Skip to main content

Gi meg heller livet

Page 1

gi meg heller livet

over hundre tusen norske soldatar har vore i utlandsteneste etter andre verdskrigen. Når oppdraget i Afghanistan vert avslutta, vil Norges siste store krigsinnsats ha etterlate nærare ti tusen nye norske krigsveteranar. Heimkomsten frå konfliktområda har for mange vore starten på ein personleg kamp. Ein kamp dei ikkje har vore førebudde på. Dei kjempar for å finne tilbake til eit vanleg liv, mot vonde minne og mot eit samfunn som ikkje forstår. Dei kjempar for å bli høyrde og respekterte. Gi meg heller livet er ein usminka og nær dokumentasjon av 13 norske soldatveteranar sin kvardag.

Ein dokumentar om soldatveteranar i Norge

www.skald.no

gi meg heller livet Ein dokumentar om soldatveteranar i Norge Foto av Håvard Bjelland Tekst av Bjørn Asle Nord


GI MEG HELLER LIVET Ein dokumentar om soldatveteranar i Norge FOTO AV HÅVARD BJELLAND TEKST AV BJØRN ASLE NORD

SKALD 2014


50 TOM STEINSGARD

avdeling. Det aktuelle er nå at han er blitt suicidal. Satt med hagle i natt og vurderte å ta sitt eget liv. Har forsatt konkrete suicidale planer. Tom var ikkje i stand til å køyre meir lastebil, og det gjekk drygt eitt år, så var han innlagd på same sjukehuset igjen. Fleire andre Irak-veteranar hadde blitt trudde og fått medhald i sine krav om erstatning. Men ikkje Tom. Han følte at myndigheitene ikkje trudde på han. Statens pensjonskasse hadde underkjend dei spesialisterklæringane han hadde, og no var han redd dei ville leite i barndommen etter andre årsaker til dei psykiske lidingane. Tom blei sjukare og bitrare og nærma seg eit nytt samanbrot. Påska 2011 bad han sjølv om å bli lagd inn og køyrde til sjukehuset i ein stolen bil. Han blei vurdert av endå ein psykiater i februar 2012, og konklusjonen var den same som før. Det er mer enn 50 prosent sannsynlig at lidelsene oppsto som følge av de aktuelle hendelsene i forbindelse med tjenesten. Men Statens pensjonskasse meinte psykiateren oversåg Tom sine somatiske plager og godtok ikkje resultatet. SPK bad sin samarbeidande spesialist, ein nevrokirurg, vurdere saka. Han konkluderte med at årsaka til uføretilstanden var


Motorsykkelfyren set seg ned i baren og drikk øl. Klokka er snart tolv på formiddagen, og det livnar så smått til i bargata. Tom tørkar seg i andletet med handkledet igjen og seier han vil gå til leilegheita si, nokre kvartal unna, i eit meir skjerma bystrok. Ifølgje Tom var det usemje om ei barjente som gjorde

51 TOM STEINSGARD

smerteplager frå rygg og nakke etter akutt nakkeprolaps, ikkje psykisk liding. Tom fekk halvert erstatninga for psykisk skade. Advokaten hans sende saka til klagenemnda. 24. januar 2013 kom svaret. Nemnda finner dr. Kirkebys erklæring fra 2012 mangelfull. I den sammenheng finner nemda særlig grunn til å fremheve at 4 psykiatrisk sakkyndige etter omfattende undersøkelser av skadelidende, har konkludert med at skadelidende har omfattende psykiske belastningsskader som følge av tjenesten, og legger til grunn en medisinsk invaliditet på 45–50 prosent. Dr. Kirkeby, som er spesialist i nevrokirurgi og som ikke har undersøkt skadelidende, konkluderer på sin side med at «det er mindre sannsynlig at hans psykiske lidelse er årsak til vedvarende arbeidsuførhet». Tom vann fram og fekk til slutt samanlagt nærare tre millionar kroner i erstatning.


BRORSKAP PÅ TO HJUL vårsola skin over huset hans nær skogen i Vestby. «Sommarhalvåret er den beste tida på året for meg. Det å setje seg på sykkelen og berre køyre av garde er ei god greie. Då får eg blåst hjernen», seier Lasse. 80-talshiten Words don’t come easy to me døyr ut på radioen i bakgrunnen. På biletet på veggen held Lasse og veslebror Trond tett rundt kvarandre. Krigshelten Trond blei drepen i Afghanistan i juni 2010. «Det har ikkje gått ein dag utan at eg har tenkt på han», seier Lasse. Tapet av broren gjorde at hans psykiske krigsskadar blussa kraftig opp. Dei fire Bolle-brørne vaks opp tett saman og leika krig frå dei var små gutungar. Det var ikkje unaturleg at dei valde å bli soldatar som unge menn. Tre av dei har tenestegjort ute, til saman i 22 år. ◂◂ Lasse Bolle og kameratane i Legacy Vets er på Vestre Gravlund i Oslo 8. mai 2013. Dei heidrar den første presidenten i motorsykkelSkråtaket i garasjen er som tapetsert med ulike banner. Her klubben.

All gave some some gave all

har Lasse innreia klubbhus for den lokale avdelinga til Legacy Vets. Dei møtest minst kvar fjortande dag, og oftare om sommaren. Lasse sin nest eldste bror Freddy er president for avdelinga.

▸▸ På frigjerings- og veterandagen 8. mai 2011 er Lasse Bolle på Akershus festning i lag med pappa Svenn, nevøen Håkon og svigerinI kjellaren hjå Lasse er det rigga opp eit minnekontor om ut- ne Bjørg. Veslebroren og krigshelten Trond André er landstenesta i fleire FN- og NATO-oppdrag på 80- og 90-talet. nettopp tildelt Krigskrossen Han var tre gonger i Libanon, i tillegg til Golfen, Makedonia med sverd, post mortem.

og Bosnia.

113 LASSE BOLLE

Lasse Bolle rullar kameraten ut av garasjen. Saman med kompisane i Legacy Vets skal han ut på vegen igjen. For Lasse er brorskapet på to hjul livsviktig.


132 RUNE MYHRE

▴ Rune har utstyret klart til strid.

På soverommet i hytta ligg ein skotsikker vest ved sida av senga og endå ein ved fotenden. Ei armlengde frå militærsove­ posen står eit sverd. Rune har ei gassmaske i bakhand her inne òg. Heilt sidan ladegrepa i Bosnia har han vore plaga av uro om natta og dårleg søvn. «Det er andre ting som tek over når eg søv. Det hjelp ikkje å vere stor og sterk. Det mystiske er at kroppen ikkje har nokon kontroll over PTSD. Det er som om noko har flytta inn i meg. Noko som er vanskeleg å skvise ut att.» Hausten 2007 blei Rune svært dårleg. Hans dåverande sambuar slo alarm utan å fortelje Rune om det. Han vakna opp med mareritt, fekta med armane og tok ubevisst tak rundt henne. Ho begynte òg å slite med søvnen og la seg i stova. For å få sove hadde Rune lagt ei rifle under senga. Då sambuaren oppdaga det, kravde ho at han søkte hjelp hjå Nasjonal militærmedisinsk poliklinikk – elles ville ho gjere det slutt. På NMP fekk Rune utgreiing og hjelp. Psykiater Sverre Hougsnæs slo fast at summen av mange episodar i tenesta hadde sett varige psykiske spor. Under ei juletilstelling i Oslo i desember 2007 hamna Rune


133 RUNE MYHRE

i slagsmål med dørvaktene. Han fekk kjeveproblem etter baske­taket. Då han blei frakta frå legevakta til arresten, sette ein politimann handjern på han. «Han drog til så eg mista følelsen», seier Rune, som er handverkar og redd for hendene sine. Han var full, irritert og ville at politimannen skulle løyse litt på handjerna. «Vent til vi kjem på huset, svarte han meg. Eg blei forbanna. Eg var litt trugande og sa eg ville klikke snart.» Han blei dømd for vald mot offentleg tenestemann etter å ha skalla og sparka til politimannen. Sjølv meiner Rune at han såvidt sparka borti leggen på politimannen inne i politibilen. Vanlegvis blir ein straffa med fengsel utan vilkår for vald mot politimenn, men Rune fekk berre 30 timar samfunnsstraff. I dommen blei det lagt vekt på at Rune sleit med posttraumatisk stressliding frå tenesta som jeger i Bosnia. «Ein dag kom politiet på døra for å hente skarpskyttarrifla. Det må ha vore eit påskot, for rifla hadde eg allereie levert inn», fortel Rune. «Dei tok med utstyr eg bruker til karate, som dei meinte var ulovleg. Eg trur faktisk politiet heldt meg under oppsikt


146 HALLGEIR MIKALSEN

«Han var ein truande, eg var ein ikkje-truande for dei. Han hadde fått ordre frå Taliban om å drepe slike som meg. Mannen gjorde det han blei beden om. Han gjorde berre ein feil, han drap meg ikkje.» Ibrahim blei skoten i armen. Det lokale politiet og militæret arresterte han, og gjerningsmannen fekk 14 års fengsel. Ibrahim var soldat i den 8. divisjonen. Skotepisoden illustrerte ▴ Motorsykkelen «Ibrahim den 2.» har Hallgeir oppkalla det usikre biletet ISAF-soldatane stod ovanfor. Det var alltid etter mannen som skaut vanskeleg å vite kven som var ven, og kven som var fiende. ▴ Hallgeir under markeringa av frigjerings- og veterandagen på Akershus festning. Han trur det tek fleire tiår før samfunnet skjønar kva belastning dei som har vore i krigen har vore utsett for.

han.

▴ 13. mai 2013 var det ti år sidan Hallgeir blei skoten. Kvart år markerer han dagen med edle dropar, samen med sine nære og kjære.

Skotet gjekk hardt utover innvollane. Hallgeir fekk indre skadar, levra blei øydelagd. Han har hatt store smerter heilt til i dag. Nokre år brukte han store mengder smertestillande. «Eg knaska Paralgin forte som brødskiver.» Hallgeir innsåg sjølv at det ikkje gjekk lenger, så han slutta med det for tre–fire år sidan. Han ville vere meir til stades, ikkje berre eksistere. «Å tyggje for mykje medisin er som å pisse i buksa, det blir fort kaldt igjen.» Han får noko som heiter psykomotorisk fysioterapi, og ter-


Hallgeir trur det hadde vore tøft å kome seg gjennom dette utan kona si støtte. Samstundes har ho òg betalt ein høg pris. Ho klarer knapt synet eller lukta av sjukehus lenger. «Kona mi har hatt det kjempetøft. Ho fekk ein smell og har gått med skuldrane oppe etter det som skjedde med meg i

147 HALLGEIR MIKALSEN

par mellom anna pusteteknikkar. Det handlar om å lære seg å frigjere smertene, puste dei vekk. På sjukehuset i Harstad får Hallgeir òg lagt på ein slags duk med chilipepar kvar sjette veke. Det skal lindre. Det handlar om å meistre smertene, for han kjem aldri til å bli smertefri. Det veit han. Han må bevisstgjere seg sjølv. Smertene er ikkje farlege. «Dei får til helvete berre vere der. Det hadde vore verre om eg fekk kreft», seier finnmarkingen. Hallgeir har vore gjennom fem store operasjonar som følgje av skotet. I 2005 fekk han i tillegg hjarteproblem og blei operert endå ein gong. No skal han gjennom ein stor operasjon til. Kvar einaste dag må han skifte bandasje på operasjonssåret, av og til to gonger om dagen. Ti år etter skotet i Afghanistan går det framleis betennelse i såret.


232 TORE MØLLER

av såkalla Gulf War Illness. Samstundes melder avisa Fremover i Narvik om ein dramatisk episode før midnatt 20. september. Politi og brannvesen måtte i 22-tiden mandag kveld rykke ut i et boligområde i Narvik. Der hadde en mann gått berserk og blant annet forsøkt å sette fyr på gresset utenfor en bolig. Det var en person som var i ubalanse som hadde kastet bensin rundt og forsøkt å tenne på, får fremover.no opplyst hos politiet i Narvik. Han hadde også oppført seg truende. Fra vitner får fremover.no opplyst at mannen ble spylt av brannvesenet for at han skulle holde seg i ro. Mannen skal ha vært beruset og ble tatt hånd om av politiet. To månader seinare skrittar mannen ut frå akuttpsykiatrisk avdeling ved Nordlandssykehuset i Bodø. Han har vore innlagd etter at han gjekk amok den septembernatta. Frå vindauget stirer pasientar og tilsette på Tore Møller. I ein liten bag ber han på det han har laga i arbeidsstova, elles har han berre det han går i. Onsdag 17. november 2010 passerer flyet over Nordlandssjukehuset i eit svakt mørketidslys. Tore skal heim til Narvik – etter si tredje innlegging på eitt år. Han har flytta til eit bufellesskap i Narvik, for han orka ikkje å bu nær militærleiren i Bjerkvik lenger. Leilegheita er akkurat som den var før han blei innlagd. Han set i gang å rydde med det same. Fjernar ei spritflaske og to vinflasker frå bordet. Tore hugsar ikkje noko frå dei siste vekene og veit ikkje kor lenge han har vore i Bodø. Kalenderen viser september. Klokka står på sommartid. Han orkar ikkje tenkje på kvifor han måtte på sjukehuset igjen. Ikkje enno. Dagen etter heimkomsten held han fram med å rydde leilegheita, betale rekningar og handle. Trygda er komen. Han går fort gjennom gatene i Narvik. Han ser framleis for seg snikskyttarar, som i Bosnia. Medisinen verkar tungt. «Den er som eit mentalt blyteppe», seier han. Tore sit for det meste i sofaen. Det er ikkje mykje han orkar, han må ta det rolig, om ikkje blir han dårlegare igjen. «Eg jagar etter fred og ro, dette har vore ein av dei rolegaste dagane på fleire år», seier han. Før innlegginga hadde Tore sjølv trappa ned på medisin, og auka i staden på med sjølvmedisinering. Alkohol. ▸ Tore har vore i butikken. «Eg kan ikkje drikke eller engasjere meg i noko», seier han. Han skal lage suppe. I leileg- Tore blir oppøst over eit medieoppslag om seinskadar på sivile heita har han eit lager av ris, og deformerte barn i Falluja i Irak. pasta og erter, i tilfelle det Tre dagar etter at han kom heim frå akuttpsykiatrisk sjuskal bryte ut krig.


Boka er utgitt med støtte av Fritt Ord og Norsk kulturråd. Grafisk form: Aud Gloppen og Terese Moe Leiner | Blæst Font: Brioni Papir: Munken Polar Rough 150 g Trykk og innbinding: Grafija, Litauen © skald 2014 www.skald.no isbn 978-82-7959-206-8


gi meg heller livet

over hundre tusen norske soldatar har vore i utlandsteneste etter andre verdskrigen. Når oppdraget i Afghanistan vert avslutta, vil Norges siste store krigsinnsats ha etterlate nærare ti tusen nye norske krigsveteranar. Heimkomsten frå konfliktområda har for mange vore starten på ein personleg kamp. Ein kamp dei ikkje har vore førebudde på. Dei kjempar for å finne tilbake til eit vanleg liv, mot vonde minne og mot eit samfunn som ikkje forstår. Dei kjempar for å bli høyrde og respekterte. Gi meg heller livet er ein usminka og nær dokumentasjon av 13 norske soldatveteranar sin kvardag.

Ein dokumentar om soldatveteranar i Norge

www.skald.no

gi meg heller livet Ein dokumentar om soldatveteranar i Norge Foto av Håvard Bjelland Tekst av Bjørn Asle Nord


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Gi meg heller livet by Skald forlag - Issuu