Mallasvika

Page 1


MALLASVIKA PANORAMA 2

Tett på fjord og fjell

Mallasvika er ei perle i Sunnfjord!

Her bur du fritt og fredeleg med storslått utsikt over Førdefjorden og har variert turterreng like utanfor døra. Samstundes er det berre ein liten spasertur til Naustdal sentrum, og 10-12 minutt i bil til Førde. No har vi seks moderne og lettstelte leilegheiter for sal i Mallasvika Panorama 2. Er dette noko for deg? Bla vidare og sjå kva flotte Mallasvika har å by på.

Interessert? Kontakt: Liv Grimsbø Tlf: 408 75 246 e-post: liv.grimsbo@hellvikhus.no www.gravdal.no

Nytt og fint

Om du er på jakt etter ein stad å bu

og har lyst på ei splitter ny lys og

lekker leilegheit bør du sjekke ut desse leilegheitene som skal byggjast

i Mallasvika. Dei seks leilegheitene har gode kvalitetar som parkettgolv, kvalitetskjøkken frå Sigdal og integrerte kvitevarer inkludert i prisen!

Det gode liv ved fjorden

Store vindauge og ein romsleg balkong gjer at du kjem tett på den flotte naturen – både når sola blenkjer i fjorden eller hauststormen herjar.

Leilegheitene har eitt eller to soverom – her blir det godt å bu for ein liten familie, par og den som bur åleine.

Utsiktsgaranti

Alle leilegheitene får sørvende balkongar med fritt utsyn over fjord og fjell. Her kjem det garantert ikkje nabobygg framfor deg som forstyrrar utsikta, og utsynet over fjorden er like flott i underetasjen som på 1. plan!

Triveleg nabolag

Ingvild Røyrvik ville heim til Naustdal og kjøpte seg ei av leilegheitene i første byggetrinn i Mallasvika, det har ho ikkje angra på. – Her skal eg bu lenge. Med utsikt over fjorden er det alltid noko å følgje med på, seier ho. Ingvild set stor pris på at det er stille og fredeleg i nabolaget. Her kan ho rusle ned på badebrygga som er felles for bebuarane, eller ta unge gjester med på leikeplassen. Om nye bebuarar har eigen båt, er det mogleg å kjøpe båtplass i Mallasvika Marina like nedanfor.

Kort veg til alt

Tett på fjord og fjell og likevel berre ein kort spasertur til Naustdal sentrum med butikk, skule, barnehage – og det flotte badeanlegget på Sanden. Du køyrer til Førde på 10-12 minutt, og det går buss til Førde og Florø ca. ein gong i timen.

Leilegheit 6 3-roms

BRA: 63,8 kvm

Balkong: 15,4 kvm

Sportsbod: 5,2 kvm

Privat parkering: Plass nr. 8

Leilegheit 7 3-roms

BRA: 63,6 kvm

Balkong: 16,1 kvm

Sportsbod: 5,2 kvm

Privat parkering: Plass nr. 7

Leilegheit 8 3-roms

BRA: 63,8 kvm

Balkong: 15,4 kvm

Sportsbod: 5,9 kvm

Privat parkering: Plass nr. 6

Prisane finn du i prislista.

Leilegheit 9 3-roms

BRA: 63,8 kvm

Balkong: 15,9 kvm

Sportsbod: 5,0 kvm

Privat parkering: Plass nr. 5

Leilegheit 10 2-roms

BRA: 63,6 kvm

Balkong: 16,5 kvm

Sportsbod: 5,2 kvm

Privat parkering: Plass nr. 4

Leilegheit 11 2-roms

BRA: 51,6 kvm

Balkong: 15,9 kvm

Sportsbod: 5,0 kvm

Privat parkering: Plass nr. 3

Prisane finn du i prislista.

Underetg.

Midt i naturen

Tenk å vakne til denne utsikta kvar morgon! Alle leilegheitene får romslege overbygde balkongar på 15-16 kvm. Om du vel å glase inn balkongen får du ein flott vinterhage som kan nyttast året rundt.

Situasjonsplan

Situasjonsplan

Dei tre leilegheitene på 1. plan får parkeringsplass ved inngangsdøra. Leilegheitene i underetasjen får private parkeringsplassar ved leikeplassen. Plass 1 og 2 er felles for bebuarane i Mallasvika Panorama 2. Leilegheitene i underetasjen får tilgang via utvendig trapp.

Byggesteg I (eksisterande)

Leveranseskildring

Mallasvika Panorama

2. byggesteg

Felt

Fellesområde som: Atkomstvegar/interne veger og fortau, gatelys, parkering og snuplassar, gangområde og fellesplenar, leikeplassar, postkassestativ, renovasjonsanlegg og V/A-anlegg.

Skildring av leveransen og standard

Iht. godkjend teknisk plan for Mallasvika gnr 98, bnr 36 mfl av 28.06.12. Med føresegner av 24.08.2022 Sunnfjord kommune. Eigedom har gnr. 498 og bnr. 36 Sunnfjord kommune.

Postkasse på felles postkassestativ for sameiget. Det blir etablert felles oppstillingsplass for boss.

Det er etablert ein felles inngjerda leikeplass for bebuarane i Mallasvika. I tillegg skal det opparbeidast ein leikeplass ved parkeringsplassen på baksida av bygga.

Det blir levert to lysmaster på fellesområdet.

Pliktig medlemskap Sameiget Mallasvika Panorama, som er felles for 1 og 2 byggesteg.

Alle leilegheitene får ein privat parkeringsplass, tildelt plass framgår av prislista.

Strøm, fiber og breiband Installasjon for oppretting av router internett/fiber og trådlaust nettverk, samt cat. 6 kabel til mediauttak/TV. Trekkerør til skap. Huseigar må bestille abonnement og installasjon av router fra leverandør.

Utomhus

Tomt Vedlagt situasjonsplan er retningsgjevade for opparbeiding av eigedommen. Gravdal Bustadprosjekt tek atterhald om at det kan komme mindre endringar samband med opparbeidinga av eigedommen.

Vei, vatn og avløp Leilegheitene vil vere tilknytt offentleg veg, vatn og avløp.

Uteområde Uteområde vert opparbeidd jf. situasjonsplan. Vegar og parkeringsplasser leverast med asfalt. Grøntareal leverast med tilsådd for grasareal. Skråningar som naturtomt. Fjellskjæringar som naturlege fjell. Utvendige trapper betong eller tre.

Forstøtningsmurar Forstøtningsmurar leverast i betong.

Sikring Trapper leverast med spilerekkverk tre. I front av bygget leverast flettverksgjerde i galvaniserte stolpar og netting for sikring av skråning.

Grense mot naboeigedommane Terreng avsluttast mot naboeigedommar med skråningar på eiga tomt jf. situasjonskart. Stadlege tilpassingar kan forekomme.

Bustaden utvendig

Betongarbeid Betongarbeidet vert utført iht. til teikningar. Alle synlege betongoverflater vert levert ubehandla. Ringmurar blir levert med ringmurselement, type sundolitt eller tilsvarande med plate på utside.

Bakvegg i betong isolert på utside med drensplate.

Yttervegg Yttervegg blir utført som tradisjonell yttervegg bindingsverk av tre. Utvendig kledning i royalimpregnert dobbelfals 19x148 mm på brune areal. På gult areal blir det levert 19x148 mm dobbelfalsa kledning med grunning, mellomstrøk frå fabrikk og 1 strøk påført på byggeplass etter montasje.

Isolasjon 200 + 50 mm med gipsplate på innsida.

Vindauge og balkongdør Vindauge vert levert type Nordan ND Ntech Villa, eller tilsvarande. Vindauge utan takoverbygg blir leverte med aluminiumsbekledning utvendig.

Måla overflate i same farge ute/inne.

Balkongdør leverast i type Nordan ND Ntech Villa sikkerheitsdør eller tilsvarande. Måla overflate i same farge ute og innvendig.

Ytterdører Ytterdør type Sola frå Bygg 1 eller tilsvarande. Ytterdør med tidlaus slett innside og utside.

Dør til bod leverast i type Moss frå Bygg 1 eller tilsvarande. Leverast måla overflate, same farge utvendig og innvendig.

Tak Tak vert utført som lufta tretak tekka med folie eller papp berekna for flate tak.

Balkong, terrasse, platting, altan

Dekke med trykkimpregnerte bord 28 x 120 ubehandla, lagt på underlag tekka med folie/papp.

Blikkenslagar Alle beslag blir levert i 0,7 mm stål belagt med belegg mørk standard lagerførte fargar. Gesimsbeslag utført med fals.

Takrenner system Grøvik eller tilsvarande i svart farge.

Parkering

Carport/garasje/felles-parkering/ sykkelparkering

Det leverast ikkje carport, men parkeringsplass. Sykkelparkering i bod eller på stativ utvendig. Det leverast ikkje tak over sykkelstativ. Garasjeport Leverast ikkje.

Utvendig bod Utvendig bod vert levert med OSB-plater. Betonggolv, støvbunde.

Innvendig bustad

Overflater Overflater golv, vegg, himling og listverk er skildra romskjema.

Målararbeid Målararbeid på gipsplater i himling og på veggar vert utført med øvre glansgrad 07 for målingsprodukt etter NS 3420T:2019 Målar- og beleggarbeid, estetisk klasse K2. Estetisk klasse K3 kan utførast som tilval mot pristillegg.

Himlingsflater, med unntak av våtrom, vert levert med matt overflate glansgrad 02. Himlingsflater i våtrom vert levert målt med våtromsmåling med høgare glansgrad enn 02.

Innvendig isolasjon Isolasjon i bjelkelag vert levert som standard.

Innvendige dører Levert type Sletten frå Bygg 1, eller tilsvarande. Overflate er plate av MDF i slett overflate.

Garderobe Det vert ikkje levert garderobeskåp eller skyvedørsgarderobe. Kan bestillast som tilval.

Trapper, rekkverk, handløper Rekkverk på balkong vert levert i glas tilsvarande som byggesteg 1.

Pipe/ovn Det vert ikkje levert ikkje pipe/omn, men det er tilrettelagt for ettermontering.

Kjøkken

Innreiing Kjøkkeninnreiing frå Sigdal, modell Vidde (foliert) blir levert fire valfrie fargar. Laminat benkeplate. Vask leverast i stål. Omfang innreiing jf. eiga teikning og beskriving. Innreiing er førebudd for integrerte kvitevarer.

Kvitevarer Følgjande kvitevarer er inkludert i prisen: Siemens HB010FBAO innb. omn. Siemens EU611BEB5X induksjonstopp 60 cm Siemens SN636X06KE oppvaskmaskin int. Siemens K187VNSE0 int. kombiskap

Ventilator Type Slimline/RH Slide eller tilsvarande for balansert ventilasjon.

Energi og klima

Ventilasjon Balansert ventilasjon med varmegjenvinning leverast.

Varmepumpe (Leverast ikkje)

Solcelleanlegg (Leverast ikkje)

Elektriske arbeid

El. installasjon Det elektriske anlegget leveres iht. dagens gjeldende forskrift: Nek 400.

Brannalarmanlegg og røykvarslarar Det vert levert 2 stk. seriekopla røykvarslarar tilkopla 230V nett kvar bueining. Brannsløkkingsapparat i kvar bueining.

Belysning Det vert leverast 3 stk. LED-spottar på bad med dimmar. Det vert levert og montert utelampe ved inngang og på balkong. Det vert levert og montert taklampe i sportsbod.

Det vert lagt fram kursopplegg til lysarmatur under kjøkkenskåp og over spegel på bad. Armatur på kjøkken er ikkje med leveranse og kan kjøpast som tilval av kjøkkenleverandør.

Ladepunkt for el-bil Som standard vert det levert trekkerøyr frå bueiningane fram til p-plass. Montering av ladesøyle er ikkje med i leveransen.

Varmekablar/panelomnar Varmekablar leverast følgjande rom:

- Alle bad inkl. termostat og golvfølar.

- I stove/kjøkken og gang i underetasje inkl. termostat og golvfølar. Det vert levert panelomn til soverom.

- På plan 1 blir det levert panelomn med termostat i stove/kjøkken og soverom.

Varmekablar/folie inkl. termostat og golvfølar kan bestillast som tilval plan 1.

Rør og sanitærarbeider

Innvendig utstyr Iht. gjeldende krav. Sanitærutstyr vert levert som vist på planteikning og spesifikasjon under. Alle produkt kan leverast i tilsvarande kvalitet.

- Oras Safira kjøkkenkran med høg tut og avstenging for oppvaskmaskin.

- Oras oramix dusjbatteri.

- Oras apollo dusjsett forkromma.

- Oras Saga servantbatteri.

- O.Novo vegghengt toalett med soft close sete.

- 120 liter varmtvasstank (plassert på badet).

Innreiing Bad:

- Linn bad Hilde kvit baderomsmøbel 80 cm med 2 skuffer.

- Linn bad Balder servanttopp 80 cm.

- Linn bad Hilde spegel med lyslist 80 cm.

Alle produkt kan leverast tilsvarande kvalitet

Utvendig 3 stk. frostfrie utekranar til felles bruk.

Anna

Reingjering og overtaking Leilegheitene blir levert rydda og støvsugd, med enkel byggvask. Kunde må pårekne grundigare utvask før innflytting.

Romskjema Sjå eige romskjema under.

Overflater:

Generell tabell for overflatebehandling i leilegheiter i dei ulike rom:

Type rom: Golv: Veggar: Himling:

Entré/gang: Kährs 3-stavs eikeparkett, eller tilsvarande.

To alternativ inngår som standard:

Type 1: Lecco variation, matt lakk

Type 2: Stratus, matt lakk.

Innvendig bod: Kährs 3-stavs eikeparkett, eller tilsvarande.

To alternativ inngår som standard:

Type 1: Lecco variation, matt lakk

Type 2: Stratus, matt lakk.

Soverom: Kährs 3-stavs eikeparkett, eller tilsvarande.

To alternativ inngår som standard:

Type 1: Lecco variation, matt lakk.

Type 2: Stratus, matt lakk.

Bad: Flis type Gp serie Granito Evo, størrelse 30x30 med sokkelflis.

Gipsplater måla to strøk. 1 stk valfri farge på alle rom, glans 07. Pristillegg ved val av fleire fargar.

Enkelte tilfeller med sparkla og måla betongveggar

Gipsplater måla to strøk. 1 stk valfri farge på alle rom, glans 07. Pristillegg ved val av fleire fargar.

Enkelte tilfeller med sparkla og måla betongveggar

Gipsplater måla to strøk. 1 stk valfri farge på alle rom, glans 07. Pristillegg ved val av fleire fargar.

Enkelte tilfeller med sparkla og måla betongveggar

Våtromsplater av typen Fibotex, eller tilsvarande.

Måla gipsplater, Klassisk kvit glans 03

Måla gipsplater, Klassisk kvit Glans 03

Måla gipsplater, Klassisk kvit Glans 03

Måla gipsplater med våtromsmaling Klassisk kvit, glans 40.

Stove: Kährs 3-stavs eikeparkett, eller tilsvarande.

To alternativ inngår som standard:

Type 1: Lecco variation, matt lakk

Type 2: Stratus, matt lakk

Gipsplater måla to strøk. 1 stk valfri farge på alle rom, glans 07. Pristillegg ved val av fleire fargar. Enkelte tilfeller med sparkla og måla betongveggar

Måla gipsplater, Klassisk kvit Glans 03

Type rom: Golv: Veggar: Himling:

Kjøkken: Kährs 3-stavs eikeparkett, eller tilsvarande.

To alternativ inngår som standard:

Type 1: Lecco variation, matt lakk.

Type 2: Stratus, matt lakk.

Terrassar / balkongar:

Trykkimpregnert tredekke

Gipsplater måla to strøk. 1 stk valfri farge på alle rom, glans 07. Pristillegg ved val av fleire fargar. Enkelte tilfeller med sparkla og måla betongveggar

Glasrekkverk på balkongar med handlist stål.

Sportsbod Støvbunden betong Støvbunden betong på bakvegg. Trevegg isolert og kledt med OSB-plater.

Måla gipsplater, Klassisk kvit Glans 03

Treverk/plater (blir avklara ved detaljprosjektering).

Måla gipsplater.

Generell informasjon

Leveransens omfang framgår av kontrakt med vedlegg.

Leveranse og utføring er basert på TEK 17, byggteknisk føreskrift gjeldande frå 01.07.2017.

Kjøper er oppfordra, og forplikta til, å sette seg inn i dei drift- og vedlikehaldsoppgåver som følger med som eiger av bustaden. FDV-dokumentasjon vert levert på boligmappa.no.

Alle opplysningar i salsmaterialet er gitt med atterhald om at byggherre har rett til å gjere endringar som er hensiktsmessige og naudsynte, føresett at det ikkje reduserer den generelle standarden vesentleg. Kjøpar aksepterer at seljar har rett til å utføre slike endringar.

Illustrasjonane prospektet vil avvike frå levert sluttprodukt. Dei ulike interiør- og eksteriørillustrasjonane kan vere unøyaktige t.d. når det gjeld utsikt og materialval som møblering, fargeval, dør og vindaugsform, blomsterkassar, planting terrengutforming, etc.

Vidare kan vindauge og dørplasseringar generelt og i den einskilde leilegheit avvike noko frå dei generelle planane, dette m.a. som følgje av den vidare arkitektoniske bearbeidinga av prosjektet. Leilegheitene kan avvike noko frå teikningar som følge av nødvendige tilpassingar til modular/tjukkleik på veggar/terreng m.m.

Skissene salsprospektet er meint som illustrasjonar og dannar ikkje grunnlag for levering utover det som kjem fram av leveranseskildringa. Det kan vere avvik mellom leveranseskildring og planteikningar/situasjonsplan. I slike tilfelle er det alltid denne leveranseskildringa som er gjeldande.

Det vert tatt atterhald om endeleg utforming og materialval.

Prosjektet er ikkje detaljprosjektert slik at det kan førekomme endringar som ikkje reduserer standarden vesentleg.

Kjøpar må akseptere eit mindre vesentleg avvik i areal for bustaden. Kjøpar kan ikkje krevje prisavslag/erstatning dersom det

skulle kome avvik så sant dette ikkje forringar bustaden sin verdi vesentleg.

Utstyr og innreiing som er vist med stipla strek på teikningane, er meint som forslag, eller som forslag til plassering, og er ikkje medrekna.

Kjøpar er kjend med at utomhusarbeid, avhengig av årstid, vil kunne bli ferdigstilt etter kjøpars overtaking av bustaden. Overtakingsforretning for uteområde blir gjennomført når arbeidet er avslutta.

Nye offentlegrettslege krav som gjeld for seljars ytingar (som nye avgifter, endra lovverk, osv), vert rekna som forbrukarens forhold berre dersom seljaren ved kontraktsinngåinga ikkje burde ha rekna med dei nye krava. Seljaren skal utan ugrunna opphald varsle forbrukaren om dette.

Det vert teke atterhald om endringar i offentlege skattar, avgifter og gebyr. Slike endringar vil bli belasta kjøpar.

Gravdal Bustadprosjekt AS vil kunne endre prisar og salsvilkår på uselde leilegheiter utan varsel. Det vert teke atterhald om trykkfeil i salsmateriellet.

Areal er oppgitt i BRA (bruksareal) og er bueininga sitt areal avgrensa av ytterveggane si innside. Alle areal som er oppgitt i samband med markedsføringa av prosjektet vert oppgitt som BRA-i og BRA-e som tilsvarar BRA.

BRA-i (internt bruksareal) er areal innanfor bueiningas omsluttande veggar.

BRA-e (eksternt bruksareal) er rom som ligg utanfor bueininga, men som tilhøyrer denne.

BRA-i og BRA-e er å rekne som ca. areal.

Kjøpar vert gjort merksam på at det i nyoppførte bustader er forventa noko grad av svinn og krymping av materiala. Dette kan få konsekvensar som f.eks. svinnriss i mur (inn- og utvendig), og i måla overflater. Særlig ved listefrie løysingar kan det oppstå synlege riss overgang mellom vegg og himling. Dette vert ikkje rekna som ein reklamasjon.

Seljar tek ikkje ansvar for evt. skjeggkre bustaden.

Vi tek atterhald om godkjent rammeløyve og nødvendige igangsettingsgodkjenningar for prosjektet frå Sunnfjord kommune før byggestart.

Vi tek atterhald om tilstrekkeleg førehandssal før prosjektet kan gjennomførast. Søknad om rammeløyve og igangsettingsløyve blir ikkje sendt til kommunen før tilstrekkeleg førehandssal er oppnådd.

Vi tek atterhald om finansiering, og at oppstart av prosjektet blir godkjent av styret i byggherreselskapet.

Inneheld kontraktsdokumenta bestemmingar som strir mot kvarandre, skal dokumenta gjelde rekkjefølge opplista i kontrakten. Vidare gjeld, i tilfelle motstrid, yngre bestemmingar framfor eldre, spesielle framfor generelle, og bestemmingar utarbeida særskilt for denne avtale framfor standardiserte bestemmingar.

Leilegheitene vert selde etter Bustadoppføringslova. Lovtekst kan lastast ned på www.lovdata.no

Førde, oktober 2024 Gravdal Bustadprosjekt as

Kontakt oss:

Prosjektseljar Liv Grimsbø

liv.grimsbo@hellvikhus.no I 40875246

www.gravdal.no

Byggherre: Gravdal Bustadprosjekt as

Arkitekt: Trond Ivar Vikøren, Hellvik Hus Teknologi & Produksjon as 3D-illustrasjonar: TETT

Grafisk produksjon: Rastrum

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.