Program Eg visste ikkje du kunne danse endelig Lyskopi_Layout 1 30.09.2015 14:01 Side 1
Program Eg visste ikkje du kunne danse endelig Lyskopi_Layout 1 30.09.2015 14:01 Side 2
Program Eg visste ikkje du kunne danse endelig Lyskopi_Layout 1 30.09.2015 14:01 Side 3
Denne sesongen på Teatret Vårt har fått overskrifta «Fest i forsamlingshuset». Og av alle framsyningane våre denne hausten passar vel ingen tittel betre enn Eg visste ikkje du kunne danse.
Samfunnshus rundt om i landet har danna ramme om møte som har endra livsløp. Å be opp til dans eller å verte spurd kan vere nokså nervepirrande. Kanskje er den første dansen saman byrjinga på eit livslangt parløp.
Det er særs hyggeleg for oss å vitje grendehus og samfunnshus rundt om i store delar av fylket med ei framsyning som har fokus på folkemusikk og dans frå Møre og Romsdal. Vi set vår ære i å kunne presentere så mange ulike scenekunstuttrykk som mogleg, og i haust har vi med denne framsyninga og gjestespel frå både Carte Blanche og Dansens Hus kunna presentere ei rekkje ulike danseframsyningar. Det er ikkje noko vi normalt har toppkompetanse på. Så vi har alliert oss med nokre som har.
Folkedansar Anna Liv Skjelten Gjendem og folkemusikar Britt Elise Skram er båe mellom dei beste i fylket på sine felt. Dei fekk Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kunstnarstipend for ideen sin om ei interaktiv framsyning basert på folkedans og musikk frå Romsdalen. Dette danna grunnlaget for eit samarbeid med Teatret Vårt, med Elisabet Topp på regi.
Eg håpar at de vil nyte musikken og dansen og ta imot utfordringa om å bli med på fest. Både undervegs i framsyninga og etterpå når vi spelar opp til dans.
Thomas Bjørnager teatersjef
Program Eg visste ikkje du kunne danse endelig Lyskopi_Layout 1 30.09.2015 14:01 Side 4
Frå idé til gjennomføring
Ideen om ei interaktiv danseframsyning fekk vi hausten 2014. Etter å ha jobba med andre produksjonar som var tradisjonelle og trygge, hadde vi eit ønske om å gjere noko nytt. Kva med ei framsyning der vi tek utgangspunkt i den lokale musikken og dansen, samstundes som vi utfordrar publikum til å komme nærmare - til å få oppleve noko anna enn dei elles får på ei tradisjonell danseframsyning? Vi som utøvarar ynskte også å bli utfordra på korleis vi kunne presentere nyansane i den lokale folkemusikken. Innhaldet i produksjonen er hovudsakleg frå Romsdal, og vi har fokusert på variantane som finnast i dans frå ulike bygder.
For å gå vidare med ideen vår søkte vi Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kunstnarstipend, som mellom anna skal bidra til at kunstnarar kan busette seg og arbeide med kunst i fylket vårt. Det var ei stor ære og glede for oss å få tildelt stipendet. Etter å ha tenkt oss litt om tok vi kontakt med teatersjef Thomas Bjørnager ved Teatret Vårt. Tanken var då å høyre om teatret hadde nokon som vi kunne hyre inn som scenisk instruktør, eller om dei kunne sette oss i kontakt med andre som kunne hjelpe oss. Vi sett utruleg stor pris på at Teatret Vårt ønska å inngå eit mykje større samarbeid med oss, og har gjort det mogleg å gå vidare med ideen og saman produsere «Eg visste ikkje du kunne danse». Elisabet Topp og Cecilie Lundsholt har vore heilt fenomenalt tolmodige og inspirerande for oss, og vi sett utruleg stor pris på all hjelp vi har fått ved samarbeidet med Teatret Vårt. Anna Liv Skjelten Gjendem og Britt Elise Skram
Program Eg visste ikkje du kunne danse endelig Lyskopi_Layout 1 30.09.2015 14:01 Side 5
Anna Liv Skjelten Gjendem er ein ung dansar godt festa i tradisjonane. Ho er utdanna utøvande tradisjonsdansar frå NTNU i Trondheim og med ein mastergrad i tradisjonskunst frå Høgskolen i Telemark.
Ho arbeider som utøvande profesjonell folkedansar, og ho er dagleg leiar ved Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal.
Anna brukar tradisjonsdans i undervisinga av alt frå barnehagar til eldre menneske. Ho er dansar i Hildur Dansekompani og involvert i framsyningar og verkstader i Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken.
Felespelar Britt Elise Skram er utdanna utøvande folkemusikar frå Norges Musikkhøgskole i Oslo.
Ho arbeider i Vestnes kulturskule, i tillegg til å vere frilansmusikar knytt til mellom anna Romsdalsmuseets leikarring, Møremusikartenesta, Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken.
I tillegg spelar ho i band som Kystfolket, Vangsgutane og Werner Barth.
Program Eg visste ikkje du kunne danse endelig Lyskopi_Layout 1 30.09.2015 14:01 Side 6
Program Eg visste ikkje du kunne danse endelig Lyskopi_Layout 1 30.09.2015 14:02 Side 7
Slåttane som er med i framsyninga:
Setertone etter Arvid Jørgenvåg Gamal mazurka frå Romsdal Polsdans av Toralv Orvik Springdans frå Romsdal, lært av Olav P. Hjelvik Vals av Toralv Orvik Halling nr 9 frå notesamlinga etter Knut Didriksen Stafset «En julehilsen», polka av Peder Drønnesund «Første parisern på Gossen», etter Andreas Nerbøstrand Reinlender etter Ola Bårdsnes Springdans frå Gossen etter Andreas Nerbøstrand
Teksten som er nytta i framsyninga er henta frå eit brev som Åshild Domaas, Vikebukt skreiv til Anders Gjendem i Molde. I brevet fortel ho om sitt fyrste møte med springdansen (1946).
Program Eg visste ikkje du kunne danse endelig Lyskopi_Layout 1 30.09.2015 14:02 Side 8
Ei interaktiv danseframsyning
Britt Elise Skram og Anna Liv Skjelten Gjendem i co-produksjon med Teatret Vårt
Dramaturgi og regi ELISABET TOPP Kunstnarisk konsulent CECILIE LUNDSHOLT Musikar BRITT ELISE SKRAM Dansar ANNA LIV SKJELTEN GJENDEM Lyd JONAS HØGSETH Lysdesign JONAS P. A. FUGLSETH
Systue GERD G. AUSTNES og FREYA BUSBY Teknisk leiar SVEIN LARSEN
Premiere 3. oktober 2015 på Myra kulturhus, Vestnes Speletid ca. 45 minutt.
Dekorasjon og rekvisita er produsert ved teatret sine verkstader. Fotografering og lydopptak er ikkje tillate.
Program: Thomas Bjørnager (ansvarleg utgjevar) Cecilie Lundsholt og Rolf-Inge Pedersen Hjelseth. Foto: Arild Moen, Tingh Kommunikasjon AS.
Program Eg visste ikkje du kunne danse endelig Lyskopi_Layout 1 30.09.2015 14:02 Side 9
Takk til:
Stemmer: Anna Maria Vikhagen Kristoffer Nøsen Sørvik Ingrid Sofie Nygaard Bente Myklebust Ola Gjendem Anne Emilie Gjendem Kirsten Nordbø Jonn Nordbø Irene Bell Svein Stene Eli Nesdal Berit Rødstøl Lars Melsæter Rydjord Gitar og bass: Trond Salthammer John Trygve Villa
Molde Seniordans Romsdalsmuseets Leikarring BUL Molde
Program Eg visste ikkje du kunne danse endelig Lyskopi_Layout 1 30.09.2015 14:02 Side 10
Program Eg visste ikkje du kunne danse endelig Lyskopi_Layout 1 30.09.2015 14:02 Side 11
Eg visste ikkje du kunne danse er produsert med støtte frü Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kunstnarstipend som vart tildelt Anna Liv Skjelten Gjendem og Britt Elise Skram.
Program Eg visste ikkje du kunne danse endelig Lyskopi_Layout 1 30.09.2015 14:02 Side 12
AS REGIONTEATRET I MĂ˜RE OG ROMSDAL post@teatretvart.no | www.teatretvart.no
Generalsponsor:
Hovedsponsorer: