Arkitekt Peter Helland-Hansen

Page 1

A R K ITEKT PE T E R HELL A ND -H AN SEN

E VA R Ø Y R A N E I



INNHALD

Føreord Innleiing

5 6

HELLAND-HANSEN – INGEN A4-FAMILIE

27

ÅRA HAN HELST VILLE GLØYMA

35

DIPLOMOPPGÅVA – EI PROGRAMERKLÆRING

47

TIL INNSATS I FINNMARK

59

VESTLANDET KALLA

69

RESTAURERTE MED RESPEKT

Gjorde Håkonshallen til byens storstove Løfta fram gammal prakt i Kinsarvik kyrkje Viser spora frå mellomalderen i Domkirken Med varsemd og respekt i Os kyrkje Gjorde Torpo kyrkje meir opphavleg Fann eit paradis på Kinn

EIN DIPLOMATISK AKSJONIST

HF-bygget, Fastings Minde og Sydneshaugen skole 76 De Heibergske Samlinger, Sogn Folkemuseum 80 Troldsalen 82 Kapellet 90 MEISTER FOR DET LÅGMÆLTE OG TIDLAUSE HUSET

Eigen bustad på Hop «Maihaugen» på Skjold Fann tonen med byggmeisteren Måtte berre ha dette huset Eit unikt og tidlaust hus «Det er mange streker, ved de»

93

98 106 110 114 118 122

Notar Arbeid utført av Peter Helland-Hansen i perioden 1950–1984 Litteraturliste

131

132 138 146 148 150 152

159

172 174 175


Peter Helland-Hansen (1917–1984)

4


FØREORD

Arkitekten, restaureringsarkitekten og vernaren Peter HellandHansen var ein stillfarande og respektert mann med stor fagleg tyngde. Som arkitekt skapte han moderne arkitektur med rot i tradisjonane, som restaureringsarkitekt løfta han fram historia, som vernar var han føregangsmannen som treivst best i skugggen av andre. Hans diplomatiske evner løyste mange verneflokar og bidrog til vern blant anna av Bryggen og fleire andre bergenske bymiljø. Spora etter Helland-Hansen er markante, men i dag er det ikkje så mange som kjenner til innsatsen hans. Det prøver denne boka å retta på. Ho fortel om livet og arbeidet til arkitekten. Krigsåra hans vart dramatiske, og etter krigen drog han til Finnmark for å vera med på gjenreisinga. Sidan etablerte han praksis i Bergen, der han arbeidde livet ut som arkitekt og vernar av eldre bygningar og bymiljø. Initiativet til bokarbeidet kom frå etterkomarane hans som har delt av sin kunnskap om faren og gjeve meg tilgang til gamle brev. Breva har vore til uvurderleg nytte i bokarbeidet. Særleg har borna William Helland-Hansen og Elisa Helland-Hansen bidrege undervegs i arbeidet med gode innspel og kjærkomne korrigeringar.

I tillegg til ei rekkje skriftlege kjelder har samtalar med bl.a. Hans Emil Lidén, Einar Mørk, Anna og Jostein Molden, Mari Kollandsrud, Egill Reimers, Siri Skjold Lexau og Asbjørn Kristoffersen vore til stor nytte. Eg har fått god hjelp hos Byarkivet i Bergen og hos Arne Langås på Falstadsentetet i Trøndelag. Takk til alle desse, til eigarane av Helland-Hansen-hus som opna døra for oss, og til Hans Emil Lidén, Carolyn Ahmer og Åse Tveitnes som har lese manus og kome med konstruktive tilbakemeldingar. Boka slik ho blei, står for mi rekning. Ølve, mai 2021 Eva Røyrane

5


INNLEIING

Som arkitektstudent på begynnelsen av 1980-tallet skulle jeg skrive en oppgave om Håkonshallen og hadde behov for å undersøke noen tegninger. Jeg oppsøkte derfor Peter Helland-Hansen på hans kontor på Øvre Korskirkeallmenningen. Dette var mitt første og eneste personlige møte med en av Bergens mest særpregede og tradisjonsbundne arkitekter fra etterkrigstiden. Det som i ettertid har festet seg i minnet, er en sjenerøs, vennlig og smilende person som gav meg all den hjelpen jeg trengte. Senere kom jeg til å skrive om hans restaureringsarbeid med Håkonshallen i forbindelse med min doktorgradsavhandling Bergensskolen som et nasjonalt fenomen – og et bidrag til den internasjonale Arts and Crafts-bevegelsen. Peter Helland-Hansen (1917–1984) kan knyttes til Bergensskolen – en retning innen norsk arkitektur som oppstod i Bergen på 1930-tallet, og som vektla betydningen av å studere anonym byggeskikk som grunnlag for nyskaping innen arkitekturen. Interessen for vestnorsk byggeskikk kom til uttrykk i arkitektenes sterke engasjement innenfor fortidsvernet, gjennom oppmålings- og restaureringsarbeider og i deres agitasjon for en bedre byggeskikk på Vestlandet. Bergensskolen videreførte et arkitekt- og bevaringssyn med røtter i den engelske Arts and Crafts-bevegelsen og framstod som et alternativ til funksjonalismen, tidens modernistiske byplanidealer og kravet om mer standardiserte og industrielle byggeformer. Som denne boken tydelig viser, var det ingen tilfeldighet at Helland-Hansen takket vennlig nei til å bli partner med Erling Viksjø (1910–1971), men heller søkte arbeid hos den kanskje mest markante av Bergensskolens arkitekter, Frederik Konow Lund (1889–1970).


Boken gir viktig innsikt i Helland-Hansens liv og virke og i hvordan kunnskap om eldre norsk byggekunst, ervervet gjennom omfattende studier og praktisk vernearbeid, kan veves inn i et funksjonelt og tidsmessig formspråk. Det er altså ikke de store og prangende monumentalbyggene han etterlot seg, men de mer intime og «menneskelige» – både i form, funksjon og materialitet. Ikke minst ruver Helland-Hansens innsats som bygningsverner og restaureringsarkitekt, der han inntar en sentral plass ved siden av arkitekter som Kristian Bjerknes (1901–1981) og Johan Lindstrøm (1893–1958). Helland-Hansen overtok eksempelvis som leder av restaureringen av Håkonshallen etter Lindstrøm. I likhet med Lindstrøm var Helland-Hansen tydelig påvirket av folkelivsgranskeren Eilert Sundt (1817–75) som i avhandlingen Om bygnings-skikken på landet i Norge (1862) introduserte begrepet «byggeskikk», og som ropte et varsku om at internasjonal stilpåvirkning var i ferd med å viske ut den lokale og regionale byggeskikken. Boken løfter også fram Bjerknes og HellandHansens rolle i diskusjonen som førte fram til vedtaket i 1963 om at Bryggen skulle bevares. De argumenterte mot at Bryggen skulle tilbakeføres til tiden før 1702, og representerte med dette prinsipper og retningslinjer for konservering og restaurering som har sitt utspring i den engelske kunstkritikeren John Ruskins bevaringsfilosofi fra midten av 1800-tallet. Det historiske ekvivalensprinsipp som sier at alle perioders tilføyelser til en bygning må ses på som like verdifulle, ble senere nedfelt i et internasjonalt charter om bevaring og restaurering av kulturminner og historiske steder (Venezia-charteret), vedtatt av ICOMOS i 1965. Denne rikt illustrerte boken om Peter Helland-Hansens virke som arkitekt – fra han som nyutdannet fullførte sin

diplomoppgave om byggeskikken i Nordfjord, til han så potensialet i å bygge Troldsalen mellom bergknausene ved Edvard Griegs villa – underbygger hans unike posisjon som en av de siste av arkitektene i Norge som på en forbilledlig måte praktiserte og videreformidlet den dobbelte målsettingen i Arts and Craftsideologien: «gjennom å bevare skal arkitekten skape».

Bergen, mai 2021 Carolyn Ahmer

7


Troldsalen, bygd i 1985, er varsamt plassert oppom komponisthytta til Edvard Grieg på Troldhaugen.

8


9


Sætervegen 6, bygd i 1957.

10


11


Sæten-tunet i Loen før utskiftinga. Teikna av Peter etter eit gammalt foto. Frå diplomoppgåva. Arkivet etter PHH.

50


Øvst: Tunskisse Riise, Stryn, mot nord. Nedst: Skisse frå Hildestølen, Innvik. Frå diplomoppgåva. Arkivet etter PHH.

Øvst: Plan av tunet på Reme, Innvik. Nedst: Stova på Muri, Olden, plan og fasadar. Frå diplomoppgåva. Arkivet etter PHH.

51



VESTL ANDET K ALL A

Sommaren 1950 er det tolv år sidan Peter forlét Bergen for å bli student. No kjem han tilbake. Endeleg får arkitekt Frederik Konow Lund den assistenten han har venta på så lenge. Peter, Cally og vesle Elisa flyttar til Helleveien i Ytre Sandviken, eit bustadområde som er under utbygging. Den nytilflytta arkitekten må ha gjort seg til kjenne i nabolaget. I løpet av 50-åra teiknar han seks nye einebustader her.1 Arkitektonisk har ikkje Bergen endra seg så mykje på dei åra Peter har vore vekke. Byggeaktiviteten var liten under krigen, men mange blei huslause etter bombing, og no, ved inngangen til det nye tiåret, er bustadmangelen prekær. Bergen manglar mange tusen boligar, ingen annan by her i landet har større husnaud. Fleire tusen bur i provisoriske brakker, endå fleire lever altfor trongt i små trehus i sentrum. Landås er det første området som blir sett av til ny bustadbygging. Her skal det byggjast flest mogeleg moderne blokker på kortast mogeleg tid.2

Arkitekt Frederik Konow Lund teikna dette sommarhuset for skipsreiar Wallem i Erviken. Peter henta både lærdom og inspirasjon som assistent på dette prosjektet. Utgangspunktet var ein funkisvilla av Leif Grung som vart totalt ombygd i åra 1955–57.

69


TROLDSALEN

«Det låter lite fristende, kanskje, for et arkitektteam å få til oppgave å lage en bygning som skal bli mest mulig vanskelig å se. Men arkitektene Peter Helland-Hansen og Sverre Lied synes å ha funnet glede nettopp i den delen av oppgaven. Litt rart kanhende, fordi de to ellers ikke har laget noe det er grunn til å skjule.»26 Morgenavisen i Bergen har fotografert dei to arkitektane saman med modellen av Troldsalen. Kong Olav opna den nye kammermusikksalen ved komponistheimen på Troldhaugen 25. mai 1985. Elisa, den eldste dottera til Peter og Cally, fortel at ho hugsar faren streva med å finna den rette løysinga på denne oppgåva. Han sat oppe natt etter natt, og ein morgon kom gladmeldinga: «Nå har jeg det!» Utforminga av Troldsalen er Peter sitt grep, men det var Sverre Lied som fullførte bygget. Peter døydde eit halvt år før arbeidet var ferdig. «Dette var det siste far gjorde, og det er fint at dette prosjektet vart så vellukka», seier Elisa Helland-Hansen. Det var Peter som fekk i oppdrag å planleggja ny konsertsal på Troldhaugen. Han inviterte Sverre Lied med i arbeidet. Styret for Troldhaugen ønskte seg ein konsertsal som i det ytre «fremtrer med tilstrekkelig ydmykhet overfor de særdeles ømfindtlige omgivelser – samtidig som den i sitt indre kunne gjenskape noe av intimiteten i de gamle stuer», skriv Johan Severud i BT under tittelen Troldsalen og fedrene.27 Som styreformann og leiar av byggeprosessen har han fått mange godord for arbeidet. No vil han minna om arkitekten sitt farskap til prosjektet: «Kimen til Troldsalen ligger i den ideskisse som Peter Helland-Hansen hadde utarbeidet på styrets oppfordring (…) [U]ten den skapende ånd som arkitekten har lagt inn i sitt byggverk, kunne Troldsalen aldri ha presentert seg så overbevisende vellykket som den gjør.» Peter grubla lenge på korleis den nye kammermusikksalen kunne plasserast utan å forstyrra det opphavlege miljøet på Troldhaugen.

82


83


88


Planteikning av Troldsalen signert Peter Helland-Hansen og Sverre Lied. Arkivet etter Sverre Lied/Bergen byarkiv. Peter Helland-Hansen og Sverre Lied vart vener i studietida og arbeidde som kompanjongar i Bergen frå 1950 og så lenge dei begge levde. Troldsalen var deira siste felles prosjekt. Lied måtte fullføra arbeidet då Peter døydde i 1984. Arkivet etter Morgenavisen/Bergen byarkiv.

89



MEISTER FOR D E T L Å G M Æ LT E O G T I D L AU S E H U S E T

13. juni 2017 var det hundre år sidan Peter Helland-Hansen vart fødd. Borna hans feira først hundreårsminnet med å laga ei bildebok som presenterer 16 av einebustadene han teikna.1 Så, ein laurdag i september same året, drog dei på tur i lag for å sjå nokre av husa til faren. I ein full minibuss farta born, svigerborn, nokre barneborn og vener frå adresse til adresse, på oppdagingsreise i spora etter arkitekten. Femten menneske velta ut or bussen kvar gong han stoppa. Snart aula det med folk rundt huset. Fleire stader hadde dei avtale med eigaren om å få koma inn. Før denne fellesturen og arbeidet med bildeboka, hadde familien lite kjennskap til Helland-Hansen sine mange bustadhus. – For meg var pappa ein arkitekt som stelte med kyrkjer og med restaurering. At han teikna så mange einebustader, har ikkje vi i familien heilt teke inn over oss før no. Det var ei gåve å få sjå desse husa vi ikkje visste om, seier eldste dotter Elisa.

Søreidneset 9, bygd i 1964.

93


Sølvberget 10, bygd i 1967. Opprinneleg interiør i Sølvberget 10. Foto: Elisa HellandHansen i 2017.

126


Einebustad for Peter Frølich, Sølvberget 10. Arkivet etter PHH/Bergen byarkiv.

127


GJORDE HÅKONSHALLEN TIL BYENS STORSTOVE

Det første restaureringsoppdraget Peter fekk, var både stort og svært krevjande. Han skulle leia arbeidet med å restaurera sjølvaste Håkonshallen, steinhallen frå mellomalderen som hadde stått skamfaren og utan tak på Bergenhus festning sidan eksplosjonen på Vågen 20. april 1944. Arkitekt Johan Lindstrøm hadde vunne konkurransen om restaurering, men då han døydde i 1958, vart Peter beden om å ta over ansvaret. Han gjorde jobben saman med Lindstrøm sine søner Claus og Jon, som begge var nyutdanna arkitektar og trong ein meir røynd kollega å støtta seg til. Kong Magnus Lagabøte gifta seg med prinsesse Ingebjørg av Danmark i Håkonshallen 11. september 1269.1 Samstundes vart dei begge krona, og etterpå var det fest med eit par tusen gjester i kongsgarden. Den nye steinhallen raga i landskapet. Kongen sine arkitektar hadde levert etter siste mote. Resultatet var storslått: Hallen var høgreist, gotisk, med spisse takgavlar, vindauge høgt oppe på veggen, himmelstrebande bogar, farga glas og himmelsk lysinnslepp på dagtid. «[H]er var det ikke spor av den mer trauste, romanske stilen som hadde regjert landet til da – inspirert av og utført av britiske håndverkere og byggherrer.»2 Utover i mellomalderen sette både brannar og forfall sitt preg på det ein gong så staselege festlokalet, og frå 1683 var Håkonshallen degradert til kornkammer. Det var målaren J. C. Dahl som først tok initiativ til å henta hallen fram frå gløymsla. Han var med på å skipa Foreningen til Norske Fortidsmindemerkers Bevaring, og i 1873 tok foreininga på seg å restaurera steinhallen. Arkitektane Christian Christie, Peter Blix og Adolph Fischer stod for restaureringa i åra 1880–1895. Bygningen vart tilbakeført til slik han stod kring 1580. Inne vart hallen noko seinare dekorert Etter restaureringa 1958–1961 vart Håkonshallen storstove i Bergen by. Foto: Rune Berentsen/ Bergens Tidende.

132



Håkonshallen vart gjenopna i 1961, nesten på dagen 700 år etter bryllaupet til kong Magnus og dronning Ingebjørg. Den restaurerte hallen med sitjeplass til 500 har sidan vore ei storstove i byen, eit rom for høgtidelege samkomer, eit ettertrakta konsertlokale og museum. Bergensarane er stolte av denne landets største verdslege bygning frå mellomalderen. Sommaren 2020 kåra lesarane til Bergens Tidende Håkonshallen til byens flottaste bygning.6 Dei siste restaureringsarkitektane må kunna ta litt av æra for det.

Langsnitt av Håkonshallen, sett mot vest. Arkivet etter PHH/ Bergen byarkiv. Teikning av golvet i Håkonshallen. Arkivet etter PHH/Bergen byarkiv.

136


Teikning av fasaden mot sør med nytt inngangsparti. Arkivet etter PHH/Bergen byarkiv.

137


158


E I N D I P L O M AT I S K AKSJONIST

Denne boka handlar om ein arkitekt som var lidenskapleg oppteken av kulturarven. Peter Helland-Hansen dyrka kjærleiken til kulturminna som restaureringsarkitekt, og den djupe interessa for eldre byggeskikk gjennomsyra arbeidet hans med ny arkitektur. I tillegg sette han markante spor etter seg som fortidsvernar. Han var blant dei første som aksjonerte for å verna trebyen Bergen, og det er på tide å gje Helland-Hansen hans rettmessige del av æra for filosofien bak restaureringa av Bryggen. – Riv rukkelet, ropa mange etter at delar av Bryggen brann i 1955. Det fekk verneinteressene til å vakna. Alt i august same året kom det forslag om istandsetting av den attståande bryggerekkja.1 Planen var utarbeidd av arkitektane Peter HellandHansen og Kåre Frølich saman med byggmeister Per Grimestad og med Bjarne Aasheim som teknisk assistent. Dei gjorde jobben på oppdrag av Fortidsminneforeningen si bergensavdeling, Peter Helland-Hansen sine diplomatiske evner kom til nytte i den vanskelege diskusjonen om vitalisering av Bryggen.

159


Hanseatisk museum og Riksantikvaren. Bergen kommune la vekk innspelet utan realitetshandsaming. I 1958 brann det endå ein gong på Bryggen. Etter kort tid kom det fire alternative forslag på bordet: 1. Regulering og vern av heile området. 2. Full sanering, men med flytting av dobbeltgardane. 3. Full sanering av heile området. 4. Regulering og vern, men med sanering av alle bygningane i bakre delen. Diskusjonen var langvarig og vanskeleg, men i 1963 vart det landa eit vedtak: Bryggen skulle vernast, men noko riving kunne tillatast av brannvernomsyn. Arkitektane Peter Helland Hansen og Kristian Bjerknes var sentrale i diskusjonen som leia fram til dette vedtaket. Frå Stiftelsen Bryggen vart etablert i 1963, sat Peter og Bjerknes i styret saman med arkeologen Asbjørn Herteig, som var styreformann. Dei utforma det restaureringssynet som vart gjeldande, presenterte prinsippa for restaurering og laga retningsliner for det omfattande arbeidet. Konservatorane ville tilbakeføra Bryggen til slik husa stod før brannen i 1702. Det var dei to erfarne restaureringsarkitektane usamde i. Dei sverma ikkje for det opphavlege, dei ville, i respekt for historia, visa bygningane med dei endringane og den slitasjen tida hadde gjeve dei. Dei ivra for vern gjennom bruk, var villige til å tilpassa delar av kulturminnet Bryggen til ynsket om kommersiell bruk og meinte det var mogeleg utan at autentisiteten til kulturminnet vart borte. Her handla det om å balansera børs og katedral. Peter var kjend for å vera ein meister i å formulera gode kompromiss, han var god til å mildna partar som var i konflikt. Med sitt milde vesen og si faglege tyngde naut han stor respekt. I diskusjonen om restaureringa av Bryggen medverka han til eit samlande vedtak som alle er glade for i dag. Han gjekk etter kvart ut av styret og inn i fagutvalet, der han var rådgjevar under restaureringa, framleis saman med Kristian Bjerknes og Asbjørn Herteig. Hans Jacob Hansteen, som var direktør i Stiftelsen Bryggen frå 1965, har uttrykt stor glede over dei mange stimulerande og korrigerande impulsane han som leiar fekk

i drøftingar med fagutvalet, der særleg Peter var ein høgt skatta mot- og medspelar i den lange og vanskelege vitaliseringsprosessen.2 Peter sine diplomatiske evner kom også til nytte i dei endelege forhandlingane om utforminga av SAS-hotellet. Utbyggjarane ville ha ein moderne og kompakt bygning heilt fram mot gata. Saman med Herteig la Peter i 1978 fram skissa som løyste ein hard floke og enda med rekonstruksjon av bryggerekkja framom eit nybygg i mur.3 Året etter fekk Bryggen plass på verdsarvlista til Unesco. Med ein annan hotellfasade kunne verdsarvstatusen ha gått fløyten. Alt sommaren 1946, medan han var i Nordfjord for å jobba med diplomoppgåva om eldre byggeskikk, tok Peter på seg oppdrag for «foreningen med det lange navnet».4 Det var slik han omtala Foreningen til Norske Fortidsminnesmerkers Bevaring. Han gjorde oppmålingar av verneverdige bygg i Nordfjord og i Sunnfjord. Kontakten hans til denne foreininga gjekk gjennom arkitekt Frederik Konow Lund og professor i kunsthistorie Robert Kloster, begge godt vaksne, erfarne kulturpersonlegdomar som unge Helland-Hansen tidleg må ha kjent eit åndeleg slektskap med. Peter følgde i deira fotspor inn i det som i dag heiter Bergen lokallag av Fortidsminneforeningen. Frå 1951 til 1970 var han med i styret som aktivt engasjert varamann, styremedlem, viseformann, og dei to siste åra som formann. I denne perioden gjekk bergensavdelinga frå å vera ein lukka eliteklubb til å bli ei aktiv foreining med mange medlemer og stor aktivitet. Peter får mykje av æra for denne snuoperasjonen. Han tok mange initiativ, han sytte for at nye idear vart realiserte, og i hans tid opplevde bergensavdelinga å bli ein aktør som vart lytta til i debatten om byutviklinga. Frå 1971 til 1978 var Peter medlem av hovudstyret i Fortidsminneforeningen.5 Kulturminnevernet vart både utvida og fornya i hans tid. Ei aukande interesse for arkitektur- og miljøvern vaks fram frå tidleg på 1970-talet. Det europeiske arkitekturvernåret 1975 hadde som program å vekkja interesse for kulturarven og å sikra bygningsvern. Saman med Kristian Bjerknes og Asbjørn Herteig utforma Peter prinsippa for restaurering av Bryggen.

160


161


I 1957 tok Peter initiativ til ein aksjon for å setja farge på triste bystrøk. Arkitektar gav råd om fargebruk og mange sentrumsgater vart måla i nye, friske fargar. Cally, som ofte engasjerte seg i arbeidet til Peter, fargela opprissa hans av dei aktuelle gatene, som her i Sverres gate. Arkivet etter PHH.

162


163


Eva Røyrane (f. 1956) bur i heimbygda Ølve i Kvinnherad. Som journalist i Bergens Tidende frå 1987 til 2013 skreiv ho mykje om bygdeliv, arkitektur og bygningsvern. Ho har blant anna også jobba ved NRK sitt distriktskontor i Sogn og Fjordane og ved Universitetet i Bergen. Røyrane har tidlegare gjeve ut bøkene Ei reise i Hardanger, Arkitekturguide Bergen, Fabrikkbyane i Hardanger – Husa i industrilandskapet, salssuksessen Norges låver (SKALD 2014 ), Av stein (SKALD 2017 ), Klyngetunet. Den norske landsbyen (SKALD 2018 ), Byuniversitetet i Bergen (SKALD 2018 ) og Vestlandshus. Våningshus frå Jæren til Sunnmøre (SKALD 2020 ).

Foto: Oddleiv Apneseth (der ikkje anna er nemnt)

Grafisk form: Silje Nes – Stipla Font: Basic Sans, FreightText Pro Papir: Munken Lynx 130 g, Arctic Volume Ivory 130 g Trykk og innbinding: Livonia Print

SKALD 2021 www.skald.no ISBN 978-82-7959-332-4


177


E VA RØYR ANE

A R KITEKT PE T E R HELL A ND-H AN SEN

Denne boka fortel historia om arkitekten, restaureringsarkitekten og vernaren Peter Helland-Hansen. Han teikna tidlause einebustader, restaurerte våre vakraste kyrkjer og gjorde Håkonshallen til storstove i Bergen. Han aksjonerte tidleg for vern av trehusmiljøa i Bergen, og hans kløkt og milde diplomati kom til nytte i vitaliseringa av Bryggen. Som rådgjevar bidrog han til vern og fornying i universitetsområdet på Nygårdshøyden. Interessa for eldre byggeskikk låg i botnen for alt Helland-Hansen gjorde. Når han teikna nye hus, var han oppteken av samspelet med landskapet; når han restaurerte, var det viktig for han å gjera synleg korleis bygningen hadde utvikla seg. Kvar sommar gjekk turen til familien sin feriestad i Olden der han hadde sommarkontor i ei gammal Nordfjord-stove. ISBN 978-82-7959-332-4

SKALD

A R K ITEKT PE T E R H ELL A ND -H A N SEN

E VA R ØY R A N E


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.