøygde. I norsk er det særleg substantiv og verb som endrar form gjennom bøying. Det same gjeld òg adjektiv, nokre adverb, nokre pronomen og nokre determinativ. Tabellen på neste side viser svært grovt kva funksjon ord i dei ulike ordklassane i nynorsk har og kva bøyinga uttrykkjer. Dei fire nedste ordklassane har ikkje bøying. Tabellen viser òg kva som kan uttrykkjast gjennom bøying. Oversikta dekkjer norsk, og den er ikkje komplett sidan mange språk har trekk som ikkje finst i norsk. Trekk som er gula ut vert ikkje uttrykt gjennom bøying på norsk, men finst i andre språk. Til høgre i tabellen finn du norske døme på bøying.

254

Kapittel 6

A


Ordklasse

Funksjon

Substantiv

namn på ting, tal, ubestemt/bestemt ­omgrep, form, kasus person, stad, ­ ­fenomen namn på handlingar tempus (uttrykkjer tid), modus (uttrykkjer måte), samsvarsbøying for ­ person, tal, kjønn, diatese (±passiv form), ­ beskrive ting grad, ubestemt/bestemt form, kjønn

Verb

Adjektiv

Bøyinga viser

Adverb

beskrive verb, ad- grad jektiv, adverb

Pronomen

erstatte substantiv

Døme båt, båten, båtar, båtane

lyser, lyste

grøn, grønt, grøne, grøn, grønare, grønast, grønaste raskt, raskare, raskast ut, ute

person, tal, kjønn, kasus

eg, meg, du, deg, han, ho

Determinativ beskrive substantiv

tal, kjønn, kasus

den – denne, det – dette, dei – desse

Preposisjon

seie kor ting er

inga bøying

på

Konjunksjon

binde saman like ledd

inga bøying

og

Subjunksjon

starte setning som er del av ei anna setning

inga bøying

fordi

Interjeksjon utrop

inga bøying

hei

255

Bøying


6A.3

Ordklassar Tabellen på førre side viser at vi finn bøying innafor seks ordklassar i norsk. Bøyinga uttrykkjer ulike fenomen. Vi skal kort sjå på kva som skjer i dei seks ordklassane. I kvar ordklasse vil det vere unnatak frå hovudreglane. Unnataka vert ikkje nemnde i framstillinga her. 6A.3.1 Substantiv Dette er ord som set namn på ting, omgrep, personar, stader og fenomen. På norsk har substantiva fire former. Eit ord som «bokstav» har desse formene:

ein bokstav, bokstaven, bokstavar, bokstavane

Dei to første formene viser til eintal, dei to siste til fleirtal. Bøyinga av substantiv i norsk fell til ein viss grad saman med kva for eit kjønn dei har. Typiske bøyingsformer for substantiv ser du i tabellen på neste side. Det finst unnatak frå desse reglane, men dei lar vi liggje.

Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn

Eintal Ubestemt ein båt ei seng eit hus

Bestemt båten senga huset

Fleirtal Ubestemt båtar senger hus

Bestemt båtane sengene husa

Ubestemt form viser oftast til noko som ein ikkje kan peike ut, medan bestemt form hjelper til med å peike ut det som det er snakk om. Eg så ei bok. Eg såg boka.

(Kva for bok?) (Kva for bok? Den du lånte bort til tante.)

Ver merksam på at det kan vere ­ fleire former i bokmål ettersom ein kan hengje på ein genitivs-s: «bokstavs, bokstavens, bokstavers, bokstavenes». ­ Denne s-endinga er lite brukt i nynorsk sjølv om det er ein organisasjon som heiter Noregs Mållag.

256

Kapittel 6

A


OPPGÅVE: Nedanfor finn du ein tabell. Set inn dei formene som manglar for desse norske substantiva: Eintal Ubestemt

Fleirtal Ubestemt

Bestemt

Bestemt

ein film ei saks eit egg

Verb Verb er ein ordklasse der orda kan innehalde mykje informasjon. Ein kan seie noko om når ein gjer noko (tid), kven som gjer noko (person), om kor sikkert det er at noko er gjort (modalitet), ein kan uttrykkje ønskje, kommando, nekting og meir. I norsk seier verba først og fremst noko om tid («ho ligg/låg»). Det finst ei eiga form for kommando – «Stopp!». Ved å kombinere fleire verb i ulike former kan ein uttrykkje ulike grader av sikkerheit («ho var i huset / ho skal ha vore i huset»), ønskje («hadde ho vore i huset, så …). I mange andre språk kan dette kome til uttrykk gjennom bøyingsendingar. 6A.3.2

Person I norsk har alle verb same form uansett kven det er som gjer noko. Ein kan altså ikkje sjå på verbet kven det er som gjer noko. eg går, du går, han/ho går

257

Bøying

vi går, de går, dei går


I andre språk er det annleis. I engelsk har verbet «to be» ein god del former «I am, you are, she is, I was, you were», men i andre verb er det langt færre former («I walk, she walks»). Tysk «gehen» og spansk «caminar», som begge tyder «å gå», har seks former der norsk har éi: ich gehe, du gehst, er/sie geht,

wir gehen, ihr geht, sie gehen

yo camino, tú caminas, él/ella camina

nosotros caminamos, vosotros/as camináis ellos/ellas caminan

Tempus I norsk kan vi merke verba etter om det er noko som skjer no: Ho spelar ar på gitar, og han syng syng.

I det første verbet er notidsendinga -ar hengt bakpå. I det andre verbet – syng – er notida bygd inn i verbforma. Vi kan òg uttrykkje at noko har skjedd tidlegare: Ho spela a på gitar, og han song song.

I det første verbet er fortidsendinga -a hengt bakpå. I det andre verbet – song – er fortida bygd inn i verbforma ved at ein ny vokal er sett inn. På norsk har verb ikkje ei eiga form for hendingar i framtida. Då må vi bruke andre hjelpemiddel. Det kan vere eit hjelpeverb eller andre ord som viser at det som det er snakk om, skal skje i framtida. Ho skal spele gitar, og han skal synge. Dei spelar og syng på Kulturhuset i morgon morgon.

Døma viser at verbforma «spelar» vert brukt både om notid («Ho spelar no») og om framtid («Ho spelar i morgon»). Ja, «spelar» kan av og til brukast om hendingar i fortid («I 1964 spelar Jahn Teigen bass, året etter syng han»). Dette viser at den faktiske tida ei setning viser til og tida slik den kjem til uttrykk i bøying ikkje er den same. For å

258

Kapittel 6

A


vise dette skiljet er det vanleg å bruke «tid» om faktisk tid, og «tempus» om den tida som bøyingsendinga uttrykkjer. Imperativ Når vi skal gi ein kommando på norsk, brukar vi ei spesiell verbform. Vi lagar forma ved å ta bort den siste e-en frå grunnforma av verbet, infinitiven: skrive

→

skriv!

Verb i nynorsk kan òg ende på «-a», og her tar ein bort a-en. lesa

→

les!

I andre språk finst det ei lang rekkje andre språktrekk som kjem fram gjennom bøying. Vi kjem attende til nokre av dei. 6A.3.3 Adjektiv Adjektiv seier noko om kva for eigenskapar eit substantiv har. Adjektivet kan anten stå framfor substantivet eller vere knytt til substantivet ved hjelp av verbet «å vere».

ei fin bok

boka er fin

På begge desse måtane vert adjektivet bøygd. Samsvarsbøying etter kjønn på substantivet Adjektivet får si form frå kjønn på substantivet. I hankjønn og hokjønn får adjektivet inga ending, i inkjekjønn får det -t. (ein bil) (ei bok) (eit hus)

ein fin bil ei fin bok eit fint hus

bilen er fin boka er fin huset er fint

Samsvarsbøying i eintal og fleirtal Adjektivet får si form frå om substantivet er eintal eller fleirtal. Endingane i eintal er vist ovanfor. I fleirtal får alle adjektiv endinga -e. (ein bil) (to bilar)

259

ein fin bil to fine bilar

Bøying

bilen er fin bilane er fine


Samsvarsbøying etter bestemt form Framforstilte adjektiv er styrt av om substantivet har ubestemt eller bestemt form. Dette er synleg berre i eintal. I fleirtal endar adjektivet på -e, altså ei form som er den same som -e i bestemt form. (ein bil)

ein fin bil to fine bilar

den fine bilen dei fine bilane

Gradbøying Det er òg ein tredje måte å bøye på. Den brukar vi når vi skal samanlikne ting Denne bilen er fin. Den bilen er finare are. Bilen der borte er finast ast.

Adjektivforma «finast» kan òg uttrykkje bestemt form: Den bilen der borte er den finaste aste. 6A.3.4 Adverb Det finst fleire undergrupper av adverb. Nokre kan bøyast, andre ikkje.

Gradbøying Adverba seier noko om verbet, og dei vert gradbøygde slik: Eg går fort. Du går fortare are. Han går fortast ast.

Rørsle – ro Vi har òg nokre adverb med to former der den eine viser at noko er i rørsle, medan den andre viser at noko er i ro på ein stad. Ho går inn. Ho er inne e. Ho går inne e.

260

(rørsle frå ein stad til ein annan) (er på ein stad) (i rørsle, men likevel på éin stad)

Kapittel 6

A


Pronomen Pronomen er ord som kan erstatte andre ord. Eg kan til dømes seie «Den jenta er tysk». Då kan du svare «Ja, ho er tysk». I svaret ditt viser «ho» til det same som «den jenta». Seier eg «Anne og Per er greie», kan du leggje til «Ja, dei er greie». Her viser «dei» til Anne og Per. Norsk har fleire pronomen, men ikkje alle er bøygde. Vi ser fort på dei som er det. 6A.3.5

Personlege pronomen Personlege pronomen har to former, ei form når dei står som subjekt, ei anna form når dei står som objekt.

1. person 2. person 3. person

Eintal Subjekt eg du han ho den det

Objekt meg deg han ho/henne henne den det

Fleirtal Subjekt vi/me de/dokker dei

Objekt oss dykk/dokker dei

Pronomena tar form etter kva for rolle dei har i setninger. Når personar gjer noko, kan vi vise til dei ved å seie «eg, du, vi, de» som i «Eg/du/vi/de såg ein hund». Her står pronomenet i subjektsform. Pronomenet kan stå i objektsform, «meg, deg, oss, dykk» som i «Hunden såg meg, deg, oss, dykk». EgSUBJ såg deiOBJ. MegOBJ såg deiSUBJ, men ikkje dykkOBJ.

Fellesnamnet for subjektsform og objektsform er kasus, og kvar kasus har sitt namn. «Nominativ» er kasus for subjekt, «akkusativ» er kasus for objekt. Kasus viser kva for grammatisk rolle eit ord (eller ei gruppe ord) har i ei setning. I skriftlig nynorsk finn vi berre ulike kasusformer blant pronomen. Dei spesielle akkusativformene er merkte med gult i tabellen over. I andre språk finn ein kasusformer i fleire ordklassar: substantiv, adjektiv og pronomen. Det finst også mange språk som ikkje har kasus.

261

Bøying


Determinativ (bestemmarord) Determinativ er ord som står saman med substantiv for å bestemme eller avgrense dei nærmare. Nokre av determinativa vert samsvarsbøygde etter kjønn og tal på substantivet dei er knytte til. Vi deler dei i to grupper, eigedomspronomen (eller eigedomsord) og demonstrativ (eller peikeord). 6A.3.6

Eigedomspronomen

Demonstrativ

bilen min hytta mi huset mitt ­bøkene mine den/denne bilen det/dette huset dei/desse husa 6A.3.7 Ordklassar utan bøying Resten av ordklassane manglar bøying. Det gjeld:

~ Preposisjonar (seier kor ting er)

Sykkelen står bakom garasjen

~ Konjunksjon (bind saman like ledd) Bokmål og nynorsk

~ Subjunksjon (startar ei setning som er del av ei anna setning) Han såg at dei kom

~ Interjeksjon (utropsord) Hei!

OPPGÅVER: 1 Bruk bøyingsformene i norsk som utgangspunkt og lag nye endingar som du kan bruke på ord som du konstruerer sjølv. 2 Lag nye bøyingar i norsk – og helst på område som ikkje har bøying i dag. Du kan til dømes lage former som ein kan bruke når det er to eksemplar til stades, slik at du får eintal – total – fleirtal av substantiv. Kva med imperativformer avhengig av om du snakkar til ein, to eller ­fleire?

262

Kapittel 6

A


6B.1

Meir om bøying I første del av dette kapitelet gjekk vi gjennom bøying i norsk og såg at nokre ordklassar har bøying og andre ikkje. Ein finn òg språk som manglar bøying, til dømes kinesisk der «ein ny bil» er 一辆车 – yī liàng xīn chē og «tre nye bilar» er 三辆车 – sān liàng xīn chē. Den einaste skilna­ den mellom dei to uttrykka er 一 – yī – «ein» og 三 – sān – «tre». Liàng tyder «kjøretøy», xīn «ny». Når vi går frå eintal til fleirtal på norsk, frå «ein ny bil» til «tre nye bilar» i dette høvet, må vi endre «ny» til «nye» og «bil» til «bilar». På norsk er altså både eintal (E) og fleirtal (F) uttrykt tre gonger «einE nyE bilE» og «treF nyeF bilarF». På kinesisk er eintal uttrykt som på norsk – yīE liàngE xīnE chēE medan fleirtal berre er uttrykt eín gong: sānF liànEg xīnE chēE. Det er nesten som om kinesisk­ talande seier at «no har eg sagt fleirtal éin gong, og då får du hugse det!» Fordelen med det norske systemet er at om ein ikkje oppfattar det første ordet («Sa ho ein eller tre?») så veit ein at det er snakk om fleirtal når ein høyrer «bilar». Dersom ein ikkje oppfattar talet på kinesisk (yī? sān?) får ein ingen signal seinare ettersom liàngE xīnE chēE er likt i begge frasene. Dersom ein bøyer det tyske ordet for «bil» – «Auto», får ein eit mønster som er litt meir anna enn kva ein finn i norsk. Substantivet har inga ending i eintal og -s i fleirtal. I tillegg er den bestemte artikkelen frittståande og står framfor substantivet. Det er ulike artiklar i eintal og fleirtal. ein bil ein Auto

bilen das Auto

bilar Autos

bilane die Autos

Tysk er langt meir komplekst enn dette ettersom artikkel og substantiv vert bøygd etter kva rolle substantivfrasen har i setninga. Som subjekt står substantivet i nominativ, slik det er nemnt ovanfor, som objekt står substantivet i akkusativ, som indirekte objekt i dativ, og som eigar i genitiv. (Kasusa kunne altså ha vore ført opp i ein kolonne til venstre i oppstillinga rett ovanfor og slik gitt 16 former.) Artiklane har òg si bøying. Dersom det er sett inn eit adjek­ tiv mellom artikkel og substantiv, vert adjektivet òg bøygd.

B

Bøying


7

268

Trykk


Tenk deg at du finn dette ordet i eit eller anna språk: «­barel». Korleis vil du uttale det? Vil du la den første stavinga vere sterkast slik at det høyrest ut som «BArel», eller vil du la den andre stavinga vere sterkast slik at det høyrest ut som «baREL»? Det som skil dei to orda frå kvarandre er kva for staving som er sterkast, eller med andre ord: kva for staving har trykk. Vi seier at stavingar som står fram som sterkare enn andre stavingar har trykk eller at dei er trykksterke. Stavingar utan trykk er trykksvake. Du kjenner dette fenomenet frå norsk. I verbet «å turne» er den første delen av ordet sterkast – «TURNe», i substantivet «ein turné» er den andre delen sterkast – «­turNÉ». Vi seier gjerne at ordet «turne» har trykk på ­første staving, medan «turné» har trykk på siste. Vi kan skrive mønstera slik «turne» – Xx, «turné» – xX, der <X> tyder sterk staving og <x> tyder svak staving.

269

Trykk


7A.1

Ordtrykk i norsk Det er vanskeleg å seie noko enkelt om trykkplassering i norsk ettersom systemet som ligg under, er komplekst. Ein særs forenkla regel for plassering av trykk i norsk seier at trykket ligg på første staving i opphavlege norske ord. Døme på slike ord er «ikkje, hadde, etter, over, også, berre, dette, andre». I lånord fell trykket ofte på den plassen det hadde då ordet vart lånt inn. Ettersom ord kan få førestavingar og endingar, finn ein òg norske ord med trykk på andre, tredje, fjerde staving talt frå byrjinga av ordet:

Trykk på Første Andre Tredje Siste

Ei staving TO -

To stavingar Tre stavingar BIlen BIlane baNAN baNANen paraPLY -

Fire stavingar RAdarane baNANane opeREre biblioTEK

Ein kan òg starte teljinga bakfrå og seie at «bibliotek, paraply» har trykk på siste staving, medan «romantisk» har trykk på nest siste. 7A.1.2 Kva er trykk? Når ein lyttar til uttalen av det norske namnet «Ole» og det spanske heiaropet «olé», kan ein høyre at orda inneheld ei staving som er sterk og ei som er svak. Den sterke stavinga står først i «Ole» og sist i «olé». Ein lagar stavingar sterkare ved å bruke meir pust når ein snakkar slik at stemma vert sterkare. Ei sterk staving varar òg i lengre tid enn ei svak. I tillegg vil talemelodien i sterke og svake stavingar vere ulik. Det er òg slik at språklydane, særleg vokalane, endrar seg avhengig av om dei står i ei trykksterk eller trykksvak staving. Prøv å seie «TV» – «teve» – og samanlikn dei to e-ane. Den første er lang og mykje meir tydeleg enn den andre, som er kort og meir utydeleg. Når du seier ordet, er det lett å høyre at den første e-en er sterkare enn den andre. En kan illustrere trykkplassering ved hjelp av firkantar som har oransje felt for den sterke stavinga og kvitt for den svake. Då vil dei to måtane som er brukte på ordet «barel» sjå slik ut:

270

Kapittel 7

A


Regel: Sterk staving først

«BArel», liknar på «BOka»

Sterk staving sist

«baREL», liknar på «baNAN»

Tre stavingar Ord med tre stavingar kan ha trykk på tre ulike stader: 1. «BOrekan» 2. «boREkan» 3. «boreKAN»

har same trykkmønster som har same trykkmønster som har same trykkmønster som

«BØkene» «beTAle» «paraPLY»

Vi kan bruke boksane som er nemnde ovanfor og vise den trykksterke stavinga: Regel: Sterk staving først

«BOrekan» («BØkene»)

Sterk staving nummer to

«boREkan» («beTAle»)

Sterk staving sist

«boreKAN» («karaMELL»)

Fire stavingar Vi kan gjere det same med ord som har fire stavingar: Regel: Sterk staving først

«BAderino»

Liknar på: «RAdarane»

Sterk staving nummer to

«baDErino»

«roSInane»

Sterk staving nest sist

«badeRIno»

«paraPLYen»

Sterk staving sist

«baderiNO»

«biblioTEK»

Dersom ein har lengre ord i språket sitt, til dømes med fem stavingar eller seks stavingar, kan ein vise trykk ved hjelp av oversikter som dette.

271

Trykk


Ord der fleire stavingar har trykk (hovudtrykk og bitrykk) Sei dei to følgjande orda høgt: «sjøen, sjøbad». Kan du høyre at det er ein skilnad mellom staving nummer to i orda? I «sjøen» er stavinga «-en» svak, vokalen /e/ er kort (og det er faktisk mogeleg å seie ordet utan å uttale den – «Eg var på sjø’n i går». I «sjøbad» er staving nummer to sterk, vokalen /a/ er lang, og ein kan ikkje sløyfe stavinga. Ordet «sjøbad» viser at ein kan ha fleire stavingar med trykk i eit ord. Her er nokre døme med to trykk i kvart ord: «snøfnugg, togstasjon, eplekart, flypassasjer, matematikklærar». Dei trykksterke stavingane kan gjerast tydelegare slik: «SNØFNUGG, TOGstaSJON, EPleKART, FLYpassaSJER, matemaTIKKLÆRar». Som du ser, er alle desse orda samansette. Det betyr at om ein set saman to (eller fleire) ord til eitt ord, held kvart av orda på trykket sitt når det er del av samansetjinga: «TOG + staSJON» vert «TOGstaSJON». På same måte vert «BOK + HYLLe + ­sySTEM» til «BOKHYLLesySTEM». I norsk finn ein òg suffiks som har trykk: «landskap, dyrebar, leilegheit» – «LANDSKAP, DYReBAR, LEIlegHEIT». I ord med fleire trykk kallar vi det første trykket for «hovudtrykk». Trykka som følgjer etter, er «bitrykk». Hovudtrykket i «togstasjon» fell altså på «tog», medan bitrykket fell på «sjon». Som du ser, har stavinga med hovudtrykk lang eller kort vokal (LATSKAP, LANDSKAP), det same gjeld stavinga med bitrykk (SJØBAD, SJØMANN). I samansette ord vil ein difor finne fleire stavingar med lange vokalar. I norsk finn ein altså ord med eitt eller fleire trykk. Det første trykket i ordet er hovudtrykket, dei som følgjer etter, er bitrykk. Ord kan altså ha fleire bitrykk. Dersom du tar ord med hovudtrykk + bitrykk, som «lammelår, og deler dei opp i to ord – «lamme lår», får du to hovudtrykk og ei heilt anna tyding. Ein må difor vere merksam på skrivemåten ettersom uttalen er forskjellig mellom ord som er skrivne i eitt («lammelår») eller delt («lamme lår»). 7A.1.3

7A.1.4 Tre typar trykk i norsk Gjennomgangen ovanfor viser at vi har tre typar trykk i norsk: hovudtrykk, bitrykk og svaktrykk. Vi kan seie dette på ein annan måte: Stavingar kan ha sterkt trykk eller svakt trykk. Viss dei har sterkt trykk, er det anten hovud-

272

Kapittel 7

A


trykk eller bitrykk. På same måte kan vi snakke om trykksterke og trykksvake stavingar. Vokalen i trykksterke stavingar er anten kort eller lang, medan vokalen i trykksvake stavingar er kort. 7A.1.5 Kor skal trykket vere i ordet? Medan trykksterke stavingar i talespråk er lette å høyre, kan det vere vanskelegare å vite kor trykk skal vere når ein les eit ukjent ord. Det er difor lurt å vise kor trykket skal vere anten ved å bruke ein regel eller ved å markere plasseringa i skrift. I norsk er det ikkje vanleg å markere trykk i skrift. Det finst berre nokre få ord der trykk er vist med eit aksentteikn. Blant desse er «kafé, André». Eit ord som «idé», som har trykk på siste staving, kan òg verte skrive utan trykkmarkering – «ide», det same gjeld «kafé/kafe».

OPPGÅVER: 1 Finn stavingar med trykk i desse orda: elevråd, klasserom, skrivebord, gymtime, femteklassing, romanforfattar, instagram, presidentval, stortingsval. 2 Del kvart av desse orda i to ord og lytt til skilnaden i uttale mellom «­ ananasbit» og «­ ananas bit» og så bortetter: «Ananasbit, krumkake, g ­ammalost, kokebok, kyllinglever».

273

Trykk


8

280

Frasar


Ein frase er ei gruppe ord som er sette saman til ei større eining. Dersom ein har eit ord som «bok» og vil seie at ho er «ny», kan ein lage samansetjinga «ny bok». Desse to orda høyrer no saman, og vi kallar denne eininga for ein frase. Frasar kan ha fleire ulike former som «ei ny bok» eller «den nye boka». I desse frasene er det eit ord som er viktigast. Det ser ein i desse setningane: Det er ei ny bok. Det er ei ny.

I den første setninga veit ein kva det er snakk om, ei bok. I den andre setninga er ein usikker på kva det er som er «ny». Ein hest, ein bil, ein sofa? Ein er usikker her sidan det viktigaste ordet i frasen er borte. Dette viktigaste ordet i frasen kallar vi for kjernen. Det andre ordet, eller dei andre orda, seier noko om kjernen. I ein frase kan det vere eit tal som «to» eller eit adjektiv som «nye» eller begge to: Eg såg to nye bøker.

Orda «to, nye» seier noko om kjernen, dei modifiserer kjernen, og ein seier gjerne at slike ord fungerer som modifikatorar, det vil seie ledd som gir frasen ei meir presis tyding. Frasane har namn etter kva for ordklasse kjernen høyrer til. Når eit substantiv er kjerne, snakkar ein om ei substantivfrase. Her er fleire frasar (lærebøker i grammatikk kan bruke litt andre namn): Substantivfrase Adjektivfrase Adverbfrase Preposisjonsfrase Verbfrase

substantiv som kjerne adjektiv som kjerne adverb som kjerne preposisjon som kjerne verb som kjerne

det fine huset veldig stor veldig fort under bordet drikk vatn

Som du ser, kan ein på norsk finne kjernen både først og sist i frasen avhengig av kva slags frase det er.

281

Frasar


Kjernen er det viktigaste ordet i frasen. Du kan ta bort dei andre orda i frasen, men kjernen må stå att. Eg såg det raude, fine huset huset. Eg såg det raude huset huset. Eg såg det huset. huset Eg såg huset. huset

Sidan kjernen i «det raude, fine huset» er eit substantiv, kallar vi heile frasen for ein substantivfrase. Den same tenkjemåten gjeld dei andre frasetypane.

282

Kapittel 8

A


8B.1

Å konstruere frasar Det er to ting ein må merke seg når ein skal lage frasar: Rekkjefølgja til orda i frasen Kva skal stå først, kjernen eller ordet/orda som seier noko om kjernen? Dersom det står eit adjektiv til substantivet, skal det då vere ny bok (slik er det i norsk) eller bok ny (slik er det i spansk – «libro nuevo».)

Merking av orda i frasen Skal du merke alle orda i frasen på ein måte som viser at dei høyrer saman? Viss inkjekjønnsord i norsk er del av ein frase, vil dei andre orda i frasen få eit merke slik at ein ser at dei høyrer til frasen. Viss eit hus har raud farge, seier vi at det er «eit raudt hus». Her ser vi merket, som er ein «-t». Denne t-en kjem frå ordet «hus» som er inkjekjønn. Ordet krev difor artikkelen «eit» og ein «-t» i enden av adjektivet. I fleirtal i norsk er merket ein «-e». Dersom vi har fleire adjektiv etter kvarandre, får alle same merket: Inkjekjønn eit raudt hus eit fint, raudt hus eit gammalt, fint, raudt hus

Fleirtal to raude hus to fine, raude hus to gamle, fine, raude hus

I norsk set ikkje substantiv av hankjønn og hokjønn merke på adjektiva: ein raud bil ei raud vogn

I norsk set fleirtal merke på adjektiva: to raude bilar tre raude vogner fire raude hus

B

Frasar


9

290

Setningar


Setninga er ei viktig språkleg eining. Ein nyttar setningar når ein skal seie noko om ein person, ei sak, ein ting og så bortetter. Setningar kan sjå slik ut: Han søv. Dei snakkar. Eg har vore heime heile dagen.

Ei setning har ulike delar, det ein kallar setningsledd. I den første setninga – «Han søv» – er det eit ord som seier kven det er som gjer noko (han), og eit ord som seier kva han gjer (søv). Dette er to ledd. Det eine viser kven som gjer noko – «han», det andre viser kva han gjer – «søv». Vi kallar desse to ledda subjekt og verbal. I ei norsk setning må desse to ledda vere med. Her er det eitt unnatak, såkalla bydesetningar, det vil seie setningar der verbet står i bydeform (imperativ). Desse uttrykkjer til dømes oppmodingar som «Gå!» eller «Kom!».

291

Setningar


9A.1

Subjekt og verbal Subjekt og verbal er nødvendige delar av norske ­setningar. Eg snakkar Vi snakkar

I nokre språk er ikkje det naudsynt å ha med subjektet fordi verbalet viser kven som er subjekt, som i spansk: Yo hablo Eg snakkar Nosotros hablamos Vi snakkar

Dersom vi stryk subjekta i dei norske setningane, vert resultatet slik: Eg snakkar Vi snakkar

Vi ser at når vi stryk subjektet, vert det som er igjen på norsk heilt likt, og det er ikkje mogeleg å skilje mellom det som er att av setningane. Slik er det ikkje på spansk. Yo hablo Nosotros hablamos

Dette viser at ein på spansk ikkje treng å seie «yo» – «eg» eller «nosotros» – «vi». Når ein ser orda hablo, hablamos viser endingane -o og -amos at det er snakk om «eg» og «vi». Medan det på spansk ikkje er naudsynt å seie «eg» og «vi», må ein seie desse orda på norsk sidan vi ikkje kan skilje mellom subjekta ut frå verbforma «snakkar».

292

Kapittel 9

A


9A.2

Andre setningsledd I tillegg til subjekt og verbal kan ei setning innehalde eit eller fleire av setningsledda nedanfor. Det er viktig å vite at setningsledd ikkje er det same som ordklassar. Direkte objekt Det som handlinga går ut over eller det som ­handlinga rettar seg mot. Ho vaska sykkelen.

Indirekte objekt Den som har nytte eller føremon av handlinga. Ho gav meg boka.

Adverbial Adverbiala fortel om omstende rundt den handlinga som verbalet fortel om. Vi kan skilje mellom to typar, setningsadverbial og omstendeadverbial. Setningsadverbial Desse seier noko om innhaldet i heile setninga. Ho vaska ikkje sykkelen. Dei kjem kanskje i kveld.

Tidsadverbial

Omstendeadverbial Når skjedde det? Ho vaska sykkelen i går.

Stadadverbial

Kvar skjedde det? Ho vaska sykkelen i garasjen.

Måteadverbial

Korleis vart det gjort? Ho vaska sykkelen grundig.

293

Setningar


10

328

Ord i språket ditt


> Eksempelet er henta frå https://seligon.conlang. org/world/Conlang_Samples

Når du går i gang med å lage språket, er det lurt å skrive ned orda du lagar i ei ordliste. Her er ein tekst på Shīndhrūn Nūrthāpya – «Skogspråket». Med utgangspunkt i denne teksten skal vi no sjå på korleis vi kan alfabetisere teksten og føre inn tyding for kvart ord. Syēdi ronādyas thāyanyēpī nūrthāpya, ropēshanyētī dharmūtūva, veshratūn yīmishādhya, syēdi ronādyas tam yīmotūva rokhōnomō melepī syēnodhrā tabhya, nadhamēbhumō shīndhrū syēnūva tabhya, syēdi ronādyas rosharbathomō roshvāyo syēnūva tabhya, nabhya rōshomō nā tau ro pēshyenabhrū.

Første trinn er å presentere orda i kolonnar. Her kan du bruke Word, markere alle orda, søke etter mellomrom og erstatte dei med avsnittsmerke. I dette tilfellet får du ein kolonne med 32 ord. syēdi ronādyas . ro pēshyenabhrū

Be eit KI-verktøy om å ta bort alle likelydande ord. Etter det sit du igjen med 26 ord. Berre ord med liten forbokstav skal inn i denne ordlista. «Syēdi» og «syēdi» er same ordet. Pass på at namn (og eventuelle andre ord) har stor forbokstav viss dei er skrivne slik i ditt språk. Kolonnen kan du lime inn i ein tabell som du lagar i Word. Venstre kolonne inneheld ordet, høgre kolonne viser tydinga for kvart ord. Merk tabellen og be Word om å sortere orda alfabetisk (Tabell > Sorter > Etter avsnitt > Stigande). Seinare, når du får nye ord, legg du dei til sist i tabellen. Deretter kan du alfabetisere heile tabellen på nytt.

329

Ord i språket ditt


> https://eanaeltu. learnnavi.org/dicts/ NaviDictionary.pdf

Ordlista du får, er enkel, sidan den berre inneheld dei originale orda og den norske tydinga. Ved å bruke fleire kolonnar kan du vise bøyingsmønster (eller kode for bøyingsmønster), ordklasse og uttale. Eit døme frå ei ordliste over det konstruerte språket na’vi viser korleis ei meir avansert oppføring kan sjå ut: ’eveng: [ˈʔɛ.vɛŋ] PF n. Child.

Først kjem den skriftlege forma av ordet. Inni hakeparentesane [ ] finn du uttalen av ordet. PF er initialane til Paul Frommer som har laga ordet, n. tyder «noun» (altså substantiv) og «child» er tydinga av ordet på engelsk.

330

Kapittel 10


10A.1

Kva for ord skal du ha med? Dette er sjølvsagt avhengig av kva du skal bruke språket ditt til. Nokre ord er naudsynte nesten uansett kva du skal gjere. Språkvitaren Morris Swadesh har laga ei liste på 200 ord som han meiner er grunnleggande uansett kva ein vil snakke om. Du finn lista nedanfor sortert etter ordklassar. PRONOMEN eg du han ho vi de dei denne, dette den, det UBESTEMTE PRONOMEN alle mange mykje nokre få annan, anna, andre ADVERB her der

TAL ein to tre fire fem SUBSTANTIV – personar kvinne mann menneske folk barn jente gut kone mann mor far ven namn

kjøtt dyr fugl hund fisk

SPØRJEPRONOMEN kven kva kor når korleis kva for ein/ei/ eit/nokre

331

SUBSTANTIV – kroppsdelar rygg mage blod bryst øyre auge fot hår hand hovud hjarte kne bein lår munn nakke hals nase hud tunge tann

bok ting

Ord i språket ditt


SUBSTANTIV – omgjevnader, tid by land sky blome skog frukt gras is innsjø måne fjell elv veg hav himmel snø stjerne stein sol tre vatn vind dag natt time år SUBSTANTIV – retning venstre høgre ADVERB alltid aldri først etterpå i dag

332

ADJEKTIV glad trist tung lett lang kort ny gammal rett gal tjukk tynn dårleg god stor liten kald varm tørr våt tom full ADVERB – gradering ganske veldig ADVERB ikkje òg

PREPOSISJONAR hos i med under utan over på til mellom frå SVARORD OG HELSINGAR ja nei takk hei ha det KONJUNKSJON og eller for men SUBJUNKSJON viss fordi

DETERMINATIV same FARGER svart grøn raud kvit gul

Kapittel 10

A


VERB vere kunne heite skulle byrje puste brenne kome telje døy gjere drikke ete falle finne flyge

fryse gi ha høyre slå halde vite le liggje like leve leike dra trekkje dytte leggje rekne

lese seie sjå synge sitje sove stå tenkje kaste binde forstå gå vaske tørke ønskje

Når du utviklar språket ditt og plasserer det inn i ei verd, vil du trenge ord for å uttrykkje livet i denne ­verda. Medan orda ovanfor er sorterte etter ordklassar, kan du setje opp ei liste over samfunnsområde som du vil ha med i kulturen der språket ditt vert brukt. Viss dei til dømes er krigarar, fiskarar eller astronautar, må du tenkje etter kva slags stader, ting og aktivitetar som er viktige i livet deira.

333

Ord i språket ditt


Boka er gitt ut med støtte frå Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo, Longafondet, Norsk kulturråd og Lærebokordninga for høgare utdanning. Grafisk form: Silje Nes [Stipla] Illustrasjon: Zarina Mingazova Font: HAL Timezone, HAL Timezone Mono Støttefontar: Adobe Arabic, Apple Symbols, Brill, Charis, GamtanRoad Batang, Hiragina Mincho, Noto Sans Yi, Nyala, PingFang HK, Prosjekt Antikva Times New Roman og Reiner Script Papir: Munken Print Cream 80 g Trykk og innbinding: Balto Print © SKALD 2026 www.skald.no ISBN: 978-82-7959-356-0


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Skap eit språk by Skald forlag - Issuu