Skip to main content

Røde Korsa-avisa 1/2014

Page 1

Informasjonsavis for sogn og fjordane

Nr. 1 2014 Årgang 25

Røde Kors avisa

Vil gje unge

HÅP


Røde Kors Avisa Sogn og Fjordane Ansvarleg utgjevar: Sogn og Fjordane Røde Kors, Langebruvegen 28, 6800 Førde. Tlf. 05003. redaktør: Dag Hovland. Redaksjonssjef: Henning A. Hellebust. Annonsar: Faktureringsservice Sør AS. Layout/produksjon: findriv. Trykk: Sogn og Fjorane Avistrykk Opplag: 42000

Frivillige i Røde Røde Kors er mest vane med å gje, men fredag før påske tok Asbjørn Steen på vegne av 276 rødekorsarar i Førde imot gode ord og ein DAB-radio frå Elkjøp.

2

Prisa 276 frivillige i Førde Røde Kors

2014

– Kva er det som skjer? Spør Asbjørn Steen, nett avgått lokallagsleiar i Førde Røde Kors, mellom reolar med headset på Elkjøp. Så kjem varehussjefen gåande med ein grøn pakke. – Hei Asbjørn Steen. Det er ei glede for oss i Elkjøp å kunne bidra med å spreie litt glede til dykk som brukar så mykje av dykkar fritid på andre. Vi ønskjer å bidra med ein liten takk, seier Espen Loe Haukedal, frå Elkjøp. Steen tek imot pakken, og dei andre frivillige som er med, strekk hals medan han opnar. Gåva er ein DAB-radio. - Denne kan vi ha på hytta vår på Langeland. Men i år er det ikkje snø, så det blir vel ikkje den store påskeberedskapen der oppe, smiler han. Steen representerer over 50 år som frivillig. Han har delteke i dei fleste aktivitetane i Røde Kors, og er veldig glad for alle menneska han får treffe som frivilleg for mennske med humanitære behov. Frivilligheita har blitt ein naturleg del av livet hans. Ein aktivitet han dreg fram som svært gjevande dei siste åra, er «matkorga». Dette er eit samarbeid med Coop Mega om å fylle opp korger med mat til dei som måtte trenge det rett før jul. Gjeld dette barnefamiliar, legg ein i tillegg ved julegåver, gjen-

nom prosjektet «julegleder for barn». Vi var veldig spente på om nokon ville ringe her i vesle førde for fem år sidan. Men det gjorde det. Og det har berre auka på. Det har blitt fleire og fleire. Dette er ikkje noko skam. Det er fort å komme i ein situasjon der ein har behov for hjelp. Det har vore ein del torer, så eg er overbevisst om at vi gjer det rette, seier han. Då Førde Røde Kors starta opp for 90 år sidan, var temaet innreiing av operasjonsrom og sjukerom. I dag handlar stordelen av aktivitetane om sosial inkludering. Besøksteneste og ulike nettverk for innvandrarar og andre utsette grupper er store aktivitetar. Einsemd og fattigdom representerer store behov, i tillegg til behov for frivillig redningstenesten, som Hjelpekorpset er ein del av. – Heldigvis har vi tilgang på frivillige. Det er faktisk utruleg kor mykje ungdom som kjem til oss. Unge folk vil vere med å hjelpe, seier Steen, som har god tru på at Førde Røde Kors vil utgjere ei frivillig kraft om 90 år også. Varehussjef Espen Loe Haukedal delte ut ei gåve til frivilligheita, gjennom Asbjørn Steen, Førde Røde Kors Asbjørn Steen, nett avtroppa leiar i Førde Røde Kors.


Raudt inn i det kvite Snødrevet piskar fjeset. Det kvin frå alle kantar. Ei kolonne med skutrar buktar seg inn i det store kvite. Eit snøskred seks kilometer frå Turtagrø er målet. Luster Røde Kors Hjelpekorps gjer seg klar til påske.

3 2014

+


Bildetekst: BiNitatemp erspid quatem voluptis quis nobit, sequia simin res ad ut officilibus volupta temporp oruntia est qui ipietur, opturibea iliquo in remolup tatem. Maios etur? Porem re sum fugit, num eum voluptas ad ulpa non cum etur, consequiae. Olupta esed quati cuptiore sit que nihilitis aut hillorro officienime net lit eum etur, comnimus es dolore laborum sin res solectus. Tur alibearupti ne magnis reptas not perferum essimpedit esequi bla vendi te est, tem facit essimil maiorum repedit antotam nusdae aut Tur alibearupti ne magnis reptas not perferum essimpedit esequi bla vendi te est, tem facit essimil maiorum repedit antotam nusdae aut

4 2014

Tunge firehjulstrekkarar køyrer av Sognefjellsvegen. Bak seg har dei tilhengarar med svarte Lynx snøskuterar, sledar, pulkar, søkestenger, radioutstyr, førstehjelpsutstyr, spadar. Ut av bilane hoppar det 12 hjelpekorpsarar. Med eitt, to, tre, fire lag under. Raud skalbekledning eller tjukke skuterdressar ytterst. Nokon er røynde. Andre ikkje. – Det er aller første gong eg er med Hjelpekorpset, seier Espen Sleppen Josvanger. 21-åringen er aktiv i Turistforeininga og i Røde Kors Ungdom. No er han og to andre invitert med for å sjekke om Hjelpekorpset er noko for dei. – Eg forventar å få sjå korleis Røde Kors arbeidar til fjells, å lære litt om skred, og kva eg bør passe på, og korleis eg kan hjelpe om eg kjem i ei ulykke. Er det spennande og artig, kan det hende eg byrjar i Hjelpekorp-

set, seier han. Gradestokken er blå. Laurdag føremiddag. Vinden tafsar lett på brøytekantane. Vande hender festar rutinemessig små, raude skredsøkarar rundt halsen. Løftar pulkane med redningsutstyr opp i skutersleden. Sjekkar at rutene på GPS’en er rette. Testar radiosambandet. «Sett han på kanal RKH 4!» Korpsleiar Ove Fortun samlar alle i ein halvsirkel. Straks klart til avreise. Berre oppdraget ventar. – Vi har fått melding om skred i Berdalen. Det er alt. Vi veit ikkje kor mange som har gått i raset. Så då blir det øving – vi dreg inn dit og leitar. Så må alle dra opp glidelåsen, sier Fortun. Han veit korleis det er der inne, i ofsa oppunder Jotunheimen. Eigentryggleik.

Kolonna knatrar seg i rørsle. Over skavlar og fonner. To på kvar skuter. Sledar bak med utstyr og folk om bord. Med slike lass kan ein ikkje køyre i særleg helling. Førstemann må finne ei trygg rute, følgje GPS-spora frå i fjor – men tilpasse nye snøforhold. Prøve å lure blindeføret. Finne feste for belta. Og så, der det må til, gje på med 140 hestekrefter mellom beina for å komme seg over høgda. Fart og sjølvtillit. Det hindrar fastkøyrd skuter. Risikoen utgjer fort ein halv time graving og mykje krefter tapt. Då er det vanskeleg å redde liv. På ei høgd langs den vinterstengde Tindevegen stoppar skuterane på rekke. Ein kan så vidt skimte området for skredøvinga. Alle står tett saman for å høyre kva som no skal skje. Leiaren må dra på med utestemma for å overdøyve det friske vêret.


– Søkestanga slepp de ut slik, strammar og festar vaieren, knyter posen på toppen, slik at stanga blir synleg, seier lagleiar Kurt Arne Furås. Han drar fram ei gul pose lik den med teltstenger i, og kastar utover noko som også liknar på eit teltstang, berre at den er festa saman med wire. Eit lag på fire personar skal ta eit hurtig grovsøk i skredet med skredsøkar. Ein skredsøkar fangar opp signal frå andre skredsøkarar. Noko erfarne friluftsfolk ofte brukar. Grunnutrustinga er søkestanga – om dei får utslag på skredsøkaren, må dei bruke søkestanga til å lokalisere funnet. Fire gule stenger markerer kvar søkeområdet for skredet er. Laget på fire set straks i gang å springe i sikksakk oppover søketeigen, medan dei held skredsøkarane framfor seg. Det pip høgare og høgare i ein av skredsøkarane. Den eine stoppar der lyden er på sitt høgaste. Resten spring til og dei byrjar å søke med søkestaven. – Dunk, seier det, langt grunnare enn søkestaven går ved sidan av. – Funn! ropar ein på laget, medan ein anna spring og hentar to spadar. Søkestaven blir halden på funnstaden. Fire sterke armar grev rett i nedkant. Dersom dei finn ein kropp, skal den ikkje bli skada av gravinga, og den skal lett og raskt kunne dragast ut i tryggheit. På 70 centimeter djupne støyter spaden borti noko. Ein øvingskoffert blir dratt fram og frakta ut av skredet. Søkelaget går straks i gong med å søke vidare. Heil området må klarerast for å vere sikker. Det snør tett no. Eit underlag vert vert rulla ut. Ein pust i bakken. Matpakkar og termos vert dratt fram frå nedsnødde sekkar. Brødskiver og kaffi gjev ro og varme. – No har eg det heilt topp, slår Espen fast. Vi har hatt kameratredning i eit simulert skred. Vi klarde å finne tre «personar» på elleve minutt ved hjelp av søkarane vi har under jakka, søkestang og

spade. Det som er litt skummelt å tenke på, er at i ein verkeleg situasjon vil ligge ekte folk under snøen. Lunsjen er brått over. Det pip frenetisk i eit gult apparat som kan minne om ein tynn blåbærplukkar med skyggelue. Det er ein Reccosøkar. Den sender ut impulsar som blir reflektert tilbake av små reflektorar som er sydd inn i skiklede. Den slår også ut på telefonar, fotoapparat og liknande. – Den søker ikkje så djupt om snøen er våt, men den er veldig rask til å kartlegge eit område på 30 meters breidde, seier Geir Ove Optun, fagleiar skred. Han veivar med søkaren som om han er lisensavdelinga på tur. Når han siktar mot noko som reflekterer signalet, vert pipelyden kraftigare. Slik kan han følgje lyden og finne sakna skiløparar. Det eldste og viktigaste reiskapen er søkestanga. Når dei to elektroniske søkemetodane kjem til kort. Søkelaget stiller seg på ei linje fingertupp mot fingertupp ved starten av søketeigen. Søkestengene kviler på skuldrene, slik ein stavhoppar ventar på tur. Personen til høgre leiar søkelaget. – Start å søk! roper han. Alle løftar stanga, tek eitt steg fram. Stikk stanga loddrett nedi snøen på venstre side til den stoppar. Framme. Høgre side. Så stanga på skuldra igjen. Alle saman? – Start å søk! Igjen og igjen. Dersom ein støyter på noko, kjem det straks nokon til med ny stang, slik at søket kan halde fram, medan nokon andre byrjar å grave der stanga stoppa. For kvar søketeig som er ferdig, vert området merka med grøne stenger. Slik held ein på til alle sakna er funne eller skredet er gjennomsøkt. I dalen bortanfor raset brummar det i sterke skutermotorar. Det ser leikande lett ut når sjåførane heng ut på sida og jibbar belta oppover skråningar. – Du må vere litt mjuk i kroppen og stole på deg sjølv, seier Ove Fortun. Han står på

stigebrettet og instruerer Espen. Køyring i terrenget handlar ikkje berre om gass og sving. Heile kroppen må jobbe med. Ofte er det berre eine armen og foten som har kontakt med skuteren. Resten heng utfor, for å flytte tyngdepunktet. Skuteren med slede treng stor svingradius. Ved val av trase, må ein difor alltid sjå føre seg kvar linja skal gå vidare. Kvar ein skal køyre trygt med passeleg fart utan å måtte stoppe. Etter ein dag i fjellet er det litt godt å sette føtene på den brøyta parkeringsplassen på Turtagrø. Børste snøen av sekkar og utstyr og pakke i bilar og tilhengar. Med nye erfaringar og kunnskapar innabords. - Eg har lært mykje nytt i dag. Eg kunne tenke meg å vere med i Røde Kors Hjelpekorps. Det virkar voldsomt interessant. Når du kan ha ein slik dag med litt action, litt læring og og kombinere det med å vere ute, så er det noko for meg, seier Espen. -–Veldig bra. Då får vi berre i gong med å sjå på grunnutdanninga di, det vil sei førstehjelp, samband og søk og redning på barmark. Vi har også trening i bratt lende, om du er interessert i det, seier Ove Fortun. – Kva meir gjer de i løpet av året? – Vi har jo om lag ti leiteaksjonar i året. Så det er ganske heftig både sommar og vinter.

5 2014


‹‹Det at eg har klart meg, er noko eg allereie brukar for å hjelpe andre, gje andre håp›› Ny leiar: Jan Roger Grytten

Ny nestleiar: Dunia Abdi

Nytt ungdomsråd: Bak f.v. nestleiar Dunia Abdi, Førde, leiar Jan Roger Grytten, Florø, vara Marie Løvaas, Sogndal. Framme f.v. vara Anne H. Frøyen, Førde, styremedlem Ida Mathilde E. Hoff, Naustdal, styremedlem Malin Myrstad, Balestrand, styremedlem Monica S. Tonheim, Flora. (Styremedlemmer May Lin Kleiven, Førde og Sirianne Pidic, Jølster, var ikkje til stades.)

6 2014

Saman for andre Dei har på kvar sin måte kome seg gjennom tøffe tider. Begge vil bruke erfaringane for å hjelpe andre, når dei no tek over leiinga av Sogn og Fjordane Røde Kors Ungdom. – For meg har psykisk helse vore ein hjartesak. Eg vil hjelpe til blant barn og unge som slit, seier Jan Roger Grytten, (17) frå Florø. Han er nyvald leiar i ungdomsorganisasjonen i Røde Kors. – Eg har opplevd mykje som flyktning, og forstår at folk kan ha det vanskeleg. At dei treng andre som kan sjå dei og hjelpe dei. Eg vil hjelpe dei som trenger meg, og då tenkjer eg spesielt på barn og unge. Eg er berre slik, seier Dunia Abdi (22) frå Førde, nyvald nestleiar. Røde Kors Ungdom er for folk mellom 13 og 30 som har interesse for å hjelpe andre, gjennom aktivitet for barn på asylmottak, skape møteplassar for unge, internasjonal utveksling og mykje anna. I Sogn og Fjordane har organisasjonen avdelingar i Førde og Sogndal, og så er det mange enkeltmedlemmer hjå andre lokalforeiningar. Distriktsrådet, som desse skal leie, arrangerer aktivitetar i fellesskap, som kurshelger i førstehjelp og friluftsliv, seksualopplysing eller kunnskap om Internasjonal humanitær rett. Rådet hjelper lokale avdelingar med

deira aktivitet, og framstår som talspersonar for grupper som treng ekstra marksemd. På barneskulen opplevde Grytten i mange år kva det vil sei å vere utanfor og herja med av andre. På eit tidspunkt bestemte han seg for å snu denne situasjonen. Han er no den som går på talarstolen som ungdomspolitikar og pratar for dei psykisk sjuke, og kva som skal til for å hjelpe dei. – Det at eg har klart meg, er noko eg allereie brukar for å hjelpe andre, gje andre håp. Røde Kors er ein god stad å hjelpe andre frå. Som leiar ønskjer eg å vere talsmann for våre saker, spesielt ungdom og psykisk helse, seier Grytten. Abdi er opprinneleg frå Somalia. Ho fortel av hennar klan var uglesett av dei fleste andre klanar under borgarkrigen som enno pågår. Far hennar måtte flykte, og ho og familien flykta seinare til Etiopia. Dei budde der som flyktningar i fire år. Til slutt fekk dei møte att faren gjennom familieattforeining i Kalvåg. – Då eg hadde flytta til Førde, såg eg ei etterlysing etter frivillige til flyktningguide. Det høyrtest interessant ut, og snart var eg med som guide, fortel ho. – Sidan eg hadde vore her ei stund, og kunne litt norsk, hjelpte eg vener og kjende med tolking, ordne med lege og andre ting før eg byrja i Røde Kors. Som flyktningguide lærer eg mykje; dei kjem frå andre land enn eg, så eg lærer andre språk og ein anna kultur; deg gjev meg nye utfordringar, og det likar eg,

seier Abdi. – Eg vart med i distriktsrådet fordi eg brenn for Røde Kors sitt arbeid. Organisasjonen har alltid interessert meg. Dette er ei erfaring eg ønskjer, seier ho. Som leiarar i ein ungdomsorganisasjon med mange aktivitetar og avdelingar, er det nok å ta tak i for å at ting skal gå på skinner. Begge svarar «rekruttering» når Røde Kors avisa spør dei kvar for seg om kva som blir viktig for Røde Kors Ungdom framover. – Fleire ungdomar må verte aktive, så eg ønskjer å prioritere verving. Vi kan reise rundt i fylket, ha stand, vise oss fram, vise ungdom at vi har eit tilbod, at ein kan vere med i Røde Kors ungdom, seier Grytten, og får støtte av Abdi. – Dessutan må vi motivere lokale grupper til å starte opp, slik som her i Førde. Då må vi vere synlege i media slik at folk ser oss. Eg veit at det er mange som har lyst å vere med i Røde kors. Eg ønskjer også å jobbe med nye idear om kva vi kan gjere, spesielt for ungdommar og barn, ikkje bare flyktningar, men alle som treng hjelp, avsluttar Dunia Abdi.

rodekors.no


Distriktstillitsvalde i SOGN og fjordane røde kors

Leiar

Odd Erik Loftesnes

Distriktsleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors

Odd Erik Loftesnes 6858 Sogndal 951 91 754 oel@hisf.no

‹‹Ta initiativ – skap gode opplevingar saman!›› Retten til å ta humanitære initiativ – den har vi alle. Vi treng ikkje spørje nokon om lov. Retten til å engasjere oss, til å bry oss, ligg der. Det er berre å gripe høvet. Snu ein tanke frå berre å vere ein tanke til å bli ei handling. Ei handling som betyr noko for andre. Og for oss sjølve.

JORUNN RINGSTAD 6980 Askvoll 992 45 291 jorrings@online.no

Gerd Dvergsdal

Den internasjonale Røde Korsdagen vert markert i mai. Det nasjonale temaet for markeringa er oppsummert i omgrepet ‘i virkeligheten også’. Det har sitt utspring i at særs mange er aktive på sosiale media, og har frå mange titals til hundretals ‹‹vener›› der. Det har vore naturleg å stille spørsmålet om desse virituelle venskapa òg fører til faktiske møte mellom menneske. Og ikkje berre via nettbrett og dataskjermar. Sit mange med ei kjensle av å vere aleine og utanfor, trass i dei mange nettbaserte ‹‹venene›› sine?

Dvergsdal, 6743 Skei 941 73 971 gerd.dvergsdal@sensewave.com

HARALD ENGEVIK Revefaret 1, 6900 Florø 911 77 347 harald.engevik@ewos.com

KARI BEHEIM KArlsen

No viser det seg at mange av dei som er aktive på nettbaserte medier òg er aktive i det verkelege sosiale liv. Om det gjeld alle er likevel ikkje sikkert.

Kjosavegen, 6869 Hafslo 977 91 821 karibeka@frisurf.no

Og at det er mange som kjenner seg aleine og utanfor får vi prov på kvar einaste dag. Oppmodinga vår om å ta ein realitetssjekk kan såleis utvidast til oss alle, anten vi er aktive på sosiale media eller ikkje. La det ikkje bli med tanken; ta faktiske initiativ! Sjekk statusen til ein eller ei du ikkje har møtt på ei stund ved å invitere på besøk, ved å ta ein kopp kaffi saman, gå ein tur eller berre sette seg ned og ta ein prat. Røde Kors sitt oppdrag er å avdekke, hindre og lindre menneskeleg naud og liding på alle samfunnsområde. Våre frivillige kan ikkje og skal ikkje løyse alle utfordringar som vi ser i samfunnet. Men som talspersonar for dei mest utsette blant oss kan vi oppmode alle om å bidra. Finn den eller dei du vil ta eit initiativ ovafor, gjer det på den måten og i det omfanget som passar deg. Prioriter å møtast i levande live! Det er lite som kan måla seg med det. Det er slike møte som gjev dei gode opplevingane. Ha ein fin sommar!

Berge Bjørkedal Foto: Susanne A. Finnes

Gjerdevegen 13, 6770 Nordfjordeid 919 19 160 bergeb@online.no

SIGURD STRAND 6784 Olden 915 97 871 raude.kross.olden@enivest.net

Møt kvarandre

Berit flæte arntsen 6947 Lavik 481 28 842 berit.arntsen@gmail.com

Vi kan ha 400 vener på Facebook, men likevel mangle nokon å snakke med. En av fire nordmenn er plaga av einsemd. Også nokon du kjenner. Kanskje vi bør «like» kvarandre meir i verkelegheita? Treffast oftare under fire auge, sjekke korleis statusen eigentlig er?

Ta kontakt med nokon du ikkje har sett på lenge, og hjelp oss å skape eit varmere samfunn! Tusenvis av frivillige i Røde Kors jobber kvar dag for at menneske skal møte menneske i verkelegheita også. rodekors.no/sfj

STIAN antonsen Postboks 320, 6901 Florø 915 89 866 st.ant@frisurf.no

tilsette ved Distriktskontoret

SIRIANNE REMME Tynningshog 12D, 6847 Vassenden 924 99 376 sirianne88@gmail.com

DAG HOVLAND Dagleg leiar 57 72 31 32 908 94 974 dag.hovland@ redcross.no

LIS marie munkevold Xxxxxx xxx 57 72 31 33 904 74 445 lismun@redcross.no

Reidun sørefjord Lokalforeiningar 57 72 31 34 917 47 134 reidun.sorefjord@ redcross.no

christian vik Ungdom 57 72 31 35 906 19 405 christian.vik@ redcross.no

Bente nilsen Halvorsen Omsorg 57 72 31 36 481 42 540 bente.halvorsen@ redcross.no

Henning hellebust Beredskap/hjelpekorps 57 72 31 37 900 58 669 henning.hellebust@ redcross.no

XXX XXXXX Xxxxxxxx 57 72 31 32 908 94 974 xxxx.xxxx@ redcross.no


DET SKJER IKKE DEG? DET HÅPER IKKE VI HELLER For at vi skal kunne redde enda flere liv, og opprettholde den viktig beredskapen på sjøen, langs vassdrag, til skogs og i fjellet, trenger vi deg som medlem. For kun 300 kr i året gir du viktig økonomisk støtte til det frivillige arbeidet som gjøres i ditt nærmiljø, og du bidrar til at de som trenger det får hjelp.

Send MEDLEM til 2272

Bli medlem av Røde Kors! Send sms MEDLEM til 2272, eller bli medlem på rodekors.no

8

Tusen takk for engasjementet ditt – det redder liv! M35b-h181xb246.indd 1

09.04.14 13:08

2014

Vil du engasjere deg lokalt? ta kontakt!

Linda Karin Solheim Askvoll Røde Kors 975 92 327 oddsolhe@online.no

Arne Løland Aurland Røde Kors 908 84 634 arne.loland@privat.alb.no

Einar Målsnes Balestrand Røde Kors 906 60 283 balestrand.rodekors@ live.no

Synøve Sande Svelgen- Bremanger Røde Kors 907 26 012 sysande@enivest.net

JOFRED ÅSNES Fjaler Røde Kors 911 72 164 joaasnes@online.no

Edith Aarebrot Madsen Flora Røde Kors 915 99 896 florark@frisurf.no

Eva Marie ‘ Halvorsen Førde Røde Kors 415 61 466 eva.halvorsen@hisf.no

Leif Bell Gaular Røde Kors 917 17 741 leifbell@hotmail.com

Merete Mindresunde MArgrethe skåden Gloppen Røde Kors Gulen Røde Kors 473 03 240 481 20 586 mmindresunde@gmail.com rkhgulen@online.no

KRISTI MULDSVOR Hornindal Røde Kors 991 68 595 kristi.muldsvor@ hormail.com

Arne Dale Hyllestad Røde Kors 950 39 740 Arne.dale@ hyllestad.kommune.no

RANDI RUSTI Høyanger Røde Kors 975 02 921 randirusti@hotmail.com

ELSE DRAGESET GJESDAL Jølster Røde Kors 975 93 228 else.d.gjesdal@enivest.

SVEIN RØYSUM LeikangerRøde Kors 901 26 884 sveinroysum@aol.com

BRITT OPTUN Luster Røde Kors 995 14 197 britt@optun.no

BJØRN SKALLE Lærdal Røde Kors 970 29 449 laerdalrk@sogn.no

Hallgeir Kalland* Naustdal Røde Kors 91 87 66 98 hkalland@hotmail.com

SIGURD STRAND Olden Røde Kors 915 97 871 raude.kross.olden@ enivest.net

ARNE HELGE SELJEN Selje Røde Kors Hjelpekorps 975 41 398 ahseljen@broadpark.no

ODD RUNE VIKHEIM Sogndal Røde Kors 908 91 217 odd.rune.vikheim@ nortura.no

Knut Øvreberg* Stryn Røde Kors 992 69 692 knut.ovreberg@enivest. net

dariusz hauderowicZ Vik Røde Kors 411 04 713 rkvik@online.no

OLAF RUNE MYKLEBUST Vikane Røde Kors 906 95 236 sny360@online.no

ELI BLÅLID Vågsøy Røde Kors 996 14 481 elib69@online.no

Berge Bjørkedal Eid Røde Kors 919 19 160 bergeb@online.no STYREMEDL I DISTR

Aud Margareth Øren Årdal i Sogn Røde Kors 958 70 271 oeren@hotmail.no


Raud læringskurve Brynja, Camilla og Abditatah har ein ting felles. Dei vil hjelpe andre gjennom Røde Kors. Introduksjonskurset i Sogndal viser Røde KorsKursdeltakarane som har møtt opp, kjem frå heile indre Sogn. Dei vil bli frivillige i Røde Kors, og dette kurset er nøkkelen inn i frivilligheita. For å redde folk ned frå fjellet, besøke einsame eller gje flyktningbarn sosiale aktivitetar. Det er mykje dei vil. Røde Kors-avisa snakka med nokon av dei om kva som dreg dei til Røde Kors.

Brynja Sassoon, Aurland

Fortalde ei venninne om sin bakgrunn frå Islandske Björgunarsveit, som er ein islandsk frivillig redningsorganisasjon. Då synte det seg at venninna var aktiv i Hjelpekorpset i Aurland, ho vart invitert med på neste møte. – Visse ting er nye sidan eg tok mine første kurs på Island for 20 års sidan, så no skal eg blant anna vere med på grunnkurs redning på barmark, seier Sassoon, som har budd to år i Norge. – Røde Kors er sosialt, ein treff nye menneske i alle aldrar. Det er godt for folk å komme inn i fellesskapet, få seg eit nettverk. Det er veldig moro, eg får mykje ut av det personleg, men det viktigaste er at ein kan få vere med å redde liv. Røde Kors er viktig i små kommunar som Aurland utan ambulanse.

Camilla Grytnes, leiar Røde Kors Ungdom, Sogndal

Ho vart innvolvert i Røde Kors via ei i klassen, som fekk ho med for å feire verdens

9

frivilligheitsdag femte desember, saman med samarbeidsdistriktet til Sogn og Fjordane i Bosnia og Herzegovina. – Då var ikkje Røde Kors Ungdom etablert i Sogndal, så då starta vi opp det. Vi samla oss med Christian Vik frå distriktskontoret i samråd med lokalforeininga, og kartla kva vi kunne gjere. Sogndal Kommune spurte om vi kunne gjere noko for busette flyktningar. Vi byrja å samarbeid med flyktningstenesten og frivilligheitssentralen, og starta opp aktivitetar for busette flyktningar ein søndag pr månad. Ei for barn, ei for ungdom. I gruppa for barn har vi hatt med 12 ungar. Det er kjempespennande. Målet er at vi skal bidra til integrering.

2014

Abditatah Ahmed Mohamed, Sogndal 1,5 år, Somalia. 21 år

– Ein ven frå klassen min fortalde meg om prosjektet i Røde Kors Ungdom, og etter kvart kom eg med i gruppa som jobbar med aktivitetar for ungdomar. Hittil er det berre in deltakar, men eg ser at eg kan hjelpe med leksene, seier Mohamed. Somalieren har budd halvtanna år i Norge, og førebur seg no til å byrje på vidaregåande skule. – Eg likar å hjelpe og jobbe med ungdom. Eg trur det er ein bra ting å hjelpe folk. Har nokon vanskar, må dei få hjelp, seier han.

Engasjerte: Camilla Grytnes, Abditatah Ahmned Mohammed, og Brynja Sassoon føl med på kva kursleiar Christian Vik fortel om Røde Kors.


‹‹Vi kan vise vår kultur, korleis Colombia Røde Kors arbeider. Ideen er å dele erfaringar mellom frivillige›› Willian Amado og William G. Delgado

10 2014

Omreisande hjelparar Frivillige i Røde Kors kan reise rundt verda som delegatar for å hjelpe andre. Willian Amado og William G. Delgado kom frå Colombia til Sogn og Fjordane som ungdomsdelegatar. Det sluddar tungt. Skodda heng over Fjærlandsfjorden. Den blå Volvoen på veg frå Førde til Sogndal snor seg sakte oppover mot Berge. Ungdomsdelegatar Willian Amad og og Willian G. Delgado følgjer spent med. Dei er frå Colombia , det grøne, tropiske landet ved ekvator med kyst mot både Det karibiske hav og Stillehavet. Med ein middeltemperatur på 26 varmegrader. Bilen stoppar for ein beinstrekk. – Det næraste vi kjem snø i Colombia er i frysaren. Første gong vi såg snøen byrja vi å leike, klarte nesten ikkje hald i snøen på grunn av kulden. Å få oppleve snø slik som snøstorm i Tromsø og dette, er ei stor oppleving. Det kjem eg til å hugse best frå opphaldet i Norge, seier William.

Attraksjon i Sogndal

Willian dreg fram Canonapparatet og knipsar nok eit bilde av snøføyke. Dei set seg inn att i den varme bilen og held fram til Sogn-

dal. Der er det Røde Kors introduksjonskurs for eit 20-tals ungdomar, og dei to skal delta og fortelje om seg sjølv. William stiller seg scenevand framfor hesteskoen av nybyrjarar i Røde Kors. – Hei, mitt namn er William Delgado, eg er ungdomsdelegat frå Colombia. Til no har eg vore i Tromsø og Kristiansand, og skal vere i Sogn og Fjordane i tre månader. Dei to er del av eit internasjonalt utvekslingsprogram i Røde Kors. Ungdom mellom 21 og 28 får anledning til å reise til eitt av samarbeidslanda og jobbe lokalt som frivillig i eit år. Dei deltek i og får vere med å utvikle eksisterande aktivitetar, slik at dei vert betre rusta til å møte dei humanitære utfordringane i heimlandet seinare. Dei får dekka kostnader og litt lommepengar. Colombianarane vert fort omsverma i pausane i kurset. Mange vil ha ein flik av historia deira. Korleis dei kom med i programmet. Kvar Røde Kors gjer i Colombia.

– Eg fekk tilbodet av nasjonal ungdomskoordinator i Colombia. Det å få mogelegheit til å lære om livet og Røde Kors på andre sida av jorda, kunne eg ikkje takke nei til, seier Willian.

Starta som 11-åring

Han tok sitt første kurs i Røde Kors då han var elleve år, og ikkje lenge etter deltok han som frivillig. Det hadde vore ein stor flaum i det regnrike landet, og han deltok i arbeidet med å dele ut forsyningar og arrangere fritidsaktivitetar for evakuerte barn. I dag er han frivillig leiar av Røde Kors sitt seksuell helseprogram i Bogota. Colombia har vekst i tal med HIV, med 150.000 personar i 2012. Smitta opplever også ofte brot på rettar som følgje av diagnosen, ifølge UNAIDS. – Vi jobbar for å få vekk stigmatiseringa av HIV-positive, og få opp kunnskapen. Vi informerer på skular, har kampanjar på dis-


11

Eit velsmakande møte med Kviknes hotell i Balestrand. Introduksjon: Kontakt med dei innfødde på Introduksjonskurs i Sogndal. Pakking av årsmøtepapir på distriktskontoret. Cruz Roja Juventud Skilt på delegatane sitt kontor. Snøen, her på Berge i Fjærland, har gjort stort inntrykk på Willian Amado og William G. Delgado.

2014

kotek og driv generelt informasjonsarbeid, seier Willian. Kollega William kjem frå Pasto, ein mindre by nær Ecuador. Han tok si grunnutdanning i Røde Kors i 2004, då han var 12 år. Eit halvt år med introduksjon, 20 timar førstehjelp, beredskap og programgjennomgang. Men det var førstehjelp som interesserte han. - Ja, eg og venene mine dreiv mykje med sport, og eg var interessert i å ta meg betre av skader som oppsto i basketball og sykling. No er eg instruktør II, av fire nivå, seier han.

446 timar kurs

Han ønskte også å vere med å redde folk i ulykker og katastrofer, og byrja dermed opplæring i søk og redning. I ein periode på eitt år, gjekk han på kurs og trening to kveldar i veka og helger, til saman 446 timar. Cirka hundre timar var førstehjelp, resten ulike teknikkar for å få folk ut av knuste bilar, samanraste hus, ut av jungelen, ned fjellsider og ut av katastrofeområder. - Vår oppdragsgjevar er politiet, men

vi samarbeider tett med brannvesen og sivilforsvaret, seier han, som også fekk tilbod av sin leiar om å søke på eit delegatopphald. - Eg vart så glad. Det var heilt utruleg. Samtidig som eg lurte på korleis eg skulle klare meg utan landet mitt, mor mi og venene mine i ti månader. I Førde har dei fått eige kontor ved Distriktskontoret til Røde Kors. Dei første dagane var oppgåvene relativt enkle. Som å pakke sakspapir til årsmøtet eller t-skjorter som skal ut i kommunane til Stopp Volden-aktivitet. På årsmøtet får dei i oppdrag å selje seg til lokalforeiningane.

Delegat og ambassadør

- Vi er ungdomsdelegatar og ambassadørar. Vi kan vise vår kultur, korleis Colombia Røde Kors arbeider. Ideen er å dele erfaringar mellom frivillige. Vi kan komme ut til dykk og gjennomføre forskjellige aktivitetar, til dømes innan Stopp Volden og seksuell helse, seier Willian framfor ein fullsett konferansesal i Balestrand. 140 rødekorsarar der fåtalet har prata med nokon frå Colombia. No får dei attpå tilbod

om besøk, erfaringsutveksling og kursing. Opphaldet skal vere nyttig begge vegar, og på mange plan. For delegatane blir det nok også mykje eigenutvikling og ny kultur av eit år oppunder Nordpolen. - Punktualitet og planlegging. Det er noko av det nyttige eg kan ta med tilbake. Så håpar eg å etterlate meg ein del ny kunnskap og erfaringar hjå dykk, seier Willian. - Ei slik utveksling handlar om å lære og dele, seier Willian, og fortset: -Bogota er støyande og full av bilar. Stillheita her påverkar meg. Her kan eg sykle og føle meg fri. Så har eg kjent ein ny smak, nemleg smaken av vår. Sola kjem tilbake, men utan å vere varm, men fargane kjem fram. Våren er eit nytt naturfenomen for meg, og den gjer meg lykkeleg, seier Willian.


ASKVOLL

EID

FJALER

FLORA

FØRDE

FØRDE

Askvoll Veterinærkontor

Andor Hovden AS

Byggeriet

Ingolf Viken AS

Vestnes Ocean AS

Førde Elektro og Rør AS

Nils J. Nordang

6980 ASKVOLL Tlf. 481 27 075

Golvleggar

Rivedal

Vik 6982 HOLMEDAL Tlf. 918 62 442

6961 DALE I SUNNFJORD Tlf. 902 05 061 6770 NORDFJORDEID Piperehabilitering Tlf. 57 86 20 90

Eid Bruk A/S

Langeland 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 88 51 20

TrappeEid Elektro A/S produsenten AS Øyane 12 6980 ASKVOLL Tlf. 57 73 02 67

6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 47 60

VVS Service Rune Berge AS 6967HELLEVIKIFJALER Tlf. 57 73 64 10 Mobil 959 46 164 www.rorlegger-runeberge.no ru-hb@online.no

Eid ØkonorHafsHope Servicesenter AS RekneskapskontorA/S

AURLAND

6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 13 13

6963DALEISUNNFJORD Tlf. 57 73 99 00

12

6771 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 06 71

Sønnerheim Brødrene A/S

Hildenes Gartneri AS

Skulevegen 51 5745 AURLAND Tlf. 57 63 34 74

Eidsg. 14 6771 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 08 44

Vatnahalsen Høyfjellshotell

Hulebyggaren AS

5718 MYRDAL Tlf. 57 63 37 22

Eidsgata 34 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 07 88

Østerbø Fjellstove

Lenco Gulv og Maling A/S

5745 AURLAND Tlf. 57 63 11 77

Helse og Sosial 6917 BATALDEN Tlf. 57 74 55 20

FØRDE Acusto AS

Flovegen 10 6800 FØRDE Tlf. 959 83 045

Byggservice AS Hamregata 34 6900 FLORØ Tlf. 57 74 07 30

Mob. 907 82 527 www.arki.no

Øyane 13 6770 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 11 33

6963DALEISUNNFJORD Tlf. 57 73 99 30

Enoro AS

BREMANGER

Fabrikkgata 6963DALEISUNNFJORD Tlf. 57 73 99 70

6721 SVELGEN Tlf. 57 79 63 00 bremanger.kommune.no

Spar Bremanger O. Håvardstun AS

6727 BREMANGER Tlf. 57 79 13 08

Fjalerhuset 6961DALEISUNNFJORD Tlf. 57 73 80 00

Maskinentreprenør

Kåre Haaland A/S Håland 6963DALEISUNNFJORD Tlf. 57 73 66 06

IPM Teknikk A/S 6963DALEISUNNFJORD Tlf. 57 73 61 05

Hyllestad Bygg AS

Hornes 6800 FØRDE Tlf. 57 82 25 00

Sandane AS

Åsavegen 159 6823 SANDANE Tlf. 57 86 84 00

Tlf. 57 86 56 66

Markg 51 6900 FLORØ Tlf. 57 75 60 00

6900 FLORØ Tlf. 57 63 76 00 www.flora.vgs.no

Professor Gjelsvikv. 6900 FLORØ Tlf. 57 75 66 60

Strandgata 15 6900 FLORØ Tlf. 966 27 983 Tverrfaglig rådgjeving Bygg - Anlegg Infrastruktur og miljø

6801 FØRDE Tlf. 57 72 29 70

Naustdalsv 1 B 6802 FØRDE Tlf. 57 82 16 65

Brødrene

Gravdal Skog & Hageservice A/S 6800 FØRDE ALTINNENSKOG&HAGE Mob. 907 32 583

Magne Hafstad AS

5960 DALSØYRA Tlf. 57 78 31 55

Hafstad Trevare A/S

Magne Aase A/S

6800 FØRDE Tlf. 57 72 13 00 www.hafstad.vgs.no

HORNINDAL

6801 FØRDE Tlf. 57 82 86 00

Coop marked Hornindal 6761 HORNINDAL Tlf. 57 87 84 10

Advokatene

6900 FLORØ Tlf. 57 74 09 30

Firdav. 12 6801 FØRDE Tlf. 57 83 33 00

Steinvik Fiskefarm AS

Terje Fjellestad

Mo og Jølster vidaregåande skule Mo, 6800 FØRDE Tlf. 57 65 64 40

Storehagen 7 6800 FØRDE Tlf. 57 82 62 09

GAULAR Gaular kommune

Vadheimsvegen 15 6973SANDEISUNNFJORD Tlf. 57 71 85 00

Murer

Tore Aarbergsbotten

6973SANDEISUNNFJORD Tlf. 57 71 62 11 Mobil 950 41 583

Aase Landbruk AS

Tannlege

Øyrane, 6801 FØRDE Tlf. 57 82 30 00

6949 BJORDAL Tlf. 57 71 01 24

6761 HORNINDAL Tlf. 70 25 52 00 www.ekornes.no

Sørsida Sag AS - Bygg og Anlegg 5962 BJORDAL Tlf. 958 98 084

Haugen Motor AS

Glassmeister

John Holvik AS

Hafstadv 44 Fokusgården 6800 FØRDE Tlf. 57 82 67 00

Egil Førde

6991 HØYANGER Tlf. 57 71 15 00

6801 FØRDE Tlf. 57 72 38 50

FØRDE www.herjedalskjokken.no Kenneth Elvebakk - mob. 970 53 162

Halbrendsøyra 7 6800 FØRDE Tlf. 57 83 08 50

6947 LAVIK Tlf. 906 66 540

Høyanger kommune

avd. Grodås

6800 FØRDE Tlf. 57 72 51 30

HØYANGER Bjørkhaug Maskin AS

Tlf. 57 82 58 60

J. E. Ekornes AS

Hafstadvegen 6800 FØRDE Tlf. 909 30 072

6953 LEIRVIK I SOGN Tlf. 976 62 531 Din lokaltømrer

Brosvik Magnar

forde@okonor.no

Hafstad vidaregåande skule

Espeseth Bygg AS

Steinhovden 6940 EIKEFJORD Tlf. 57 75 25 90

Sløvågen 32 5960 DALSØYRA Tlf. 57 78 11 70

Tømrer

Transportforretning

Hafstad 6800 FØRDE Tlf. 57 82 40 30

Dale Rør AS

Marø Havbruk AS

Atle og Arild Standal

Trond M. Sognnes AS

Økonor Førde

Flov 3, 6800 FØRDE Tlf. 57 82 99 40

Flovegen 4 6800 FØRDE Tlf. 57 72 55 90

6800 FØRDE Tlf. 57 82 22 42 www.zoo1.no

www.gravdalskog.no

Kronborg 6800 FØRDE Tlf. 57 82 18 82

Hafstadvegen 25 6800 FØRDE Tlf. 57 72 13 80

Hamneg 3 6900 FLORØ Tlf. 57 75 88 00

ANONYM STØTTE

Systaddal

www.ivestconsult.no

6914 SVANØYBUKT Tlf. 57 74 87 41

6953 LEIRVIK I SOGN Tlf. 990 13 060

Johny Birkeland Transport AS

Øyrane 7, 6800 FØRDE Tlf. 57 72 11 00

Kontorsenteret AS Bremanger kommune

Sunnfjord Betong A/S

Zoo Senteret Førde AS

Dahl A/S

6899 BALESTRAND Tlf. 57 69 48 00

6823 SANDANE Tlf. 57 86 62 14

Kleive 6957 HYLLESTAD Tlf. 913 48 877 - Gravearbeid - Massetransport - Hydraulikk-reperasjoner

6953 LEIRVIK I SOGN Tlf. 906 99 150

Innvandrarsenteret i Flora KF

Coop Dale BA

Steinav. 10 6802 FØRDE Tlf. 57 82 26 30

Gloppen Camping og Fritidssenter A/S

Horne Maskin AS

GULEN

BS Betong og Maskintjenester DA

Nessemaskin A/S

Førde Stål AS

ANONYM STØTTE

6823 SANDANE Tlf. 57 86 61 35

Hafstadvegen 31 6800 FØRDE Tlf. 57 82 24 33

Kviknes Hotel

6964 KORSSUND Tlf. 480 31 025

Storehagen 3 6800 FØRDE Tlf. 415 34 245

Evebø Blikkenslagerverksted

6953 LEIRVIK I SOGN Tlf. 57 78 89 00

avd. Førde

Brandsøy 6900 FLORØ Tlf. 911 60 641

Byggmester Nordnes AS

- Tilbygg - Nybygg - Ombygging - Vedlikehold og kjøkkenmontør

6826 BYRKJELO Tlf. 57 86 73 49

Storehagen 4 6800 FØRDE Tlf. 57 72 50 80

FJALER

Midtnes Hotel

HAFS Elektro AS

Steinav. 10 6800 FØRDE Tlf. 57 72 10 00

6898 BALESTRAND Tlf. 57 65 12 00

6898 BALESTRAND Tlf. 57 69 42 40 post@midtnes.no www.midtnes.no

Byrkjelo Bygg og Snikkarverksemd

Halbrendsøyra 9 6800 FØRDE Tlf. 57 83 08 00

Bruland 6800 FØRDE Tlf. 57 72 22 30

6967 HELLEVIK I FJALER Tlf. 992 98 597 Alt innen forskaling og betong

Rune Sund Bygg

6800 FØRDE Tlf. 57 82 62 35 www.arnesfrisor.no

BYGGMAKKER Bruland Bygg AS

6898 BALESTRAND Tlf. 57 69 42 00

6953 LEIRVIK I SOGN Tlf. 951 73 264 -57 78 81 79

Førde Mekaniske Industri A/S

Førde Motorsport AS

Brendsdal Bygg AS

Industriv. 4 6823 SANDANE Tlf. 57 86 80 00

6800 FØRDE Tlf. 992 60 962

Halbrendsøyra 2 6800 FØRDE Tlf. 57 82 17 55

HYLLESTAD

Firdav. 6 6800 FØRDE Tlf. 57 83 24 00

Trapp Ned

Markeg 65 6900 FLORØ Tlf. 57 75 73 00

Balestrand kommune

Helse og Sosial

Bygningsingeniør

6800 FØRDE Tlf. 57 72 20 00

Arnes Frisørhjørne

Flora Norsk Celluloseisolasjon A/S Vidaregåande Skule

BALESTRAND 2014

6771 NORDFJORDEID Tlf. 57 86 20 70

FLORA

Firdavegen 16 6800 FØRDE Tlf. 57 72 39 90

Førde kommune

ARKI arkitektar AS

Tannlege

Jon-Reidar Eikås

Rådhuset 5745 AURLAND Tlf. 57 63 29 00

Leirvågg. 1 6900 FLORØ Tlf. 57 75 20 70

GLOPPEN

Steia 3 6973SANDEISUNNFJORD Tlf. 57 71 64 40

Grodås 6763 HORNINDAL Tlf. 57 87 95 00

Hornindal Rekneskapslag 6761 HORNINDAL Tlf. 57 87 84 40

ANONYM STØTTE Pe Be Klær A/S 6763 HORNINDAL Tlf. 57 87 95 05

JØLSTER

6841 SKEI I JØLSTER Tlf. 57 72 68 90 www.jolsterbil.no

Jølster Rekneskapslag

6843 SKEI I JØLSTER Tlf. 57 72 78 50

Jølster Rør A/S

6843 SKEI I JØLSTER Tlf. 57 72 83 50


mi rødekorshistorie Marit Gjerstad Frivillig i Flora Røde Kors Omsorg sidan 2007 Leiar for Røde Kors omsorg i Flora i fem år Frivillig i Til topps, Flyktningeguide, Nettverkskafe og Besøkstenesten Held Røde Kors grunnkurs omsorg i heile fylket Foreslått som medlem i Landsråd Omsorg til Landsmøtet i oktober

Marit Gjerstad er nominert til landsråd omsorg. Det blir avgjort på Røde Kors sitt landsmøte i Trondheim i oktober.

Andres glede gjev gåsehud Ei av dei største gledene Marit Gjerstad har etter sju år som frivillig i Røde Kors, er å sjå gleda hjå andre frivillige når dei har vore til nytte for andre. Marit Gjerstad snakkar om å starte ein Røde Korsaktivitet som ein tømrar snakkar om å bygge ein vegg. Det er berre å få den opp. Det er kanskje difor ho så ofte ser resultat til å få gåsehud av. Ho har fått opp ein del aktivitet. Og alt bygger på den enkle filosofi at eit menneske er medisin for eit anna menneske, som Jens Meinich, norsk besøksteneste sin far, sa. - Ja, ein må berre gå på og byrje å rekruttere frivillige. Men alt går i bølger etter kva humanitære behov vi har i lokalsamfunnet, og tilgangen på frivillige, seier ho. Ho har også vore med på å legg ned fleire aktivitetar. - Hovudutfordringa er at det skjer veldig mykje for folk å engasjere seg i. Dei siste åra har vi prøvd å få besøksvener blant tidlege pensjonistar. Vi har fått inn nokon, men dei er grådig travle med aktivitetar og barnebarn, seier ho. Sjølv tek ho turen til omsorgssenteret kvar torsdag det er turvêr. Dei tilsette har ikkje tid til å ta ut bebuarane. Gjerstad bankar på hjå ein fast bebuar, spør om ho vil gå tur. Svaret er alltid et stort smil og eit «ja». Ho hjelper dama på med ytterklede, og så fer dei på ei runde rundt Storevatnet. Dei snakkar lite. Stoppar for å sjå på endene, hundar og barn. Det tek ein god halvtime. - Det er ikkje så mykje, men eg trur det betyr mykje for ho. Ein halvtime-time i veka er utruleg mykje meir enn ingen ting. Det skal så lite til å glede den ein besøker. Når eg møter dei andre besøksvenene og ser kor dei strålar når dei fortel kor glade dei vert dei som får besøk, då får eg gåsehud. Den gjensidigheita er veldig bra, seier Gjerstad. Ho er tydeleg på at det er ein del andre ting som også må fungere, for at ein aktivitet skal fungere. - Ein løna frivilligheitskoordinator i kommunen

som koordinerer frivillig innsats og bidreg til rekruttering sikrar at aktiviteten går av seg sjølv. Dessutan må vi ha god dialog med leiarane i dei institusjonane vi samarbeider med, slik at vi kjenner behova. Vi må også kunne ha ein fleksibel teneste som tilpassar seg både det humanitære behovet og den frivillige, seier Gjerstad. Gjerstad er også med og tek busette flyktningar og andre med på tur i nærlandskapet. Målet er å delta på Til topps på Galdhøpiggen i juni. - Til topps er fantastisk artig, utruleg bra. Vi har hatt dialog med Turlaget, og no er ikkje dette lenger berre ein event, det er integrering. Turane vi har før turen til Galdhøpiggen introduserer deltakarane til Norge, til norsk kultur. Sjølv har eg møtt mange der, og har fått folk frå Iran, Ukraina og Somalia i min omgangskrets frå desse turane, fortel ho, og deler ein liten skatt av ei oppleving: - Ein gong vi var på Hatlesetnipa var det ein som var med og plutseleg skjønte kva som var vår greie her i Norge. Vi er eit meir sekulært samfunn, og søndagane er det mange som kanskje heller tek ein fjelltur enn ein tur i kyrkja. På fjelltoppane har vi til og med ei bok vi skriv oss i. Gjennom turgåinga gjekk eit lite lys opp for han om kven vi nordmenn er. Det er det viktige med denne aktiviteten. Framover ser Gjerstad eldre einsemd som den største utfordringa. - Her i fylket er det grisgrendt, og mange ønskjer å bli gamle heime. Då kan einsemda kome. Familien er andre stader. Samfunnet har endra seg, vi går ikkje på besøk lenger, seier ho. Røde Kors har eit godt utgangspunkt til å bidra. Sterke lokalforeiningar og omsorgsavdelingar, som ho anbefaler å styrke vidare. - Vi må mellom anna gje dei god opplæring og ha tilgjengeleg gode tilretteleggarar for frivillig aktivitet. Dessutan må vi vere flinke å tilpasse aktivitetane til dei behova som er, og dei frivillige vi har, og jobbe med rekruttering i samanheng med det, avsluttar Marit Gjerstad

13 2014


Barn tar skade av å aldri få dra på ferie. Ferie for barn bør difor lovpåleggast, meiner Paal-André Grinderud.

- Påby ferie for barn! 14 2014

– Ein real ferie som barn er del av grunnlaget for korleis ein oppfører seg seinare i livet. Mot seg sjølv og andre. Eg er 100 prosent sikker på at ferie reduserer faren for sosial eksklusjon, seier Grinderud. 52-åringen har stått fram som utsett for omsorgssvikt, og har brukt sitt vaksne liv på å vere talsperson for spesielt barn av alkoholikarar. Han har gitt ut fleire bøker om temaet, og har reist rundt i Norge og utlandet i 24 år og holdt foredrag om temaet.

Positivt avbrekk = ferie

– Men kva er det med denne ferien som er så viktig? – Ferie er å få reise litt vekk frå kvardagslivet, kople av, oppleve noko ein ikkje gjer i kvardagen, få oppleve glade foreldre. Eit positivt avbrekk, grunnlag for gode opplevingar. Hugs også at ferien varer jo heile året; Først får ein glede seg, og så tek ein med seg dei gode opplevingane vidare. – FNs barnekonvensjon seier at alle barn har rett til kvile og fritid og delta i leik og fritidsaktivitetar. Er ikkje det nok – trengs det lovfesta ferie? – Ja, alle bør ha rett til ferie. Det er ikkje vanskeleg å få til. Vaksne har lovfesta rett med feriepengar. Prøv å sei til ein vaksen at i år får han ikkje ferie! – Dette handlar om verdigheit. Eg er som dei andre, eg er verdt noko. Det er mange ungar som kjenner seg utilstrekkelege. Eg trur det kan hindre mykje tøys i framtida for desse om ein lovpålegg ferie, seier han.

Ferie for alle

Røde Kors tilbyr «Ferie for alle» til familiar som har svak økonomi. Her i fylket arrangerer Røde Kors vekehopphald på United World College på Haugland og i år eit nytt tilbod på Barmen i Selje.

– Eg kjenner dette tilbodet, og berre namnet på tiltaket er fristande. Barn som får gå her, slepp å møte eit nytt skuleår med ei løgn, slik eg gjorde. Barn som går år etter og aldri får ferie trur eg kan bli sosialt skada, fordi ein opplever at ein ikkje passar inn. Ferieavbrekket kan vere avgjerande for korleis barn klarar seg seinare, seier Grinderud. – Dette med rett på kvile, fritid, leik og fritidsaktivitetar. Vi kan legge mykje i dei orda, men her ligg jo nærast ein rett til å vere barn. Om barn vert fråtatt dette, kva har dei då? – Det er mange utsette barn som aldri har fri frå problema i heimen. Det å ikkje gje dei ferie, er eit usynleg røveri av barndomen deira, seier Grinderud.

Ber kommunane vakne

Ferie for alle er ikkje eit lotteri. NAV og kommunane sine sosial- og helsetenester kjenner sine innbyggarar, og kan gje tilbodet til dei ein meinar har størst behov. Men ikkje alle kommunar nyttar seg av tilbodet. – Det må vere av vankunne. Dei må vakne opp og ta imot initiativet, spreie det rundt i kommunen. Det er gratis for kommunen, og ei god investering i barnas framtid; barneverd. Og deltaking på eit ferietilbod som Ferie for alle er med å hindre at dei kjem på sosialbudsjetta seinare, seier Paal-André Grinderud.

Fakta: Ferieleirane

Sogn og fjordane Røde Kors har fem humanitære ferietilbod. Ferie for alle tek utgangspunkt i behova til familiar med svak økonomi. Barneleiren tek utgangspunkt i utsette barn sine behov. Ungdomsleiren tek utgangspunkt i ungdom med nedsett funksjonsevne sine behov.

Alle tilboda vert gitt på Unitew World College på Haugland i Fjaler. Unntaket er ei veke Ferie for alle på øya Barmen i Selje kommune. Leirvertane er frivillige i Sogn og Fjordane Røde Kors og tilsette ved UWC. Årets søknadsfrist var 20. april. lenke/QR-kode

Fakta: Barnekonvensjonen av 1989

Artikkel 31 1. Partene anerkjenner barnets rett til hvile og fritid og til å delta i lek og fritidsaktiviteter som passer for barnets alder og til fritt å delta i kulturliv og kunstnerisk virksomhet. 2. Partene skal respektere og fremme barnets rett til fullt ut å delta i det kulturelle og kunstneriske liv og skal oppmuntre tilgangen til egnede og like muligheter for kulturelle, kunstneriske, rekreasjons- og fritidsaktiviteter.

Notat:

Mange gruar seg. Mange møter eit nytt skuleår med ei løgn, slik som eg gjorde, det er ikkje sunt. Det er vondt. Det er skadelig å vekse opp utan fritid og fritidsaktivitet. Då eg fekk min første lærlingjobb, hadde eg ingen grenser – eg hadde aldri hatt fri før, og skjønte ikkje kva eg skulle med det. Omsorgssvikt vert dobbelt sås sterkt når det er utan avbrot. Veldig mange barn utan fritid – det er eit usynleg røveri av barndomen. Ungar treng eit pusterom, eit friminutt for ikkje å bli meir skadd enn ein er. Det er ikkje så viktig kven ein dreg på ferie med. Skulle ønske nokon tok tak i meg og fekk meg med. Alt då på 60-70-talet var dette eit stort problem, feriebegrepet var jo der. Treng ikkje dra til syden, berre det å dra til besteforeldre eller nokon andre, kan vere


like mykje ferie. Mange tenker ikkje på konsekvensane av mangel på ferie og fritid. Ferie og fritid er høgdepunkt. Alle har eit hjarte som må fyllast på. Lovpålagt: Skulle ønske ferie var lovpålagt for barn. Alle skal ha rett til ferie. Det er ikkje vanskeleg. Det er mange unger som kjenner seg utilstrekkelege. Eg trur det kan hindre mykje tøys i framtida for desse om ein lovpålegg ferie. Eg skal ta kontakt med Erna Solberg, seier han. Vaksne har jo lovpålagt ferie med feriepengar.

Definisjon:

kople av, oppleve noko som ikkje opplever i kvardagen, glade foreldre. Opplever augneblink av noko anna enn kvardagen, berre nokre dagar. Ferien varer heile året: først noko å glede seg til, deretter noko å snakke om. Ein samlar gullsteinar inni seg når ein er på ferie, samlar gode erfaringar. Ferie: reise anna stad enn der vi er og oppleve noko anna. Det treng ikkje vere den lange reisa, men at det gjev eit positivt avbregg, og gjev grunnlag for gode opplevingar. Lurer på kva som hadde skjedd om vi hadde sagt til arbeidstakarar at i år blir det ikkje ferie. Hadde du som vaksen akseptert ein ferie på to timar? Barn treng også ferie.

Helsesøster Ann-Kristin Førde 905 29 116 ann.kristin.foerde@flora.kommune.no Helsesøster, Flora kommune Ansvar? Primærområdet er barnebefolkninga med innvandrarbakgrunn. På Helsestasjonen. Tilflyttande frå utlandet følgjer eg opp. Begynnnande kontaktar. Fasen i asylstuasjonen er så lang, ein heil barndom i vent. Korleis får de info om ferie for alle? Får tilsendt info til helsestadjonen frå rk, oppkopiert til røde kors, ser på kven som kan søkast inn. For meg som jobbar så tett opp mot innvandrarsenteret tett samarbeid. Kva gjer de med den? Dei familiane vi tenker på, er familiar der det har vore spesielle utfordringar, gjerne økonomiske, oså andre ting som gjer at ikkje familien kan komme seg av garde på ferie. Vurdering ut frå kva barn vi tenker har behov for opleve noko kjekt, kome tilbake på skulen rei på hest, tente bål alle oppevingane Utan unntak: kjem før vi fått papir og spør når papira kjem. Årets høgdepunkt. Går i ein til dels vanskeleg situasjon, få lyspunkt, dette er eitt av dei store. Alltid like spennande om får inn dei vi ønsker. Søker på dei eg tenker er på aktuelle. Ikkje min jobb å avgjere kven. Opp til RK å gjere ei vurdering. Fyller ut søkn i lag med foreldrene. Håpar på å vinne i. Siste åra har ikkje alle fått komme med. For dei som har ønska det sterkt, føler nok tapt elelr vunne. Foreldrene kjem til meg, på vegne av ungane sine. Så mange gode opplevingar i lag, vanskelg å få til pga livssituasjonen i asylsituasjonen/ asylsaken, men også i forhold til økonomi. Lever på det absolutte minimum. Tillater ikkje at kan reise på ferie. Ungane vert avskåre frå dei tinga folk flest kan tilby ungane våre. Positive, glade opplevingar i lag er veldig viktig. Kvifor gjer noko me du ungen, mestringskjensle, glede. Aog at kan komme tilbake på skulen og fortelje, ridd hest, køyrt båt, bada, tent

bål – alle dei tinga som skjer der inne som er litt forunt dei frå. Veldig skuffa dei som ikkje får. Maten, folkene, har du vore der, veit du kor fint det er der? Det er heilt fantastisk, alt er fantastisk. Ryktet om rk-leirane sprer seg jo veldig. Livssituasjon som gjer at dette var det vi kunne nytte oss av i år. Aktivitetane er det viktige: foreldra er med, gjer så mykje i lag, felles opplevingar. Foreldra kan vise andre sider enn det dei klarar å vise i kvardagen. Lovpålegge: Klart det høyrest veldig bra ut. Vil støtte han i det, at det burde vore noko aungar og forelde burde oppleve. Det vil gje noko med sjølvbildet med foreldre og barn. Opplevingane i lag er det viktigaste. Alle dei gode erfaringane ein gjer seg, blir som ein karamell som ein kan suge p gjennom eit heilt år. Berre det å gjere noko godt saman, som gjer at ein kan le. Erfare det som andre norske ungar gjer. Stått på ski. Ungane skal vere ein del av det norske samfunnet, gjere noko anna enn det gjer resten av året. Det å ha prøvd å flyte i vatnet – drukning innvandrarbarn. Ikkje alle svømmein Identitet, gjorde slik dei andre gjorde. Det å ha dei felles sakene er viktig, føler mestring, gjere kjekke ting i lag. Tenker spesielt på asylsøkarar som er her i så mange år. Viktig å vise at det finst noko anna enn kvardaen, viktig å erfare. Teneste barn og unge: barnevern og ppt. Ikkje melde inn same familie. langtidskonsekvensar – korleis det går i livet. Norske: Korleis plukkar de ut og prioriterer dei som får vere med? Kvifor nyttar de dette tilbodet? Kva trur du ferie betyr for desse barna? Kva er forskjellen på ein sommar med og utan ferie?

15 2014


16 2014


TIL TOPPS Årets sprekaste integrerings­ arrangement Målet er minst 1000 personar på Galdhøpiggen. Samarbeid mellom Røde Kors, Turistforeningen, Imdi og KS. Sogn og Fjordane deltok første gong i 2010 med sju deltakarar. Mål for året er 130. Ein frivillig pr deltakar. Hjelpekorpset har vakter langs ruta. Nye kommunar som er med i år er Eid, Sogndal og Årdal. Har vore med tidlegare: Flora, Førde, Jølster, Høyanger, Luster, Stryn, Gloppen.

Nejat M S Kahsay, Saido Omar Hasan, Narges Rezaie tek seg ein pause. Karsten Bergheim syner Maliyon Mokonnon Baqala korleis ein ønskekvist fungerer. Hildur Dvergedal, , Maliyon Mokonnon Baqala og Nejat M.S. Kahsay

Går seg norskare Medan dei øver seg til å gå opp på Galdhøpiggen i juni, får dei innføring i huldrehistoriar, bruk av ønskekvist for å finne vatn, norske kongesagaer og traséval i skogane rundt Sogndal. – Her under denne steinen bur huldra. Ho er ei kvinne med hale som er veldig glad i menn. Pass deg for ho, seier Hildur Dvergedal til Malion frå Etiopia. Gjengen på åtte busette flyktningar konsentrerer seg om å få med sagnet Dvergedal fortel. Smila og latteren overskyggar usikkerheita av kva dette faktisk betyr. Dei åtte går gamlevegen til Olavskjelda saman med fem norske turvener frå Sogndal røde kors. Dei går tur ein gong i veka, som eit ledd i øvinga fram mot årets store mål: å gå #Tiltopps på Galdhøpiggen i juni. Saman med 1000 andre innvandrarar frå heile landet. – Desse turane bidreg til at dei lærer norsk og gir integrering. Det er ein veldig triveleg gjeng å gå med, seier Grete Fischer, frivillig i Sogndal Røde Kors. Ho har organisert vekentlege turar sidan november. No når snøen går, skal dei meir ut i landskapet, turane blir brattare og lengre. Naja frå Eritrea støttar seg til ei gamal furu øvst i ei kneik. Pusten går. Nedanfor buldrar Helvetesfossen. Dei får vite at ein dansk fut i si tid hoppa dit, då indresogningane var etter han. Naja og følget myser over kanten og illusterer høgda med nokre kvin. Følget går oppover dei gamle handmura svingane. I par eller grupper. Praten går. – Eg likar å gå tur. Eg lærer å snakke

norsk med denne gruppa – eg har lært mange ord. Så har eg mange vener i gruppa. Eg er glad i gruppa, seier Naja, som definitivt har tenkt seg på Galdhøpiggen. – No vert trening kvar onsdag med denne gruppa, men så to gonger til per veke med dotter mi eller andre. Så vi skal prøve å komme oss på Galdhøpiggen begge to, seier ho. Turen denne onsdagen er tettpakka med historie, og dei frivillige Røde Korsarane ausar av sin kunnskap om feller av rullande tømmerstokkar, pengeurt eller postar under krigen. Av og til går det også ein arm rundt ei skulder. Går mor og far din også tur? Spør Liv Anny xxx ei jente frå Afghanistan. Hmmm. Pappa er død. Mamma har vondt i eit kne, svarar ho stille. På toppen, der Olavskjelda klukkar sine helsebringande dråpar ut av fjellet, spikkar Karstein Bergheim ut ein seljekvist som liknar bokstaven y. Han held den i nevane peikande framover. Går sakte i retning vasskjelda. Spissen bøyer seg mot bakken. – Sjå her, no kan du prøve. Hald den mellom fingran slik, og gå mot vatnet. Malion smiler stort og gjer som han får beskjed om. Tre gonger, utan resultat. Dei andre myser nysgjerrig, kanskje litt skeptisk. – Hald i mi hand medan eg går! Seier

Bergheim, og får raskt følgje. – Hei! Den beveger seg, seier Malion overaska, før han sjølv får prøve seg med kvisten att som vassfinnar. Malion konsentrerer seg og går med rolege steg mot kjelda igjen. Eit usikkert smil kjem til syne. – Ja! Den bevegde seg, seier han, til mykje latter blant turvenene. Etioparen har budd i Sogndal 20 månader. Han seier at dette er den beste måten for han å bli kjent med Sogndal på. Her blir eg kjent med mykje folk og stader, og så prøver eg å snakke norsk, så dette er bra for meg. Samtidig står Fisher og tel signaturar på påmeldingslista til tur på Gallhøpiggen. Ser til at alle er inspirert etter fem månader med småturar, til å ta det store spranget til topps er. – Eg er nøgd med lista. Elleve så langt, men då veit vi om fleire som sikkert skal bli med, seier Fischer. Ho og røde Kors samarbeider med Flyktningtenesta i kommunen, der ein brukar norskundervisinga som rekrutteringsarena. Vil du vite korleis det går med denne gjengen på Galdhøpiggen? Følg med i neste nummer av røde Kors-avisa, eller lik Sogn og Fjordane Røde Kors sine facebooksider.

17 2014


geneve konvensjonen Desse soldatskallane er direkte årsak til at det i dag finst reglar i krig. I august er det 150 år sidan 12 statsleiarar signerte Genèvekonvensjonen for å betre soldatar sine kår. Samtidig var Røde Kors skapt.

150 år med håp 18 2014

Det var ei kokande heit midtsommarsnatt i Solferino i Norditalia i 1859. To militære frontar marsjerte mot kvarandre. Den eine, minst 100.000 austerrikske soldatar. Langs den andre gjekk det minst 118.000 italienarar og franskmenn. Napoleon III skulle hjelpe Italia å frigjere seg frå Austerriket. Troppene kjempa til fots med tunge gevær med lauskrutt, kuler og bajonettar. Kulene som ikkje drepte med ein gong, reiv opp vevet slik at det fort gjekk infeksjon i såra. Mykje nærkamp med bajonett gav også svært mange skadde. Rundt 40.000 soldatar måtte bøte med livet i eitt av dei største slaga på 1800-talet. Militæret sitt eige sanitet var om lag fråverande. Nokre tilfeldige landsbykvinner og geistlege i kyrkjene tok seg av dei såra og falne. Desse hadde dei ikkje noko vern, og kunne sjølv bli offer i konflikta. Han som seinare skulle grunnlegge Røde Kors, den sveitsiske handelsmannen Henry Dunant, havna oppi slagmarka etter at dei austerrikske troppene hadde gitt opp og trekt seg tilbake. Dunant fekk samla inntrykka frå dei kaotiske dagane med titusenvis av skadde, fortviling, sjukdomar, og likstank i ei bok. Dei neste fem jobba han saman med fire ressurspersonar frå Geneve for å fremje lindring for såra soldatar. Deira arbeid førte fram. I 1864 klarte sveitsarane å få leiarar frå Baden, Belgia, Danmark, Frankrike, Hessen, Italia, Nederland, Portugal, Prøysen, Sveits og Württem-

berg til å samle seg bak den første Genèvekonvensjonen. Konvensjonen inneheldt ni artiklar, der det viktigaste er at ein skal ta vare på dei sjuke og skadde soldatane. Dei skal få sanitetshjelp. Dei skal få hjelp uavhengig av nasjonalitet og grad. Frivillige hjelparar og helsepersonell skal bere eit raudt kors på kvit bakgrunn. Dei skal ha eit særskilt vern, og ikkje vere mål i krig. I 1876 tok organisasjonen opp namnet frå sjølve symbolet på upartiskheit, nøytralitet og humanitet i konvensjonen, og kalla seg Røde Kors. Allereie i 1864 vart det danna nasjonalforeiningar i dei landa som signerte konvensjonen. I 1865 oppretta også Norge ein nasjonal organisasjon for lindring av såra soldatar. I dag heiter organisasjonen Norges røde Kors, og den feirar 150 år til neste år. I 1907 kom den andre Genevekonvensjonen, som gav tilsvarande vern for såra til sjøs. Den trede konvensjonen kom som eit resultat av 1. verdskrig, der fangebehandlinga var særs dårleg. Etter andre verdskrig såg ein behovet for å verne sivilie under krig. Det er dette den fjerde konvensjonen handlar om. Røde Kors har blitt så mykje, mykje meir enn ein organisasjon for slagmarka i 2014. Samtidig er det dei same oppgåvene vi tek på oss i 190 land: gjev humanitær hjelp til dei som treng det, uavhengig av kven dei er. Det gjev håp.


19 2014


20 2014


21 2014


22 2014


Synnøve Sande, Svelgen-Bremanger, vervedronninga. Asbjørn Steen, Førde, julekorgas far Frantz Henriksen, Lærdal, Mr Røde Kors Jorunn Ringstad, Askvoll, internasjonalt vinkla.

Prisdryss over frivilligheita Av 2937 frivillige rødekorsarar i fylket, var det fire som fekk ekstra heider under årsmøtet i Balestrand.

23 2014

Julekorgas far, Asbjørns Steen, avtroppande leiar i Førde Røde Kors, fekk Bry deg-prisen for «eit brennande engasjement for Røde Kors, kven vi er og dei vi er til for. For å vere tydeleg, torer å ta standpunkt, og torer å bere dei fram. Sjølv om det er i einsam majestet.» Julekorga, ein handlekorg med god mat og julegåver til trengande, er kanskje det mest kjende initiativet. – Vi rekker ut ei hjelpande hand til dei som treng det. Då vi starta opp var vi spente på kor mange som kom til å tørre å ta kontakt og be om hjelp, men med åra har det berre blitt fleire og fleire som nyttar seg av tilbodet, sa Asbjørn Steen i Førde Røde Kors til Firda sist desember, fem år etter oppstart. Prisen er på ein messinglysestake og ein sjekk på 5000 kroner som skal gå til eit veldedig føremål. – Eg bestemte meg fort for at pengane skal gå til Ferie for alle på Haugland. Det er eit svært godt tiltak, seier Steen.

Synnøves 10 bod

Samtidig fekk påtroppande lokalforeiningsleiar Synnøve Sande i Svelgen-Bremanger Røde Kors, Røde Kors fortenestemedalje. Ho var med å starta foreninga midt på 90-talet, og var leiar fram til 2012,

og er altså tilbake etter ein pause på to år. Ho har jobba for god beredskap og har samarbeidt godt også med det offentlege. Sande har delteke ei årrekke i distriktsstyret til Røde Kors, og var med på eit samarbeidsprosjekt med Narva Røde Kors i Estland. Ei av styrkene til Sande er medlemsverving, ho har jamvel utforma sine eigne ti bod for verving. Sande har tidlegare motteke æresmedlemsskap i lokalforeininga, og saman med mannen Asbjørn Sande fekk ho Bry deg-prisen i 2011 for å vere eit førebilete for andre.

Mr Røde Kors

Frantz Henriksen, eller «Mister Røde Kors», som dei kallar han i Lærdal, er også ein som får Røde Kors fortenestemedalje. Han var med å starte opp Lærdal Røde Kors Hjelpekorps midt på syttitalet. Henriksen finn du att andre stader i denne avisa, i reportasjen frå dei dramatiske branntimane i januar. – Dette hadde eg aldri trudd, er Henriksen sin kommentar til prisen. Uansett går han no inn i sitt 35. år som tillitsvald i Lærdal Røde Kors, ved å igjen ta på seg vervet som leiar ffor Hjelpekorpset. Henriksen har også hatt mykje ansvar

for materiellet i Hjelpekorpset, som sambandsutstyr og skuterar. Årleg er han ute i det enorme fjellområdet frå Filefjell til Aurlandsfjella og køyrer opp trygge løyper, anten for skifolk eller for potensielle leiteaksjonar.

Internasjonal innsats

Jorunn Ringstad gjev seg no som tillitsvald i Sogn og Fjordane Røde Kors, og går av som distriktsnestleiar med Røde Kors Fortenestediplom med nål. Ho har delteke i styret i åtte år, seks av dei som nestleiar. Ringstad har brukt mykje krefter på å få på plass distriktet sitt internasjonale engasjement, først ved å etablere eit internasjonalt utval, og så eit internasjonalt distriktsprosjekt. Samarbeidet med Brcko Røde Kors i Bosnia og Herzegovina, går no på sitt femte år. Det har vore innvolvering og utveksling av både ungdom, omsorgsfrivillige og Hjelpekorpsarar begge vekar. I 2007 starta også arbeidet med ei kontaktgruppe for Røde Kors og Røde Kors Nordisk United World College. Der vart Ringstad med som leiar og sentral i arbeidet med å følge opp evalueringa av skulen og få på plass ein samarbeidsavtale.


Kjempa i flammehavet 40 bygningar brann ned i Lærdal. Kjempande innbyggarar hindra ei enno større katastrofe. Les korleis tre hjelpekorpsarar kjempa seg gjennom natta.

24 2014

– Jeg elsker dette landet! seier Ole Paus til ein million TV-sjåarar. Han mottek Årets Spellemann i Stavanger. Litt lenger nord i dette landet, i Lærdal, bles det austleg storm. Det er bart, knusktørt. I det festen på TV-skjermen når sitt høgdepunkt, byrjar det som skal bli etterkrigshistoriens største brann i Norge.

kalle ut folka sine og hjelpe til med å sløkke. Aller først sett dei i gong med å evakuere husa nærast brannområdet. Hjelpekorpsarane går frå hus til hus. Banka på dørene og får ut alle som er heime. Nokon stader må dei bruke den store, sterke stemma. No er det alvor. Eit kvarter seinare når brannen også desse husa.

22:53 Alarmsentralen:

23:35 Varsla Aurland RKHj.

Eit bustadhus i Lærdal brenn.

Det ringer i telefonen til Øyvind Lysne. Han er operativ leiar i Lærdal Røde Kors Hjelpekorps. Det er mor hans. Kva vil ho så seint? – Det brenn på Øyri, nærast ropar ho. Lysne skjønar alvoret i meldinga. Han hiv seg i bilen og køyrer til brannstaden. Han kjem fram til eit overtent hus samtidig som brannvesenet. Stormen tek tak i eldtungene. Piskar dei opp i lufta saman med rusk frå bakken. Slepp dei ned på nabohus.

23:13 Politiets innsatsleiar på staden. Tre hus i brann. Spredningsfare.

Hjelpekorpsveteran Frantz Henriksen kjem til staden. Han og Øyvind får beskjed om å

Det brenn i dei stupbratte fjella som omkransar Lærdal. Lærdalsøyri ser ut til å vere i full flamme. Vindkulene riv med seg gneister og lause gjenstander og hiv dei vilkårleg rundt øyra. Ein sterk, jamn dur dekker det heile. Det blinkar i blålys over alt når naboane frå Aurland Røde Kors kjem fram ein time etter at brannen starta. Heile sentrum må evakuerast. Brannen er ute av kontroll. Arne Løland, aktiv hjelpekorpsar sidan 1962, står nær brannfronten, ved trekyrkja, med eit sambandssett. Han er bindeleddet mellom politi og mannskap frå Aurland Røde Kors, i samarbeid med operativ leiar Trygve Skjedal. Han står og ser inn i eit flammehav. Han veit at mannskapet som skal evakuere sentrum ikkje har verneutstyr. Dei har plastvestar og plastjakker. Han vur-

derer fleire gonger å kalle dei ut att. Snakkar med dei på radioen for å få status. Han kjenner mannskapet, det er ikkje prega av dumdristigheit.

00:32 straumlaust i Lærdal

Lysne, Henriksen og seks andre hjelpekorpsarar frå Lærdal har er på eit område ved brannstasjonen, teknisk etat, Røde Kors depotet og Telenor sin infrastruktur. Brannen nærmar seg frå alle kantar. Brannvesenet gjev dei tilgang til 200 brannslukkingsapparat. Dei veit kva som er oppgåva.

00:32 Varsla Hafslo RKHj 00:34 Varsla Sogndal RKHj 00:37 Varsla Luster RKHj 00:43 Varsla dagleg leiar Sogn og Fjordane Røde Kors

00:49 Varsla Leikanger RKHj

Medan hjelpekorps, brannvesen, politi og sivilforsvar frå heile Sogn rullar inn i Lærdal for å hjelpe, befinn det seg åtte hjelpekorp-


Frantz Henriksen, Øyvind Lysne og resten av Hjelpekorpset i Lærdal heldt flammane vekke blant anna med desse 150 brannslukkingsapparata. Brannen sparte på lite der den fekk tak. Øyvind Lysne ved restane av ein gamal fjøs som sto rett ved brannstasjonen. wArne Løland, Aurland Hjelpekorps, opplevde det som å vere i eit inferno, og var redd for at det skulle gå gale med mannskapet.

25 2014

sarar i kjernen av brannen. Oppdraget er å «sette guard». Med brannslukkingsapparat mot tidenes storbrann. Frå lufta kjem det dalane eldkuler på størrelse frå snøfiller til tennisballar. Det er restar vinden røskar med seg frå andre branntomter. Det fatnar over alt. I graset, i kjerr, i stakittgjerde, i rot som ligg mellom lagra pallar, i vedstablar, i ei gamal tømmerløe. I bøndene sine rundballar som ligg attmed området. Sløkk eitt punkt, og to nye tek fyr. Øyvind Lysne leier gruppa. Med 360 graders brannfront går det av seg sjølv. Dei sterkaste held dei næraste flammane i sjakk, dei andre hentar inn nye brannslukkingsapparat. På bygningane nærast flammane, byrjar kvaen å trenge gjennom malinga på grunn av varmen. Vindauga sprekk. Først eitt lag. Så eitt lag. Det tredje laget held. Det bergar huset. Mellom denne veggen og flammane står hjelpekorpsarane med brannslukkingsapparat. Øvst på ein stige ved Røde Kors depot, held Henriksen ein vannslange med 30 cm trykk. Han spyler og held veggen kald medan gnistene fyk rundt. Hans eigen Røde Kors vest og fleecejakke smeltar. Ut

av flammehavet kjem ei glødande bølgeblekkplate flygande. Den havnar på bakken under Henriksen og blir kjølt ned av vanslangen. På nabotomta står Telenor sin basestasjon, med tårn, antenner og disk, eit hus fullt av kablar, aggregat og elektronisk utstyr. Det er nyttelaust. Svart, sviande røyk eltar ut og blandar seg med kaoset. Lysne kjenner på ansvaret for mannskapet sitt, tenkjer at dette er nesten som å sende folk i krigen. At det ikkje er forsvarleg. Berre der, i sitt hjørne av bygda, har dei åleine ein storbrann å ta seg av. Å trekke seg ut er ikkje tema. Adrenalinet held dei fryktlause. Dei forsvarar området på instinkt.

06:35 Bemanne distriktskontor for å kalle inn nye mannskap

Tidleg søndag morgon er brannen under kontroll. Deira skanse er ikkje lenger truga. Dei redda eige hus, teknisk etat og brannstasjonen frå å brenne ned. Nærare 200 tomme brannslukningsapparat ligg strødd rundt omkring. Lysne tek turen på sjukehuset. Der ser han at minst fem personar frå korpset får behandling. Ein må med luftambulanse til sjukehuset i Førde,

og ein til sjukehuset på Voss. Klea dei har på seg er øydelagde.

07:35 Varslar Hjelpekorpsa i Sunnfjord for avløysing

I løpet av brannatta deltek ulike Hjelpekorps te gong stab for å koordinere personell og materiell som skal inn i katastrofeområdet. Dei neste to dagane er ytterlegare hundre hjelpekorpsarar med og hjelper politi og sivilforsvar å trygge området og hjelpe bebuarar inn i heimane for å hente eigendelar. 40 bygningar brenn ned. 600 innbyggarar vert evakuert. 450 personar blir undersøkt på sjukehus og 275 får behandling. Ingen liv går tapt.


kronikk Åsne Havnelid Generalsekretær i Røde Kors

Lær av Lærdal:

Samspillet reddet liv De Røde Kors-frivillige banket på dører, evakuerte folk og slukket brann under flammenes voldsomme herjinger i Lærdal. Samvirket mellom redningsetatene; brann, politi, helse og de frivillige, bidro til å redde liv og minimere skade. Jeg håper flere kommuner inkluderer Røde Kors og andre lokale frivillige ressurser inn i sine kriseplaner for å sikre helhetlig beredskap.

26 2014

I større kriser og katastrofer er de første minuttene og timene avgjørende for å redde liv og minimere fysisk skade. Da gjelder det å ha nok hjelpemannskap tilgjengelig – som er handlekraftige og kjenner de lokale forholdene. De så vi igjen i Lærdal. Tett samspill på ulike nivå gjennom flere år har ført til at redningsetatene er beredt på avgjørende samvirke i utfordrende situasjoner og omgivelser. Lokalt Røde Kors var raskt på plass i Lærdal, så omfanget av katastrofen og behovet for ytterligere mannskap. På oppdrag fra politiet mobiliserte Røde Kors frivillige fra 16 kommuner i Sogn og Fjordane og fra to kommuner i Hordaland. Totalt var over 160 frivillige fra Røde Kors i sving gjennom akuttfasen brannatten og som støtteaktør i etterkant. I tillegg satt flere titalls omsorgsfrivillige fra Røde Kors klare til å stille opp, dersom Lærdal kommune hadde behov for dem. At Røde Kors lokalt kan stille så mange mannskap til rådighet på kort tid, er resultat av godt samspill over tid - internt og i forhold til samarbeidspartene i redningstjenesten. Politiet ga Røde Kors i oppdrag blant annet å evakuere beboere i Lærdal. Sammen med lokalbefolkningen og frivillige fra Norsk Folkehjelp, ble flere hundre personer evakuert ut samme natt. Dører ble banket på, folk ble hjulpet ut, dører ble banket på igjen, og noen dører måtte brytes opp. Noen beboere ble sendt til sykehus, andre til evakueringssentre. Så en ny runde for å sikre at alle husene i faresonen faktisk sto tomme. Samtidig som frivillige gikk fra hus til hus, trampet de ned småbranner som oppstod i

gnistregnet. Frivillige fra Lærdal Røde Kors deltok også i heroisk brannslukkingsarbeid for å redde brannstasjonen, teknisk etat og Røde Kors-huset. På evakueringssentrene var frivillige fra Røde Kors ansvarlig for inn- og utregistrering. På aldershjemmet satt de vakt og forberedte evakuering, og de sto vakt i gatene brannatten og påfølgende natt. Som brannvakter ivaretok de frivillige også omsorgsfunksjoner. Mange fortvilede og redde beboere trengte støtte og noen å prate med.

En kommunal beredskapsplan for en storbrann, i kombinasjon med sterk vind og full svikt i alle kommunikasjonslinjer og strømforsyning, fantes naturlig nok ikke i Lærdal. Ingen kunne ha forutsett en slik katastrofe. Men; kommunen hadde en nylig oppdatert beredskapsplan og den ble fulgt. Røde Kors har i flere år vært en naturlig del av denne planen. I Lærdal har Røde Kors også vært representert i kommunens beredskapsråd og kriseledelse i flere år. Tilsvarende var tilfelle i Stryn i forkant av uværet Dagmar; kommunen og Røde Kors hadde planer for samspill i en krisesituasjon.

Innsats fra politi, brannvesen, helseforetak, Lærdal kommune, Fylkesmann, nabokommuner, Sivilforsvaret, Heimevernet, lokalbefolkningen og frivillige fra Norsk Folkehjelp og Røde Kors bidro til å avgrense virkningene av brannen i Lærdal. At samspillet fungerer mellom de ulike aktørene i slike situasjoner, avhenger av god dialog og samhandling i hverdagen – før det utenkelige inntreffer.

Jeg håper at flere kommuner lærer av Lærdal og andre kommuner som inkluderer Røde Kors og frivillige ressurser i sine beredskapsplaner. Når det utenkelige først skjer, ser vi effekten av nært samspill og øvinger for å sikre en helhetlig lokal beredskap. Parallelt skal vi i Røde Kors evaluere vår egen innsats og samspillet i Lærdal-aksjonen. Slik kan vi sammen stå enda sterkere rustet ved neste aksjon.


Gerd Stave (Aurland Røde Kors) lurer på korleis Gunnar Skahjem (også Aurland) opplevde å høyre «den syngande søstra» på fangeskipet Donau under leiarkurs i ettersamtale.

Den nødvendige samtala Når du som hjelpar har vore vitne til det verste som kan skje med menneske, kan det godt vere du sjølv treng hjelp. – Kva var det som skjedde? Spør Gerd Stave frå Aurland Røde Kors. Ho prøver å halde blikket på ein av deltakarane i gruppa som del av kurset «Ettersamtale». Kurset er på tre timar, og skal gje lokale leiarar ein reiskap til å følgje opp frivillige som har deltatt i særleg krevjande hendingar. Deltakarane i gruppa ho skal ha ein «ettersamtale» med, har sett ein film om ein norsk jøde som vart deportert med skipet Donau til Auschwitz. Filmen skal tene som den opplevinga ettersamtala dreier seg om. – Kva lydar hugsar du? Spør Stave. Metoden er enkel på den måten av det krevst lite opplæring i å gjennomføre ei slik samtale. Den bygger likevel på forskingsbaserte metodar utvikla i psykiatri og kognitiv psykologi av Soscon, Institutt for krisehåndtering. Å stille spørsmål om sanseinntrykk vil ofte hente fram enno meir inntrykk frå hendinga, og vil nærme

seg det som kan ha fått seg ein smell: kjenslene. – Kvar gong samtaleleiar stiller spørsmål om til dømes lyd, lukt eller andre sanseinntrykk, kjem det fram nye ting. Sjølv om ein startar med ein grunding rekonstruksjon, gjev sansehukommelsen ny innsikt. Vi ser at det er stor kraft i dei rette spørsmåla, seier kurshaldar Hans Ole Andenæs frå Gloppen Røde Kors. Stor kraft er føremålet. Det var 22. juli som gjorde trangen for å ha slike oppfølgingssamtaler meir aktuell. Under slike omstende er det viktig å komme inn til kjerna i det dei frivillige har opplevd. Ei samtale gjev den enkelte hjelp til å bearbeide sterke inntrykk, og denne bearbeidinga er med å førebygge etterverknader. Dessutan får leiar avklart om det går bra, eller gje tilbod om vidare oppfølging. No får alle leiarar i Røde Kors tilbod om få opplæring som samtaleleiar.

– Kva var det tøffaste? spør Stave. Ho har komt til punktet i ettersamtalen der det er på tide å sikre at deltakarane får snakke om det mest krevjande. Stave konsentrerer seg. Føl med på kroppsspråket til deltakarane. Gjev ordet ved hjelp av auge- eller handrørsler. Er klar til å følge opp kvar minste spore av kjensler. – Ved å stille opne oppfølgingsspørsmål , som «kva gjer det med deg?» «kan du sei noko meir om det?», «kva tenkjer du då?», lagar du rom for ærlege svar. Med ein god rekonstruksjon av hendinga, konkrete spørsmål om sanseopplevingar, og ei forståing av kva sårbarheit som treng oppnausting, vil du lykkast med ei ettersamtale. Bearbeiding og førebygging for deltakar, og avsjekk om stoda for leiar, seier Andenæs.

27 2014


Vil starte hjarter i heile fylket 16 nye hjartestartarinstruktørar frå Røde Kors er klare til å drive opplæring i heile fylket. – Det finst veldig mange hjartestartarar der ute. Då er det viktig at folk kan å bruke dei. Desse nye instruktørane skal gje opplæring til alle hjelpekorpsarane våre, men også publikum generelt, seier operativ leiar Margrethe Skåden i Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps. Ho har opplæringsansvar for over 300 hjelpekorpsarar i heile fylket. – Vi fekk eit par forslag til kva vi kunne støtte i Røde Kors. Då falt vi ned på opplæring av hjartestartarinstruktørar. Vi har sett og lest og høyrt at det reddar liv, så det vil vi svært gjerne vere med på, forklarar Birger O. Nedberge frå marknadsavdelinga i Sparebanken vest. – Og når det gjeld hjartestartarar vil vi gjerne vere med vidare og, seier Nedberge, før han sjølv blir dratt igang med grunnleggande hjarte-lunge-redning av hovedinstrutkør Arnt Richard Alvestad i Norsk Resuscitasjonsråd. Nedberge øver seg på ei dukke med sensorar som syner akkurat kor effektive kompresjonar og innblåsingar han tek. Etter tre minutt er dommen klar. – Du fekk 53 prosent. Det vikrar kanskje ikkje så mykje, men det syner at det er langt betre å gjere noko enn ingen ting, sjølv om ein ikkje kjenner som ekspert, seier Alvestad. Han set i gong kursdeltakarane. Dei held albo-

gane strake over brystbeinet på sine øvingsdukker. Legg underste handbak nedanfor brystbeinet og legg vekta på. 30 gonger. Vippar hovudet lett bakover for å få frie luftvegar og tek to innblåsingar gjennom ei pustemaske. Igjen og igjen. Nokre vert andpustne og sveitte. Det er krevjande å redde liv. Med ein hjartestartar får ein i tillegg straum til å hjelpe til med gjenoppliving. Straum gjennom hjartet kan utløyse ein reaksjon slik at det startar att. Tidleg hjarte-lunge-redning og tidleg defibrillering er avgjerande for å lykkast. Deltakarane fjernar dekket på elektrodane og festar ein på kvar side av hjartet; oppå brystkassen på ein på sida – Støyt avlevert. Start HLR, seier stemma frå den vesle gule boksen. Ein halvautomatisk hjartestartar måler om det er noko blodsirkulasjon. Om pasienten ikkje har puls, gjev maskina beskjed om å trykke på den store raude knappen, setje på straum. Medan maskina ladar seg opp att, må ein hald fram med manuell hjarte-lunge-redning, dersom ikkje pasienten får att pulsen. – Denne gir same støyt som ein ambulanse, men ambulansen har i tillegg medikament som kan brukast. Så ein må berre halde på til ambulansen kjem, seier Arnt Richard Alvestad.

Sven Erik Lillehauge og Alexander Gjermundstad frå Vadheim Røde Kors trenar med hjartestartar. Operativ leiar Margrethe Skåden i Sogn og Fjordane Røde Kors hjelpekorps tek imot 100.000 kroner til hjartestartaropplæring av Birger Nedberge frå Sparebanken Vest. «Trykk på knappen og hald avstand frå pasienten». Hjartestartaren sender straum til hjartet.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Røde Korsa-avisa 1/2014 by Sogn og Fjordane Røde Kors - Issuu