Skip to main content

Skibygda Voss

Page 1

skibygda voss alpint

Kjell ERIK Herheim Nils TORBJĂ˜RN Kvamsdal 3


innhald Frå fortid til framtid

9

Alpint

27

Langrenn

69

Hopp

83

Skiskyting

121

Freestyle

143

Dei som nådde lengst Jon Istad

158

Odd Lirhus

163

Eirik Kvalfoss

166

Gisle Fenne

168

Anne Elisabeth Elvebakk Linn

171

Hans Engelsen Eide

174

Sverre Geir Istad

178

Kristen Skjeldal

181

Jan Einar Thorsen

184

Astrid Lødemel

187

Hilde Synnøve Lid

189

Kari Traa

191

Egil Gjelland

194

Gro Marit Istad Kristiansen

196

Lars Bystøl

199

Jori Mørkve

202

Kjelder

204


høgdepunkta, men han var også ein så god spesialhoppar at han hevda seg mellom dei beste i landet. Men det skulle gå endå 30 år før nevøen Lars sveva ned til OL-gull i Torino … Bavallen har vorte ombygd ei rekkje gonger. Frå skiflygingsbakke til storbakke til normalbakke. Også framfor NM i nordiske greiner 2012 vart bakken bygd om. Kombinertløparen Jan Schmid sette bakkerekord i den nyforma bakken med 107 meter. På 90-talet vart det plasthopping i Framnesbakken ved Oppheim, og dermed vart ein ny standard sett for hopparane si heilårstrening. Så får tida syna om myrkdøler eller andre får fram ein ny olympiavinnar.

vidt subbar bakken i jakta på lengder opp mot 250 meter, sveva hopparane i dei gamle bakkane gjerne både 10 og 15 meter over bakken «på det verste». Bjarne Nedkvitne var eit viktig namn i det lokale hoppmiljøet etter krigen. Han skulle ha vore aller første hoppar utfor den nye Bavallsbakken i 1953, fordi han sat så stødig i ovarennet at han var den perfekte til å køyra spor. Men ein litt engsteleg hoppkamerat som ikkje «vaoga å sitja att åleina» på toppen, lurte Bjarne for den æra. Andre lokale hoppnamn frå desse åra er brørne Birger og Reidar Johansen, Steffen Kvarekvål, Nils Breistein og Alfred Stabæk. Stabæk vart gjerne rekna som den aller beste hopparen på desse kantar. Sjølv strekte Bjarne Nedkvitne seg til 87 meter i Bavallen. Det er framleis ikkje svært mange vossingar som har hoppa lengre i den bakken. Men det var først og fremst som eldsjel og som funk­ sjonær i tallause store som små hopprenn Nedkvitne la ned ein stor innsats. Han var sjølvsagt med og bygde Bavallsbakken i 1952, og han var med då bakken skulle byggjast om i 1957. Framover på 50- og 60-talet vart det ei lang rekkje nasjonale og internasjonale storrenn i Bavallen. Finnar, svenskar, vesttyskarar, polakkar, austerrikarar, amerikanarar, franskmenn og jamvel japanarar gjesta bakken meir eller mindre årvisst, saman med våre eigne beste. Både i -55, -64 og -67 var bakken arena under NM i nordiske greiner, slik den også var det i 2012. Heilt attende til «Holmenkollrenni» i Sonvesbakken 1933 var det, i fylgje lokalavisa Hordaland, «4 tyskarar, 1 hollendar, 1 japanar, 1 engelskmann og nokre finnar og svenskar» med. Same året deltok også ei lokal jente for første gong i konkurranse. Det skjedde i Vossarennet. Eldbjørg Sørestrand frå Myrkdalen «hoppa i god stil 2 hopp på 19 m., men laut diverre yverende i yvergangen båe gongene». Likevel fekk ho ein «umfram­ premi», gjeven av ein imponert og oppglødd privatmann. Trass i at ein finn hoppbakkar i nesten alle delar av bygda, har vossingane hatt vanskar med å hevda seg heilt i eliten i hopp og kombinert. På 70-talet dukka myrkdølen Arne Bystøl opp. Som kombinertløpar var han mellom dei aller beste både nasjonalt og internasjonalt, med 5. plassen frå VM i 1974 og 22. plassen frå OL- i Innsbruck 1976 som dei internasjonale

var eit sesongmessig høgdepunkt for fleire generasjonar av langrennsløparar, skihopparar og kombinertløparar, ikkje berre på Voss, men over store deler av Vestlandet. Det aller første «Vestlandske skistevne» vart skipa til 12. februar 1893. Året før hadde det vore eit «præmieskirend» arrangert av «interesserte fra Bergen og Voss». «Tanken var, at man skulde forsøge at faa i stand et aarlig Rend for det Vestenfjeldske i Lighed med hva Holmenkollrendet er for Østlandet», skreiv redaktøren av lokalavisa Hordaland. Rett etter rennet i 1893 vart Voss Skilag skipa, og om lag på same tid såg også Bergen Skilag dagens ljos. Her har ein eit døme på at aktiviteten kom først, og organiseringa av lag etterpå. Frå no av var det to idrettslag som stod som arrangørar av Vestlandske skistevne. Visst hadde både vossingar og andre både gått og hoppa på ski før, men premieskirennet i 1892 er første gongen me veit om at løparar og hopparar kom reisande utanfrå for å delta i konkurransar på Voss. Hoppbakken som vart nytta var Gjerdebakken. Rennet i 1894 måtte avlysast grunna dårleg helgevêr vinteren i gjennom, men rennet i 1895 vart derimot svært så vellukka. Olaf Ullestad vart den aller første kombinertvinnaren, medan Jens Konow vann klasse 2 i «bare langrenn». Haakon Mathisen sigra i klasse 3 og Nils Brække i klasse 4. I året 1900 vart det for første gongen konkurrert i både kombinert, hopp og langrenn. Det er tydeleg at Vestlandske skistemna raskt vart lagt

Vestlandske skistemna

16


f r å fo r ti d til f r amti d

Stafettstart på Oppheimsisen kring 1935.

Grøttumsbråten, kom til renna i 1920. Her utkjempa han to drabelege oppgjer med den lokale langrennskjempa Johannes Gullbrå, og utfallet vart at Grøttumsbråten vann tremila, medan Gullbrå tok sigeren på 17 km. Dette var fire år før Grøttumsbråten tok sine tre første av i alt ni individuelle OL- og VM-medaljar i langrenn og kombinert. I 1917 gjekk Voss Turn & Idrettslag og Voss Skilag saman om å skipa Voss skikrins, og dermed vart det også årlege krins­renn. Framover på 1920- og 30-talet hadde Voss og nabo­bygdene ei rekkje langrenns- og kombinertløparar som sette spor etter seg. Johan Gullbrå var det store esset, men også namn som Olav Tvilde, Brynjulf Dolve – som seinare starta eigen skifabrikk – Nils Rogne, Ivar Dolve, Anders Gullbrå, Nils Gjerme, Lars Møen, Olav Væhle, Olav og Martin Finne, Eirik, Lars og Olav Nestås, Ingvald Lavik og fleire vart hugsa lenge for sine presta­ sjonar i sporet. I 1937 starta Idrettslaget Ørnar eit 30 km langt turrenn som skulle verta mellom dei mest populære på Vestlandet. I dei snørike vintrane var mål ved Voss jordbruksskule, men elles var målgangen på Lemme, ovanfor Kyte. På det meste hadde Ørnarrennet bortimot 1000 deltakarar, men dei mange milde vintrane før og etter tusenårsskiftet – med avlysningar – heldt på å ta knekken på rennet. Likevel har arrangørane helde ut og interessa har teke seg litt opp att. Andre verdskrigen la den organiserte idretten daud, og etter krigen synte det seg vanskeleg for lokale langrennsløparar

Anders K. Midttun tok premiesamlinga si med til fotograf Mimi Jansen sitt atelier, og fekk samlinga dandert på Mimi sin sofa.

merke til langt utanfor kommune- og fylkesgrensene, for alt i 1901 vart det sett opp kongepokal. Den vart sett opp i høg­ statusdisiplinen kombinert, og det var her vossingen Knut Tvilde tok den første av det som pr. 2012 er vorte til 43 kongepokalar til idrettsutøvarar frå Voss. Eit anna døme på statusen denne vestlandske utgåva av Holmenkollrenna oppnådde er at sjølvaste Grøttumen, Johan

17


1

2

Holmenkollen Kandahar 1952 1: Med sin allsidige idrettsbakgrunn, ikkje minst frå turn, var Alf Opheim ein stilsikker og elegant alpinist. På veg ned slalåmløypa i Bavallen under Holmenkollen Kandahar 1952. Alf vart nr. 4 i rennet. 2: Utforløypa i 1952 hadde målområde på Grevle. 3: Gunnar Hjeltnes var ein av våre beste alpinistar på 40- og byrjinga av 50-talet. Hadde han ikkje skadd ankelen vinteren 1951, hadde han vore eit sikkert medlem av det norske alpinlaget under OL i Oslo 1952. Biletet er teke i målområdet på Grevle etter eit renn der Gunnar ikkje var mellom dei tre beste.

28


3 alpint

29


1

60


alpint

2

3

1: Dei kongelege har gjesta skibygda Voss mange gonger. Kron­prinsesse Sonja organiserer resten av familien for ein fotoseanse, medan prins Haakon Magnus sjekkar at alt går rett føre seg. 2: Kronprins Harald og kronprinsesse Sonja gjekk midt inne i folkemassane på veg til storslalåmrennet i 1974. 3: Leif Einar Nilsen frå Voss Skiskule fekk vera prinsesse Märtha Louise sin personlege skitrenar i alpinbakken (Foto nr. 1. og 3. er tekne under verdscupen i 1977).

61


1

92


HOPP

2

3

Sportsklubben «Brann» sitt 50-års jubileumsrenn

Landsrenn Det Vestlandske Skistevne, Sundag 9. Mars 1958 (Medarrangør: Voss IL) 1: Erling Kroken frå Stabæk skriv autografar. Legg merke til sigaretten. Det var ikkje uvanleg at hopparar røykte både mellom

omgangane og før og etter rennet. 2: Agnar Mundal, Fjærland. 3: Broren Gudmund Mundal har budd det meste av sitt vaksne liv på Voss, men hoppa i 1958 for Gular i Bergen.

93


1

2

NM Skulestadmo 1963

3

1: Jon Istad frå HV10 vart norsk meister i skiskyting 1963. 2: Start- og målområdet både for NM skiskyting 1963 og

NM i langrenn året etter var på bakkane mellom Voss jordbruksskule og Strandavegen. Her går den norske meisteren Jon Istad i mål. 3: Eirik P. Lid var 44 år då han deltok i NM på heimebane. Eirik var aktiv både som løpar og som leiar i dei første åra etter at skiskytinga kom til Voss. Eirik P. Lid døydde i 1979, berre 60 år gammal. 4: Magnar Ingebrigtsli representerte HV12 som skiskyttar. Han vart norsk meister i 1961, og på Voss to år etter tok han bronsemedaljen. I 1964 var Ingebrigtsli attende på Voss og deltok i NM langrenn. Han gjekk både 15 km og 30 km og representerte Kongens garde.

122


4 SKISKYTING

123


1

148


f r eestyle

2

Verdscup i Bavallen 1991 kulekøyring og hopp 1: Rundt 1990 var Hans Engelsen Eide og Stine Lise Hattestad våre to fremste utøvarar. Hans tok andreplassen i mennene si

kulekøyring i verdscupen på Voss, medan Stine Lise fekk bronse i kvinneklassen. 2: Hilde Synnøve Lid tok bronsen i freestylarane si verdscuptevling i hopp på Slettafjellet i 1991. Elfie Sichen frå Tyskland vann, medan australske Kirstie Marshall tok sølvet.

149


JON ISTAD Då Jon Istad døydde natt til 17. mai 2012, var det ikkje berre ein av skiskyttar-Noreg sine pionerar og største namn gjennom alle tider som gjekk bort. Det var òg eit stort, men stillfarande medmenneske. – Eg trur ikkje Jon fornærma eit anna menneske nokon gong, seier Anna Waage Istad, Jon sin sambuar gjennom dei siste 20 åra og ektemake dei to siste månadene. Hadde han levt drygt to månader til, hadde han runda 75 år. Viss nokon kan seiast å vera fødd konkurransemenneske, må det vera Jon Istad. Historia veit å fortelja at systera måtte stå med ei stor vekkjarklokke og «ta tida» medan fireåringen Jon sprang rundt husa heime på Istad. Og lysten til å konkurrera, først og fremst mot seg sjølv, sleppte aldri taket. Sjølv

etter at karrieren fekk ein brå slutt då tømraren Jon datt ned og øydela eine foten permanent under husbygging i 1969, sleit han seg gjennom treningsøkter dei fleste funksjonsfriske idretts­ utøvarar hadde kvidd seg for. – Eg hugsar han arbeidde med eit hus på Bordalen. Då sprang han både til og frå jobb, fortel den ni år yngre broren Olav. Anten ein legg ruta langs bilvegen, eller tek til skogs, er det ei dryg arbeidsreis til fots. Jon representerte Voss Skyttarlag, og det var som skyttar han først gjorde seg gjeldande. Som skiskyttar representerte han HV 10 – ei grei ordning, ettersom Heimevernet betalte for reiser og opphald under konkurransane. – Skytinga var den gongen ein sommaraktivitet, og Jon

Jon Istad og den enorme premiesamlinga hans. Biletet vart teke i 1973, og skulle brukast i samband med Voss Skyttarlag sitt 100-års­ jubileum året etter.

158


d ei som n å d d e lengst

hadde eiga skytebane her nede på myrane på Istad. Der låg han og skaut over tjørna, fortel bror Olav. Jon vann Aftenpostens fat, som går til beste skyttar under 20 år, under Landsskyttarstemnet i Bergen 1957. To år seinare tok han steget heilt til topps. Som ein av dei aller yngste gjennom tidene vart 22-åringen skyttarkonge på Kongsberg i 1959. – Eg meiner han skaut 93 poeng i omgangen og fekk 325 poeng totalt, mimrar Olav. Det høyrest kanskje ikkje ut som all verda for generasjonane som har vokse opp med presisjons­ våpenet Sauer og høgteknologisk ammunisjon, men med den gode, gamle Kragh Jørgensen-rifla var det ein kjempeprestasjon. I 1968 vart Jon skyttarprins, nummer to i kongelaget. Året etter vann han finalen i Nationens Landsskyting. Trass i dei store prestasjonane på skytebanen, er det skiskyttaren Jon Istad me hugsar best. Alt i 1962 var han på det norske stafettlaget som tok bronse i VM. Ein prestasjon han gjentok året etter. Det var VM i Garmisch-Partenkirchen i 1966 som vart Jon sin store meisterskap. Året før hadde Olav Jordet vorte Noreg sin første verdsmeister i skiskyting, og no vart Jon vår andre verdsmeister. I tillegg var han på stafettlaget som tok gull. Ski­ skyttarane gjekk berre to distansar på den tida: individuell 20 km med grovkaliber skyting og stafett. Skytinga var først tre gonger liggjande – på 250, 200 og 150 meter, før løparane av­ slutta med ei ståandeskyting på 100 meter, alt med grovkaliber. Tilleggstida var gradert etter kor langt ute bommen sat. Med fintolking av alle blinkane og eventuelle protestar og motpro­ testar kunne det gå timesvis frå siste løpar gjekk i mål til den endelege resultatlista var klar. Nokon fjernsynsvenleg idrett var det ikkje akkurat. – Trikset var å hugsa å stilla siktet mellom skytingane, seier Dag Midthun. Sjølv ein god skiskyttar, og ikkje minst skyttar, på denne tida. – Det var grauttjukk skodde då Jon tok sitt VM-gull på 20 kilometer, og eg trur ein viktig grunn til sigeren var at han var smart nok til å fjerna det vanlege framsiktet med ring og stolpe og erstatta det med berre ein grovare stolpe. Dermed skimta han meir av skivene der framme i skodda enn dei andre løparane gjorde.

Året etter gjekk VM i Altenberg, DDR, og Jon Istad tok sitt andre VM-gull i stafett. Og ikkje berre vann det norske stafett­ laget: under særdeles vanskelege forhold var dei heilt suverene, og slo sølvvinnar Sovjetunionen med 10 minutt og 30 sekund! Individuelt vart det bronsemedalje på Jon, etter sovjetaren Viktor Mamatov og polakken Stanislaw Szczepaniak. VM 1969, i polske Zakopane, gav Jon endå ein VM-medalje. Denne gongen vart det sølv på stafetten. Men så råka arbeidsulukka som sette bom for ein karriere som kunne ha vorte endå meir lysande. Det skorta ikkje på kamp- og treningsviljen for å koma attende til idretten som var så viktig for Jon. Men ein fot som var knust på fleire stader let seg ikkje kombinera med toppidrett. Likevel slutta han aldri å trena. – Alt tungt arbeid såg han på som «gratis trening», seier fru Anna, og legg til at ektemannen førte sirleg treningsdagbok der kvart einaste treningsavtrekk og kvar einaste økt ute i terrenget vart skrive inn. Og heilt til det siste var Jon levande oppteken av skyting og skiskyting. Kom han til ein ny stad, var det første han såg etter kvar i terrenget det kunne byggjast ein skytebane. Han såg fram til få vera med og jobba som funksjonær under Landsskyttarstemnet på Voss i august 2012. Det fekk han aldri oppleva. – Jon klaga aldri, korkje over forhold, utstyr eller eigen lagnad, seier broren Olav. Han fortel om ein topputøvar som aldri vart «for stor» til å delta på lokale småstemne. – Og han var alltid oppteken av å oppføra seg skikkeleg. Viss ikkje han vann sjølv, kunne han aldri reisa frå eit stemne før han hadde fått gratulert den som hadde vunne. Klaga gjorde han heller ikkje om buforholda var aldri så kummerlege på dei tallause reisene landet rundt. Og kor mange timar og mil Jon og lagkameratane la bak seg i tronge og ukomfortable personbilar på veg til eller frå stemne – på dårlege grusvegar eller uframkomelege og såpeglatte vinter­vegar – er det ingen som veit. Olav var sjølv eit skiskyttartalent, og på slutten av Jon sin karriere deltok dei av og til på same lag. Mellom anna då vossingane vann Heimevernet sin landskonkurranse i 1968. I 1967

159


162


d ei som n å d d e lengst

ODD LIRHUS Sommaren 1975 vart 18-åringen Odd Lirhus teken ut til ei samling der unge talent skulle finsiktast med tanke på ein lands­ lagsplass i skiskyting eller langrenn. Han var ein av tjue ungdomar, og tanken var at her skulle ein luka bort med hard hand gjennom fleire samlingar utover sommaren og hausten. Etter den første samlinga, og som den aller første, vart vestlendingen Odd luka bort. Halvtanna år seinare stod Odd Lirhus som juniorverdsmeister på Vingrom, både individuelt og i stafett. – Då kom landslagssjef Martin Stokken bort og tok meg i handa og orsaka vrakinga. Eigentleg kunne Stokken ha kome med handa i Minsk vinteren før, då Odd tok sølv individuelt og bronse på stafetten i junior-VM. – Det spesielle med VM i Minsk var at dette var midt i vers­ te jernteppe-tida. Ikkje eit einaste resultat kom ut til Vesten, og då me kom ut av flyet på Fornebu var det ingen der som visste korleis det hadde gått. Men då vart det jubel! Også junior-VM i 1977 vart spesielt. Det var siste offisielle året med grovkaliber, og dermed vart det arrangert to VM det året; eitt i grovkaliber og eitt i finkaliber. – Begge var offisielle VM, men av ein eller annan grunn eksisterer det berre statistikk og lister frå grovkaliber-VM. Odd Lirhus skulle verta den som bar vossingane sin ski­ s­kyttararv vidare etter Jon Istad. Men det tenkte nok ikkje småkaren som leika seg på ski, gjekk langrenn og berre hadde det moro, noko særleg på. – Eg heldt eigentleg på å slutta med å gå langrenn, men så var eg så veldig interessert i skyting. Etter første rennet var det gjort; det vart skiskyting på meg. Det var eit godt miljø, med entusiastar som Dag Midthun og brørne Eirik og Olav P. Lid i spissen. Kjell Høyland, seinare juniorverdsmeister, og brørne Heine og Jacob Skogseid var meir eller mindre jamaldringar med meg, så me var ein fin gjeng. I tillegg var det ein del eldre karar, som

kanskje ikkje trena så mykje, men som var med og gjekk renn. Heimehøyrande på Lirhus hadde Odd den fordelen at konkurranseløypene på den tida gjerne gjekk i området rundt Melsvatnet, Øvsthus og Nedkvitne, ikkje mange metrane heimanfrå. Både NM i skiskyting i 1963 og NM i nordiske greiner året etter hadde langrennsløyper med start og mål ved jordbruksskulen i Skulestadmo. Odd kan hugsa at han tok seg gjennom heile løypa, sjølv om han berre var sju år gammal vinteren 1964. Det tok ikkje meir enn eit års tid før Odd forstod at talentet for skiskyting var litt utanom det vanlege. Han gjekk fortare enn dei fleste i sporet, og hadde eit godt skytehovud. Men vegen til ein plass på landslaget vart kronglete. Nokre månader før den uheldige sommarleiren, skjedde fylgjande: – Me var ein gjeng som vart tekne ut til ei samling austpå vinteren 1975. Det var Lars K. Mørkve frå Myrkdalen, Erling Aga frå Nå, Heine Skogseid og eg frå Voss som skulle køyra saman. Men over Haukeli var det uvêr og kolonnekøyring. Etter å ha stått ei god stund i kø, var det endeleg vår tur. Men då stengde dei like godt vegen. Me venta og venta på at dei skulle opna att, men til slutt fann me ut at me fekk berre snu og køyra attende til Røldal. Då hadde dei stengt den vegen òg! Enden på visa vart at Odd og kompisane fekk eit opphald på 24 timar inne i Vågslitunnelen, før vegen mot Røldal opna og karane kunne returnera til Hardanger og Voss med uforretta sak. Men alle slike sorger var nok gløymde då Odd Lirhus gjekk inn som seniorverdsmeister på 20 km i Hochfilzen i 1978, som den første offisielle verdsmeister på finkaliber. – Eg var rangert som den dårlegaste av oss fire, med Sigleif Johansen, Svein Engen og Roar Nilsen på laget. Dermed vart eg sett i siste pulje. Det var skikkeleg varmt, og føret vart dårlegare og dårlegare utover. Men 21-åringen frå Voss overraska alle. Med eitt tilleggs­ minutt på første skyting, og fullt hus på dei to neste, var Odd i teten inn til siste skyting.

163


EIRIK KVALFOSS – Eg hugsar siste kilometeren, dunkelt. Hugsar eg dreiv med noko einbeinsskøyting og at eg datt over mål. Det er slitet eg hugsar, ikkje skytinga. Minna frå Eirik Kvalfoss sitt gulløp under OL i Sarajevo 1984 er få og utvalde. Det var heilt tilfeldig at Eirik Kvalfoss vart skiskyttar. Vel hadde pappa Alf, som sjølv var ein habil skyttar, laga 10 meter skytebane i kjellaren og late sonen skyta med lutfgevær på eiga innandørsbane, men det var langrennsløpar Eirik hadde lyst til å verta. – Eg skulle vera med på eit langrenn på Kvamsskogen, men då me kom til start synte det seg at eg ikkje var påmeldt. Tilfeldigvis gjekk det eit skiskyttarrenn rett ved sida av, og der var det påmelding heilt fram til start. Eg fekk låna meg børse og la i veg. Jau, det gjekk vegen, det, og dermed var det vel eigentleg gjort. Eirik var med i ein kameratgjeng der mellom andre den seinare så kjende fotballagenten Rune Hauge var med, og desse gutane leika og trena saman støtt og stadig. – Langrennsløparar og skiskyttarar trena saman, og det var i dette fellesopplegget grunnlaget vart lagt, meiner Eirik. – Det var full fart opp til Himlesflorane. Førstemann opp, og førstemann ned att. I tillegg til denne leikbaserte treninga trena Eirik mykje saman med faren, og her vart eit godt grunnlag lagt for Eirik sin den gong så eineståande kapasitet i langrennssporet. Ungguten frå Voss utvikla seg raskt, og han var ein av tre gutar som vart teken ut til det aller første norske juniorlands­ laget i skiskyting, under leiing av Kjell Hovda og den seinare så legendariske skiskyttarpresidenten Anders Besseberg. Eirik var den einaste av desse tre løparane som tok steget opp på seniorlandslaget. Der møtte han alt etablerte løparar som Tor Svens­ berget, Sigleif Johansen og sambygdingen Odd Lirhus. – Det var eit trygt og godt miljø, Odd og dei andre var flinke til å ta seg av nykomaren, minnest Eirik.

80-talet vart det store tiåret for Eirik Kvalfoss. I perioden 1982-91 tok han 16 OL- og VM-medaljar individuelt og i stafett; 4 gull, 6 sølv og 6 bronse. – Ja, frå -82 til -85 plukka eg jamt og trutt. På desse fire åra vart han verdsmeister både i -82 og -83, tok VM-sølv i -85, og i tillegg til det olympiske sprintgullet i -84 vart det også sølv på stafetten og bronse på 20-kilometeren det året. I VM-samanheng vart det stafettsølv i -82 og -bronse i -83. Stort betre er det vel ikkje råd å gjera det. I alle fall ikkje når ein legg til at Eirik òg tok 9 individuelle NM-gull i perioden 1982–94, og i tillegg 8 NM-gull i stafett. 6 kongepokalar fylgde med på kjøpet. I verdscupen tok han andreplass samanlagt i sesongen 82–83 og bronse i sesongen 83–84. I 1991 tok Eirik Kvalfoss tre bronsemedaljar i VM, individuelt både på 10 km og 20 km, pluss på stafetten. Der hadde han også Gisle Fenne med seg på laget. Det var sprinten som var Eirik Kvalfoss sin klart beste distanse. – Det var fordi eg gjekk så pass fort at eg hadde ein straffe­ runde å gå på samanlikna med dei andre løparane. Sjølv om sprinten var favoritten, har han også eit VM-gull på 20-kilometeren. Det kom i 1989, sesongen han ser på som sin aller beste. Det året vann han også verdscupen samanlagt. – Eg fekk eit nytt løft då Stein Johnson kom inn i trenings­ arbeidet i 1986. I -89 vart eg verdsmeister føre Gisle Fenne. Eg slo Gisle med eit minutt, men det trur eg først og fremst skuldast at eg starta tidlegare enn han. Føret vart dårlegare og dårlegare utover i rennet, og det tapte Gisle mykje på. Eirik Kvalfoss fekk med seg to olympiske meisterskap til, i 1988 og 1992 – i Albertville var han også norsk flaggberar – men det var 1984 som vart den store OL-suksessen. – I 1988 bomma eg nok rett og slett på opplegget, for det snudde rett etter OL i Calgary. Resten av sesongen og heile 1988–89-sesongen vart ein stor opptur. Trass alt tok Kvalfoss andreplassen samanlagt i verds-

166


d ei som n å d d e lengst

cupen, både i 1987–88 og i 1989–90, i tillegg til sigeren i 1988–89-sesongen, og det tyder vel på at den gamle meisteren har rett i sine vurderingar. Men så i 1994 var ein lang karriere over. NM etter OL på Lillehammer vart det siste offisielle rennet Eirik Kvalfoss gjekk. Morgenbladets gullmedalje fekk Kvalfoss så tidleg som i 1983, og etter OL-bravadane i -84 vanka Fearnleys olympiske ærespris. Eirik Kvalfoss er ikkje av dei utøvarane som har halde den tettaste kontakten med idretten sin etter at han la opp. Litt har det vorte, som seniorstorkunderådgjevar for eitt av dei store selskapa i forsikringsbransjen. Og for den oppveksande gene­ rasjonen har han i alle fall sett eitt merke etter seg: Han har fått eit eige skiskyttarrenn for unge rekruttar oppkalla etter seg.

Eirik Kvalfoss tok to NM-sølv i Årmotslia 1990. Her er han på veg mot mål på normaldistansen.

167


180


d ei som n å d d e lengst

KRISTEN SKJELDAL Mange har hevda at Kristen Skjeldal ville ha vunne mange fleire verdscuprenn og meisterskapsmedaljar om han ikkje hadde vore så snill. – Jau, eg forstår kva du meiner – og eg må kanskje gje dei litt rett i det. Det kan hemma deg som toppidrettsutøvar om du er for snill. Men det er slik eg er! smiler heiderskaren frå Skjeldal. Ved fylte 45 år var han framleis så uforskamma veltrent at han tok 9. plassen på 15 km fristil under NM-festen på heimebane i januar 2012. Ettersom Andrew Musgrave, som kom på andreplass, ikkje er norsk statsborgar, fekk Kristen 8. plass i NM. Og då hadde han framleis ikkje gått sitt siste renn, om me forstår han rett. Mellom anna har han lyst til å prøva seg på Vasaloppet, eit renn han aldri deltok i som topputøvar. – Men eg veit ikkje om ryggen toler ni mil med staking. Kristen har også engasjert seg i motbakkeløp, både på ski og til fots, etter han la opp. I 2007 tok han initiativ til løpet frå Bavallen og opp til Lønahorgi, eit løp han sjølv vann første året, og han er også mannen bak sommarklassikaren Hangurslia opp, frå Prestegardslandet på om lag 50 moh. og opp til Hangur på 660 moh. – Skal tru om han kan gå i Holmenkollen ein dag? Spørsmålet var det pappa Peter som stilte, og den det hand­la om var ein liten kar som baska på, runde etter runde, i løypa på bøane rundt husa på Skjeldal – lenge etter at dei andre brørne hadde gjeve seg. Og no veit me at far Skjeldal fekk ja som svar på sitt spørsmål. For Peter, som sjølv hadde vore skiløpar og friidrettsmann, og for hans generasjon, var deltaking i Holmenkollen det største som kunne vederfarast ein norsk langrennsløpar. VM og OL var nok ikkje i den sindige karen sine tankar. – Oppveksten på Skjeldal har vel på ein måte vore heilt avgjerande for meg og mi utvikling som langrennsløpar. Det er klart ein kunne ha lukkast om ein kom andre stader frå òg, men med naturen som lokka rett utanfor døra sommar og vinter, og som tredjemann i søskenflokken, fekk eg tidleg bryna meg

skikkeleg. Konkurranseinstinktet oss brør i mellom var nok nesten litt i overkant av og til. Kjærleiken til naturen og den umåtelege gleda over å kunna ausa av denne kjelda til trening og rekreasjon har alltid vore sentral når Kristen Skjeldal har svara på spørsmål rundt det å lukkast som langrennsløpar. Det skulle snart syna seg at Kristen var ein gut som tolte hardtrening over lang tid betre enn dei fleste. – Viljen til å trena nok, samstundes som du må synast at det du driv på med er kjekt, er heilt avgjerande for å lukkast. Topp­ idretten handlar om å balansera på ein knivsegg mellom det å trena nok og rett, og det å trena for mykje. Kristen sin enorme treningsiver var noko han tok med seg også då han kom inn på landslaget. Ofte tok han ein ekstra runde av det ikkje heilt korte slaget etter at dei andre lands­ lagsløparane hadde teke kvelden. Saman med Oddvar Brå er Kristen Skjeldal NM-kongen. 11 individuelle NM-titlar har det vorte, og utrulege seks av desse på femmila. Ingen andre har så mange femmilstitlar. Ikkje rart bror Gudmund brukte tittelen «Den siste langrennaren» på den essayistiske biografien om broren. – Ved sida av stafettsigrane og pallplassane med Bulken, trur eg nok dei to første individuelle NM-titlane på Gjøvik i 1990 var dei grommaste. Det er noko med det å lukkast første gongen, og også det at når du først har stått på toppen, vert det på ein eller annan måte meir venta at du skal klatra opp att der på nytt. På Gjøvik i -90 vann Kristen både 15 km og 30 km, og året etter, i Bodø, gjekk han, bror Gudmund og Arnstein Aas til topps på stafetten. Utover på 90-talet var trioen frå Bulken ein frykta stafettgjeng, og etter sølv både i -93, -94 og -96, vart det nytt gull att i Mo i Rana 1997. Ein einaste gong lukkast Kristen Skjeldal i å ta ein verdscupsiger. Det skjedde i Lahtis, distansen var 30 km skøyting med individuell start, og året var 1991. Det var ein dag der Kristen hadde den eineståande kjensla av at alt fungerte; sjølve draumeløpet.

181


192


d ei som n å d d e lengst

Kari Traa på veg ned kulebakken i Bavallen under verdscupavslutninga i 2003.

I etterkant er Kari glad ho lytta til sin gode ven og seinare arbeidskollega. – Eg hadde det kjempekjekt dei fire neste åra. Noko Kari ikkje minst takkar landslagstrenar Lasse Fahlen for. Han vart ein viktig motivator og inspirator for dei norske landslagsutøvarane. Men etter OL i 2006 var det slutt på den internasjonale karrieren, og sin siste konkurranse køyrde Kari under NM i Myrkdalen seinare same vinteren. At verdscupen i kulekøyring kom til Voss og Bavallen på slutten av Kari sin aktive karriere, må ho sjølv ta ein stor del av æra for. Då verdscupen vart arrangert i Bavallen i 2007, var Kari bakkesjef. – Det beste med å vera toppidrettsutøvar var for meg kjensla eg fekk av å føla at eg lukkast, at eg fekk att for all innsatsen. Det å vinna er ikkje alltid det største i seg sjølv, men kjensla av å ha fått til det ein trenar time etter time på. Det er verdt alt slitet. Toppsatsinga si verste side vart meir og meir merkande for Kari dei siste åra av karrieren.

– Det var tungt å motivera seg for å gå laus på ein ny sesong nesten før den gamle var omme. Det å skulle reisa på treningssamling i starten av mai, var ikkje noko kjekt. Og det vart verre og verre etter som åra gjekk. Men sjølv om det vart slutt på den seriøse delen av kulekøyringa, fann Kari nye former for spenning og nye måtar å få adrenalinet til å spruta på. Nokre år var ho aktiv konkurranseutøvar i fallskjerm, og ho står med rundt 800 hopp. Og gravid eller ikkje, ho syter kvart år for å få nok hopp til å halda på sertifikata sine i fallskjerm. Kari var også ein svært så populær deltakar i den TV2-sende serien Skal vi danse hausten 2011. Det heldt nesten heilt inn, denne gongen òg, sjølv om det ikkje vart siger i finalen. Kari Traa Skilag er ei anna av Kari Traa sine suksesshistorier. Kari samla småjenter frå heile landet som synte interesse, iver og pågangsmot. Med sitt smittande humør og si eineståande røynsle frå freestylemiljøet fekk ho etter kvart fleire av jentene opp på godt nivå.

193


198


d ei som n å d d e lengst

LARS BYSTØL Spør du 100 nordmenn om kva den ultimate idrettsopplevinga må vera, svarar sikkert 99 at det må vera å ta individuelt gull i OL. I så fall er Lars Bystøl den eine som har ei anna meining. For trass i OL-gullet i liten bakke under OL i Torino i 2006, er det eit anna minne han trekkjer fram som det aller største: laggullet under VM i skiflyging tidlegare same vinteren. VM gjekk i Bad Mittendorf, Austerrike, og Lars fekk ikkje hoppa i den individuelle tevlinga. Trenaren Mika Kojonkoski tilbaud han å få reisa heim att, men neidå. – Eg skal hoppa lagkonkurransen, sa eg. Og slik vart det, til gagns. Lars hoppa i andre pulje, rett etter heimefavoritten Thomas Morgenstern. Morgenstern drog til med 201 meter, og titusenvis av austerrikarar var i ekstase. Det var berre det at på toppen sat ein myrkdøl, konsentrert og klar. – Eg hoppa 200,5. Då vart det heilt musestilt i bakken. Det er mitt største idrettsminne, å få 50.000 austerrikarar til å verta heilt stille! Enden på visa vart at Noreg tok gullet med drygt 20 poengs margin til Finland på andre. Austerrikarane kom aldri over sjokket, og hamna på den forsmedelege fjerdeplassen. Fram til han var sju år gammal, budde Lars Bystøl på Kyte, og hans første minne frå hoppbakken er derfor frå Lemmesbakken. – Pappa var på trening, og han bygde eit lite hopp ved sida av det store hoppet – slik at eg kunne halda på der. Rett nok arva Lars sine første hoppski som fem-seksåring, men sin første tur på langrennski tok han 15 månader gammal. Pappa Magnar var ei eldsjel når det handla om ski, men Lars var også med på fotball og friidrett. – Pappa har hatt alt å seia for meg, seier Lars.. – Eg var langt frå noka barnestjerne i hoppbakken. Det var først då V-stilen kom for alvor at eg tok til å hevda meg. Då var eg 13-14 år. Myrkdalen har gode tradisjonar når det gjeld kombinert, og Lars gjorde sitt beste for å fylgja opp desse tradisjonane. Utan den heilt store suksessen.

– Eg var ikkje god nok til å pressa meg i langrennsporet. Eit endeleg val om å driva skisporten til noko meir enn ein kjekk hobby tok Lars då han valde å flytta til Lillehammer for å gå på toppidrettsgymnaset der. Framleis dreiv han med kombinert, og jammen fekk han ikkje med seg eit renn i verdscupen sin B-klasse i denne skigreina. – Det vart den endelege slutten på den moroa. Eg vart forbigått av 60 stykke i sporet! ler Lars. Etter fire år på Lillehammer flytta Lars til Oslo. Militær­ tenesta gjorde han unna i Idrettstroppen, og der fekk han også tilbod om å trena med ei spissa gruppe i Kollenhopp. – Eg var ikkje ein del av gruppa, men eg fekk trena med dei. 2001 var året då Lars Bystøl for første gong fekk representera Noreg på eit seniorlandslag, og i 2003 var han med på det norske laget som tok bronse under VM i Val di Fiemme. To år seinare gjentok han prestasjonen under VM i Oberstdorf. – Det året tapte eg ein individuell VM-medalje på grunn av manglande nedslag. Eg kan lova deg at det var ein som trena nedslag den sommaren! 4. januar 2006 skreiv Lars Bystøl norsk hopphistorie i den tysk-austerrikske hoppveka. Han var den første nordmannen som vann rennet i Innsbruck på 24 år. Den siste som hadde gjort det før han var Per Bergerud. Fleire verdscupsigrar vart det diverre ikkje på Lars. Likevel vart 2006 Lars sitt store år. Under OL i Torino 10.– 26. februar lukkast hopparen frå Eldar og Myrkdalen betre enn nokon annan. Med gull i normalbakken, bronse i storbakken og bronse i laghoppinga var han den einaste hopparen som tok medalje i alle øvingane. Det er ein prestasjon berre fire andre har greidd sidan laghoppinga kom inn på OL-programmet i 1988. 12. februar var det hopping i normalbakken. – Eg hugsar eigentleg alt frå heile dagen. Det var dagen då eg berre skulle vinna, ingen spørsmål om det. Eg møtte ein kamerat tidlegare på dagen, og han har sagt at han aldri har

199


207


Kamera nytta av Christian og Kjell Herheim frå 1956–80.

Grafisk form: Trude Antonie Øvrebøe / Egsetviketrykk Trykk: Ednas Print Papir: Hello fat matt 150 g Typografi: ITC Avant Garde Gothic / Whitman Utgitt med støtte frå Norsk kulturfond. © Skald 2012 Tlf. 57 65 41 55 forlag@skald.no www.skald.no ISBN 978-82-7959-181-8


Jon Istad tek VM-gull i skiskyting 1966. I den grauttjukke skodda I GarmischPartenkirchen er han lurare enn konkurrentane … Eirik Kvalfoss knuser all motstand på sprinten i Sarajevo-OL 1984, men han hugsar stort sett berre kor trøytt han var siste kilometeren … Kari Traa set utfor OL-bakken i Salt Lake City 2002. Ho vert forstyrra av kameraet som susar rett over henne ved første hoppet. Men gull vert det … Vossabygda har fostra skiutøvarar i verdsklasse heilt sidan 1940-talet. Herheim Foto sit på eit omfangsrikt materi­ale heilt frå verksemda vart starta i 1956. Arkivet inne­held mellom anna tusenvis av bilete frå lokale, nasjon­ale og internasjonale skirenn og tilskipingar. Skibygda Voss fortel ikkje den heile og fulle sanninga om vår lokale ski­historie, men er eit djupdykk i arkiva og i historiene om gamle og nye heltar.

Nils Torbjørn Kvamsdal hoppa av læraryrket i 1988 og har sidan vore journalist og desksjef i avisa Hordaland. Han har tidlegare gjeve ut og vore redaktør for bøker med utgangspunkt i Voss – mellom desse er Fem år i krig, Fred og atterreising,Yrke skal båten bera og Voss, den siste saman med Kjell Erik Herheim.

2

ISBN 978-8 2-7959-181- 8

Kjell Erik Herheim har fotoutdanning frå Trondheim og England og har arbeidd i Herheim Foto sidan sommaren 1972. Skald gav i 2008 ut boka Voss, også den basert på arkivet til Herheim Foto og skriven saman med Nils Torbjørn Kvamsdal.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Skibygda Voss by Skald forlag - Issuu