S ISS E L B R U N STA D
[ølbollerim frå hornindal]
Norsk ølhistorie – frå Odins skål til i dag samlar norsk øltradisjon mellom to permar. Øl vert sett inn i historisk og kulturell samanheng, frå dei første såkorna vart lagde i jorda her nord, til dagens tradisjonsbrygg jarar, som gladeleg deler løyndommane bak brygg jekunsten med deg. Øl har spelt ei avg jerande rolle i folks liv, frå fødsel til grav, og har sett spor i folkekunst, dikting og handverk. Ein gong var den gylne drikken så viktig at om du ikkje følgde lova og bryggja tilstrekkeleg, kunne du misse både gard og grunn. Øl var omgitt av overtru og var ei heilag gåve både til og frå gudane, eit sosialt lim i samfunnet og ein viktig ingrediens i det politiske maktspelet. Boka er eit funn for alle entusiastiske hobbybrygg jarar, ølelskarar og historieinteresserte.
s i s s e l b ru n s ta d (f.1956) har sjølv vakse opp i eit levande ølbrygg jarmiljø i Velledalen på Sunnmøre. Ho minnest framleis mystikken frå naboen sin bryggjekjellar. Der fekk ho som lita jente sin første smak av varm og søt vørter og ein fleire tusen år gamal, men framleis levande, kulturarv. Som mangeårig journalist i nrk Møre og Romsdal er ho ei kjend stemme gjennom både radio og fjernsyn. Brunstad har ei særleg interessere for kulturhistorie og har vore medforfattar til fleire bøker og tidsskrift.
SKALD.NO
978 - 8 2 -7959 - 2 89 -1
NORSK ØLHISTORIE
Paa Bonden sitt Bord i tusental Aar eg gav min Stryke Haust og Vår
S I S S E L B R U N S TA D
NORSK
ØL
HISTORIE F R Å O D I N S S K Å L T I L I DAG