Skip to main content

Ulyzes. Frå skissebøkene

Page 1

ODDVAR

ODDVAR

TORSHEIM I S A M TA L E M E D JON FOSSE

TORSHEIM

I S B N 978-82-7959-226 - 6

FRÅ

SKISSEBØKENE


Sitat: Nei, heller ikkje eg har lese Ulysses! 9/2 14. FrĂĽ skissebok nr. 336


5


11


INNHALD P RO L O G 23 I FØRS TE MOSEBOK

29

S PA S E R T U R I H E LV E T E

55

II DEN TR ANGE VEG

113

KUNST GÅR IKKJE FORT

149

III KJEM IKKJE EGGET SNART?

201

D O U B L E FA N TA S Y

249

Å N D E- S T R A U M A R 291 APPENDIX K ATA LO G OV E R OV E RLE VA ND E 333

17


SPASERTUR I HELVETE

55


Eg var på spasertur i helvete i årevis, eg vassa og i eigen hjernemasse, det var rart det! Også det år etter år! Mann i glas-klokke Frå unummerert skissebok, datert 9.5.97


FrĂĽ ein av mine spaserturar i Helvete

57


FrĂĽ skissebok nr. 300, datert 20.12.2010


61


Dødsdans / Innhenta. Frü skissebok 311, datert 2011


63


FrĂĽ skissebok nr. 002


1 61


FrĂĽ unummerert skissebok, datert september 1990


Eg kunne kanskje greie ei kelnerrolle.

1 73


DEI FØLGJANDE SAMTAL ANE MELLOM ODDVAR TORSHEIM OG JON FOSSE FANN STAD I WIEN OG HAINBURG I JUNI 2019.

FØREMIDDAGEN 8. JUNI. TO SVARTKLEDDE MENN MED K VAR SI SKULDERVESKE SIT PÅ UTESERVERINGA TIL EIN CAFÉ I WIEN. JON FOSSE DRIKK K AFFI OG ODDVAR TORSHEIM DRIKK MJØLK.

21


JF

Eg har lese Ulysses.

OT

Å, den første eg har treft!

Eg studerte Odysseen. Eg studerte jo litteratur, og det var pensum: Homer. Det var jo der litteraturen begynte, i Vesten i alle fall, med Odysseen og Iliaden. Og så skreiv Joyce sin Ulysses, og den har eg og baska med i mange år, og for så vidt hatt glede av det. JF

OT Eg spurde ein fyr kva han skreiv om. Han skreiv om alt, sa han, i den boka.

Ja, det er jo det han gjer. Og eigentleg har ikkje eg sansen for den typen litteratur, men akkurat Ulysses er så ekstrem, og han finn så mange måtar å gjera det på at det er ein slags katalog over skrivemåtar. JF

OT Men ein seier at viss Dublin vart utsletta, så kunne ein byggje det opp igjen etter den boka? JF Ja, den er veldig nøyaktig. Det er jo ein slags engelskspråkleg modernisme, ein ekstrem realisme. Norsklektoren min på gymnaset, Håkon Svarstad, han var jo konservativ, men veldig raus samstundes – han sa at alle vonde ting hadde z eller x og sånne unorske bokstavar i seg, han tenkte på marxisme og nazisme og så vidare. OT

Ja, far min var jo målmann, han likte ikkje sånt heller.

JF Men der i den tittelen din, så synest eg det er heilt på sin plass. OT

Ja, eg har begynt å høyre på andre no.

JF

Ja, eg òg har begynt å høyra på andre.


JF

Berre at vi sit her, det er ein illusjon, meiner no eg.

OT Det er derfor det blir så hysterisk i Noreg når det kjem sjamanar, det har blitt gløymt. Der er litt for mykje materialisme. JF Ja, det er no den historia. Det var ein eller annan som sa, livet er ein draum som du vaknar frå når du døyr. Det er jo òg ein måte å sjå det på, eller tenkja det på i alle fall.

Endeleg så vaknar ein. Det er litt for kort òg. No er eg 80, men tusan meg altså, bortkasta tid, mykje. OT

JF

Ja, kanskje er livet bortkasta tid, det meste.

OT

Men det er mykje dilldall som kan bli stor kunst òg.

JF Men det er mykje fint òg. Det er mykje godt. Det er mange gode folk, og god kunst, god mat. OT

Folk er betre enn sitt rykte, ofte.

JF

Ja, faktisk. Folk flest er bra folk.

OT Og skurkar, om det var litt betre miljø, så var dei ikkje skurkar kanskje? JF Dei fleste er ikkje så galne, men vondskapen finst òg, og det finst vonde menneske. Eg meiner det, altså. Ikkje berre vonde, men med ganske mykje vondskap. OT

Kronisk vonde.

JF

Og så finst der folk som er utan vondskap òg.

OT

Ja. Snille.

Ja. Sjølvsagt kan dei bli sinte eller tverre, men dei har ikkje vondskap i seg. Eg har lite vondskap i meg sjølv altså, det veit eg. JF

OT

Ja, men då er du heldig.

JF

Meiner du at du har vondskap i deg?

OT

Eg er styggen sjølv, du, men eg held maska.

JF

Nei, eg trur du er stygg med deg sjølv no, Oddvar.

OT Ja, men det har eg alltid vore, noko skal ein ha for å ha litt kreativitet. Det er plagene som er kreativitet. JF Ja, det er klart det, om ikkje du er plaga så blir du aldri kunstnar. OT

Nei, det er sant! Ja. Kanskje eg blir noko eg òg til slutt.

35


FrĂĽ unummerert skissebok


FrĂĽ skissebok nr. 316, datert mai 2012

193


FrĂĽ skissebok nr. 133, datert september 2003


Double Fantasy

251


FrĂĽ skissebok nr. 129


Fata Morgana

2 73


FrĂĽ unummerert skissebok, datert juli 1990


Skal vi danse Astrid

287


FrĂĽ unummerert skissebok, datert august 1990


Den vonde sirkel

293


295


Mann m/ bein i nasa, og mange bein å stå på. Mann m/ fæle lydar. Noko falma ­b lomsterbarn. Mann ved hengebjörk. Mann m/ ­s lange/leikety/pytonleike. Mann m/ 2 sladdar. Muskelmann Rasmus Rambo. Sittande faun. Mann m/ eiga tvinge. Mann m/ eigen foss. Mann m/  huva i handa.

337


Hippi

338


Jon Fosse og Oddvar Torsheim, juni 2019


3 81


Foto s. 4–5 og 6–7: Oddleiv Apneseth s. 380–381: Silje Nes Boka er utgitt med støtte frå Norsk kulturfond © Opphavsrett Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverkslova eller i strid med avtalar om kopiering som er gjorde med KOPINOR (­I nteresseorganisasjon for rettshavarar til åndsverk). Kunstverk må ikkje reproduserast utan løyve frå kunstnaren v/ BONO (Billedkunst Opphavsrett i Norge). Biletredaksjon: Silje Nes Lydopptak, tekstredigering: Silje Nes Repro: Silje Nes & Asako Fujimoto Formgjeving: Silje Nes • Stipla Font: Plantin & Apercu Papir: Munken Lynx 130 g Trykk: Livonia, Riga © SKALD 2019 www.skald.no ISBN 978-82-7959-226-6


ODDVAR

ODDVAR

TORSHEIM I S A M TA L E M E D JON FOSSE

TORSHEIM

I S B N 978-82-7959-226 - 6

FRÅ

SKISSEBØKENE


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Ulyzes. Frå skissebøkene by Skald forlag - Issuu