Skip to main content

Bomtur

Page 1

13

5 4

11 12

6

9 10

8 7 3 2

15 17 16 21 18 20 19

24 25 26 24

1 27 31

32

34

28

33

30 29


INNHALD 1 l i v sløgna / 1 1

tindevegen · luster og årdal

2 b a k de n kvite m u re n / 2 1

røsseset og van n dalen · luster

3 d e t storm e n to k / 33 tungestølen · luster

4 då e g sn e ik / 43

sandvikdalen og børevatnet · vanylven

5 d e t som e r re t t u nd e r nas et ippen / 5 3

nygjerdevegen og sædalsvegen · herøy og sande

6 e ksiste n sie ll krise / 61

strandamoldskreddalen og sunnylvsmoldskreddalen · stranda

7 r e g ne t e r e in ve n / 69

skjellvegen og tundradalsvegen · skjåk

8 b e dragare n / 77

sotvegen og mysubyt tvegen · skjåk

9 fa r fin t m e d fin ndale n / 85

finndalen · vågå og lo m

1 0 e i t h u nd e liv / 95

slådalsvegen · vågå og lesja

1 1 på h arry-tu r / 1 03 skråkklie · lesja

1 2 – då vart de t ikkje bomt ur , l el l ! / 109 da lsidevegen og skamsdalsvegen · lesja


1 3 d e n g åvm ild e dale n / 117

synnerdals vei en og storbekklia kultursti · midtre gauldal

1 4 myste rie t i skog e n / 1 2 5

ulmoveien og natursti i nåvdalen · tynset og rennebu

1 5 s k røm te t frå fortida / 13 3

grøtilveien, oddveien , gruvfjellveien og kaltberget · tynset

1 6 a l le e r borte / 1 41 stubsjøveien · tynset

1 7 [ …] u de n u n d skyld ning, do g fo r billig be taln ing / 1 51

lonsjø l i vei en, milskif tet, buhaugveien , gamle langsvei og van grøf t dalsvei en · tynset, to lg a og os

1 8 då sve its ko m til to lg a / 161 raudsjødalsveien · tynset og to lg a

1 9 på tu r i lavland e t / 1 6 9

aumdals vei en, dalsvei en, svarthammerlia og abelvola · tynset

2 0 e i t lite stykke ind ia i alvdal / 179 tronfjellveien · alvdal

2 1 h øgt oppe og dju pt n e de / 189 einunndalen · folldal

2 2 mot norm alt / 1 99

grimsdalsvegen · dovre og folldal

2 3 då n anse n takka for s eg / 2 0 9

fugelsætervegen og veodalsvegen · vågå og lom

2 4 t u r–re tu r h e lve te m e d peer gy nt / 2 2 1 børkdalsvegen og peer gynt-vegen · gausdal, sør-fron og nord - fron


2 5 n ore gs h e ldig aste h ings t / 2 31

s ikkilsdalen · vågå, sel og nord-fron

2 6 b e st i sm å d osar / 241

jotu nheimvegen · nord - fron , vågå , øy stre s lidre og van g

2 7 m in iste r på friar fe rd / 2 49

sø rre skakadalsvegen , slet tefj ellvege n og ole vegen · vang og øyst re slidre

2 8 d rau m e n om vassfare t / 2 5 7

vassfarveien · sør-aurdal

2 9 å ikk je sjå v enle ik f or berre grus / 2 65

breidsetdale n, kalhovdvegen og stegrosvege n · tinn

3 0 d et gran a såg / 2 73

eggedalsveien · nore , uvdal og sigdal

3 1 h a r d u se t t l j ose t ? / 281 fanitullvegen · ål og hemsedal

3 2 b la nt m aste r og m u søy re / 2 89 o safjells vegen · ulvik

3 3 a l l fe rd sle på e ig e ans var / 2 99

folgef onnv egen og bot ts vat net · ullen svan g

34 ei t siste e v en tyr / 31 1

saksli vegen og sagatjør na · osterøy

Forfattaren har motteke støtte fra Det faglitterære fond t e k s t & foto : Rebecca Nedregotten Strand g r a f i s k d e s ig n: Øystein Vidnes / vidnes.xyz k a rt : Øystein Vidnes k a rt g runnlag: openstreetmap.org, mappa.pro & mapbox.com

fontar : Newzald & National av Kris Sowersby pap ir : 120 g Magno Natural tryk k: Livonia, Riga © skald 2020 www.skald.no isbn 978-82-7959-300-3


FØREORD Vegar. Eg har alltid vore så glad i dei, heilt frå før eg var pottetrena. Som lita hang eg i eit barnesete festa på veggen i ein Mazda varebil. Når bleia var full, stoppa far min og skifta ho på motorkassa mellom seta. Seinare lærte eg å gå på do sjølv, og vi køyrde ljosblå Bedford med tipp. Etter kvart fekk bilen kapell også, på ein grå Ford Cargo. I lasten var det nokre gonger makrell og akkar, eller glasfiberstrie og vindauge til båtar. Musikken var alltid den same. 8


v i s at h ø g t og fritt, susa nedover Vestlandet medan skog, fjordar og tunnelveggar smelta saman til ein grågrøn akvarell. Dunka rytmen i dashbordet og gaula i kor med Kenny Rogers: «Something’s burning, and I think it’s love!» Vegane har fått høgare standard, og vårt forhold til dei har blitt meir komplisert. For eg vågar nesten ikkje seie det høgt lenger, men no gjer eg det likevel: Eg elskar å køyre bil. Helst på grus. Denne boka er ein slags lovsong til bilturen. Ikkje til å kome seg raskast mogleg frå A til Å på firefelts motorveg, eller å sitje i kø gjennom Bergen sentrum medan ein kastar lengtande blikk bort på dei som var smarte nok til å sykle. Nei, det er ein ode til vegar ein må ha god tid for å køyre på. Dei som gjerne tek deg høgt opp og langt innover. Oftast er dei ein omveg. I mange tilfelle er ikkje vegen det viktigaste, men opplevingane han legg til rette for. Bilen er å rekne som eit hjelpemiddel for å kome seg til eventyret. Det er lov å sykle og gå også. Ja, jamvel anbefalt. Likevel står eg for det, at ingenting gjer meg meir lukkeleg enn ein biltur. Takka vere stipend frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (nffo) har det blitt mange bilturar. Denne boka kunne vore mykje tjukkare. Bomvegane går på kryss og tvers gjennom heile Noreg. Kanskje saknar du ein bomveg du sjølv er glad i? Dette er eit utval, skapt av tilfeldigheiter og praktiske omsyn, til inspirasjon for deg som vil ut og finne nye turar, i eige nærområde eller i ukjende trakter. Hovudkriteriet har vore enkelt: Vegar alle har lov til å køyre på dersom dei betaler bompengar. Eg vil rette stor takk til dei som vart med på tur. Utan dykk hadde dette blitt ei mykje fattigare bok. Dessutan ville det truleg ha rabla for meg. Det hadde det også gjort utan godt samarbeid med skald forlag. Ein grusvev full av eventyr ligg og ventar på deg. Tilgjengeleg for alle, men kjend for dei få. For ein bomtur treng ikkje vere ein nedtur. Han kan fort bli det motsette om du vel den rette vegen. Berre lov meg éin ting: Ikkje snik!

9


ot t

f

Veten 557m

ur Nørdbergsheida

52 1 km


5 DET SOM ER RETT UNDER NASETIPPEN

tur: Nygjerdevegen og Sædalsvegen strekning: Frå Moltu til Gjerdsvika fylke: Møre og Romsdal kommunar: Herøy og Sande

53


Du tek til venstre etter butikken, har far min sagt. Godt er det. Eg har vakse opp eit par mil frå avkøyringa og aldri teke av der før. Ein skal vere lokalkjend med stor L for å vite om denne vegen, men leit, og du skal finne. i bagasjerommet er det piknikkorg med bakverk og bær, i passasjersetet sit ho som har fylt korga. Syskenbarnet mitt har vore her éin gong før, det har ikkje eg. Det er underleg. Du veks opp ein stad, du har potensielle eventyr rundt deg på alle kantar, men du går på det same fjellet kvar søndag. Toppen ho berre har vitja éin gong, og eg hittil aldri har sett mine bein på, heiter Hidsegga (557 moh.).¹ Tek du bomvegen, hentar du

54

1 Dersom ein søker på Hidsegga på norgeskart.no, får ein to val: Veten, Fjell i Sande og Hidsegga, Ås i Sande. Det er den fyrste det blir vist til i denne teksten.


55


inn mange høgdemeter utan å gå eitt steg. Eit triks eg burde nytta meg av sommaren 2018, det året det var så varmt. For det er ikkje det at eg ikkje har prøvd å gå dit opp. Den gongen starta eg nede ved havet, men nådde aldri fram. Den optimistiske framstøyten fekk ein brå slutt grunna manglande vassinntak blanda med stort sveitteutslepp. Ein dose latskap kan òg ha spela inn. Lenge leve latskapen! I dag får topp vere topp, vi skal berre fylgje vegen. Gjennom byggefelta ber det, innover Moltudalen og Sædalen. Herifrå går det ei mengd merkte stiar til fjelltoppar i alle himmelretningar, og det er sett opp gapahukar ein kan søke ly i både på nord- og søraustsida av vegen. Vårt mål er Gjerdsvika på andre sida av fjellet. Ein skal berre nokre få meter opp før høgfjellskjensla kjem. Næraste nabo er havet, den mørkeblå kjempa som hatar å ligge i ro. Når det blæs, har vinden fritt leide innover land. Eit tre skal vere standhaftig for å vekse seg stort her. Kjem uvêret, kan skadane bli enorme. Nyttårsaftan 1992 overnatta eg heime hjå bestemor mi. Det var vanskeleg å få sove. Taksteinar flaug, tre knakk, og i nærleiken letta ei løe. Kva er ei søvnlaus natt mot å miste heile huset sitt? «Her skulle ikkje ha budd folk», sa ei av kjeldene i Oddgeir Bruaset si bok Orkanen frå 1992. Den sørvestlege orkanen etterlét mange av bustadhusa i den vesle bygda Gjerdsvika ramponerte. Dette var ikkje nokon vanleg storm, sjølv steingardar som hadde stått i hundrevis av år, måtte gje tapt for kreftene.

Folk bur det der framleis, og eg skjønar dei godt. Rett før havet sluker sola, finst det knapt ein vakrare stad.

«Åtvaring! Regulert vatn. Isen er usikker.» Det strenge, gule skiltet er festa til eit rekkverk. Under brua er det knusktørt. Gjerdselva renn ikkje lenger. Breidda av Sædalsvatnet ligg om lag hundre meter unna. Slik er det å vere regulert, då er ein stor den eine dagen og liten den neste. Dersom du reiste attende til 1600-talet, kunne du møte to gardbrukarar her med kyr og hest. I 1690 forsvann dei fastbuande, og seinare utnytta ein det frodige beitet til seterdrift. Elva gjorde også nytte for seg, ho dreiv kvernene. Så gjekk det opp eit ljos for sunnmøringane. I 1883 tende tekstilfabrikken O. A. Devold distriktet sin fyrste elektriske lampe i Langevåg. I Gjerdsvika såg dei på vatnet som rann i strie straumar frå Sædalsvatnet og ned til bygda. Dei fekk ein ide! Gjerdselva skulle byggast ut til «felles beste for bygdens opsiddere inden 3 a 4 km.s avstand fra kraftstationen». Styret for Gjerdsvika Elektrisitetsverk konstituerte seg

56

Gjerdsvika har ein vakker, men ustabil nabo: Storhavet.


57


len

Sørstulen

Finna

da Finn

Flatmogrendi

Vågåmo

Vågåvatnet

84 2 km


9 FAR FINT MED FINNDALEN

tur: Finndalen strekning: Frå Vågåmo: Fylg fv. 2632, hald fram på Finndalsvegen. fylke: Innlandet kommunar: Vågå og Lom

85


att til kontinentet og tamde dei. Ein kan sjå ein rekonstruksjon av falkefangaren sin metode på Norsk Villreinsenter Nord på Hjerkinn. Ein ramn skrik i trekronene. Nærare rovfugl kjem vi ikkje i dag. Eittåringen og alle andre treng ein bollestopp. Vi fylgjer Finndalen attende mot Vågå, forbi setergrenda Sterringi. Her veit ein at det budde folk allereie i steinalderen. Før Storofsen låg stølen på nordsida av elva. Dei seier at det skjuler seg ein stor skatt i nærleiken. Eit minne etter dei som ein gong var fastbuande i dalføret. I mellomalderen skal det ha vore fire gardar her. Ein av dei låg på Gamle Sterringi. Der vaks Sigfrida opp, og ho gifta seg med den modige jegeren Odmund. Ein gong han var på reinsjakt, skal han ha funne gull oppe i fjellet, difor vart garden deira velståande. Så kom Svartedauden, berre Sigfrida og dottera hennar, Sigrid, overlevde. Då Sigrid arva nøkkelen til rikdomen, la ho han i ein bekk. Seinare kom sønene hennar for å finne att skatten, men då hadde det gått eit ras over Nøkkelbekken, og dei fekk ikkje tak i han. Kanskje ligg gullet akkurat der bogen endar når sol og regn møtest? Nede ved breidda av Finna finn to- og firebeinte kvile i mjukt, kortbeita gras. Det viser seg at bokstavkjeks fascinerer både finsk spets og norsk eittåring. Vi drikk kakao og drøymer om kano. Elva er så mild og roleg. Tenk å kunne gli bortetter, stikke ei åre i vatnet og fylgje straumen. Nokre vågar seg uti. Tek forsiktige symjetak, dykkar under og ser etter fisk i det klare, kalde. Fiskekortet er betalt, snart bryt sluken overflata. Blå himmel og sol som speglar seg. Fiskaren har ikkje trua. – For fint vêr, seier han. Det blir neppe napp i dag, men i heile Finndalen statsallmenning, på 267 000 dekar, er det ti vatn og 2,6 mil med elv. Ein aure bør det absolutt vere mogleg å få tak i for den som har tid og tolmod. Tolmodet til yngstemann er nesten oppbrukt. Denne dalen har heldigvis ikkje tenkt seg nokon stad. Ligg der og ventar på nye oppdagarar. Berre pass på å fare fint med han.

Det nappar ikkje. Heldigvis er det bokstavkjeks i nistepakken.


93


Klettsætra Oppmåshøa 996m

Aumdalen

Raudsjødalen Spekehøa 1273 m

Storvola

Svarthammerlia

Storvollia

Vakkerfjellet Finnstadsjøen

2 km


18 DÅ SVEITS KOM TIL TOLGA

tur: Raudsjødalsveien strekning: Ta av inn på Raudsjødalsveien frå fv. 2218, Brydalsveien. Fylg vegen heilt fram til setermeieriet. fylke: Innlandet kommunar: Tynset og Tolga

161


164


ved Raudsjøåa, torvtekte tømmerhus under fjell som er kvite av lav. Eg forventar å møte ein diger geiteflokk med tre i minus, men det skal vise seg at dei tre er heile flokken. Det er noko uvanleg ved denne setra. Kjem du hit ein sommarsøndag, spreier muntre tonar frå ein trubadur seg ut over landskapet. I Galleri Stallen stiller målargruppa Frivillen ut kunst. Buskapen er liten, men inneheld to angorakaninar. Likevel er ikkje dette det mest uvanlege. Her står eit hus i stein. Det er langt og smalt, vindauga er småruta. Taket er dekt med brotskifer, pipa er stor, og det ryk frå ho. Eit skjeldyr som har funne vegen hit og strekt seg ut for å kvile. Innanfor dørstokken slår lukta av nykokt kaffi imot oss. Enorme vedkubbar varmar frå grua, små bord er pynta med markblomar og stearinljos. Snart finn varme dropar vegen inn i kalde kroppar, og vi får smaksprøve på ost, sjølv om geitene framleis er sporlaust vekke. Dei skulle vere til glede for besøkande i sommar, fortel Arve Bjørnstad, men ville visst ut og søke lukka andre stader. Arve er kunnskapsrik og kreativ. Han har måla dei vakre akvarellane i galleriet, og kan det meste ein bør vite om denne dalen. Flaksen er på mi side. Ikkje tru at eg har vore så framsynt å invitere han hit for å møte oss. Han berre er her, tilfeldigvis, eller kanskje ikkje så tilfeldig. For han er eldsjela bak drifta av Rausjødalen Setermeieri, og har saman med familien Kurås teke imot folk her oppe ti år i strekk. Morten Kurås kokar meir kaffi og steiker rjomevaflar, medan Arve Bjørnstad signerer boka si, Rausjødalen Setermeieri. Alt overskot av salet går tilbake til drifta. Kvifor brenn ein så sterkt for eit steinhus i høgfjellet? Stikkorda er sveitserost, optimisme og innovasjon. I 1856 skulle ein for fyrste gong produsere den holete, sveitsiske osten i Noreg, og det skulle skje i Tolga kommune. 38 menn og 28 hestar på tur. Målet var Raudsjødalen. Dette var lenge før Kartverket la til ein d i namnet, så målet var i røynda Rausjødalen. På berre tre veker tok skjeldyret form: eit meieri med mjølkebu, ysterom og lager for ost. Dei bygde fjøs også, til hundre kyr. Industrialiseringa hadde nådd Noreg og landbruket. Bøndene måtte tenke nytt og meir effektivt. Ein reiseagronom på oppdrag frå Norges Vel gjorde østerdølane merksame på at mjølka deira var eigna for såkalla edel osteproduksjon . Fleire sveitsarar vart i denne perioden henta til Noreg for å lære frå seg fjøsstell og ysting. Caspar Hiestand var ein av dei, på veg til Tolga for å styre Noregs fyrste partsmeieri. Hjå kvin-

165


Folldal

Grimsmoen flyplass

2 km


21 HĂ˜GT OPPE OG DJUPT NEDE

tur: Einunndalen strekning: Ta av frĂĽ fv. 29, Folldalsvegen, ved Moskardet. Fylg vegen over til Dalholen. fylke: Innlandet kommune: Folldal

189


Her er det noko alvorleg gale. Metall mot grus. Ein lyd du helst ikkje vil høyre, og det er langt til nærmaste bensinstasjon. e i g e n t l e g s ta rta d e t ganske bra. Eit overskotsprosjekt. Ein tur som ikkje stod på lista, men burde gjort det. Einunndalen leverer på mange plan. Du kan køyre milevis med grusveg, og du slepp å snu. Denne bomvegen tek deg frå Moskardet til Dalholen i Folldal på minneverdig vis. Vekk frå fv. 29 og inn dit rypene, reinen og tranene trivst. Dei kallar det Noregs lengste seterdal, og stølane ligg tett. 55 kilometer med campingvogn bak. – Luktar det brent? Fyrste tvangsstopp mellom Skarvåssætran og Søndre Bjørnåssætran. Bremsene har hengt seg opp. Røyken legg seg, og etter motstand fylgjer nokre mil med medgang. Svalene tek kamikazestup i jakt på neste matbit. Elva Einunna sig forbi som ein feit stålorm og deler landskapet i to. Langs breidda beitar sau, kyr, hest og geit. Blir ein svolten sjølv, kan ein stoppe på Romsdalssetra og gjere seg feit. Over ei gangbru og opp ein bakke. Samstundes tek tankane ei tidsreise attende til 1753, då gruvearbeidaren Ole Oleson Romsdal bygsla Rechertplassen eller Romsdalsplassen. Vi er to timars gonge frå gruva han arbeidde i, men her budde Ole, sjølv om vinteren.

190


191


definerte reinbeitedistrikt. Ikkje ein einaste samisk representant var med i Lappekommisjonen. Ansvarsordninga er den same i dag, stadfesta i § 67 i Lov om reindrift. Bortsett frå øyremerka, er det ingen synleg skilnad på tamrein og villrein, men no er Einunndalen ein del av Knutshø villreinområde, som helst skal ha 1500 av den ville typen. Å telje rein er ein kunst. Sjølv når dei er rolege, flyt dei saman som ein gråbrun masse framfor utrente auge. Reinen her blir nøye overvakt. Kvar haust, etter jakta, legg fjelloppsynet i Folldal ut for å finne dei. Sit heilt roleg med vinden i ryggen. Stirer gjennom kikerten og kviskrar ut ei lang rekke kombinasjonar av bokstavar og tal. Ved sida av sit ein kollega og noterer alt. Kalvar, simler og bukkar blir talde. Sjølv om Knutshøreinen har leveområde som strekker seg over seks kommunar, er plass ei utfordring. Her går vegane høgt opp og langt inn i fjellet. Forskarane i nina har brukt gps for å kartlegge kva område flokken brukar. Dei ser at reinen held seg unna vegar og hytter. Dersom dei ikkje vågar å krysse vegane, får dei mindre beiteareal, og vekta går ned. I jakta er det stoppe- og parkeringsforbod fleire stader i Einunndalen, men no stoppar eg bilen. Det er juli, og to traner rastar like ved. Nokre

194


195


Trollhøe 1370m

Storhøi 1349m

Sikkilsdalshøa 1776m

3 km


23 DÅ NANSEN TAKKA FOR SEG

tur: Fugelsætervegen og Veodalsvegen strekning: Frå Randsverk til bom i Veodalen fylke: Innlandet kommunar: Vågå og Lom

209


Gangsperre. Nokre gonger tek ho tak i musklane slik at du hugsar det i årevis. Eit fysisk minne om noko du kanskje elles ville gløymt. Treng ein hjelp for a kome seg ned trappene tre dagar seinare, får den fysiske smerta godt feste i hjernen. e g s tå r v e d bommen på Fugelsætervegen og ventar på ein hest. Markene er grøne, og sauene sleiker salt av bilane. Eit ekorn har stivna midt på ein furelegg og stirer skremt på meg. Likevel tenker eg mest på den dagen i mai då gangsperra kom. Hestebandasje har mange bruksom-

210 Streng bomvakt


211


reinsdyr. Kanskje det heiter Glitra, Magnar eller Kjell. Villreinen som fangstfolket fylgde for ti tusen år sidan, er borte. No er dette tamreinen sitt rike, men tru ikkje at det gjer dalen fattigare. Ad denne lange ensformige dal gaar man rask til i let terræn time efter time. Efter svingning hen til «Nybu» kan Glittertind sees som et oplivende moment. (Gramstrup, 1928, s. 111–12) Denne framstillinga frå 1929 trur eg må vere frå ei med tunnelsyn. Ho held fram med nokre trøystande ord til vandraren: «[…] og blir tung i sindet, behøver man bare løfte blikket og se paa den skjønne Glittertind oppe i skyerne forut for at føle at livet og dets avslutning har et høiere maal». Ser ein seg til høgre og venstre på tur innover Veodalen, er det faktisk mykje å oppdage. Eg rastar under Smådalshøe, og gjennom kikerten fylgjer eg ein bukk som spring langs elva Glitra.

214


Kjem du hit i september, møter du mange med kikert. Tilsynelatande stirer dei ikkje på noko, men eit erfarent blikk kan oppdage reinsdyr der andre berre ser stein og lav. Det er viktig å finne ut kvar dei er. For haust er slaktetid. Då skal Lom tamreinlag samle tusenvis av dyr i sankegjerdet ved Grønhøe lengre aust. I dag ser eg berre nokre få, og det er ikkje vanskeleg. Ei simle med kalv spankulerer forbi tvers over vegen. Desse dyra har sett folk før. Reingjetarane reiser ut til dei gjennom vinteren, samlar dei i flokkar og gjev dei kraftfôr. Det er ikkje alle som vågar å kome bortåt, men dei mest matglade dyra får bjølle og namn. Då er det lettare å halde oversikt og merke dersom nokon blir borte. For det kan vere farleg å beite i fjellet, der rovdyr jaktar og snø eller steinar rasar. Nede på Fugelsætervegen spring ein annan flokk. Fem sauer på rømmen. Den eine ein liten svart bukk med vidopne auge og horn som er altfor store for hovudet. Han heiter Bjørn Ola. Ein roleg, men bestemt border collie gjeter fylgjet attende til sommarbeitet. Bak dei kjem ho som

215

neste opp slag : Det er ikkje alltid ein treng kikkert for å sjå tamrein i Veodalen.


218


Utbrytarkongane blir gjeta heim til sommarbeitet.

eigentleg skulle ut og ri. Utbrytarkongane gjev henne ikkje fred. Den firebeinte gjengen er ullprodusentane hennar. Vesle Bjørn Ola overlevde ein sommar på utmarksbeite, mot alle odds, og fekk leve. Eigaren og namnebror hans tok han med til Randsverk. Til eit liv i sus og dus hjå Ragnhild som gjeter rein i Vågå, men også skaper kortreiste strikkeplagg i bedrifta Naturgull. Det skal vise seg at graset ikkje er grønare på den andre sida. Sauene innser det etter kvart, dei trong berre litt tilvenningstid. Då kan sau vere sau. Hovane til ein islandshest klaprar bortetter grusen. Innover eit eventyrleg landskap. Ikkje langt unna susar Sjoa. Kast i kast. Brusande nedetter Sjodalen. Oppe på Fuglsetra seier segna at han som gjorde elva legendarisk, overnatta. Sigvat kom frå ei riddarætt på Kvie i Valdres. Han og Ivar Gjæsling frå Sandbu, på andre sida av fjellet, krangla om det ein ofte er usamde om: eigedomsrett og kvinner. Kvieriddaren sette fyr på rivalen sine hus og tok med seg ho dei krangla om. Dei to vart jaga, men rakk ikkje lengre enn til Fuglsetra før natta kom og dei måtte søke ly. Der vart dei oppdaga og rømde. Med ein rasande Ivar i hælane nådde Sigvat ned til Sjoa. Han tok kvinna under armen og hoppa over det stupbratte elvejuvet. Slik fekk Riddarspranget namnet sitt. Å stå ved juvet høgt over frodande vatn gjer inntrykk. Ver så snill, ikkje prøv å hoppe etter Sigvat. Elva er nådelaus, mange har hatt mindre flaks enn han. Vi lèt opp grinda for sau og hest. Det næraste vi kjem ein nobel dåd i dag. Bjørn Ola finn roa på rett side av gjerdet, og campingplassen i Randsverk lokkar med nysteikt pizza. Gangsperre og knekte ski er snart berre eit vagt minne.


Tinden

Steinsbøle Kalhovdvegen

anbefalt for sykling

Øvre Gøystdal

Haugenatten

Rjukan Dalsgrende 2 km


29 Å IKKJE SJÅ VENLEIK FOR BERRE GRUS tur: Breidsetdalen, Kalhovdvegen og Stegrosvegen strekning: Frå Atrå, fylg fv. 3434, Gausetvegen, hald fram opp Breidsetdalen og på Kalhovdvegen. Frå Kalhovd turisthytte fylgjer du Stegrosvegen til Synken ved Mår. Mellom Kalhovd og Gvepseborg er det anbefalt å sykle. Ein kan også ta Krossobanen opp til Gvepseborg og sykle attende til Rjukan. fylke: Telemark i Vestfold og Telemark kommune: Tinn

265


Kan ein få bomvegoverdose? Blir det nokon gong nok køyring på grus? Det skal vise seg at 15 mil på eit døgn er litt i overkant. Så pass mykje at eg byrjar å tvile på mitt eige prosjekt. e g e r i ferd med å gå på ein smell. Entusiasmen er dalande, gneisten sloknar snart. Vegen kan ikkje klandrast. Smal og fin. Smyg seg mellom stolt granskog, opp til lyng og lav på snaufjellet. Heilt til innsjøen Mår, der du kan halde fram i båt over til turisthytta Mårbu. Mettingspunktet for grusveg køyrd på ei veke er nådd. Hugs det, du som skal ut på tur. Ikkje ta deg vatn over hovudet. Bomturar bør takast i passe dosar med gode pausar imellom, og ha for Guds skuld med deg sykkel! For det er den største tabben. I staden for å rote rundt her oppe i bil, burde eg trakka av garde på to hjul under open himmel med telt på bagasjebrettet. Den finaste sykkelturen går frå Kalhovd og heile vegen til Gvepseborg. Der berre Krossobanen og ein sti kan ta deg ned til Vestfjorddalen, og

266


Gaustatoppen helsar i det fjerne. Stakkars den yrkessjåføren som trudde han skulle ta ein snarveg til Rjukan og enda her. Dei fleste andre gjer livet meir lettvint for seg sjølv og tek snarvegen opp. Ei raudmåla vogn dinglande under sterke wirar. Om lag fem minutt tek det, å stige 500 høgdemeter. Derifrå brukar dei eiga muskelkraft. Trakkar seg fram innover fjellet mot Kalhovd turisthytte. «Er bebyggelsen pen? Ta en tur med Krossobanen – der får en se det hele i fugleperspektiv og ser at det er velregulert i alle fall» (Bangen, 1947, s. 92). Den nøkterne reiseguiden Vegviser for Rjukan og Tinn kom ut i 1947 og kan ikkje skuldast for å overselje dette området til potensielle turistar: Nå etter at Måranlegget er påbegynt er det lagt en bilvei fra Kalhovde til Gvepseborg, og selv om industrien bortover langs den har ødelagt fjellet for en del, er det på den annen side en interessant tur for den som har lyst til å se hvorledes en mektig kraftsta-

267


sjon samler kreftene fra damanlegg og tunneler inne på selve høyfjellet. (Bangen, 1947, s. 75) Kraftlinjene er trekte som harpestrengar i landskapet. Svarte strekar mot ljos himmel. Dei syng ein durande elektrisk tone. Kanskje er det ein ode til Sam Eyde? Han som tok initiativ til Krossobanen. Høge fjell stengde sola ute frå Rjukan i månadsvis. Taubanen var eit velferdstiltak for å gje folk fritt utsyn og varmande strålar. Opp frå eit industrisamfunn som hadde vakse fram av dårlege tider i landbruket. Ingeniør Eyde og professor Kristian Birkeland hadde slått to kloke hovud saman og funne opp ein revolusjonerande metode for å bitte nitrogen i lufta, fabrikkere salpetersyre og såleis produsere kunstgjødsel. Til det trong dei kraft, mykje kraft, og i Telemark ligg innsjøar og elvar tett. Fyrste fabrikken starta opp på Notodden i 1905, der var det allereie ein kraftstasjon. Fallrettane til Rjukanfossen hadde dei også sikra seg. «Selvfølgelig vilde det vært praktisk for oss om vi i stedet for Rjukan hadde hatt en tilsvarende foss ved en isfri havn på kysten, men hvor finner man en slik idealfoss?» skriv Sam Eyde i sjølvbiografien sin. Ein starta ei gigantisk utbygging på Rjukan. I 1911 selde tyske investorar seg ut av prosjektet. Norsk Hydro overtok aksjemajoriteten, og Sam Eyde leia fullføringa. Det kosta det same som eit norsk statsbudsjett. Snart hadde selskapet 1500 fast tilsette. Ei lita bygd var i ferd med å bli ein moderne by. Linjene gjennom landskapet trekker trådar attover i historia. Til vatn og vassdrag som vart regulerte for å skaffe straum til industrieventyret og ljos i folk sine heimar. Syklistane set inn eit ekstra trykk i trakket under kraftmastene langs Kalhovdfjorden. Himmelen raudnar, ein full måne er på veg opp, og dei må rekke middagen på turisthytta før natta senkar seg. Den var ei gåve frå Norsk Hydro til Skien-Telemarkens Turistforening og hadde opphavleg vore administrasjonsbygning då fleire av demningane tok form her oppe. Ei heil husklynge har det blitt, ly og hjarterom for folk på tur sidan 1918. Vi i campingvogn held fram på Stegrosvegen i retning Mår. Ingen gourmetmat ventar for den som var dum nok til å ikkje sykle. Berre pasta med grillkrydder. Fyrst fylgjer vi blåstrupen sin kveldssong bort til Stegarosdammen. Dei seier at det ein gong stod eit hovud på ein stake her. Rikulv levde på 1500-talet og hadde lett for å kome i krangel med folk. Fyrst vart han frådømd rikdomen sin nede i

268


Krossobanen er snarvegen opp til 886 moh. og utsikt til Gaustatoppen.

269


Fotlandsvåg

tur til eventyrleg rasteplass

Lonevåg

2 km

Osterøy


34 EIT SISTE EVENTYR

tur: Sakslivegen med avstikkar til Sagatjørna strekning: Mellom Lonevåg og Bruvik. Bitt saman fv. 5418 og fv. 5430. Sagatjørna ligg ved Blomdalsvegen. fylke: Vestland kommune: Osterøy

311


314


– Kvar er sola? spør eg, og ser utover det gigantiske Z-forma Storavatnet som er delt i to av Herlandsnesjane. Har gløymt å kalkulere inn haustens minkande dagsljos i reknestykket. Humøret dett nokre hakk til, trass i at dette myrlendte landskapet er verdskjent blant botanikarar for sjeldne artar, og mellom anna er hekkeområde for duetrast. Jamvel hoppeedderkoppen Lasaeola tristis, som er mest vanleg i varme strok lengre aust i Noreg, trivst der. Men ikkje eg, ikkje i dag. – Alle veit jo at det ikkje er sol her no, parerer den betre halvdelen i førarsetet. Illusjonen om bål i solnedgang brest, og plutseleg er vegen slutt. For midt oppe på fjellet møter Sakslivegen Bruvikdalsvegen, som er offentleg og har vegnummer 5418. Før såg eg mørkt på det, no er det svart. Kva er poenget med å skrive om ein veg som er så kort? Vi fer heim. Men nettopp her, i dette krysset, ligg kjernen til kvifor denne bomvegen er verd ein tur. Det skal ta to veker før eg innser det, eg får igjen skulde på dagsforma. Snytepapiret er oppbrukt før vi når fjorden på Bruvik. Veden er ubrend, og det blir kjøpepizza til middag. Ved kassa på Kiwi står ei som har store planar for dagen. Du kjøper ikkje to pølsepakkar, lomper, brød og oversukra sjokolade viss ikkje. Sekken på ryggen signaliserer at eg skal gå Noreg på langs. To termosar, liggeunderlag, femten posar ekspresskakao, tollekniv, ein liter saft og ein pose med ved. I røynda skal eg gå om lag fire meter og køyre ein fenomenal bomveg. Vi er så mange at vi treng to bilar. Halvparten av turfylgjet er mellom null og fire år. Sjokoladen skal sikre god dagsform, og på Osterøy er det sol viss ein er tidleg nok ute. Sakslivegen klarer dette geniale som vi ikkje skal undervurdere: Han bind saman, ikkje berre to vegar, men fleire lokalsamfunn. Mellom Bruvik og Fotlandsvåg er det til dømes nesten 4 mil, men den vesle private bomvegen kortar avstanden til 2,5 mil. Skal du frå Bruvik til Lonevåg, blir turen nesten 2 mil kortare på Sakslivegen. Med sag og smigrande ord opna han i 2007. Dei som hadde kjempa vegen fram, fekk sine fortente takkseiingar. I staden for snorklipping vart ein solid tømmerstokk delt i to, og folk frå bygdene på kvar side av fjellet kunne endeleg feire. Då var det 30 år sidan ideen om vegen vart til. – Osterøy er så stor, seier ein i turfylgjet, eg sluttar aldri å bli forbausa over kor diger den er! Vi snirklar oss oppetter hårnålssvingane under Brøknipa (822 moh.) på det dei kallar Nord-Europas største innlandsøy.

315


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Bomtur by Skald forlag - Issuu