Informasjonsavis for tilsette i Samnanger kommune - mars 2010
God påske!
Føremålet med avisa er å informera om aktuelle saker, vedtak og reglar for tilsette i kommunen. Det er eining for interne tenester som har hovudansvaret for avisa. Me tek sikte på å gi ut 4 utgåver i 2010. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har idear eller tips om stoff til avisa.
Ny skulestruktur Kommunestyret har nyleg gjort to vedtak som medfører at skulestrukturen i Samnanger vert endra frå august 2010. I desembermøtet, då skulebruksplanen var til handsaming, vedtok kommunestyret at dei to barneskulane våre, Gjerde og Nordbygda, skulle slåast saman til ein ny skule. Elevane på Nordbygda skule vert overførte til Gjerde skule som skal byggjast ut til føremålet. I same saka vart det også gjort vedtak om at ungdomsskulen skulle flyttast til Nordbygda skule. I februar hadde kommunestyret sak om fleirbrukshall til handsaming. Her vart det gjort vedtak om at Samnanger ungdomsskule ikkje skulle flyttast til Nordbygda skule som tidlegare vedteke. Sjå temaside på www.samnanger.no for nærare informasjon om dei politiske vedtaka som er gjort i saka. Prosessen med samanslåing av barneskulane er i full gang. Samanslåinga vil gjelda frå og med skuleåret 2010/2011. For å få plass til elevar og lærarar skal det plasserast modular ved eksisterande bygningar på Gjerde skule i ein byggjefase. Engasjementet har vore stort i Samnanger i prosessane kring skulebruksplanen og hallsaka. Utfordringane har vore mange både for politikarar og tilsette. Omstillingsprosessane er godt i gang og mange er involverte i det som vidare skal skje. Det er mellom anna oppretta prosjektgrupper for bygg/ skuleveg, pedagogiske område og personalet.
Namnekonkurranse Kva skal internavisa heite? Me planlegg å gje internavisa vårt eit lite løft. Mellom anna ynskjer me å gje avisa eit nytt namn. No appellerer me til kreativiteten rundt om på dei ulike arbeidsplassane i kommunen; bruk fantasien og kom med framlegg til nytt namn på internavisa. Konkurransen er open for alle tilsette. Namneframlegget kan sendast på e-post til jan.erik.boge@samnanger.kommune.no og må vera redaksjonen i hende innan måndag 19.04.2010. Me premierer vinnarframlegget med 2 flaxlodd.
Lågt sjukefråvær i 2009 Samnanger kommune hadde i 2009 eit samla sjukefråvær på 5,5%. Dette er det lågaste sjukefråværet me har hatt på mange år. Til dømes var sjukefråværet 6,7% i 2008 og 7,6% i 2007. Dei fleste einingane reduserte sjukefråværet sitt i 2009. Det vil vera ein del “tilfeldige svingingar” i sjukefråværet. Dette kan forklara noko av nedgangen i 2009. Men det er oså grunn til å tru at ulike tiltak knytt til arbeidsmiljø/trivsel, organisering av arbeidet, oppfølging av tilsette etc har vore medverkande. Det vert spennande å følgja med på korleis utviklinga I sjukefråværet vert i 2010.