Skip to main content

Sjakknovelle og andre tekstar

Page 1

stefan

zweig

zwe ig

sjakknovelle om sett av øystein vidnes

Stefan Zweig var ein uhyre produktiv forfattar av dikt, romanar, biografiar og essay, men det er kanskje som meister i novellekunsten han har sett størst spor. I novellene sette den stadig reisande forfattaren ord på kjensla av å vere undervegs. Kombinasjonen av øm psykologisk innsikt og fengslande, scenisk forteljarkraft gjer at tekstane hans verkar like levande i dag som då dei blei skrivne. Mange av dei har blitt filmatiserte. Etter at nazistane tok makta i Tyskland i 1933 blei verka hans forbodne og brende på bokbåla. Zweig blei tvungen ut i eit omflakkande eksil som sakte tok knekken på han. Sjakknovelle, den mest kjende av novellene hans, ber preg av den såre krigserfaringa. Denne la han siste hand på dagen før han tok livet sitt saman med kona, Lotte, i den vesle byen Petrópolis utanfor Rio i 1942.

s jakkn ove lle

øyste i n vi d nes (f. 1976) er busett i Leikanger i Sogn. Vidnes debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2003 og arbeider i dag i tillegg som grafisk designar, omsetjar, kritikar og illustratør. Han omset frå engelsk, tysk og portugisisk, og har tidlegare gitt ut omsetjingar av forfattarar som Mary Shelley, Fernando Pessoa, Angelika Klüssendorf og Cory Doctorow. I 2018 blei Vidnes tildelt Kritikarprisen for omsetjinga av Tre kvinner av Robert Musil.

Tanken hadde knapt slått meg før han begynte å verke, som ei sterk gift.

1 942

st e fa n zweig (1881–1942) var fødd og oppvaksen i Wien som son til ein velståande jødisk tekstilentreprenør. Saman med Thomas Mann blir austerrikaren rekna som den mest lesne tyskspråklege forfattaren i mellomkrigstida. På 1920-talet var Zweig den mest omsette forfattaren i verda. Han var høgt verdsett både av publikum og kritikarar og fungerte som vegvisar og mentor for mange unge kunstnarar i samtida.

o g a n d r e t e k s ta r

skalds klassikarar er ein serie av

vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.


s t efa n zwei g

SJAKKNOVELLE o g a n d r e t e k s ta r frå tysk ved øyste i n vi d nes

s ka l d 201 9


a n d r e bøker i ser i en : fra nz kaf ka: Forvandlinga og andre forteljingar (2016) mary s h e lley : Frankenstein, eller den moderne Prometevs (2016) jam es joyc e : Dei døde (2017) gu stave f lau bert : Madame Bovary (2017) ro b e rt m u s il : Tre kvinner (2017) sa m u e l b ec kett : Fyrste kjærleik og annan kortare prosa (2018) georg b ü c hner : Lenz (2018) Skrifttypane i denne boka – Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk – er utvikla spesielt for skalds klassikarar av skriftdesignaren Stefan Ellmer. Dei er ei indirekte omsetjing av dei ikoniske skrifttypene Nicolas Jenson utvikla i Venezia rundt 1470, med inspirasjon frå den britiske og amerikanske rørsla av uavhengige forlag som tidleg på 1900-talet utvikla sine eigne versjonar av desse gamle skrifttypane. Målet med skrifttypen Skald er å presentere dei nye omsetjingane i skalds serie på ein klar, unostalgisk, open og inviterande måte, men likevel med særpreg. Støtta av Norsk kulturfond og Bundeskanzleramt Österreich. Boka er innkjøpt av Norsk kulturfond.

or ig inaltitlar : Die Mondscheingasse (1922) Brief einer Unbekannten (1922) Die unsichtbare Sammlung (1927) Unvermutete Bekanntschaft mit einem Handwerk (1931) Schachnovelle (1942) te kst : Stefan Zweig · om setjar : Øystein Vidnes s e r i e d es i g n : Andreas Töpfer & Øystein Vidnes · sats : Øystein Vidnes illu str asjo n : Andreas Töpfer fo nta r : Skald antikva, Skald kursiv og Skald grotesk, av Stefan Ellmer pap i r : Munken Print Cream 1.8, 90 g · trykk o g innbind ing : Livonia Print

© ska l d 2019 · www.skald.no isbn 978-82-7959-286-0 ISBN 978-82-7959-286-0

9 788279 592860


innhald

Müneskinssmauet side 9 Brev frü ei ukjend kvinne side 35 Den usynlege samlinga side 87 Uventa innføring i eit handverk side 107 Sjakknovelle side 157


m ĂĽneskinssmauet

7


8


S

ki p et h a d d e b l i t t forseinka av storm, og det blei langt på kveld før det kunne legge til i den vesle franske hamnebyen, for seint til å rekke nattoget til Tyskland. Dermed blei det ein uventa dag på ein framand stad, ein kveld utan andre freistingar enn melankolsk kvinnesong i ein forstadsnattklubb eller ein einsformig samtale med dei heilt tilfeldige reisekameratane. Uuthaldeleg verka lufta i den vesle matsalen på hotellet, feittete av olje, tung av røyk, og den ugjennomskinlege ureinskapen kjendest dobbelt så ille fordi den reine havpusten enno låg salt og kald på leppene mine. Så eg gjekk ut, på måfå langs den opplyste, breie gata til eit torg der ein trupp gatemusikantar spelte, og vidare igjen, gjennom den seigtflytande brottsjøen av fotgjengarar. I starten gjorde det meg godt å gynge viljelaust i straumen av likeglade og provinsielt pynta menneske, men snart heldt eg det ikkje ut lenger, dei framande menneska og den usamanhengande latteren deira som bølgja mot meg, auga dei sette i meg, forfjamsa, undrande eller glisande, desse berøringane som skauv meg umerkeleg vidare, alt 9


lyset som braut seg fram frå tusen små kjelder, og den konstante lyden av steg. Sjøreisa hadde vore uroleg, og enno bobla det i blodet mitt ei ør og mildt omtåka kjensle som fekk det til å gynge under føtene mine, jorda rørte på seg som om ho pusta, og gata svinga seg mot himmelen. Det støyande virvaret gjorde meg med eitt svimmel, og for å redde meg svinga eg inn i ei sidegate utan å merke meg kva ho heitte, og derifrå inn i ei mindre, der den sanselause larmen langsamt svann. Planlaust gjekk eg vidare innover i flokane av smågater som greina seg ut som blodårar og stadig blei mørkare di meir eg fjerna meg frå torget. Dei store elektriske gatelyktene, desse månane over dei breie bulevardane, lyste ikkje her, og mellom dei få lysa som var, kom endeleg stjernene igjen til syne på ein svart, delvis skya himmel. Eg måtte vere nær hamna, i sjømannskvartalet, det merka eg på lukta av forderva fisk, på den søtlege dufta av tang og rote frå blæretangen som brenninga har kasta i land, denne særeigne dunsten av forderving og uutlufta rom som legg seg trykkande i desse krokane heilt til den store stormen kjem og luftar ut. Det utflytande mørket og den uventa einsemda gjorde meg godt, eg gjekk saktare, granska smaua eitt for eitt, kvart einaste annleis enn det førre, eitt fredeleg, eitt lokkande, men alle mørke, med ein dempa lyd av musikk og stemmer som svulma løyndomsfullt opp frå innsida av usynlege kjellarkvelv og gjorde det umogleg å gjette den underjordiske kjelda. For alle var avstengde og blinka berre med eitt og anna raudt eller gult lys. Eg er glad i desse smaua i framande byar, denne skitne 10


marknaden for all slags lidenskap, denne hemmelege opphopinga av freistingar for sjømennene som etter einsame netter på framande og farlege hav stoppar ei natt her, for å oppfylle alle dei mangfaldige og sanselege draumane sine i løpet av ein time. Dei må gøyme seg ein eller annan stad i ei fordjuping i storbyen, i desse små sidegatene, fordi dei så frekt og utilslørt seier det som dei opplyste husa med blanke vindauge og ærverdige ibuarar skjuler med hundre masker. Her kling lokkande musikk frå små lokale, glorete kinoplakatar lovar makelause herlegdommar, små firkanta lanterner dinglar under portane og blunkar vennskapleg og tydeleg inviterande, i sprekken frå ei open dør skimrar naken hud under gullblinkande hengepynt. Fulle menn brøler i barane, og hasardspelarar kranglar høglydt. Sjømennene gliser når dei møter kvarandre her, dei sløve blikka deira lyser av forventning, for her finst alt, damer og spel, drinkar og oppvisingar, det eventyrlege, det skitne og det store. Men alt er blygt og likevel avslørande gøymt bak skinheilagt senka vindaugslemmar, alt bak lukka dører, det tilsynelatande avstengde preget pirrar og er dobbelt så forførande fordi det både er gøymt og tilgjengeleg. Desse gatene er like i Hamburg og Colombo og Havanna, akkurat slik dei store luksusavenyane der er like, for over- og undersida av livet har same form. Ein siste fantastisk rest av ei sanseleg, uregulert verd er desse uborgarlege gatene, der driftene framleis får utfalde seg fritt og brutalt, ein mørk skog av lidenskap og villniss og full av dyrisk instinkt, eggande med alt dei viser fram og lokkande med alt dei skjuler. Ein kan drøyme om dei. 11


br ev frĂĽ ei u k jend kvinne

33


34


D

å den kjende romanforfattaren R. kom tilbake frå Wien etter ein forfriskande tre dagar lang fjelltur, kjøpte ei avis på togstasjonen og sneia datoen med blikket, blei han med eitt klar over at han hadde bursdag. Førtiein, kom han raskt fram til, og denne erkjenninga gjorde verken godt eller vondt. Hastig bladde han gjennom dei knitrande avissidene og tok ein taxi heim. Tenaren melde om to besøk og ei handfull telefonoppringingar medan han hadde vore vekke, og kom med den oppsamla posten på eit brett. Likeglad såg han på det som hadde kome inn, reiv opp eit par konvoluttar som interesserte han på grunn av avsendaren. Eit brev med framand handskrift på utsida la han inntil vidare til sides, det verka for langt. I mellomtida hadde teen kome, han lente seg makeleg tilbake i lenestolen, bladde ein gong til gjennom avisa og nokre andre trykksaker, før han tende ein sigarett og greip etter brevet han hadde lagt til sides. Det var om lag to dusin raskt skrivne sider i ei framand, uroleg kvinnehandskrift, meir eit manuskript enn eit brev. Uvilkårleg kjende han på konvolutten, om det 35


ikkje skulle ligge eit følgjebrev der som han hadde oversett. Men konvolutten var tom, og verken der eller i brevet stod det ei avsendaradresse eller ei underskrift. Merkeleg, tenkte han og tok brevet opp. «Til deg som aldri kjende meg», stod det over, som overskrift. Forundra stoppa han opp: Var det retta til han eller til ein fiksjonsfigur? Plutseleg var han nysgjerrig. Og han begynte å lese. * Barnet mitt døydde i går – tre dagar og tre netter kjempa eg med døden for å redde det vesle, spede livet, i førti timar sat eg ved senga medan influensen rista den veike, heite kroppen i feber. Eg la kalde omslag på den glødande panna hans, eg heldt dei små, urolege hendene hans dag og natt. Den tredje kvelden braut eg saman. Auga mine klarte ikkje meir, dei fall igjen utan at eg skjønte det sjølv. Tre eller fire timar sat eg og sov på den harde stolen, og i mellomtida hadde døden teke han. No ligg han der, den stakkars søte guten i den smale barnesenga si, akkurat slik han døydde, bortsett frå at dei har lukka auga hans, dei kloke, mørke auga, falda hendene hans over den kvite skjorta og tent fire høge lys ved sengeenden. Eg vågar ikkje å sjå, eg vågar ikkje å røre meg, for når lysa blafrar, går det skuggar over ansiktet hans og den lukka munnen, og då ser det ut som om ansiktet rører på seg, og eg kunne kome til å tru at han ikkje er død, at han snart vil vakne igjen og seie noko ømt og barnsleg til meg med den lyse stemma si. Men eg veit at han er død og vil ikkje sjå meir, 36


for ikkje å sitje og håpe, for ikkje å bli skuffa igjen. Eg veit det, eg veit det, barnet mitt døydde i går – no har eg berre deg igjen i verda, berre du som ikkje veit nokon ting om meg, der du sorglaust leikar eller fjasar rundt med ting eller folk. Eg har berre deg, du som aldri har kjent meg, og som eg alltid har elska. Eg har teke det femte lyset og stilt det her på bordet der eg sit og skriv. For eg kan ikkje vere åleine med det døde barnet mitt utan å gråte så sjela vrenger seg, og kven andre skulle eg snakke med i denne grufulle stunda enn deg, du som var og er alt for meg! Kanskje klarer eg ikkje å snakke heilt tydeleg til deg, kanskje skjøner du meg ikkje – eg er jo heilt ør i hovudet, det bankar og slår i tinningane, alle ledda gjer så vondt. Eg trur eg har feber, kanskje allereie influensaen som no går frå dør til dør, og det ville vere godt, for då ville eg dra i lag med barnet mitt og ikkje trenge å gjere noko mot meg sjølv. Av og til mørknar det heilt for auga mine, kanskje klarer eg ikkje eingong å skrive dette brevet ferdig – men eg skal samle all mi kraft, for denne eine gongen å snakke til deg. Du min kjære som aldri kjende meg. Berre til deg vil eg snakke, for første gong vil eg fortelje deg alt, alt om livet mitt, som alltid har vore ditt, som du aldri har visst om. Men du skal først få vite løyndommen min når eg er død, når du ikkje lenger må gi meg noko svar, når det er over, det som no sitrar kaldt og varmt i ledda mine. Må eg leve vidare, så riv eg dette brevet i bitar og held fram med å teie slik eg alltid har tagd. Men held du brevet i hendene, så veit du at det er ei avdød som 37


stefan

zweig

zwe ig

sjakknovelle om sett av øystein vidnes

Stefan Zweig var ein uhyre produktiv forfattar av dikt, romanar, biografiar og essay, men det er kanskje som meister i novellekunsten han har sett størst spor. I novellene sette den stadig reisande forfattaren ord på kjensla av å vere undervegs. Kombinasjonen av øm psykologisk innsikt og fengslande, scenisk forteljarkraft gjer at tekstane hans verkar like levande i dag som då dei blei skrivne. Mange av dei har blitt filmatiserte. Etter at nazistane tok makta i Tyskland i 1933 blei verka hans forbodne og brende på bokbåla. Zweig blei tvungen ut i eit omflakkande eksil som sakte tok knekken på han. Sjakknovelle, den mest kjende av novellene hans, ber preg av den såre krigserfaringa. Denne la han siste hand på dagen før han tok livet sitt saman med kona, Lotte, i den vesle byen Petrópolis utanfor Rio i 1942.

s jakkn ove lle

øyste i n vi d nes (f. 1976) er busett i Leikanger i Sogn. Vidnes debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2003 og arbeider i dag i tillegg som grafisk designar, omsetjar, kritikar og illustratør. Han omset frå engelsk, tysk og portugisisk, og har tidlegare gitt ut omsetjingar av forfattarar som Mary Shelley, Fernando Pessoa, Angelika Klüssendorf og Cory Doctorow. I 2018 blei Vidnes tildelt Kritikarprisen for omsetjinga av Tre kvinner av Robert Musil.

Tanken hadde knapt slått meg før han begynte å verke, som ei sterk gift.

1 942

st e fa n zweig (1881–1942) var fødd og oppvaksen i Wien som son til ein velståande jødisk tekstilentreprenør. Saman med Thomas Mann blir austerrikaren rekna som den mest lesne tyskspråklege forfattaren i mellomkrigstida. På 1920-talet var Zweig den mest omsette forfattaren i verda. Han var høgt verdsett både av publikum og kritikarar og fungerte som vegvisar og mentor for mange unge kunstnarar i samtida.

o g a n d r e t e k s ta r

skalds klassikarar er ein serie av

vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Sjakknovelle og andre tekstar by Skald forlag - Issuu