Skip to main content

Røde Kors-avisa 2/2015

Page 1

INFORMASJONSAVIS FOR SOGN OG FJORDANE

RØDE KORS AVISA

NR. 2 2015 ÅRGANG 26

RØDE KORS AVISA

Der du er

for trygge lokalsamfunn


INFORMASJONSAVIS FOR SOGN OG FJORDANE

RØDE KORS AVISA

NR. 2 2015 ÅRGANG 26

RØDE KORS AVISA

Der du er

for trygge lokalsamfunn

Røde Kors Avisa Sogn og Fjordane ANSVARLEG UTGJEVAR: Sogn og Fjordane Røde Kors, Langebruvegen 28, 6800 Førde. Tlf. 05003. REDAKTØR: Dag Hovland. REDAKSJONSSJEF: Henning A. Hellebust. ANNONSAR: Faktureringsservice Sør AS. FRAMSIDEFOTO: Sogn og Fjordane Røde Kors LAYOUT/PRODUKSJON: findriv. TRYKK: Sogn og Fjorane Avistrykk OPPLAG: 42000 TUSEN TAKK TIL ANNONSØRANE! Takka vere dykk kjem vi ut med Røde Kors avisa til 42.000 husstandar i Sogn og Fjordane.

Arnt Hellevang og Kjetil Høidal kallar inn mannskap og planlegg gjennomføring av aksjonen.

Geir Tomas Øren sjekkar at redningsbåten er klar til å bli sjøsett.

Jostein Lange Bergset, Geir Tomas Øren og Maja Paulsen, alle frå Florø, utgjer Lag 1. Dei går langs land og ser om dei finn noko i flomålet. For å få kjapp oversikt aukar dei farten og går lenger frå land, hurtigsøk.

2 2015

På leit i havgapet TRE GUTAR ER SAKNA ETTER BÅTTUR I ØYANE UTANFOR FLORØ. RØDE KORS HJELPEKORPS DREG FOR Å FINNE DEI.

Det er laurdag morgon klokka 09:09. Det kvin i telefonen til alle Hjelpekorpsarane i Flora. – Øving, øving, øving, seier stemma frå Røde Kors varslingstelefon, og held fram: – Det pågår leiteaksjon i Florø. Oppmøte Røde Kors huset. Tast «1» for «kommer». Alle veit kva dette betyr. Sjølv om det er ei øving, gjer alle som har høve seg klar for innsats. Dei smør matpakke for å klare seg sjølv i åtte timar i felt, sjekkar at alt som skal vere med, ligg i beredskapssekken. Så hastar dei til Røde Kors-huset for instruks.

12 FRIVILLIGE PÅ LEIT

Arnt Hellevang og Kjetil Høidal skal leie aksjonen frå sambandsrommet til Røde Kors. Dei er i gang med å registrere kven som er

på veg inn. Skjermar med kart, mannskapslister og ordreskjema hjelper dei å halde oversikt. Dei testar sambandet, klargjer kva kanal dei skal snakke på. Snart skal dei leie 12 frivillige ungdomar ut på søk i eit 20 kvadratkilometer stort område. Titals øyar, hundretals skjær og holmar. Ein eller anna stad der ute mot vest, skal dei finne ein åttefots, grå gummibåt og tre gutar på 14, 16 og 16 år som var ute for å fridykke. – Vi har tre hypoteser, seier operativ leiar Høidal. Klokka er ti og han orienterer dei frammøtte om kva som skal skje. Anten kan det ha skjedd noko slik at dei har blitt sittande fast og ute av stand til å kontakte andre. Eller så har dei fått problem med båten og blitt ført nordover av den sør-

lege kulingen. Ei tredje hypotese er at dei har reist til eit anna område enn det dei avtalte, seier han.

FØREBUING REDDAR LIV

Leiarane samlar all tilgjengeleg informasjon og lagar ein søkeplan. To båtlag skal gjere hurtigsøk i området Vassøya, Tjærøya, Langesundet og eitt lag går i land og tek strandsøk på Langøya. I denne bransjen er gode førebuingar med å redde liv. Røde Kors sin 115 hesters rib er skal ta lag 1 ut på eit hurtigsøk rundt Vassøya. Rask få oversikt i det området det er mest truleg at dei sakna er. Snart legg også den utlånte båten frå Florø Froskemannsklubb frå land i retning Langøya, sju sjømil vestover, med lag 2 og 3. Ved roret står sjefen sjølv,


Møte bak murane

Side 8–9

Møte ved grensa

Side 11–15

Gode møteplassar

Side 18–19

3 2015

Synnøve Giil Folkedal, Benedicte V. Svardal, Kai Thomas Frislid, Malin Tanita Kolseth orienterer seg i kartet på veg til søkestad. Espen Rysjedal er båtførar, Magne Hunnes sit bak til høgre.

korpsleiar Espen Rysjedal. Han er ansvarleg for øvinga, så her spelar han rolla som lokal båteigar som «berre køyrer båt».

TIMANE GÅR

Det har gått fire timar sidan gutane drog ut for å dykke. Det er ingen tid å miste. – Lag 1 går rundt Vassøya, vi tek Tjærøya, Langøya og Langesundet, ropar Synnøve Giil Folkedal til Benedicte V. Svardal på lag 2. Dei ligg på dørken og prøver å diskutere detaljane på søket sitt. Motoren brølar, sørausten kvin. Bølgjene ut Årebrotsfjorden ristar båt og passasjerar. Dynkar dei jamnleg med friskt saltvatn. Lagleiar for strandsøkelaget, Kai Thomas Frislid frå Eid Røde Kors, peikar ut kvar dei skal stige i land for å søke på Langøya. Inni

det trange Langesundet slepp naturelementa det verste taket. Skipper Rysjedal siktar mot ein stein som stikk ut i bølgjene. Her blir landgangen. Baggane med utstyr vert løfta i land. Søkelag 3 gjer seg klar. Også mentalt. På eit søk etter sakna kan alt skje. – 2.1, det er 9.1, over! Frislid får opprop på radioen. – 2.1 svarar, over! – Oppgåva dykkar no vert å søke langs stranda. Eg ber om at de søker sørenden av øya først, seier aksjonsleiar Høidal på radioen.

HJELM OG KLATRESELE

Namir Al-Rubaie tek på seg spesialredningsvesten for strandsøk. Den er forma slik at den skal komme minst mogeleg i vegen uan-

sett kva som skjer. Han får også på seg hjelm, dessutan klatresele som tausikringa skal festast i. Eigentryggleik er kjernen i redningsarbeidet. Magne Hunnes, som har tatt turen frå Stryn, skal sikre Al-Rubaie. Medan sistnemnde går i vasskanten for å leite etter menneske eller gjenstandar, skal Hunnes gå på trygt underlag ovanfor i terrenget og halde lina passe stram. Dersom den nederste dett, skal den øvste sikre. – Greitt, då er vi klare. Før vi søker langs stranda sørover, vil eg at de raskt undersøker kva det gule er rett der oppe, seier Frislid. Medan Frislid og sambandsstøtte Malin Tanita Kolseth frå Hafslo føl etter på avstand, tek Hunnes og Al-Rubaie seg ned mot den mistenkelege gjenstanden i fjærestein-


4 2015

Al-Rubaie og Hunnes finn ein hjelm i vannkanten. Kan det vere relevant?

Strandsøklaget vert hastigt sett i land på Langøya.

ane. Kva kan det vere? Dei finn ein gamal sko og ein industrihjelm.

FUNN! FUNN!

Så får alle inn ei melding frå Kommandosentralen, KO. Eit båtsøkelag har funne gummibåten på ei strand på naboøya. Strandsøkelaget vert kommandert dit for å søke på øya. Då dei kjem dit, hoppar dei i land og byrjar ved båten. Finn dei nokon spor? – Sjekk båten for innhald, seier Frislid. – Eg finn ei dykkerbøye og ei maske med snorkel, ropar Al-Rubaie. Bukta dei skal søke er omkransa av høge berg og lyngheier. Enkelte stader er det så høgt og bratt at dei ikkje får sikt heilt ned i strandkanten. – 9.1, detter er 2.1 over. Lagleiar kallar opp KO.

– Vi treng eit båtsøkelag til å hjelpe oss med å søke under hamrane, seier han. Det er seks timar sidan ungdomane vart sakna. Søkelaga prøver å halde oppe intensiteten. Dei veit dei har dårleg tid. Dei krabbar opp og ned klipper og berg, gjennom lyng og buskas. Ein sverm av knott, mygg og klegg virrar ivrig rundt kvar hjelm. Sveitten dryp.

ENDELEG KJEM MELDINGA

Båten som er kalla til for å hjelpe lag 3, legg seg nokre meter frå land. Går i krabbefart. Dei tre om bord konsentrerer seg om å sjå langs berget og under vatn. Undervasskikkerten, som liknar på ein kjemperopert, blir brukt der vatnet er djupt. Dei finn ingen ting. Snart har dei kome til endes i bukta. Så fresar det i radioen. - Politiet melder at to

av ungdomane er funne i god behald. Ein er framleis sakna, melder Høidal frå KO. Sett straks i verk nytt hurtigsøk i sjø ved Langeråa og Risholmane. Alt mannskap og utstyr vert raskt fyllt i dei to båtane, farten aukar. Kvar hjelpekorpsar får tildelt sin søkesektor, nokon med kikkert, andre utan. Dei myser mot land, dei myser i sjøen. Er det ein stein eller kva er det som stikk opp? Er det ein stake? På leit etter folk kan ingen ting ignorerast. Etter sju timar kjem meldinga over radio. Alle dei sakna er no komne til rette og er i god behald. Aksjonen, og øvinga kan avblåsast.


Språktrening i Fjaler, bak frå venstre: Saleh Ali, Lesley Blacklaws Wilson (frivillig frå Røde Kors), Selemawit Mehari Tesfamariam, Teklemariam Tesfagiorgis Kelati. Framme frå venstre: Antonys Asenay Kebin, Muhammedali.

Draumefabrikken

TYSDAGSKVELDAR SAMLAST DEI FOR Å TRENE NORSK MED FRIVILLIGE «LÆRARAR» I GAMLE FJALER KOMMUNESTYRESAL. DRAUMEN ER Å FÅ SEG JOBB. Dei har flykta frå diktatur i Eritrea, nokon med livslang militærteneste i vente. Etter eit par år på ulike mottak rundt i landet, vart dei busett i Fjaler i mai. Draumen er todelt. Først fridom. Så få seg ein jobb. – Eg har jobba med ulike ting i Eritrea. I restaurant, muring, og eg har vaska mykje bil. Eg fekk åtte år på skule der, seier Saleh Ali. No gjeld det å lære seg norsk fortast mogeleg, slik at han kan byrje å jobbe, seier han.

BRITISK LÆRAR

- I dag skal vi snakke om mat, om matpakke. Har de matpakke på skulen no? Spør frivillig språktrenar Lesley Blacklaws Wilson frå Fjaler Røde Kors. Ho kjem opprinneleg frå Storbritannia, og kjenner godt til kva som kan vere krevjande med norsk språk og kultur. Denne tysdagskvelden har ho difor med seg noko typisk norsk å snakke om; brød, pålegg, matpapir og erfaring med norske vanar. – Eg står opp halv åtte og et frukost. Det er som oftast skive med egg, brunost, ketchup eller majones, seier Saleh. – Eg et brødskive med egg og sardin, seier Selemawit Mehari Tesfamariam – Vi et mykje det same i Eritrea. Mjølk og brød til frukost er vanleg, seier ho. Då brått tek minna overhand for gruppa. Dei rasar entusiastisk av garde på morsmålet tigrinja. Dei kjem inn på ein debatt om at dei som ikkje har straum til kjøleskap har eit anna kosthald enn dei som har. Og dei færraste har straum. – Hallo, de må snakke norsk, rope-ler Lesley.

KVA ER NORSKTRENING? Føremålet med Norsktreninga er: 1. Auke (dei munnlege) norskkunnskapane til deltakarane 2. Byggje opp sjølvtilliten til deltakarane slik at dei kan bruke norsk i dagleglivet 3. Vere ein sosial arena og møtestad 4. Gi deltakarane støtte og moglegheit til å utvide nettverket sitt ■ Norsktrening i regi av Fjaler Røde Kors og Flyktningtenesta i Fjaler er gruppebaserte, uformelle og sosiale treff. Kvar gruppe består av 6-10 deltakarar (hausten 2015 er alle deltakarane vaksne flyktningar frå Eritrea som er busett i Fjaler) i tillegg til 1-2 norsktrenarar (frivillige). ■ Det blir lagt mest vekt på munnleg norsk og daglegtale. Tilbodet rettar seg mot deltakarar i introduksjonsprogrammet i Fjaler som har litt kunnskapar i norsk. Tilbodet er eit supplement, ikkje eit alternativ til den offentlege språkopplæringa. Norsktreninga i Fjaler er eit introtiltak i introduksjonsprogrammet til deltakarane.

i Eritrea, men der er det ikkje fridom for journalistar. Ein må aldri finne på å snakke om politikk eller regjering, seier han. – Kva er din draum her då? – Eg vil bu her i fridom og finne meg ein jobb etter introduksjonsprogrammet. Eg vil jobbe med å bygge hus, male og snekre, seier Kelati. Denne kveldens “Norsktrening” er det Fjaler Røde Kors som står bak, i samarbeid med Flyktningtenesta i kommunen. Men det er berre ein liten del av introduksjonsprogrammet. I tillegg til fulle skuledagar er dei kvar dag ute i lokale verksemder og har praksis. Saleh har jobba på sjukeheimen, nokon har praksis på Vevang produksjon med til dømes trearbeid eller på vaskeri. I tillegg har fleire fått jobbe frivillig, til dømes under teaterfestivalen. Ein søndag i månaden er det språkkafé med servering av kaffi, kaker, norske gloser og kanskje innføring i strikking. Frivilligsentralen, UWC, Fjaler Røde Kors, Flyktningtenesta, folkehelsekoordinator og kulturkontoret står bak. Dessutan får alle symjeopplæring, og damene får vere med på «Aktiv på dagtid».

VOLLEYBALL OG FOTBALL

VIDARE I LIVET

Også for Teklemariam Tesfagiorgis Kelati handlar det å lære seg norsk om å komme seg vidare i livet. – Eg reiste frå Eritrea då eg vart kalla inn til militærteneste. Militæret eig deg, du har ingen fridom. Nokon blir inne heile livet. Eg ønskte å lære journalistikk

– Saman med elevar frå UWC spelar vi fotball med funksjonshemma. Då spelar vi sakte og gjev dei nokon sjansar. Dei blir veldig glade. Volleyball er også ein del av introduksjonsprogrammet, då spelar vi vanleg saman med norske, seier Saleh. – Vi treffer også folk utanom, vi får mange vener her. Det er veldig snille folk i Dale, avsluttar Muhamedali.

5 2015


- Nødnettet blir veldig bra! OVER 150 HJELPEKORPSARAR I SOGN OG FJORDANE TEK I DESSE DAGAR I BRUK NØDNETTET. - DET BLIR EIN NY KVARDAG, SEIER DISTRIKTSSAMBANDSLEIAREN.

Anders Myklebost, distriktssambandsleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors, gler seg over at nødnettet set Røde Kors i betre stand til å løyse sine oppgåver.

6 2015

Dei sit i hesteskoform i konferansesalen på Skei hotell. Alle har ein splitter ny nødnetterminal framfor seg. Når dei er ferdige med dagen, har 95 hjelpekorpsarar i Sogn og Fjordane lært å bruke nødnettet. Dei næraste vekene skal 55 til få opplæring. – Det blir veldig bra! Eg gleder meg slik, seier Anders Myklebost, hovudinstruktør og distriktssambandsleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors.

KONGEN OPNA 1. DESEMBER

I snart to år har Myklebost via store deler av fritida si til utrulling av nødnett for organisasjonen i fylket. Det er tretti hjelpekorps her, men strenge krav for å vere på nødnettet. Kvalitetssikring, opplæring og testing må til. Alle som fyller krava blir med. Dette intervjuet er gjort tidlegare i haust, men 1. desember opna Hans Majestet Kongen offisielt nødnettet. Då skulle dei største hjelpekorpsa i fylket vere på plass. Nødnettet er eit nytt digitalt samband for alle naudetatane, inklusiv Røde Kors. Det fungerer slik: samtalane foregår i talegrupper. Radioen din må vere koda for å snakke i dei ulike gruppene. På det gamle anaologe VHF-sambandet snakka ein saman på ulike frekvensar - alle som hadde frekvensen kunne i praksis lytte eller snakke. Nødnettet er lukka og kan ikkje avlyttast. Nødnett brukar basestasjonar som for mobiltelefoni, og blir bygd ut i 80 prosent av landet, 100 prosent der det bur folk. – Kva betyr det for Røde Kors å komme på Nødnettet? – Først av alt har nettet vanvittig god dekning. Det er heilt unikt. Ei anna viktig end-

ring er at tidlegare var det viktig å ha nærleik mellom kommandosentral (KO) og staden der det var aksjon. No kan ein leie aksjonen der ein har nødvendig utstyr, som kart, dataverktøy, straum og anna, seier distriktsrådsleiar Hjelpekorps Stian Antonsen. Det vil sei før: KO typisk i ein bil på ein skogsveg. No: KO på lokalt Røde Kors sambandsrom eller anna passande stad. Sistnemnde gjev betydeleg betre arbeidsforhold. – Ja, vi har alt sett døme på at vi har område der korkje VHF eller mobiltelefon har dekning, men med nødnett går det fint, seier Myklebost. I tillegg kan dekningsområdet utvidast inn i område med svakare dekning med hjelp av ei signalbru. Til dømes inn i nasjonalparkar.

STYRKA SAMHANDLING

Ikkje minst får dette nettet, som blir likt for alle naudetatane, betydning for samvirke. No vil alle som er involvert i ein aksjon komme på nett straks, og kan ta del i planlegginga av aksjonen medan dei er på veg ut. Fleire får viktig informasjon tidlegare. – Kva verknad får dette på Røde Kors si evne til å hjelpe folk i nød? - Først og fremst gjev det auka tryggleik for eige mannskap. Betre dekning og betre planlegging gjer at vi kan gjere jobben tryggare, seier Antonsen. – Auka effektivitet forenklar jobben, sparer tid og frigjev tid for ressurspersonar til å planlegge, seier Myklebost. Alle desse faktorane kan ha betydning for resultatet i felt. Det var ein del skepsis til at det nye nødnettet skulle kunne klare å erstatte det gamle. Erfaringane tyder på at frykta var utan

grunn. Likevel, det «gamle» analoge nettet har Røde Kors saman med Sivilforsvaret vore med å utvikla vidare heilt fram til i dag. Rundt på fjelltoppane i fylket er det plassert ut såkalla repeaterar, boksar som tek imot og sender radiosignala vidare til neste radiomottakar. Ved behov kan Sogn og Fjordane Røde Kors slik snakke frå ein stad i fylket med ein anna, til dømes som mellom Florø og Lærdal under storbrannen - med VHF. Repeaterane har tre døgns straumtilførsel. Nødnettet har 8-48 timar. – Når barnebarnet til Dagmar kjem på besøk, om straum vert slått ut eller infrastruktur vert skada på eitt eller anna vis, har vi dette analoge nettet i reserve, seier Myklebost.

SAMBAND TIL UTLÅN

Det er også slik at det berre er Hjelpekorpset som har lov å bruke nødnett. Beredskapsvakter, Røde Kors Omsorg og anna Røde Kors aktivitet som ikkje er knytt til naudetatane, skal framleis nytte VHF. Slik vert det systemet vedlikehalde dersom det skulle bli bruk for det som reserve for nødnett. I 2015 har Sogn og Fjordane Røde Kors fått 45.400 kroner av Gjensidigestiftinga til av kjøpe tre sambandskassar á seks VHFradioar. Desse skal delast ut til lokalforeiningane ved større dramatiske hendingar. Desse beredskapsradioane kan også brukast til å hjelpe kommunen sine ulike tenester ved øydeleggingar eller kollaps av infrastruktur som straum, veg eller anna kommunikasjon.


LEIAR

SYNØVE SANDE

Distriktsleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors

DISTRIKTSTILLITSVALDE I SOGN OG FJORDANE RØDE KORS

LEIAR: SYNNØVE SANDE

Svelgen 90726012 sysande@enivest.net

SMIL TIL KVARANDRE Då Røde kors vart stifta for 150 år sidan, var det for å hjelpe krigens offer. Også i dag stiller vi opp for dei som har flykta frå våpnas brutale herjingar. Akkurat no dreg nye familiar frå ein utrygg kvardag i sitt kjære heimland, til noko dei håpar kan bli eit betre liv for seg og sine.

NESTLEIAR: GERD DVERGSDAL Dvergsdal 941 73 971 gerd.dvergsdal@gmail.com

Som busette i verdas rikaste land har dei fleste av oss små føresetnader for å forstå kva lidingar flyktningane har vore utsette for, og kva dei går igjennom no. Med enkle midlar kan vi likevel medverke til at dei som vert busette og dei som er på mottak i våre lokalsamfunn, kjenner tryggleik. Det inneber at vi ser dei og respekterer den dei er. Som medmenneske, like mykje verdt som oss andre.

HARALD ENGEVIK Florø 911 77 347 harald.engevik@gmail.com

ARVE SANDAL Førde 48167060 arve.sandal@enivest.net

Vi treng fleire som vil bidra til at ikkje fleire kjenner seg utanfor i våre lokalsamfunn. Om du ikkje kan binde deg til organisert frivillig aktivitet; ta eit humanitært initiativ - spandèr eit smil og eit tydeleg ‘hei’ kvar dag framover til nokon du møter på din veg. Slik kan du enkelt, men aktivt medverke til eit varmare og tryggare lokalsamfunn.

ASIF FAZLI Førde 410 71 734 fazly_ma@hotmail.com

Tusen takk for innsatsen! SIGURD STRAND Olden 915 97 871 sigurd.strand@enivest.net

Synøve Sande

MERETE MINDRESUNDE

Gloppen 473 03 240 mmindresund@gmail.com

DISTRIKTSRÅDSLEIAR OMSORG BERIT FLÆTE ARNTSEN

TILSETTE VED DISTRIKTSKONTORET

Lavik 481 28 842 berit.arntsen@gmail.com

DISTRIKTSRÅDSLEIAR HJELPEKORPS STIAN ANTONSEN Florø 915 89 866 st.ant@frisurf.no

DAG HOVLAND Dagleg leiar 57 72 31 32 908 94 974 dag.hovland@ redcross.no

LIS MARIA MUNKVOLD Opplæring 5772 3133 904 74 445 lismun@ redcross.no

THOR ERLEND MEHAMMER Ungdom 57 72 31 35 971 48 908 thor.mehammer@ redcross.no

HENRIETTE SOLHEIM Omsorg 57 72 31 36 915 99 415 hensol@ redcross.no

BRITT TJØNNELAND Hjelpekorps 57 72 31 37 916 62 513 britt.tjonneland@ redcross.no

HENNING A. HELLEBUST Kommunikasjon/ beredskap 57 72 31 38 900 58 669 henhel@redcross.no


betyr Nokon gåver re meir enn and mat til kan lage jer eg ris. At mamma “Mest av alt ønsk No et vi stort te å gjere, før krigen. familien slik ho bruk så sulten.” er Eg gar. pen ikkje sett egg, for vi har

MAT TIL je

2

G

aae (8) og fleire på mat i Syria. Rab er i møte. Det er stor mangel usikker og kald vint som ho, går noe ein

sms mat Til 2272

(120 kr)

VIL DU ENGASJERE DEG LOKALT? TA KONTAKT!

LINDA KARIN SOLHEIM Askvoll Røde Kors 975 92 327 oddsolhe@online.no

LIV JORUNN VESTREIM Aurland Røde Kors 909 56 511 livjvest@outlook.com

EINAR MÅLSNES Balestrand Røde Kors 906 60 283 einar.malsnes@online.no

JOFRED ÅSNES Fjaler Røde Kors 911 72 164 joaasnes@online.no

EDITH AAREBROT MADSEN Flora Røde Kors 915 99 896 edith@madsenonline.org

8 2015

SYNØVE SANDE Svelgen- Bremanger Røde Kors 907 26 012 sysande@enivest.net

MARGRETHE SKÅDEN Gulen Røde Kors 481 20 586 margresk@online.no

BRITT OPTUN Luster Røde Kors 995 14 197 britt@optun.no

KRISTI MULDSVOR Hornindal Røde Kors 991 68 595 kristi.muldsvor@ hotmail.com

MONIKA LYSNE Lærdal Røde kors 905 16 686, 57 66 62 48 monika.lysne@ laerdal.kommune.no

ARNE DALE Hyllestad Røde Kors 950 39 740 arne.dale@ hyllestad.kommune.no

HALLGEIR KALLAND Naustdal Røde Kors 91 87 66 98 hkalland@hotmail.com

EVA MARIE ‘ HALVORSEN Førde Røde Kors 415 61 466 eva.halvorsen@hisf.no

RANDI RUSTI Høyanger Røde Kors 975 02 921 randirusti@hotmail.com

BERGE BJØRKEDAL Eid Røde Kors 919 19 160 bergeb@online.no

LEIF BELL Gaular Røde Kors 917 17 741 leifbell@hotmail.com

SUSANNE MERKESDAL GÅSEMYR Jølster Røde Kors 404 67 614 susanne.gasemyr@ gmail.com

SIGURD STRAND Olden Raude Kross 915 97 871 sigurd.strand@ enivest.nett

MERETE MINDRESUNDE Gloppen Røde Kors 473 03 240 mmindresunde@gmail.com

SVEIN RØYSUM Leikanger Røde Kors 901 26 884 svein.roysum@ leikanger.kommune.no

ARNE HELGE SELJEN Selje Røde Kors Hjelpekorps 975 41 398 ahseljen@broadpark.no

Ein dose v DENNE KVELDEN GÅR MARIT FJÆRESTAD INN I VIK FENGSEL OG SPELAR BINGO MED DEI INNSETTE.

Åtte innsette karar. Trengt saman rundt eit langbord bak jernbeslåtte vindauge i Vik fengsel. Ved enden av bordet står pensjonisten Marit Fjærestad og smiler utover den vesle forsamlinga. – Eg kjem frå Vik Røde Kors si visitorteneste, og no blir det bingo. Eg vil også gjere merksam på at de kan ha personlege samtalar med oss, dersom nokon ønskjer det, seier Fjærestad.

EPLER OG BANANER

ODD RUNE VIKHEIM Sogndal Røde Kors 908 91 217 odd.rune.vikheim@ nortura.no

PER EILERT OMMEDAL Stryn Røde Kors 900 68 647 post@essostryn.no

DARIUSZ HAUDEROWICZ Vik Røde Kors 411 04 713 rkvik@online.no

OLAF RUNE MYKLEBUST Vikane Røde Kors 906 95 236 sny360@online.no

ELI BLÅLID Vågsøy Røde Kors 996 14 481 elib69@online.no

AUD MARGARETH ØREN Årdal i Sogn Røde Kors 958 70 271 oeren@hotmail.no

Så set ho i gang sveiva, sveivar fram fem og fem vinnarnummer. Dei skal spele tre omgangar, kvar med fem rekker. På bordet ligg tre rekker med gevinstar. Kvar med eple, banan, shampo, dusjsåpe og ullsokkar.


Marit Fjærestad sveivar i gong bingo for åtte innsette i Vik fengsel. Fengselsbetjenten hjelper til.

ØNSKJER FLEIRE VISITORAR ■ Vik Røde Kors ønskjer å ha med fleire frivillige i visitortenesta. Dei frivillige seier at det er ein svært gjevande aktivitet. Det å oppleve at ein kanskje kan vere med å bidra til at innsette kan få meir ut av straffeopphaldet sitt er verdifullt. Dessutan er det eit godt sosialt miljø i Røde Kors, med faste møter der ein planlegg og har fagleg utvikling. ■ Aktivitet: Ein kan gå på individuelle besøk - frå ein gong til å følgje den same over fleire år. Eller ein kan delta på felles aktivitetar som bingo, julearrangement og tur.

venlegheit Ho er på open avdeling, eller «avdeling med lågt tryggleiksnivå», som det heiter. Det er høgt under taket, andre etasje har ein mesanin, balkong, framfor dørene. Dørene er svakt bua, gråmalte og av tre, solid støypejern held dei saman. Veggene er kvitmalte. Vindauga har jarngitter. Fjærestad plukkar opp kulene og les tala høgt og sakte. Deltakarane følgjer stille med. Dreg ned den oransje klaffen når tal frå deira brett vert lese opp. Ein sunnfjording strekker hals og sender litt bekymra blikk mot naboane sine brett. Ein kar frå Valdres, som ser litt sliten ut, stirrar djupt ned i si bingoplate. Ein kjekkas frå Sogn virkar rimeleg sjølvsikker på siger. Ein kraftkar hoppar på stolen, bannar og steiker høgt når nokon andre ropar «bingo».

AVBROT FRÅ KVARDAGEN

Her inne er det å vinne eit sokkepar noko av det som bidreg til at ein dag skil seg frå ein anna. Fjærestad sveivar til ti gevinstar er delt ut. – Skal vi ta ein pause og ete is no, spør ho, og det vil dei.

– No må de ikkje gå så alt for langt vekk då, formanar Marit. – Vi kan vel ikkje gå så alt for langt vekk, akkurat, svarar kjekkasen frå Sogn. Medan nokon går utanfor og røyker, er det andre som ordnar til med pausemat. Tressog krokanis, mjølkesjokolade på flaske. Peanøtter, Nonstop, Oreokjeks og Vaniljekjeks i små skåler. Kaffi i krus. Dette er høgtid. Dei samlar seg att, tallerkane vert fylde og drøsen går. – No må du ikkje skrive at vi har det bra, seier han med det fyldige ordforrådet. Då er eg redd for at vi mistar noko. Tonen er spøkefull, men så skiftar samtala inn på viktige ting.

NØGD MED TILBODET

Dei er samstemte i at dei har eit godt tilbod i Vik fengsel. Ein ung mann med sleik virkar stolt då han fortel at han tek vidaregande med generell studiekompetanse. At det er mogeleg å ta fag heilt frå grunnskulen til forfag til ingeniørutdanninga. Dersom soningstidspunktet ikkje passar med skulestart og slutt, er det mogeleg å få det tilpassa.

■ Opplæring: Ikkje alle kan vere visitor. Både Røde Kors og Vik fengsel hjelper nye frivillige til å finne ut om dette er ein aktivitet ein klarar å gjennomføre. Ein får god opplæring og oppfølging undervegs. ■ Ta kontakt med Marit Aafedt Fjærestad på telefon 90509481 dersom du har spørsmål om dette.

– Eg har fått meir enn eg har håpa på her, seier ein. – Dessutan kan du ta kurs, som maskinførar og truckførar. – Og sinnemeistringskurs, skyt kjekkasen inn. Dessutan får dei oppdrag frå folket i bygda. Døra til Vik kyrkje har dei restaurert. – Og vi er nett ferdig med 106 meter stakittgjerde, er det ein som skyt inn. Elles er det mykje samarbeid med bøndene. Nokon får kappa og kløyvd ved for ein billeg penge, andre kjem for å reparere mekanisk utstyr. Marit avsluttar bingokvelden etter halvanna time med opplesing av tal, jubelrop, banning, is, kaffi, mykje humor og triveleg samvær. – De må sei i frå om vi skal komme og besøke dykk. Det gjer vi gjerne seier ho. – Ja, de må berre komme, seier kjekkasen. Det er veldig kjekt for oss å få besøk.

9 2015


ASKVOLL Alden-Adventure.No Service og Opplevelse Haneberg 6984STONGFJORDEN Tlf. 971 57 462

Askvoll Sjøbuer 6980 ASKVOLL Tlf. 57 73 03 81

BALESTRAND

EID

Sjukehusv. 9 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 43 30

Midtnes Hotel

Skipenes Gard

Skipenes 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 08 24

FJALER

6900 FLORØ Tlf. 57 63 76 00

AutoMarin AS

Sæle Sag A/S

Coop Dale BA

Havhesten

Påskehaugen 1 6986 VÆRLANDET Tlf. 57 73 12 01

Snekker

Peder Grumsen Bulandet 6987 BULANDET Tlf. 418 53 884

Bulandet

6987 BULANDET Tlf. 57 73 21 44

Nikøy Bulandet 6987 BULANDET Tlf. 57 73 21 44

BREMANGER Bremanger kommune

6963DALEISUNNFJORD Tlf. 57 73 99 30

Spar Bremanger O. Håvardstun AS

Hauge Shipping & Oil

K. Strømmen Lakseoppdrett A/S 6734 RUGSUND Tlf. 57 79 60 40

v/Arve Sagosen 6982 HOLMEDAL Tlf. 480 05 070

EID

Trappeprodusenten AS

Bil og Hydraulikk AS

Øyane 4 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 08 88

Chatlet Sport

AURLAND Aurland Bil og Maskin AS 5745 AURLAND Tlf. 57 63 35 10 www.bilxtra.no

Moengården 6770NORDFJORDEID Tlf. 57 86 13 71

Øyane 12 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 47 60

Eid kommune

Rådhuset 5745 AURLAND Tlf. 57 63 29 00

Rådhusvegen 11 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 88 58 00

Reint AS

Eid Servicesenter AS

Onstadvegen 25 5745 AURLAND Tlf. 907 49 388

Sønnerheim Brødrene A/S Skulevegen 51 5745 AURLAND Tlf. 57 63 34 74

Vang Camping 5747 GUDVANGEN Tlf. 57 63 39 26

Vatnahalsen Høyfjellshotell 5718 MYRDAL Tlf. 57 63 37 22

Fure Mekaniske

Fure 6967HELLEVIKIFJALER Tlf. 57 73 75 42

Sagosen Sagbruk

6980 ASKVOLL Tlf. 57 73 02 67

Fjalerhuset 6961DALEISUNNFJORD Tlf. 57 73 80 00

6721 SVELGEN Tlf. 57 79 63 00

6727 BREMANGER Tlf. 57 79 13 08

6968 FLEKKE Tlf. 416 22 253

6902 FLORØ Tlf. 57 75 67 20

6802 FØRDE Tlf. 57 82 16 65

6800 FØRDE Tlf. 57 02 01 12

GLOPPEN

6900 FLORØ Tlf. 57 74 14 44 Mobil 416 67 497

Innvandrarsenteret i Flora KF

Professor Gjelsvikv. 6900 FLORØ Tlf. 57 75 66 60

Flov 3, 6800 FØRDE Tlf. 57 82 99 40

Dale Rør AS Flovegen 4 6800 FØRDE Tlf. 57 72 55 90 www.comfort.no

Strandgata15,6900FLORØ Tlf. 976 27 000 www.ivestconsult.no

Hafstadvegen 25 6800 FØRDE Tlf. 57 72 13 80

Espeseth Bygg AS

IPM Teknikk A/S

Marø Havbruk AS

Terje Fjellestad

6914 SVANØYBUKT Tlf. 57 74 87 41

Hamneg 3, 6900 FLORØ Tlf. 57 75 88 00

Advokatene

Atle og Arild Standal

6967HELLEVIKIFJALER Tlf. 57 73 53 47

Magnus Thingnæsg. 20 6900 FLORØ Tlf. 57 74 09 30

Rør Service

Folkestad 6964 KORSSUND Tlf. 57 73 77 90

6969 STRAUMSNES Tlf. 908 76 214

Eikås Tannlegesenter AS

Ingolf Viken AS

Tannlege

Storehagen 7 6800 FØRDE Tlf. 57 82 62 09

ANONYM STØTTE

Tlf. 979 71 200 Ta kontakt for en hyggelig prat!

Eidsmona 6823 SANDANE Tlf. 57 00 94 07 Retura - et miljø i balanse

Svanehaugvegen 2 6812 FØRDE Tlf. 57 83 64 33

GAULAR

Åsavegen 159 6823 SANDANE Tlf. 57 86 84 00

Komplett Bygg Vest AS

Fauske Bygg

Arve Aasen Transport AS

6800 FØRDE Tlf. 57 83 08 50

6800 FØRDE Tlf. 960 98 100 www.kbvest.com

6977 BYGSTAD Tlf. 991 65 366

6829 HYEN Tlf. 480 06 853

Øyrane, 6801 FØRDE Tlf. 57 82 30 00

Floveien 5 6800 FØRDE Tlf. 57 82 85 00

Bygningsingeniør

Nils J. Nordang

Osen, 6977 BYGSTAD Tlf. 908 48 123 Salg av trevarer & ved i Bygstad

Sh Landbruksentreprenør AS 6978 VIKSDALEN Tlf. 952 19 125

Førde Mekaniske Industri A/S

Rørvikfloten Handel

Transportforretning

Magnar Brosvik Lihaugen 14 5960 DALSØYRA Tlf. 57 78 31 55

Vest Bygg og Anlegg AS

Firdav 6, 6800 FØRDE 6973SANDEISUNNFJORD Tlf. 400 56 536 Tlf. 57 83 24 00 Alt innan bygg og eigedom

6800 FØRDE Tlf. 57 82 40 90

GULEN

5960 DALSØYRA Tlf. 57 78 38 24

Øvrebø AS

Ole Arve Indrebø

6977 BYGSTAD Tlf. 950 75 459

5966 EIVINDVIK Tlf. 57 78 43 31 Mobil 482 37 782

Halbrendsøyra 2 6800 FØRDE Tlf. 57 82 17 55

Rørvik 6818 HAUKEDALEN Tlf. 57 82 51 28

Aase Landbruk AS

5977 ÅNNELAND Tlf. 56 16 88 00

Steinvik Fiskefarm AS

Førde Motorsport AS

Scandic Sunnfjord

Steia 3 6973SANDEISUNNFJORD Tlf. 57 71 64 40

Kåre Wergeland

Vestnes Ocean AS

Førde Sementvare AS

Statoil Førde Servicesenter A/S

Steinhovden 6940 EIKEFJORD Tlf. 57 75 25 90

Leirvågg. 1, 6900 FLORØ Tlf. 57 75 20 70

Fanøy, 6917 BATALDEN Tlf. 57 74 55 20

FØRDE Arnes Frisørhjørne

6800 FØRDE Tlf. 57 82 62 35 www.arnesfrisor.no

Velkommen til

Øen Betong

Sanderplassen 6813 FØRDE Tlf. 57 72 18 00

Hafstadv. 42 6800 FØRDE Tlf. 57 72 20 00

Storehagen 3 6800 FØRDE Tlf. 415 34 245

Storehagen 4 6800 FØRDE Tlf. 57 72 50 80

Hotel og SPA

Hafstadv 32 a 6800 FØRDE Tlf. 57 82 11 28

GLOPPEN

Førde Stål AS

Rune Sund Bygg

ANONYM STØTTE

Tilbygg, Nybygg, Ombygging, Vedlikehold og kjøkkenmontør

Byrkjelo Bygg og Snikkarverksemd

Sunnfjord Betong A/S

Evebø Blikkenslagerverksted

Steinav. 10 6802 FØRDE Tlf. 57 82 26 30

Halbrendsøyra 9 6800 FØRDE Tlf. 57 83 08 00

avd. Førde

Øyrane 7, 6800 FØRDE Tlf. 57 72 11 00

Hafstad Trevare A/S Kronborg 6800 FØRDE Tlf. 57 82 18 82

Brendeholten 64 6800 FØRDE Tlf. 992 60 962

Hornnes Næringspark 6803 FØRDE Tlf. 57 82 25 00

Trapp Ned

Hafstadvegen 31 6800 FØRDE Tlf. 57 82 24 33

Elektroinstallatør Ortneset 37 5961 BREKKE Tlf. 991 58 247

Storehagen 2 6800 FØRDE Tlf. 57 83 40 00

6802 FØRDE Tlf. 57 83 09 00

Piperehabilitering

6961DALEISUNNFJORD Tlf. 902 05 061

Retura NoMil AS

Førde kommune

Kystvilt

Rådgivande Agronomar AS

Nesholmen 6829 HYEN Tlf. 57 86 96 54

v/ Olav R. Furnes

Hafstadvegen 6800 FØRDE Tlf. 909 30 072

Korssund 6964 KORSSUND Tlf. 57 73 76 48

6801 FØRDE Tlf. 57 72 38 50

Mix Sjukehuskiosken

Brendøya, 6900 FLORØ Tlf. 57 74 22 33

Nærbutikken Hellevik

herjedalskjokken.no Kenneth Elvebakk Tlf. 970 53 162

Nesholmen Drift AS

Brødrene

6963DALEISUNNFJORD Tlf. 57 73 66 06 Mobil 992 29 248

Furset 6967HELLEVIKIFJALER Tlf. 57 73 77 96

Krånavegen 15 6823 SANDANE Tlf. 57 86 56 66

Furnes Tre og Ved

Maskinentreprenør

6963DALEISUNNFJORD Tlf. 57 73 61 05

Møbelringen Sandane AS

Hafstadv. 49 6800 FØRDE Tlf. 57 72 13 00

Dahl A/S

Jack Ingebrigtsen

Kåre Haaland A/S

6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 13 13

6771 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 06 71

FØRDE

Hafstad vidaregåande skule

Tannlege

Eva Landøy

2015

Markg 51 6900 FLORØ Tlf. 57 75 60 00

Tlf. 57 69 48 00

Evas Naturterapi

10

Flora kommune

6980 ASKVOLL Tlf. 481 27 075

Sæle 6899 BALESTRAND Tlf. 57 69 29 40

FØRDE

Hamregata 34 6900 FLORØ Tlf. 57 74 07 30

Bunadspesialisten AS Flora avd Førde Vidaregåande Skule Hafstadvegen 29

Askvoll Nessemaskin A/S Veterinærkontor 6899 BALESTRAND

Sentrum 6980 ASKVOLL Tlf. 916 86 944

FØRDE

Byggservice AS

Kviknes Hotel

6898 BALESTRAND Tlf. 57 69 42 00

6898 BALESTRAND Tlf. 57 69 42 40 post@midtnes.no www.midtnes.no

FLORA

HORNINDAL Coop marked Hornindal 6761 HORNINDAL Tlf. 57 87 84 10

6826 BYRKJELO Tlf. 57 86 73 49

6823 SANDANE Tlf. 57 86 61 35

Gloppen Camping og Fritidssenter A/S 6823 SANDANE Tlf. 57 86 62 14 gloppen-camping.no

6761 HORNINDAL Tlf. 57 87 84 40 postmaster@hdalrek.no

Pe Be Klær A/S 6763 HORNINDAL Tlf. 57 87 95 05


11 2015

Hassan seier ikkje kva veg han kom, men fortel engasjert frå ruta som er teikna på tavla i gongen. Syria-Tyrkia-HellasMakedonia-Serbia-UngernAusterriket-TysklandDanmark-Sverige-Norge.

Endestasjonar SISTE STOPP FØR FLUKTA ER OVER. FØRSTE MØTE MED NORGE. VI HAR SNAKKA MED DEI SOM KJEM OG DEI SOM TEK IMOT.


2

3

1

12

1) I garasjen til dette hotellet hadde Røde Kors mykje av drifta for noko som minna om ein flyktningleir. 2) Marielle Halvorsen frå Oslo Røde Kors prøver å organiserer frivillige. I bakgrunnen noko som ser ut som mindreårige frå Afghanistan som spelar fotballt. 3) Gro Aakervik gjer klar til lunsj. 4) Nødvendige hygieneartiklar til utdeling.

2015

Bak døra merka «parkering» på Best Western Hotel Kampen er det ikkje bilar. Viftene durer, det er restar av oljesøl og vegsalt, men det er ikkje bilar som fyller dei oppmerka perkeringsplassane. Det er sittegrupper. Sittegrupper fylde med menneske som summar fram eit titals språk. Som kjem rett frå ei lang reise frå Midtausten eller Nordafrika. Flyktningar. Unge gutar, familiar med små born, menn med grå viker. Nokon sit for seg sjølv i dei store rottingmøblane. Andre snakkar tett eller spelar høglydde spel. Dei yngste ungdomane spelar fotball i ein krok. Forsyner seg med vatn, saft, kaffi, te, sukker frå vaklevorne plastbord. Ein reol med sokkar og truser, tannkremtuber, sjampo, brukte vinterjakker og sko. Nokre stirrar tomt på ein framand fotballkamp på storskjerm. Ingen ser på TVen som syner teiknefilmar. Leikehuset med plastpalmen er tomt.

KØLAPP TIL NORGE

På baksida av hotellet ligg Politiets utlendingsenhet, PU. Der har flyktningane fått kølapp grunna underkapasitet. Skal du bli asylsøker eller få flyktningstatus i Norge, må du igjennom PU for å bli registrert. Når du er ferdig på PU og har tatt legesjekk på Refstad transitmottak, vert du transportert til eit ordinært asylmottak. Har du kø-

lapp, får du mat i garasjen og ei seng i hotellet. - Det er mi andre vakt, i tillegg til fire vakter på PU seier Gro Aakervik, frivillig for Røde Kors. For meg er det veldig viktig å sjå kvar enkelt og snakke med dei. Ho deler opp pakke etter pakke med nanbrød, som ho legg på store fat. Snart skal 150 svoltne flyktningar ete kvelds. Ein vektar instruerer kvar køa skal gå. At den skal vere bein, ein og ein. – Det må vere disiplin, ellers blir det kaos. My way or the highway, seier han, legg armane I kors og smiler. Køa går sakte og stille framover. Dei som er registrert som flyktningar får mat ausa på tallerken. Finn seg ein plass og et i fred. Dagen før, frå talarstolen på Stortinget. Statsminister Erna Solberg er bekymra for at kostnadene med asylsøkarane vil bli opp mot 50 milliardar kroner dei neste fem åra. 50.000 flyktningar i 2015 og 2016. Ein million pr flyktning. Utgiftene må difor ned, seier Statsministeren. I garasjen der flyktningane held på kølappen, er kostnadsnivået lågt. – Do you want a bag? spør ansvarsvakt Marielle Halvorsen i Oslo Røde Kors ein mann som kjem bort og held opp ei hand, som om han held ein pose. Han nikkar. Dei går saman til ein reol og plukkar ut nye sokkar, undertøy, tannkost og tannkrem.

Puttar det i ein plastpose. Alle har levert ifrå seg bagasjen, medan dei ventar på å få sleppe til på PU. Her har dei det dei står og går i. Jamvel telefonen er konfiskert, og dei som ikkje har forstått det, har heller ikkje tatt med seg medisinane sine. Det meste av varene er sponsa gåver. Ein del er donasjonar til «Welcome Refugees», frå privatpersonar, som brukte sko og vinterjakker. Oslo Røde Kors har tatt på seg ansvaret for å sikre god behandling og verdigheit i det midlertidige mottaket. – Eg koordinerer dei frivillige, har kontakt med PU om når det kjem nye, når folk skal hentast. Eg har kontakt med sjukepleier om det er behov for det, og informerer nye frivillige ved vaktskifter, delegerer ansvarsområder og organiserer aktivitetar for borna, seier Halvorsen.

JAKTAR SPRÅKKYNDIGE

Minst 150 frivillige har vore innom mottaket sidan det byrja, og langt fleire har meldt seg til teneste. Mange har også eitt av språka som skal til, spesielt arabisk, farsi, persisk eller tigrinja frå Eritrea. Dei fleirspråklege er svært ettertrakta blant flyktningane – dei har så mange spørsmål. – Nokon av dei frivillige har vore her opp i eit døgn og «snik» seg med vidare til neste vakt. Føler seg uunnværlege, seier ho, og blir


4

5

6

7

5) Leikehytta til ungane. 6) Aleksander Langstrand frå Oslo Røde Kors tek over eit nytt vaktlag på 15 frivillige som skal ta seg av nye flyktningar på kveldstid. 7) Den første offisielle informasjonen nokon av flyktningane får når dei kjem til Norge.

13 2015

avbroten av ei dame i gul vest, merka «nurse». Ho har eit politiskilt hengande rundt halsen. – Veit de kvar vi kan få pålegg? Det er heilt skrapa borte på PU, seier ho. – Sjekk med dei på kjøkenet, inn døra der borte, seier Halvorsen, og peikar i retning hotellkjøkenet.

FLEST FRÅ SYRIA

Dei fleste av årets over 13.000 asylsøkarar har funne vegen til PU. Rundt halvparten kjem frå brutal borgarkrig i Syria. Krig i Afghanistan og Irak. Undertrykkande regimer i Eritrea og Iran. Boko Haram i deler av Nigeria. Etter internasjonal humanitær lov, FNs Flyktningkonvensjon, har dei fleste som rømmer for livet frå desse landa rett til å søke asyl og rett til vern mot forfølging (UNE). Røde Kors stiller opp for å sikre at alle dei som kjem, uavhengig av bakgrunn, får den humanitære merksemda dei treng. Det er Røde Kors-rørsla sitt mandat. Hjelpe dei som treng hjelp – slik Røde Kors hjelper folk i fjellet, på sjukeheimar, evakuering når det er flaum eller brann. Røde Kors har dette mandatet fordi organisasjonen er uavhengig, nøytral og upartisk. Det er nauda som styrer. – Eg høyrde via Facebook at det var behov for folk, så eg melde meg på eit vaktskjema, seier Nils Hallvard Korsvoll. Han skal ha

vakt frå 18.30 til 23.30, og er her for alle første gong. Kvifor? – Det er ein eksepsjonell situasjon. Å avsjå litt tid er det minste ein kan gjere, seier han. Nima Sezayesh er meir erfaren, og han snakkar farsi. Han er fødd i Norge, barn av flyktningar etter den iranske revolusjonen i 1979. – Det byrja med at eg donerte klede, då eg kom over Røde Kors si frivilligside. Der fekk eg mogelegheit til å sette meg opp på vakter. Då tok det av – det er vanskeleg å la vere å komme hit om eg har høve. Eg får veldig vondt av å sjå alle dei som har mista alt. Eg ønskjer å gje dei ein varm velkomst. Godt å sjå at det er mange som bryr seg og behandlar dei som kjem med verdigheit og respekt, seier han. Det er vaktskifte, og akkurat no står det 15 nye frivillige under det grimme garasjelyset. Dei fleste flyktningane har nett fått tildelt rom, og er gått dit før middag. Ansvarsvakta briefar: – De skal alltid vere to og to, og de skal aldri låne ut telefonen. De som skal følgje nye ut på romma må gjere dykk kjent med kvar romma er. Dette skal gjerast med verdigheit. Om de ser nokon som sit åleine, gå og snakk med dei, ønsk dei velkomen. Blir det bråk, har vi vektarar her.

– Dei som er registrerte får mat. Vi gjev dei det dei treng på utleveringsstasjonen der nede, vi får meir undertøy i morgon. Pass på hygiene når de held på med mat – bruk hanskar. Vakta dykkar er ferdig 23:30 – då må de dra slik at de rekk buss og bane heim, avsluttar Aleksander Langstrand frå Røde Kors. Dei frivillige fordeler seg på postar. Nokon sit ned for å registrere nye som har fått sin kølapp frå PU. Andre gjer klar til servering av middag. Nokon skrur opp musikken; I eit hjørne av lokalet er frisørar frå kjente frisørkjedar i Oslo i full sving med dagens klipp. Arabiske rytmar lettar på stemninga; – I går var det plutseleg mange som sette i gong og danse. Dei hadde ikkje dansa på to år grunna Isil som hadde gjort det forbudt. I går tok det berre av, seier ein frivillig frå Røde Kors.

KYRKJA I SARPSBORG

Flyktningar sitt første møte med norske styresmakter skjer ofte på ein buss på Svinesund eller på toget før Halden eller Sarpsborg. Der kjem politiet om bord og hentar ut dei som vil søke om vern, asyl. Mange av desse blir sendt til Kurland meinigheitssenter i Sarpsborg. Denne kalde haustnatta vert 60 flyktningar bussa til det lyseblå huset med eit kristkors i mønet.


2

1

14

1) Venterommet i Sarpsborg. 30-40 personar passerer gjennom her i løpet av eit døgn. 2) Innsamla hygieneartiklar, undertøy og barnekle til utdeling i Sarpsborg. 3) Vaktleiar Johnny Larsen frå Sarpsborg Røde Kors har ansvaret for at alle oppgåver vert bemanna av frivillige.

2015

Nedst på veggen, over kjellarinngangen, heng eit raudt kors. Frivillige Røde Korsarar opnar døra. Når dei kjem inn kan dei lese ein plakat på arabisk. «Du befinner deg i Østfold politidistrikt. Du er i trygghet. Her vil vi ivareta dine rettigheter før du blir transportert til politiets utlendingsenhet i Oslo. I Oslo vil din søknad om asyl/beskyttelse bli registrert.» Inn kjem familiar med barn ned i to-årsalderen. Einslege gutar. Einslege menn. Ei einsleg kvinne. Dei deler aller først ut ein vaskebalje, såpe og eit nytt sokkepar. Etter ein liten oppfrisking vert dei vist inn i hovudrommet, ei slags kantine med kvite veggar, raude stolar. Ei reol med kaffi og te. Ungane får leiker. Ei rosa aktivitetsbok «Lag dine egne stjerner». Ein frivillig frå Røde kors hentar eit brett med påsmurt frå ei kafétralle og serverer. – Dei er veldig svoltne når dei kjem. Dei et som om dei ikkje har sett mat før, seier vaktleiar Johnny Larsen, og gjev beskjed til kjøkkenet om at tralla må fyllast på – «så det heile tida står noko framme». Sarpsborg Røde Kors oppretta mottaket på eit døgns varsel. Det er døgnbemanna, men ikkje rekna for overnatting. Ein vaktleiar, ein førstehjelpar, to som kan psykososial førstehjelp, kjøkkenteneste. Femtimers vakter dønet rundt. På fritida.

– Hei, er det du som er vaktsjef? spør ein smilande, uniformert og væpna politimann som stikk hovudet inn. – Vi har med seks til, og så skal vi hente 13, seier han. Han er i følgje med tre unge sivilkledde politi og ein minibuss. Slik har det gått slag i slag sidan dei opna tilbodet for fire døgn sidan. Og dei skal halde på til megamottaket opnar på Råde.

NOKON VENTAR HEIME

For nokon opplevest mottakinga som endestasjon for flukta. Likevel er det mange av dei vaksne mennene som manglar noko essensielt; Familien. – Eg har reist i 12 dagar, seier Sharif frå Aleppo i Syria. Han er mørk rundt auga, ubarbert, herja. Han fortel at heimen vart øydelagt og at supermarknaden der han jobbar vart bomba. Han flykta med familien, men kunne ikkje å ta dei med seg den lange vegen. Ikkje gjennom Tyrkia, over austre Middelhav, gjennom Balkan, Sentral- og Nord-Europa. Ikkje med små barn. Familien vart plassert på ein midlertidig stad. – Det er veldig, veldig farleg der, så eg håpar å få familien hit snart, så vi kan leve eit trygt liv med jobb, familie og skule, seier han, ved hjelp av fire fem karar som alle kan eitt og anna ord engelsk kvar.

Av 20 millionar innbyggarar i Syria, har 12 millionar rømt frå heim sin. Fire av desse millionane har rømt til Tyrkia, Jordan og Libanon. Cirka 250.000 har flykta til Europa ifølge FNs høgkommisær for flyktningar. Av dei 60 millionar som er på flukt frå konflikter i heile verda, var det registert 710.000 asylsøknader innan Schengenområdet/EU fram til oktober ifølgje Frontex. Hovudrutene til Europa har gått over Middelhavet eller frå Tyrkia til Hellas/Makedonia. «Her sover asylsøkere utenfor politiets kontorer», synte VG den 28. september. 13.000 asylsøkarar har gitt for lange køar, flyktningane hadde ingen stader å gjere av seg. Nye akuttmottak vart oppretta. Sist ut var på den gamle militærleiren Lahaugmoen i Skedsmo.

HYBELHUS PÅ SKEDSMO

Fredag 9. oktober fekk Skedsmo Røde Kors ein telefon om å stille opp. Flyktningane skulle ha opphald på maks eitt døgn, var beskjeden. Dei skal få mat, få enkle hygieneartiklar, psykososial støtte. Få svar på spørsmål. Dei skal fordelast på rett rom, med mest mogeleg konfliktfri romkamerat. Komme seg med rett transport tilbake til PU. Søndag klokka 16, hadde Ingunn Toussi frå Skedsmo Røde Kors møte med driftsansvarleg for mottaket, 4Service, om oppgåvefordeling. Måndag kom dei


3

4

5

4) Ingunn Toussi frå Skedsmo Røde Kors leiar Røde Kors sin aktivitet på Lahaugmoen. Ho har nesten ikkje vore heime etter fire døgns drift. Laurdag planlegg ho fri – for å halde eit kurs for flyktningguidar.

5) Arvid Næss og Patric Ljøner frå Skedsmo Røde Kors har sanitetsvakt, det vil sei at dei går over ei sjekkliste for å sjekke helsestatusen til alle dei som kjem.

15 2015

første flyktningane. Det gjorde frivillige som ville yte ein innsats også. – Etter to døgn hadde vi hatt 78 nye frivillige innom, seier Toussi, som knapt har vore heimom sidan mottaket opna. Hjelpekorpsa frå Nittedal og Skedsmo, flyktningguidar og mange andre eksisterande frivillige har stilt opp for å sikre mottak døgnet rundt. I tillegg til mange nye, som for første gong stiller opp for Røde Kors. Til dømes tolkar. – Og så ringde vi damene på beredskapsvaktlista. No er vi i krise og treng hjelp, seier Toussi. Og beredskapsvaktene stilte opp. Med løna arbeidskraft, ville dei første fem døgna kosta ein million kroner. To av dei som har jobba frivillig, er Arvid Næss og Patric Ljøner som har sanitetsvakt. Dei held til på eit lite rom med undersøkingsbenk, vask og kjøleskap. Dei har avtale med AMK og legevakt om å ringe om dei har medisinske utfordringar eller spørsmål. Dei brukar hanskar, men ikkje munnbind. Smittefare frå dei er minst like risikabel som frå flyktningane som ikkje toler våre sjukdomar særleg godt.

GJER EI FORANDRING

– Her får vi straks kjenne på kroppen at vi gjer ein innsats, gjer ei forandring. Det er deilig, seier Næss, som har jobba 40 timar frivillig denne veka. Han legg ikkje skjul på

at han kan ha blitt utfordra på innsatsen sin av andre. – Politikken legg vi att utanfor. Her møter vi eitt medmenneske om gangen og prøver å vere gode dømer, seier han. – Vi har fått spørsmål om ei veke til. Dei handsamar det på styremøte no. Kva trur du? Spør Toussi. – Det kan vi jo klare. Vi har tilgang nok på folk, seier Næss. I inngangspartiet står Hassan. Han nikkar, tek oss i handa og fortel at han er kurdar og kjem frå Syria. Bak han har nokon teikna inn ei reiserute frå Syria til Norge på ei tavle. – Kvifor ville du til Norge? – Eg er ingeniør og har erfaring med utvinning av olje. Eg trur eg kan hjelpe til med å finne nye oljefelt, seier han, og ber om å sleppe å fortelje detaljar om seg og familien. – Det er veldig utrygge forhold der. Grensa til Tyrkia er stengt, det er svært farleg å passere. Tyrkiske soldatar skyt folk som blir oppdaga om dei prøver å krysse. I Syria er det så mange forskjellige grupper, at ingen veit kven som har rett eller galt, seier han.

TO MÅNADER PÅ FLUKT

Han fortel at han har brukt to månader på å komme seg til Norge og Skedsmo. Først gjennom Tyrkia og Bulgaria. Han har brukt båt, bil, tog og buss. Sist no frå Sverige, der

politiet tok han med seg i ein grensekontroll og sende han til Sarpsborg. – Dei snakka fint til meg, og ba meg om hjelp til å oversette, sidan engelsken min er forståeleg. Politiet er bra folk. Etter ei natt i Sarpsborg, tok eg fingeravtrykk i Oslo, så kom eg hit. Røde Kors tok imot meg på ein perfekt måte. Dei er veldig gode menneske, seier han. – Familie? – Eg har brukt så lang tid på reisa fordi eg alltid har måtta tenkje tryggleik. Det er fordi eg har familie. Dei er att i kurdisk Nord-Irak. Kone og fire barn. Eg veit ikkje om dei er trygge. Peshmerga-soldatane gjer sitt beste, men ISIS.... Hassan tek ein pause. – Alle her prøver å ta vare på familien. No har eg vore fire dagar utan telefonkontakt med dei, men eg vil prøve igjen i kveld... Eg veit ikkje. Etter vår reise til akuttmottaka på Austlandet, har det nye, store mottaket i Råde opna. Mottaka i både Skedsmo og Sarpsborg vart då avvikla.


HYLLESTAD

JØLSTER

Ole Brekke Maskin

LUSTER Ornes Båtbyggeri AS

6957 HYLLESTAD Tlf. 57 78 83 48

6870 ORNES Tlf. 57 68 39 30

Brendsdal Bygg AS

Ombygging, reparasjon og vedlikehald av fartøy i tre, stål, aluminium og plast. Nybygg i tre.

6953 LEIRVIK I SOGN Tlf. 951 73 264 - 57 78 81 79

6847 VASSENDEN Tlf. 57 72 75 50 Frivik jolsterskisenter.no

NAUSTDAL

Naustdal

Tlf. 952 19 347 Din lokale Joker-forretning

Naustdal Elektro AS Tunavegen 1 6817 NAUSTDAL Tlf. 57 81 93 69

Tømrer

Systaddal

6953 LEIRVIK I SOGN Tlf. 976 62 531 -din lokaltømrar

Leikanger Sjukeheim

Ohnstadhaugen 15 6863 LEIKANGER Tlf. 57 65 56 54

Leikanger Taxisentral

Riverdalen 1 6863 LEIKANGER Tlf. 57 65 31 23

Røyrleggjarservice AS

Valeberg, 6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 84 46

Hjelmeland Byggforretning A/S Storebruv 7 6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 83 00

Hovland Vigdal Optikk AS Specsavers

Naustdal kommune

Løteigane 7 6879 SOLVORN Tlf. 57 68 42 72

Kommunehuset 6806 NAUSTDAL Tlf. 57 81 61 00

Sogn Alu Desing ANS

Reiakvam Rørservice

6869 HAFSLO Tlf. 57 68 42 43 Markiser - Persienner - Flagg

Reiakvam 6817 NAUSTDAL Tlf. 57 81 95 70

Almenningen 12 6856 SOGNDAL Tlf. 57 67 23 44

6947 LAVIK Tlf. 906 66 540

16

Høyanger Båtforening

Sognefjord Hotell AS

Dalevegen 28 A 6993 HØYANGER Tlf. 950 30 218

2015

6868 GAUPNE Tlf. 57 68 10 18

6949 BJORDAL Tlf. 57 71 01 24

Egil Førde

6817 NAUSTDAL Tlf. 57 81 85 88

Sogn Rekneskapskontor A/S

Fylkeshuset 6863 LEIKANGER Tlf. 57 65 61 00 www.sfj.no Vår visjon: Livskvalitet og nyskaping

Sognefjordvegen 20 6863 LEIKANGER Tlf. 57 65 11 00

6869 HAFSLO Tlf. 57 00 41 24

Julie Ervik

6750 STADLANDET Tlf. 917 11 130

SELJE

Sørsida Sag AS - Bygg og Anlegg

Larsen Møbelverksted

JØLSTER

Årdal 6841 SKEI I JØLSTER Tlf. 57 72 68 90

Larsen Møbelverksted Høyheimsvik Luster Omtrekking av møbler Rep. av båtkalesjer Salg av møbelstoffer Henter og bringer Tlf. 950 50 799 gun-lar4@online.no

Jølster Rekneskapslag

6843 SKEI I JØLSTER Tlf. 57 72 78 50

Pyramiden 6868 GAUPNE Tlf. 57 68 27 70

ANONYM STØTTE

6843 SKEI I JØLSTER Tlf. 57 72 83 50

6868 GAUPNE Tlf. 57 68 56 80

Løken, 6788 OLDEN Tlf. 905 66 618

6893 VIK I SOGN Tlf. 57 69 65 00

Pelagia Måløy Sildoljefabrikk AS 6891 VIK I SOGN Tlf. 57 69 80 70

6893 VIK I SOGN Tlf. 57 69 86 50

Kommunehuset 6740 SELJE Tlf. 57 85 85 00

Lærdal Ferie og Fritidspark

Apotek 1 Sogndal

Solheim og Hjelleflat Transport AS

Sogningen Storsenter 6852 SOGNDAL Tlf. 57 67 90 70

Lærdal kommune

6886 LÆRDAL Tlf. 57 66 95 00

NAUSTDAL Maskinentreprenør

Arve Hogne Bjørkelund

Bjørkanveien 6854 KAUPANGER Tlf. 916 87 383

Yri Sand AS 6789 LOEN Tlf. 57 87 60 40

Skarpeteigvegen 1 6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 66 65

Byggsenteret

Audun Hundere A/S 6851 SOGNDAL Tlf. 57 62 79 79

SOLUND

Einar Dalaker

Ingemar Lending - Bygg og Vedlikehold

6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 86 72

Fimreite Bergboring AS

Tlf. 465 81 000 Ta kontakt med oss for gratis synfaring og tilbod!

Graving og Transport

Steinar Foss AS Kloppavegen 4 6854 KAUPANGER Tlf. 952 21 050

Lending 6924 HARDBAKKE Tlf. 406 07 198

Skyssbåter Einar Losnegård Losnegard 6926 KRAKHELLA Tlf. 57 78 79 28/42

Solund Rorbuferie AS 6928 KOLGROV Tlf. 958 17 358

Sentrum 6711 BRYGGJA Tlf. 57 85 32 01

Gate 2 nr 1 6700 MÅLØY Tlf. 57 84 88 00

Vågsøy kommune Gate 1 nr 64 6700 MÅLØY

Bil Body A/S

Tlf. 57 84 50 00 vagsoy.kommune.no

Sæternes 6700 MÅLØY Tlf. 57 85 05 34 Autorisert verksted. Biloppretting/Lakkering - alle merker!

ANONYM STØTTE Husevåg Transport

Maurstad Nedre 6711 BRYGGJA Tlf. 928 33 884

ÅRDAL

Høgheim Trafikkskule 6884 ØVRE ÅRDAL Tlf. 480 41 095

Din trafikkskule

Prosess-Elektro A/S Bøtun, 6896 FRESVIK Tlf. 975 14 784

Toyota Sogn AS

Rådhuset, Øyrapl 7 6886 LÆRDAL Tlf. 57 64 12 00

Psykisk Helsevern

Bakerie AS

Visnesv. 15, 6783 STRYN Tlf. 57 87 69 00

SOGNDAL

Lærdal kommune

Olden Rør AS

Selje kommune

Sjøgata, 6700 MÅLØY Tlf. 57 85 36 00 www.saetren.no

U N U A/S

VÅGSØY

Bøavegen 6 6783 STRYN Tlf. 57 87 11 36

6718 DEKNEPOLLEN Tlf. 57 85 35 00

Sætren Installasjon AS

Bøavegen 37 E 6783 STRYN Tlf. 57 87 20 07

Grandev. 4, 6783 STRYN Tlf. 57 87 16 80

LÆRDAL

Kvame 6817 NAUSTDAL Tlf. 918 59 933

Jølster Rør A/S

Vik Fengsel

K. Løken Transport AS

Stryn Trelast A/S

Bordvegen 6 6854 KAUPANGER Tlf. 57 67 11 11

Luster Rekneskapslag 6847 VASSENDEN Tlf. 57 72 74 15

Myrane 7 6783 STRYN Tlf. 57 87 45 00

Stryn Camping

Pyramiden 6868 GAUPNE Tlf. 57 68 13 27

Grandavegen 3 6887 LÆRDAL Tlf. 57 66 66 95

5962 BJORDAL Tlf. 958 98 084

Fjordingen AS

Sogn Betongsaging AS

Sogn Kjøleservice AS LUSTER

Tonningsgata2,6783STRYN Tlf. 57 87 14 11

6788 OLDEN Tlf. 57 87 31 85

6858 FARDAL Tlf. 951 37 208

Måløy Smie & Mek Verksted AS Tlf. 57 85 15 40

Stryn

Fjærevegen 10 6856 SOGNDAL Tlf. 57 67 50 60

Tannlege

L.A Fureli Maskin AS

6996 VADHEIM Tlf. 916 01 512 www.furelimaskin.no

Sogn Advokatkontor

Kjell Olav Ugulen

Øyane 14 A 6868 GAUPNE Tlf. 480 88 855

6991 HØYANGER Tlf. 57 71 15 00

Din Hud- og Fotterapeut

Tang Hyttegrend

Vest Asfaltfresing AS

Høyanger kommune

Vik Bil A/S

6891 VIK I SOGN Tlf. 57 69 84 00

VÅGSØY

Gate 1 nr 92 6700 MÅLØY

6789 LOEN Tlf. 57 87 57 00

Nordbohus Sogn AS

VIK

Mini Maskin AS

Askedalen 10 6863 LEIKANGER Tlf. 57 67 66 99

Bjørkhaug Maskin AS

6799 OPPSTRYN Tlf. 990 95 671

Hotel Loenfjord AS

Sogn Kontorsenter AS

HØYANGER

STRYN Abo Maskin As Olav Bårstad

6856 SOGNDAL Tlf. 57 20 30 10

LEIKANGER Leirvik Senter 6953 LEIRVIK I SOGN Tlf. 907 13 577

SOGNDAL

Skreddarsydde isolasjonspanel til kjølerom, fryserom og næringsbygg. 100% norsk. 6896 FRESVIK Tlf. 57 69 83 00

VIK Midlang Taxi

Trenger du en drosje? Ta kontakt på 959 56 127

Tistel Camping og Feriehytter 6893 VIK I SOGN Tlf. 57 69 54 79

6713 ALMENNINGEN Tlf. 57 85 09 89

Meierig. 1 6885ÅRDALSTANGEN Tlf. 57 64 85 00

Måløy Auto AS

ANONYM STØTTE

Måløy Radioforretning a.s

Sitla Hotel A/S

VÅGSØY

Tya Bryggeri AS

Gate 1 nr 26 6700 MÅLØY Tlf. 57 85 04 07

6701 MÅLØY Tlf. 57 85 26 00

ÅRDAL

Tyinv 3 6884 ØVRE ÅRDAL Tlf. 57 66 58 80

Storevegen 18 6884 ØVRE ÅRDAL Tlf. 990 09 524


Knut Løfsnes jobba i mottak og registrering og tok hand om dei som var mest traumatiserte.

Akuttmottaket utanfor München har ein kapasitet på 5000 personar. Her blir flyktningar transportert inn frå grensa med buss. Foto: Erik Snilsberg

Naudhjelparen FOR 15. GONG REISER KNUT LØFSNES UT I VERDA FOR Å HJELPE ANDRE. ALDRI HAR REISA VORE SÅ KORT. Ein vanleg søndag ettermiddag. Brått vibrerer det i lomma til psykiatrisk sjukepleier i Askvoll, Knut Løfsnes. Denne gongen er det ikkje ei heilt vanleg tekstmelding han får opp. Det er ei varsling frå Røde Kors om å rykke ut som Røde Kors-delegat. Som Emergency Response Unit, ERU. «Kan du reise med ein gong?» var spørsmålet.

TELTLEIR MED 5000

Løfsnes tenkjer ikkje lenge før han svarar «ja». Dette er akutt. Måndag kveld sit han på flyet. Først til Hovedkontoret i Oslo for å møte dei han skal reise saman med. Få briefing. Så vidare til Munchen i Sør-Tyskland. Målet er Feldkirkchen, rett aust for Munchen. Ei bygd med 6000 innbyggarar, åtte-ti mil frå grensa til Austerriket. Her skal det reisast eit akuttmottak for opp til 5000 flyktningar som ferdast langs den såkalla Balkan-ruta. Medan laget reiser frå Oslo, er oppbygginga av teltleiren så vidt i gang. Kva møter deg? – Eit stort tal flyktningar. Familiar, heile og halve familiar. Einslege mindreårige. Eit stort behov for bistand, spesielt behov for informasjon og tryggleik. Dei er utmatta og skitne. Spesielt åleineforeldre er slitne, seier Løfsnes. Løfsnes er godt budd på store utfordringar. Etter å ha vore ERU-delegat i sju land og fleire kontinent frå 1989 til i

dag, er han van med å bli møtt av store oppgåver. Denne gongen skal han vere del i eit psykososialt førstehjelpsteam som skal hjelpe dei mest traumatiserte flyktningane. Flyktningane vert bussa inn frå grensa. På mottaket får dei ei feltseng med ullteppe, reint vatn, mat i mat sal, toalett, tryggleik. Dei skal vere i 1-3 døgn før dei vert transportert ut til eit normalt mottak. Etter obligatorisk tryggleikssjekk, får alle flyktningane ein helsesjekk.

STORE HELSEUTFORDRINGAR

– Helse er utfordrande. Kva skjer med ungane når dei ikkje får vaska seg i rumpa på fleire veker? Dei er skitne, såre, har skabb og lus. Vi er budd med sjamapo og salve. Mange barn får dårleg mage, som diare. Dei får fotskader, sårskader. Nokon har krigsskader, som granatsplintar, feilstillingar, infeksjonar og reistente bakteriar. Dei vaksne syner utryggleik, spør og spør. Under helsesjekken fann vi at mange hadde problem med sjølvskading. Dei med sterke skader hadde skore seg opp for å døyve inntrykka, seier Løfsnes. I Røde Kors sitt mottaksapparat vart alle registrert og fekk eit id-kort med namn, land og kva buss dei skulle vidare på. Helsesjekk og registrering tok opp til to timar, og her var det Løfsnes sitt lag jobba. Dei følgde registreringsprosessen og plukka ut dei som såg mest

traumatiserte ut og dei mindreårige. -Deira grunnleggjande behov og tryggleik mangla. Vi hadde samtaler i smågrupper. På dagtid hadde vi telt for aktivitet for barn, vi hadde fotball og leik, seier han.

13 TIMARS DAG

- Opplevde du at mange av dei som kom ikkje flykta grunna liv og helse? - Ein kan få ei kjensle av at enkelte har eit forklaringsproblem, men det er ein minoritet. Det spelar inga rolle for meg. Når ein ser på folk er dei slitne, fattige og redde. Til dømes kunne vi låne ut ein rødekorstelefon så dei kunne ringe ein telefon i to minutt. Når vaksne folk står og grin når dei ringer tanta si for å fortelje at dei lever, då seier det mykje, seier Løfsnes. Delegatane jobba i snitt 13 timar lange dagar, kvar dag i seks veker. Men trykket vart ikkje mindre i løpet av den perioden. - Eg trudde det skulle verte mindre når det vart kaldare. Vêret er tydelegvis ikkje eit hinder for flukt. Eg har ein personleg teori om at eg trur det er vanskelegare å flykte frå «intet» enn noko etablert. Alt som er opparbeida av tillit og tryggleik er vekke. Når du då legg ut på flukt, oppstår ein emosjonell nakenheit som er vanskeleg å ha med. Dei menneska skil seg ut. - Det er mange skjebnar, avsluttar Løfsnes.

17 2015


Marta Bekkedal, Inger Haugsberg, Hjørdis Dyrdal, Simen Merkesdal, Anja Underdal og Brita skjerdal spelar Yatzy.

18 2015

Der tida går fort BRÅTT ER DEI SAMLA. GAMLE BARNDOMSVENER. TIDLEGARE KOLLEGAER. NABOAR FRÅ FØR I TIDA. OG EIN GJENG 13-14-ÅRINGAR. – Hei Sølvi! Er du her? Vi må vel ha oss ein kaffikopp i dag, seier Karolina, full av begeistring. - Ein? To, svarar Sølvi tilbake, like begeistra. Kjekt å treffe kjentfolk etter gamalt. Sølvi og Karolina møtast på Tysdagskafeen til Røde Kors besøksteneste i Aurland. Kvar fjortande dag opnar den dørene for fellesskap i tre timar. Eldre frå alle dalføra møter opp. Ein del nyttar seg av eit tilbod om sponsa drosje for å klare det. Nokon køyrer sjølv. Andre får skyss av vener. Olav Ellingsen og Marit Nes har møtt opp ein liten time i førevegen for å steike opp ein halvmeter vaflar. Dekke på brunost, syltetøy, rømme, sukker og koke rikeleg med kaffi. Begge er pensjonistar no, men legg inn litt krefter for andre gjennom Røde Kors. Nes har jobba i banken i alle år,

medan Ellingsen har bakgrunn som lærar og ei tid som ordførar i kommunen. No er han kaffiskjenk for Karolina. - Kjekt å sjå at du .... Karolina dreg på det og smiler. - gjer noko? humrar Olav. - Ja, gjer noko. Eg har servert mykje kaffi til deg då du var ordførar, smiler Karolina.

VENNESKYSS

Karolina har jobba ein kvinnealder på sentralbordet i Aurland kommune, så Olav er vel ikkje einaste ordføraren ho har skjenkt kaffi til. I dag har ho fått skyss til kafeen av «ei snill veninne, Anne Grete». – Det er så hyggeleg å komme ut. Det betyr veldig mykje. Vi gler oss veldig til denne dagen. Her får vi kjøpt gode

vafler og kaffi, hygge oss og prate med kjensfolk vi kanskje ikkje ser andre stader. Tida går så fort her, seier Karolina. Aurland byr på fleire aktivitetar, som onsdagsdans og pensjonistlag. Tilbodet til Røde Kors er eit viktig supplement med låg terskel og drosjetur sponsa av fylkeskommunen - Eg får møtt folk eit par gonger i veka i tillegg til at eg er på handel. Det er bra - då er det godt å ha eit par dagar til å stelle i hagen eller liknande. Eg er aldri einsam, seier ho.

MENTOR FOR ELEVANE

Etter ein times tid dukkar det opp sju ungdomsskuleelevar. Dei har valfag «Innsats for andre». Desse elevane har valt å samarbeide med Røde Kors Besøksteneste.


2 1

3

1) Marta Bekkedal forsyner seg av godsakene. Tysdagskafeen trekker eldre frå heile kommunen. 2) Karolina Wøllo er svært glad for kafétilbodet. 3) Marit Nes og Olav Ellingsen i Røde Kors serverer på Tysdagskafeen.

19 2015

– Vi har hengt oss på Røde kors slik at elevane får seg ein mentor. Dei er jo ikkje vane med dette, seier lærar Åshild Askeland. – Vi tenkte å bruke dei til hjelp når vi arrangerer adventskos, skyt Jorill Råen i Røde Kors inn. – Det er dei veldig gira på. Stas for dei å komme på «julebord», seier Askeland. Elevane finn fram Yatzy, Ludo, kortstokk og andre spel generasjonane kan einast kring. Dei finn seg ledige plassar og prøver å få samtalen i gang. Etter kvart tek dei initiativ til å spele spel. Ein gjeng på tre eldre og tre yngre har blitt einige om Yatzy, og Hjørdis får applaus når ho klinkar til med liten straight på to slag. Dette er eit veldig fint tiltak for oss som har flytta til Aurland som pensjonist, sier Inger. Det er ein fin måte å bli

kjend med andre på, seier ho, og prøver å trille fram eit hus. Ein telefon gjer oppsummeringsjobben, og Anja Underdal konkluderer med at eldste deltakar vann. - Marta, du vann, konkluderer ho, og held opp kalkulatoren. - Marta du vann, insisterar dei andre. Marta smiler nøkternt. Det er vel ikkje første gong ho vinn i Yatzy, konkluderer konkurrentane.

ØNSKJER Å HJELPEE

– Eg valde «Innsats for andre» fordi det er kjekt å glede andre gjennom å hjelpe dei. Dei vi hjelper blir glade, seier elev Brita Skjerdal. Oppgåvene hennar er å få kontakt, sette seg ved sidan av deltakarane og prate med dei. Spele spel om det passar. Når dei er på sjukeheimen, hender det at

dei går tur med bebuarane. – Eg valde «innsats for andre» fordi eg hadde lyst å vere med på noko som kunne hjelpe andre. Veldig kjekt valfag, vi har vore med på meir enn vone på før. Og så likar eg å vere med gamle folk, høyre om fortida deira og lære litt om korleis det var, seier elev Simen Merkesdal. Og Karolina nyttar kafebesøket til å få snakke med flest mogeleg. Ho reiser seg frå eitt ordskifte, og går bort til Signe. - Hei Signe, no er det lenge sidan vi har snakkast, seier ho. – Du Karolina skal få sitte her å snakke med ho Signe du, seier Agnes og hoppar vekk frå setet att med Signe. Tida går fort når ein kan snakke med vener.


Brandsøy - 6900 Florø Telefon 57 74 42 49 Faks 57 74 46 79 Mobil 911 60 641

Vi holder kurs innen: Trucker - Kraner - Personlifter Masseforflytningsmaskiner

Maskinsenteret A/S

Maskinentreprenør

Hafstadvegen 25 Tlf. 57 72 13 80 www.deloitte.com

Magne Hafstad AS

ARKI arkitektar AS

Hafstad 6800 FØRDE

Mobil: 907 82 527

Tlf. 57 82 40 30 Mobil 913 95 900

www.arki.no

avd. Sogndal 6851 SOGNDAL Tlf. 57 67 16 22

avd. Førde

Fjærev 15, 6800 FØRDE Tlf. 57 83 70 90

Innføring i sikkerhet, ansvar og kontroll

Luster Rekneskapslag Halbrendsøyra 7 6800 FØRDE E-post: oad@opusas.no www.opusas.no

Pyramiden 6868 GAUPNE Tlf. 57 68 27 70 Fax. 57 68 27 71

Kjell Grønli Hege Urnes

Stryn Elektro A/S

6789 LOEN

Tonningsg. 24 6783 STRYN

Tlf. 57 87 57 00 www.loenfjord.no

Tlf. 57 87 29 20 www.strynelektro.no

Sygna Transport AS

Byggtorget Stryn Trelast A/S

6973SANDEISUNNFJORD

Der kjentfolk møtast

Tlf. 57 71 64 32 Fax. 57 71 65 10 Mobil 970 53 000

Kronborg Hafstadgården Elvegården

Parkvegen 3, 6856 SOGNDAL

20 2015

| Siv Anita Berget | Ingar Husum

Hotel Loenfjord AS

Maskinentreprenør

Jølster Rekneskapslag

Kåre Haaland A/S Håland 6963 DALE I SUNNFJORD Tlf. 57 73 66 06

6843 SKEI I JØLSTER Tlf. 57 72 78 50

Enoro AS Fabrikkgata 6963 DALE I SUNNFJORD Tlf. 57 73 99 70

6851 SOGNDAL

6900 FLORØ

Tlf. 57 62 79 79

Tlf. 57 63 76 00

Sandane AS Krånavegen 15 6823 SANDANE Tlf. 57 86 56 66 Fax. 57 86 59 95

www.bfl.no post@bfl.no

Flora Vidaregående Skule

www.btkjeden.no

Tlf. 57 72 41 40 - www.olefine.no post@dampbakeriet.no

6871 JOSTEDAL Tlf. 57 68 31 11

Byggsenteret Audun Hundere A/S

Grandev. 4, 6783 STRYN Tlf. 57 87 16 80

Blomdals Opelhøgg AS Førde Sandane Sogndal

Kjempeutvalg av Opel-deler!

- tlf. 57 72 50 70 - tlf. 57 72 50 90 - tlf. 57 72 57 50

Tlf. 55 24 03 40 - 55 24 25 55 Storaneset Indre Område 5660 INDRE ARNA www.opelhugg.no

www.fjordanereisebyra.no

Røyrleggaren AS

Høyanger kommune 6991 HØYANGER Tlf. 57 71 15 00 www.hoyanger.kommune.no

Fjordingen AS Myrane 7 6783 STRYN Tlf. 57 87 45 00

Vatnahalsen Høyfjellshotell 5718 MYRDAL Tlf. 57 63 37 22 www.vatnahalsen.com

-RØRLEGGERFORRETNING-

Alt innen varmepumper

Åpen: man.-fre. 08.00-16.00 avd. Høyanger avd. Florø avd. Førde

Tlf. 950 43 918 Tlf. 971 99 685 Tlf. 918 22 115

Sletteland 6963 DALE I SUNNFJORD tlf. 57 73 63 40 - fax. 57 73 63 80

www.skaar-vvs.no

Halbrendsøyra 4 6800 FØRDE Alt innen røyrleggararbeid! Nybygg/rehabilitering Baderom Varmeanlegg Servicearbeid Per Tore Meier Mobil: 415 05 600

E-mail: per.tore@royrleggaren.no


Eid kommune

Psykiatritjenesta Rådhusvegen 11 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 88 58 00

Hafstad vidaregåande skule Hafstadv. 49, 6800 FØRDE Tlf. 57 72 13 00

Distrikt Sogn og Fjordane Øyrane 12, 6800 FØRDE - Tlf. 483 01 900 - www.veidekke.no

Bygstad Taxi LOEN

-

6977 BYGSTAD Tlf. 57 71 72 01

STRYN

- Maxitaxi - Handicap-drosje - Førde Lufthavn

Tlf. 57 87 50 00 E-mail: alex@alexandra.no www.alexandra.no

Nordfjord Psykiatrisenter Sjukehusv. 9 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 43 30 Fax. 57 86 43 26

Brødrene Dahl A/S Flov 3 6800 FØRDE Tlf. 57 82 99 40

Sogn og Fjordane Byrkjelo

957 06 000

Eikefjord Lærdal

905 78 788

Sogndal Stryn

57 67 66 65

57 66 66 88

970 82 373

6852 SOGNDAL Tlf. 57 67 69 30 www.meieriet.no

Leikanger Sjukeheim

Rådhusveien 43, 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 88 98 00 - Fax. 57 88 98 01 www.vestauto.no - Din Peugot forhandler i Nordfjordeid -

FØRDE

Ohnstadhaugen 15 6863 LEIKANGER

www.herjedalskjokken.no Kenneth Elvebakk Tlf. 970 53 162

Tlf. 57 65 56 54

Aase Landbruk AS Steia 3 6973 SANDE I SUNNFJORD

Tlf. 57 71 64 40

Perhusvegen 1, 6783 STRYN Tlf. 57 87 68 50 Fax. 57 87 68 60

Salg og service av traktorer og landbruksmaskiner siden 1974

E-post: post@hs-bygg.no www.hs-bygg.no

Ta kontakt!

Entreprenørforretning Kranutleige

Halbrendsøyra 9, 6800 FØRDE Tlf. 57 83 08 00 - www.fordevulk.com

2015

Avd. Førde - tlf. 57 83 71 00 * Adv. Thomas Chr. Jarning * Adv. Øystein Hjelmeset * Adv. Roar Berge www.harris.no/forde

Bli med – slik gjer du det! Scann ein av qr-kodane og les meir! Delta i Røde Kors

Bli støttemedlem

21

Bli fast gjevar


Bruland Pallefabrikk 6800 FØRDE Tlf. 57 72 22 30 - Fax. 57 72 22 31

Stryn Tonningsgata 2 6783 STRYN Tlf. 57 87 14 11

Innvandrarsenteret i Flora KF Pyramiden - 6868 Gaupne - Tlf. 57 68 10 55 - Mob. 951 67 540 www.ovrebofargehandel.no - post@ovrebofargehandel.no

Professor Gjelsvikv. 6900 FØRDE

Tlf. 57 75 66 00 - Fax. 57 75 66 61

Naustdal kommune Kommunehuset 6806 NAUSTDAL

Gamle Innvik ullvarefabrikk Galleri Plysen

Tlf. 57 81 60 00

6797 UTVIK

www.naustdal.kommune.no

Stiftinga KRISESENTERET i Sogn og Fjordane - Døgnopne bu- og støttetilbod til kvinner utsett for mishandling/voldtekt. - Du kan ta med barn på senteret. - Du kan nytte vår gratis advokatteneste - Råd og rettleiing på telefon heile døgnet tlf.

22 2015

57 74 36 00

Rådhuset, 5745 AURLAND Tlf. 57 63 29 00 - www.aurland.kommune.no

Toyota Nordfjord og Førde AS www.toyota-nf.no Steinav. 10, 6801 FØRDE - Tlf. 57 72 10 00

Sentralt i fylket Ideelt for avvikling av møte, kurs og konferansar

www.krisesenteret.sf.no

- Blant dei leiande kurs-/konferansehotella i fylket - 250 sengar og konferansekapasitet til 350 personar

Hva er det gode liv?

- Våre kursvertar syter for trygg og god gjennomføring - Symjehall og mange aktivitetar både ute og inne

Bulandet -det vestligste fiskevær med 365 øyer, holmer og skjær. Fiske, sykkeltur, ro og fred, solnedgang.

BULANDSFERIE

tilbyr trivelige rorbu- og sjøhusleiligheter-2/6 pers. Båtutleie og servering av god lokal mat. Båt, krabbeteine, gjestebrygge, sykkelutleie Tlf. 57 73 21 72 / 916 47 196

www.bulandsferie.no

6843 Skei i Jølster - Tlf. 57 72 78 00 jolster.info@thonhotels.no - www.thonhotels.no/jolster jolster.kurs@thonhotels.no


Får besøk av Røde Kors kvar veke

Han har hatt fast besøk av ein visitor frå Vik Røde Kors sidan han kom til Vik fengsel for to år sidan. Her frå besøksrommet.

I TO ÅR HAR HAN FÅTT BESØK I FENGSELET AV EIN FRIVILLIG FRÅ VIK RØDE KORS. EIT BESØK HAN IKKJE VILLE VORE UTAN.

23 2015

- Då eg vart overført hit, ville eg snakke med nokon som lever vanlege liv. Impulsane du får utanfrå er viktig for korleis du utviklar deg vidare. Og det gjev eit avbrekk, seier ein innsett i 30-åra frå Vestlandet. Det han ba om var ein visitor frå Røde Kors. Ein nøytral person som kunne besøke han etter avtale. Slå av ein prat. Ein vanleg person. Frivillig. Utanfrå.

EINSEMDA TEK GREP

Vik fengsel er eit lite fengsel med om lag 40 innsette i to avdelingar. Utanfor vindauga kan du sjå sauer som beitar. På open soning kan du få løyve til å handle eller gå tur med fengselstilsette. Av og til får du fiske i helgene, spele fotball i idrettshallen eller dra på kino. Du får gå på skule eller jobbe på dagtid. Likevel - fengsel er fengsel. Du er einsam. Fengsel er lik einsemd. Mykje av tida går med til å tenke. Livet er ikkje slik du hadde tenkt at det skulle vere. Vik Røde Kors har visitorteneste, så ønsket hans vart straks vidareformidla. Og kort tid etter sto ein visitor klar i besøksrommet. Dei gjorde avtale om å møtast ein gong i veka. Den har vart i to år. - Vi snakkar om daglegdagse ting. Etter kvart har det glidd over frå visitor til ein ven som kjem på besøk. Eg føler at eg har ein på

lag med meg sjølv heile tida. Det hadde vore litt tomt utan, seier han.

20 ÅR SOM KRIMINELL

Mannen fortel at han har halde på med kriminalitet i over 20 år. Det har blitt ein del år i fengsel av det. Han har prøvd vanleg jobb, men aldri klart å halde på den. Han har jobba som drosjesjåfør og som malar, og hatt mange småjobbar, men aldri noko fast. I staden har han fått med seg fleire psykiatriske diagnosar. - Eg tenkte at i eit lite fengsel som Vik, ville ting bli betre. Og det vart det. Han nytta seg av fengselet sitt tilbod om utdanning, og fortel at han har tatt vidaregåande med generell studiekompetanse. På dei to åra han har gått på skule, har han gått frå elementær matte på ungdomsskulenivå til å få fem i matte og fysikk. No lurer han på korleis han skal få brukt evnene sine vidare. - Det å oppleve at ein har anlegg for noko, er ein god pådrivar for å prøve å utvikle seg og bevise noko for seg sjølv, seier han. Han legg ikkje sjul på at den pensjonerte mattelæraren, som vart hans visitor, har spelt ei rolle i kva han har satsa på. - Matte vart eit viktig tema med visitoren i byrjinga. Eg følte at eg var på rett spor, men visitoren har hjelpt meg, stadfesta for meg at

eg gjer det rette. Det er viktig å få det også frå ein som ikkje er frå dette miljøet – at du er på veg til å klare noko, seier han.

AVBREKK FRÅ RUTINER

I fengselet er det rutine kvar dag. Same aktiviteten opp att og opp att. Dagane er monotone, med faste rutinar og klokkeslett. Står opp 07.50. Frukost, samling på avdeling 08.30. Utslepp til aktivitet 08.50. Jobb eller skule. Middag klokka 15.15. Så er det slutt på organisert aktivitet. Korleis er det å sitte her inne? - Ein må berre akseptere situasjonen, men det er ikkje kjekt. Ein gjer seg van med omgjevnadene, og prøver å gjere det beste ut av det. Ein lærer seg å glede seg over dei små ting, som ei ny jakke eller eit besøk. Og skulen er til stor hjelp. Du føler at du utviklar deg, får noko ut av det som har skjedd. Det er langt å reise for familien, så det blir besøk berre kvar månad eller halvanna. Når Vikafjellet er stengt, er det sjeldnare. Men visitoren kjem no, anten det er snø eller ikkje. Kva drøymer du om? - Leve vanleg. Berre klare å leve eit vanleg liv.


Bilder frå Røde Kors jubileumsturne

Lovord i fjordland DET VAR IKKJE ALLTID SÅ STORE FORSAMLINGAR ORDFØRARANE TALTE TIL UNDER RØDE KORS 150-ÅRSJUBILEUM I SOMMAR. MEN DEI BRUKTE STORE ORD.

24 2015

Visepresident i Røde Kors Hanne Marie Heggdal og SVEN FLO

OLDEN

ALFRED BJØRLO saman med lokalforeiningsleiar Berge Bjørkedal i Eid

EID

– De er med å lage grunnmuren til eit godt samfunn, sa ordførar Alfred Bjørlo i Eid. Eid har hatt Røde Kors i 91 år. – Røde Kors står for ein ufatteleg viktig verdi, nemleg det å skape varmare samfunn. Det er ikkje noko politikarane kan vedta, det er avhengig av engasjement og nettverk. Den innsatsen Røde Kors gjer for kommunen vår er uvurderleg. De har ein spesiell rolle. Innan beredskap, når ulykka er ute, er de til stades, også for eldre, flyktningar eller andre som slit. Organisasjonen jobbar veldig breitt, frå store internasjonale hendingar, til lokale humanitære behov. – Eg vil oppmode flest mogeleg til å melde seg inn. Det er ein flott måte å støtte Røde Kors på, avsluttar Bjørlo.

– Vi må erkjenne at utan Røde Kors er vi ikkje i stand til å få den trygge gode beredskapen i eit lokalsamfunn, seier ordførar Sven Flo i Stryn, på podiet i Olden. Han fortel om romjula 2011, då orkanen Dagmar sløkte lys og slo ut kommunikasjon i heile fylket. – Røde Kors var den mest gripeklare ressursen vi hadde for å få nødvendig kontroll. De har ein kommandostruktur og samband, kompetanse som gjer dykk til ein naturleg aktør. Med sitt samband kunne dei hjelpe helsevesenet, dei kunne gå rundt til innbyggarane med handskrivne infoskriv. Utan Røde Kors sin innsats hadde vi ikkje greidd å løyse oppgåvene våre. Dette har vi markert med støtte i etterkant, seier Flo. Etterpå tek han plass på Røde Kors sin raude samtalebenk med visepresident i Norges Røde Kors, Hanne Heggdal. – Eg vil få takke deg for det du sto fram og sa etter orkanen Dagmar, seier Heggdal til Flo. Om ikkje kommunen og Røde Kors var kopla før, sytte Dagmar for å gjere det. Ingen var tydelegare i etterkant på det enn Flo, seier ho. – For å løyse slike hendingar må vi finne lokale løysingar og ressursar. Røde Kors er nøkkelen, seier Flo.

BENGT SOLHEIM OLSEN nyttar høvet til å ta sjølvportrett saman med Henry

FLORA

– Gratulerer med dagen og 150 år, sa ordførar Bengt Solheim Olsen. For meg representerer Røde Kors noko av det beste med samfunnet vårt, frivilligheita. Som ordførar, og på vegne av bystyret, vil eg klart og tydeleg få uttrykke at vi set pris på det arbeidet Røde Kors gjer. På alle område. Men kanskje best synleggjort gjennom besøkstenesta sin innsats, hjelpekorpset sin verdi inn i kommunen sitt beredskapsarbeid. Vi er heldige som har gode offentlege tilbod i Norge, men vi kan ikkje leve utan frivilligheita, sa ordføraren frå jubileumsscena.


KRISTIN GALTELAND, flyktningetenesta i Sogndal, Mari Antonette Berge Grøn og Ida Tingvik Bertelsen frå Røde Kors Ungdom, Synnøve Sande, distriktsleiar og ordførar Jarle Aarvoll. Sistnemnde tok imot diplom for busetting av flyktningar frå Sande.

SOGNDAL

Ordførar i Aurland, NORALV DISTAD, med Ane Olivie Oppheim, Solfrid Nygård Olsen og Regina Ådland. Bakerst: Henry.

AURLAND

– Vi er veldig stolte i Aurland, med over kvar femte innbyggar som medlem i Røde Kors, seier Noralv Distad, ordførar i Aurland. Han har møtt opp på Røde Kors sin 150-års jubileumsturne, som har stoppa i Aurland. Ordføraren seier rett ut at hadde det ikkje vore for Røde Kors sin innsats under storflaumen i oktober 2014, ville det gått mykje verre. Røde Kors var med og evakuerte fleire hundre personar, og dei tok imot 150 evakuerte i Røde Kors-huset. Der vart dei registrert og fekk mat, før dei vart sendt vidare til ein stad å sove. – Vi veit at Røde Kors alltid stiller opp. Om noko skjer kjem de med masse folk med ein gong, ikkje minst har vi sett det ved leiteaksjonar og flaumen i Flåm. Eg er difor veldig glad for at de har god rekruttering, seier Distad, og finn plass med ungdomen for fotografering på Røde Kors raude benk.

– De er ein organisasjon som gjer eit fantastisk arbeid. Me skulle alle i ein fase av livet brukt ein del av fritida vår til å ta del i det arbeidet. Vi har alle arenaer vi kan bidra på, sa ordførar i Sogndal Jarle Aarvoll. – De er til hjelp og støtte ved å arrangere familieleirar, gratis tilbod til familiar som ikkje har så mykje å rutte med, med på innsamlingsaksjonar, hjelper offer etter naturkatastrofar. De driv hjartestartarar opptrening. Haldningsskapande og førebygande arbeid mot vald og rasisme. Besøksteneste heime eller på omsorgssenteret. Samankomstar, sommarfestar, sangstunder, bingo turgåing – eldre og nye landsmenn. De er i sentrum der også. I Vik har de Visitortenesta – besøk og samtalar med innsette. Røde Kors er einaste humanitære organisasjon som slepp inn i fengsla. Me møter Røde Kors på mange ulike arenaer. Glede, tristheit, usikkerheit, inkludering, ei utstrekt hand – det er Røde Kors, sa ordføraren. – Det var ei som sa til meg at «det er så kjekt å vere med når eg ser gleda hjå dei eg hjelper. Det er takk nok for meg», sa ho. Tusen takk til Røde Kors i fylket og den jobben de gjer elles, avslutta Aarvoll.

25 OLVE GROTLE vert intervjua av lokalforeiningsleiar Eva Marie Halvorsen

FØRDE

– Det er umåteleg viktig med frivillig arbeid. Det er sjølve limet i lokalsamfunnet. Røde Kors er ein slik organisasjon som baserer sin aktivitet på frivillig innsats frå tusenvis av engasjerte og entusiastiske frivillige over heile landet, seier ordførar Olve Grotle i Førde. – Eg synes vi skal klappe for medlemstalet i Førde, som er over 400, men folkens, det kan bli enno fleire. Det er knapt nokon betre organisasjon å bli medlem i enn nettopp Røde Kors. Så det er berre å melde seg inn, seier ordføraren, og ramsar opp alle aktivitetane i Førde Røde Kors. – Målsettinga til Førde Røde Kors er å styrke dei lokale nettverka innan omsorg, beredskap, redningsarbeid og førstehjelp. Hjelpekorps, redningsdykkarar, besøksteneste, handarbeidsgruppa, vitnestøtte, nattevandring, stopp volden aksjonen, avsluttar han. Ordførarane representerer kommunar som utgjer 43 prosent av innbyggartalet i Sogn og Fjordane.

2015


26 2015

1

Henry den uheldige DET ER IKKJE MÅTE PÅ KVA UHELL SOM HAR RÅKA HENRY. LIKEVEL, UNGANE I SVELGEN BARNEHAGE HAR MINST LIKE MYKJE Å FORTELLE. Dukkemannen Henry sit på fanget til Linda Karin Sande Igland i Svelgen barnehage. Han har sår og plaster både her og der. Tjue ungar sit i ein halvsirkel rundt. Ved sidan av er det eit bilde av kva som har skjedd med Henry. – Kva er det som har skjedd her, spør Igland, og 20 armar skyt i været. - Han har skååååre seeeg, nærast ropar dei i kor. – Er det nokon her som har skore seg på kniven? – Eeeeeg, eeeeg, ropar fleirtalet av tilhøy-

rarane. Dette er noko dei kjenner seg att i. – Er det veldig farleg å skjære seg litt med kniven? Ja! Nei! – Må vi på sjukehus? – Jaaaa! Neiiiiii!

TIL ALLE BARNEHAGAR

Vi er inne midt i førstehjelpsopplæringa i Svelgen barnehage. Henry er Røde Kors sitt bidrag til at norske barnehagebarn skal få slik kunnskap. I 2016 kjem fleire tusen

av desse opplæringspakkane ut i Norske barnehagar. – Men kva er det som har skjedd her, spør Linda. – Han har dotte på sykkelen, seier ein som har fått ordet. – Ja, og kva skjedde? – Han har fått skrubbsår, seier ei lita jente i rosa gensar. – Ja, og då spør vi om han har det bra, seier Linda. – Ja, og trøste, seier jenta i rosa, ålar seg fram og stryk Henry varleg på armen.


FØRSTEHJELP I DYKKAR BARNEHAGE? ■ Henry og eit sett med pedagogiske hjelpemiddel vert delt ut til alle landets barnehagar som ønskjer det i 2016. For barnehagar som er ekstra ivrige på temaet, går det an å kontakte dykkar lokalforeining og høyre om de kan få besøk av Henry ein dag.

2

■ Kontaktinformasjon finn de på oversikta over lokalforeiningsleiarar i denne avisa (s10). De kan også sjå på våre nettsider rodekors.no/sfj og klikke på «lokalforeiningar» i menyen til venstre. Henry har også ei eiga side på Facebook.

1) Her møter ungane Henry – litt reservert til å byrje med. 2) Å sette på plaster er også ei opplæring i empati. 3) Når ungane får tilgang til den vaksne instruksjonspermen, blir det enno meir spennande.

27 2

2015

3

– Eeeg har dotte på sykkelen også, skyt ein tredje inn. – Så må vi hugse å hente ein vaksen, seier Linda.

ENKEL METODIKK

Uansett kva Henry er utsett for, så kan desse ungane i Svelgen skilte med liknande erfaringar. Skjære seg, skrubbsår, brenne seg, kvepsestikk. Det dei lærer seg, er likt for alle hendingane; spørje korleis det går med den som har skada seg, hente ein vaksen og behandle.

– Ungane tykkjer Henry er veldig spennande. Det får i gang samtaler om noko som alle har erfart. Det får ungane til å sette ord på desse erfaringane. Når dei ser at det skjer andre, kan dei lære seg å hjelpe andre. Vi jobbar mykje med det å bry seg, seier fungerande pedagogisk leiar Linda Karin Sande Igland. Igland trur ungane i denne alderen sug til seg informasjonen, og at dei dreg dette med seg vidare. Ho trur også opplæringa reelt kan hjelpe andre som har skada seg. – Vi er mykje ute og leikar. Om noko

skjer, kan dei hjelpe sjølv. Dei kan rett og slett redde liv. Svelgen barnehage har fått låne ei dukke frå sin lokale rødekorsforeining, og satsar på å bruke opplegget systematisk. Ei lita økt i veka der ein diskuterer korleis ein handterer konkrete skader, og pratar om ulike erfaringar. – Det handlar om kunnskap, her må vi vaksne også lære – dette aukar også dei tilsette sin kompetanse. Eg trur absoutt at dette har noko føre seg, seier Igland.


BARK OLDEN:

I BARNAS RØDE KORS FÅR VI LÆRE Å TA VARE PÅ KVARANDRE, GÅ PÅ SKATTEJAKT, LAGE BÅRE, BANDASJERE FOLK OG LÆRE OM RØDE KORS.

Malene Vangberg

Anna Lina Gullbrå, 9 år: Eg er med i Røde Kors fordi det lærer oss ting vi burde kunne. Barnas Røde Kors er berre i Olden i Sogn og Fjordane. Røde Kors er morsomt fordi vi lære om førstehjelp og vi får prøve å bandasjereog mykje anne. Dei som leier Røde Kors jobbar frivillig, dei brukar fritida si på å lære barn om førstehjelp. Røde Kors er morrosamt tå vere med på. Alle som har lyst kan vere med. Vi får gå på skattejakt og dei største og eldste får lov og ha mykje utstyr. Alle som er med burde ha refleks og hovudlykt. Dei som jobbar og lærer barna førstehjelp og mykje anna, set vi barna pris på. Barnas Røde Kors er gratis, og av og til viss vi er heldige, får vi noko godt å grille.

og presenning og trestokkar. Det er kjekt på Bark – bli med du også då vel!

Rebekka Urne, 9 år: Eg går på Bark for det er gøy og vi lærer å bandasjere og hjelpe folk når dei er skadde. Det er bra at det er gratis så alle kan vere med. Vi går på lommelykttur og på skattejakt. Vi tek med ei drikkeflaske, lykt og sitteunderlag. Vi lærer oss å bruke kart og kompass, og vi lærer oss å lage båre, slik at viss vi skadar oss i fjellet kan vi lage ei båre viss det er fleire med. Vi lærer også å lage lavo og telt av berre tråd

Malene Vangberg, 9 år: Det er bra at Barnas Røde Kors er gratis så alle som vil kan vere med. Vi synes at det er bra at vi hjelper å lære folk. Vi er ca. 15 med på Bark. Vi er ute og inne og av og til går vi på tur. Mange synest Bark er kjekt. Vi lærer om kva rødekorsorda humanitet, einskap, frivillig, universalitet, uavhengiheit, nøytralitet og upartiskheit tyder. Vi lærer kva vi må gjere om vi skal redde nokon.

Rebekka Urne

Tiril Flo, 9 år : Eg er med på Barnas Røde Kors fordi det er kjekt og alle som vil vere med kan vere med. Vi lærer om korleis hjelpe folk nedifrå eit fjell eller viss dei har skada seg kan vi hjelpe dei. Vi øver på å bandasjere på kvarandre og vi lærer å bruke kart og kompass. Nokre gonger brukar i walkie talkie og finn ting leiarane har lagt ut som vi skal finne. Når alle har funne alt, et vi litt mat. Somme gonger når det er avslutning på Barnas Røde Kros bakar vi bollar. Barnas Røde Kors er gratis for alle i heile verda.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Røde Kors-avisa 2/2015 by Sogn og Fjordane Røde Kors - Issuu