Skip to main content

Alienisten og andre noveller

Page 1


Joaquim m aria MACHADO DE ASSIS

machado de assis

ALIENISTEN

og andre noveller

frå brasiliansk portugisisk ved øystein vidnes

skald 2026

Skrifttypane i denne boka – Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk – er utvikla spesielt for Skalds klassikarar av skriftdesignaren Stefan Ellmer. Dei er ei indirekte omsetjing av dei ikoniske skrifttypane Nicolas Jenson utvikla i Venezia rundt 1470, med inspirasjon frå den britiske og amerikanske rørsla av uavhengige forlag som tidleg på 1900­talet utvikla sine eigne versjonar av desse gamle skrifttypane. Målet med skrifttypen Skald er å presentere dei nye omsetjingane i Skalds serie på ein klar, unostalgisk, open og inviterande måte, men likevel med særpreg.

Utgivinga er støtta og innkjøpt av Norsk kulturråd.

originaltitlar : «Linha reta e linha curva» frå Contos fluminenses [Forteljingar frå Rio] (1870) «A chinela turca», «O espelho» og «O alienista» frå Papéis avulsos [Lause papir] (1882)

«A Igreja do Diabo» frå Histórias sem data [Udaterte historier] (1884) «Uns braços», «Um homem célebre» og «A causa secreta» frå Várias histórias [Assorterte historier] (1896) «Pai contra mãe» frå Relíquias de casa velha [Relikviar frå eit gammalt hus] (1906)

seriedesign : Andreas Töpfer & Øystein Vidnes i llustrasjon : Andreas Töpfer sats : Øystein Vidnes f ontar : Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk av Stefan Ellmer p apir : Munken Print Cream 1.8, 90 g t rykk og innbinding : Livonia Print

© Skald 2026 www.skald.no

isbn 978 ­ 82 ­ 7959 ­ 387 ­ 4

ISBN 9788279593874

97 882 79 59 38 74

Rett linje, krokete linje 7

Den tyrkiske tøffelen   77

Spegelen 95

Alienisten 111

Djevelens kyrkje 185

Eit par armar 199

Ein populær mann 215

Den skjulte årsaka 233

Far mot mor 251

Notar og ordforklaringar 273

Merknad 279

Korleis Itaguaí fekk eit galehus

k rønikene frå i taguaí fortel at det i fjerne tider budde ein viss lege der, dr. Simão Bacamarte, son av lokal landadel og den fremste av legane i Brasil, Portugal og dei spanske rika. Han hadde studert i Coimbra og Padova. Då han var trettifire år gammal, vende han tilbake til Brasil, sidan kongen var ute av stand til å overtale han til å bli verande i Coimbra for å styre universitetet eller i Lisboa i teneste for monarkiet.

– Vitskapen, sa han til majesteten, – er det einaste embetet mitt. Itaguaí er mitt univers.

Dermed reiste han til Itaguaí og gav seg med liv og sjel over til studiet av vitskapen. Han vekselvis lækte og las, demonstrerte teorem og la grautomslag. Då han var førti, gifta han seg med dona Evarista da Costa e Mascarenhas, tjuefem år, enke etter ein magistrat og verken pen eller sjarmerande. Ein av onklane hans, ein snushane av Guds nåde og dessutan ei skravlebøtte, undra seg over valet og let ikkje vere å fortelje om det. Simão Bacamarte forklarte han at dona Evarista kombinerte fysiologiske og anatomiske eigenskapar av fremste sort, ho fordøydde

lett, sov jamt, hadde god puls og framifrå syn; såleis var ho skikka til å gi han robuste, friske og intelligente barn. Om ho ut over desse ytingane – dei einaste av verdi for eit lærd menneske – mangla eit velskapt ansikt, var det ikkje noko sakn, nei, tvert imot, han takka Gud, då slapp han å forsømme vitskapen for å bruke tid og krefter på ei einspora, triviell og vulgær dyrking av ektefellen.

Dona Evarista levde ikkje opp til ektemannen sine forventningar, ho gav han verken robuste eller skrøpelege barn. Ein vitskapsmann må vere tolmodig, og legen vår venta tre år, så fire, så fem. Til slutt gjorde han eit grundig studium av saka, las om att alle dei viktige tekstane, både arabiske og andre, som han hadde teke med seg til Itaguaí, sende førespurnader til dei italienske og tyske universiteta og enda med å råde kona til ein spesiell diett. Den ærverdige dama, oppflaska eine og åleine på det fine svinekjøtet frå Itaguaí, følgde ikkje råda til ektemannen, og det er motstanden hennar – forståeleg, men utilgiveleg – vi har å takke for den fullstendige utryddinga av Bacamarte-dynastiet.

Men vitskapen har ei uforklarleg evne til å lækje alle sorger. Legen vår dykka heilt og fullt ned i studiet og utøvinga av medisinen. Det var då ein av dei mindre påakta avkrokane fanga merksemda hans – psykologien, utforskinga av hjernepatologien, på den tida kjent under namnet alienisme. Ingen stad i kolonien, eller eingong i kongeriket, fanst ein einaste autoritet på dette dårleg utforska, ja, så å seie uutforska, feltet. Simão Bacamarte såg at her kunne den lusitanske og

framfor alt den brasilianske vitskapen smykke seg med «uvisnelege laurbær» – uttrykket han sjølv brukte, men berre i ein ekstatisk augneblink innanfor husets fire veggar; utvortes var han audmjuk, slik det sømer seg dei lærde.

– Sjelehelsa, erklærte han, – er den verdigaste oppgåva for ein lege.

– For ein ekte lege, la Crispim Soares til, apotekaren i landsbyen og ein av vennene og bordkameratane til Bacamarte.

Ei av fleire synder kronikørane kritiserer kommunestyret i Itaguaí for, er at dei ikkje tok seg av dei galne. Dei heilsprø blei stengde inne på eit kott i sitt eige hus, der dei blei forsømde og gløymde inntil døden kom og tok frå dei det einaste privilegiet dei hadde, nemleg livet. Dei mildare tilfella gjekk fritt rundt i gatene. Simão Bacamarte skjønte straks korleis ein skulle reformere slike uskikkar. Han bad kommunen om løyve til å bygge eit sjukehus som skulle behandle alle galne frå Itaguaí og omliggande landsbyar og byar, mot eit vederlag som kommunen skulle betale når familien til den sjuke ikkje kunne gjere det. Forslaget vekte oppsikt i heile landsbyen og møtte sterk motstand, for absurde vanar er like vonde å vende som dei dårlege. Ideen om å samle dei galne i eitt hus, der dei skulle bu i lag, verka i seg sjølv som eit symptom på galskap, og det mangla ikkje på folk som hinta om det overfor kona til legen.

– Høyr her, dona Evarista, sa fader Lopes, soknepresten, – kan du ikkje heller freiste mannen din med ein tur til

Rio de Janeiro? All denne studeringa heile tida kan ikkje vere bra; det gir han allslags rare idear.

Dona Evarista blei forferda. Ho gjekk til mannen og sa at ho «kjende på eit sug», ja, eigentleg fleire, men især etter å dra til Rio de Janeiro og ete alt han meinte ville hjelpe med å nå målet han hadde for auga. Men med det sjeldne skarpsynet som utmerkte han, gjennomskoda den store mannen kona si og sa smilande at ho ikkje trong å vere redd. Deretter gjekk han til kommunestyret, der representantane sat og drøfta forslaget hans, og han forsvarte det så veltalande at fleirtalet vedtok å gi han løyve til det han bad om, og samstundes stemde dei fram ein skatt som skulle finansiere behandling, losjering og underhald for dei fattige galne. Det var ikkje lett å finne noko å legge skatt på, for alt i Itaguaí var allereie skattlagt. Etter lange avvegingar blei det vedteke å tillate bruken av to fjørduskar på gravferdshestar. Dei som ville bruke meir enn ein dusk på hesten framfor ei likvogn, skulle betale to tostões til kommunestyret for kvar time som gjekk mellom dødsfallet og den siste velsigninga ved grava. Skrivaren gjekk seg vill i dei aritmetiske utrekningane av inntektspotensialet i den nye skatten, og ein av representantane som var skeptisk til legen, bad om at skrivaren måtte fritakast frå ei slik meiningslaus oppgåve.

– Utrekningane er heilt unødvendige, sa han, – for dr. Bacamarte får aldri realisert planen sin. Kven har nokon gong høyrt om å stue alle dei galne inn i eitt hus?

Den ærverdige representanten tok feil; legen realiserte planen sin. Så snart han hadde fått løyvet, byrja han å

bygge huset. Det låg i Rua Nova, den finaste gata i Itaguaí på den tida, og hadde femti vindauge på kvar side, ein open gardsplass i midten og eit stort tal små rom for dei innlagde. Sidan legen var ein stor arabist, hadde han lese Mohammeds erklæring i Koranen om at du skal ære dei galne, for Allah har teke vitet frå dei for at dei ikkje skal synde. Tanken slo han som både vakker og djup, og legen fekk han gravert inn på fasaden på huset, men sidan han frykta presten, og dermed biskopen, tilskreiv han sitatet til Benedikt VII, eit fromt bedrag som gjorde han fortent til eit lunsjføredrag frå fader Lopes om livet til denne framståande paven.

Casa Verde blei asylet kalla, med referanse til fargen på vindauga, det var det første huset i Itaguaí nokosinne med grøne vindauge. Det blei opna med overdådig pomp og prakt. Frå alle dei nærliggande landsbyane og tettstadene, ja, endåtil frå fjerne stader, og frå sjølvaste Rio de Janeiro, strøymde folk til for å få med seg festivitasen, som varte i sju dagar. Mange sinnssjuke var allereie skrivne inn, og dei pårørande fekk høve til å sjå den faderlege omsorga og den kristne miskunna som skulle møte dei. Dona Evarista solte seg i glansen til ektemannen, tok på seg dei staselegaste kleda ho hadde, og sveipte seg i smykke, blomar og silke. Ho var ei sann dronning desse minneverdige dagane. Alle trassa dei heimekjære og temmeleg pripne sedane som herska på denne tida, og besøkte henne både to og tre gonger. Dei ikkje berre roste, men lovpriste henne, for – og dette demonstrerer kor høgtståande samfunnet var på den tida – dei såg henne som den lykkelege kona til

eit høgt åndsvesen, eit lysande døme, og om dei misunnte henne, så var det med den heilage, edle misunninga som berre ekte beundrarar kan oppvise.

Etter sju dagar tok dei offentlege festane slutt, og Itaguaí hadde endeleg fått eit galehus. ii

Ein flaum av galningar

Tre dagar seinare opna den nybakte alienisten Simão Bacamarte hjartet sitt for Crispim Soares og la fram dei inste tankane sine.

– Nestekjærleik, senhor Soares, speler så visst ei rolle i det eg gjer, men berre som eit krydder, som salt på maten, kunne du seie, slik tolkar eg Paulus’ ord til korintarane: «Om eg kjende alle løyndomar og all kunnskap, men ikkje hadde kjærleik, då var eg inkje.» Det viktigaste i arbeidet mitt med Casa Verde er å studere galskapen grundig, i alle sine ulike gradar, å klassifisere dei ulike typane og til siste slutt å oppdage årsaka til fenomenet og universalmiddelet mot det. Det er den indre drivkrafta mi. Og eg trur at eg kjem til å gjere menneskeslekta ei god teneste på denne måten.

– Ei stor teneste, retta apotekaren.

– Utan dette asylet, heldt alienisten fram, – var det lite eg kunne oppnå, men no får studia mine eit mykje større omfang.

– Mykje større, gjentok apotekaren.

Og dei fekk rett. Frå alle landsbyane og bygdene omkring strøymde galningane til Casa Verde. Det var dei krakilske, dei milde, dei monomane, heile slekta av åndas arvelause sjeler. Etter fire månader yrte det av liv i Casa Verde. Det var ikkje nok rom, og ei ny fløy med trettisju rom blei bygd. Fader Lopes hadde aldri trudd det var så mange galne i verda, vedgjekk han, og slett ikkje at somme tilfelle var så uforklarlege. Ta til dømes den grove, simple unge mannen som kvar dag etter middag heldt eit regelrett akademisk føredrag, ornamentert med tropar, antitesar og apostrofar, med innsmett av gresk og latin og remser av Cicero, Apuleius og Tertullian. Presten kunne ikkje tru det han høyrde. Kva? Ein gut han tre månader tidlegare såg spele med fjørball i gata!

– Å, underleg kan det godt vere, sa alienisten, – men sanninga ligg framfor auga dine. Det hender kvar einaste dag.

– For min del, svarte presten, – kan det berre forklarast med språkforvirringa som oppstod ved Babels tårn, slik det står i skrifta; sidan språka blei blanda den gongen, må det vere lett å byte om på dei om forstanden sviktar …

– Det kan faktisk vere den guddommelege forklaringa på fenomenet, samtykte alienisten etter å ha tenkt seg om ein augneblink. – Men det er ikkje umogleg at det òg finst ei menneskeleg, reint vitskapleg årsak, og det er den eg vil granske.

– Vel og bra, eg ventar i spenning, i største spenning!

Det var tre eller fire av dei innlagde som var galne av kjærleik, men berre to av dei vekte spesiell undring på

grunn av dei særlege vrangførestillingane sine. Den første, Falcão, ein ung mann på tjuefem, trudde han var morgonstjerna; han strekte ut armane og stilte seg breibeint som strålane på ei stjerne, og slik blei han ståande i timevis, medan han stadig spurde om sola hadde stått opp, slik at han kunne trekke seg tilbake. Den andre fyren gjekk rundt og rundt i gangane og på gardsplassen og leitte etter verdsens ende. Han var ein stakkar som kona hadde forlate til fordel for ein jålebukk. Så snart han oppdaga at ho var vekke, væpna han seg med ein pistol og sette etter dei. Han fann dei to timar seinare ved ei lagune og drap dei begge med utsøkt brutalitet. Den sjalu ektemannen fekk sin hemn, men det kosta han vitet. Og slik byrja den endelause vandringa til verdsens ende, på jag etter dei to rømlingane.

Stormannsgalskap hadde òg framståande representantar. Den mest påfallande var den stakkars skreddarsonen, som stod og fortalde til veggen (for han såg aldri på folk) heile slektstreet sitt:

– Gud avla eit egg, egget avla eit sverd, sverdet avla David, David avla purpuret, purpuret avla hertugen, hertugen avla markien, markien avla greven, som er eg. Så slo han seg i panna, knipsa med fingrane og sette i gang på nytt, fem, seks gonger på rad:

– Gud avla eit egg, egget … og så vidare.

Av same sorten var ein bokhaldar som gav seg ut for å vere kongens hoffmeister; ein annan var kveghandlaren frå Minas Gerais som hadde for vane å dele ut kvegflokkar til kvar og ein han møtte: tre hundre kyr til éin, seks hundre til ein annan, tolv hundre til ein tredje, og han

blei aldri ferdig. Alle tilfella av religiøs mani skal eg ikkje liste opp, men ein mann er det verdt å nemne, med døypenamnet João de Deus, som no innbilte seg at han var guden João, og lova himmelriket til dei som tilbad han, og helvetes pinsler til alle andre. Og så var det magisteren Garcia, som aldri sa noko, fordi han var overtydd om at den dagen han ytra eit einaste ord, ville stjernene falle frå himmelen og setje fyr på jorda, for så stor makt hadde Gud gitt han.

Det var iallfall det han skreiv ned på papiret alienisten gav han, mindre av nestekjærleik enn av vitskapleg interesse.

For sanninga er at tolmodet til alienisten var meir merkverdig enn nokon av maniane som fann sin heim i Casa Verde, det var ikkje mindre enn forbløffande. Simão Bacamarte tok først til med å organisere eit administrativt personale, eit forslag han tok imot frå apotekaren Crispim Soares, i same stund som han òg tok imot dei to nevøane hans, som han sette i arbeid med å implementere eit regelverk han gav dei – godkjent av kommunestyret – om utdelinga av mat og klede, om føring av protokollar og rekneskap, og så vidare. Dermed var Bacamarte fri til å konsentrere seg om sitt eige fag.

– Casa Verde, sa han til presten, – er no si eiga verd, med eit verdsleg regime og eit åndeleg regime.

Fader Lopes lo av denne fromme ordleiken og la til, berre for å få stemt i med sin eigen spøk: – Berre vent, berre vent, om du held fram slik, så må eg rapportere deg til paven.

j oaquim m aria m achado de a ssis (1839–1908) kan verke som ein framand skapning for oss i dag, ja, nesten som ein usannsynleg fiksjonsfigur funnen opp av ein finurleg forfattar. Historia hans er forteljinga om ei fattiglus frå Rio de Janeiro som arbeidde seg oppover, heilt til toppen av eliten, ved å skrive tekstar som kledde den same eliten naken på så fiffig ironisk vis at dei aldri skjønte det sjølve. Og han gjorde dette nærmast i forbifarten, medan han med vilter skriveglede utvikla forfattar skapen sin vidare, til å bli stadig meir alvorleg og dessutan stadig meir humoristisk, lumsk, trulaus, allmennmenneskeleg og moderne, kort sagt gjenkjenneleg for oss rotlause sjeler som les han i dag.

Samfunnet Machado skriv frå, verkar i alle tilfelle framandt. Brasil var det siste landet i den såkalla vestlege verda som oppheva slaveriet, det skjedde ikkje før i 1888. Året etter endra eit militærkupp styreforma frå konstitusjonelt monarki til republikk, ein republikk som stadig var prega av det som blir kalla klientelisme, der lokal maktelite fordelte ressursar i byte mot støtte og lojalitet. Forfattaren sitt forhold til samfunnet rundt seg var heile tida komplisert, men det er ikkje ein komplisert

forfattarskap å lese, det er oftast påfallande lett. At Machado skreiv så lett om det tungtvegande, men òg så tungtvegande om det lette, har gledd lesarar i mange generasjonar, men det har òg ført til forvirring.

Machado – det er ikkje eit fornamn, men det første av dei to etternamna han brukte som forfattarnamn – var sjølv barnebarn av frigjorde slavar. Familien levde som husfolk hos ein rik og mektig familie. Faren til Machado livnærte seg som husmålar og mora som reinhaldar, før ho døydde av tuberkulose då guten var ti år. Unge Joaquim fekk lite formell utdanning, var sjølvlært og arbeidde tidleg som typograf og korrekturlesar. Slik fekk han tilgang til bøker og byrja den litterære danninga si. Det var mykje som talte imot han i yrkeslivet: Han stamma, var svært sjenert av seg, og etter kvart viste det seg at han leid av epilepsi. Han var mørk i huda – faren var halvt afrikansk, og Joaquim var dermed mulato, som det heitte. Sjølv om Brasil etter alle målestokkar var eit rasistisk samfunn, var det ikkje prega av dei same rigide skiljelinjene vi gjerne kjenner frå sørstatane i USA eller frå Sør­Afrika.* Som forfattar kunne Machado i stor grad frigjere seg frå avgrensingane som bakgrunnen sette, og innta ein særeigen posisjon som outsider og observatør på innsida. Han blei etter kvart både boklærd og språkmektig, og lærte seg fransk og engelsk og seinare tysk og gresk.

Allereie frå han var femten til han var tretti, publiserte Machado ei stor mengd poesi og annan litteratur, for det meste

* Sjå t.d. G. Reginald Daniel: Machado de Assis: Multiracial Identity and the Brazilian Novelist. The Pennsylvania State University Press, Pennsylvania 2012.

i aviser. Ein monografi* listar opp 6000 vers poesi i aviser, ei diktsamling – bokdebuten hans i 1864 – 182 avisspalter, 20 kritiske essay, i tillegg til seks skodespel, ein operalibretto og 24 noveller. Og alt dette før 1870 – der dette utvalet tek til. Dei sju novellesamlingane han etter kvart gav ut, med 76 tekstar av jamt skyhøg, men stigande kvalitet, var i stor grad utvalde tekstar som tidlegare hadde stått på trykk i aviser. Det totale talet på noveller Machado skreiv i løpet av livet, er framleis aukande, fordi det enno blir gjort nye oppdagingar av avistekstar han skreiv under psevdonym; det oppdaterte talet ser ut til å vere 226. I tillegg kom ei stor mengd journalistikk, omsetjingar – og ni romanar.

Sjølv om Machado var ein uomtvisteleg meister i det korte formatet, er han mest kjend for romanen Brás Cubas’ posthume memoarer (1881), eit vendepunkt i forfattarskapen og dermed i brasiliansk litteratur. Her nyttar forfattaren ein upåliteleg – og dessutan død – forteljar til å leike gøymsel med den brasilianske overklassen, på same tid som han på burlesk vis utforskar dei store temaa i menneskelivet. Og det var denne romanen Machado debuterte med på norsk, 105 år etter sin død, i ei storarta omsetjing av Christian Rugstad (Ka forlag 2013), saman med det seine meisterverket Dom Casmurro (opphavleg utgitt 1899).

Dette utvalet er eit nærsynt tverrsnitt av novellene Machado gav ut i bokform. Vi startar i den såkalla romantiske perioden før han i 1879 blei alvorleg sjuk, trekte seg tilbake og

* K. David Jackson: Machado de Assis: A Literary Life. Yale University Press, New Haven & London 2015.

byrja å skrive tekstar som braut radikalt med det han hadde skrive før, som myten om Machado seier. Om ein berre ser på novellene, er det likevel ikkje snakk om eit brot, men ein glidande overgang, der Machado gjekk frå å skrive populære historier – sjølv om dei var fylte av underlege element – til ein ambivalent og original litteratur som kom Kafka, Borges, Joyce, Márquez med fleire i forkjøpet. Men slike samanlikningar fører også på villspor. Først og fremst er Machado ein forfattar som går sine eigne vegar, og som kan lesast utan førehandskunnskapar.

Dobbelttydinga av ordet romantisk – både som ei kunstretning og ei side ved livet – flyt over i kvarandre hos Machado, og kjærleiksspelet er eit ynda motiv. «Rett linje, krokete linje» (1870) er på overflata ei kjærleikshistorie som buktar seg på uføreseieleg vis, men inneheld fleire frampeik til den seinare forfattarskapen. Den reine forteljar­ og oppfinnargleda verkar framleis oppkvikkande. Dei to neste novellene – «Den tyrkiske tøffelen» (1882) og «Spegelen» (1882) – gjer det indre livet til personane til eit drama på liv og død. «Alienisten» (1882) er ei satirisk utblåsing, med ein upåliteleg forteljar som igjen lener seg på upålitelege kjelder, ei rekke «kronikørar» frå kolonitida, for å grave fram historia om den sjølvhøgtidlege psykiateren som set seg føre å definere galskap og normalitet, og som ikkje let seg styrte frå den høge posisjonen sin før han gjer det sjølv. Vi har ein vilter fabel («Djevelens kyrkje», 1884), to kondenserte livshistorier som kombinerer det sensuelle, tragiske og komiske («Eit par armar», «Ein populær mann», begge 1896), før ubehaget set inn, med den snikande groteske «Den hemmelege årsaka» (1896), eit eksempel på Machados utforsking av menneskeleg vondskap. Den siste teksten, «Far mot mor» (1906),

skil seg ut i forfattarskapen ved å vere den fiksjonsteksten som mest direkte tematiserer slaveriet. Typisk nok gjer han det ikkje ved å invitere lesaren til å leve seg inn i skjebnen til offera, men viser oss korleis overgriparen sjølv blir eit offer i eit uhyrleg samfunnssystem.

«Eg liker å plukke opp dei minste og mest gøymde tinga. Der ingen stikk nasen sin, liker eg å stikke min», skreiv Machado i ei avisspalte. Han heldt fram: «Eg myser mot småtinga, det dei færraste legg merke til, alt som høyrer dei nærsynte til. Fordelen med å vere nærsynt er å sjå det som forsvinn i det store biletet.»* Å la delen stå for heilskapen blir dermed eit hyppig brukt grep i forfattarskapen.

Machado de Assis var det vi kallar ein satirisk forfattar. Det tyder slett ikkje at han berre gjer narr, men at han lagar seg eit frirom i fiksjonen, der han – for å ta munnen full – kan tillate seg det utillatelege og nærme seg det uhøyrde og usette. I novellene skildra han livet til dei privilegerte i eit samfunn prega av makt, klasse og sjølvbedrag, samstundes som han skreiv om menneska med innleving og innsikt. Personane hans er fulle av motseiingar, sjølvrettferd og lengt. Med lett hand blanda han realisme og absurditet, parodi og psykologisk djupn.

Men vegra Machado seg i møte med det vanskelegaste temaet i samtida, slaveriet? Fortrengde han det? Dreiv han «rasemessig sjølvfornekting», i og med at han sjølv hadde ein bakgrunn utanfor den kvite overklassen han gjorde til

* Frå avisspalta «A semana» [Veka], som Machado i mange år skreiv for avisa Gazeta de Notícias. Sitatet er frå den siste spalta, 11. november 1900. Sitert frå tidsskriftet Machadiana Eletrônica: periodicos.ufes.br/machadiana/issue/view/1090

hovudpersonar? Mange har ønska seg at forfattaren tok klarare stilling, men det uklare interesserte han meir enn det klare, spørsmåla meir enn svara, forutan det han kalla «kunsten å seie ting utan at det ser ut som du seier dei».* Dei undertrykte inntek birollene – men dei er alltid til stades i tekstane hans. Denne måten å skrive på gjorde Machado i stand til å utforske eit breitt spekter av menneskelivet og sjå på samfunnet med eit kritisk blikk – ikkje frå utsida, men frå innsideposisjonen til ein populær forfattar.

Sidan si eiga samtid har Machado hatt ein rimeleg sikker posisjon som Brasils største forfattar, men før 2000 ­talet var det sjeldan å finne namnet hans på lista over dei største i verdslitteraturen. Kvifor det er slik, kan ikkje berre forklarast med språk­ og kulturbarrierar. Som litteraturforskaren Roberto Schwartz påpeikar,** søkte ikkje Machado stoffet sitt, eigenarten og lokalkoloritten sin i utkanten, der ein forventar å finne noko opphavleg eller eit folkedjup – slik både romantikarar og modernistar opp gjennom tida har gjort. Nei, Machado søkte seg mot sentrum, mot den framveksande metropolen Rio de Janeiro og dramaet som spelte seg ut blant dei som såg på seg sjølve som dei mest siviliserte. I ettertid visste ikkje den kulturelle eliten kvar dei hadde han, medan dei framstegsvennlege såg skuffa på korleis Machado plasserte dei undertrykte på

* «A arte de dizer as coisas sem parecer dizê­las». Frå avisspalta «Balas de estalo» [Kinaputtar], frå Gazeta de Notícias 8. mars 1885. Sitert frå www.curso-objetivo.br/vestibular/assets/download/obras-literarias/ machado-de-assis/balas-de-estalo.pdf

** Sjå artikkelen «Konkurrerende lesninger» av Roberto Schwarz i Vagant nr. 4 2013, og elles boka A Master on the Periphery av Roberto Schwarz, Duke University Press, London 2001.

sidelinja. Men som mange har peikt på: Machado var ein meister i å leie lesarane på villspor. I mange tilfelle har det teke eit halvt eller eit heilt hundreår før litteraturforskinga oppdaga det enkelte lesarar kanskje straks får ei kjensle av: Machado snur alt på hovudet og tullar med oss, ja, oss, ikkje berre samfunnssystemet og borgarskapen i Rio på 1800 ­talet, men oss, her og no.

Øystein Vidnes

l eikanger, april 2026

a ndre bøker i serien:

franz kafka : Forvandlinga og andre forteljingar (2016)

mary s helley : Frankenstein, eller den moderne Prometevs (2016)

james joyce : Dei døde (2017)

gustave flaubert : Madame Bovary (2017)

robert musil : Tre kvinner (2017)

samuel beckett : Fyrste kjærleik og annan kortare prosa (2018)

g ertrude s tein : Alice B. Toklas’ sjølvbiografi (2018)

g eorg b üchner: Lenz (2018)

stefan zweig: Sjakknovelle og andre tekstar (2019)

johann wolfgang von goethe: Valskyldskapane (2019)

emily bronte ¨ : Stormfulle høgder (2019)

a nton tsjekhov: Dama med hunden og andre forteljingar (2020)

ahmet mithat : Felâtun bey og Râkım efendi (2020)

luigi pirandello: Ein, ingen og hundre tusen (2020)

virginia woolf: Til fyret (2021)

f umiko h ayashi: Lausgjengar. Notat frå eit ustadig liv (2021)

william faulkner: Framom døden (2021)

franz kafka: Prosessen (2022)

jane austen: Northanger Abbey (2022)

fernando pessoa: Å vere ein annan (2022)

lev tolstoj: Då Ivan Iljitsj døydde (2023)

bruno schulz: Kanelbutikkane (2023)

marcel proust: Swanns kjærleik (2023)

annemarie schwarzenbach : Vener av Bernhard (2024)

roberto arlt: Sju galningar (2024)

f. scott fitzgerald: Den store Gatsby (2024)

thomas mann: Døden i Venezia (2025)

nescio: Unge titanar (2025)

george eliot: Silas Marner (2025)

katherine mansfield: Hageselskapet (2026)

Ho skulle kanskje ha tagd litt meir og gifta seg litt mindre.

omsett av øystein vidnes

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Alienisten og andre noveller by Skald forlag - Issuu