ISB N 7 8 - 82-7959 -30 8 - 9
S KALD fo rlag Postboks 61 6861 LEIKA NGER
Prosjekt leiar: Ole Jo hannes Øv retveit B okut forming: Ivar Høy v ik / Rakkar Trykkeri : Livo nia print Pa pi r : Mu nken Ly nx 130 g Skr i ft: Adelle PE Regular 10/16
FOTOG RAF DER IKK JE AN NA ER OPPLYST: Ole J. Øv retvei t: Side 17, 22, 24, 39, 45, 56, 59, 63, 64 , 67, 6 8 , 74 , 87, 9 0, 95, 99, 1 00, 1 01 , 1 05, 1 09, 1 1 1 , 1 41 , 142, 146, 148, 149, 159, 184, 189, 190, 192 , 19 6 , 200, 206 og om s l ag ba ks ide. Eli Drage : Oms lag frams ide, s ide 5, 61 , 85, 115, 125, 1 3 1 , 1 35, 1 39, 1 51 , 1 53 , 1 55, 1 57, 179 og 1 8 1 . His tor is k/privat: S ide 10, 11 , 12, 14, 21 , 27, 28, 53, 1 28 og 1 4 5. Remi Rygg : Side 35, 43, 51 , 71 , 77, 83, 97, 103, 113, 167, 1 87 og 205 Olav Reiakvam: Side 73.
OLE JOHANNES ØVRETVEIT
H A R D E TA K O G STORE PENGAR
S O G A
O M
OLA DRAGE
Eg trur ikkje eg nokon gong har kvidd meg pĂĽ ĂĽ sette i gang med noko
OLA DRAGE
29
år gamal fekk Ola Drage tilslaget på ein av dei største entreprisane i Førde nokon gong. Ingen var i tvil om at han kom til å greie det. Og det gjorde han med bravur – og tente gode pengar på det. Kva var det med ungguten som kom feiande inn i Førde og på få år etablerte seg som ein av dei største entreprenørane i fylket? Hans eige svar er: «14 timars arbeidsdagar. Arbeidsglede.» Men det er meir enn berre det. Ola Drages geni gjev seg uttrykk på så mange vis, i alt frå glitrande vakre finsnikkararbeid til vakre terreng- og parkanlegg og samfunnsbygging. I tillegg har han tatt sjansar som for oss andre verkar hårreisande. Men for han var dei kanskje ikkje det. For Ola Drage landa alltid på beina. Han fekk alltid maksimalt ut av alt. Og gjekk det gale, så fekk han det til likevel. Ola Drage gir seg aldri.
Der har du Ola. Det der er Ola Drage i eit nøtteskal. Han skal alltid ha maksimalt ut av alt Eli Drage, kona til Ola
INNHALD
M O R O G FA R PÅ B A R N D O M M E N S T U F T E R ARBEID, ARBEID, ARBEID 10
NOGEN I DET MESTE 16
BLODSLIT I STORM OG KULING 26
T I L M I N N E O M E I N K ATA S T R O F E 36
N O K O H E I L T F O R S E G S J Ø LV 44
E I N G U L L G R AV A R , M I D T I K L O N D Y K E 52
L I V ET I S M Ø R AU G ET 64
SJEF I ARBEIDSKLEDE 72
TEMPO, TEMPO! 78
KONFLIKT 84
DRAGES HØGRE HAND 88
T I Å R T I L Å O P P F Y L L E D R AU M E N 92 98 104
DET FØRSTE STORE BYGGET UTBRENT DU SA IKKJE BØ! TIL OLA DRAGE 110
ETTER SMELLEN 114
MED LIVET I HENDENE 120
NI LIV 122
PUSTEHOLET 124
LOGIKK OG POLITIKK 130
EIN NAIV NYRIKING I EIT ROTTEBØLE 144
GENERASJONSSKIFTE 160
A LT M O G L E G M A N N E N 168
KUNSTEN Å BYGGE EIT KVERNHUS 176
Å IKKJE GJE SEG 178
TIL DU EIN DAG STUPER
180
SLUTTEN
188 198 206
og pissa ut glaset. Men ei natt var det kø, og bror min Gudmund kom i krise og greidde ikkje halde seg, så han treiv ein kopp og pissa i den! Ola ler og slår seg på låra: – Og i mange, mange år etterpå, så lenge den koppen eksisterte, var det ingen som ville røre den. Den måtte Gudmund bruke. Pissekoppen, den er din, sa vi. Gudmund var veslebror til Ola, to år yngre enn han. Storebrørne Håkon og Mathias var fire og fem år eldre, så det var stort sett Ola og Gudmund som heldt seg i lag. – Og midt i andre etasje, bak holet der trappa kom opp, var det akkurat plass til eit halmleie, viss du la det heilt bortunder skråtaket. Der fann Mathias på at han skulle ha rom. Sitt eige rom, liksom. Så han laga seg til der oppe. Neste dag var broren av stad og fann seg ein hammar: – Han skulle slå flate dei spikrane som stakk gjennom taket, for han slo hovudet oppi dei når han snudde seg om natta. Dette var spikrane som takhellene var festa til sutaket med. Dette var altså einerommet: Ein krok bortunder taket, på eit uhøvla golv, med berre eit fjølelag og taksteinane mellom seg og vinterfrosten. Brått får han auge på døra inn til sauefjøsen, ei låg dør under låvebrua, kanskje 1,20 høg. Han spring bort, kjenner på døra, men den er låst: – Jau, her, skjønar du, akkurat her stod eg då faderen hogg tak i meg den einaste gongen eg fekk skikkeleg juling: – Det var ein laurdag, og far hadde nok ikkje ønskt seg akkurat den dagen og det gjeremålet, men det var noko som av og til berre måtte gjerast, og det var å få ut sauetallen. Veit du kva talle er? I den fjøsen var det kanskje ei seksti under taket. Problemet var at etter kvart som sauane skeit og trakka driten ned i golvet, vart det lågare og lågare under taket. Golvet vart eit stadig tjukkare lag av hardtrakka saueskit, armert med grasstrå som dei trakka nedi. Det er talle. Og den måtte ein reinske ut av og til. Og i den massen der, der måtte du slite hardt for kvart tak med greipet. Det var nesten håplaust å få laust svineriet. Og i tillegg står du krumbøygd, og ryggen verker verre og verre. Medan faren stod krumbøygd og sleit med faenskapen, gjekk Ola og Gudmund rundt han og gneka og krangla og småslost.
20
SOGA OM OLA DRAGE
FAMILIEN DRAGE, 1950: F.v.: Far Gunnar. Bak: Mathias, Håkon og Astrid. Framme: Gudmund, Ola, mor Jenny med dåpsbarnet Ingebjørg på fanget.
SOGA OM OLA DRAGE
21
ARBEID, ARBEID, ARBEID
– SKAL EG SUMMERE OPP LIVET MITT I EITT EINASTE ORD, MÅ DET BLI « ARBEIDSGLEDE » .
Eg har alltid hatt glede av å jobbe. Spør du meg korleis eg er komen der eg er i dag, så er svaret fjorten timars arbeidsdagar. Kjekke dagar. Og dagar fylt av arbeid, det har Ola hatt så lenge han kan hugse. – Eg hugsar inderleg vel dei første pengane eg tente: – Eg hadde ein kålrabiåker som eg sådde tidleg på våren. Eg hadde spadd opp åkeren sjølv, sådd frøa, tynna, eg gjorde alt. Dei fekk den gjødsla dei trong, og meir til. Kålrabiane vart kjempestore. – Du veit, når kålrabiar blir veldig store, så hender det at dei sprekk inni? Eg hadde fleire som var sprukne, og ein var så stor at den var sprukken i fire delar, det vart på ein måte fire kålrabiar under ein plante. Og då eg endeleg fekk slite opp den, så låg der ei musemor med ungar under. Og kålrabiane fekk han selt: – Eg gjekk opp til han Halse-Julius, vi kalla han det fordi han budde oppe i Halsen. Han var så hjulbeint at du kunne tredd han inn på ei tønne. Han var ein snill, kjekk, gamal kar. Og Halse-Julius ville kjøpe kålrabi.
26
SOGA OM OLA DRAGE
B ORN I ARB E I D i slodungane ved Furebuda på Leikong.
SOGA OM OLA DRAGE
27
T I L M I N N E O M E I N K ATA S T RO F E
EIN KRIGSKATASTROFE SKULLE BLI OPPTAKTA TIL OLA DRAGES FØRSTE STORBYGG : ERVIKA KAPELL.
30. september 1943 var hurtigruteskipet Sanct Svithun på veg sørover frå Ålesund med 123 menneske om bord. Klokka 18.45 vart skipet angripe av seks britiske bombefly, som sleppte bomber og pepra henne med maskingevær. Dei trudde at 50 tyske soldatar var om bord, men dei var gått i land i Ålesund. Ei bombe trefte skipet og sette det i brann. Kapteinen sette skuta på land ved Kobbeholmen utanfor Ervik i Selje. Framskipet vart hengande på eit skjer, medan akterskipet nokså fort glei under vatn. Bygdefolket i Ervika oppdaga fort kva som heldt på å skje og la ut med robåtar for å redde i land flest mogleg av passasjerane. – Dei fekk opp ei line mellom vraket og Kobbeholmen, og der gjekk passasjerane handgang langs lina inn til holmen. Men skipet låg og slo og rykte i lina, så det var mange som mista taket og datt i sjøen, fortel Ola, som har høyrt historiene frå folk som sjølv var med under redningsaksjonen. – Dei låg i robåtane og venta på bårene, gjekk inn til holmen når det var mogleg, nokre sekund, fylte opp båtane med folk, rodde til land med dei, og sette ut att. Men mørket kom sigande, og til slutt måtte ein innstille aksjonen for kvelden.
52
SOGA OM OLA DRAGE
HE R MI STE 47 menneske livet. Vraket vart liggande og slå i brenningane i nokre dagar, så glei det ut på djupet. Mannen på bildet er mest sannsynleg Haldor-Sverre, som sat ute om natta med ei lykt for å halde mot i dei som framleis var om bord.
SOGA OM OLA DRAGE
53
56
SOGA OM OLA DRAGE
OVER ALT Ola går i Ervika treff han gamle kjende. Her Magnhild Stave på veg til kyrkje.
SOGA OM OLA DRAGE
57
N O K O H E I LT F O R S E G S J Ø LV
I ERVIKA SKULLE OLA HA MESTEPARTEN AV FRITIDA SI RESTEN AV LIVET. FOR DENNE BYGDA ER NOKO HEILT FOR SEG SJØLV.
For det første ligg den no heilt for seg sjølv, i munningen av den 10 km lange Morkadalen som stikk frå vasskiljet på Stadlandet og ut til havet, der ein kilometer sandstrand blir prylt og vaska av det aldri kvilande Stadhavet. Men Ervika skil seg ut på så mange andre måtar. Der andre tenker på snølast på taket og varmekablar i oppkøyrsla, er det stormen og sandfoket som er den store utfordringa for huseigarane i Ervika. – Flygesanden kjem med vinden liksom snøfok og trenger inn i den minste sprekk. På mørkeloftet her i huset kunne eg fint sopt saman spader med sand som har blåse inn mellom takhellene, fortel Dagfred Berstad. Han er fødd og oppvaksen i Ervika, og var gjennom seksten år Olas våpenbror i kampen mot styresmaktene og inngrepa i Ervikvatnet. Den saka kjem vi tilbake til seinare.
64
SOGA OM OLA DRAGE
SOGA OM OLA DRAGE
65
E I N G U L L G R AVA R , M I D T I K L O N D Y K E
DÅ KAPELLET I ERVIKA VART PÅBEGYNT, HADDE OLA, FAREN OG BRØRNE GUDMUND OG MATHIAS DRIVE SOM ENTREPRENØRAR I OMRÅDET PÅ OG RUNDT STADLANDET I EITT ÅR.
Eli hadde flytta til Stadlandet, ho og Ola gifte seg 10. april 1968, og dei fekk sonen Hans 30. desember 1968. Men bergensjenta Eli treivst ikkje på Stadlandet. Det vart stadig klarare for det unge paret at dei måtte flytte. Men kvar hen? Påska 1969, medan arbeidet på Ervik kapell var i full gang, reiste dei til Bergen for å besøke foreldra til Eli. Turen frå Stadlandet til Bergen var ein dryg dagsetappe den gongen, elleve timar på svingete grusvegar. Pluss at det skulle skiftast bleier på fire månader gamle Hans, tåteflasker skulle varmast, og dei vaksne skulle no og sjølv ha mat. – Vi hadde med oss teppe og nistepakkar og termosar med varmt vatn til både det eine og det andre, det var ein heil ekspedisjon, minnest Ola. Halvvegs, på rasteplassen ved Fossesvingen i Halbrendslia i Førde, tok dei ein rast med mat og kaffi. Her sat dei litt oppe i høgda, i nydeleg vêr med flott utsikt utover heile Førde.
72
SOGA OM OLA DRAGE
FØRDE 1970.
SOGA OM OLA DRAGE
73
– Til slutt vart det avtalt eit møte på Førde Hotell rett etter nyttår 1970. Det møtet gjekk fort og greitt, og det vart gjort avtale om at eg skulle kjøpe selskapet for 150.000 kroner. 15.000 i årlege rater i ti år. Avtalen vart gjort og underskriven i same møtet. Overtakinga skulle ikkje skje før til sommaren. Det Førde Ola Drage køyrde gjennom i 1969, og kjøpte eit entreprenørfirma i i januar 1970, var ei søvnig jordbruksbygd med 4600 innbyggarar, dei aller fleste busette på gardar rundt om i grendene. Men det skulle veldig snart endre seg. Kommunen hadde i årevis prøvd å få etablert ein skikkeleg industriarbeidsplass, som kunne trekke folk og investeringslyst til bygda. Både ein skipsmotorfabrikk og ein elbilfabrikk (!) var nesten på plass, men havarerte undervegs. Våren 1970 lukkast det. Ankerløkken verft bestemte seg for å bygge eit skipsverft i Førde, ein arbeidsplass som på det meste sysselsette 400 personar. Dette vart starten på eit skred av etableringar. I 1979 fekk Førde ein ny, gigantisk vekstimpuls: Sentralsjukehuset stod ferdig, med tusen nye arbeidsplassar. På tjue år dobla innbyggartalet i Førde seg, og det vart eit handelssenter for heile Sogn og Fjordane. Som Olas gamle ven Ottar Starheim skreiv i Fylkesleksikonet: «Vekstsenteret Førde kunne lokke med 35 prosent etableringstilskot og gunstige DU-lån. Statlege lån og garantiar gjorde at det i eit par tiår nærmast var risikofritt å etablere ny verksemd i Førde og andre stader i utkantfylket Sogn og Fjordane.» Dei neste åra skulle byggeaktiviteten i Førde eksplodere, og entreprenørane var få. Var det ein stad du skulle vere i Norge i 1970, så var det i Førde. Og var det ein ting du skulle vere, så var det entreprenør. For ein ung bygningsmann som kunne sitt fag og var villig til å jobbe dag og natt, var det mogleg å bygge seg ein formue. Ola Drage var hamna midt i smørauget.
76
SOGA OM OLA DRAGE
S L I R E R i lêr Merk dekoren. Du ser kva for ei som er Eli si. Slirene fekk eg tilpassa så nøyaktig at kniven glir på plass med eit knepp.
SOGA OM OLA DRAGE
77
DRAGENS HØGRE HAND
JAN OVE MULEN HAR VORE OLA DRAGE SI HØGRE HAND I FLEIRE TIÅR. HAN BEGYNTE I FIRMAET I 1978:
– Det første prosjektet eg var med på, var Innlegda. Eg var vel nærast ein læregut. Det vart ein hard start på yrkeslivet: – Frå Innlegda hugsar eg at dei første månadene var det vanvitig med regn, og så snudde det og vart vanvitig kaldt. Det er utruleg at eg fortsette i bransjen, at eg ikkje tok til vit då. Ola gjorde inntrykk frå første dag: – Han var ein utruleg engasjert sjef, og ualminneleg rasjonell i måten han la opp arbeidet på. Det å tenke ut praktiske løysingar, det har han alltid vore utruleg flink med. Han såg aldri eit problem, han var så kreativ på den fronten at det var heilt utruleg. Utstyret dei hadde å hjelpe seg med, gjorde og inntrykk på Mulen. – Ola har alltid vore flink på at vi hadde utstyr som gjorde at vi jobba lett og rasjonelt. Mellom anna den vesle mobilkrana. Hadde vi ikkje hatt den, hadde eg vore utsliten for lenge sidan. I 1984 gjekk Jan Ove ut og starta sitt eige firma, men han vart nokså snart leigd inn att til ymse Drage-prosjekt, og etter fem-seks år var han tilbake på løningslistene i O Drage AS. Sidan det har han jobba som arbeidsformann på byggeplassane. Ola nemner gong etter gong Jan Ove som ein avgjerande mann å ha med på laget.
98
SOGA OM OLA DRAGE
GODE VENER og kollegaer: Jan Ove Mulen og Ola.
SOGA OM OLA DRAGE
99
UTBREND
BYG G ESTART: April 1993.
DET SOM GÅR OPP, DET K JEM TIL SLUTT NED. SJØLV FOR OLA DRAGE. OPNI NG SFEST: August 1993.
– På etterjulsvinteren 1992 fekk eg nyss om at Bjarne Vindheim, som eigde ein gard på Tefre, rett ved Sentralsjukehuset, kunne vere interessert i å selje marka si. Eg tok kontakt, og etter litt diskusjonar fekk vi kjøpt heile garden hans, det var nokre og tjue mål. Runnaleitet vart kalla indrefileten i Førde. Det ligg vakkert til ved elva Anga, avskjerma frå trafikk, men likevel med berre nokre hundre meter gangavstand til skule, barnehage, butikk og ikkje minst Sentralsjukehuset, den største arbeidsplassen i bygda. Dette var ein juvel som O Drage AS skulle omsette i pengar. Mykje pengar. – På denne tid var vi begynt å bygge for eiga rekning. Vi kjøpte areal, teikna einebustader og selde dei direkte til private kjøparar. Eg hugsar at spaden vart sett i jorda på femtiårsdagen min, den 16. mars 1993. Første byggetrinn på Runnaleitet var på fem hus. Arbeidet gjekk fint, men så skjedde det noko som tok meir og meir merksemd. Ola hadde vore i forhandlingar med møbelkjeda Idé om å bygge eit hus dei kunne leige. Men så blanda Ida Berqvam, ein annan stor næringslivsaktør i Førde, seg inn. Akkurat då Ola trudde han hadde fisken på kroken, snappa Berqvam den rett framfor nasen på han. Ho skulle bygge eit nytt bygg til dei nede i sentrum. Ola snudde
114
SOGA OM OLA DRAGE
SOGA OM OLA DRAGE
115
MED LIVET I HENDENE
RUNDT 1980 FEKK OLA DRAGE LYST PÅ EIN BIL. EIN SKIKKELEG BIL. EIN BIL FOLK IKK JE HADDE SETT MAKEN TIL. OG SÅ FEKK HAN LYST Å SETTE SINE BYGGEFERDIGHEITER PÅ PRØVE.
Ein dag såg han ein annonse i Bergens Tidende. Ein Mercedes 1938-modell halvkabriolet var til sals. «Restaureringsobjekt», stod det. – Ja, det kan du trygt seie. «Skrothaug» kunne dei godt ha skrive. Då eg kom inn i garasjen på Laksevåg der den stod, kunne du ikkje med ein gong sjå at det var ein bil, ein gong. Skjermane stod i nokre kassar, og resten såg ut som noko som ein gong hadde vore ein bil. 6000 kroner betalte eg for skrothaugen. – Men viss du hadde lyst på ein veteranbil, kunne du ikkje berre kjøpt ein som gjekk an å køyre med? – Det var ikkje det som var vitsen. Vitsen var å sjå om eg fekk det til igjen, om eg kunne forvandle dette vraket til bilen slik den var då den var ny. Aller først skrudde han det som var att av bilen fullstendig frå kvarandre. – Eg skrudde laus alt som kunne løysast med skruar, skrelte av absolutt alt, og så hadde eg ein traverskran som eg kunne løfte sjølve bilen opp med. Eg sette kroken ned i ramma på den og heiste den opp, så vart det lettare å komme til overalt. Så fekk eg sandblåse bilen, og så begynte eg sakte, men sikkert å bygge den opp att.
124
SOGA OM OLA DRAGE
VRAK: – Du kunne ikkje umiddelbart sjå at det var ein bil, ein gong.
SOGA OM OLA DRAGE
125
PUSTEHOLET
FRÅ KLOKKETÅRNET PÅ KAPELLET KASTA OLA MANG EIN GONG BLIKKET INN PÅ ERVIKVATNET OG DEN NYDELEGE STRANDA I BORTENDEN AV VATNET.
Haldor-Sverre tok han dessutan fleire kveldar med på laksefiske inne på vatnet. – Der fekk vi nokre fine fiskar, og du veit at det tente jo basillen i meg. – Den som kunne bygge seg ei hytte der, tenkte Ola. Turen gjekk rett heim til Torsten-Jonas, som eigde grunnen. – Jau, fader, den skal du no endeleg få. Viss du vil sitte borti den lynghaugen der, så gjerne for meg, sa Jonas. – Kva kjerringa seier om den saka, veit eg ikkje å svare på, men vi får no høyre med henne. Jau, kjerringa hadde det syn på saka at dei måtte ha tusen kroner for tomta, sopass at ein dekte frimerke og andre utlegg i samband med frådelinga. – Eg skal no greie det doble av det, og dessutan skal eg no ta med litt material no og då, så du kan spikre opp ei grind om det skulle trengast, sa eg. Så begynte fire års kamp for å få tomta frådelt. Mot byggenemnd, friluftsnemnd, landbruksstyret, kommunestyret og fylkesmannen. Og, ikkje minst, andre grunneigarar i området: – Det var nok litt fordi dei var klar over at eg var veldig interessert i å fiske i vatnet deira. Eg trur nok og at dei var redde for at eg skulle drive med tjuvfiske med garn i mørke sommarkveldar, men det har eg no korkje då eller seinare
144
SOGA OM OLA DRAGE
PÅ HTTTA: Ola og Eli på fjellet på Stadlandet i unge år.
SOGA OM OLA DRAGE
145
Over tusen gonger, har Eli rekna ut, har dei tatt den tre timars turen frå Førde til Ervika. – Fram til vi bygde vegen i 2003 var det berre to måtar å komme seg til hytta på: Ein kunne gå stien frå hovudvegen, ca 500 meter opp og ned gjennom lyngheiane, eller ein kunne gå med båt over Ervikvatnet. – Eg har bore alvorleg mange femtikilos sementsekkar i ryggsekk langs den stien. Det var ei steintrapp med litt høge trinn halvvegs på stien, og det har hendt meir enn ein gong at eg følte eg så vidt hadde krefter til å ta det siste trinnet opp den trappa. Etter kvart fann Ola på ein ny og litt mindre arbeidskrevande transportmetode: – Eg bygde meg ein flåte, med ein kubikkmeter isopor i kvart hjørne. Med den kunne vi køyre lass heilt ned til vatnet på bortsida, lesse det på flåten og frakte det med den til stranda ved hytta. Ola hugsar spesielt ein tur saman med far sin, då han støypte grunnmuren til hytta: – Då vi skulle ut til flåten, måtte vi vasse. Eg hadde vadarar på meg, men han hadde berre småsko. – Kom her, skal eg ta deg på ryggen, sa eg, og tok han under knea og bar han på ryggen ut til flåten. Då lo han, slik var han ikkje blitt boren sidan han var liten unge. Dei skulle ha med seg støypesand. Mest mogleg, sjølvsagt: – Eg spadde han så full av sand at fribordet var tjukna på flaken, og ikkje meir enn det. Men idet eg begynte å gå med påhengsen, så begynte vatnet å renne inn, og dess lenger eg kom, dess våtare vart sanden, og di djupare sokk vi. Men det gjekk. – Så var det ein gong eg skremte livet av Smalen. Der var to brør, som vart kalla Knuden og Smalen. Smalen var med på fleire transportoppdrag: – Ein gong skulle vi frakte taksperrene til hytta over vatnet. Dei hadde eg skore ut av rundstokkar, så dei var ganske store og tunge. Vi bar ei og ei i kvar sin ende, og det var så vidt vi greidde løfte dei. Då alle var komne på plass på
150
SOGA OM OLA DRAGE
SØKKL ESST: Ein helt vanleg transport over Ervikvatnet.
flåten, låg den ganske djupt i vatnet. Med det same vi la ut frå land, fekk vi breden (baugsjøen) inn på flåten, og då ropte Smalen: «Få flåten nærare land, eg er ikkje søm (eg kan ikkje symje)»! – Eg sa til han at «Du kan vere heilt sikker på at flåten, den søkk ikkje. Det einaste vi kan mysse, er lasta – og so deg, då»! I påska 1975 vart den første grunnmuren støypt. Fram til innflytting i pinsa 1977 var det ikkje mykje anna enn hytta som stod i hovudet på Ola: – Nesten kvar einaste veke dei to åra brukte eg å dra opp torsdag ettermiddag, med pickupen full av materialar, så jobba eg fredag og laurdag, og så køyrde eg heim laurdags kvelden. Søndagane har alltid vore heilage for oss. Ikkje heilage på den religiøse måten, men slik at den dagen hadde vi fri. – Men det å komme opp der med eit fullt lass med material, lesse båten til han nesten sokk, kile seg på plass ved årane mellom plankar og fjøler, spenne
SOGA OM OLA DRAGE
151
LOGIKK OG POLITIKK
– LOGIKK OG POLITIKK GÅR IKK JE ALLTID SAMAN, SA OLA TIL FIRDAPOSTEN I SEPTEMBER 1991.
Bakgrunnen var at Førde kommune hadde vedteke å flytte yrkesskulen frå sine dåverande lokale der Hafstad vgs. ligg i dag, til ei tomt på Indre Øyrane (der skulen ligg i dag). I tilknyting til skulen skulle det byggast ein storhall, stor nok til å romme messer og andre større arrangement. – Det einaste haldepunktet dei hadde der ute var møkavogna til Guttorm Berqvam. Det låg ingen ting der ute. Jau, Concord-bygget låg i gangavstand, og det var det som fascinerte mange politikarar. Eit høgteknologisk senter, kalla dei det. Men det var ikkje anna enn ei tilfeldig samanrasking av alt frå idrettskrins til fiskeriveterinær og ingeniørskule. Så Ola engasjerte seg. Han teikna og tilrettela ikkje berre heile byggefelt, men gjerne heile bygda på kjøpet. Han fekk teikna ei skisse og ein plan der alle vidaregåande skular i Førde skulle samlast med utgangspunkt i den gamle yrkesskulen, med tilhøyrande idrettspark, storhall og bru over Jølstra til Førdehuset. – Slik ville alle dei vidaregåande skulane i Førde bli samla på ein stad, med gangavstand innan eit friminutt til alt som fanst av idrettsfasilitetar og kulturtilbod i Førdehuset. Ola fekk støtte av bror sin, Håkon, som den gong var fylkesbyggesjef: – Han viste til eit rundskriv frå departementet, som sa at skilla som i dag var mellom
160
SOGA OM OLA DRAGE
VI SJONÆR: Ola Drage har aldri vore redd for å tenke store tankar.
SOGA OM OLA DRAGE
161
Når vedtaket først var gjort, var ikkje initiativtakarane seine i snuen: Våren 1981 var gravemaskinene på plass, ein kanal vart greven, og vasstanden i Ervikvatnet sokk 120 centimeter. Minst. Kongen i statsråd hadde sagt sitt, jobben var gjort, kanalen var graven, og vatnet var runne ut. Der ville dei fleste sett saka som tapt. Men som Leif Arne Åsen ein gong sa om Ola: «Når den karen meiner han har rett, så går han dei rundar som skal til.» Og no begynte han. Det kunne ikkje vere verre enn at ein fekk klarlagt den feilen som var gjort, så fekk ein retta opp att dette. – Vatnet kunne hevast att, like lett som ein senka det. Det var berre å demme opp att, og få sett våtmarkene under vatn igjen. Så det bestemte vi oss for å få til. Dei neste 15 åra engasjerte Ola advokatar, møtte opp på kontora til jordbruksnemnd, fylkeslandbruksnemnd, heile forvaltningsapparatet, heile vegen opp. Han ringde og skreiv brev til stortingsrepresentantar og statsrådar, han deltok i eit debattprogram på NRK, skreiv lesarbrev og gav seg aldri. To store pappkassar på kontoret er sprengfylt med korrespondanse. I årevis gjekk det minst eitt brev i veka frå Ola si hand om saka. – Men eg stanga hovudet i ein vegg. Det vart trenert og trenert og trenert. Makta rår. Kva som er rett og gale i den verkelege verda, spelar inga rolle, så lenge byråkratiet vil beskytte sine eigne avgjerder. 19. november 1996 sette dåverande miljøvernminister Thorbjørn Berntsen eit endeleg punktum for heile saka. «Min konklusjon er (…) at jeg ikke kan se at det har kommet til nye momenter som gjør at Miljøverndepartementet skulle engasjere seg videre i saken. Miljøverndepartementet anser seg derfor ferdig med saken. Jeg finner det heller ikke aktuelt å ta et møte om saken.» Og dett var dett. – Av og til må du berre gi deg, fordi dei andre har rett. Men slik var det ikkje i dette tilfellet, og det gjer det dobbelt så trist. Urett er gjort, og den vil aldri bli gjort godt igjen, men det har nok alle no lært seg å leve med. – Eg gjorde i alle fall det som kunne gjerast.
166
SOGA OM OLA DRAGE
B O L L E M E D L O K i ask – Denne dreia eg av ein grov holstokk av delvis surna ask.
SOGA OM OLA DRAGE
167
EIN NAIV NYRIKING I EIT ROTTEBØLE
UTPÅ NITTITALET BEGYNTE OLA DRAGE Å INTERESSERE SEG FOR AKSJEMARKNADEN.
I Bergens Tidende kunne ein stadig vekk lese om oppkomlingar som hadde investert i gråmarknaden (ikkje børsnoterte aksjar) og gjort formuar på kort tid. Ola hadde millionar i banken og kunne godt tenke seg å la dei yngle. – Eg hadde ei viss erfaring med gråmarknaden frå før. Gråmarknaden er ein fellesnemnar for omsetning av aksjar i selskap som ikkje er børsnoterte, selskap som treng kapital for å satse på ein god idé, samt rett og slett utlån av pengar til høg rente til folk som ikkje får lån på vanlege vilkår andre stader. Eg hadde heilt sidan 1986 plassert pengar i eit firma som gav 12,6 prosent rente på innskot. Problemet der var at dei lånte ut att pengar fleire gonger på det same gjeldsbrevet. Dei hamna no på straff til slutt, dei og. Uansett, Ola var klar for å la pengane yngle i litt større tempo enn det: – Eg sa i eit intervju med Firda at om eg let millionane stå og surne på ein bankkonto, ville eg ikkje gjere jobben min. Ein artikkel i Bergens Tidende vart starten på Ola sin karriere som aksjespekulant: – Eg las om ein mann som hadde kome i vanskar på grunn av ting han hadde gjort i ein bank, og som no ville starte opp ein heilt ny bank. Så lenge vi snakkar om aksjar, vil eg ikkje nemne namn på personar, for i dette rottebølet var grensene mellom det som var kriminelt og det som berre var uetisk, flytande.
168
SOGA OM OLA DRAGE
OPP: Det gjekk opp…
SOGA OM OLA DRAGE
169
KUNSTEN Å BYGGE EIT KVERNHUS
« DET ER GODT Å HA MYK JE UGJORT SOM IKK JE TRENG GJERAST » HAR VORE EIT MOTTO FOR OLA SIDAN HAN TREKTE SEG TILBAKE FRÅ FORRETNINGSLIVET. 65 år gamal, på toppen av sitt livs erfaring og dugleik, sette han i gang med sitt aller største og totalt unødvendige brukskunstprosjekt: Eit kvernhus. – Eg har alltid vore fascinert av kvernkallar. Den første kvernkallen eg bygde var oppe i elva på Legane, då eg var liten. Ein gjennomgåande tråd i alle slike leikar var å lage noko som gjekk av seg sjølv. Vi laga fjølebåtar av ei fjøl som var spissa i eine enden, så saga du eit hol i akterenden på fjøla, dryppa ein drope olje i holet, og dermed gjekk den framover. Seinare brukte vi gummistrikkar med ein skovl i, som vi tvinna opp. Det vart ein del slike ting. Eit par gardar bortafor barndomsheimen stod restane av to gamle kvernhus til nedfalls. Det syntest Ola var litt leitt å sjå på, at dei berre gjekk til grunne på den måten . – Men eg hadde jo ingen ting der å gjere, og etter kvart flytte eg derifrå. Men eg har alltid tenkt at det ville vore kjekt å få noko slikt til å virke på skikkeleg. Femti år skulle det gå før den draumen vart ein realitet. Men då vart den det, og då sjølvsagt på Ola Drage-måten. Det er lett å sjå kva som fascinerte Ola ved eit kvernhus. Å bygge eit kvernhus ber med seg alle utfordringar ein byggmeister kan drøyme om: Å skape noko mekanisk som går av seg sjølv, å lese terreng og nytte det til sin fordel, finsnikkararbeid, metallarbeid, steinmuring og ikkje minst: Uhyggeleg presisjon og ikkje så reint lite estetisk sans. For du kan nok kanskje få opp eit lite, uisolert hus og raske i hop ei renne og
180
SOGA OM OLA DRAGE
SOGA OM OLA DRAGE
181
F LAUM: Møllarens festdag.
194
SOGA OM OLA DRAGE
SOGA OM OLA DRAGE
195
SLUTTEN
– HER SKAL DEI GRAVLEGGE MEG, SEIER OLA, OG SER TANKEFULLT UT OVER DEI MEKTIGE DØNNINGANE SOM RULLAR INN I ERVIKA EIN MILD, BLÅ NOVEMBERETTERMIDDAG.
– Eg var her i ei gravferd ein gong, og ved grava stod vi der, ein sirkel menneske i sørgeklede, og song. Det bles ein isande kald nordavind, og eg la merke til korleis den på ein måte tok med seg røystene våre, så songen blei vekke og vi nesten ikkje høyrde nokon ting, og songen vår vart boren utover det endelause havet, og då tenkte eg: Her skal dei grave meg ned. Her skal eg ligge til tida tek slutt. Han har avtalt med presten og. Og gravsteinen har han funne. Den ligg i marka ved hytta. Ola Drage overlèt ingen ting til tilfeldigheitene.
206
SOGA OM OLA DRAGE
SOGA OM OLA DRAGE
207
vaks opp i tronge kår i ei forblåst fiskarbygd på Stadlandet. Som smågut arbeidde han i slodungane på kaia. Ein skulemeister som mislikte han gav han «Nogen» i det meste. Men ungguten med det eineståande anlegget for praktisk arbeid og bygningskonstruksjon kom seg ut, opp og fram. I førti år som entreprenør har han arbeidd dag og natt, tatt hårreisande sjansar, tent og tapt millionar. Han har tøygd alle livets strikkar til brestepunktet, og ofte forbi det, men som ein katt har han landa på beina, gong etter gong. Soga om Ola Drage er ei ramsalt, heilnorsk bygdehistorie, om fattigguten som slo seg opp i næringslivet. I denne boka fortel han sitt livs historie, akkurat slik det var.
9
788279 593089
SOGA OM OLA DRAGE
ISBN 978-82-7959-308-9
H A R D E TA K O G S T O R E P E N G A R
OLA DRAGE
OLE JOHANNES ØVRETVEIT
H A R D E TA K O G STORE PENGAR
S O G A
O M
OLA DRAGE