I Tre kvinner utforskar Robert Musil forholdet mellom mann og kvinne, og korleis dei prøver å frigjere seg frå krava til samfunnet, frå fordommar, maktspel, og overvinne alle avstandar. Vi møter tre ulike kvinner, bondejenta Grigia, adelskvinna frå seinmiddelalderens Portugal og arbeiderklassekvinna Tonka. Desse møta utløyser omveltingar i livet til personane, men akkurat korleis det hender, blir ei gåte som forteljaren prøver å løyse.
Desse tre novellene har blitt feira som oppvisingar i stor skrivekunst. Forfattaren skriv både konsentrert og poetisk, sensuelt og ironisk. Han gir historiene sine ein stor detaljrikdom som gir lesaren ei sanseleg oppleving, på same tid som han observerer personane med ein distanse som tillét han å sjå dei frå fleire ulike kantar.
Innbunden i tekstil med silketrykk, nynorsk,12,0 x 18,0 cm, 136 sider, kr. 249,-
ISBN 9788279592563